Planprogram - detaljregulering for Gnr/bnr 41/3 m.fl. Vabakkjen Vest Stord kommune
FORORD Plan Vest AS har fått i oppdrag frå Vabakken Invest AS å utarbeide detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for. Planarbeidet vert gjennomført som detaljregulering etter pbl. 12-3. Planområdet er om lag 18,5 daa, og omfattar eigedom 41/3. setjinga med reguleringsplanen er å legge til rette for vidare utbygging av industriområde. I forkant av planarbeidet skal det vedtakast eit planprogram (jf. pbl. 12-9) som gjer greie for intensjonane ved planen, og korleis planarbeidet er tenkt organisert og gjennomført. Planprogrammet fastset også kva utgreiingar som skal gjennomførast før planen kan vedtakast. Rapport nr. S15976 Dato 20.05.15 Prosjekttype Planprogram Pbl. 4-1 Prosj.nr. 15976 Tittel Detaljregulering Gnr/bnr 41/3 m.fl., Vabakkjen vest Planid: 201504 Oppdragsgjevar Vabakken Invest AS Prosjektorganisering Plan Vest AS v/ Ingunn Varanes Referat oppstartsmøte 18.06.2014 Produsert av Plan Vest AS avd. Stord Postboks 667 5404 Stord Kontrollert av Tlf.53 KV 40 37 80 Mail: post@planvest.no Web: www.planvest.no
1. Innhald FORORD... 0 1. Innhald... 1 2. INNLEIING... 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 setting... 2 3. PLANSTATUS OG OVERORDNA RETNINGSLINJER... 3 Kommuneplan... 3 Eksisterande reguleringsplanar... 3 Nasjonale og regionale føringar... 4 4. PLANPROSESS... 6 Framdrift... 6 Medverknad... 6 5. OMTALE AV PLANOMRÅDET... 7 Lokalisering... 7 Topografi og grunnforhold... 7 Infrastruktur... 7 Landskap og arealressursar... 7 Naturmangfald... 7 Kulturminne og kulturmiljø... 7 Eigedomsforhold... 7 6. INTENSJONAR OG UTFORDRINGAR... 8 Næring... 8 Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik... 8 Universell utforming... 9 Folkehelse / barn og unges interesser... 9 Beredskap og ulykkerisiko (risiko og sårbarheit)... 10 Støy/ureining... 10 Landskap, estetikk og omsyn til naboar... 10 Naturmangfald... 10 Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser... 11 Energiløysingar... 11 Kulturminne og kulturmiljø... 11 7. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING... 12 Metode... 12 Alternativ som skal utgreiast... 13 Utgreiingstema... 13 1
2. INNLEIING Bakgrunn for planarbeidet Vabakken Invest AS har ynskje om å regulera arealet og få ei naturleg utviding vestover av eksisterande næringsområde. Kommuneplanen syner arealet som LNF- område. Ny reguleringsplan vil dermed vere i strid med overordna plan. Forvaltningsstyret i Stord kommune gav i møte 05.03.2015 løyve til oppstart av planarbeid for Vabakken vest. Møteprotokoll følgjer som vedlegg. Krav om planprogram er sett fram med heimel i plan- og bygningslova 4-1. Planområdet er i kommuneplanen synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelda. setting et med planarbeidet er å legge til rette for: - Tilføring av nytt næringsareal - Utnytte eksisterande infrastruktur - Styrke Vabakken som næringsområde - Offentleg/privat samarbeid Figur 1 Lokalisering av planområdet Figur 2 Planavgrensing 2
3. PLANSTATUS OG OVERORDNA RETNINGSLINJER Kommuneplan Planområdet ligg som LNF- område i kommuneplanen. Området er også synt med støysone og med bandlegging for regulering etter PBL. Bandlegginga er sone som er avsett for sikring av areal til E39, der planprosessen er i gang. Figur 3 Utsnitt av gjeldande kommuneplan. Kjelde: Fonnakart Kommunedelplan for E39 Heiane Ådland/Nordre Tveita, som omfattar planområdet, er under utarbeiding. Planprogram vart fastsett 12.02.2015. Eksisterande reguleringsplanar Området er uregulert, men grensar til reguleringsplan Vabakken, vedtatt 15.5.1981. Figur 4 Gjeldande plan Vabakken. Kjelde: Fonnakart 3
Nasjonale og regionale føringar Det må takast omsyn til føringane og retningslinjene som lista opp nedanfor: Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging (Rundskriv T-5/93). Retningslinjene gjev føringar for å oppnå gode regionale heilskapsløysingar på tvers av kommunegrensene. Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegging (1995) set krav til planprosessen og til fysisk utforming. Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (T-1497, 2011) inngår som ein del av plansystemet etter ny plan- og bygningslov. I dokumentet framset regjeringa forventningar til kommunar og fylkeskommunar i forhold til nasjonale interesser. Tilgjengelighet for alle (T-5/99) tar opp korleis tilgjenge i de fysiske omgjevnadane og omsyn til funksjonshemma kan sikrast gjennom planlegginga. Handlingsplan Norge universelt utformet 2025. Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009-2013. Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442 /2012) grenser for akseptabel støy, og gjev retningslinjer for støytiltak i forbindelse med arealplanar. Bedre miljø i byer og tettsteder (St.meld.nr.23, 2001-2002) presenterar ein modell for miljøvenleg byutvikling som bygger på at framtidas byar og tettstader bør vere tette, funksjonelle, mangfoldige og i større grad basert på miljøvenleg transport. Statens Vegvesens standarder for riks- og fylkesveier gjev rammer for vegstandardar, kryssløysningar i forhold til dimensjonerande fart og trafikkmengd. Rammeplan for avkjørsler og byggegrenser på riks- og fylkesvegar i Region vest 2013 2016 gjev føringar for utforming av avkjørsler og plassering av byggegrense mot veg. Fylkesdelplan for Sunnhordland inneheld ei framstilling av utbyggingsmønster og transporttilhøve i regionen under eitt, hovudutfordringar for vidare utvikling, framlegg til strategiar og utvalde satsingsområde. Fylkesdelplan for areal og transport på Haugalandet Regional transportplan skildrar dagens situasjon og kva transportmessige utfordringar Hordaland står overfor i løpet av planperioden (2013 2024) Regional plan for folkehelse 2014 2025 Fleire gode leveår for alle skildrar eit langsiktig folkehelsearbeid i kommunane, fylkeskommunen og statlege organ. Har som mål å jamne ut sosiale forskjellar. Regional klimaplan 2014 2030 Planen tek opp samanhengen mellom klimagassutslepp og energi. Korleis vi kan redusere utsleppa av klimagassar, korleis energibruken kan bli meir effektiv og med meir fornybar energi, og korleis vi kan tilpasse oss klimaendringane. 4
Kommunedelplan for avløp og vassmiljø 2015 2026 Føremålet med planen er å sikra at transport og reinsing av avløpsvatn skjer på ein slik måte at forureiningane ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Kommunedelplan for vassforsyning 2015 2026 Føremålet med Kommunedelplan for vassforsyning er å sikra at alle i Stord til ein kvar tid har tilgong på nok drikkevatn av god kvalitet. Hovudplan veg 2014 2019 Kommunedelplan Hovudplan veg er utarbeidd for å leggja eit betre grunnlag for framtidig ressursinnsats innan vedlikehald og forsterkning av det kommunale vegnettet, og planen skal vera eit handlingsretta verkty med prioriterte tiltak det skal satsast på i planperioden. Kommunedelplan for E39 Heiane Ådland/Nordre Tveita (vedtatt planprogram, planen er under arbeid) Føremålet med planarbeidet er å fastsetja endeleg trase for framtidig E39 på strekninga og avklara tilknytinga til lokalvegnettet. Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Stord 2013 2021 (under arbeid). Eit av dei viktigaste føremåla med planen er å få eit grunnlag for å kunne søkja om spelemidlar til idrettsog friluftsanlegg og å fremja folkehelsa. Kommuneplan for Stord 2010 2021 Kommuneplanen skal vera ein lokalpolitisk styringsreiskap i samspel med nasjonale og fylkespolitiske planar og føresegner, med lokalt tilpassa strategiar og aktuelle tiltak. Kommunedelplan for Leirvik Kommunedelplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging innanfor planområdet. Klima og energiplan for Stord kommune Klima- og energiplan for Stord kommune omfattar langsiktige og kortsiktige mål og tiltak på alle nivå i kommunen. 5
4. PLANPROSESS Framdrift Planen vert utarbeide av Plan Vest AS på vegne av Vabakken Invest AS. Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 18.06.2014. Oppstart av planarbeidet vert varsla og planprogram lagt ut til høyring i løpet av sommaren 2015. Deretter utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing. Tabell 1 Milepæler i planprosessen AKTIVITET PERIODE Oppstartsmøte 18.06.2014 Varsel om oppstart/ høyring av planprogram Mai 2015 Høyringsperiode, jf. pbl 12-9 Min 6 veker Fastsetting av planprogram August/september 2015 Fyrste gangs handsaming av planforslag Høyringsperiode, jf. pbl 12-10 Merknadshandsaming og andre gangs handsaming/vedtak Kunngjering/ ev. klagehandsaming Medverknad Reguleringsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn og naboar og andre partar vert varsla i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova 12-10. Det vert opna for dialog med naboar som er direkte berørt, og dei vil få anledning til å stille spørsmål og diskutere med planleggar og tiltakshavar. 6
5. OMTALE AV PLANOMRÅDET Lokalisering Området ligg mellom Vabakken og Tveita på Stord. Planområdet ligg om lag 200 meter frå rundkøyringa på Vabakken, og 150 meter frå Tveitakrysset. Topografi og grunnforhold Høgaste punkt i planområdet er om lag 61 moh. Området hellar mor nordvest ned mot 43 moh ved E39. Berggrunnen består av fyllitt med enkelte svartskiferlag (ngu.no), lausmassar er forvitringsmateriale. Infrastruktur Det er ikkje eksisterande vegar internt i planområdet. Området grensar til E39. Tilkomst vil vere i forlenging av eksisterande veg gjennom næringsområde på Vabakkjen. Landskap og arealressursar Arealet er registrert som jorddekt, med barskog med særs høg bonitet. Det er ikkje knytt særskilde verdiar til området i form av jakt, lausmassar el.l. Naturmangfald Det er ikkje registrert raudlisteartar eller prioriterte naturtypar innafor planområdet. Kulturminne og kulturmiljø Det er ikkje kjende funn av arkeologiske kulturminner, sefrak- registrerte bygg eller andre kulturminner innafor planområdet. Eigedomsforhold Planen omfattar eigedom 41/3 og del av 41/148. Vabakken Invest AS har avtale om kjøp av 41/3. 7
6. INTENSJONAR OG UTFORDRINGAR Næring Planarbeidet har som mål å legge til rette for ei naturleg utviding av eksisterande næringsareal. Utbygginga må tilpassast eksisterande infrastruktur og øvrige omgjevnadar. Planen må legge føringar for kva type næring området skal kunne romme, og kva verknadar det vil få for området med etablering av slik næring. Behovet for næringsareal og tilhøve til eksisterande næringsområde må klarleggast. Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik Temaet omfattar framkomst og tryggleik for alle trafikantgrupper, parkeringsdekning og anna teknisk infrastruktur slik som anlegg for vatn og avlaup og renovasjonsløysingar. Delar av planområdet er bandlangt for regulering for å sikre areal til utviding av E39. Planarbeidet for oppgradering av E39 er i gang, og det er fastsatt planprogram for E39 Heiane Ådland/Nordre Tveita. Planområdet for Vabakken Vest ligg i si heilheit inne i området for kommuneplanen, og val av alternativ for ny E39 vil vere avgjerande for realisering av denne planen. Arbeidet med E39 er slik tiltakshavar vurderar det ikkje til hinder for at denne planprosessen kan skje parallelt. Forslag til kommunedelplan skal oversendast frå Statens Vegvesen til Stord kommune innan 1. september 2015. Truleg vil ikkje utviding av E39 berøre planområdet direkte. Utviding av gang- og sykkelveg kan innpassast i planområdet. Derimot er kryssløysingar meir avgjerande. Dersom ei vel alternativ med ny trase for E39 vest for dagens veg, vil det truleg ikkje verte behov for omfattande utbygging av krysset ved Studalen. Reguleringsplanen må forholda seg til den løysinga som vert vald for ny E39, og tilhøyrande kryssløysingar. Syne gode og trygge trafikkløysingar for alle trafikkantgrupper. Området skal ha tilfredstillande støynivå og hensiktsmessige parkeringsløysingar. Det skal sikrast tilstrekkeleg kapasitet på leidningsnett for vatn og avlaup. Løysingar for ny E39 må klarleggast, samt tilhøyrande kryssløysingar. Behov for eigne trasear for gåande og syklande må vurderast. I planen vert det lagt opp til å nytte eksisterande vegnett gjennom industriområde på Vabakken og forlenge dette. Kapasitet og standard på vegnettet må sikrast, og behov for utbetringar må vurderast. Stord vatn og avlaup (SVA) har antyda at dei i samband med utbygginga i denne planen vil erstatte hovudvassleidning i Høylandsvegen og i tillegg kunne få til avlaupsløysing inne på Høyland. Dette må avklarast nærare med SVA i løpet av planprosessen. 8
Universell utforming Definisjon av universell utforming: «Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, herunder informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig.» (Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven) «...utforming av produkter, omgivelser, programmer og tjenester på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming.» (FN-konvensjon om rettigheter for personer med nedsatt funksjonsevne) et er å utforme tiltak slik at de er like funksjonelle og naturlige å bruke for både funksjonsfriske personer og de med ulike funksjonshemmingar. Prinsipp for universell utforming skal leggast til grunn for planen. Universell utforming vil vere knytt til bruk av området som arbeidsplass og for ev. kundar. Løysingar i planen må vurderast ut frå dei 7 prinsippa om universell utforming: - Forståeleg informasjon - Toleranse for feil - Like mogelegheiter for alle - Fleksibel i bruk - Låg fysisk anstrenging - Storleik og plass for tilgang og bruk - Enkelt og intuitiv i bruk Folkehelse / barn og unges interesser Folkehelse handlar ikkje bare om fysisk aktivitet, men også om inkludering, psykisk helse, gode bumiljø og gode vanar. I reguleringsplan vil likevel hovudfokuset vere å legge til rette for fysisk aktivitet og planlegge for bumiljø der ein opplever tryggleik. Ein skal så langt råd unngå inngrep i areal som er brukt til leik og opphald for born og unge. Planen skal legge til rette for ferdsel til fots og med sykkel. Dagens bruk av området må vurderast. Det må gjerast greie for behovet for gangtrasear og mogelegheit for framkome med sykkel. 9
Beredskap og ulykkesrisiko (risiko og sårbarhet) Visjonen vil alltid vere eit samfunn med null ulukker. Dessverre er ikkje dette realistisk. Derimot vil ein planlegge for å minimere risiko for ulukker, og sikre tilstrekkeleg beredskap slik at konsekvensane av ulukker vert lågast mogeleg. ROS- analyse skal gjennomførast i samsvar med fastsette krav. Risikopunkt må identifiserast. I hovudsak vil risiko knytte seg til samferdselsareal, desse må planleggast med trygge overgangar og oversiktlege kryssingar. Støy/ureining Det er ikkje kjend eksisterande ureining. Området ligg dels innafor gul og raud støysone på grunn av trafikkstøy. Støynivå er avhengig av korleis framtidig vegnett vert utforma. Det må gjerast analysar for å berekne støy, og naudsynte tiltak for å oppnå tilfredsstillande støynivå i forhold til bruken av dei ulike areala. Landskap, estetikk og omsyn til naboar Planområdet ligg nært til vei og grensar til eksisterande industriareal, og vil vere synleg for mange. Utforming av areala er av betydning for inntrykket for dei som bur i områda rundt og som ferdast forbi. Ei estetisk god utforming som er tilpassa omgjevnadane. Terrenginngrep og utforming av bygg må vurderast, det må undersøkast kva verknadar planen kan få for naboar og andre brukarar av området. Som del av dette må buffer mellom industri og landbruk/busetnad vurderast. Naturmangfald Naturmangfold er i naturmangfoldlova definert som følgjer: «biologisk mangfold, landskapsmessig mangfold og geologisk mangfold, som ikke i det alt vesentlige er et resultat av menneskers påvirkning.» Det er eit overordna mål å ta vare på viktige områder for naturmangfald og sikre friluftsområder for oppleving av naturen. For å oppnå det må ein ha ein medviten arealbruk, og nytte potensiale for fortetting og utbygging som ikkje fragmenterer nye utbyggingsareal. Sentrumsnær utbygging med balanse mellom funksjonalitet og utnytting. 10
Potensiale for førekomst av sårbare artar eller naturtypar må vurderast. Førekomst av svartelista artar må også undersøkast, og ev. tiltak for å hindre spreiing av desse inkluderast i planen. Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser Det er m.a. eit mål i Stord sin kommuneplan å «utnytte eksisterande fortettingspotensiale og samstundes ta vare på dei grøne lungene.» Tilkomst til grøntareal og friluftsområder bør oppretthaldast. Dersom planen berører eksisterande tilkomster til friluftsområde og grøntareal, må ein forsøke å oppretthalde desse eller finne alternative korridorar som kan fylle same funksjon. Energiløysingar Kommuneplan for Stord har som tiltak at det skal «utarbeidast minst eit alternativ utover oppvarming med elektrisk kraft». Teknisk forskrift stiller krav til energieffektivitet og kor stor del av varmebehovet som skal dekkast med anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet eller fossile brensler. Legge til rette for lågast mogeleg energibruk ut frå området sine føresetnadar. Gjennom planarbeidet må det vurderast kva alternativ som er realistisk for utbygging av området. Kulturminne og kulturmiljø «Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.» (Kulturminneloven 2) et er å i nødvendig grad ta naudsynt omsyn til dei kulturminne som finnes i området. Det er ikkje kjend verken arkeologiske- eller nyare tids kulturminne i eller rundt planområdet. Det er heller ingen sefrak- registrerte bygningar som vert påverka av planen. Hordaland fylkeskommune har vurdert potensiale for nye funn som lågt, og ser ikkje behov for ytterlegare undersøkingar. 11
7. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING Metode 14-2 i plan- og bygningsloven og 1 i forskrift om konsekvensutgreiingar gjev følgjande føremål for ein konsekvensutgreiing: «Formålet med bestemmelsene er at hensynet til miljø, naturressurser og samfunn blir tatt i betraktning under forberedelsen av planen eller tiltaket, og når det tas stilling til om, og eventuelt på hvilke vilkår, planen eller tiltaket kan gjennomføres.» Planen skal utarbeidast som detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing. Planarbeidet vil bli presentert med plankart, føresegner og planbeskriving med konsekvensutgreiing og ROS analyse. Konsekvensutgreiinga vil bli integrert i planarbeidet. KU prosessen vil gå parallelt med planarbeidet og konklusjonar innarbeidast i planbeskrivinga. Konsekvensutgreiinga skal omfatte tema som er relevant for planavgjerda. Det vert nytta temakart og andre typar illustrasjonar der dette kan klargjere presentasjonen. Med nokre tilpassingar vil metode for utgreiing av konsekvensar baserast på Statens Vegvesens Handbok V712. Innhenting av ny kunnskap skal avgrensast til det som er relevant i forhold til handsaming av planen. Vurdering av konsekvensar av forslag til endra arealbruk skal ta utgangspunkt i relevante nasjonale, regionale og lokale mål for miljø og samfunnsutviklinga (som f.eks. rikspolitiske retningslinjer, fylkesdelplanar, kommunale planer). Metode for konsekvensvurdering vil variere for de enkelte tema, i forhold til temaets karakter samt på kva måte tiltaket innverkar på det enkelte tema og på planutforminga. Som hovudprinsipp vil konsekvensvurderinga verte gjennomført etter følgjande metode: 1) Temaet sin verdi, uttrykt gjennom tilstand, eigenskapar og utviklingstrekk for vedkomande og interesse/tema i det området tiltaket planleggast. Verdien vert gitt på en tredelt skala: liten middels - stor. 2) Vurdering av tiltakets omfang / påverknad på det enkelte tema. Omfanget vurderast for dei same miljøa eller områda som er verdivurdert. Omfang vert gitt på en femdelt skala: o stort negativt o middels negativt o lite/ingen o middels positivt o stort positivt 3) Konsekvensen si betyding, som vert fastsett ved å samanhalde opplysningane om berørte områder sin verdi med opplysningar om konsekvensens omfang. Vekting av konsekvens vert gjennomført etter følgjande metode: o Stor negativ konsekvens (- - -) o Negativ konsekvens (- -) o Liten negativ (-) o Ingen konsekvens (0) o Liten positiv (+) o Positiv konsekvens (+ +) o Stor positiv konsekvens (+ + +) 12
SAMFUNN 4) Avbøtande tiltak. For kvart tema blir det vurdert mulige avbøtande tiltak eller retningslinjer/føringar for den vidare planlegginga av området for å redusere de negative konsekvensar. For enkelte tema vil det være vanskelig å trekke klare konklusjonar med omsyn til konsekvens for tiltaket /planen. Konsekvensvurderinga vil i desse tilfella bli beskrive utan vekting og konklusjon med omsyn til konsekvens. Alternativ som skal utgreiast Det er i utgangspunktet berre eit alternativ som skal utgreiast, men det kan gjennom vidare arbeid med planen vise seg hensiktsmessig å vurdere ulike alternativ på enkelte område. Planen vert vurdert opp mot null- alternativet, som er dagens planstatus. Utgreiingstema Konsekvensvurderingar er avgrensa til dei tema som er nemnd nedanfor. Tema er fordelt på 2 kategoriar: SAMFUNN OG MILJØ. Andre tema som er underlagt utgreiingsplikt, men som ikkje skal vurderast under konsekvensutgreiinga, er ikkje tatt med nedanfor. TEMA FOKUS 1.Næring Type næringsverksemd Senterstruktur Intern infrastruktur, varelevering etc. 2. Samferdsel og Trafikktryggleik og tilgjenge infrastruktur Tilkomst/gjennomkøyring (vei/vann/avløp, el- Vegstandard anlegg etc.) Trafikkmengd Byggegrenser Rekkefølgjekrav Kollektivtrafikk Parkering VA- kapasitet Renovasjonsløysingar 3. Universell utforming Forståeleg informasjon Toleranse for feil Like mogelegheiter for alle Fleksibel i bruk Låg fysisk anstrenging Storleik og plass for tilgang og bruk Enkel og intuitiv i bruk 4. Folkehelse og barn og Eksisterande bruk som leike og opphaldsareal unges interesser Leike- og opphaldsareal i planen Trafikktryggleik Avstand og tilkomst til skule/barnehage/ fritidsaktivitetar 5. Beredskap og Flaum og eller springflod ulukkerisiko ROS Ras (stein, jord, leire, snø) Skrentar/ stup Radon Ureina grunn Klima Vind Elektromagnetiske felt frå kraftleidningar Støybelastningar og tiltak 13
MILJØ Særlege hendingar og mellombelse løysingar i forbinding med gjennomføring av planlagt utbygging 6. Skule og barnehage Kapasitet og behov for utviding/utbygging Skuleveg 8. Andre Økonomiske konsekvensar for kommunen Eigedomsinngrep TEMA FOKUS 8. Støy/ureining Klimaforhold Ureining av jordbotn, vassdrag Ureina grunn Støy/støytiltak 9. Landskap, estetikk Silhuettverknader og konsekvensar for Byggeskikk og visuell karakter naboar Grøntstruktur 10. Naturmangfald Naturmangfald generelt (geologi, kulturlandskap etc.) Ivaretaking av arts- og naturtypeområde Vilttrasear og konfliktpotensiale Førekomst av raudlista arter Unngå spreiing av svartelista arter 11. Nærmiljø, friluftsliv Forhold til friluftsområde, løyper og stiar og grøne interesser Tilgjenge for ålmenta 12. Energiløysingar Alternativ energibruk 13. Kulturminne og kulturmiljø Automatisk freda kulturminne Vedtaksfreda kulturminne Potensiale for kulturminne 14