TELENOR KABELNETT Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen: 30.03.17 VARSEL OM MINDRE ENDRING ELLER REGULERINGSENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR SOLNES GNR. 15 BNR. 4, 8, 18 OG 22, SOLUND KOMMUNE (PLANID 1412-201203, VEDTATT 14.02.2012). I medhald av plan og bygningslova (pbl) 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i reguleringsplan for Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22, i Solund kommune. Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg. Tiltakshavar og konsulent Solnes AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet. Planområdet Området ligg om lag 7 km vest for Hardbakke som er administrasjonssenteret til Solund kommune. Planområdet består i hovudsak av eigedom gnr. 15 bnr. 4. Tilstøytande areal er i kommuneplanen avsett til LNFRN-område. Planområdet er regulert til bustad, konsentrert fritidsbusetnad, næringsbygg og småbåthamn i gjeldande reguleringsplan «Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22.». Steinsundøyna Hardbakke Planområde Figur 1: Planområdet sin lokalisering i kommunen. Formålet med mindre endring/reguleringsendring 1
Gjeldande plan for området er Solnes gnr. 15 bnr. 4, 8, 18 og 22, med planid 1412-201203. Intensjonen med endringa er å sikre ei etappevis utbygging av reguleringsplanen, og legg i hovudsak til rette for tre mindre justeringar innanfor planområdet. Skildring av mindre endring/reguleringsendring Ein vil gjere følgjande mindre endringar: 1. Flytte tilkomst til fritidsbusetnaden nord i planområdet, for å sikre ei etappevis utbygging. 2. Utvide område til mellombels rigg og anleggsområde. 3. Justere område ut i frå eksisterande bruk. 1. 2. 3. Figur 2: Utsnitt av opphavleg reguleringsplan, med endringane markert. 2
Endringane i plankart Ein har oppdatert det eksisterande plankartet med endringane for mindre endring/reguleringsendring. Ved ein godkjenning av den mindre endringa/reguleringsendringa vil oppdatert plankart erstatte den opphavlege reguleringsplanen. Endringane i plankartet er skildra under. 1. Flytte tilkomst til fritidsbusetnaden nord i planområdet. Figur 3 viser opphaveleg tilkomst, f_kv09, for fritidsbusetnaden. Slik vegen er lagt i reguleringsplanen er ikkje gunstig/fordelaktig med tanke på ei etappevis utbyggingsrekkefølge for dei ulike fritidsbustadsfelta. Løysninga med å flytte tilkomsten nord i planområdet vil også føre til mindre terrenginngrep, sjå figur 4. Vegarealet som ein går bort frå vil verte verande som LNFRN-areal, sjå figur 4. Dette fører til eit samanhengande LNFRN-område som går frå Storevatnet i vest til vegen o_kv02 i aust. Ved å flytte vegen får ein også knytt nødvendig infrastruktur til område som ligg mellom planlagt fritidsbusetnad, i staden for å dele opp LNFRN-areala. Dette gjer også at ein sikrar eit godt friluftsområde for brukarane av fritidsbustadene. o_kv02 f_kv09 Storevatnet Figur 3: Bilete viser opphavleg tilkomst til fritidsbusetnaden. Figur 4: Bilete viser framlegg til ny tilkomst. 3
2. Regulere område til mellombels rigg og anleggsområde, sjå figur 5. Feltet f_pp01 og omkringliggjande areal regulerast til mellombels rigg og anleggsområde under opparbeiding av reguleringsplanen. Når anleggsarbeidet er ferdig vil området f_pp01 føres tilbake til parkeringsformål, medan omkringliggjande areal vert ført tilbake til LNFRN. Figur 5: Figur til venstre viser området i dag, medan figur til høgre viser framlegg til mellombels rigg og anleggsområde. 3. Regulere kai ut i frå eksisterande bruk av området. Det ligg i dag ei kai heilt sør i feltet BF03 og innanfor sørleg del av vegen KV03. Kaia brukast i dag som del av næringsarealet N02. Endringa legg til rette for at dette arealet vert innlemma som del av formålet N02, ut i frå eksisterande bruk av området. Figur 6: Bilde til venstre viser areal i eksisterande plan, medan bilete til høgre viser endringa på kaia. 4
Endringane i føresegna Dei eksisterande føresegna (datert 24.01.12), er noko endra. Vedlagt til dette brevet, ligg dei gjeldande føresegna, med endringane markert i raudt, slik at ein kan sjå endringane i føresegna i sin heilheit. Raud tekst med understreking er tekst som er lagt til, medan raud overstreking er tekst som er fjerna frå føresegna. Endringane er kort skildra under. 1. Endre følgjande rekkefølgjekrav på gangvegane mtp. ei etappevis utbygging av felta. Føresegn 2.3.4 vert endra med ei presisering om kva som må vera opparbeid av gangvegar før det vert gjeve bruksløyve for dei ulike felta. Nye føresegn er 2.3.4-2.3.8 2. Endre følgjande rekkefølgjekrav på parkeringsplassane mtp. ei etappevis utbygging av felta. Føresegn 2.3.5 vert endra med ei presisering om kva som må vera opparbeid av parkeringsplassar før det vert gjeve bruksløyve for dei ulike felta. Nye føresegn er 2.3.9-2.3.10. 3. Endre følgjande rekkefølgjekrav på leikeplassane mtp. ei etappevis utbygging av felta. Føresegn 2.3.6 vert endra med ei presisering om kva som må vera opparbeid av leikeplassar før det vert gjeve bruksløyve for dei ulike felta. Nye føresegn er 2.3.11-2.3.12. 4. Endre rekkefølgjekrav knytt til område med deponerte massar innanfor LNFRN10. Tidlegare rekkefølgjekrav 2.3.10 vert endra til 2.3.16 og det er lagt til tekst som sikrar ei trinnvis utbygging av felta i reguleringsplanen. 5. Ny veg f_skv14. På grunn av ny tilkomst til felta FK10-14 har ein fått ei ny føresegn, 4.1.15 Konsekvensar av den mindre endringa/reguleringsendringa Endringane legg til rette for ei trinnvis utbygging av fritidsbustadene. Ny tilkomst legg også opp til ei betre heilskapleg løysning, mtp. terrenginngrep, LNFRN-areal og område med deponerte massar i tilknyting f_pp01. Kaia sør i reguleringsplanen vil også endrast ut i frå kva bruk det er innanfor området i dag. Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa: Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Meir informasjon finn ein på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til post@ardarealplan.no. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Solund kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Solund kommune saman med framlegg til endring. Merknadsfrist: Frist for merknader er satt til 29.04.2017. Vidare saksgong: Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Solund kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket. Dersom planen må tas som ein reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Solund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming. 5
Med beste helsing Lene Lindhardt Hammer Arealplanleggar Ard arealplan as Tlf: 55 31 95 00/928 74 700 Vedlegg: Varslingsliste Gjeldande plankart, datert 31.01.13 Oppdatert plankart for mindre endring/reguleringsendring, datert 02.02.2017 Gjeldande føresegner, datert 24.01.2012 Gjeldande føresegner, datert 09.02.2017 med endringar markert i raudt Oppdaterte føresegner for mindre endring/reguleringsendring, datert 09.02.2017 6
Varslingsliste: Naboar: GNR BNR EIENDOMMENS ADRESSE 15 4 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 9 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 16 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 17 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 7 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 21 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 2 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 14 Eiendommen har ikke veiadresse 6924 HARDBAKKE 15 19 Eiendommen har ikke veiadresse 15 11 Eiendommen har ikke veiadresse 15 12 Eiendommen har ikke veiadresse 15 22 Eiendommen har ikke veiadresse 15 15 Eiendommen har ikke veiadresse 15 18 Eiendommen har ikke veiadresse 15 8 Eiendommen har ikke veiadresse 15 13 Eiendommen har ikke veiadresse Andre: FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE NJØSAVEGEN 2 6863 LEIKANGER SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE ASKEDALEN 2 6863 LEIKANGER NVE, REGION VEST NAUSTDALSVN. 1B POSTBOKS 53 6801 FØRDE STATENS VEGVESEN, REGION VEST ASKEDALEN 4 6863 LEIKANGER KYSTVERKET VEST POSTBOKS 1502 6025 ÅLESUND FISKERIDIREKTORATET REGION VEST POSTBOKS 185 5804 BERGEN SUNNFJORD ENERGI AS POSTBOKS 123 6801 FØRDE FIRDA BILLAG AS POSTBOKS 204 6802 FØRDE FJORD1 AS STRANDAVEGEN 15 6902 FLORØ NGIR LINDÅSVEGEN 1260 5956 HUNDVIN BERGEN SJØFARTSMUSEUM POSTBOKS 7800 5020 BERGEN TELENOR KABELNETT http://www.telenor.no/privat/kundeservice/telenor-kabelnett/ 7