SULDAL KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Saksnummer Utval Møtedato 087/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) 08.05.2014 090/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) 15.05.2014 Arkivkode Sakshandsamar Arkivsak/j.post L12, M41 Rune Roalkvam 13/1340 14/5560 RENSEANLEGG. Forslag til vedtak: Merknader/klager frå Suldal Idrettslag og Agder og Skikrets på vedtatt planendring vedk. nytt renseanlegg ved Gullinghuset, vert ikkje tekne til følgje, og blir oversendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 08.05.2014 UTVAL FOR LANDBRUK, MILJØ OG TEKNIKK (LMT-UTVALET) Kjersti Tau Strand frå Asplan viak og Arnstein Landsnes frå KB orienterte. Forslag frå Ola Hauge, Sp: saka vert utsett for synfaring - samrøystes Nytt møte på Gullinghuset torsdag 15. mai kl 12. - Kalla inn dei som har engasjert seg i saka: Skikretsen, Suldal idrettslag, Gullingen utviklingsselskap. Dette må og kunngjerast som eit ope møte kl 12.30.
LMT-069/14 VEDTAK: Saka vart utsett for synfaring 15.05.2014 UTVAL FOR LANDBRUK, MILJØ OG TEKNIKK (LMT-UTVALET) Utvalet var på synfaring i denne saka. Felles forslag: Reinseanlegget ved Gullingen vert ikkje plassert i samsvar med tilrådinga. Kommunen startar sak om endring av reguleringsplanen der føremålet er å plassera anlegget lengre mot sør. Det skal vera minst 20 meter plass til skiløypa mellom anlegget og Mosvatnet Det skal vera plass til å utvida anlegget. Det skal vera tømingsanlegg for bubilar Det skal vera offentleg toalett i tilknyting til anlegget Fellesforslaget vart samrøystes vedteke. LMT-090/14 VEDTAK: Reinseanlegget ved Gullingen vert ikkje plassert i samsvar med tilrådinga. Kommunen startar sak om endring av reguleringsplanen der føremålet er å plassera anlegget lengre mot sør. Det skal vera minst 20 meter plass til skiløypa mellom anlegget og Mosvatnet Det skal vera plass til å utvida anlegget. Det skal vera tømingsanlegg for bubilar Det skal vera offentleg toalett i tilknyting til anlegget Sand, 28.04.2014 Øyvind Valen Rådmann Oppfølging: Rune Roalkvam
Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 11.10.2013 Adresseliste; Fylkesmannen i ; Fylkeskommune Kulturseksjonen; Sverre Herabakka; Vinjar grendautval v/ Erik Walter Vold; Gullingen Utviklingsselskap AS; Statens Vegvesen region vest RENSEANLEGG. HØYRING 3 I 31.10.2013 Statens Vegvesen REGULERINGSPLAN GULLINGEN - MOSVATNOMRÅDET - - HØYRING 2 I 04.11.2013 Vinjar Grendeutval v/erik Walter Vold 4 I 21.11.2013 Fylkesrådmannen i 5 I 25.11.2013 Fylkesmannen i 7 I 31.03.2014 Torill Suldal IL v/telstad 8 I 11.04.2014 Norges Skiforbund - Agder og Skikrets 10 I 05.05.2014 Henrik Gullingen utviklingsselskap v/halsne 13 U 09.05.2014 Torill Suldal IL v/telstad; Gullingen Utviklingsselskap AS; Norges Skiforbund - Agder og Skikrets 12 U 09.05.2014 Medlemmene i LMTutvalet og varamedlem Jarle Haugsland REINSEANLEGG MOSVATNET - HØYRINGSUTTALE AV RENSEANLEGG - MOSVATNET FRÅSEGN TIL SØKNAD OM FOR GULLINGEN/MOSVATNET UTTALE TIL NY REGULERINGSPLAN FOR RENSEANLEGG PÅ MOSVATNET UTTALE VEDK PLANLAGT REINESEANLEGG VED MOSVATNET/GULLINGEN MOSVATNET REINSEANLEGG RENSEANLEGG. RENSEANLEGG.
Vedlegg Dok.dato Tittel Dok.ID 11.04.2014 Mosvatnet gulingen.pdf 284702 30.04.2014 Reguleringsplan for renseanlegg på Gullingen.docx 283719 Samandrag LMT-utvalet har vedteke endringar av reguleringsplanen for Mosvatn-området ved at området for nytt renseanlegg er utvida, slik at eit større bygg kan reisast på nåverande parkeringsplass. Suldal Idrettslag og Agder og skikrets har klaga på vedtaket då dei m.a. meiner det vil vøra til redusert parkeringskapasitet og dermed trafikkfarlege tilhøve. Rådmannen meiner desse tema er vurdert i sakshandsaminga, og at parkeringstilhøva er tilfredstillande. Ein rår til ikkje å ta klagene til følgje. Fakta LMT-utvalet vedtok 09.01.2014 ei mindre reguleringsendring av reguleringsplan for Gullingen Mosvatn-området. Endringa gjaldt ny plassering av vassbehandlings/renseanlegg, dessutan justering av sikringssone for vassforsyning. Denne justeringa medførte at planlagt utleigebygg på gnr 4/1 måtte utgå. Etter vedtaket har Suldal Idrettslag og Agder og skikrets kome med skriftlege merknader som ein oppfattar som klager på vedtaket (vedlegg). Klagene går i hovudsak på at nybygget vil redusera talet på parkeringsplassar ved Gullinghuset, og at bruk av parkeringsplass på andre sida av vegen vil føra til redusert trafikktryggleik. Det estetiske ved bygget vert og kommentert. Kommunen vurderte realitetane i planendringa til å vera ei «mindre endring». Rett nok er fjerninga av utleigebygg/reiselivsanlegg på gnr 4/1 vesentleg, men dette var alle partar innforstått med på førehand, og det hadde ingen negative følgjer for almenne interesser, heller tvert om. Flyttinga av renseanlegget og ei mindre utviding av arealet for dette var etter rådmannen sitt syn opplagt ei mindre endring i høve til totaliteten i planen. Høyringsbrevet vart sendt til direkte berørte partar, m.a. til Vinjar grendautval som representant for ålmenta, dei var den einaste parten som hadde kommentarer. Dei tok opp dei same momenta som klagepartane tek opp, nemleg parkeringstilhøva og tilhøyrande trafikktryggleik. Desse vart kommenterte under slutthandsaminga. Elles har idrettsinteressene vore godt informerte om planane for nytt renseanlegg under heile prosessen, og det har vore møte og synfaring med dei. Etter møtet med Suldal IL skriv leiar Torill Telstad m.a. i ein epost av 26.02.2014 til kommunen:
«Å legge renseanlegget på parkeringa er flott for skiløypene så treng det ikkje bli så trangt i løypene ( ) Blir så mye av parkeringa borte må nok parkering på andre sida av vegen brøytast i påska og ved større skirenn, men den er jo ferdig asfaltert og belyst så dette bør gå bra.» Forøvrig er deler av bygget utforma i samråd med idrettslaget til bruk ved smøring m.v. Vurdering og konklusjon Dei tema som klagarane tek opp vart kommenterte under 2. gongs behandling, det vart då vist til at det var mogleg å parkera på begge sider av vegen. Elles må det påpeikast at det er svært få dagar i året at parkeringa ved Gullinghuset ikkje vil vera meir enn stor nok. Det gjeld dei inntil 4 skikarusellane og nokre dagar i påska. Då vil det kunna vera behov for parkering på begge sider av vegen. Ved arrangement som skikarusellen er det også arrangør sitt ansvar å sjå til at trafikktryggleiken vert ivareteke. Det er påfallande at Suldal IL i sin mail av 26.02.2014 er udelt positiv til det føreslåtte renseanlegget og plasseringa, inkludert parkeringstilhøva, medan dette i klagen vert framstilt som eit problem. I Skikretsen sin uttale vert det lufta tankar om å nytta deler av parkeringsplassen ved Gullinghuset til rulleskitreningar for born, noko som vel også vil føra til utfordringar m.o.t. trafikktryggleik. At nybygget er stort og vil dominera er klart. Men storleiken er tilpassa omfanget av vass- og avløpssystemet, og det er både tekniske og økonomiske argument for at det bør ligga der det er planlagd. Ein rår til å ikkje ta klagene på LMT-utvalet sitt vedtak om reguleringsendring til følgje, og oversenda saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.