Møteinnkalling for Formannskapet
|
|
|
- Inger-Lise Andreassen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf , slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, Olav Tho ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 001/11 GODKJENNING AV MØTEBOK 002/11 REFERATSAKER 003/11 VAL - DELEGASJON AV MYNDE 004/11 STAND PÅ DYRSKUN
2 Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /11 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 11/25 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka blir godkjent slik ho ligg føre.
3 Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /11 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 11/24 REFERATSAKER Nr Dok.ID T Dok.dato Avs./Mott. Tittel 1 11/68 I NVE HØYRING - KONSESJONSØKNAD SAULAND KRAFTVERK OG SAULAND BYGDEKRAFT TILRÅDING Referatsakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
4 Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret RE Formannskapet /11 RE Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K1-044 Arkivnr.: 10/1175 VAL - DELEGASJON AV MYNDE Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: - Vallova med tilhøyrande forskrift - Kommunelova - Delegasjonsreglement for Hjartdal kommune Saksgang: - Formannskapet tilrår - Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Planlegginga av kommune- og fylkestingsvalet 2011 er godt i gang. Det er vallova med tilhøyrande forskrift og rettleiingar som legg rammer for gjennomføring av valet. I vallova er det formuleringar som kommunestyret kan delegere til valstyret. I kommunen sitt delegasjonsreglement står det at formannskapet er valstyre. Valstyret må likevel veljast særskilt for kvart einskild val (sjå eiga sak). Det står ikkje noko i delegasjonsreglementet om kva for mynde eller oppgåver som er delegert. Vallova legg ein del mynde/oppgåver direkte til valstyret. Valstyret kan vidaredelegere saker som ikkje er prinsipielle til administrasjonen. I kommunen sitt delegasjonsreglement er vallova ikkje nemnd bland dei lovene som er delegert til rådmannen. Vallova bruker óg nemninga valmyndigheit. Da må kommunen sjølv vedta kven som skal utføre den mynda. Følgjande oppgåver må vurderast i høve til delegering: 2-3 Valgstyrets ansvar for å føre manntall og sende ut valgkort 2-6 Utlegging av manntallet til offentlig ettersyn 2-7 Retting og oppdatering av manntallet 2-8 Underretting om endringer i manntallet 4-2 Oppnevning av stemmestyrer 6-6 Valgmyndighetenes behandling av listeforslag 6-7 Offentliggjøring av godkjente valglister 6-8 Klage med krav om endring av godkjenning/forkastelse av listeforslag
5 7-1 Trykking av stemmesedler 8-2 Oppnevning av stemmemottakere 8-3 På hvilke steder det kan mottas forhåndsstemmer 9-3 Tid og sted for stemmegivningen 1) Stemmekretser 2) Sted og åpningstid 3) Kunngjøring av pkt Godkjenning av stemmesedler 10-4 Opptelling av stemmesedler 10-7 Protokollering av valg Vurdering: Kommunestyret eller valstyret: 4-2 og 9-3 (1) inneheld formuleringa kommunestyret eller valstyret etter delegering. Det inneber at dersom paragrafane ikkje blir delegert særskilt til valstyret så er det kommunestyret som skal handsame desse. 4-2 gjeld oppnemning av personar til stemmestyra. Kartlegging av kva for personar som kan tenkje seg å sitje i stemmestyra må skje før møte, og saka vekkjer tradisjonelt ikkje politisk debatt. Rådmannen tilrår at 4-2 delegerast til valstyret. 9-3 (1) gjeld kor mange stemmekretsar kommunen skal delast inn i. Dette er eit spørsmål som, om det ikkje er direkte prinsipielt, skapar stor engasjement. Rådmannen tilrår at kommunestyret ikkje delegerer mynde etter 9-3 (1) til valstyret. 6-6 omhandlar valmyndigheita si handsaming av listeforslag. Rådmannen tilrår at valstyret får mynde til å godkjenne listeforslag. 6-8 gjeld handsaming av klager. Andre oppgåver knytt til listeforslag er ikkje-prinsipielle. Når vallova legg ansvar direkte til valstyret er det ikkje nødvendig å med eige delegasjonsvedtak. Valstyret eller administrasjonen Når vallova legg ansvar direkte til valstyret kan det vere aktuelt å delegere vidare til administrasjonen (rådmannen). Det naturlege her vil vere å ta utgangspunkt i dei generelle retningslinene om prinsipielle og ikkje-prinsipielle saker. Det er ikkje mogeleg å gi eksakte svar på kva som er prinsipielt eller ikkje. Som ei rettleiing kan ein sei at saker som er av rein praktisk art utan spesiell tyding for einskildpersonar, sjeldan vil vere av prinsipiell karakter. Dette vil for eksempel vere gjeremål som å sette opp utkast til manntal, utlegging til offentleg ettersyn, kunngjeringar, underretting til veljarar og kandidatar, trykking av stemmesetlar osb. Prøving og godkjenning av kurante førehandsrøyster er og av ikkje-prinsipiell karakter, og kan delegerast, for eksempel til leiar i valstyret og sekretær for valstyret. Oppgåva kan ikkje delegerast til ein person aleine. To personar må utføre arbeidet saman. Mynde som vil vere av prinsipiell karakter, og som dermed ikkje kan delegerast, vil vere forkasting av røyster, innføring og stryking i manntalet og godkjenning og forkasting av vallister. Eksemplane over er ikkje uttømmande. Valstyre eller stemmestyre Stemmestyra sin mynde er fastsett direkte i lov og forskrift slik at det ikkje er nødvendig med særskilt delegasjon til stemmestyra. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Kommunestyret delegerer til valstyret mynde etter vallova:
6 o 4-2 Oppnemning av stemmestyre o 6-6 (2) Godkjenning av listeforslag o 6-8 Klagehandsaming knytt til listeforslag 2. Kommunestyret delegerer til rådmannen mynde til å fatte vedtak og utføre oppgåver i tråd med vallova og tilhøyrande forskrift som er av ikkje-prinsipiell karakter.
7 Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /11 RE Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K1-060 Arkivnr.: 10/840 STAND PÅ DYRSKUN Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I Hjartdal Arbeiderparti FORSLAG TIL MARKNADSFØRING AV HJARTDAL KOMMUNE Saksgang: Formannskapet vedtek. Bakgrunn for saka: Hjartdal Arbeiderparti har kome med forslag om at kommunen har stand på Dyrsku n med tanke på å marknadsføre kommunen som buplass. Dyrsku n 2011 blir arrangert september. Vurdering: Rådmannen er i utgangspunktet positiv til alle idear som bidreg til å sette kommunen på kartet og som er med på å gi kommunen fleire innbyggjarar. Dei forholda som må vurderast i denne samanhengen er måloppnåing, ressursbruk og praktisk gjennomføring. Det er på den eine sida vanskeleg å rekne seg til på førehand kor stor respons vi vil få med ein slik stand. Kommunen hadde stand på bygdedagen i Sauland i september Det var berre politikarar og offentleg tilsette som kom innom standen. Kommunen var synleg, men vi kom ikkje i dialog med innbyggjarane. På den andre sida er det slik at dersom ein familie vel å flytte til Hjartdal som konsekvens av kontakt som opprettast på ein slik stand, så kan det vere rett bruk av ressursane våre. Det skjer mykje interessant knytt til bustadutvikling i kommunen nå. Prøvebustadprosjekt er under planlegging i både Tuddal og Hjartdal og stortomtene på Staurhaugen er under planlegging. Likevel er det slik at vi har lite konkret å vise fram i år. Rådmannen meiner at ei deltaking på Dyrsku n føresett eit meir gjennomarbeidd produkt. Dyrsku n arrangerast alltid andre helga i september. Det inneber at den samanfell med høvesvis kommune- og stortingsval kvart andre år. Det skapar visse utfordringar. Arrangementet er opent
8 tre lange dagar. Erfaringa frå bygdedagen i Sauland er at det er vanskeleg å få tilsette til å melde seg frivillig til slike arrangement. I og med at kommune- og fylkestingsvalet er dagen etter at Dyrsku n avsluttast, må rådmannen prioritere beordring av tilsette til valet. Rådmannen er open for at folkevald står på standen, men vil tru at dei vil prioritere å stå på stand for partia sine denne helga. Rådmannen finn ideen om ein kommunal stand på Dyrsku n som interessant, men ut frå ei totalvurdering finn rådmannen det vanskeleg å gjennomføre i RÅDMANNEN TILRÅR: Hjartdal kommune prioriterar ikkje å ha ein kommunal stand under Dyrsku n 2011.
9
Møteprotokoll for Formannskapet
Hjartdal kommune Møtedato: 17.01.2011 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:15 15:20 Saksnr til og frå: 001/11-005/11 Møteprotokoll for Formannskapet Møtet blei styrt av: ordførar Olav Tho Medlemene blei
Møteinnkalling for Partsamansett Utval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Partsamansett Utval Møtedato: 07.12.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 12.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg
Møteinnkalling for Valstyret
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Valstyret Møtedato: 26.05.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall,
Møteinnkalling for Fondstyret
3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 03.11.2014 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild
Møteinnkalling for Formannskapet
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 26.06.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09.00 Synfaring sak 053/13. Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den
Møteinnkalling for Fondstyret
3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 16.01.2012 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild
Møteinnkalling for Fondstyret
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 20.06.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall,
Møteinnkalling for Administrasjonsutval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 30.01.2017 003/17 MF Kommunestyret 08.02.2017 004/17 MF Saksansvarleg: Maria Fremmerlid Arkiv: K2-L00 Arkivnr.: 15/548
Møteinnkalling for Formannskapet
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 20.06.2016 Møtestad: Røde Korshuset, Tuddal Møtetid: Kl. 13.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg
Ullensvang herad. Møteinnkalling Valstyret
Ullensvang herad Møteinnkalling Valstyret Møtedato: 30.05.2011 Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Møtetid: Kl. 08:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd
Møteinnkalling for Formannskapet
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Formannskapet Møtedato: 11.04.2016 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13.00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall,
EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.
EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune Møteinnkalling Møtedato: 16.04.2007 Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må
SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.
Eldrerådet Møtebok Møtedato: 07.05.2012 Møtetid: Kl. 13:00 14:30 Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.: 009/12-012/12 Følgjande medlemmer møtte Johan Kroken, Mathias Drage, Gunnhild Solheim, Helga Swensen
Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk
3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk Møtedato: 29.11.2011 Møtestad: Kommunehuset, Formannskapssalen Møtetid: Kl. 17:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som
Møteprotokoll for Valstyret
Hjartdal kommune Møtedato: 16.05.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl.13:00 13:30 Saksnr til og frå: 001/13-004/13 Møteprotokoll for Valstyret Møtet blei styrt av: ordførar Sven Tore Løkslid Medlemene
Tilleggsinnkalling av Kommunestyret
Masfjorden kommune Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Møtedato: 30.04.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 11:45 Formannskapet kl. 09.00 Valstyret kl. 11.00 Kommunestyret kl. 11.45 Kl. 13 kjem Museumsdirektør
MØTEINNKALLING. Valgstyret SAKSLISTE 3/15 15/607 GODKJENNING AV PROTOKOLL - MØTE I VALGSTYRET DEN
MØTEINNKALLING Valgstyret Sted: Rakkestad kulturhus, Formannskapssalen Dato: 22.04.2015 Tid: 09:00 SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 3/15 15/607 GODKJENNING AV PROTOKOLL - MØTE I VALGSTYRET DEN 26.03.2015.
Møteinnkalling for Administrasjonsutval
3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 03.12.2012 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller
Møteinnkalling for Utval for helse- sosial og omsorg
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Utval for helse- sosial og omsorg Møtedato: 23.08.2011 Møtestad: Hjå Borghild M.H.Brennekåsa,Tuddal Møtetid: Kl. 17:00 (For evt. fellestransport kan de
Møteprotokoll for Formannskapet
Hjartdal kommune Møtedato: 17.10.2017 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13.00 14.45 Saksnr til og frå: 036/17-042/17 Møteprotokoll for Formannskapet Møtet blei styrt av: Ordførar Bengt Halvard Odden
Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes (31 44 88 31) eller tenestetorget (31 40 88 00) Saker til behandling
MØTEINNKALLING Valstyret Dato: 17.03.2015 kl. rett etter formannskapsmøte Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 12/02755 Arkivkode: 01 Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes (31 44 88 31) eller tenestetorget
Oddvar Grøthe (Sp), Jan Egil Halbjørhus (H), Marte Steimler Thorset- (H), Tove Eggen Lien (Sp), Olav Syversbråten (A)
MØTEPROTOKOLL Valstyret Dato: 17.03.2015 kl. 14:00-14:15 Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 12/02755 Tilstades: Møtande varamedlemer: Forfall: Oddvar Grøthe (Sp), Jan Egil Halbjørhus (H), Marte Steimler
Formannskapet. Tilleggsinnkalling
Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 26.10.2016 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt
