Detaljplan for Brakåsen og Klypetjønn, Suldal kommune Skildring av planoppdraget Bakgrunn for oppdraget Tettstaden Suldalsosen har ca 650 innbyggjarar (heile Vinjar skulekrins har ca 950). Her er to daglegvarebutikkar, barneskule, barnehage, kyrkje og ulike bedrifter. Busetnaden er konsentrert i to ulike område: I dalbotnen ved det gamle senteret Osen i aust, og i åsane vest for kyrkja, hovudsakleg på gammal prestegardsgrunn. Hovudtyngda av befolkninga bur i det siste området, og barneskule, barnehage og idrettsplass ligg ved foten av dette området, ca 80 moh. Desse åsane vart utbygde i samband med Ulla-Førre utbygginga på 1979-80-talet. Dei nyaste utbyggingsområda ligg nær desse åsane, på Haugabjør og i Mehushaugen. Kartet syner byggefelta og sentrumsfunksjonar i området. Pr 2015 er det berre få ledige kommunale bustadtomter i området. Det er under oppføring eit leilighetskompleks sentralt ved butikkane (Lunde-stykket). Det er ingen andre leilighetsbygg i området. I nyleg revidert kommuneplan er det avsett eit større utbyggingsområde på kommunal grunn, kalla Brakåsen/Klypetjønn der framtidig bustadbygging er tenkt lokalisert. Oppdraget går på detaljplanlegging av dette området.
Planstatus m.v. Planområdet er avsett som bustadområde i gjeldande kommuneplan (2015), kart under. Det heiter i føresegnene at Brakåsen skal byggast ut før Klypetjønn. Det ligg føre utkast til reguleringsplan for ein del av området (Brakåsen) frå 1980-talet. Vidare har kommunen i 2015 fått utarbeidd skisser til vegtilkomst til området. Dette materiale kan nyttast som bakgrunnstoff, men planarbeidet må likevel gjerast frå grunnen av. Planområdet Planområdet er på 243 dekar (det området som er avsett i kommuneplanen) og er ut frå naturtilhøva delt i to utbyggingsområde som begge har naturleg vegtilkomst frå same punkt på vegen opp til Kariåsen. 1. Klypetjønn, eit småkupert område ca 115-125 moh kring eit mindre og eit større tjørn, avgrensa av bergskrenter mot Kariåsen og særleg Brakåsen. I vest avgrensa av bratt stup/li mot Lunde-området. Skogkledde kollar, myrområde S for Klypetjønn. Området er nytta som nærturområde og har naturkvalitetar som ein ønskjer å ta vare på ved ei utbygging. Det er også mogleg å koma til dette området via eksisterande bustadfelt i Kariåsen, men det er ikkje ønskeleg som ei permanent løysing. Det er skogsveg inn i området, ny veg vil truleg i stor grad følgja same trase. 2. Brakåsen, sterkt kupert skogkledd område ca 120-180 moh med varierande soltilhøve. Vegtilkomst kan skje både frå eksisterande veg til Kariåsen og som forlenging av veg inn i Klypetjønnområdet.
Byggeområdet avsett i kommuneplanen er romsleg i høve til bustadpotensialet, og endeleg planavgrensing vil bli avgjort under planarbeidet. Vesentlege deler av planområdet er mindre eigna til bustadtomter grunna terreng- og soltilhøve. Eksisterande infrastruktur Det er som nemnd veg til Kariåsen som kan nyttast til ca kote 115 moh. Det er vasstårn i Kariåsen (400 m3) som ligg på kote 164 moh. Det er skogsveg inn i Klypetjønnområdet. Kart og registreringar Det er nytt kartverk med 1m-koter for heile planområdet. Nyaste ortofoto er frå 2010. Kartutsnitt ligg som vedlegg og kan også ettersendast i betre målestokk om ønskeleg. Det ligg ikkje føre anna enn aktsemdskart når det gjeld rasfare (kart under). Sjølve dei framtidige bustadområda synest etter desse ikkje å vera særleg utsette. I følge Temakart Rogaland er det ikkje kjende kulturminne eller særlege verneverdige naturførekomstar innan planområdet.
Planarbeidet Det skal utarbeidast detaljplan samla for både Klypetjønn og Brakåsen. Fysisk utbygging vil skje i fleire byggetrinn. Det bør gå fram av planen kva delområde som kan byggast ut utan å etablera nytt vasstårn. Ein forutset nær dialog med kommuneadministrasjonen under arbeidet. Administrasjonen vil bistå med kartgrunnlag, nabolister og liste over andre høyringspartar. Det bør vera minst tre møte med administrasjonen under arbeidet. Eitt i samband med oppstartsvarselet, eitt under arbeidet, gjerne når vegsystemet er ferdig planlagd, og eitt når planframlegget er ferdig utarbeidd. Det er ikkje behov for folkemøte eller møte med overordna styresmakter. Ein reknar med at planarbeidet ikkje utløyser konsekvensutgreiing. Planlegginga forutset gode landskapsanalyser, landskapsarkitekt bør difor vera med i planarbeidet i tidleg fase. God kvalitet på bustadtomtene er vel så viktig som eit høgt tal tomter. Det skal utarbeidast ei ROS-analyse for planområdet, og innhenting av nødvendige data skal vera ein del av tilbodet. Snøskredfare, steinsprangfare, overvasshandtering m.v. er aktuelle tema i området. Alt planmateriale skal vera i tråd med gjeldande planlov og alle plandata skal leverast i digitalt format, kartdata i SOSI-format. I tillegg skal alt materiale leverast i pdf-format som kan publiserast på nett. Planføremål Relevante planføremål er hovudsakleg - Bustadområde, vesentleg for frittliggande einebustader, men det er også ønskeleg med område for konsentrert busetnad, t.d. hus i rekke. Einebustadtomter bør ikkje vera mindre enn 500 m2. Busetnaden bør ligga i klynger der det er lagt til rette for gode buvilkår og fellesareal. - Område for kommunaltekniske anlegg som vasstårn, trafoar m.v. - Vegsystem med g/s-veg og parkeringsplassar. - Leikeområde (spesifisert i kommuneplanføresegnene) og friområde - Naturområde - Hensynsoner for t.d. rasfare Ved utarbeiding av føresegnene kan kommunen sin byggeskikkrettleiar vera til nytte (vedlegg). Då tomtene vanlegvis blir utbygde enkeltvis, må det vera ein grad av fleksibilitet i føresegnene. I det kuperte terrenget i store deler av planområdet er det særs viktig at vegsystemet er godt planlagt slik at endeleg veg ikkje avviker frå planen, og at det er god tilkomst til alle tomtene frå vegen.
Vedlegg: Oversynskart 1:5000, 1:10.000 Ortofoto 1:5000 Kommuneplanhefte med m.a. føresegner til arealdelen: https://www.suldal.kommune.no/handlers/fh.ashx?mid1=852&filid=2838 Byggeskikkrettleiar: https://www.suldal.kommune.no/handlers/fh.ashx?mid1=1449&filid=2389