KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Like dokumenter
Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Skjema for eigenvurdering

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Fleirkultur i kvardag og høgtid

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Språkstimulering i det fysiske miljøet

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

«Korleis skape eit godt og stimulerande språkmiljø i Florabarnehagen»

Språkglede i en mangfoldig barnehage

PROSJEKTPLAN FOR FURULY BARNEHAGE SPRÅKMILJØ OG SPRÅKSTIMULERING I BARNEHAGEN

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Trollnytt for januar og februar

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

IMPLEMENTERINGSPLAN SPRÅKLØYPER 2017 BUGØYNES BARNEHAGE

Månadsbrev for Blå, april 2016

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Samspel og livsmeistring

Det er ei ny verd som har opna seg! Vegar inn i den nynorske barnelitteraturen

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

IMPLEMENTERINGSPLAN 2017 KNAUSEN BARNEHAGE

Prosjektbeskrivelse Aursmoen barnehage Vinner av Leseprisen 2019

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

Trivsel og vekstvilkår

Kompetanse for mangfold. Jordbærveien barnehage

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Kompetanse for mangfold

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Månadsbrev for Februar

Informasjonshefte Tuv barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

ANSVAR OMSORG - GLEDE

Barnehagens samarbeid med foreldre

Skjema for egenvurdering

Stokkalandsmarka barnehage

Vi lærer om respekt og likestilling

Satsingsområde språk og språkmiljø

To praksiseksempel frå samarbeid barnehage og PPT 1. Språknettverk 2. Kompetanseheving; frå individ til system

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

JERNALDERGÅRDEN OKTOBER INFORMASJON MÅNEDEN SOM GIKK H Ø S T E N

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Velkomen til Mork barnehage

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Utviklingsarbeid for alle barnehagane i Vestnes kommune

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Månadsbrev Januar `18

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

MÅNEDSPLAN FOR PYRAMIDEN PERIODEN 03.MARS T.O.M. 28.MARS

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Problemstilling: Kilden/kjernekomponentane Korleis kan arbeid med språk og samspel sikre fleirspråklege barn si utvikling av identitet og sosiale relasjonar i ein inkluderande barnehage der alle barna kan kjenne seg som ein ressurs?

Gjennom utviklingsarbeidet ynskjer vi: Auke personalet si kompetanse om korleis barn lærer nye språk/fleire språk samtidig, og forventa språkutvikling hjå desse barna. Lære meir om, og få større forståing for andre kulturar. Nærare samarbeid med fleirkulturelle foreldre for å auke vår kunnskap om deira kultur, i ein setting der vi ikkje har felles verbalspråk. Støtte fleirspråklege barn i språkutviklinga på ein måte som også styrkjer språkutviklinga til alle barna i barnehagen. At barnehagen skal bli ein barnehage med ein fleirkulturell pedagogisk teori og praksis.

Å finne fram til gode måtar å støtte barna si språkutvikling og samspelsdugleikar, og då særleg dei barna som har eit anna morsmål enn norsk. Vaksne som er gode rollemodellar. Ynska veremåte må speglast i vår praksis. Å bidra til at barna får tru på seg sjølv, utvikle stoltheit og positiv identitetsutvikling uansett språkleg bakgrunn. Barn med fleirspråkleg bakgrunn skal verte anerkjente og inkluderte i barnegruppa. Bevisstgjering i personalgruppa ved å ha eit kritisk blikk på haldningane våre.

0-3 årsavdelingane Synleggjering av mangfaldet på avdelinga og anerkjenning av dei ulike språka er mellom anna gjort ved å ynskje velkomen på språka som er representerte på avdelingane; kurdisk, arabisk, portugisisk, somali, spansk og norsk. I tillegg plakatar som viser dei ulike flagga og bilete av barna. Vi ynskjer at det fysiske miljøet skal gi eit visuelt inntrykk at «her vert det jobba med språk»

SLIK JOBBAR VI: Brukar mykje bøker saman med barna, både til høgtlesing og sjølvstudium Brukar mykje song gjennom heile dagen, Abc-sangen og Fader Jakob syng barna på fleire språk. For å inspirer til samtale med barna er det hengt opp bokstavar, biletcollage og sangplakatar på veggane. Samlingstunda og kvardagssamtalen er viktig som grunnlag for å utvikle eit godt språkmiljø. Både samlinga og kvardagssamtalane skal ta omsyn til barnet sine interesser, språkleg bakgrunn og føresetnader. Som overordna tema i samlingane, tek vi utganspunkt i fortellingar, rim, regler og sangar om dyr og ulike kvardagslege hendingar, som barna er opptekne av. Vi nyttar sangar som vi ser dei fleirspråklege barna likar godt og har stor glede av å synge, t.d. Lille Petter Edderkopp, Hjulene på bussen og Brannmann Sam.

Vi legg til rette for at barna kan lære omgrep gjennom kommunikasjonstøtte,- t.d. ved bruk av konkretar, bilder, digitale verkty og visualisering. Vi legg vekt på å gi god informasjon til foreldra, slik at dei kan snakke med barna om det dei opplever i barnehagen. Det vil fremme språkutviklinga, både på morsmålet og på norsk. Vi legg vekt på å vise interesse for det språket barnet kan frå før, og forståing for at morsmålet til barnet er viktig. Vi ynskjer å vere kulturberarar og gjere barna kjende med bøker, sangar, rim og regler både frå norsk kultur og frå andre kulturar som er representerte i barnehagen.

Vi vil gjerne lære meir om, og få større forståing for andre kulturar. For å få til dette ser vi fleirspråklege familier som ein ressurs, og prøver å få til eit nært samarbeid med dei aktuelle foreldra. Vi har god dialog med foreldra i hente og bringesituasjon. Vi har også informert om prosjektet i månadsskriv frå avdelinga til heimane, og har her også prøvd å oppmuntre alle foreldre til å kome med innspel og idear. Vi har funne eventyr på biblioteket og sendt heim norske eventyr som vi jobbar med, omsatt tilbarnet sitt språk. Det er ei styrke om dei les dette heime på morsmålet.

Barna er svært glade i å sjå i og «lese» bøker, og vi har plassert bokhylla slik at bøkene er tilgjengelege for barna når dei ynskjer det. Vi har laga «bok» med bileter av barna på avdelinga. Når barna blar i denne, gjenforteller dei ulike leikar og aktivitetar. Dei får sette ord på bileta ut frå sine føresetnader. Bileter med namn av alle barna i gruppa er plassert på veggane. Vi har store myldrebileter av barna. Desse stimulerer til å studere, leite, sette ord på og fortelje om det ein ser. På veggane heng det også ulike songar som inspirerer til språkleg aktivitet/ språkleik. Vi les, syng, fortel og brukar rim og regler for og saman med barna gjennom heile dagen,.

Storbarnsavdelingane 3-6 år,.språk som er representerte: Arabisk, italiensk, russisk, gresk, spansk og norsk.

Vi vil synleggjere kulturelt og språkleg mangfald på avdelingane SYNLEGGJERING Flagga til dei nasjonane som er representerte heng synleg på avdelingane. Også handtrykka er med på å synleggjere mangfaldet

Tema denne hausten har vore synleggjering av det fleirkulturelle. Musikk, dans og fortellingar på morsmål som er representert på avdelinga. Dette er med på å utvikle stoltheit og positiv identitetsutvikling og at barn med fleirspråkleg bakgrunn blir anerkjente og får positiv identitetsutvikling.

Eksempel på konkretisering og synleggjering av temaet

God morgon på norsk, russisk, gresk og arabisk

Verdskart der vi finn ut kvar landet som barnet kjem ifrå er, markerer det med flagget.

Biletbok og DVD på arabisk

På handletur: «Heimelaga» spel der barna lærer kva ulike matvarer heiter på norsk.

Erfaringar so langt: Barn blir fort interessert i det vi vaksne setter fokus på. Det er vårt ansvar å omfamne og synleggjere mangfaldet i barnegruppa på ein positiv måte. Viktig med haldningar og verdiar for å at arbeidet med mangfald skal blir ein naturleg del av kvardagen og ikkje eit prosjekt ved sidan av. Det kan vere vanskeleg å få bidrag frå foreldre. Dei er positive til å bidra, men kan ofte gløyme det vi vart einige om også vil ein ikkje mase om det same mange gongar. Dette vil vi gjere meir av: Vi vil utforske ulike språk å lære nye ord. Bruke musikk, fysisk aktivitet, leik og forming. Skape seg rutine på å få god informasjon om kultur og tradisjonar for nye barn ved oppstart. Lage seg årshjul for merkedagar.

Kommunikasjonen Både på avdelingsmøte og personalmøte har vi brukt IGP-refleksjon som metode for at alle først får tenke kva dei vil lære individuelt, refleksjon i gruppe og presentasjon i plenum. Alle i personalgruppa har lese «Mangfold og fellesskap i barnehagen et ressursperspektiv» frå temaheftet om språklig og kulturelt mangfold. Somme har lest «Lær meg norsk før skolestart» (M. Sandvik og M. Spurkeland). Somme har gått på kurs i arabisk og russisk på kveldstid arr. Av bebuarar ved Volda statlege mottak. Konkret utprøving. Skrifteleggjering av plan. Det har auka kompetansen og interessa for temaet til alle i personalgruppa.

Destinasjonen Heile personalgruppa deltek i utviklingsarbeidet. Alle viser interesse for arbeidet og oppsøker sjølv kunnskapskjelder som til dømes biblioteket, internett og språkkurs for å lære meir. Pedagogisk leiar har ansvar for skriftleggjering og progresjon i arbeidet. Leiargruppa har ansvar for oppfylgjing og evaluering undervegs. Vi har fått gode tilbakemeldingar både frå etnisk norske foreldre og frå fleirspråklege foreldre om utviklingsarbeidet. Den største utfordringa er fortsatt å få eit nærare samarbeid med alle foreldre i ei setting der vi ikkje har felles verbalspråk.

Andre hjelpemiddel vi brukar i arbeidet med fleirspråklege barn si språkutvikling Språkkista og andre appar på ipaden, Internett/youtube Ulike lotto og memorispel Eventyrbroen