TELEMARK FYLKESKOMMUNE SAKSFRAMLEGG BYPAKKE GRENLAND Godkjent av: Rolf Helge Grønås Arkivsaksnr.: 10/2655 Arkivkode: Q00 Saksbehandlar: Birgitte Hellstrøm Behandling i: Fylkesutvalet Fylkestinget Forslag til tilråding frå fylkesrådmannen Telemark fylkeskommune viser til høyringsuttale til konseptvaltutredning for Grenland, og legg denne til grunn for vidare arbeid med Bypakke Grenland Utbygginga av vegstrekningar og andre tiltak som vist i fase 1 i konseptvalutredninga (inklusiv strekninga Rv 36 Skyggestein-Skjelbredstrand) skal starte så raskt som mogleg. Framtidig fase 2 tas opp til handsaming etter at fase 1 er komme godt i gang Telemark fylkeskommune ber Statens Vegvesen om at det snarast blir sett i gang arbeid med ein mulighetsstudie for finansiering som har som overordna målsetting at finansieringa blir gjort ved mest mogleg rettferdig belastning i henhold til trafikk/ miljøforbedringar og trafikktryggleikstiltak. Mulighetsstudien skal innehalde ein vurdering av bruk av differensierte bompengesatsar som trafikkregulerande verkemiddel Det skal opprettast eit finansieringsselskap så snart det er hensiktsmessig for å sikre ei raskast mogleg framdrift. Problemstillinga i få ord Fylkesdelplan for infrastruktur i Grenland gir rammer for vidare utvikling av hovudvegnett, kollektivtrafikk, senterstruktur og arealutvikling i byområdet. Med bakgrunn i infrastrukturplanen og ein mulighetsstudie gjorde Porsgrunn, Skien og Bamble kommunar og Telemark fylkeskommune i 2007 prinsipielle vedtak om bompengefinansering i Grenland (vegpakke Grenland) for å kunne gjennomføre tiltak. Konseptvalutredninga for Grenland frå 2010 har kvalitetssikra konseptet og tiltaka i infrastrukturplanen, og gitt ei anbefaling til eit nytt samla konsept som løyser utfordringane. Konseptet et delt inn i 3 fasar som lar seg finansiere ved bruk av bompengar (alternativ finansiering). Det vises ellers til saksframlegg om høyringsuttale til KVU Grenland.
Denne saka tar for seg gjennomføring av ei bypakke for Grenland. Saksopplysningar Samarbeid om areal, transport og klima i Grenland Bystrategi Grenland er det regionale samarbeidet om areal, transport og klima. Samarbeidet omfattar kommunane Porsgrunn, Skien, Bamble og Siljan, i tillegg til Telemark fylkeskommune, Statens vegvesen og Jernbaneverket. Grenland deltar også i Framtidas byar, som er eit samarbeidsprogram mellom staten og dei 13 største byene i Noreg for å utvikle byområde med lågast mogleg klimagassutslipp og godt bymiljø. Porsgrunn og Skien kommune har skrive Framtidas byer-avtale med Staten. Areal- og transport er eit av 4 satsingsområde i Framtidas byer, og Bystrategi Grenland samarbeidet er den lokale arenaen kor dette temaet koordinerast. Byområde i Grenland deltar i statens belønningsordning for betre kollektivtrafikk og redusert biltrafikk, som også er eit av statens sentrale økonomiske verkemiddel i Framtidas byerprogrammet. Grenland søkte om en 4-årig avtale og ca 270 millionar frå 2010, men nådde ikkje opp i konkurranse med dei andre storbyane, og fekk kun tildelt 10 millionar for 2010. Ein 4-årig avtale vil gi store økonomiske bidrag til drift av kollektivtrafikk og andre tiltak for miljøvenleg transport. Alternativ finansiering - Utdrag frå nasjonal transport plan (NTP 2010-2019) Selv med økte statlige økonomiske rammer har det lokale ønsket og viljen til å ta i bruk bompenger for å få realisert prosjekter tidligere økt. For å få forsert utbyggingen av riksvegnettet, kollektivinfrastrukturen og styrket drift av kollektivtransporten, legges det opp til å utnytte en stor del av bompengepotensialet som finnes, der det er lokalpolitisk vilje til det. Det innebærer en høy bompengeandel der potensialet er stort. Bypakke Ei bypakke er ei delvis bompengefinansiert tiltakspakke i eit nærmare definert byområde der også midlar frå staten og lokale myndigheiter inngår altså et spleiselag for å finansiere ulike tiltak/prosjekt. Tiltak vil vere investeringar i for eksempel veg, miljøtiltak og kollektivtransport. Det kan også brukast bompengar til å finansiere driftstiltak for kollektivtransporten. I følgje Samferdselsdepartementet bør tiltaka/ prosjekta som skal gjennomførast i ei bypakke ikkje vere førehandsdefinerte men framkomme som eit resultat av ei målretta porteføljestyring. Det skal også rapporterast på måloppnåing. Når det gjeld bypakker er staten spesielt opptatt av målsettingar for trafikkutvikling og byutvikling. Målsettingane for pakka skal baserast på kva som er behovet, og bypakkene bør derfor bli sett saman på en slik måte at det er mogleg å justere innsatsen over tid. Dei aller første tiltaka som planleggast gjennomført må likevel ha komme så langt at de kan iverksettast ved oppstart av innkrevjing. Bypakker kan planleggast i fleire fasar, men Stortinget må godkjenne søknad før igangsetting av kvar fase (tilsvarande behandling ved eventuelle endringar - t.d. utviding med nye vegstrekningar/tiltak, kostnadsauker eller endringar i finansierings/takstopplegget.) Krav til bypakker: Side 2 av 6
Verkemidla skal sjåast i samanheng, dvs en samla areal- og transportplan m/bruk av lokale verkemiddel Klare mål og krav til kva som skal oppnås Satsing på kollektivtiltak, gange og sykkel skal vere ein vesentleg del av pakka I samsvar med nasjonale mål Reduksjon av klimagassutslipp frå transport som sentralt premiss Anbefalt konsept i KVU Grenland Det vises til saksframlegg og høyringsuttale til konseptvalutredning for Grenland. Det anbefalte konseptet har en anslått totalsum på 4 mrd. kr. Denne summen overskrider det som er mulig å dekke inn med bompengeinnkreving i løpet av ein innkrevingsperiode (15 år). Derfor er konseptet delt inn i fasar som lar seg finansiere ved bompengar. Faseinndelinga prioriterer å løyse de viktigaste utfordringane først. Dette kan illustrerast som vist i figuren Bypakke Grenland fase 1. Bypakke Grenland Fase 1 Rv 36 Skyggestein Skjelbredstrand Fv 32 Lilleelvgata Hovenga Felles parkeringsordning Satsing på kollektiv G/s-veier Attraktivt og levende sentrum Illustrasjon: Lampe Landskap Side 3 av 6
Gjennomføringsalternativ Med utgangspunkt i anbefalinga i KVU Grenland er det vurdert 3 alternative grep: 1. Samla bypakke (i tråd med KVU) Variant a: Fase 1 fremmast for Stortinget først Variant b: Fase 1 og 2 fremmast samla 2. Bypakke med Rv 36 Skyggestein Skjelbredsstrand som parallelt prosjekt ved Variant a: Eige bompengeprosjekt Variant b: Del av bompengeselskapet som finansierer utbygging langs E134/rv 36 3. Finansiering kun av enkelte vegstrekningar (landevegsprosjekt) En vurdering av dei alternative grepa er gjengitt i trykt vedlegg 2 Mulighetsstudie og bompengeutredning Ein mulighetsstudie kartlegger samanheng mellom prosjektkostnader, bomplasseringar, trafikkgrunnlag og takstar, for å gi svar på kva for realistiske muligheiter som finnes for brukarfinansiering av tiltak. I Grenland kan den basere seg på tidligare mulighetsstudie og etablerte trafikkmodellar frå KVU-arbeidet. Ei bompengeutredning baserar seg på mulighetsstudien og kostnadsoverslag, og avklarar finansieringsopplegg. Den er grunnlag for bompengesøknad til Stortinget. Eit bompengeprosjekt skal normalt ha godkjent reguleringsplan og et kostnadsanslag på ± 10 % før prosjektet blir godkjent. For bypakker som omfattar fleire delprosjekt kan kravet til plangrunnlag fravikes, og Stortinget setter i slike tilfeller gjerne eiøvre økonomisk ramme. Prosess: Tiltak utarbeide mulighetsstudie Utarbeide mulighetsstudie mulighetsstudie Utarbeide bompengeutredning bompengeutredning Behandle bompengeutredning (st.prop) Stortingsprop. Ansvar Lokalt SVV Lokalt SVV Lokalt Vegdir/ S.dep Stortinget Bompengeinnkreving I byområde er det viktig med såkalte tette bomsnitt for å hindre trafikklekkasje som erfaringsmessig kan oppstå. Store mengder trafikk på uegna veger og gater vil gi trafikktryggleiksproblemer, store barrierar, støy, dårlig bo- og bymiljø etc. Utan tette snitt vil i tillegg inntektspotensialet svekkast. Korleis en skal få til et tett bomsnitt i Grenland må vurderast nærmare i en mulighetsstudie. Takstretningslinjene opnar for takstregimer med rabattar, timesregler (gratis passering av et eller fleire snitt innan en time), passeringstak, tidsdifferensierte takstar m.m. Forslag til takstnivå m.m. blir gjort i mulighetsstudien, og det endelige forslaget blir i forbindelse med bompengeproposisjonen. Vurderingane baserer seg på moderne innkrevingsteknologi og erfaringar til innkrevingssystem inkludert kor praktiserbare dei ulike takst- og rabattsystema er. Bompengeprosjekt delast inn i to hovudgrupper: Landevegsprosjekt: Etterskuddsinnkreving og eit eller fleire betalingspunkt i umiddelbar nærleik til prosjektet som finansierast. Først byggast vegen og så startar ein innkrevjing. Side 4 av 6
Vil kunne føresette tiltak/stenging på mulige omkjøringsvegar. Bypakker/bompengeringar: Høve til til parallellinnkreving. Eit tett bomsnitt rundt eit byområde med innkrevjing frå bilistane som trafikkerer snittet. Parallellinnkreving startar samtidig med utbygginga. Bomselskap Rolla til eit bompengeselskap er å sørge for finansiering av bompengeprosjekt ved å skaffe lån til lågast mulig rente, betale lån i tråd med rekvisisjonsplan og sikre innkrevjing ved å inngå og fjølge opp driftsavtaler med driftsselskap (driftsselskapet driver sjølve innkrevjinga ved utstyr og fakturering) For et bompengeselskap skal det etablerast egne styrer med tilhørande vedtekter. I Telemark er det nylig oppretta et bompengeselskap for E134/Rv 36. I forbindelse med den saken blei det vurdert ulike alternativ for etablering av bompengeselskap i fylket. Med bakgrunn i både juridiske føresetnader og ønske om rask framdrift, ble det valt en strategi kor en nyttar seg av fleire bompengeselskap knytt til ulike prosjekt fordelt over fylket. For selskapet E134/Rv 36 ble det vedtatt at Telemark skulle bruke et etablert administrasjonsselskap for bompengeselskap i fylket (Vegfinans AS) for å sikre mest mulig effektiv drift. Erfaringane så langt i den prosessen kan nyttast i en eventuell etablering av et bompengeselskap for å gjennomføre Bypakke Grenland. Fylkesrådmannens vurdering Rådmannen viser til saksframlegg om høyringsuttale til konseptvaltutredning for Grenland, og anbefaler at denne leggast til grunn for det vidare arbeidet med Bypakke Grenland. For å få til ei raskast moglrg gjennomføring av prioriterte tiltak anbefaler rådmannen å utnytte potensialet ved alternativ finansiering som finnes i byområdet i Grenland. Med bakgrunn i signal og erfaringar frå andre stader er sannsynlige føresetnader for positiv handsaming av bompengesøknad frå Grenland følgjande: Kvalitetssikringa av Konseptvalutredninga (KS1) må være handsama i Regjeringa Føringane frå Regjeringa og KS1 må være følgt opp i bypakka Lokal semje om mål og prioriteringar Ferdige reguleringsplanar for en stor andel av de tiltaka (det som prioriterast sterkast) En samla bypakke i tråd med KVU, kor fase 1 fremmast for Stortinget først (Alternativ 1- variant a) vil kunne imøtekomme både ei rask framdrift i tilegg til statens forventingar til ei bypakke for Grenland. Dette er nærmare gjort greie for i tabellen Bypakke Grenland fase 1 - Milepæler i gjennomføringa, trykt vedlegg 1). Dette føresett tilstrekkelig med ressursar til å fjølge opp arbeidet, optimale og parallelle prosesser og semje mellom aktørane i Grenland. Samtidig vil det krevje eit sterkt påtrykk overfor Staten for å sikre framdrifta. Det har i denne prosessen stor betydning at Grenland er einig i Statens anbefalingar og krav for å sikre rask gjennomføring. Alternativ 1 er også totalt sett meir økonomisk gunstig sidan det er parallellinnkreving på alle tiltaka. Når det gjeld bypakker er staten opptatt av målsettingar både for trafikkutvikling og byutvikling, at verkemidla skal bli sett i samanheng og kan justerast undervegs. Bypakke Grenland bør derfor i første omgang basere seg på tiltak som er komme så langt i planlegginga Side 5 av 6
at de kan iverksettast ved oppstart av innkrevjing, og slik at det er mulig å vurdere ytterligare behov når effekten av de første tiltaka er vurdert i forhold til måloppnåing. Med bakgrunn i dette anbefaler rådmannen at fase 1 startar så raskt som mulig, og at framtidig fase 2 tas opp til handsaming etter at fase 1 er komme godt i gang Første ledd i prosessen mot en godkjent bompengesøknad til Stortinget, som er ein føresetnad for å utnytte alternativ finansiering, er å utarbeide ein mulighetsstudie. Rådmannen anbefaler derfor at dette arbeidet blir sett i gang umiddelbart. Det anbefalast at mulighetsstudien også vurderer korleis belastninga for innbyggarane kan bli gjort mest mulig rettferdig i henhold til tiltaka som skal gjennomførast. Ein 4-årig avtale i belønningsordninga vil gi store økonomiske bidrag til drift av kollektivtrafikk og andre tiltak for miljøvennlig transport, og sørge for raskare igangsetting av mange av dei prioriterte grøne tiltaka i bypakke Grenland. Det anbefalast å søke på nytt om ein slik avtale i 2011. Retningslinjene for belønningssøknaden i 2010 tildelinga som ble foretatt frå Statens side kan tolkast slik at det er avgjerande å ha lokale prinsippvedtak om veg/køprising eller differensierte bompengesatsar for kunne oppnå en 4-årig avtale. I henhold til foreslått forskrift kan ikkje køprising nyttast samtidig med bompengar i et byområde. Differensierte bompengetakstar er derfor virkemiddelet som i denne samanhengen må nyttast for å regulere trafikken i Grenland. Rådmannen anbefaler at mulighetsstudien skal innehalde ei vurdering av bruk av differensierte bompengesatsar for å avklare kva for effekt dette vil ha for måloppnåinga. Det er behov for å opprette et selskap for å forberede finansiering og etter kvart administrere innkrevjing av bompengar i Grenland, sjå vedlegg 1. Rådmannen anbefaler at erfaringane frå tilsvarande ordningar i Telemark nyttast og at det opprettast eit finansieringsselskap så snart det er hensiktsmessig for å sikre en raskast mogleg framdrift. Vedlegg: Bypakke Grenland fase 1 milepæler i gjennomføringa Vurdering av alternative grep for gjennomføring Side 6 av 6