Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet 17.10.2016 058/16 MF Kommunestyret 26.10.2016 107/16 MF Saksansvarleg: Maria Fremmerlid Arkiv: K2-L00 Arkivnr.: 15/548 GODKJENNING AV KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2016-2019 Vedlagde dokument: Forslag til planstrategi Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: LOV-2015-09-04-89 Lov om planlegging og byggesaksbehandling. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2015-2019. Saksgang: Formannskapet innstiller til kommunestyret som fattar endeleg vedtak. Det kan ikkje klagast på vedtaket. Bakgrunn for saka: Kommunal planstrategi var eit nytt verktøy etter førre kommuneval. Føremålet er å klargjere kva for planoppgåver kommunen bør starte opp, eller vidareføre, for å legge til rette for ynskja utvikling i kommunen. PBL 10-1: 10-1. Kommunal planstrategi Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden. Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling. Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer. Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves.
Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slås sammen med og være del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11. Planstrategien har ingen rettsverknad, og er ikkje formelt sett bindande for kommune. Strategien kan reviderast når som helst i valperioden. Forslaget til planstrategi blei lagt ut til offentleg ettersyn i kommunestyret sitt møte den 22.6.2016. Høyringa blei annonsert i avis, på heimesida til kommunen, og sendt til nabokommunar og regionale etatar. Frist for å kome med innspel blei grunna ferien satt til 12.8.2016. Vurdering: Det har kome fire innspel innan fristen. Tre frå regionale etatar og eit frå Hjartdal bondelag. Det har òg kome eit innspel etter fristen etter ein interpellasjon i kommunestyret. Generelt om temaplaner Det er kome ynskjer om ein rekke ulike temaplanar. Det er naturleg at fagetatar og sektorar ynskjer ein eigen plan for sitt ansvarsområde. Rådmannen gjorde i samband med høyringa greie for det primært er ynskjeleg med ein samfunnsdel om omfattar fleire av desse temaplanane. Utarbeiding av temaplanar tar mykje tid og ressursar, men rådmannen meiner òg det er viktig at ein ser tiltak og økonomi i samanheng. Ein temaplan kan lett bli noko ambisiøs sett i høve til økonomiplanen sine rammar. Det er viktig at dei planane vi har blir bruka, og at det er ressursar til tiltaka. Rådmannen sitt råd er difor framleis at samfunnsdelen skal omfatte fleire av dei temaplanane som det har kome ynskjer om i høyringa. Samfunnsdelen blir rullert no, og for at den på ein god måte skal dekke dei ulike temaplanane, vil det vere naudsynt med eit godt opplegg for medverknad. Det er planlagt tre temamøte i oktober, bl.a. om næring. Dersom det skulle dukke opp gode tilskotsordningar til utarbeiding av ulike temaplanar vil rådmannen vurdere dette på ny, og ev. revidere planstrategien. Innspel frå Fylkesmannen i Telemark: 1. Peiker på at planstrategien kan vere ein arena for å avklare om det er planoppgåver som kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid. Resultatet av kommunereforma vil kunne skape trong for ny planlegging. 2. Fylkesmannen er samd i kommunen si prioritering om å berre revidere samfunnsdelen. Fylkesmannen ynskjer at arbeidet med kommunedelplan for Nordbyga blir prioritert. 3. Fylkesmannen ynskjer ein landbruksplan, og minner om brev frå landbruksministeren om sterkare føringar når det gjeld å ta vare på viktig jordbruksareal. 4. Kommunen bør har ein klima- og energiplan, ev. som ein del av kommuneplanen sin samfunnsdel. 5. Peiker på kommunen sine utfordringar innan samfunnstryggleik. ROS-analysa kan utarbeidast som ein kommunedelplan. Beredskapsplanen skal ha grunnlag i ROS-analysa, og kan utarbeidast som ein handlingsdel til kommunedelplanen. Det kan gjerne lagast ein eigen klima-ros som eit supplement til den heilskaplege ROS-analysa. 6. I planstrategien blir det referert til Folkehelseinstituttets kommunehelseprofil, jamfør forskrift om oversikt over folkehelsa, skal kommunen utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som skal ligge føre ved oppstart av arbeidet med kommunens planstrategi. Har kommunen dette dokumentet? 1. Som nemnt vil kommunen revidere planstrategien ved ein ev. kommunesamanslåing for å imøtekome nye planbehov. Hjartdal kommune tek del i fleire interkommunale samarbeid
i Kongsbergregionen. Her er det fleire oppgåver det blir samarbeida om, bland anna felles digitaliseringsstrategi, felles arkivløysing og felles malar innan plan og byggjesak. Rådmannen meiner dette ikkje er naudsynt å ha med i planstrategien, men vil ha fokus på dei planane kommunen rår over sjølv i planstrategien. 2. Arbeidet med samfunnsdelen er godt i gong. Kommunedelplan for Nordbyga er satt opp i 2017, truleg i andre halvdel av året. 3. Sjå kommentar til Hjartdal bondelag og generelt om temaplanar. 4. Sjå generelt om temaplanar, klima- og energiplan skal inngå i samfunnsdelen. 5. Kommunen planlegg ikkje å utarbeidet ROS-analysa som ein kommunedelplan. Den overordna beredskapsplanen er vedtatt i 2015, og skal rullerast i 2019. Den strategiske delen blir rullert kvart år. 6. Kommunen har folkehelsestatistikk/oversikt utarbeida i samarbeid med Telemark fylkeskommune, UNG-data, samt eit kunnskapsgrunnlag utarbeida til samfunnsdelen. Innspel frå Telemark fylkeskommune: 1. Nøgd med planstrategien og korleis dei nasjonale forventningane er knytt til dei lokale utfordringane. 2. Utfasing av sosiale forskjellar er ein viktig utfordring både i Hjartdal og Telemark. 3. Saknar at kulturminne har ein meir framtredande plass i planstrategien, fylkeskommunen tilbyr dialog og råd kring ein kommunedelplan i Nordbyga. Korleis kan kommunen i sine planar sørgje for eit berekraftig vern av den rike kulturarven i kommunen? Og korleis kan kulturminne nyttast til verdiskaping? 4. Ynskjer ein eigen kulturminneplan, ev. saman med nabokommunar som kan tydeliggjere korleis kommunen skal forvalte sitt ansvar i plansaker osv. 5. Kartlegging og verdsetting av friluftslivområde i kommunen bør prioriterast. 6. Kommunen skal vedta målsettingar for utvikling av bestandane av elg, hjort og rådyr. Det er viktig at slike planar ikkje er statiske, men får same rulleringsregime som andre kommunale planar etter plan- og bygningslova. 1. Vert tatt til orientering. 2. Vert tatt til orientering 3. Kommunedelplan for Nordbygda er ført opp i 2017, kommunen vil be om eit planforum i samband med oppstart. 4. Sjå generelt om temaplanar. 5. Rådmannen meiner at dei avgrensa ressursane kommunen har til desse føremåla er betre å nytte til utvikling og vedlikehald av eksisterande/nye anlegg, framfør kartlegging og verdsetting. Kommunen har god oversikt og er heller ikkje pressa på areal. 6. Kommunale målsettingar er vedtatt i 2016, og vil bli rullert etter 3 år. Rådmannen meiner dette dokumentet ikkje høyrer heime i planstrategien. Innspel frå Statens vegvesen: 1. Ingen merknader. Kommentar: Vert tatt til orientering Innspel frå Hjartdal bondelag: 1. Ynskjer at kommunen utarbeidar ein næringsplan/landbruksplan. Landbruksressursane er særdeles viktig for å ta vare på og utvikle næringslivet i kommunen. Hjartdal kommune er av dei kommunane i Telemark der landbruk på deltid/heiltid tyder mest for sysselsettinga. Dertil kjem at næringar i kommunen i stor grad er avhengig av landbruks-
og naturressursar. Ikkje minst for reiseliv- og hyttenæringa er det viktig med eit levande lokalsamfunn. Ein stor del av innbyggarane i kommunen er busett på eit gardsbruk, klart mest i fylket, noko som gjev mogleghetar næringsmessig. Dei fleste kommunane i fylket har næringsplan/landbruksplan, og Hjartdal bondelag ynskjer ei sterkare næringssatsing frå kommunen si side, då trengs ein nærings-/landbruksplan. Rådmannen er samd i at landbruksressursane er særs viktig for næringslivet og utviklinga av kommunen, og at landbruket og næringa elles er så nært knytt saman i kommunen at dei bør sjåast i samanheng, og ikkje kvar for seg. Trongen for ein eigen næringsplan/landbruksplan blei drøfta i førre saksframlegg, og politikarane valde å ikkje prioritere ein slik plan. Rådmannen vil difor ikkje foreslå dette no heller, og tema landbruk/næring vil inngå i samfunndelen. Det blir viktig å leggje til rette for godt samarbeid og medverknad med næringane i kommunen ved utarbeidinga av denne. Innspel og justeringar frå administrasjonen: 1. Behov for mindre endring av føresegnene til kommuneplanen. Ny plan og bygningslov, samt behov for fleire mindre endringar og presiseringar av føresegnene har gjort det naudsynt med ein mindre endring. Tidspunkt: 2017. 2. Utsette trafikktryggleikplanen eit år til 2017, neste rullering i 2020. 3. Rullering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i 2017. 4. Vedtak av samfunnsdelen er noko forsinka og utsett til 2017. 5. Mindre endring av planer for bustadfelt utsett eit år grunna mange store planoppgåver i 2017 6. Rammeplan for avlaup Breivatn er utsett til 2018, dette er i samsvar med tiltaksark til budsjettet. Innspel frå Audun Dølen Ap: 1. Ynskjer ein plan for å endre føremål frå massedeponi til industri/næring i Lonar. Dersom Statens vegvesen si tilråding om ein framtidig aust-vest forbinding via Rauland blir vald, ligg Hjartdal strategisk plassert med tanke på utviding av eksisterande og framtidig næringsliv. Infrastrukturen på staden er bra, og eit næringsområde her vil ikkje råke matjord. Føremålet med reguleringsplan for Moen massedeponi er å leggje til rette for eit felles massedeponi for vegprosjektet E134 Århus - Gvammen og Sauland kraftverk. Så langt er det ikkje klart når arbeidet med Sauland kraftverk vil starte opp. Endeleg trasé for E134 er heller ikkje avklart. Rådmannen meiner det er noko tidleg å starte med ein omregulering av dette arealet no, all den tid framdrifta til arbeidet med Sauland kraftverk er usikker, og detaljane kring endeleg trasé for ny E134 ikkje er avklart. Rådmannen vil anbefale at omregulering av massedeponiet blir vurdert ved neste rullering av kommuneplanen sin arealdel. I 2017 er det fleire store planoppgåver i planstrategien. Det gjeld samfunnsdelen til kommunedelplanen som skal vedtakast, ferdigstilling av kommunedelplan for sti og løyper og områdeplan for Sauland sentrum. Det er òg planlagt oppstart av kommunedelplan for Nordbygda. Dette arbeidet vil truleg starte mot slutten av året, rådmannen meiner det er viktig å lande nokre av dei andre stor planoppgåvene før ein tar fatt på ein ny kommunedelplan. Desse planoppgåvene medfører at rådmannen foreslår å utsette oppstart av arbeid med rammeplan for avlaup ved Breivatn til 2018.
RÅDMANNEN TILRÅR: I medhald av plan- og bygningslova 10-1 vedtek Hjartdal kommune kommunal planstrategi for 2016-2019 slik den ligg føre. Saksordførar: 17.10.2016 Formannskapet VOTERING: Rådmannen si tilråding blei samrøystes vedteke FOR-058/16 TILRÅDING: I medhald av plan- og bygningslova 10-1 vedtek Hjartdal kommune kommunal planstrategi for 2016-2019 slik den ligg føre. Saksordførar: Bengt Halvard Odden 26.10.2016 Kommunestyret HANDSAMING: Audun Dølen/Joar Lofthus fremma følgjande forslag: Eit arbeid med oppstart av plan for endring av føremål frå massedeponi til industri/næring i Lonar blir tatt inn i arbeidet med kommunal planstrategi 2016-2019. Ordførar heva møtet for gruppemøte. Audun Dølen trekte sitt forslag. Audun Dølen/Joar Lofthus fremma følgjande forslag: Kommunestyret vedtar å legge forslag til planstrategi 2016-2019 ut på ny høyring i medhald av Pbl 11-14 med følgjande endring: Reguleringsplanar; Moen massedeponi: Endring til industri/næringsformål med oppstart i 2019. VOTERING: Formannskapet si tilråding blei sett opp mot forslaget frå Dølen/Lofthus. Formannskapet si tilråding falt med 1 mot 16 stemmer. KOM-107/16 VEDTAK: Kommunestyret vedtar å legge forslag til planstrategi 2016-2019 ut på ny høyring i medhald av Pbl 11-14 med følgjande endring: Reguleringsplanar; Moen massedeponi: Endring til industri/næringsformål med oppstart i 2019.