Arkiv: 20150001 Arkivsaksnr: 2015/31-8 Saksbehandlar: Håvard Stensønes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 55/16 06.10.2016 Vedlegg 1 Plankart Solbakken hyttetun 7.5.15 2 Planbeskrivelse, planbestemmelsar, ROS Solbakken hyttetun, 9.5.2016 3 Skredvurdering 4 Avtale vedr. infrastruktur 5 Innspel oppstart Solbakken hyttetun 6 Protokoll oppstartskonferanse Saksopplysningar Planforslaget Forslag til detaljregulering for Solbakken hyttetun er mottatt frå Plankontoret på Berkåk. Planforslaget som foreligg til består av: - Plankart i målestokk 1:1000, datert 7.5.2016. - Planomtale med planbestemmelsar datert 9.5.2016 - Skredvurdering datert 12.4.2016 1
Hensikt med regulering Hensikta med reguleringsplana er å tilrettelegge for to nye hyttetomter og eit område for naust. Eigedomsforhold Heimelshaver i området er Anne Lise Børve 90/28 og Øyvind Bergsrønning/Kjetil Bøe 90/26
Forhold til overordna planer Området er vist til hytteformål (H25) i gjeldande kommuneplan frå 2007. Gjeldande reguleringsplan Området er ikkje regulert. Innkomne merknader til planoppstart Planaoppstart var varsla i henhold til plan- og bygningsloven sine bestemmelsar, med brev til berørte partar. Det kom inn totalt 4 uttalar. Desse følger som vedlegg til saka. Hovedtrekka i merknadene er referert nedanfor. Uttale frå Statens vegvesen, datert 26.1.2015 Ingen merknader Uttale frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 23.1.2015 Har ingen merknader. Føreset at det blir utarbeidd ei ROS-analyse. Forslagsstillers kommentar: ROS-analyse følger planen. Rådmannens kommentar: Innspelet er tilstrekkelig kommentert av forslagsstillar. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 30.11.2015 og 5.2.2015. Stiller ikkje krav til arkeologisk registrering, men ber om å bli kontakta når gravearbeidet startar slik at dei har moglegheit til å overflateregistrere planområdet og grave manuelle prøvestikk i utvalgte område.. Uttale frå NVE, datert 28.1.2015 Viser til at området er kartlagt som adsomhetsmoråde for snø- og steinsprang. Anbefaler at det blir gjennomført en skredfaglig vurdering av tiltaket. Forslagsstillers kommentar: Det var gjort skredvurdering som følger saka. Området er ikkje skredutsatt. Rådmannens kommentar: Innspelet er tilstrekkeleg kommentert av forslagsstillar.
Vurdering Byggeplanene Den nye reguleringsplana åpnar for 2 nye hyttetomter. Rådmannen ser positivt på valgt planløysing, men det hadde vore ein fordel om heile byggeområdet avsatt til fritidsformål no vart regulert. Plana viser ein felles avkjørsel til begge tomtene. Plana er i tråd med det som var avtalt i forhåndskonferansen. Innkomne merknader Merknadene er innarbeida i planforslaget. Barn og unge sine interesser Plana blir vurdert til å berøre barn og unge sine interesser i liten grad. Infrastruktur Det går fylkesveg forbi området. Avkjørselstillatelse er gitt. Konsekvensutredning Planforslaget er vurdert i henhold til plan- og bygningslovens kapittel VII «Konsekvensutredninger», med tilhørande forskrift. Tiltaket fell ikkje inn under forskrifta sine oppfangskriterier og skal derfor ikkje konsekvensutredes. Det er gjennomført skredvurdering for området som konkluderer med at området ikkje er utsett for skred eller steinsprang. Rapporten følger som vedlegg til saka. Naturmangfoldsloven I forhold til Nml 8 (kunnskapsgrunnlaget): - Saka er vurdert i forhold til opplysningar som ligg i Naturbasen. Det er ingen registeringar innafor vegtraseen eller i tomteområdet. - Artsdatabanken viser ingen registreringar av trua eller sårbare artar innafor dekningsområdet. I forhold til Nml 9 (føre-var-prinsippet): Der det er tvil om kunnskapsgrunnlaget bør tiltak avslåast. Kommunen har vurdert kunnskapsgrunnlaget i denne saka til å vere godt nok i forhold til å fatte vedtak. I forhold til Nml 10 (økosystemtilnærming og samlet belastning): Nml 10 seier at påverknad av eit økosystem skal vurderast ut frå den samla påverknaden. Planområdet er lite og vil etter kommunens vurdering ikkje føre til negativ påverknad på økosystemet. I forhold til Nml 11 (kostnaden ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshavar): Nml 11 legg kostnadane for å avgrense negativ påverknad tiltaket volder, til den som er ansvarleg for tiltaket. Kommunen vurderer omsøkt tiltak slik at det ikkje vil bli sett krav om avbøtande tiltak.
Kulturminne/kulturmiljø Det er ingen kjente registreringar innanfor planområdet. Fylkeskommunen skal ha varsel før byggestart i området. Samla vurdering Rådmannen ser positivt på tiltaket og ber om at plana blir teke opp til utan endringar. Rådmannen si tilråding I medhald av plan- og bygningslova 12-10 blir reguleringsplan for Solbakken hyttefelt sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn Behandling i Hovedutval for teknikk, miljø og næring - 06.10.2016 Votering: Rådmannen si tilråding enstemmig vedteke. Hovedutval for teknikk, miljø og næring sitt vedtak: I medhald av plan- og bygningslova 12-10 blir reguleringsplan for Solbakken hyttefelt sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.