Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Formannskapet (FS) 17.08.2016 058/16 Kommunestyret (KS) Utval for Levekår (UFL) Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFF) Eldrerådet (ER) Arkiv: FE - 140 Arkivsaknr: 16/1042-3 Sakshandsamar:Jarle Kåre Oen Kommunal planstrategi 2016-2019 Kort om saka: Kommunestyret skal i hht 10-1 i plan og byggningslova vedta ein planstartegi ved inngangen til kvar valperiode og seinast i løpet av det første året. Planstrategien skal presisera kva for planar kommunestyret meiner skal utarbeidast/reviderast i ein fireårsperiode (valperioden). Administrasjonen har teke utgangspunkt i overordna føringar, siste vedtekne budsjett for 2016 og gjeldande kommuneplan. Samstundes er kommunestyret sitt vedtak om kommunesamanslåing den 20 juni 2016 ein viktig premiss for planstrategisaka. Dokument vedlagt saka: Dok.dato Tittel Dok.ID 30.06.2016 Nasjonal forventningar til kommunal plalegging m.m 15905 30.06.2016 Kommunal planstrategi og forholdet til kommunereforma 15906 (L)(255369) 30.06.2016 Utviklingsplan for Hordaland - h+ yringsforslag - 15907 Regional planstrategi 2016-2020 (L)(20752) 05.07.2016 Kommunal Planstrategi 2016-2019 16352 07.07.2016 Folkehelse - Sluttrapport - 06.11.15 (L)(279487) 16678 (L)(11721) 09.08.2016 planstrategi-og-kommunereform---asplan-notat-2---2015 17991 Aktuelle lover, føresegner, avtalar, planar: - Plan og bygningslova - Kommunelova - Forvaltningslova 1
- Offentleglova - Nasjonale føringar og forventningar, vedteke i kongeleg stadsråd 12. juni 2015 - Framlegg til planstrategi for Hordaland fylkeskommune, høyringsdokument - Vedtak om kommunesamaslåing og underskriven intensjonsavtale Saksopplysningar: Lovheimel Heimelen for kommunal planstrategi finn me i plan og bygningslova 10-1: «Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden. Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling. Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer. Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves. Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slås sammen med og være del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11.» Kommunestyret vedtok ny kommuneplan i 2014 med arealedel, føresegner og ROS-analyse samt samfunnsdel. Rådmannen har i denne saka avventa kommunestyret si handsaming av spørsmålet om kommunesamanslåing. Formannskapet vedtok i april at saka om kommunal planstrategi skulle handsamast etter sommarferien. No har Øygarden kommunestyre vedteke at kommunen skal slå seg samane med Fjell og Sund kommune og bli ein ny storkommune frå 1. januar 2020. Planstrategien slik han er utforma, har teke omsyn til dette. Nasjonale forventningar «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging», vedteke ved kongeleg resulosjon 12. juni 2015 skal leggast til grunn. Forventningsdokumentet er retningsgjevande for regional og kommunal planlegging. Rådmannen syner til dokumentet der det vert stilt ei rekkje forventningar til fylkeskommunen og kommunen (samla) innan ulike samfunnsområde. Regionale planføresetnader Fylkeskommunen har utarbeida eit framlegg til regional planstrategi som no (juli 2016) er sendt kommunane til høyring. (Kommunestyret vil få høve til å uttala seg i denne saka særskildt). Økonomiske konsekvensar: Slike konsekvensar vil framkoma i kvar einskild plan som vert utarbeidd, Miljøkonsekvensar: Slike konsekvensar vil framkoma i kvar einskild plan som vert utarbeidd
Folkehelseperspektiv: Kommunen sin folkehelserapport ligg til grunn for alt planarbeid. Vurdering og konklusjon: Det vert synt til «Utkast til planstrategi for Øygarden kommune 2016-2019» som ligg ved saka. Dette vert truleg den siste perioden det vert utarbeidd planstrategisak for Øygarden («gamle») kommune. I lys at kommunen går inn i den nye storkommunen frå 1. januar 2020, må nødvendigvis saka verta prega av dette. I planstrategisaka har rådmannen henta fleire demografiske tabellar frå Fjell kommune si tilsvarande sak og elles lagt seg på same disposisjons- og presentasjonsform. Tre år er kort tid, og det er begrensa kor mykje nytt kommunen får tid til å utgreia og gjera vedtak om. Røynslene syner at kompliserte planprosessar kan gå over fleire kommunestyreperiodar. Ein hovudkonklusjon i framlegget er såleis at kommunen får gjort ferdig og vedteke dei planar som har vore under utgreiing. Nokre prosessar har gått over lengre tid medan andre er relativt nyoppstarta. Planleggjing krev ressursar og fagkompetanse. Parallelt med at planbehova skal innfriast, er det for tida ein ekstraordinær stor aktivitet i kommunen for å få gjennomført vedtekne planar og ferdigstilt prosjekta. Samstundes skal ein ikkje planleggja meir enn det ein maktar å utføra. Det er dårleg bruk av både menneskelege og økonomiske ressursar. Det vert vidare lagt til grunn at kommunen må bruka betydlege ressursar i planlegginga og bygginga av den nye kommunen (saman med Fjell og Sund). Dette tilseier igjen at administrasjonen må «hushaldera» med bruken av personell, kompetanse og ressursar på ein effektiv og målretta måte i denne kommunestyreperioden. Rådmannen vurderer at det er mest teneleg at kommunen startar opp arbeidet med ny felles kommuneplan saman med Fjell og Sund når det ligg føre endeleg vedtak i Stortinget våren 2017 om (evnt.) kommunesamanslåing. Då vert den såkalla Fellesnemnda nedsett, og prosjektleiar (ny rådmann) vert tilsett. Det vert då opp til Fellesnemnda å handtera den vidare samla planprosessen i den nye kommunen og vidareføring av eksisterande planar. I punkt 7 i underskriven intensjonsavtale står det at tenestene skal vera på same nivå som i dag, eller betre, og gjeldande planar skal vidareførast (rådmannen si understrekning) Av viktige planar som bør «landa» dei næraste åra er: Kommunedelplan Rongøy Sentrumsplanen Rong Områdeplan Kjøpmannsvågen Områdeplan Kleppedalen Kommunedelplan bustadutvikling Kommundelplan kulturminne Ein omfattande levekårsplan er føreslege utsett til etter kommunesamanslåinga.
Det vert gjort framlegg om det skal gjennomførast ein forenkla revisjon av «Trafikksikringsplanen» og «Rusmiddelpolitisk handlingsplan». Det vert ikkje prioritert å rullera/revidera «Energi- og klimaplanen» og «Landbruksplanen» (interkommunal) i denne perioden. Dette vert grunngjeve med ressurssituasjon og at kommunen kan «leva» med desse planane fram til ein ny planperiode. Det er eit krav i 10-1 i plan- og bygningslova, 3. ledd at kommunestyret fattar vedtak om planen, eller delar av han, skal reviderast i planperioden. Sjå lovheimel i innleiinga av saka. Kommuneplanen vart vedteken i 2014. Rådmannen ser ikkje behov for å gjera dei store endringane her, men gjerne rullera samfunnsdelen med handlingsprogram knytt til budsjetthandsaminga for 2017 og dei komande åra fram til 2020. Rådmannen meiner «Utkast til planstrategi 2016-2019» talar for seg og vil ikkje kommentera innhaldet nærare. Framlegget er nøkternt og skal kunna gjennomførast fram mot 2020. Saka vert lagt fram med slik innstilling: Innstilling til vedtak: 1. Øygarden kommunestyre vedtek å ikkje revidera «Kommuneplan for Øygarden kommune 2014-2022» for denne perioden, jfr 10-1 plan- og bygningslova. Årlege rulleringar knytt budsjetthandsaminga vert gjennomført om naudsynt. 2. Øygarden kommunestyre vedtek å avventa oppstarten av arbeidet med ein ny felles kommuneplan for den nye kommunen til Stortinget har (evnt) fatta endeleg vedtak om samanslåing våren 2017. 3. Øygarden kommunestyre vedtek framlegg til «Planstrategi for Øygarden kommune 2016-2019» slik det ligg føre, jamfør 10-1 i plan- og bygningslova. Behandling i Formannskapet (FS) 17.08.2016: Fellesforslag frå formannskapet v/børge Haugetun (TVØ): Nytt pkt. 4. Øygarden kommunestyre vedtek å ikkje rullere/laga ny levekårsplan og bustadsosial handlingsplan. Ein ser det teneleg at desse planane vert rullert i samband med ny kommunestruktur. Innstillinga + nytt punkt 4 vart samrøystes tilrådd. Vedtak i Formannskapet (FS) - 058/16 1. Øygarden kommunestyre vedtek å ikkje revidera «Kommuneplan for Øygarden kommune 2014-2022» for denne perioden, jfr 10-1 plan- og bygningslova. Årlege rulleringar knytt budsjetthandsaminga vert gjennomført om naudsynt. 2. Øygarden kommunestyre vedtek å avventa oppstarten av arbeidet med ein ny felles kommuneplan for den nye kommunen til Stortinget har (evnt) fatta endeleg vedtak om samanslåing våren 2017.
3. Øygarden kommunestyre vedtek framlegg til «Planstrategi for Øygarden kommune 2016-2019» slik det ligg føre, jamfør 10-1 i plan- og bygningslova. 4. Øygarden kommunestyre vedtek å ikkje rullere/laga ny levekårsplan og bustadsosial handlingsplan. Ein ser det teneleg at desse planane vert rullert i samband med ny kommunestruktur. Siri Fahlvik Pettersen Rådmann Jarle Kåre Oen Sakshandsamar Dokumentet er elektronisk godkjent, og krev difor ingen signatur.