Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 025/16 Plan- og PS 14.06.2016 samfunnsutvalet 051/16 Bystyret PS 21.06.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Liliana Ramsing ARP - 20160101, K2 - L12 16/52 Privat detaljreguleringsplan - Klubbeneset, GBnr. 27/505, Småbåthamn. Planid: 20160101. Plan vedtak. Framlegg til vedtak: Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur. Plan- og samfunnsutvalet - 025/16 PSUV - handsaming: Repr.Hilmar Eliasson, SL gjekk frå som ugild i denne saka. Tilrådinga vart samrøystes vedteken. PSUV - vedtak:
Bystyret - 051/16 BYST - handsaming: Samrøystes vedteke. BYST - vedtak:
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Med bakgrunn i oppheving av Flora kommune sitt dispensasjonsvedtak for plassering av båtplassar og bølgjedempar har tiltakshavar Florø Båt og Fritid AS sett i gang arbeid med endring av eksisterande reguleringsplan for området. Formålet med endringa er å legge til rette for bølgjedempar og utviding av småbåtanlegg i sjø, samt bunkringsanlegg og parkeringsplassar på land. Utover dette vert det ikkje gjort endringar i eksisterande plan. Den vart vedtatt i 2014. Innleiing: Planområdet ligg på Klubbeneset i Havreneset i Flora kommune. Områda vest og nordvest for planområde er avsett til LNF, nord/nordaust er det avsett til bustadområde medan areala aust er næringsområde. Området grensar mot sjø i sør, og på sørsida av vika er det og næringsareal. Planarbeidet skjer i regi av Florø Båt og Fritid AS. Planforslaget er utarbeidd av ivest Consult AS på vegne av tiltakshavar Florø Båt og Fritid AS. Planarbeidet vil være ei endring av eksisterande detaljreguleringsplan. Det vart godkjent reguleringsplan for området i 2006. Denne la til rette for industriareal aust i området, eit område med utsprengt småbåtbasseng/naust m.m. i vest, og eit småbåtanlegg i sjø i sør. Det viste seg at det planlagde småbåtbassenget var vanskeleg å realisere fordi det kravde omfattande utsprenging og terrengendring. Det vart derfor gjennomført ei planendring som vart vedteke i desember 2014 der arealet for småbåtbasseng/naust m.m. vart omgjort til industriareal. Vidare vart småbåtanlegget i sjø endra. For å kunne realisere ei småbåthamn i området er det naudsynt med bølgjedempar. Det vart derfor søkt om dispensasjon frå gjeldande kommunedelplan for bølgjebrytar samt noko justeringar i høve plassering av flytebrygger innanfor regulert område i juni 2015. Flora kommune gav dispensasjon som omsøkt i august 2015. Vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane etter klage. Framlegg til endring av eksisterande plan legg til rette for bølgjedempar i sjø med båtplassar på innsida, flytebrygge inntil eksisterande molo for bunkring, bunkringsanlegg på land og parkeringsplassar. Dette gjev ei arealeffektiv løysing, med god utnytting av arealet. Det vil kunne etablerast inntil 90 båtplassar i småbåthamna, det vil sei at planen opnar for 37 nye plassar. Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for etablering av plassar på innsida av bølgjebrytaren. På utsida av bølgjedemparen og eksisterande molo er det lagt inn areal for friluftsområde i sjø og vassdrag for å gje planen ein tydeleg overgang frå småbåtområdet og industriområdet til friluftsområdet på Klubbeneset. Av same grunn er område F2 vidareført som overgangssone på land. Planområdet omfattar eksisterande industriområde på Klubbeneset og følgjer eksisterande reguleringsplan i nord og aust og er såleis avgrensa mot friluftsområde i vest og nordvest, mot kommunal veg og bustader i nord/nordaust og mot industriområde i aust. Mot sør og vest er
planområdet utvida i sjø. Krav til konsekvensutgreiing (KU) er vurdert i kap. 2.2 i planomtale, og det er konkludert med at det ikkje er krav til KU. Forhold knytt til tryggleik er vurdert i ROS-analysen. I samband med utlegging til offentleg ettersyn i tidsrommet 19.03.2016 til 09.05.2016, kom det inn 8 innspel og merknadar frå offentlege instansar og private partar. Dokumenta vart utlagt til offentleg ettersyn i Firdaposten og på Flora kommune sine nettsider. Vedtak frå Flora Hamn KF etter Hamne- og Farvasslova m.v. av 7. april 2009 nr.19 er vedlagt. Vurdering av merknadane er vedlagt. Vurdering: Administrasjonen kan ikkje sjå at dei innkomne merknadane til offentleg ettersyn har konsekvensar for planen og på bakgrunn av dette vil rådmannen tilrå at planen vert vedteke slik den nå er utforma. Planframlegget med plankart og planomtale m/ros er datert 12.02.2016. Føresegner er sist revidert datert 22.02.2016. Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: Føresegner_Klubbeneset_25022016 Handsaming av merknadar_ Klubbeneset_småbåthamn_02062016 Planomtale_Klubbeneset_25160212 plankart_25022016 Vedtak_Flora Hamn KF_11052016