STRYN KOMMUNE MØTEBOK SAK ORGAN MØTEDATO FO 009/15 Formannskapet 21.01.2015 KS 005/15 Kommunestyret 29.01.2015 Avgjerd av: Kommunestyret Ref: 14/768-22 Ark. 002 &23 Sakshandsamar: Per Kristian Storevik Utgreiingsmodellar for endra kommunestruktur. Presentasjon: Stryn kommunestyre handsama sak om kommunereforma i møte den 25.09.2014 sak nr 069/14 og gjorde følgjande vedtak: 1. Stryn kommune viser til kommuneproposisjonen 2015 med underliggande dokumentasjon om målsettinga med og dei økonomiske verkemidla knytt til kommunereforma. Stryn kommune skal vere ein konstruktiv part i lokale og regionale prosessar. 2. Stryn kommune merkar seg dei føringar som ligg i føresetnadene og vil samanhalde med lokalpolitiske prioriteringar medverke til å realisere desse. Det er avgjerande at framtidig inntektssystem sikrar økonomisk berekraft og handlingsrom for den nye kommunen som Stryn vil vere ein del av. 3. Stryn kommune er oppteken av at innbyggarane vert godt opplyst om kommunereforma og får høve til å engasjere seg, og innbyggarundersøkingar el.l. bør vurderast som ein del av dette slik at avgjerdsstyresmaktene får eit best mogleg avgjerdsgrunnlag når endelege vedtak skal fattast. Ved forslag om større endringar bør rådgjevande folkerøysting vurderast. 4. Med tilvising til samrøystes vedtak i Hornindal kommunestyre den 15.09.2014 ynskjer Stryn kommune å inngå drøftingar med Hornindal kommune der målsettinga er å sjå desse to kommunane under eitt anten som ein eigen kommune eller som del av ei større samanslåing. 5. Til å gjennomføre desse drøftingane blir det nedsett ei arbeidsgruppe beståande av ordførar, varaordførar, rådmann, økonomisjef og ein tillitsvald. 6. Formannskap/kommunestyre skal haldast løpande orientert om framdrifta i drøftingane etter pkt 4. 7. Konklusjonane frå arbeidsgruppa, jfr pkt 5, skal danne grunnlaget for vedtak i kommunestyra i Stryn og Hornindal. 8. Med tanke på ein mogleg vidare prosess der også andre kommunar blir inviterte til drøftingar, må konklusjonane frå arbeidsgruppa vere klare innan utgangen av november -14. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utarbeidd «Prosjektplan for gjennomføring av kommunereforma i Sogn og Fjordane 2014-2016» - versjon dat 18.11.2014. 1
Av denne prosjektplanen framgår det at følgjande avklaringar skal skje innan utgangen av januar -15: Avklaringar av geografiske retningsval på bakgrunn av tilrettelagt kunnskapsgrunnlag og prosessar i enkeltkommunar og mellom kommunar. Avklare om ein vil satse på ferdig prosess og vedtak innan desember 2015 eller juli 2016. Med utgangspunkt i kommunestyrevedtaka i både Hornindal og Stryn har den oppnemnde arbeidsgruppa hatt arbeidsmøte, og ordførarane i dei to kommunane har i perioden oktober 14 d.d. gjennomført drøftingar i fellesskap med kommunar som ligg innanfor det som desse to kommunane vurderer som eit realistisk nedslagsfelt. Dette inneber at arbeidsgruppa har gjort ei sjølvstendig vurdering av kva som blir betrakta som realistisk og ikkje. Det har i denne samanhengen vore gjennomført møte mellom politisk leiing i Hornindal og Stryn med kommunane Stranda, Norddal, Ørsta, Volda, Eid og Gloppen. Val av kommunar har vore basert på realismevurderingar knytt til framtidig struktur. I Stryn kommune har det vidare vore gjennomført møte med næringslivet (felles næringssamskipnad Stryn/Hornindal) og tematisert i det tradisjonelle julemøtet, og i begge desse møta var det ei unison oppfatning med noko ulike grunngjevingar - om at dei ikkje kunne sjå føre seg Nordfjord som ein kommune. Den felles arbeidsgruppa Stryn/Hornindal har drøfta fleire modellar/konstellasjonar av kommunar og konkludert med følgjande realistiske alternativ: A. Dagens situasjon 0-alternativet B. Utgreiing av samanslåing Hornindal og Stryn. C. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn og Stranda. D. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn, Stranda og Norddal. E. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn, Ørsta og Volda. F. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn og Gloppen. G. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn og Eid. H. Utgreiing av samanslåing av Hornindal, Stryn, Eid og Gloppen Vedlagt saka: Serutskrift av K. sak nr 069/14. Mandat for felles Nordfjordutgreiing versjon dat 02.12.2014. Fylkesmannens prosjektplan for gjennomføring av kommunereforma i Sogn og Fjordane 2014 2016 versjon pr 18.11.2014. «Veien mot en ny kommune veileder for utredning og prosess». Ikkje vedlagt: Ekspertutvalet sine to delutgreiingar. Delrapport pr mars 2014. Sluttrapport pr desember 2014 Saksopplysningar: 2
Fylkesmannen var til stades og orienterte Stryn kommunestyre i møte den 20.11.2014. i denne orienteringa framkom det m.a. at kommunane i dei komande utgreiingsrundane måtte ta utgangspunkt i realistiske strukturar dvs. ikkje bruke store ressursar på utgreiingar som allereie i utgangspunktet vart vurdert som urealistiske. Som nemnt ovanfor, har det vore drøftingar med kommunar på begge sider av fylkesgrensa. Ei utfordring i det vidare arbeidet vil vere at kvart fylke har lagt til grunn ulike prosessar og tilnærmingar. Dette skaper utfordringar i høve til gode prosessar på tvers av fylkesgrensene. Dette til tross for at det frå sentralt politisk hald er fastslege at fylkesgrensene ikkje skal vere til hinder for gode fylkesovergripande prosessar. Nordfjordrådet har utarbeidd eit utkast til mandat for ei fellesutgreiing om Nordfjord som eigen kommune. Det er i mandatet også innteke at andre konstellasjonar av kommunar i Nordfjord skal utgreiast. Dette vil bli ei omfattande utgreiing som det frå fleire hald i Stryn kommune er målbore stor skepsis til samstundes som det har vore signalisert sterk skepsis frå politisk hald både i Hornindal og Stryn kommunar. Når det gjeld økonomien i tilknyting til utgreiingar, har fylkesmannen stilt 3 mill kroner til rådvelde for kommunane i Sogn og Fjordane. Med lik fordeling vil dette representere ca kr 115.000,- pr kommune og såleis ikkje gje tilnærma kostnadsdekning. I dette perspektivet må også realismekravet leggast til grunn når utgreiingsomfanget skal vurderast. Det er frå fylkesmannen si side muntleg signalisert at det kan søkjast om ekstra midlar til utgreiingar som omfattar kommunar i nabofylka. Frist for å søkje slike midlar er 01.03.2015. Frå dei drøftingane som har vore med andre kommunar, er det ikkje trekt førebelse konklusjonar. Dette inneber at ein i skrivande stund ikkje har fullstendig oversyn over dei konstellasjonane det kan vere aktuelt å inngå utgreiingssamarbeid med. Alle kommunane som inngår i ein tenkt utgreiingskonstellasjon må nødvendigvis vere samde om realismen i utgreiingsarbeidet og sjå på det som ei mogleg framtidsløysing. Vurdering: Det tykkjest vere semje om at arbeidet med ein kommunereform i landet er underlagt høgt tidspress. Dette stiller store krav til prosessane. Slik rådmannen ser det, blir dette til ei viss grad vanskeleggjort ved at dei ulike fylka legg ulike prosjektplanar og milepælsplanar til grunn for arbeidet i kommunane. Dei økonomiske rammevilkåra for utgreiingsarbeidet er også ulike. Desse problemstillingane råkar først og fremst grensekommunar som finn det naturleg å gjere vurderingar på tvers av dei etablerte kommunegrensene ved at prosessane blir asynkrone. Innhaldet i reformen var i utgangspunktet ambisiøs, men slik rådmannen ser det, er dette etter kvart tona ned. Behovet for ei viss strukturrasjonalisering er til stades, men grunngjevinga for dette er noko uklar. Endringar i inntektssystemet f.o.m. 2017 blir nemnt utan at vi kjenner til kva desse endringane vil innebere, fleire og større oppgåver overført frå stat (ev fylkeskommune) til kommunane har vore nemnde utan at vi kjenner til kva for oppgåver det her er snakk om. Dei nyaste utsegnene frå statsråden går ut på at reformen m.a. er grunngjeven i «at kommunane skal verte betre i stand til å løyse dei oppgåvene som kommunane allereie har». Kommunane i Nordfjord har over tid etablert fleire interkommunale samarbeid. Desse samarbeida har kome i stand ut frå at den einskilde kommune har vore for liten til å ivareta ansvarsområdet åleine. I ein ny kommunestruktur vil det truleg også vere behov for å inngå 3
interkommunale samarbeid, men kanskje nokre færre enn dei som finst i dag. For Stryn sin del inngår kommunen i fleire samarbeid som femner om heile Nordfjord, deler av Nordfjord, kommunar i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og interkommunale samarbeid som femner om alle kommunane i fylket. Det er i tillegg også etablert nettverkssamarbeid som strekkjer seg over fylkesgrensene.. Ei viss reorganisering av desse i kjølvatnet av ei ny kommunestruktur vil nok vere eit tema etter at den nye strukturen er avgjort. Denne saka skal først og fremst avklare retningsval, og det er i slike vurderingar viktig å ta utgangspunkt i kva som samla tener innbyggarar og næringsliv i dei ulike kommunane best. Dette vil utgreiingane vonlegvis kunne gje gode svar på og danne grunnlag for kunnskapsbaserte innbyggarundersøkjingar i ei eller anna form etter at desse utgreiingane ligg føre, jfr. vedtaket i K. sak nr 069/14 pkt 3. For å avklare retningsvala har Stortinget m.a. lagt følgjande overordna målformuleringar til grunn: ««Gode og likeverdige tenester til innbyggarane Helhetlig og samordnet samfunnsutvikling Bærekraftige og økonomisk robuste kommuner Styrket lokaldemokrati I tillegg til dette har Ekspertutvalet vist til at følgjande kriterier må vurderast i det vidare arbeidet: - tilstrekkeleg kapasitet - Relevant kompetanse - Tilstrekkeleg distanse - Effektiv tenesteproduksjon - Økonomisk soliditet - Valfridom - Funksjonelle samfunnsutviklingsområde - Høg politisk deltaking - Lokal politisk styring - Lokal identitet Både dei overordna måla og dei kriteria som Ekspertutvalet skisserer vil vere viktige element i dei utgreiingane som skal gjennomførast og som må ligge til grunn for dei mandata som utgreiingssamarbeida skisserer. I dette arbeidet ville det vore føremålstenleg med ein felles utgreiingsmal som i utgangspunktet kunne vore lagd til grunn for alle utgreiingssamarbeida. Dette ville både gjort utgreiingsarbeidet lettare og forenkla den politiske handteringa i etterkant. Det ville også representert eit betre grunnlag for kunnskapsbaserte innbyggarundersøkjingar. Ein slik felles mal kunne vore initiert av regionråd, fylkesmann el.andre på eit objektivt grunnlag. 4
Rådmannen sitt framlegg til tilråding: 1. Stryn kommune viser til dei utgreiingskonstellasjonane som den felles arbeidsgruppa for Hornindal og Stryn kommunar har drøfta og ynskjer følgjande samanslåingsalternativ utgreidde: A. Dagens situasjon 0-alternativet B. Utgreiing av samanslåing Hornindal og Stryn. C. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Stranda. D. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Stranda og Norddal. E. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Ørsta og Volda. F. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Gloppen. G. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn og Eid. H. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Eid og Gloppen. 2. Det vil vere ein føresetnad for at utgreiingsarbeid blir iverksett at kommunane som inngår i dei skisserte utgreiingsmodellane ovanfor samtykkjer i dette og ser modellen som eit realistisk alternativ til dagens situasjon. 3. Stryn kommune vil oppmode Nordfjordrådet om å ta initiativ til at det vert utarbeidd ein utgreiingsmal som kan nyttast felles for dei ulike utgreiingane. 4. Kvar utgreiing blir prosjektorganisert og Stryn kommune vil oppmode om at det i størst mogleg utstrekning blir etterstreba å nytte same prosjektleiar, og at det blir ein gjennomgåande representasjon i dei styrande organa i prosjekta. 5. Utgreiingane bør ligge føre hausten 2015 slik at dei kan danne grunnlaget for kunnskapsbaserte innbyggarundersøkingar. Den politiske slutthandsaminga vil dermed kunne skje våren 2016. 6. Stryn kommune vel ein prosess som tek sikte på kommunestyrevedtak før sommaren 2016. Handsaming i Formannskapet 21.01.2015. FO-009/15 Vedtak: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. Handsaming i Kommunestyret 29.01.2015. Framlegg frå Frp v/ Anders Magne Vik: Tillegg under punkt 1: I. Utgreiing av samanslåing Hornindal, Stryn, Ørsta, Volda og Eid. Prøveavrøysting : Framlegget frå Frp fekk 4 røyster. 5
KS-005/15 Vedtak: Formannskapet sitt framlegg samrøystes vedteke. Sign. Berit Wetlesen - sekr.- Utskrift av endeleg vedtak vert sendt til: Kommunane Hornindal, Stranda, Norddal, Ørsta, Volda, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Møre og Romsdal KS Sogn og Fjordane 6