Innkalling til Administrasjonsutvalet Møtedato: 20.09.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 12.30 dvs. etter møtet i arbeidsmiljøutvalet Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Oscar Bergheim leiar Trond Ramstad Olsen sekretær
Saknr. Tittel Sakliste 011/16 Godkjenning av møtebok 012/16 Sjukefråvær 2. kvartal 2016 i Flora kommune ORIENTERINGSSAKER: Skisse - Prosessen rundt møte- og delegeringsreglement v/rådmannen Arbeid med kvalitetssystem v/rådmannen
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 011/16 Administrasjonsutvalet PS 20.09.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Arne Schei K1-033 16/1752 Godkjenning av møtebok Framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
Saksopplysingar: 32T Protokoll - Administrasjonsutvalet - 07.06.2016
Møtedato: 07.06.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 10:05-11:35 Møteprotokoll for Administrasjonsutvalet Desse møtte Wenche Kvalvik Maj-Linn Selvik Bente Frøyen Steindal Oscar Bergheim Kari Vårdal Jacob Nødseth Parti HTV Fagforbundet HTV Fagforbundet AP AP AP Samlingslista Forfall meldt frå følgjande medlemar Vidar Grønnevik (ikkje meldt) Parti H Møteleiar: Merknad til innk.: Godkj. sakliste: Frå adm. møtte: Oscar Bergheim Ingen merknader. Ingen merknader. Rådmann/personalsjefTrond Ramstad Olsen, HR-konsulent Leni Stensvoll, controller Berit Seljeseth Osa, pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm. Utlevert i møtet: Orientering: Kvalitetsutviklingsarbeidet i omsorgstenesta ved Ragnhild Hollm. Kvalitetutvikling i Flora kommune ved Berit Selljeseth Osa. Møte- og delegeringsreglement ved Berit Seljeseth Osa. Spm./interpell.: Synfaring: Ymse: Utvalet bad rådmannen om å følgje opp ved skissering av prosessen rundt møte- og delegeringsreglement, og om kvalitetssystemet til Flora kommune 13.09.2016. Det vert lagt opp til å realitetshandsame desse sakene i novembermøtet.
Sakliste Saknr. Tittel 008/16 Godkjenning av møtebok 009/16 Sjukefråvær 1. kvartal 2016 i Flora kommune 010/16 Tariffrevisjonen pr 01.05.2016
008/16: Godkjenning av møtebok Framlegg til vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming: Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak: Møteboka vert godkjent slik den ligg føre. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 009/16: Sjukefråvær 1. kvartal 2016 i Flora kommune Framlegg til vedtak: Arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet tek sjukefråværstala for 1. kvartal 2016 til vitande. Handsaming: Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke. Vedtak: Arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet tek sjukefråværstala for 1. kvartal 2016 til vitande. --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 010/16: Tariffrevisjonen pr 01.05.2016 Framlegg til vedtak: 1. Flora kommune, ved rådmanen, har teke det anbefalte resulatet med forslag til ny Hovedtariffavtalen per 01.05.2016, til vitande. Dette innebær at det ikkje skal gjennomførast lokale forhandlingar etter kap. 4 i 2016. 2. Det skal, etter HTA, kap. 3.4.1, 3.4.2. og kap. 5.2, gjennomførast lokale forhandlingar kvart år. I Flora kommune vert det lagt opp til eit moderat oppgjør som ikkje overstig resultatet i kap 4, men som ivaretek krav til sikringsbestemmelar mellom leiar og underordna. Handsaming: Framlegget til vedtak vart samrøystes vedteke.
Vedtak: 1. Flora kommune, ved rådmanen, har teke det anbefalte resulatet med forslag til ny Hovedtariffavtalen per 01.05.2016, til vitande. Dette innebær at det ikkje skal gjennomførast lokale forhandlingar etter kap. 4 i 2016. 2. Det skal, etter HTA, kap. 3.4.1, 3.4.2. og kap. 5.2, gjennomførast lokale forhandlingar kvart år. I Flora kommune vert det lagt opp til eit moderat oppgjør som ikkje overstig resultatet i kap 4, men som ivaretek krav til sikringsbestemmelar mellom leiar og underordna. ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 012/16 Administrasjonsutvalet PS 20.09.2016 Arbeidsmiljøutvalet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Trond Ramstad Olsen K1-461 16/606 Sjukefråvær 2. kvartal 2016 i Flora kommune Framlegg til vedtak: Arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet tek sjukefråværstala for 1- kvartal 2016 til vitande. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet får orientering om sjukefråværsutviklinga i Flora kommune. Dei kommunale føretaka rapporterer til sine respektive styre. Innleiing/vurdering: Tabellane under, 2015 og 1. og 2. kvartal 2016 syner sjukefårværsutviklinga i Flora kommune. Dette gjeld syner det totale sjukefåværet, arbeidsgjevarperioden (AGP) og LF (langtidsfråværet) og det eigenmeldte sjukefråværet i Flora kommune, fordelt på sektoarar og på kjenn. Totalt I alt K M AGP K M LF K M EM K M Sjukefråvær 2015 Sentraladm. 3,6 4,2 1,8 1,3 1,1 1,6 2,3 3,1 0,2 0,6 0,5 08 Skule/barnehage 7,0 7,4 4,6 2,2 2,3 1,5 4,8 5,1 3,1 1,2 1,2 0,9 Helse-og sosial 5,0 4,3 9,4 1,3 1,4 0,7 3,7 2,9 8,7 0,5 0,6 0,3 Omsorgsteneste 11,9 11,8 12,4 3,2 3,1 3,7 8,7 8,7 8,7 1,2 1,2 1,2 Kultur 6,3 11,3 2,2 1,1 1,6 0,7 5,2 9,7 1,5 0,6 0,6 0,6 Teknisk 6,9 12,9 3,2 2,3 3,2 1,8 4,6 9,7 1,4 0,8 0,9 0,7 Flora kommune 8,1 8,8 5,7 2,4 2,5 2,0 5,7 6,3 3,7 1,0 1,1 0,9 2016 1. kvartal I alt K M AGP K M LF K M EM K M Sentraladm. 5,7 5,3 6,7 2,0 2,5 0,7 3,7 2,8 6 0,9 1,0 0,7 Skule/barnehage 8,7 9,4 5,1 2,7 2,9 1,8 6 6,5 3,3 1,5 1,6 1,1 Helse-og sosial 5,7 5,0 9,3 1,6 1,7 1,3 4,1 3,3 8 1,0 1,0 0,8 Omsorgsteneste 12,2 12,7 9,5 3,0 2,8 4,3 9,2 9,9 5,2 1,4 1,4 1,7 Kultur 5,3 9,8 1,5 1,1 1,3 0,9 4,2 8,5 0,6 0,5 0,7 0,3 Teknisk 5,4 8,5 3,4 3,0 3,9 2,4 2,4 4,6 1 1,5 1,6 1,4 Flora kommune 9,0 9,9 5,6 2,7 2,8 2,3 6,3 7,1 3,3 1,4 1,4 1,2 2016 2. kvartal I alt K M AGP K M LF K M E K M M Sentraladm. 7,9 6,4 11,3 0,7 0,8 0,7 7,1 5,6 10,6 0,7 0,6 0,7 Skule/barnehage 8,3 8,3 7,9 2,0 2,2 1,1 6,3 6,1 6,8 1,0 1,1 0,7 Helse-og sosial 6,7 6,4 7,8 1,0 0,9 1,5 5,7 5,5 6,3 0,5 0,5 0,7 Omsorgsteneste 10,1 10,2 10,0 1,9 1,7 3,0 8,2 8,5 7 1,1 1,0 1,6 Kultur 5,3 7,9 2,9 0,2 0,2 0,1 5,1 7,7 2,8 0,1 0,2 0,0 Teknisk 6,3 10,2 3,8 1,7 3,0 0,8 4,6 7,2 3,0 0,7 0,9 0,6 Flora kommune 8,4 8,8 7,2 1,7 1,8 1,3 6,7 7,1 5,9 0,9 1,0 0,8
Sjukefråværet er redusert i forhold til 1. kvartal i år (8,8%) og det samanliknbare 2 kvartal (8,9%) i 2015, men er høgre enn for 201, (7,6%). Det er høgst fråvær i omsorgstenesta(10,1%), men dette er lægre enn i 1. kvartal i år (12,7%), og enn i 2. kvartal(12,9%) i 2015, men høgre enn i 2014 (9,3%). Sjukefråværet i skule/barnehage er redusert frå 1.kvartal i år (8,7%) til 8,3% i 2. kvartal., men sjukefråværet her er høgre enn året 2015 samla for sektoren. Ser vi på sjukefråværet i arbeidsgjevarperioden for heile FK, så er dette redusert i 2. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i år. Det må merkast at langtidsfråværet i 2. kvartal i år var høgre enn for 1. kvartal for kommunen samla, men redusert i omsorgstenesta. Ser vi på det eigenmelde fråværet, så er det redusert i FK, både i omsorg og skule/barnehage. I sjølve møtet vil det bli fokusert på kva som blir gjort for å redusere sjukefråværet, og spesielt i omsorgstenesta som over tid har hatt eit høgt fråvær. Det må opplysast at Levekårsutvalet får orientering om sjukefråværsutviklinga, som del av HSO-rapport, får orientering den kvartalsvise utviklinga av sjukefråværet i denne sektoren. Rådmannen vil orientere om dette til AMU/ADMU. Økonomiske konsekvensar: Høgt sjukefråvær medfører økonomiske konsekvensar for kommunen, og verkanden blir størst i dei tenestene det må leiagast inn vikarar i arbeidsgjevarperioden. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Arbeidsmiljølova, internkontrollforskrifta