TERTIALRAPPORT 1 2014 40,0 DRIFTSRESULTAT (70,3) KRAFTPRODUKSJON GWh (198) OMSETNING (309,2) 24,4 RESULTAT FØR SKATT (55,2) TOTALKAPITAL (2 236,9) NETTO FINANS (-15,1) Beløp i mill. kroner. Tilsvarande tal for 1. tertial 2013 står i parentes. 260 285,9 2 716,0-15,6
REKNESKAP 1. TERTIAL 2014 Rekneskapen for 1. tertial 2014 syner eit driftsresultat på 40,0 mill. kr (70,3) og eit resultat før skatt på 24,4 mill. kr (55,2). Omsetninga vart 285,9 mill. kr (309,2), totalkapitalen er 2 716,0 mill. kr (2 236,9) og eigenkapitalprosenten er 29,2 % (37,7). Netto finans syner eit resultat på -15,6 mill. kr (-15,1). Tilsvarande tal for 1. tertial 2013 står i parentes. Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 30,3 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2013. Eigenkapitalprosenten er 8,5 % lågare enn per 31.12.2013. Dette kjem som eit resultat av at nettselskapet har gått ut av konsernet, og at Tussa sin andel av Mørenett AS vert konsolidert inn etter bruttometoden slik at andelen fordringar og gjeld som blir eliminert i konsernet er redusert. Mørenett AS skal ta opp eigne lån, og lån frå eigarane vil verte innløyste i løpet av året. Ved bruk av midlane til nedbetaling av eiga gjeld, vil Tussa sin eigenkapitalprosent vere tilbake på om lag same nivå som før. Spotprisen har vore om lag 7,5 øre/kwh lågare enn for same periode i fjor, medan produsert mengde har vore 61,2 GWh høgare. Produksjonen tilsvarar om lag normalproduksjonen som er 260 GWh. Samla sett er driftsresultatet for kraftproduksjonen redusert i tertialet, og hovudårsaka er lågare kraftprisar. Sjølv om nettselskapet sitt bidrag til resultatet er redusert i høve til same periode i fjor er likevel nettselskapet og kraftproduksjon dei største bidragsytarane til resultatet. Dei andre selskapa kan i sum syne til ei positiv utvikling i resultat samanlikna med 1. tertial 2013, der spesielt IKT-selskapet bidreg positivt. Finansinntektene ved 1. tertial 2014 auka med 4,2 mill. kr i forhold til 1. tertial 2013. Finanskostnadene har auka med 4,7 mill. kr i same periode. Gjennomsnittleg lånerente på eksterne lån var 4,0 % (3,8 %) ved utgangen av 1. tertial. Netto finans utgjer -15,6 mill. kr for konsernet ved utgangen av 1. tertial 2014. Dette er 0,5 mill. kr dårlegare enn ved tilsvarande tertial i fjor. Del av sikra gjeld og durasjon ligg innanfor rammene av gjeldande rentesikringsstrategi. Det er bokført 27 % skatt av selskapsresultata ved utgangen av tertialet. I tillegg er det bokført 9 mill. kr i grunnrenteskatt basert på faktisk pris og produksjon i perioden (9). Skattekostnaden er 64 % av konsernresultatet (44 %). ENERGI Kraftproduksjon Akkumulert kraftproduksjon pr. 1. tertial var på 260 GWh (198,8 GWh). Produksjonen ved utgangen av tertialet tilsvarar omlag normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore om lag 110 % av normalt. Magasinfyllinga ved utgangen av tertialet var på 25 %, som er omlag 10% over normalen for årstida. Ein mild vinter gjorde at selskapet fekk i gang dei nye småkraftverka etter vinterdvalen allereie i månadsskiftet februar/mars. Modernisering/ Utbygging Ein snill og mild vinter har gjort at arbeidet med rørlegging og bygging av kraftverka på Bruelva og Skår ligg godt i rute. Inntaket på Bruelva er ferdig og begge stasjonsbygga er reiste. Arbeidet med å montere turbingods startar no i mai. Framdriftsplanen syner idriftsetting av Bruelva kraftverk i august
og Skår kraftverk i oktober. Arbeidet med å bygge inntak til Skår kraftverk startar før ferien, etter at rørlegginga er ferdig. Det er arbeidd vidare med planar for oppgradering av Tussa- og Åmela kraftverk. Betre verknadsgrad og elsertifikat er ein viktig motivasjonsfaktor, i tillegg til lågare brukstid og teknisk oppgradering. Styret i Tussa Energi har vedteke oppgradering av turbinen i Åmela kraftverk, som er planlagt utført vinteren 2016. Selskapet har også arbeidd med konsesjonssøknad for nye Vartdal kraftverk. Arbeidet med planlegging og bygging av ny data- og varmesentral har og pågått i vinter. Det er venta at anlegget blir ferdig i november. Kraftomsetning Det har vore ein mild vinter med lite nedbør og snømagasin langt under normalen i vårt område. På austlandet er det derimot store snømagasin. Hydrobalansen i Norden er ved utgangen av 1. tertial 3,7 TWh under normalen. Det har vore netto eksport av energi frå Norden i perioden. Fallande råvareprisar på kol og ein god magasinsituasjon i Norden har vore dei viktigaste prisdrivarane. Gjennomsnittleg spotpris på NordPool i første tertial har vore 24,2 øre/kwh (32,0 øre/kwh). Områdeprisen i Ørsta følgjer systemprisen, og gjennomsnittet i første tertial var på 24,6 øre/kwh (32,1 øre/kwh). Kraftnett Frå 01.01.2014 vart nettverksemda i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS samla i Mørenett AS. Selskapet er det 7. største nettselskapet i landet med 61.000 kundar og 240 tilsette. Samla inntektsramme for 2014 er på 376,3 mill. kr. Fusjonen er eit resultat av utgreiingar som viser gode synergivinstar, og selskapet har så langt i 2014 hatt sterkt fokus på å byggje ein felles kultur og identitet som fundament for betra samhandling. 46,34 % av Mørenett as sine rekneskapstal er konsolidert inn i Tussakonsernet sine tal. Så langt er utviklinga i selskapet som planlagt. Økonomi Driftsresultatet for heile Mørenett AS er i 1. tertial på 21,4 mill. kr. Då Mørenett AS ikkje har historiske data kan det ikkje direkte samanliknast mot fjoråret. Det må likvel nemnast at resultatet blir vesentleg lågare enn i 2013 fordi 2013 var sterkt prega av ei høg inntektsramme, som hadde si årsak i store kostnader i nettet i 2011 på grunn av orkanen Dagmar. Kvalitet Eit av hovudmåla med fusjonen er å leggje grunnlaget for god leveringskvalitet til kundane. I samband med dette vert det arbeidd med prosessforbetringar og beredskapsarbeid. Også driftssentralane i dei to tidlegare selskapa er no samla i ein felles driftssentral i Ålesund. Dette vil styrke fagmiljøet med tanke på effektiv drift av kraftnettet. Utføring Utførande aktivitet i nettet har vore høg 1. tertial, både innanfor drift og vedlikehald, men også innan ny- og reinvesteringar. Mellom anna kan vi nemne arbeid knytt til Statnett si bygging av ny 420 kv leidning Ørskog Fardal. Samla investeringar etter 1. tertial er på 51,5 mill. kroner. ANNA VERKSEMD Installasjon Ved utgangen av 1. tertial har installasjonsverksemda ein vekst i omsetning på 31 % samanlikna med same tid i 2013. Det er stor aktivitet i marknaden, og selskapet opplever sunn og frisk konkurranse. I løpet av 1. tertial har selskapet vunne fleire prosjektkontraktar. Det er i tillegg god tilgang på løpande
serviceoppdrag, noko som gir stor oppdragsmengd og ei god ordrereserve for 2014. IT Ved utgangen av 1. tertial har forretningsområdet ein vekst på 0,3 mill. kr samanlikna med 1. tertial 2013. HW-omsetninga har gått noko ned, men ser ein på sal av tenester så har auken vore på 1,2 mill, som er 4,2 % meir enn på same tid i 2013. Veksten gjer at selskapet har behov for meir dataromkapasitet. Bygginga av ein ny og moderne datahall på 210 kvadratmeter på Tussatun i Ørsta er i gang. Dette vil leggje til rette for vidare vekst innanfor satsingsområdet IT. Kommunikasjon Innanfor området kommunikasjon er det ein vekst på 3,6 mill. kr ved utgangen av 1. tertial, det er 17,8 % meir enn på same tid i 2013. Som følgje av den offensive fibersatsinga er det størst auke innanfor privatmarknaden, der selskapet tilbyr internett, TV og telefoni. Det er også god vekst innanfor bedriftsmarknaden. Breibandsnettet er stabilt og selskapet har ei høg oppetid. Så langt har selskapet levert fiber til kundar i om lag 74 felt/område i kommunane på søre Sunnmøre. Ved utgangen av 1. tertial har selskapet levert fiber til 3650 hushald og om lag 185 bedrifter. På grunn av den milde vinteren ligg tal fiberleveransar framfor planen så langt i år.
Rekneskap Tussakonsernet TAL I TUSEN KR RESULTAT 1. TERTIAL 2014 2013 2012 Energisal 105 830 120 056 110 015 Nettinntekt 77 894 119 108 70 069 Andre driftsinntekter 102 141 70 080 70 249 Sum driftsinntekter 285 865 309 244 250 333 Energikjøp + overføringskostnad 51 952 73 520 38 144 Løns- og personalkostnader 80 530 69 052 65 475 Ordinære avskrivingar 40 510 36 862 31 661 Andre driftskostnader 72 578 59 191 54 195 Tap på krav 297 349 381 Sum driftskostnader 245 867 238 975 189 856 Driftsresultat 39 999 70 269 60 477 Finansinntekter 7 687 3 518 2 375 Finanskostnader 23 245 18 578 18 015 Resultat før EO-postar 24 441 55 210 44 837 Ekstraordinære postar - - - Resultat før skatt 24 441 55 210 44 837 Skattekostnad ord. resultat 15 701 24 461 26 044 Resultat etter skatt 8 739 30 748 18 793 BALANSE 1. TERTIAL 2014 2013 2012 Anleggsmidlar 1 991 064 1 939 214 1 816 998 Omløpsmidlar 724 955 297 733 206 651 Sum eigedom 2 716 019 2 236 946 2 023 649 Eigenkapital 793 294 842 386 541 193 Avsetning for forpliktingar 19 196-3 274 606 Langsiktig gjeld 1 353 562 1 093 716 1 186 686 Kortsiktig gjeld 549 967 304 117 295 164 Sum gjeld og eigenkapital 2 716 019 2 236 946 2 023 649 RESULTAT PR. 1. TERTIAL TAL I MILL. KR TK TE MN 46,34 % SE TIKT T-24 ES TIN KONS Omsetning 10,4 97,8 90,6 8,6 43,9 84,2 3,6 37,8 285,9 Driftsresultat -5,3 28,4 9,9 6,0 2,4 1,1-0,7-1,7 40,0 EBITDA -4,2 40,3 26,0 7,0 11,8 1,2-0,7-1,0 55,1 Resultat før skatt -8,0 21,1 5,6 7,1-0,2 1,5-0,7-1,8 24,4 Resultat etter skatt -5,8 7,5 4,1 4,1-0,1 1,1-0,5-1,3 8,7 Forkortingar: Tussa Kraft (TK), Tussa Energi (TE), Mørenett (MN), Sunnmøre Energi (SE), Tussa IKT (TIKT), Tussa-24 (T-24), Enøk- Senteret (ES), Tussa Installasjon (TIN) og konsernet (KONS)