Sakshandsamar, innvalstelefon Trond Håkon Stadheim, 5557 2189 Vår dato 15.08.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/6469 422.5 Dykkar referanse 9367506/1 Advokatfirmaet Thommessen v/ Endre Grande Postboks 43 Nygårdstangen 5838 BERGEN Vedtak om driftseining- Kvinnherad - Gnr 64 Bnr 16 - Rosendal - Deling av grunneigedom etter jordlova Kva saka gjeld: Det ble inngått ein kjøpekontrakt mellom Das Weis Rosenkronske Stiftelse (heretter Baroniet) som seljar, og Knut Galtung Døsvig som er kjøpar av eigedomen gnr. 64, bnr. 16. Det ble søkt konsesjon for eigedomen 14.01.2016, og i samband med denne vert det kommentert i vedlagt skriv at dersom det var nødvendig med handsaming etter jordlova, var dette ein søknad om frådeling i tillegg. I dette skrivet blir det vist til at ein er av den oppfatning at det ikkje er nødvendig å handsame saka etter jordlova 12, då det ikkje er tale om ein driftseining etter jordlova 12 sjette ledd. Kommunen hadde i samband med ein telefonsamtale gjeve uttrykk for at saka også skulle handsamast etter jordlova. Advokatfirmaet Thommessen v/ Endre Grande sendte som følgje av dette supplerande merknader til kommunen 24.02.2016. Kvinnherad kommunen handsama søknaden og kom fram til at det var tale om ei driftseining, og fatta eit negativ vedtak 16.03.2016. Advokatfirmaet Thommesen v/ Endre Grande klaga på vedtaket den 15.04.2016. I klagen var det lagt ved eit notat frå styret til Baroniet, kor det går fram at dei ikkje ser på gnr. 64, bnr. 16 som ein del av driftseininga. Klaga var vidare grunngjeve med at det ikkje er tale om ei driftseining, subsidiært at dei momenta som ein skal leggje vekt på etter 12 tredje ledd ikkje er til hinder for frådeling. Kommunen handsama klagen i forvaltningskomiten sitt møte 04.05.2016, og oppretthaldt vedtaket. Saka blei difor sendt til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd. Rådgjevar Trond Håkon Stadheim og Fylkesskogmeister Terje Natland hos Fylkesmannen var ute på synfaring 13.07.2016 på gnr. 64, bnr. 16 saman med Karin Thauland frå Kvinnherad kommune og Knut D. Galtung som har søkt konsesjon for erverv av eigedomen. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Landbruksavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Gnr. 64, bnr. 16 har i følgje kart frå NIBIO 124,4 dekar skog med høg bonitet, 28,6 dekar skog med middels bonitet og 1117,7 dekar skog med lav bonitet. Totalt er eigedomen på 2838,5 dekar. Av dette høyrer underkant av 1800 dekar til Folgefonna nasjonalpark. Etter Fylkesmannen si oppfatning kan arealet vanskeleg la seg nytte til beite, men det vil vere mogeleg å nytte seg av den furuskogen på rundt 130 dekar. Resterande skogareal, som ikkje ligg i verneområde, ligg vanskeleg til i særs bratt terreng eller består i hovudsak av krattskog. Det er jaktretter på eigedomen, og i taksten er det opplyst til å vere 3,5 hjort per år. Baroniet eig ein rekkje eigedomar i Kvinnherad, men også fire eigedomar i Fusa og ein i Etne ifølgje informasjon frå matrikkelen. Det følgjer av årsretninga til Baroniet at dei eig totalt 49 gards- og bruksnummer, av disse er 19 bygsla bort. Skogeigedomane er på rundt 9652 dekar, men ein god del av områdane høyrer til Folgefonna Nasjonalpark. Driftssenteret er på gnr. 88, bnr.1 og gnr. 87, bnr. 1. Fylkesmannen si fråsegn: Etter forvaltningslova 34 kan klageorganet prøve alle sider ved saka. Statleg klageinstans skal likevel leggje vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie forvaltningsskjønnet i saka. Eit sentralt spørsmål i saka er om det er tale om ei driftseining. Kommunen har i vedtak 16.03.2016 kome fram til at gnr. 64, bnr. 16 er ein del av driftseininga til Baroniet i Rosendal. Det følgjer av forskrift om delegert mynde, FOR-2003-12-08-1479 1, at kommunen avgjer saker etter jordlova der mynde ikkje er lagt til anna offentleg organ etter 3 til 5. Etter 3 punkt 4 er det Fylkesmannen som avgjer spørsmålet om ein eigedom med fleire registrenummer må reknast som ein driftseining etter jordlova 12 sjette ledd. Fylkesmannen sitt vedtak etter 12 sjette ledd vil vere eit enkeltvedtak, som kan påklagast etter fvl. 28. Då kommunen ikkje har mynde til å ta stilling til om det er tale om ei driftseining, vil vedtaket som følgje av dette vere ugyldig i den utstrekning feilen kan ha verka inn på vedtakets innhald, jf. fvl. 41. I samband med dette vil feilen kunne rettast opp ved at Fylkesmannen tek stilling til om det er tale om ei driftseining etter jordlova 12 sjette ledd. Dersom Fylkesmannen skulle kome fram til at det ikkje er ei driftseining, vil det ikkje vere nødvendig å handsame saka etter 12 tredje ledd og kommunen sitt vedtak blir oppheva. Viss resultatet av Fylkesmannen si handsaming tilseier at det er ei driftseining, vil dette vere eit vedtak som kan påklagast til Landbruksdirektoratet. Uavhengig vil den feilen som er gjort bli retta opp, og Fylkesmannen vil eventuelt handsame klaga på vedtaket om frådeling. Føresetnaden for slik handsaming vil vere at det er tale om ei driftseining, og vedtaket ikkje blir påklaga eller at Landbruksdirektoratet kommer fram til same resultat. 2
Det går klart fram av kommunen sitt vedtak kva som er grunngjevinga for at dei har kome fram til at det er tale om ei driftseining, samstundes som klagar har grunngjeve kvifor det ikkje er tale om ei driftseining. Fylkesmannen er på bakgrunn av dette av det syn at saka er tilstrekkeleg opplyst, jf. fvl. 17, til at det kan fattast ei avgjerd i saka. Det er i skriv datert 14.01.2016, som var lagt ved søknad om konsesjon, vist til at Baroniet ikkje har nytta seg av eigedomen og at Baroniet ikkje driv vanleg jord- og skogbruksproduksjon. Gnr. 64, bnr. 16 har ikkje blitt drevet på mange tiår, og det er vanskeleg å nytte den til vanleg skogdrift som følgje av at det ikkje er meir enn 130 dekar produktiv skog som kan takast ut. I tilleggsmerknadar frå 24.02.2016 blir det vist til at gnr. 64, bnr. 16 ikkje inngår i drifta til Baroniet. Det blir vist til at det i hovudsak er kulturell aktivitet som er den vesentlege drifta, men at det også er sauedrift med 150 vinterfora sau. Det er ikkje driftsapparat om konseptet skulle bli endra, og Baroniet nytter seg av kjerneområde som ligg i nærleiken av Baroniet. Det blir vidare vist til avstanden mellom driftssenteret Baroniet og gnr. 64, bnr. 16 som er på rundt 15 km, og at store deler av gnr. 64, bnr. 16 ligg innanfor Folgefonna nasjonalpark. I notat frå Baroniet i Rosendal blir det vist til Lov om bunde jordgods frå 1888, og at godset ikkje er ei driftseining, men eit jordgods under oppløysning. Ein er difor av det syn at det ikkje er aktuelt å handsame saka etter jordlova. I klagen frå 15.04.2016 blir det vist til tidligare skriv som har blitt sendt til kommunen, og at ein framleis er av den oppfatning at det ikkje er tale om ei driftseining. Fylkesmannen fekk tilsendt tilleggsmerknadar frå advokat Endre Grande den 07.06.2016. I samband med vurderinga om det er tale om ei driftseining, blir det vist til tidligare skriv og at ein framleis er av den oppfatning at det ikkje er tale om ei driftseining. Det blir elles vist til ei rekkje andre forhold som ein meiner ikkje er riktig, og at vedtaket til kommunen som følgje av dette har blitt fatta på uriktig grunnlag. Det blei samstundes bede om at Fylkesmannen må komme på synfaring. Kommunen har uttalt dette i samband med saksutreiinga knytt til vedtak 16.03.2016: «Baroniet sin landbrukseigedom er blant dei største i vår kommune. Det er nyleg bygd sauefjøs til 150 vinterfora sau. Det er store landbruksressursar på Baroniet sine eigedomar i form av dyrka jord, beite, skog, hjorteløyver og kulturlandskap. Investering i skog er langsiktig, men utgjer like fullt ein del av ressursane på eigedomen. Sjølv om eventuelle beiteressursar på gnr/bnr 64/16 ikkje vert nytta i dag, kan det nyttast i framtida. Når fleire registereiningar er på same eigarhand, utgjer det ein driftseining (side 13 i rundskrivet). På side 16 er det kommentert at det ikkje er automatikk i dette, men skal vurderast konkret. Det at det det er 15 km frå driftssenteret er ikkje til hinder for drive brukseiningane i lag. Avstanden er heller ikkje til hinder for å drive skogen og jakte hjort.» I klagesakshandsaminga viste kommunen til at eigedomane ikkje har hamna tilfeldig på Baroniet si eigarhand, og at det er mogeleg å nytte seg av arealressursane på eigedomane sjølv om den ligg 15 km. unna driftssenteret. 3
Det blir i 1 i lov indeholdende særlige Bestemmelser angaaende Leilændingsgods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v. angjeve kva for føringar som må leggjast til grunn i samband med frådeling, og føresegna lyder slik: «Stamhusbesidder skal være berettiget til, uden forudgaaende Bevilling og uden Hensyn til derimod stridende Bestemmelser i vedkommende Stiftelsesbrev eller Oprettelsesdokument, at afhænde Stamhusets Leilændingsgods i enkelte Gaardsbrug eller i mindre Parceller.» Lova er frå 1888 og det er på bakgrunn av dette vanskeleg å finne forarbeid og eventuell rettspraksis som vil kunne vere rettleiande. Fylkesmannen vil i samband med dette visa til Ot.prp.nr.72 (1993-1994) under kap. 4.2.1, kor ein innleiingsvis visar til historia bak jordlova. Det blir her uttalt: «Jordlova av 1928 bygde i stor utstrekning på eit sosialt grunnlag. Lova tok mellom anna sikte på avvikling av husmanns-, bygsel- og leilendingsvesenet.» Det har i seinare tid skjedd fleire endringar, kor det er ny lov i 1955 og 1995 som skillar seg ut i denne samanheng. Likevel er det klart at jordlova har kome etter lov indeholdende særlige Bestemmelser angaaende Leilændingsgods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v. Som følgje av lex posterior-prinsippet er Fylkesmannen av det syn at lov indeholdende særlige Bestemmelser angaaende Leilændingsgods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v., må tolkast i lys av jordlova når det gjeld landbrukseigedomar. Etter Fylkesmannen sitt syn må 1 i lov indeholdende særlige Bestemmelser angaaende Leilændingsgods tilhørende Stamhuse og visse Stiftelser m.v. tolkast slik at føresegna gir føringar for kva slags rettsstiftingar som kan føretakast av «Stamhusbesidder». Sjølv om det tilsynelatande går fram at det ikkje er nødvendig å ha samtykkje til frådeling, tolkar Fylkesmannen det slik at dette gjeld i samband med kva slags retter og disposisjonar som ein kan tillate seg. Dette inneberer at det kan søkast om frådeling og avtalast sal, utan å måtte innhente samtykke før slik avtale blir inngått eller det blir sendt søknad. Utover dette gjeld anna regelverk, til dømes jordlova. Det er i Ot.prp.nr.72 (1993-1994) på side 84, knytt til driftseining uttalt: «Det gjeld utan omsyn til at ein eigedom har fleire registernemningar når eigedomen eller ein ideell del av han er på same eigarhand og etter departementet sitt skjønn må reknast som ei driftseining.» I rundskriv M-1/2013 under punkt 7.3.3 går det fram at det er tale om ei skjønnsmessig vurdering. Det er to kumulative vilkår som følgjer av 12 sjette ledd, om registernemningane er på «same eigarhand» og om det «må reknast som ei driftseining». 4
Det følgjer av matrikkelen at ervervet av gnr. 64, bnr. 16 ble tinglyst i 1934 og det er ikkje tvil om at registernemningane er på same eigarhand i denne saka. Spørsmålet er om det «må reknast som ei driftseining». Det blir i samband med dette i rundskriv M-1/2013 under punkt 7.3.3 uttalt: «Selv om flere eiendommer er på «same eigarhand», kan de ikke automatisk regnes som en driftsenhet i jordlovens forstand. Det må foretas en konkret og individuell vurdering. Det er ikke nok at de er egnet til å drives sammen. En må være spesielt nøye med vurderingen der eiendommene er kommet på samme eierhånd ved en tilfeldighet. Ved vurderingen av om en kan regne eiendommene som en driftsenhet er det av betydning om de ulike eiendommene ligger slik til at de rent faktisk egner seg for å drives sammen. Den driftsmessige avstanden er et moment i vurderingen. Det samme er om eiendommene har vært drevet sammen. Det er ikke noe krav om at eiendommene skal være drevet sammen en viss tid.» Eigedomen gnr. 64, bnr. 16 ligg rundt 15 km. unna driftssenteret til Baroniet på Rosendal. I praksis har det vore lagt til grunn at det kan vere ein viss avstand mellom dei enkelte eigedomane og driftssenteret, men denne bør ikkje vere for stor. Det går likevel ikkje fram av matrikkelen kva slags omsetnadstype det er tale om, om det var som følgje av sal eller gåve, men sidan Baroniet tidligare har kjøpt opp ein del eigedomar i Kvinnherad, må det etter Fylkesmannen sitt syn tilseie at eigedomen ikkje har kome på Baroniet si eigarhand ved tilfeldighet. Det visast i samband med dette til at ervervet er tinglyst i 1934, og at eigedomen var overdratt frå landbrukseigedom gnr. 64, bnr. 2. I samband med dette er det relevant kva for arealressursar som er knytt til dei ulike gards- og bruksnummera. Avstand vil i større grad ha innverknad på vurderinga dersom det er tale om jordressursar som fulldyrka, overflatedyrka eller innmarksbeite, då det ikkje bør vere for stor avstand mellom jord som skal drivast saman. Dette i motsetnad til skog kor det ikkje er nødvendig å ha like mykje tilsyn eller stille dei same krav til vedlikehald og skogspleie fram til skogen er hogstmoden. Ved hogst av skog vil det ofte vere entreprenører som føretar sjølve hogsten, og det er såleis ikkje mykje grunneigar har med dette å gjere. Gnr. 64, bnr. 16 har noko skog som kan drivast. Denne skogen vil ikkje vere hogstmoden før om nærare 40-50 år ifølgje søkar. Vidare er det jaktrettar knytt til eigedomen som er på 3,5 hjort, men dei siste åra har vore rundt 2-3 dyr. Det har tidligare vore ein landbruksveg som gjekk inn til hogstfeltet på rundt 130 dekar, men denne har i stor grad grodd igjen. Denne må i tilfelle oppgraderast, alternativt byggjast ny veg. Det går fram av tilsendt informasjon at fire skogfelt ble planta med furu i 1991, og at det i 2001 ble søkt om midlar til å rydde skogen, men at dette ikkje ble noko av. Det har heller ikkje vore tatt ut skog i nyare tid, men det var noko hogst i 1959/60. Drifta til Baroniet som er knytt til landbruksverksemd går i hovudsak på sauedrift. Likevel er Baroniet eigar av ein god del skogeigedomar, og i eit langsiktig perspektiv er det ikkje 5
usannsynleg at Baroniet også vil kunne kome til å nytte seg av desse ressursane også. Sjølv om det er avgrensa med ressursar knytt til den aktuelle eigedomen, vil den likevel ha ei økonomisk verdi for Baroniet som landbruksverksemd. Dette i form av sal av jaktløyve og den verdien skogen vil ha i framtida. Fylkesmannen har på bakgrunn av dette kome fram til at eigedomen gnr. 64, bnr. 16 må sjåast på som ein del av driftseininga til Baroniet etter 12 sjette ledd. Gnr. 64, bnr. 12 kan såleis ikkje avhendast utan at det ligg føre samtykkje til frådeling etter jordlova 12 tredje ledd. Fylkesmannen vil likevel påpeike at det i samband med klagehandsaminga av vedtaket etter jordlova 12 tredje ledd, vil både avstanden frå driftssenteret og driftsutnyttinga av eigedomen vere relevante moment. Fylkesmannen har også mottatt informasjon frå Knut G. Døsvig om at nabobruk vil få hogstrett på eigedomen, noko som også vil kunne vere relevant i vurderinga etter 12 tredje ledd i jordlova. Som følgje av at søkar kan klage på dette vedtaket, vil ikkje Fylkesmannen ta stilling til dette før klagefristen har gått ut. Fylkesmannen vil også gjere søkar merksam på at nabobruk har i e-post datert 18.07.2016 meldt interesse for gnr. 64, bnr. 16. Dette er noko som vil kunne vere relevant ved handsaming av søknad om konsesjon. Det same gjeld at Knut G. Døsvig vil gje naboeigedom hogstrett. Vedtak: Fylkesmannen visar til si fråsegn, og har kome fram til at gnr. 64, bnr. 16 må sjåast på som ein del av driftseininga til Das Weis Rosenkronske Stiftelse. Vedtaket har heimel i lov om jord av 12.05.1995 nr. 23 12 sjette ledd. Søkar kan klage på dette vedtaket. Eventuell klage skal stilast til Landbruksdirektoratet, men sendast til Fylkesmannen. Sjå vedlagte skjema med nærare informasjon om klageretten. Med helsing Åse Vaag landbruksdirektør Trond Håkon Stadheim rådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal 6