HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland 2012-16 GLØD - prosjektet møter kompetanse- og rekrutteringsutfordringane i barnehagesektoren GLØD - prosjektet vart starta våren 2012 av Kunnskapsdepartementet. Prosjektet skal vare i fire år og består på nasjonalt nivå av eit breitt samansett nettverk med regionale nettverk i kvart fylke. GLØD - nettverket i Hordaland består av representantar frå dei tre høgskulane, Kommunenes organisasjon i Hordaland, studentrepresentant, representantar for kommunane, Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Fylkesmannen har ei koordinerande rolle for prosjektet. GLØD - kontaktar lokalt. Vi oppmodar kommunane om å finne fram til ein GLØD-kontakt blant engasjerte og «glødande» tilsette i kommunen som kan hjelpe til å finne og spreie dei gode historiene i barnehagesektoren. Viktige endringar dei siste 10 åra: Barnehageforliket i 2003 Stor vekst i utbygging av barnehageplassar Makspris i 2004 «En del av utdanningsløpet» Barnehagane overført til KD og til Utdanningsdirektoratet Rett til plass i 2009 Ny formålsbestemmelse 2010 Løyvingar auka med 19 mrd fra 2003 til 2011 Rammefinansering i 2011 Oppsummert: fleire barn, betydelig offentlig finansiering, auka ambisjonar for leik, omsorg og læring kombinert med lokalt sjølvstyre, varierande og/eller lav kompetanse og ein stor privat sektor: Utfordringar for kompetanse og innhald! Utfordringane vidare er å behalde og utvikle vidare kvaliteten og styrkje kompetansen for å gje alle barn eit godt og likeverdig barnehagetilbod. Framtidige planar: Ny rammeplan frå 1.1.2015. Implementering i 2014. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020 framlagt 15.august 2013 Udir har utarbeidda fleire rettleiarar til barnehagepersonalet til bruk i arbeidet med kvalitetsutvikling. Desse er lagt ut på http://www.udir.no/barnehage/pedagogikk/veiledere/ 1
Mål for arbeidet i GLØD Å styrke dei tilsette sin kompetanse for å gje alle barn eit godt og likeverdig barnehagetilbod gjennom Heve status for arbeid i barnehagar Behalde og vidareutvikle kompetansen i barnehagen Auka rekruttering av barnehagelærarar til barnehagen Auka kvalitet i barnehagelærerutdanninga Auka rekruttering av barne- og ungdomsfagarbeidarar til barnehagen Auka rekruttering av personar med relevant høgare utdanning til barnehagen Lokale tiltak knytt til rekrutteringskampanjen Planlegging av og deltaking på utdanningsmesser i regionen Omdømmebygging av barnehagelæraryrket og barnehagen som arbeidsplass, gjennom media, andre informasjonskanalar og møteplassar Andre aktuelle oppgåver: implementering og marknadsføring av ny barnehagelærarutdanning, mentorutdanning, rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar og andre kompetansetiltak for tilsette i sektoren. Spreie dei gode historiene frå barnehagesektoren vi treng aktive lokale aktørar Målgrupper Målgruppe er aktørar i barnehagesektoren, publikum generelt og potensielle søkjarar til utdanning for arbeid i barnehage - Studentar - Tilsette i barnehagen : pedagogar eller assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar - Ungdomsskule og vidaregåande elevar - Kommuneadministrasjon - Institusjonane som er representerte i nettverket Handlingsplanen Handlingsplanen skal sikre ein kontinuerleg prosess i GLØD knytt til overordna målsetjingar. Mål, tidsplan og ansvarsfordeling er i samsvar med oppdraget og føringar frå prosjektleiinga for GLØD i Kunnskapsdepartementet. Planen tek utgangspunkt i intern evaluering og lokale utfordringar. - Del 1- Overordna verksemdplan med mål og føringar for GLØD nettverket - Del 2- Arbeidsdokument til bruk for nettverket med arbeidsmål, tiltak og ansvarleg. Handlingsplanen er eit viktig styringsverkty for den samla aktiviteten i GLØD, og ein reiskap for å sikre at oppdraga blir utførte. Handlingsplanen tek utgangspunkt i sentrale 2
styringsdokument og gjer ein samla oversikt over mål og framdrift. Det vert lagt opp til eit nært samarbeid i nettverket med deltaking av institusjonane samla og kvar for seg etter behov. Utfordringar I Hordaland PUB studiet kom ikkje i gang i 2013 på grunn av manglande søkjartal i Hordaland. I høve til dei to siste åra søkte færre til assistentstudiet som gjev 15 studiepoeng. GLØD gjennomførte difor ei spørjeundersøking i regionane der tilsette vart spurt om kva som var grunn til at dei ikkje hadde søkt. Ein viktig grunn til at tildsette ikkje søkte på etter- og vidareutdanningstilbod er at ein del barnehagar opplever at reduserte økonomiske rammer fører til redusert vikarbruk ved fråver. Dei melder om at dette er belastande for kollegiet. Mange ulike tilbod og ynskje om auka støtte frå arbeidsgjevar vart også oppgjeven som årsak. Hordaland har generelt ikkje særleg store utfordringar når det gjeld å oppfylle kravet til pedagogisk bemanning i barnehagane. Hordland har mange assistentar utan formell fagkompetanse som barnehagelærar eller barne - og ungdomsarbeider. I følgje årsmeldsing 2012 har Hordland mange tilsette i assistenstillingar som ikkje har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Den nasjonale satsinga som skal sikre barnehagefagleg kompetanse for denne gruppa er blir fokusert på i GLØD i Hordaland. Dette vil vera i tillegg til hovudmålet som er å rekruttere til barnehagelæraryrktet og å oppfylle mål om auka talet mannlege tilsette i barnehagane. Kompetansetiltak 2013. Kr. 7 mill. til barnehagesektoren i fylket - Ordinære Kompetansemidlar tilsette i alle kommunar - PUB (pedagogisk utvikling i bhg) 30 st. poeng. - Studietilbod for Assistent/ barne- og ungdomssarbeidar 15 st.poeng, HSH og NLA i samarbeid; utsett søknadsfrist 30.8. = 34 søkjarar - Basiskompetanse for assistentar ;1 veke el. Tilsvarande - Støtte til Barne og ungdomsarbeiderfag - Auka samarbeid med kompetanseregionane Likestilling i Hordaland GLØD nettverket skal ha oppgåver som likestillingsutval frå hausten 2013. Det gjeld for oppgåver relater til mål for GLØD. Statistikk for Hordaland 2012 Utvalg Gjennomføring Sist oppdatert (SSB) Hordaland (2012) 2012 12.09.2013 3
Dispensasjon tilsette i barnehagane Dispensasjon ansatte i barnehagene Sum Antall styrere i alt 623 Andel styrere med midlertidig dispensasjon 1 % Andel styrere med varig dispensasjon 0,2 % Andel årsverk styrere med dispensasjon 0,8 % Antall pedagogiske ledere i alt 2 649 Andel pedagogiske ledere med midlertidig dispensasjon 6,7 % Andel pedagogiske ledere med varig dispensasjon 0,2 % Andel årsverk pedagogiske ledere med dispensasjon 5,6 % Antall styrere og pedagogiske ledere i alt 3 272 Andel styrere og pedagogiske ledere med midlertidig dispensasjon 5,6 % Andel styrere og pedagogiske ledere med varig dispensasjon 0,2 % Andel årsverk styrere og pedagogiske ledere med dispensasjon 4,8 % Utdanning tilsette i barnehagane Utdanning ansatte i barnehagene Sum Styrere med førskolelærerutdanning 595 Styrere med annen pedagogisk utdanning 20 Andel styrere med godkjent utdanning 98,7 % Pedagogiske ledere med førskolelærerutdanning 2 447 Pedagogiske ledere med videreutdanning i barnehagepedagogikk 9 Andel pedagogiske ledere med godkjent utdanning 92,7 % Assistenter 4 395 Assistenter med førskolelærerutdanning 43 Assistenter med barne- og ungdomsarbeiderfag 995 Samarbeidspartar GLØD nasjonalt og GNIST i Hordaland samarbeider om saker som er felles. Nettverksmedlemene samarbeider på sine egne arenaer med dei som er relevante. Roller / ansvarsfordeling Nettverket samarbeider om mål og planlegging og fordeler ansvar. Oppgåvene vert utført innanfor eigen organisasjon eller i samarbeid innad i nettverket/ på dei ulike arenaene. Fylkesmannen koordinerer og samarbeider etter behov med nettverksmedlemene. Regionane 4
Studentrepresentanten er medieansvarleg og administrator for Facebooksida GLØD i Hordaland, saman med koordinator v. Fylkesmannen. Møteplan Møte annankvar månad i Statens Hus. Koordinator innkallar i mellomperiodar til møte med heile eller deler av nettverket etter behov og sakstype. Oppfølging Resultatoppfølging er viktig for å sikre at GLØD er på rett kurs. Rapporteringa skjer i nettverksmøtene. Enten skriftleg (før møtet) eller i møtet. Fylkesmannen rapporterer om GLØD sitt arbeid til GLØD nasjonalt og i årsrapporten for embetet. 5