SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD
ADRESSE COWI AS Fosshaugane Campus Trolladalen 30 6856 Sogndal Norge TLF +47 02694 WWW cowi.no SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD OPPDRAGSNR. 137054 UTGIVELSESDATO 25.05.2012 UTARBEIDET KONTROLLERT GODKJENT STEINAR NES HELGE HENRIKSEN STEINAR NES
COWI SKREDFAREVURDERING ØVSTUS, GRANVIN HERAD INNHOLD 1 Samandrag 1 2 Innleiing 2 3 Grunnlag 3 4 Generell vurdering av skredfare 4 5 Undersøkingar av skredfare 5 5.1 Grunntilhøve 5 5.2 Vegetasjon 6 5.3 Topografi 7 5.4 Drenering 8 5.5 Tidlegare skredhendingar 8 6 Vurdering av skredfare 9 7 Konklusjon 12
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 1 1 Samandrag Granvin herad vil vurdera skredfaren i område som i kommuneplanen er sett av til bustader. Målet er å finna ut kva område som er eigna til bustadbygging. Til grunn for vurderingane av skredfare ligg Byggteknisk forskrift (TEK10) i Plan og Bygningslova. Særskilt vert det vist til 7.3. Området på Øvsthus tilfredstiller kravet til tryggleik mot skred for tryggleiksklasse S2 i TEK10 7.3. Me rår likevel at ein: - unngår større inngrep der det ikkje skal byggjast bustader, som fjerning av all skog, noko som kan auke snøskredfaren.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 2 2 Innleiing Granvin kommune vil vurdera skredfaren i område som i kommuneplanen er sett av til bustader. Målet er å finna ut kva område som er eigna til bustadbygging. I konsekvensvurderinga i arealdelen til Granvin sin kommuneplan ligg Øvsthus inne med krav om geoteknisk vurdering som grunnlag for arbeidet med reguleringsplan. COWI AS er engasjerte til å vurdere skredfaren i dette området, som er synt på fig. 1. Fig. 1 Kartet utarbeida av Granvin kommune syner området tenkt til bustader.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 3 3 Grunnlag Til grunn for vurderingane av skredfare ligg Plan- og Bygningslova med tilhøyrande teknisk forskrift (TEK10). Særskilt vert det vist til 7.3 i TEK 10. I høve til tryggleik mot skred skal nye bustader i tryggleiksklasse (S2) plasserast der det nominelle årlege sannsynet for skred ikkje er større enn 1/1000 (høgst eitt skred pr. 1000 år i gjennomsnitt). I tillegg er følgjande dokument og kjelder nytta i vurderingsarbeidet: - plankart utarbeida av Granvin herad - www.skrednett.no - digitale kartdata - kommunedelplan for Granvin herad - KU-arealplan 2009 Området vart synfart den 29.03.12 av juniorgeolog Steinar Nes. Området vart synt fram av Ebbe Dam Meinild, Granvin kommune. Skredfaren er vurdert etter retningslinjene i NVE sin rettleiar 2/2011 "Flaum og skredfare i arealplanar".
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 4 4 Generell vurdering av skredfare Skred omfattar steinsprang/steinskred/fjellskred, jordskred, flaumskred, snøskred og snøsørpeskred. I dei nasjonaldekkande aktsemdskarta for steinsprang og snøskred er det synt område der ein skal syne aktsemd i arealdisponeringa. Steinsprang har eit teoretisk løysneområde frå fjellskrentar brattare enn 45 grader. Aktsemdskarta ( www.skrednett.no )for steinsprang vert framstilt på grunnlag av ein digital høgdemodell der område med terrenghelling >45 grader automatisk vert klassifisert som løysneområde for steinsprang. Snøskred vert normalt løyste frå skråningar brattare enn 30 grader. I aktsemdskarta (www.skrednett.no) er område med brattare terrenghelling enn 30 grader klassifisert som løysneområde for snøskred. Påfølgjande datamodelleringar gir utløpsdistansar (rekkevidde) frå løysneområda. Utløpsområda vert berekna automatisk utan omsyn til effekten av lokale faktorar, som for eksempel skog. Aktsemdskarta er basert på ein landsdekkande terrengmodell (Statens kartverk) med oppløysing 25*25 meter, der datagrunnlaget hovudsakleg er basert på 20 meters koter. Det er ikkje gjort feltbefaringar i arbeidet med dei nye aktsemdskarta. Ved planar om nye eller utviding av eksisterande bygg som ligg innanfor aktsemdsområda, må det utførast nærare undersøkingar av farenivå for å finne grensa for skred med dei ulike sannsyn som er gitt i TEK 10, 7.3 (VEDLEGG 1). Aktsemdskarta syner at planområdet ligg innafor løysne- og utløpsområde for snøskred og utanfor utløpsområde for steinsprang (Fig. 8 og 7). For steinskred/fjellskred, jordskred, flaumskred og snøsørpeskred er det ikkje laga landsdekkande aktsemdskart. Her må skredfaren verte vurdert særskilt. Jordskred vert løyst generelt der terrenghellinga er større enn 27 grader. Flaumskred oppstår vanlegvis i samband med ekstreme nedbørssituasjonar som følgje av aktiv erosjon og materialtransport langs bratte vassdrag og bekkeløp med mykje lausmassar. Snøsørpeskred er skredmassar av sterkt vassmetta snø. Dei rører seg i stor fart, og kan også føre med seg noko jord og stein materiale. Snøsørpeskred vert løyste frå ei rekke område der vatn blir tilført og akkumulert i snødekket.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 5 5 Undersøkingar av skredfare Til grunnlag for skredfarevurderinga er ei synfaring av terrenget der ein ser på topografi, grunn- og vegetasjonstilhøve og drenering. I tillegg kjem kartanalysar ved bruk av IT-verktøy og vurdering av tidlegare skredhendingar. 5.1 Grunntilhøve Bergarten i området er fyllitt/glimmerskifer. Dette er ein bergart som forvitrar lett og det meste av området er dekka av forvitringsmateriale (Fig. 2; Fig. 3). Nokre stader finst det eit tynt dekke av grov morene. Nokre kollar, små ryggar og brattkantar er ikkje overdekka. Sørvestlege del av området er dyrka mark/beitemark. Fig. 2 Lausmassekart henta frå www. NGU.no.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 6 Fig. 3 Bileta syner typiske grunntilhøve i området. 5.2 Vegetasjon Området er stort sett dekka med tett blandingsskog (Fig. 4). Områda som ikkje er dekka med skog er dyrka mark/innmark. Fig. 4 Bilete syner vegetasjonen i området. Her finst blandings-, gran- og furuskog.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 7 5.3 Topografi Området ligg i hovudsak på ein sørvestleg hellande slak ryggformasjon. På terrenghellingskartet utarbeida i ArcGis av COWI AS er det ingen skrentar som er brattare enn 45 grader (Fig. 5). Kartet er laga på grunnlag av 5 meterskoter, og vil då i realiteten kunne syne alle terrenghellingar som er over 45 grader som strekker seg meir enn 5 høgdemeter. Nordvest for ryggen er det eit område som er litt brattare, mellom 30-45 grader. Fig. 5 Kart som syner terrenghelling. Fargane indikerar hellinga. Grøn under 30 grader, gul er mellom 27-45 grader og raud over 45 grader. Planlagt område for bustader innafor svart heiltrukken linje.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 8 5.4 Drenering Det renn ei lita elv gjennom planområdet (Fig. 6). Denne renn gjennom eksisterande byggjefelt ned og under fylkesveg 572 og inn i planområdet i søraustlege del. Elva renn i eit tydeleg elveløp. Fig. 6 Biletet syner korleis elva er leia mellom husa i eksisterande byggjefelt. 5.5 Tidlegare skredhendingar I den nasjonale skreddatabasen (www.skredatlas.no) er det ingen opplysingar om skredhendingar i dette området. Under synfaringa vart det ikkje registrert spor av skredhendingar i terrenget.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 9 6 Vurdering av skredfare Steinsprang Området som er vurdert ligg utanfor utløpsområde for steinsprang i aktsemdskartet (Fig. 7). Også terrenghellingskartet syner at området ikkje har skrentar brattare enn 45 grader som strekker til meir enn 5 høgdemeter. Over området i søraustlege del er det ein skrent, men etter synfaring fann me ingen lause blokker som vil kunne nå over vegen og inn i området. Planområdet ligg utanfor aktsemdskartet for steinsprang og etter synfaring ser me på sjansen for at eit steinsprang løysnar og når området som mindre enn 1/1000 per år. Fig. 7 Utsnitt frå aktsemdskart for steinsprang (www.skrednett.no) som syner løysneområde (mørk grå skravur) og utløpsområde (lys grå skravur). Vurdert planområde er merkt med stipla linje.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 10 Snøskred På aktsemdskartet for snøskred ligg delar av område innafor aktsemdsgrensa (Fig. 8). Under synfaringa vart det gjort vurderingar i høve dette. Sør i området er det ein brattskrent som er merkt som løysneområde. Dette er ein vegskjæring med eit kort bratt parti over. Det vert ikkje "lasta" inn mykje vindtransportert snø pga. terrengtilhøve og skog. Dette fører til at det ikkje kan samlast nok snø til at eit snøskred skal kunne nå området. Nord i planområdet er det i terrenghellingskartet fleire område som er over 30 grader og då potensielt kan vere løysneområde for snøskred (Fig. 5). Desse områda ligg stort sett langt nede i planområdet. Eventuell bygging av bustader i desse løysneområda vil eliminere denne faren. Områda lenger oppe er små og ligg i tett skog. Me vurderer difor at planområdet har tilstrekkeleg med naturleg sikring mot snøskred i høve til krava i TEK 10 7.3 om høgst ei skredhending per. 1000 år. Fig. 8 Utsnitt frå aktsemdskart (www.skrednett.no) for snøskred. Løysneområde er markert med mørk rayd skravur, utløpsområde med lys raud skravur. Vurdert planområde er merkt.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 11 Jordskred Mykje av området er slakare enn 27 grader (Fig. 5). Dei øvre områda inneheld stort sett grovt materiale som drenerar godt og tjukkelsen er liten. Dette fører til lite poretrykk i massane og mindre sjanse for jordskred. Lenger ned i området har lausmassane større finstoffinnhald. Men her går det vegar i overkant av områda. Desse vegane har grøfter som drenerar bort vatnet som kjem ovanfrå. Dette er gunstig og minkar sjansen for jordskred. Det er ikkje observert teikn til tidlegare jordskred i området. Me ser difor på sjansen for jordskred i området som mindre enn 1/1000 per år. Flaum- og snøsørpeskred Elva som går inn i området har eit relativt lite nedslagsfelt. Den er lite masseførande pga lite tilgang på nytt materiale (lite steinsprang osv). Dette fører til at det blir mindre sjanse for demming av elveløpet som kan føre til flaumskred. Elva går også i eitt relativt godt definert løp, noko som gjer at sjansane er små for at den skal hoppe ut og ta eit anna løp. Ved eventuelle snøsørpeskred over eksisterande bustader vil desse verke som ei sikring for bustader under. Desse høva gjer at me ser på sannsynet for flaumskred og snøsørpeskred i området som mindre enn 1/1000 per år.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 12 7 Konklusjon Område for bustader har tilfredstillande tryggleik mot skredfare i høve til TEK 10 7.3. Me rår likevel til at ein: - unngår større inngrep der det ikkje skal byggjast bustader, som fjerning av all skog, som kan auke snøskredfaren.
SKREDFAREVURDERING ØVSTHUS, GRANVIN HERAD 13 VEDLEGG 1: TEK 10 Kapittel 7. Sikkerhet mot naturpåkjenninger 7-1. Generelle krav om sikkerhet mot naturpåkjenninger (1) Byggverk skal plasseres, prosjekteres og utføres slik at det oppnås tilfredsstillende sikkerhet mot skade eller vesentlig ulempe fra naturpåkjenninger. (2) Tiltak skal prosjekteres og utføres slik at byggverk, byggegrunn og tilstøtende terreng ikke utsettes for fare for skade eller vesentlig ulempe som følge av tiltaket 7-2. Sikkerhet mot flom og stormflo (1) Byggverk hvor konsekvensen av en flom er særlig stor, skal ikke plasseres i flomutsatt område. (2) For byggverk i flomutsatt område skal sikkerhetsklasse for flom fastsettes. Byggverk skal plasseres, dimensjoneres eller sikres mot flom slik at største nominelle årlige sannsynlighet i tabellen nedenfor ikke overskrides. I de tilfeller hvor det er fare for liv fastsettes sikkerhetsklasse som for skred, jf. 7-3. Sikkerhetsklasse for flom Konsekvens Største nominelle årlige sannsynlighet F1 liten 1/20 F2 middels 1/200 F3 stor 1/1000 Tabell: Sikkerhetsklasser for byggverk i flomutsatt område (3) Første og annet ledd gjelder tilsvarende for stormflo. (4) Byggverk skal plasseres eller sikres slik at det ikke oppstår skade ved erosjon. 7-3. Sikkerhet mot skred (1) Byggverk hvor konsekvensen av et skred, herunder sekundærvirkninger av skred, er særlig stor, skal ikke plasseres i skredfarlig område. (2) For byggverk i skredfareområde skal sikkerhetsklasse for skred fastsettes. Byggverk og tilhørende uteareal skal plasseres, dimensjoneres eller sikres mot skred, herunder sekundærvirkninger av skred, slik at største nominelle årlige sannsynlighet i tabellen nedenfor ikke overskrides. Sikkerhetsklasse for skred Konsekvens Største nominelle årlige sannsynlighet S1 liten 1/100 S2 middels 1/1000 S3 stor 1/5000 Tabell: Sikkerhetsklasser ved plassering av byggverk i skredfareområde