STATENS NATUROPPSYN Konkurransegrunnlag: «Naturoppsynstenester i Stølsheimen landskapsvernområde og områder som grenser naturleg til i Hordaland og Sogn og Fjordane» Tilbodsfrist: 20. desember 2012 Tilbodet vert å sende pr post til Statens naturoppsyn, 7485 Trondheim.
1. GENERELL SKILDRING 1.1. Oppdragsgjevar Direktoratet for naturforvaltning v/statens naturoppsyn (SNO) vil vere oppdragsgjevar for den som får tilbodet. Statens naturoppsyn (SNO) er miljøforvaltninga sitt operative feltorgan. SNO fører tilsyn med naturtilhøva og at det som miljølovgivinga bestemmer vert overheldt. Vegleiing og informasjon er ein viktig del av dette arbeidet. På same tid utførar SNO registrering, tiltak og skjøtsel på oppdrag frå forvaltningsmyndigheita. Tilsynsoppgåva er todelt og retter seg både mot tilsyn med naturtilhøva og tilsyn med mennesket si framferd i naturen. For nærare informasjon om Sno si organisering og verksemd syner me til våre heimesider på www.naturoppsyn.no. 1.2 Skildring av tilbodet Oppdraget omfattar naturoppsyn i Stølsheimen landskapsvernområde (Vik og Høyanger kommunar i Sogn og Fjordane og Modalen, Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland) og andre område som grenser naturleg til. Oppsynsoppgavene omfattar oppgaver skildra i Lov om statlig naturoppsyn, og vil i hovedsak bestå av: kontroll og vedlikehald av grensemerke og skilt informasjons- og tilretteleggingstiltak i verneområda informasjon til publikum og grunneiere om verneområda og vernebestemmelsene kontrollere at vernebestemmelser vert overheldt og gitte dispensasjonar vert fulgt registrering og dokumentasjon av naturtilstanden og andre tilsynsoppdrag i- og utenfor verneområda tilsyns- og skjøtselsoppgåver i verneområda For øvrig avtales konkrete oppsynsoppgåver, oppsynsområder og prioriteringar med bakgrunn i forvaltningsmyndigheita sine ynskjer og behov, i egen arbeidsplan. Om det dukker opp særlege behov/oppgåver som bør prioriterast kan arbeidsoppgavene endrast i avtaleperioden. Oppdragsgjevar stiller med naudsynt utstyr for gjennomføring av oppdraget, d.v.s feltmateriell, verktøy, skjøtselsutstyr med mer. Arbeidsleiar for oppdraget vil vere SNO Aurland v/kristoffer Ullern Hansen. 1.4 Deltilbud Det er ikkje høve til å levere inn tilbod på kun delar av tilbodet.
1.5 Kontraktsperiode Arbeidet skal verte utført i perioden 15. januar 2013 31. desember 2014. 1.6 Kontraktsverdi, timespris og omfang Tilbodet si totale kontraktsverdi er inntil kr 450 000 eks mva. Timepris vil vere mellom kr 220 kr 250 eks mva, avhengig av kvalifikasjonar og røynsle. I tillegg vert bilkøyring og diett godtgjort iht staten sine satsar. SNO tek atterhald om bortfall av planlagt finansiering av oppdraget eller manglande godkjenning frå politisk hold. 1.7 Viktige datoer Aktivitet Tidspunkt Konkurranse vert offentliggjort på www.naturoppsyn.no 4. des 2012 Konkurranse vert offentliggjort i lokalavis 4. des 2012 Frist for å levere tilbod 20. des 2012 Melding om tildeling 2. jan 2013 Kontraktsinngåing 10. jan 2013 Tidspunkt for melding om tildeling og kontraktsinngåing er omtrentlig gjeve. Tilbod som ikkje er motteke innan 20. desember 2012 vil ikkje bli vurdert. 1.8 Melding om kven som vert tilbydd kontrakt SNO si avgjerd om kven som er vald som leverandør vil bli meld samtidig til alle som har levert tilbod, og i rimeleg tid før kontrakt vert inngått med vald leverandør Meldinga vil innehalde ein kort grunngjeving for valet og gje ein frist for å klage over avgjerda. 1.9 Avlysning av konkurransen eller totalforkastelse SNO har rett til å avlyse konkurransen eller å forkaste alle tilbod om det ligg føre sakleg grunn for dette.
2. REGLER FOR GJENNOMFØRING AV KONKURRANSEN OG KRAV TIL TILBOD 2.1 Regler for konkurransen Anskaffelsen vert regulert av lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Denne anskaffelsens totale anslegne verdi er under den nasjonale terskelverdi på kr 500 000 ekskl. mva. Konkurransen vert gjennomført etter forskriftas alminnelege bestemmelser (del I) og dei bestemmelsene som følgjer av dette konkurransegrunnlaget. Anskaffelsen vil bli gjennomført som ei tilbodskonkurranse utan forhandlingar. For å sikre konkurranse har SNO kunngjort anskaffelsen i ei lokalavis. 2.2 Vedståelsesfrist Leverandør er bundet av tilbudet frem til 31. januar 2013. 2.3 Tilleggsopplysninger Om leverandøren finn at konkurransegrunnlaget ikkje gjev tilstrekkeleg vegleiing, kan han/ho skriftleg be om tilleggsopplysningar hos oppdragsgjevar ved oppdragsgjevar sin kontaktperson. 2.4 Kommunikasjon og kontaktperson vedrørande tilbodet Spørsmål om tilbodet, kan rettast til: Kristoffer Ullern Hansen, mobil 970 97 720, mail: kristoffer.hansen@dirnat.no 3. OBLIGATORISKE DOKUMENTASJONKRAV 3.1 Skatteattester, merverdiinnbetaling og HMS Leverandøren skal ha ordna tilhøve m.h.t. skatteinnbetaling og merverdiinnbetaling. Leverandøren skal ha eit fungerende HMS- system. Med tilbudet skal det difor vedleggast: - skatteattest for betalt skatt og merverdiavgift (attestene skal ikkje være eldre enn 6 måneder rekna frå tilbodsfristens utløp) - utfylt og underteikna HMS-eigenerklæring (mal for egenerklæring ligger på: http://www.anskaffelser.no/dokumenter/hms-erklaering) 3.2 Kvalifikasjonskrav Leverandøren skal stadfeste at han/ho er registrert i foretaksregisteret og skal oppgje organisasjonsnummer i tilbodsbrevet. Leverandøren skal ha god og relevant røynsle frå tilsvarande oppdrag. I samband med registrering og dokumentasjon av naturtilstanden er det krav om god artskunnskap. Vidare skal leverandøren ha god geografisk lokalkunnskap for den regionen der oppsynsoppgåvene skal verte utført.
Det er eit krav at leverandøren skal ha gjennomført basiskurs i naturoppsyn eller tilsvarande. Med tilbodet skal difor vedleggast: - Liste over 3 relevante oppdrag, inkludert deres verdi, tidspunkt og oppdragsgjevar (kontaktperson for referansesjekk) - Dokumentasjon på gjennomført «basiskurs i naturoppsyn» eller tilsvarande. 4. TILDELINGSKRITERIER Tildeling av kontrakt vil skje på grunnlag av det mest fordelaktige tilbodet, basert på følgjande kriterier (uprioritert rekkefølge): kompetanse hos personer som skal utføre oppdraget relevant røynsle frå tilsvarande oppdrag referansar gjennomføringsevne 5. INNLEVERING AV TILBOD OG TILBODSUTFORMING 5.1 Innlevering av tilbod Tilbodet skal være skriftlig og sendes pr. post til Statens Naturoppsyn 7485 Trondheim. Tilbodet skal være merket med Naturoppsynstenester i Stølsheimen». 5.2 Tilbodets utforming Tilbodet skal innehalde: Datert og signert tilbodsbrev med aksept av vilkår i konkurransegrunnlaget og kontaktinformasjon til leverandøren sin kontaktperson Skatteattest for skatt Skatteattest for merverdiavgift HMS-egenerklæring Liste over 3 relevante oppdrag, inkludert deres verdi, tidspunkt og oppdragsgjevar CV for personar som er tiltenkt roller ved gjennomføring av oppdraget. Gjennom å oppgje disse personene forplikter tilbyder seg til å dedikere disse til oppdraget. CV n skal innehalde opplysningar om: o Personalia o Nøkkelkvalifikasjonar o Utdanning: Årstall, institusjon, fag o Røynsle: oppdrag/oppdragsgjevarr, tidsrom, roller, arbeidsoppgåver Leverandøren er sjølv ansvarleg for at alle spørsmål, krav og avklaringspunkt vert svara på og dokumentert i tilbodsbrevet.
6. KONTRAKTSMESSIGE TILHØVE SNO nytter eiga avtale for tenestekjøp.