Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008. Handlingsplan 2008



Like dokumenter
PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

KUNNSKAPSLØFTET: PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING FOR PEDAGOGISK PERSONALE I GRUNNSKOLENE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kommunedelplan for oppvekst


Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

HANDLINGSPLAN Side 1

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Strategi for kompetanseutvikling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE ETTER FEM ÅR Status, utfordringar og vegar vidare Elaine Munthe 18. mars 2015

Foreldreundersøking i skule 2006

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KUNNSKAPSLØFTET PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I VERDAL OG LEVANGER KOMMUNER MÅLGRUPPE PERSONALE I GRUNNSKOLEN

Vurderingsrettleiing 2012

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

VIDEREUTDANNING KOMPETANSEKRAV KOMPETANSEPLANLEGGING. 5. november 2015

Sel kommune Utskrift av møtebok

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Plan for forvaltningsrevisjon

KS: Utviklingsrettleiarane: Inger Marie Evjestad

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Saksframlegg. 2. Formannskapet støtter det foreslåtte budsjett for bruk av kompetansemidler 2008

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Vaksenopplæring - Livslang læring -

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Bakgrunn for Kunnskapsløftet

kompetanseplan Kompetanseplan for skulane i Hareid kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLINGA I GRUNNOPPLÆRINGA I VESTNES KOMMUNE

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

PRIORITERINGAR OG RETNINGSLINJER FOR VIDAREUTDANNING I GRUNNSKULEN I KVINNHERAD KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

System for kvalitetsvurdering av verksemda etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

Vår ref: Deres ref Saksbehandler Dato 2012/ Knut Olav Dypvik

Innhald 1:Innleiing :Vidareutdanning Nasjonal satsing Regionalt samarbeid Regionalt prioriterte

Kvalitetsundersøking våren 2014

St.meld. nr. 21 ( )

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Barnehagesaker. 1) Kompetansestrategien 2) Revisjon av Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver 3) Innmelde korttema

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Trygg og framtidsretta

Kompetanse for kvalitet

Ungdomstrinnsatsinga

Bratsberg skole. Arbeidsløype spesialpedagogikk

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar. Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Presentasjon Utdannings- og oppvekstmøte Onsdag Bjørnar Fjellhaug skule- og kultursjef- Kirsten Råheim rektor Bygstad skule

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Satsingar for 2015 for barnhage og opplæring -

AVDELING 27 Gol skule og SFO. ANSVAR: 3111, : Gol skule 3121: SFO (ikkje i bruk)

Motivasjon og mestring for bedre læring

Saksgang ved avklaring knyttet til mulig behov for spesialundervisning. PPT for Ytre Nordmøre v/ leder Tormod Sandvik

Rådmannsutvalet Førde

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Transkript:

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005 2008 Handlingsplan 2008

Bakgrunn Nasjonale og internasjonale kvalitetsundersøkingar har vist at det er mykje bra i norsk skule, men at der og er område der kvaliteten bør hevast. Stortinget har difor gjort vedtak om ei større endring i opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule som blir kalla Kultur for læring. Det inneber at det i åra 2005 2008 skal det gjennomførast ei rekkje reformer for å gjere elevane i grunnopplæringa og vidaregåande skule betre i stand til å møte utfordringane frå kunnskapssamfunnet. Reformene er mellom anna nye og annleis oppbygde læreplanar, endring i fag og timefordelinga med m.a. obligatorisk 2. framandspråk for alle, innføring av nye tverrfaglege emne og prioritering av visse grunnleggjande ferdigheiter. Dette krev ei omfattande satsing på kompetanseutvikling for personalet i skulen. Endringane i samfunnet går i dag fort, og dette påverkar også skulen. Skal skulen makte å tilpasse seg desse endringane, er det viktig at skulen er ein endringsviljug og lærande organisasjon der både kvar enkelt og organisasjonen oppdaterer kunnskapen sin. Ansvar for kartlegging, prioritering og gjennomføring av kompetanse-tiltak er lagt til den einskilde kommune som skuleeigar. Lokale planar for kompetanseutvikling skal utarbeidast, bygd på dei nasjonale føringane. I perioden 2005 2008 vert det ytt betydelege beløp til kommunane til etter- og vidareutdanning av personalet i skulen. Det skal takast omsyn til den einskilde sitt behov for fornying så vel som skuleeigar sine behov. Lokale tilhøve Skulane i Norddal har i mange år hatt høgt utdanna og godt kvalifisert undervisningspersonale. Skulane har også på ulike område vore i forkant av utviklinga og har alt skaffa seg ein del kompetanse og erfaring innanfor nokre av dei områda som no blir spesielt vektlagde. Det gjeld mellom anna skulebasert vurdering, tilpassa undervisning, skulen som lærande organisasjon, digital kompetanse og leseprosjekt. Men den nye reforma vil stille mange nye krav. Dei nye læreplanane gjev m.a. større fridom i val av arbeidsmåtar, og dette stiller også større krav til kompetanse hos lærarane. Mål Gjennom eit kompetanseløft skal skuleleiarar, lærarar og assistentar gjerast i stand til å møte utfordringane knytte til dei endringar i innhald og struktur som utdanningsreforma inneber. Rett og god kompetanse er ein føresetnad for at reforma skal lukkast. Og det må arbeidast målretta over tid. Derfor yter staten ekstra økonomiske ressursar til etter- og vidareutdanning når kommunen har laga plan for prioriteringa og bruken av midlane. Det er og ein føresetnad at kommunen stiller ekstra ressursar til rådvelde i denne satsinga. Lokale mål Det ansvaret skuleeigar har for kompetanseutvikling inneber også ansvar for å utvikle lokalt tilpassa metodar og rutiner for vurdering av skulen sin kvalitet. Ekstern skulevurdering og systematisk oppfølgjing av nasjonale kvalitetsvurderingssystem er også viktige hjelpemiddel. Den einskilde skulen skal også utvikle ein kultur for heile tida å ta til seg og gjere seg nytta av ny lærdom, og vere ein arena der alle tek ansvar for og kjenner seg forplikta til å realisere felles mål. 2

Satsingsområde Kultur for læring peikar på fleire område som skal prioriterast når det gjeld oppbygging av kompetanse: Kompetanseutvikling for leiinga av den einskilde skulen. Eit godt og kompetent leiarskap er viktig for å utvikle ein velfungerande skule. Kompetanseutvikling for det pedagogiske personalet på fleire ulike område. Skulen som lærande organisasjon Betre tilpassa opplæring Nye læreplanar 2. framandspråk Fysisk aktivitet Utdannings- og yrkesrettleiing Vidareutdanning for det pedagogiske personalet i grunnopplæringa. Rekruttering og vidareutdanning til obligatorisk 2. framandspråk Prioriterte fag, slik som matematikk, naturfag, engelsk og norsk Lokale satsingsområde i Norddal Etter kartlegging av kompetanse hos personalet og vurdering av kompetanseutviklingsbehovet på den einskilde skule, er det laga ei prioritering av satsingsområda. I denne prioriteringa er det lagt vekt på skuleleiinga sitt behov og den einskilde sitt ønskje. Prioriteringa er også gjort i samråd med tillitsvald. Leiarutdanning Leiarutvikling for rektorar, stegleiarar og kontaktlærarar Skulen som lærande organisasjon Få innsikt i system for eigenvurdering og utvikling av skulen Utdanne skulevurderarar Tilpassa opplæring Den rommelege skulen samarbeidsprosjekt med RPPT Digital kompetanse Digital læringsplattform Målmedviten bruk av data i læringsarbeidet Nye læreplanar Samlingar, kurs og studiedagar for å gjere seg kjende med og arbeide etter nye læreplanar Norsk lese og skriveopplæring Etter- og vidareutdanning i norsk, m.a. retta mot begynnaroppl. i lesing og skriving Spesialpedagogikk retta mot lese- og skrivevanskar. Gi rom for lesing - leseprosjekt 2. framandspråk Etterutdanning i tysk Vidareutdanning i tysk, spansk eller fransk Matematikk og naturfag Rekruttere og etterutdanne lærarar med realfagkompetanse Fysisk aktivitet Etterutdanning i samarbeid med God helse- prosjektet for å auke den fysiske aktiviteten og velje ein sunn livsstil Utdannings- og yrkesrettleiing Etter- og vidareutdanning for rådgjevarar 3

Organisering Skuleeigar/kommunen sine oppgåver Kartlegging, vurdering og prioritering av kompetansetiltak på kommunenivå Fremje medverknad og medbestemming gjennom god personalpolitikk Utarbeiding, godkjenning og gjennomføring av plan for kompetanseutvikling Medverke til finansiering Samarbeide med andre kommunar og med utdanningsinstitusjonar Sørgje for evaluering og rapportering av gjennomførte tiltak Oppgåver for den einskilde skule Kartlegging, vurdering og prioritering av kompetansebehov ut frå tilsette sine ønskje og skulen sitt behov Utarbeide plan for kompetansetiltak ut frå kommunal plan. Setje i verk kompetansetiltak og rapportere gjennomførte tiltak Regionalt samarbeid Det er tilsett nettverkskoordinatorar i deltidsstillingar som skal tilrettelegge og samordne kompetansetiltak på Nordre Sunnmøre, og i samarbeid med høgskular og næringsliv hjelpe til med å utvikle området til å bli ein lærande region. Det er også etablert eit regionalt samarbeid om ekstern vurdering der det blir utdanna skulevurderarar, og der skulane i regionen blir systematisk vurderte etter ein plan. Norddal deltek aktivt i dette samarbeidet. Handlingsplanar 2005-2007 2005 I 2005 fullførte 2 lærarar vidareutdanning i norsk og 1 lærar vidareutdanning i matematikk. Det meste av kompetansemidlane vart brukt til etterutdanning. Alle rektorane og stegleiarar deltok på leiarkurs. Vidare deltok dei fleste lærarane i kommunen på matematikk-kurs. Av andre fagkurs som fleire deltok i var m.a. norsk, KRL, IKT, mat og helse, 2. framandspråk, rådgjeving. I tillegg vart det satsa på skulen som lærande oganisasjon og tilpassa opplæring. 2006 I 2006 blei det framleis bli satsa på leiarutdanning, spesielt retta mot skuleutvikling, læreplananalyse og leiaransvar for pedagogisk og strategisk bruk av IKT. Alle rektorane deltok på 2 eller fleire på kurs om dette. 2 stegleiarar starta på vidareutdanning (30 stp) i Leiing og rettleiing i organisasjonar ved Høgskulen i Ålesund. For lærarane var norsk det viktigaste satsingsområdet dette året, og dei fleste som underviser i norsk var med på eit slikt etterutdanningskurs. Andre fagkurs som hadde deltakarar var naturfag, teknologi og design, matematikk, fysisk aktivitet og helse, rådgjeving. 4

2007 I 2007 har det vore omfattande aktivitet. Etterutdanning i vurdering for alle leiarar og lærarar starta opp i samarbeid med andre kommunar på Nordre Sunnmøre. Professor Kari Smith har halde to kurs, og det har også vore vidare arbeid på den enkelte skule. Prosjekt Betre vurderingspraksis er i gong på Valldal skule, og det vil ha overføringsverdi til dei andre skulane. Tre skular var med på kurs i skuleutvikling ved systematisk bruk av LØFT-metoden. To lærarar har starta på vidareutdanning i matematikk i Sykkylven i samarbeid med Høgskulen i Volda, og to lærarar er også med på eit vidare- og etterutdanningstilbod i naturfag som Nordre Sunnmøre kompetanseregion og Høgskulen i Volda samarbeider om. Arbeid med å betre lese- og skriveopplæringa har halde fram ved kurset Språkpakka. To av stegleiarane på Valldal skule fullførte vidareutdanning i personalleiing. Har besøkt Vigra barneskule som er demonstrasjonsskule for innføring i verkstadopplegget dei bruker i spesialundervisninga.. Elles har det vore kurs i entreprenørskap og karriererettleiing, kurs i musikk, kunst og handtverk og deltaking innan Kosthald og fysisk aktivitet. Handlingsplan 2008 I 2008 har desse områda prioritet: For å dyktiggjer leiarar og lærarar i samband med innføring av Kunnskapsløftet, er det viktig å vidareføre dei områda som vi alt har starta på. Det gjeld å auke kompetanse i høve til planar,fag, profesjon og dugleikar. VURDERING Framhald med vurdering, både skulevurdering og elevvurdering, er i gong på alle skulane og på alle trinna. Professor Kari Smith er kurshalder i eit prosjekt som begynte 2007 og skal halde fram til 2009. Prosjektet Betre vurderingspraksis på barnetrinnet er i gong på Valldal skule, og erfaringar frå prosjektet vil overførast til dei andre skulane kontinuerleg. FAGLEG OPPDATERING Å dyktiggjere lærarane innanfor alle fag, særleg realfaga og framandspråk, er høgt prioritert. Etter- og vidareutdanning i matematikk og naturfag held fram. BRUK AV DIGITALT VERKTY Det er høg kompetanse på skulane når det gjeld bruk av digitale verkty, og her vert det satsa i stor grad på interne kurs og kollegalæring. Alle skulane skal no innføre First Class som læringsplatform, og her er det planlagt eksterne kurs. 5

LEIARUTDANNING Det vert satsa kontinuerleg på leiarutdanning. Det er behov for å innrette den meir mot den faglege leiinga i skulane, og meir opplæring i organisasjonsutvikling.og miljøarbeid. LESEOPPLÆRING Basiskunnskap, og spesielt leseopplæring, er svært viktig. Det vert satsa spesielt på begynneropplæring og didaktisk kompetanse generelt på barnetrinnet. ARBEIDSMETODAR I FÅDELT SKULE 66% av skulane i Norddal er fådelte. Planar, lærarutdanning osb. har dei siste åra skapt større utfordringar overfor dette skuleslaget. Finansiering 2008 Statlege midlar til kompetanseutvikling 143 000 Satsing på skuleleiarar og etter- og vidareutdanning for lærarar i 2007 Midlar stilt til disposisjon av skuleeigar til kompetanseutvikling 159 000 Dekning av vikarutgifter Midlar til regionalt samarbeid Statlege tilskot 10 000 Kommunal andel Norddal 40 000 Sum statlege tilskot: 153 000 Sum kommunal andel: 193 000 Evaluering Handlingsplanen skal kvart år vurderast og justerast etter dei erfaringane ein etter kvart får med gjennomføringa av reforma. 6