Trygg og framtidsretta

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Trygg og framtidsretta"

Transkript

1 Trygg og framtidsretta

2 INNLEIING Time kommune har som visjon å vera trygg og framtidsretta og som mål å gje innbyggjarane rette tenester til rett tid. Time kommune sin rolle som samfunnsutviklar skal også ivaretas gjennom å vera ein internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv kommune. Dette er den overordna målsettinga for Time kommune sitt internasjonale engasjement. Målområda for Time kommune sin internasjonale strategi er: 1) GLOBALISERING 2) RAMMEVILKÅR 3) INTERNASJONALE RELASJONAR 4) NÆRINGSUTVIKLING 5) INTERKOMMUNALT PERSPEKTIV I DEI KOMMUNALE TENESTENE 6) MELLOMFOLKELEG FORSTÅING 7) KVALITETSUTVIKLING I EIGEN ORGANISASJON 2

3 1) GLOBALISERING Time er ein del av ein region som har eit globalt perspektiv, både når det gjeld befolkningsutvikling og næringsliv. Det globale engasjementet vil i framtida krevja ei satsing på kompetanse både når det gjeld fag, kultur og språk. Time kommune har ansvar for å leggja til rette for at befolkninga og næringslivet får tilgang på denne kompetansen. Barn og unge sin medverknad skal vera ein viktig del av det kommunale plan- og utviklingsarbeidet. Løysingane på dei utfordringane kommunane står ovanfor vil i framtida ikkje bare finnast lokalt, men også globalt. Det er difor viktig at barn og unge får kjennskap til og kompetanse på å forstå den globaliserte verda. Det er ein viktig del av tilrettelegginga for næringslivet at kompetanse som blir nødvendig som ein konsekvens av internasjonaliseringa av marknadene er tilgjengeleg lokalt. Mellom anna vil dette gjelda tilgang til offentlege tenester for arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn, slik at ein legg til rette for internasjonal rekruttering. Det vil også vera viktig å ha kjennskap til rammer og spelereglar næringslivet møter internasjonalt. Time kommune ønskjer at barn og unge i kommunen gjennom skule og frivillig organisasjonsliv kan tileigna seg kulturell og språkleg kompetanse i møtet med det internasjonale samfunnet. Time kommune vil delta i internasjonale kompetanseprosjekt som gjev elevar i grunnskulen internasjonal kontakt, språk-og kulturkunnskap og forståing av den internasjonale samfunnsdimensjonen. Time kommune vil leggja til rette for ein internasjonal dimensjon i kommunen sitt ungdomsarbeid gjennom utveksling med vennskapskommunar og samarbeidande kommunar internasjonalt. Time kommune vil leggja til rette for næringslivet gjennom at offentlege tenester er tilgjengelege, med fleksible tilbod om norskopplæring for vaksne, eit mangfald i kulturtilbodet og språkleg tilrettelegging av informasjon. 3

4 2) RAMMEVILKÅR Kommunale rammevilkår blir mellom anna påverka av EU gjennom EØS-avtalen. Det er viktig å vera oppdatert på rammer og moglegheiter internasjonalt, og å ta opp spørsmål som gjeld kommunane med organisasjonar som deltek i høyringsprosessar i samband med utviklinga av direktiv og konvensjonar. Time kommune skal vera godt orientert om endringar i avtalar og regelverk i EU og EØS-avtalen som får påverknad på den kommunale forvaltninga. Gjennom organisasjonar som kommunen er medlem av vil kommunen søkja å påverka beslutningar der dette er viktig for kommunen sine rammevilkår. Time kommune skal delta i tilbod om kompetanseheving som gjeld område der kommunen må vera oppdatert på internasjonale regelverk. Time kommune vil ta opp aktuelle spørsmål og bidra til høyringar om spørsmål som gjeld kommunane og EU gjennom medlemsskapen i KS og Stavangerregionens Europakontor. 4

5 3) INTERNASJONALE RELASJONAR Samarbeidet med vennskapskommunar og annan internasjonal kontakt mellom kommunar kan vera kjelde til gode relasjonar mellom innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv i kommunane. Særleg viktig er det å sjå muligheiter for kompetansedeling i arbeidslivet og samarbeid mellom frivillige organisasjonar som ein viktig del av vennskapssamarbeidet. Solidaritetssamarbeid med ein kommune kan gje ein viktig sosial dimensjon til vennskapssamarbeidet. I Time kommune skal vennskapskommunesamarbeidet leggja til rette for utveksling mellom innbyggjarar, organisasjonar, næringsliv, politikarar og administrasjon. I tillegg må det leggjast til rette for internasjonal kontakt knytt til tema og utfordringar som kan danna grunnlag for samarbeid. For å etablera kontakt med ein kommune i eit utviklingsland må det etablerast eit eige prosjekt. Gode relasjonar kan auka sjansane for økonomisk og sosial kontakt og samarbeid, og gje internasjonal og sosial innsikt og kompetanse. Time kommune vil gjennom å delta aktivt i Greater Stavanger og KS sitt kontaktarbeid og vertskapsarbeid profesjonalisera den internasjonale kontakten og byggja relasjonar som er viktige for innbyggjarar og næringsliv. Time kommune vil revidera avtalane med vennskapskommunane med sikte på å konkretisera målet med samarbeidet med kvar av kommunane. Time kommune vil vurdera å etablera internasjonalt vennskapssamarbeid gjennom KS og Vennskap Nord-Sør, som eit solidaritets- og demokratiarbeid som er særleg knytt mot barn og unge gjennom skule, barnehage, fritidssektoren og barn og unges kommunestyre. 5

6 4) NÆRINGSUTVIKLING Me vil ta aktiv del i det regionale samarbeidet for å styrka det lokale næringslivets tilgang på internasjonale marknader og arbeidskraft. Eit internasjonalt fokus gjev nye muligheiter og vektspotensial. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å vera internasjonalt orientert, men at det internasjonale utsynet gjev ein verdi. Dette vil vera eit moment både i næringslivet og kommunen si satsing på internasjonalisering. Time kommune vil ta i bruk nettverk og arenaer som gjev kompetanseheving og utvikling innan innovasjon og mobilitet. Næringslivet i Time har eit sterkt internasjonalt engasjement, både gjennom kunderelasjonar og plassering av delar av verksemda internasjonalt. Time kommune si rolle som tilretteleggjar for næringslivet kan også her ivaretas gjennom medlemskapet i Greater Stavanger, Stavangerregionen Næringsutvikling og gjennom samarbeidet med Rogaland fylkeskommune, som har som mål å leggja til rette for næringslivet si internasjonale satsing. Her vil også representasjon og kulturutveksling stå sentralt. Time kommune vil leggja til rette for næringslivet sin internasjonale kontakt ved å stilla til rådvelde aktuelle kommunale arenaer og kompetanse ved behov. Time kommune vil gjennom medlemskapen i Greater Stavanger etablera internasjonale relasjonar som er nyttige for næringslivet i Time. Time kommune vil gjennom medlemskapen i Stavangerregionens Europakontor halda seg orientert om og delta i kompetanseheving innan relevante fagområde. Time kommune vil vera ein tilretteleggjar for næringslivet i kommunen også når det gjeld internasjonale relasjonar. 6

7 5) INTERNASJONALT PERSPEKTIV I DEI KOMMUNALE TENESTENE Menneske frå ulike delar av verda kjem i aukande grad for å besøkja eller busetja seg i kommunen. Gjennom å framstå som eit godt vertskap legg kommunen eit godt grunnlag for å ivareta framtidige behov for rekruttering av utanlandsk arbeidskraft. Internasjonale nettverk kan gje kunnskap som kan bidra til innovativ tenesteutvikling, og ivareta mål om internasjonal kontakt til dømes i skulesektoren. Internasjonale satsingsområde som mobilitet, innovasjon og kulturutveksling kan mellom utviklast gjennom erfaringsutveksling og samarbeidsprosjekt mellom tenester i vennskapskommunar. Leggja til rette for god kommunikasjon med og informasjon til gjester i kommunen, mellom anna gjennom fleirspråklege nettsider og eit sentralt plassert turistmottak med høg kompetanse. Involvera innbyggjarane i vertskapsarbeid når det kjem internasjonale gjester til kommunen. Fremja det gode vertskapet i den kommunale organisasjonen både ovanfor innbyggjarar og medarbeidarar med utanlandsk bakgrunn. Stortingsmelding 14 (2008/2009) Internasjonalisering av utdanning set fokus på internasjonaliseringa av grunnopplæringa og læring gjennom internasjonal kontakt. Besøkjande og tilflyttarar frå andre delar av verda skal føla seg velkomne i Time og bli inviterte inn i og inkluderte i ulike aktiviteter i lokalsamfunnet avhengig av kor langvarig opphaldet i kommunen er. Tenesteeiningane i kommunen skal aktivt oppsøka internasjonale arenaer som kan bidra til innovasjon og tenesteutvikling. Oppretthalda eit godt apparat for mottak av det antallet flyktningar kommunen til ei kvar tid har avtale om, med mål om kulturforståing og samfunnsdeltaking. Skulane i Time skal i større grad ta i bruk internasjonale utdanningsprogram og -nettverk. Det same gjeld andre sektorar som helse og omsorg, plan og kultur, som kan ta i bruk internasjonale muligheiter til tenesteutvikling og kompetanseheving. 7

8 6) MELLOMFOLKELEG FORSTÅING For å vera internasjonalt aktiv og internasjonalt orientert er møtet mellom menneske og nettverk på tvers av grenser viktig. Dette kan ivaretas gjennom både langvarige og kortare internasjonale engasjement. Dette ønskjer me å få til: Time kommune vil leggja til rette for kontakt mellom innbyggjarar, organisasjonar og institusjonar, for å auka den mellomfolkelege forståinga og byggja internasjonale relasjonar. Time kommune har mål om å vera ein open, inkluderande kommune. Ein viktig del av dette arbeidet er å fremja den mellomfolkelege forståinga. Dette kan mellom anna skje gjennom efaringsog kulturutveksling med samarbeids- og vennskapskommunar. Time kommune vil ha eit aktivt samarbeid med vennskapskommunane, og arbeida for ein synergi mellom vennskapssamarbeid og målsettingar for kommunen si internasjonale satsing. Gjennom KS har Time kommune høve til å bidra til internasjonalt solidaritetsarbeid og kontakt med kommunar som har behov for bistand for å utvikla samfunnsstrukturar og lokaldemokrati. Eit slikt samarbeid kan vera viktig mellom anna i skulen sitt arbeid med internasjonal forståing og kontakt, men kan også vera eit viktig fokus for andre tenesteområde som omsorg, planutvikling og kultur. Dersom kommunen skal ha eit solidaritetsarbeid, må det setjast av særskilte ressursar. Time kommune vil bidra til å skapa nettverk som kan danna ramme for internasjonale prosjekt som gjev samarbeid, erfaringsutveksling og auka kulturell kompetanse hos innbyggarar og organisasjonar. 8

9 7) KVALITETSUTVIKLING I EIGEN ORGANISASJON I utviklinga av trygge og framtidsretta kommunale tenester vil internasjonal erfaringsutveksling og samarbeid vera nyttige redskap. Eit internasjonalt samarbeid om tenesteutvikling vil i tillegg kunna gjera kommunen attraktiv som arbeidsgjevar. Det er viktig at eit internasjonalt engasjement blir knytt opp mot dei overordna måla ogplanstrukturane i kommunen, og at internasjonale prosjekt blir evaluert i høve til desse og resultata implementerte i kommunen sin administrative praksis og politikk. Kommunen skal etablera og delta i internasjonale nettverk som gjev kontakt og erfaringsutveksling og som er nyttige i tenesteutviklinga innan kommunen sine kjerneområde. Time kommune vil leggja til rette for at tilsette i ulike sektorar deltek i internasjonale kurs og kompetansenettverk for å innhenta kunnskap og sikra eit innovativt perspektiv på tenesteutviklinga. Time kommune vil gjennom internasjonalt kommunesamarbeid leggja til rette for erfaringsutveksling som kan gje nye perspektiv på kommunal oppgåveløysing. 9

10 Det må så vera. Dei unge må ut. Alltid på nytt: Ut. Drøyma stort og fara vida. Arne Garborg Postboks 38, 4349 Bryne Tlf , Faks E-post:

Internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv

Internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv Internasjonalt orientert, aktiv og attraktiv Internasjonal strategi 2016-2019 Vedtatt i Time kommunestyre 13.12.2016 Innleiing Time kommune sin internasjonale strategi gjev retning for det internasjonale

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

Internasjonal orientert, aktiv og attraktiv

Internasjonal orientert, aktiv og attraktiv Internasjonal orientert, aktiv og attraktiv Internasjonal strategi 2016-2019 Vedtatt Time kommunestyre 13.12.2016 Internasjonal strategi versjon 2.indd 1 14.09.2017 14:27:55 2 Internasjonal strategi versjon

Detaljer

Trygg og framtidsretta

Trygg og framtidsretta Trygg og framtidsretta Innovasjonsstrategi Vedtatt av kommunestyret 9. desember 2014 Innhald 1 Innleiing 4 2 Kvifor innovasjon 5 3 Innovasjonsmetoden vår 5 4 Radikal innovasjon - prosjekt for innovasjon

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune Vedteken av arbeidsmiljøutvalet 03.11.2014 Innhald 1 INNLEIING OG MÅLSETTINGAR... 3 1.1 Innleiing... 3 1.2 Heimel for rutinen... 3 1.3 Målsettingar...

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR Omsorg TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar,

Detaljer

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1

HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 HANDLINGSPLAN 2011-2014 Side 1 Kommunale mål for skule og barnehagesektoren Barnehage Fokusområder Satsingsområde Mål Frist for gjennomføring Når og korleis skal resultatet vurderast HANDLINGSPLAN 2011-2014

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

1. Framlegg til årsbudsjett for Time kommune 2016 og langtidsbusjett 2017-2019 vert godkjente.

1. Framlegg til årsbudsjett for Time kommune 2016 og langtidsbusjett 2017-2019 vert godkjente. Arkiv: K1-210 Vår ref: 2015000956-32 Journalpostid: 2015026775 Saksbeh.: Målfrid Hannisdal Teigen Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Administrasjonsutvalet Arbeidsmiljøutvalet Kulturminnenemnd Senior-

Detaljer

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule Jørn Kvinnherad kommune 2012/979-1 Våren 2012 INNLEIING Planen er det første steget mot ei systematisk rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Foreldreundersøking i skule 2006

Foreldreundersøking i skule 2006 Foreldreundersøking i skule 2006 Våren 2006 gjennomførte me ei brukarundersøking for foreldra i skulane i Kvam. Dette var ei digital undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Foreldra fekk internettadressa

Detaljer

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kviteseid kommune. Møteinnkalling Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset i Kviteseid Dato: 12.06.2013 Tidspunkt: 14:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Kort tilbakeblikk 2004 Dei statlige fagteama vart etablert og presentert som redninga for

Detaljer

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen Meland kommune Norsk kulturskuleråd Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014 Vår: 14/1583-14/9954 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN Føremålet med intensjonsavtalen: Legge føringar og premissar for ei eventuell kommunesamanslåing. Intensjonsavtalen

Detaljer

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin MÆLANDSHAGEN 2030 Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin I samband med kommunereforma er det inngått intensjonsavtalar som inneber felles sjukeheim i Ulvik. Dette dokumentet forsøkjer å

Detaljer

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning Kjære lærar! Takk for den jobben du gjer kvar dag for at elevane dine skal lære noko nytt og utvikle sine ferdigheiter og talent! Ungdomsskolen

Detaljer

Utkast til intensjonsavtale

Utkast til intensjonsavtale Utkast til intensjonsavtale Ny kommune Sognefjord Balestrand, Høyanger og Hyllestad kommunar Versjon nr. 5 Dato: 05.02.2016 Sognefjord kommune - Utkast til intensjonsavtale, dato 05.02.2016 Side 1 Intensjonsavtale

Detaljer

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: 05.02.2016. Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato 05.02.

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: 05.02.2016. Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato 05.02. Intensjonsavtale Ny kommune Balestrand og Høyanger Dato: 05.02.2016 Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato 05.02.2016 Side 1 Intensjonsavtale kommunane Balestrand og Høyanger Vedteke i

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Rutine for oppfølgingsmøte:

Rutine for oppfølgingsmøte: Rutine for oppfølgingsmøte: Oppfølgingsplan, seinast etter 4 veker: Oppfølgingsplan skal vere utarbeidd seinast etter 4 veker sjukemelding, uansett gradering. Denne skal utarbeidast av leiar og medarbeidar

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Vasshus skule a Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 4 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 5 Mål, milepælar, kompetanse og

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016. RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 01.01.2016. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale

Detaljer

Sel kommune Utskrift av møtebok

Sel kommune Utskrift av møtebok Sel kommune Utskrift av møtebok Arkivsak: 2006/638-6 Arkiv: A10 Saksbehandler: Ola Hage Dato: 19.11.2007 Utv.saksnr Utvalg Møtedato 51/07 Driftsutvalget 10.12.2007 128/07 Kommunestyret 17.12.2007 Endringar

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31 40 88 00). Saker til behandling

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31 40 88 00). Saker til behandling MØTEINNKALLING Administrasjonsutvalet Dato: 20.01.2015 kl. 9:00 Stad: Kommunestyresalen Arkivsak: 14/01622 Arkivkode: --- Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud (31 40 88 31) eller tenestetorget (31

Detaljer

«Nordhordland kommune»

«Nordhordland kommune» «Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy Notat oppsummering av innspel til intensjonsavtale 25.01.16 Side 1 1. Innleiing Dette notatet samanfattar dei innspela som har kome

Detaljer

Innovasjonsmetoden vår

Innovasjonsmetoden vår Innleiing Time kommune har sidan 2012 hatt mål i økonomiplanen om innovasjon i tenesteutviklinga. I 2013 gjennomførte kommunen åtte innovasjonsprosjekt og opplæring i innovasjonsmetodikk. I 2014 vart åtte

Detaljer

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Arkivref: 2011/1036-18202/2011 Saksh.: Kari Nygard Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Kommunestyret RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Innstilling:

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Bispemøtet Dato: 16.juni 2014 Deres ref.: 14/40-1 INW Vår ref.: 2014/3701 Norheim Kompetanseutviklingsplan for prester 2014 - høring Vedlagt oversendes høringssvar

Detaljer

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Foto: Roar Nerheim 2019 2023 Eit Lokalsamfunn for framtida Vestnes Arbeiderparti vil utvikle Vestnes til eit lokalsamfunn for framtida der sterke fellesskapsløysingar

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

Saksbehandler: Wenche Håvik Arkiv: 007 Arkivsaksnr.: 14/2730

Saksbehandler: Wenche Håvik Arkiv: 007 Arkivsaksnr.: 14/2730 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Wenche Håvik Arkiv: 007 Arkivsaksnr.: 14/2730 Sign: Dato: Utvalg: Hovedutvalg administrasjon Formannskapet MEDLEMSSKAP TRANSPARENCY INTERNATIONAL Forslag til vedtak: SAKSFRAMSTILLING

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og

Detaljer

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma. Formannskapssalen 09.06.2015 09:00 1/5

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma. Formannskapssalen 09.06.2015 09:00 1/5 VINJE KOMMUNE MØTEBOK Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma Formannskapssalen 09.06.2015 09:00 Desse representantane møtte Namn Repr Vara for Birger Kjelingtveit Knut Åsheim Margit Apeland

Detaljer

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole TILSYNSRAPPORT Skulebasert vurdering Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole...

Detaljer

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune «Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune 19. juni 2015 Innhald 1. Føremål 2. Prosessane 3. Verdiar i prosessen 4. Kvifor År 2040

Detaljer

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010 Servicekommunen Vinje av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010 Fjellkommunen KulturkommunenK k Kraftkommunen Reiselivskommunen Distriktskommunen Spreidd busetnad, lange

Detaljer

S T R A T E G I D O K U M E N T

S T R A T E G I D O K U M E N T STRATEGIDOKUMENT VÅR FORRETNINGSIDÉ OG VISJON Selskapet sitt formål er drift av eit rehabiliteringssenter i spesialisthelsetenesta der auka arbeidsdeltaking er det overordna målet. Visjon: Med arbeid som

Detaljer

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS 20142014-2017 Visjon Me er framoverlent Verdiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit opent og ærleg samarbeidsorgan for kommunane i Sunnhordland,

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen» 1 Innhald: 1. Mål...

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015. Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon Utviklingsplan for næringsarbeid 2014 2015 Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan 2014 2015 Innhald 1. Innleiing om planen og arbeidet 1.1 Innleiing s. 3 1.2 Historikk s. 3 2. Verdigrunnlag

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 1 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen Innhald: 1. Mål...

Detaljer

Tilsetting og kompetansekrav

Tilsetting og kompetansekrav Tilsetting og kompetansekrav Det er to typer kompetansekrav for de som skal undervise i skolen: kompetansekrav for å kunne bli tilsatt i undervisningsstilling kompetansekrav for å undervise i fag Last

Detaljer

Internasjonalisering i videregående opplæring

Internasjonalisering i videregående opplæring Internasjonalisering i videregående opplæring Strategiplan Buskerud fylkeskommune 2010 2014 Innhold Forord s. 2 Bakgrunn s. 2 Internasjonalisering status Buskerud s. 3 Hva er internasjonalisering i utdanning?

Detaljer

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE KOMMUNEPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2006-2021 Langsiktig del Vedteke i kommunestyret 15.06.2006 sak nr. 019/06. Seljord kommunen sine langsiktige mål 2006 2021 Strategidel Overordna mål Seljord kommune skal

Detaljer

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET TIME Grunnsyn Senterpartiet vil at Norge skal bygga framtida si på dei kristne grunnverdiane og vårt demokratiske styresett. Målet vårt er å skapa eit betre samfunn der rettferd, jamstilling og retten

Detaljer

Strategi for internasjonalisering av videregående opplæring i Telemark fylkeskommune 2016 2019

Strategi for internasjonalisering av videregående opplæring i Telemark fylkeskommune 2016 2019 Strategi for internasjonalisering av videregående opplæring i Telemark fylkeskommune 2016 2019 Bilde NASA 2004 Innhold Forord... 2 Bakgrunn... 2 Hva er internasjonalisering i utdanningen?... 3 Internasjonalisering

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

Acos 08/1308-7 Vedteke i K- styret 18.juni 2009. Arbeidsgjevarpolitikk for Årdal kommune

Acos 08/1308-7 Vedteke i K- styret 18.juni 2009. Arbeidsgjevarpolitikk for Årdal kommune Arbeidsgjevarpolitikk for Årdal kommune Strategisk plan 2009-2012 1 1. Arbeidsgjevarpolitikk i Årdal kommune... 3 1.1 ÅRDAL KOMMUNE VISJON... 3 1.2 MÅL... 3 1.3 UTFORDRINGAR FOR KOMMUNEN SIN ORGANISASJON...

Detaljer

LandbruksInkubator. ABP - i Sandane Næringshage. Bakgrunn. Visjon

LandbruksInkubator. ABP - i Sandane Næringshage. Bakgrunn. Visjon Bakgrunn Globalisering av økonomien har ført til kraftige endringar i rammene for å drive landbruk. Mange snakkar om tilleggsnæring og nisjeproduksjon. Lite har hittil vore gjort av heilskaplege grep for

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 12.12.2013 Kl.: 11.00 14.00 Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: 12.12.2013 Kl.: 11.00 14.00 Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13 Fussa kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 12.12.2013 Kl.: 11.00 14.00 Stad: Møterom 157 kommunetunet Saknr.: 36/13 42/13 MØTELEIAR Leiar i kontrollutvalet Arild Legland DESSE MØTTE Leiar i kontrollutvalet

Detaljer

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN 8.1 INFORMASJON / INTRODUKSJON AV NYTILSETTE Førsteinntrykket på arbeidsplassen vil prega oss i lang tid framover. Det er difor viktig

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim.

1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim. TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM 1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim. 2. LOVGRUNNLAG Kommunehelsetenestelova

Detaljer

Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring

Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring Manglande status og manglande vilje Er det eit reelt ønskje

Detaljer

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE FÅ FART PÅ SVEIO KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE ME TEK SVEIO VIDARE Sveio.arbeiderparti.no SKULAR OG BARNEHAGAR I SVEIO SKAL

Detaljer

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar Framtidas barnehage og skule - sett gjennom HAFS sine augo Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar Visjonen? 1-1. Formålet med opplæringa Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN GENERELT Det er med fylkeskommunen som med ei privat hushaldning, at vi kan ikkje bruke meir enn vi har pengar til å betale med. Ei forsvarleg økonomistyring i fylkeskommunen

Detaljer

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE SAK 48/07 TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE Saksopplysning På siste styremøte i Forum Nye Bergensbanen (FNB) vart det drøfta tiltak for å setja sterkare trykk på arbeidet med realisering

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov

Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov Regionaldirektør Jan Per Styve 1 1 Region og regionalisering: Spennande fagsatsing - og fornuftig seminarinitiativ 2 Vi ønskjer

Detaljer

Samnanger Arbeiderparti Valprogram 2011-2015

Samnanger Arbeiderparti Valprogram 2011-2015 1 Samnanger Arbeiderparti Valprogram 2011-2015 Samnanger Arbeiderparti er lokalavdelinga til Det Norske Arbeiderparti. Det pliktar oss til å stå på Arbeiderpartiet sine verdiar og arbeida for å gjennomføra

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet NAV Arbeidslivssenter Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet Din samarbeidspartnar for eit inkluderande arbeidsliv NAV Arbeidslivssenter finst i alle fylke og

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver. Norsk bokmål og nynorsk ALTEs Praksiskodeks Innledning I 1994 bestemte ALTE-medlemmene at det var nødvendig å innføre en formell Praksiskodeks som både ville definere kvalitetskrav som nåværende og framtidige

Detaljer

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar. Framtidig kommunestruktur Gruppearbeid Valestrand barneskule 02.05.2016 Lokaldemokrati Økonomi Tenestetilbod Identitet Samfunnsutvikling Andre/generelle FORDELAR ÅLEINE -Innflytelse på politikarane. -Eigarskap

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014 Kort om handlingsprogrammet Årleg handlingsprogram som er tufta på «Regional Næringsplan for Hordland 2014 2017». Vedtatt av fylkesutvalet 20. februar.

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

I brev med varsel om pålegg av 03.02.2014 fekk de frist til 12.02.2014 for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

I brev med varsel om pålegg av 03.02.2014 fekk de frist til 12.02.2014 for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk. VÅR DATO VÅR REFERANSE 1 av 6 18.02.2014 DERES DATO DERES REFERANSE VÅR SAKSBEHANDLER Oddvar Mikalsen, tlf. 95816314 BARNEVERN Postboks 153 6851 SOGNDAL Tilsyn - BARNEVERN Vi viser til tilsynet hos verksemda

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

FAG OG PROFESJON I LEDERJOBBEN - A N N E S I S S E L FA U G S TA D V I S E A D M. D I R E K T Ø R

FAG OG PROFESJON I LEDERJOBBEN - A N N E S I S S E L FA U G S TA D V I S E A D M. D I R E K T Ø R FAG OG PROFESJON I LEDERJOBBEN - HVILKEN PLASS HAR SYKEPLEIEREN? A N N E S I S S E L FA U G S TA D V I S E A D M. D I R E K T Ø R HVA? Fag og profesjon i lederjobben - hvilken plass har sykepleieren? Hvor

Detaljer

«Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold

«Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold «Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold Meld. St. 19 (2015-2016) Melding til Stortinget Tid for lek og læring Bedre innhold i barnehagen Ny kunnskap og endringer i samfunnet Nesten alle barn har

Detaljer

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE 2016-2019 INNLEIING Organisatorisk plattform er vedteken av Unge Venstres landsmøte 2015 og gjeld for perioden 2016-2019. Det er berre landsmøte som i perioden

Detaljer

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål. TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje

Detaljer

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE 18.12.14 1 Innhold 1. Forord..3 2. Plan for overgang mellom barnehage og skule årshjul....4

Detaljer

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER SFO 2012/2013 INNHALDSLISTE FØREORD FORMÅL MED SFO INNHALD I SFO ORGANISERING AV SFO PERSONALET PÅ SFO 2012/2013 BORNEGRUPPA PÅ SFO 2012/2013 BUDSJETT MATBUDSJETT ANDRE

Detaljer