Arkivref: 2011/1036-18202/2011 Saksh.: Kari Nygard Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Kommunestyret RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Innstilling: 3. Kommunestyret ber om at rådmannen gjev melding tilbake om kva som er gjort, og kva tiltak som vil
Rådmannen, 23.12.2011 Vedlegg Forvaltningsrevisjon Stord kommune - Institusjonstenesta for eldre og pleietrengande frå Deloitte Bakgrunn / faktiske opplysningar Kontrollutvalet har i møte 12.12.2011 sendt over sak 39/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av institusjonstenesta for eldre og pleietrengande i Stord kommune for handsaming i kommunestyret. Særutskrift frå kontrollutvalet RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREVISJON AV INSTITUSJONSTENESTA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE FORSLAG TIL INNSTILLING: kommunestyret innan, med kopi til kontrollutvalet. HANDSAMING I MØTET Gunnar Husabø frå Deloitte presenterte rapporten. I påfølgjande diskusjon vart det påpeika at det er ein god rapport, og at den er informativ og gjev eit godt bilete av tenesteområdet. Det vart og gjeve tilbakemelding til Deloitte om formuleringar i rapporten som kunne vore utforma tydeligare for å få fram bodskapen. Kontrollutvalet merka seg at det ikkje er avdekka store feil og manglar, men det vart påpeika at rapporten synleggjer at det vil vera utfordringa i tida framover når det gjeld kapasiteten til institusjonstenesta, og innføring av Samhandlingsreforma vart og drøfta i den samanheng. Kontrollutvalet meinte at rapporten kan vera aktuell som bidrag når det gjeld prioriteringar i tida framover. Utvalet meiner det må gjevast tilbakemelding frå administrasjonen innan 01.05.2012. Med denne presiseringa vart framlegg til innstilling til kommunestyre samrøystes vedteke. INNSTILLING: 2 av 5
samsvar med internkontrollforskrifta 4. Kontrollutvalet si saksutgreiing: 39/11 RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREVISJON AV INSTITUSJONSTENESTA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE Bakgrunn for saka: I møte i kontrollutvalet 07.03.11, sak 12/11, vart det vedteke å gjennomføra forvaltningsrevisjon innan Institusjonstenesta for eldre og pleietrengande i Stord kommune. Bakgrunnen for å velja dette prosjektet var at det var prioritert på første plass i revidert plan for forvaltningsrevisjon. I kontrollutvalet sitt møte vart føremål og problemstillingar som ein skulle sjå på drøfta, og ein bad Deloitte legga fram prosjektplan i tråd med dei signal som vart gjeve. Den framlagde prosjektplanen vart sendt ut på mail til kontrollutvalet for uttale. Etter kommentarar og innspel frå kontrollutvalet, vart prosjektplanen godkjent og Deloitte starta opp arbeidet med forvaltningsrevisjonen. Føremålet med prosjektet har vore å undersøka om tildeling av institusjonstenester til eldre og pleietrengande i Stord kommune fungerer tilfredstillande, og om kommunen har eit tilstrekkeleg institusjonstilbod til denne gruppa. I tillegg er det undersøkt om tenesta har eit tilfredstillande internkontrollsystem. Med bakgrunn i dette føremålet er følgjande problemstillingar undersøkte: 1. Korleis sikrar Stord kommune at eldre- og pleietrengande får plass ved institusjonstenesta når dei har behov for dette? a. Har kommunen organisert arbeidet med tildeling av plassar ved institusjonstenesta på ein føremålstenleg måte? b. Har kommunen tilstrekkelege rutinar for tildeling av plass ved institusjonstenesta? c. Er tildeling av plass ved institusjonstenesta i samsvar med gjeldande reglar? 2. Har Stord kommune tilfredstillande kapasitet ved institusjonstenesta? a. Korleis vert kapasiteten ved institusjonstenesta planlagt? b. Har kommunen ventelister for tildeling av institusjonstenester? c. Kva er årsaka til og konsekvensen av eventuell mangel på ulike typar institusjonsplassar? 3. Har kommunen eit internkontrollsystem for institusjonstenesta i samsvar med forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta? a. Har Stord kommune eit tilfredstillande avviksmeldingssystem for institusjonstenesta? b. Har kommunen eit system som sikrar at krava i kvalitetsforskrifta og verdighetsgarantien blir etterlevd? Arbeidet med forvaltningsrevisjonen har vorte gjennomført ved hjelp av dokumentanalyse, stikkprøvar, statistisk analyse, intervju og verifiseringsprosessar. Rådmannen har hatt rapporten til uttale. Endeleg rapport etter arbeidet med forvaltningsrevisjonen av institusjonstenesta i Stord kommune vart oversendt frå Deloitte til kontrollutvalet v/sekretariatet 29.09.11. Rapporten vert nå lagt fram for kontrollutvalet til drøfting, og utvalet må vidare gjera innstilling til kommunestyret om kva tiltak som må følgjast opp vidare. Drøfting: Rapporten som ligg føre er grundig, og gjev eit godt og oversiktleg bilete. Den peikar på kva krav som er sett for tenesteområdet: Om rett til helsehjelp Kapasitet i institusjonstenesta Krav til kvalitet i pleie- og omsorgstenestene Krav til internkontroll Tildeling av tenester 3 av 5
Rapporten gjer greie for desse krava, og korleis kommunen oppfyller dei. Datadelen i kapittel 4 gjev ei utgreiing av problemstillingane som er sett for prosjektet. I kapittel 5 vert dei same problemstillingane vurderte ut frå dei funn revisjonen har gjort. Vurderingsdelen grunngjev kva for tiltak som bør følgjast opp av kommunen for å oppnå eit forbetra tenesteområde. Det vert og vist til samandrag innleiingsvis i rapporten: KOSTRA-tal viser at Stord kommune har låg institusjonskapasitet for eldre og pleietrengande. Det er også semje innanfor pleie og omsorgstenesta om at institusjonskapasiteten i kommunen er låg. Kommunen har ikkje ventelister for plass i heildøgns pleie og omsorg, men prioriterer til ei kvar tid mellom pasientar med behov for institusjonsplass. Konsekvensar av den låge kapasiteten er til dømes at kommunen i nokre tilfelle må gje heildøgns pleie og omsorg i heimen til brukarar, at korttidsplassar blir nytta som langtidsplassar, eller at pasientar blir verande lengre på sjukehus enn det som er medisinsk nødvendig. På bakgrunn av dette er tenestetilbodet etter revisjonen si vurdering i periodar ikkje fagleg eller økonomisk føremålstenleg. Stord kommune har planar om å auke talet på institusjonsplassar. Revisjonen har ikkje vurdert omfanget av den planlagde utbygginga, men vurderer at det er nytta objektive indikatorar i planarbeidet som sentrale føringar, KOSTRA-tal og framskriving av befolkningsdata. Både tilsette og eksterne ekspertar er involverte i planarbeidet knytt til utbygging av fleire plassar. Rapporten gjev ei god tilbakemelding på føremål og problemstillingar som kontrollutvalet bad om. Den gjev og eit godt grunnlag for å peika ut dei tiltak som Stord kommune bør setja fokus på når det gjeld å utvikla og legga til rette for framleis gode hjelpetenester og institusjonstenester for eldre og pleietrengande i kommunen. Konklusjon: Sekretariatet vil rå til at kontrollutvalet innstiller til kommunestyret om å gå inn for dei forslag til tiltak som revisor set fram i kapittel 6 i rapporten. FORSLAG TIL INNSTILLING: samsvar med internkontrollforskrifta 4. kommunestyret innan, med kopi til kontrollutvalet. Innstilling: 4 av 5
3. Kommunestyret ber om at rådmannen gjev melding tilbake om kva som er gjort, og kva tiltak som vil 5 av 5