Plan for forvaltningsrevisjon

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Plan for forvaltningsrevisjon"

Transkript

1 Plan for forvaltningsrevisjon Stord kommune Revidert 2010 Member of Deloitte Touche Tohmatsu

2 Innhald 1. Innleiing Plan for forvaltningsrevisjon Risiko- og vesentleganalyse 3 2. Prioritert liste over forvaltningsrevisjonsprosjekt Gruppe 1 Prioritert liste Gruppe 2 Uprioritert liste 6 3. Metode for gjennomføring av forvaltningsrevisjon Dokumentanalyse Spørjeskjema Intervju Stikkprøvar 8 4. Gjennomføring og rapportering... 8 Side 2

3 1. Innleiing I følgje kommunelova 77 skal kontrollutvalet sjå til at det blir gjennomført systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknadar ut frå kommunestyret eller fylkestinget sine vedtak og føresetnadar (forvaltningsrevisjon) 1. Kva forvaltningsrevisjonsprosjekt kommunen ønskjer å gjennomføre skal framkome i ein plan for forvaltningsrevisjon. 1.1 Plan for forvaltningsrevisjon Plan for forvaltningsrevisjon er heimla i forskrift om kontrollutval. I forskrifta står det: Kontrollutvalget skal minst én gang i valgperioden og senest innen utgangen av året etter at kommunestyret eller fylkestinget er konstituert, utarbeide en plan for gjennomføring av forvaltningsrevisjon. Planen vedtas av kommunestyret, som kan delegere til kontrollutvalget å foreta endringer i planperioden. Planen skal baseres på en overordnet analyse av kommunens eller fylkeskommunens virksomhet ut fra risiko- og vesentlighetsvurderinger, med sikte på å identifisere behovet for forvaltningsrevisjon på de ulike sektorer og virksomheter. 2. Føremålet med den overordna risiko- og vesentlegsanalysen er å framskaffe relevant informasjon om kommunen si verksemd, slik at det er mogleg for kontrollutvalet å prioritere mellom ulike område kor det kan vere aktuelt å gjere forvaltningsrevisjon og å utarbeide ein plan for forvaltningsrevisjon. Planen for forvaltningsrevisjon er basert på ein risiko- og vesentleganalyse som vart gjennomført i I 2010 vart det gjennomført ei ny risikovurdering, og prosjekta i planen vart omprioritert. 1.2 Risiko- og vesentleganalyse Risiko omgrepet viser til moglegheita for at ei hending vil oppstå og påverke måloppnåing og etterleving av regleverk på ein negativ måte. Risikovurdering er både eit planleggingsverktøy og ein overvakingsaktivitet (at risiko til einkvar tid er på eit akseptabelt nivå). I omgrepet risiko- og vesentlegsvurderingar ligg at det skal bli gjort ei vurdering av på kva område av kommunen si verksemd det er risiko for vesentlege avvik i forhold til dei vedtak, føresetnadar og mål som er sett for verksemda. Analysen gjev grunnlag for å velje ut områda kor det skal settast i verk forvaltningsrevisjon (systematiske vurderingar) 3. 1 Kommuneloven 77. Kontrollutvalget 2 Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner 10 3 Merknad til forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner 10. Side 3

4 Prosessen er gjennomført på ein slik måte at det er mogleg å identifisere hendingar eller forhold som kan påverke kommunen si oppgåveutføring internt og eksternt. Dette gjer kommunen i stand til å styre risiko i tråd med kommunens risikofilosofi slik at ein har rimelig grad av tryggleik for at verksemda når sine mål og etterlever regelverk. Datainnsamlinga som ligg til grunn for risiko- og vesentleganalyse, og for utveljing og prioritering av prosjekt, er samla inn gjennom fleire aktivitetar som har involvert både politisk leiing, administrativt tilsette og kontrollutvalet. Mellom anna har følgjande aktivitetar blitt gjennomført: Dokument- og statistikkanalyse Prosessmøte i kontrollutvalet Spørjeundersøking for administrative leiarar Intervju med administrative og politiske leiarar Data som har blitt samla inn gjennom desse aktivitetane har gitt ei god oversikt over risikoområda innanfor dei ulike sektorane i kommunen. Analysen er samla i eit arbeidsdokument/analysegrunnlag som ligg til grunn for utveljing og prioritering av forvaltningsrevisjonsprosjekt. Ved revisjon av planen i 2010 har det vorte gjort intervju og gjennomgang av oppdatert statistikkgrunnlag. Det vart i etterkant gjennomført eit prosessmøte i kontrollutvalet, samt ei oppdatering av analysegrunnlaget. 2. Prioritert liste over forvaltningsrevisjonsprosjekt Forvaltningsrevisjonsprosjekta er delt i to grupper; ei prioritert liste over dei viktigaste prosjekta, samt ei uprioritert liste over prosjekter med lågare risiko og vesentlegheit. Sannsynlegvis vil den prioriterte lista dekke behovet for forvaltningsrevisjonar i løpet av perioden. Ved ytterlegare behov vil kontrollutvalet kunne velje frå den uprioriterte lista ut frå ei ny prioritering av desse prosjekta. I prosessmøtet i samband med revisjon av plan for forvaltningsrevisjon i Stord kommune i 2010 har kontrollutvalet laga ei ny prioritert liste over dei viktigaste prosjekta. Kontrollutvalet har ikkje valt å inkludere nye prosjekt i planen. Prosjektet Sjukefråvær innan pleie og omsorg som er gjennomført i planperioden er teke vekk. I tillegg har kontrollutvalet i planperioden valt å gjennomføre ei forvaltningsrevisjon av sal av kommunale eigedommar i Stord kommune. Dette prosjektet var ikkje med i opphavleg plan frå Gruppe 1 Prioritert liste Lista over prosjekter er prioritert i tråd med ein risiko- og vesentleganalyse. Under kvart prosjekt er det føreslått relevante tema i tråd med den analysen som har blitt gjennomført. Endeleg utforming av problemstillingar og timeomfang vil bli gjort i samband med den einskilde bestilling av forvaltningsrevisjonsprosjekt. Side 4

5 Prioritet Forvaltningsrevisjonsprosjekt Institusjonstenesta Planlegging Regeletterleving (kvalitet, venteliste, pasientrettar) Organisering og rutinar Arbeidsmiljø 2 Rehabilitering Organisering og rutinar (samhandling med andre etater) Økonomi Etterleving av mål, rutinar, vedtak og regelverk 3 Budsjettering Budsjetteringsprosess Budsjettstyringsrutinar 4 Psykiatri Regeletterleving Organisering og rutinar Samhandling med andre etatar Bortfall i ungdomsskuletrinnet 5 Handtering av elevar med åtferdsproblem Praksis og behov Regeletterleving 6 Tilpassa opplæring og spesialundervisning Regeletterleving Oppfølging av førre fvl.revisjon 7 Utadretta tekniske tenester (brukarperspektiv) Regeletterleving (sakshandsaming) Organisering og rutinar 8 Drift og vedlikehald Organisering og rutinar Økonomi Regeletterleving 9 Prosjektstyring Organisering og rapportering Regeletterleving Kompetanse Økonomi Prioritet Side 5

6 Prioritet Forvaltningsrevisjonsprosjekt Innkjøp Kompetanse Regeletterleving Organisering og rutinar Prioritet IKT Organisering Kapasitet Komptanse Integrering av innvandrarar og flyktningar Samordning mellom tenester Integreringstiltak Mottaksforhold Regeletterleving 13 Heimesjukepleie Ressursbruk Organisering og rutinar Arbeidsforhold Regeletterleving PPT Kvalitet på tenesta Kompetanse Organisering og rutinar Økonomi Gruppe 2 Uprioritert liste Under er prosjekta som er vurdert, men som ikkje er prioritert denne perioden. Forvaltningsrevisjonsprosjekt Aktivitetstilbod for barn og unge Førebyggjande arbeid Organisasjonsliv Kvalitetssikringssystem i forvaltninga (internkontroll) Rutinar for avviksrapportering Rutinar for oppfølging av rapporterte avvik Side 6

7 Forvaltningsrevisjonsprosjekt Samordning av tenestetilbodet innan helse Regeletterleving m.o.t. tverrfagleg samarbeid Organisering og rutinar Kompetanse Brannvern og ulukker Beredskap Økonomi Regeletterleving Vatn og kloakk Regeletterleving Kapasitet Organisering Barnehagar Økonomiske rammer Regeletterleving Organisering og rutinar Bemanning Helsestasjon Kvalitet på tenesta Kompetanse Organisering og rutinar Måloppnåing 3. Metode for gjennomføring av forvaltningsrevisjon Kva metodar som vert brukt for datainnsamling i dei ulike forvaltningsrevisjonsprosjekta avhenger av endelige problemformuleringar i dei einskilde prosjekta. Generelt blir det brukt ein kombinasjon av fleire metodar for å sikre tilstrekkelig bredde i datamaterialet for å kunne utføre ein heilskapeleg analyse og vurdering. Ei slik metodetriangulering medverkar også til kvalitetssikring ved at ein kan samanlikne funn frå dei ulike tilnærmingane. 3.1 Dokumentanalyse Ein kvar forvaltningsrevisjon inneber som regel ein dokumentanalyse. Dette gjelder dokumenter i samband med revisjonskriteria og dokument som er relevant for å undersøke grad av regeletterleving, måloppnåing, eksistensen av system og rutinar m.m. Det vil også i mange tilfelle være relevant å analysere rapportering og statistikk slik som t.d. KOSTRA-tal. Side 7

8 3.2 Spørjeskjema I fleire forvaltningsrevisjonar vil det vere aktuelt å nytte spørjeundersøking. Ved hjelp av programmet Questback vil ein på ein effektiv måte sende ut elektronisk spørjeskjema til tilsette i kommunen og andre som det kan vere relevant å inkludere i undersøkingane. Bruk av spørjeundersøking sikrar bredde i datagrunnlaget. 3.3 Intervju Ein sentral metode innan forvaltningsrevisjon er gjennomføring av intervju. Intervju med tilsette og ev. brukarar sikrar inngåande kunnskap om dei områda som blir undersøkt. Alle intervju blir verifisert og godkjent av dei intervjua. 3.4 Stikkprøvar I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å nytte stikkprøvar for å vurdere om mål, regelverk, rutinar m.m. blir etterlevd. Dette kan t.d. vere ein analyse av vedtak innan barnevernsområde, vedtak om spesialundervisning i skulen m.m. 4. Gjennomføring og rapportering Det sentrale for å kunne gjennomføre vellykka forvaltningsrevisjonsprosjekt er at kontrollutvalet avgrensar og definerer prosjekta ved hjelp av å konkretisere føremål, kva problemstillingar som skal bli undersøkt og kva revisjonskriterium 4 ein forventar at revisor skal leggje til grunn. Dette kan gjerast ved bestilling av dei einskilde prosjekta. Rapport etter gjennomført forvaltningsrevisjon blir lagt fram for kommunestyret. I tråd med forskrift om kontrollutval 11 skal kontrollutvalet utarbeide ein rapport til kommunestyret om kva forvaltningsrevisjonar som er gjennomført og om resultata av desse. Kontrollutvalet oppfyller dette rapporteringskravet gjennom si årlege melding til kommunestyret om utvalet si verksemd. Det er også kontrollutvalet si oppgåve å sjå til at kommunestyret sine vedtak knytt til handsaminga av rapportar om forvaltningsrevisjon blir følgt opp. Kontrollutvalet vil komme tilbake til tidsplan for gjennomføring av dei einskilde prosjekta. Dersom føresetnadene skulle endre seg, kan kontrollutvalet gjere endringar i planen undervegs i perioden. Årsaka til slike eventuelle endringar blir rapportert til kommunestyret i kontrollutvalet si årsmelding. 4 Normer og standarder som forvaltninga blir vurdert opp mot (vedtak, regelverk, mål). Side 8

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Plan for forvaltningsrevisjon 2009-2012 Øygarden kommune Member of Deloitte Touche Tohmatsu Medlemmer av Den Norske Revisorforening org.nr: 980 211 282 Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

Øygarden kommune Plan for forvaltningsrevisjon

Øygarden kommune Plan for forvaltningsrevisjon Øygarden kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2016 2020 Oktober 2016 Member of Deloitte Touche Tohmatsu Limited Innhald 1 Innleiing 5 1.1 Krav til forvaltningsrevisjon 5 1.2 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon Fitjar kommune.

Plan for forvaltningsrevisjon Fitjar kommune. Plan for forvaltningsrevisjon 2012 2016 Fitjar kommune. Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Plan for forvaltningsrevisjon 3 1.2 Risiko- og vesentleganalyse 3 2. Forvaltningsrevisjonsprosjekt 2012-2016... 4 2.1

Detaljer

Tysnes kommune Plan for forvaltningsrevisjon

Tysnes kommune Plan for forvaltningsrevisjon Tysnes kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2016 2020 Januar 2017 Member of Deloitte Touche Tohmatsu Limited Innhald 1 Innleiing 5 1.1 Krav til forvaltningsrevisjon 5 1.2 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon Revidert plan Hordaland fylkeskommune

Plan for forvaltningsrevisjon Revidert plan Hordaland fylkeskommune Plan for forvaltningsrevisjon 2012 2016 Revidert plan Hordaland fylkeskommune Mars 2014 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Forvaltningsrevisjonsprosjekt 2012-2016 (revidert)... 3 Gruppe 1 prioritert gruppe 4

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012. Stokke kommune

Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012. Stokke kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2008-2012 Stokke kommune 1 Innhold 1 INNLEDNING... 3 1.0 INNLEDNING... 3 1.1 PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON... 3 1.3 OVERORDNET RISIKO- OG VESENTLIGHETSVURDERING... 4 1.4 METODE

Detaljer

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den Hyllestad kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Vedteke i kommunestyresak 64/16 den 30.6.16 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile den kommunale

Detaljer

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Naustdal kommune Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll Vedteken av kommunestyret i sak 69/16 den 14.12.16 Innleiing Kontrollutvalet er kommunestyret sin reiskap for kontrollarbeid med heile

Detaljer

Haugesund kommune Plan for forvaltningsrevisjon

Haugesund kommune Plan for forvaltningsrevisjon Haugesund kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2016 2020 August 2016 Member of Deloitte Touche Tohmatsu Limited Innhold 1 Innledning 5 1.1 Krav til forvaltningsrevisjon 5 1.2 Plan for forvaltningsrevisjon

Detaljer

Plan forvaltningsrevisjon

Plan forvaltningsrevisjon www.pwc.no Plan forvaltningsrevisjon Eidfjord kommune Føreord Kontrollutvalet har valt PwC til å utarbeide utkast til plan for forvaltningsrevisjon i Eidfjord kommune. Planen skal vere fundert i ein overordna

Detaljer

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON SOGNDAL KOMMUNE 2012-2015 Bakgrunn Kommunestyret har det øvste ansvaret for internt tilsyn og kontroll i kommunane, og skal etter 77 velja eit kontrollutval til å stå

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Time Kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2017-2020 Vedteke av kommunestyret 08. november 2016 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS INNHALDSOVESIKT Innhaldsovesikt... 1 PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Time Kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2012-2015 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS Vedteke av kommunestyret 6. november 2012 INNHALD INNHALD... 2 PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON TIME KOMMUNE...

Detaljer

Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for forvaltningsrevisjon

Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for forvaltningsrevisjon Prosjektplan Bergen kommune Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for forvaltningsrevisjon Member of Deloitte Touche Tohmatsu Medlemmer av Den Norske Revisorforening org.nr: 980 211 282

Detaljer

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2009-2012 Vedtatt av kommunestyret i Hjelmeland 17.12.2008 0 INNHALDSLISTE 1. BAKGRUNN 2 2. LOVHEIMEL

Detaljer

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE MØTEPROTOKOLL KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Tid: Onsdag 9. desember 2015, kl. 14:00- Stad: Fjell Rådhus, Skuespillerfoajeen Møteleiar: Kristian Johannssen Medlem som møtte:

Detaljer

Fitjar kommune Møteinnkalling

Fitjar kommune Møteinnkalling Fitjar kommune Møteinnkalling Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: avtalt møterom, Øvrebygda skule Dato: 26.10.2016 Tidspunkt: 14:30 Ved starten av møtet vil kontrollutvalet få ei kort orientering om Øvrebygda

Detaljer

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar SKODJE KOMMUNE Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar Vedtatt i kommunestyret 24.05.2016 Innhald 1. Føremål... 2 2. Etikk... 2 3. Val og samansetjing...

Detaljer

Forvaltningsrevisjon av Nasjonal digital læringsarena (NDLA) Del II - Revisjonsrapport

Forvaltningsrevisjon av Nasjonal digital læringsarena (NDLA) Del II - Revisjonsrapport Kontrollutvalet Arkivnr: 2015/2073-134 Saksbehandlar: Roald Breistein Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kontrollutvalet Fylkestinget Forvaltningsrevisjon av Nasjonal digital læringsarena (NDLA)

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

Partsbrev PS 17/15 - Tekniske tenester i Bømlo kommune - Godkjenning av prosjektplan

Partsbrev PS 17/15 - Tekniske tenester i Bømlo kommune - Godkjenning av prosjektplan Bømlo kommune Sekretariat for kontrollutvalet Deloitte AS Vår sakshandsamar: Elin Molven Wilhelmsen Dykkar ref.: Vår ref: 2015/17 Vår dato: 20.04.2015 Partsbrev PS 17/15 - Tekniske tenester i Bømlo kommune

Detaljer

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Innkalling til møte KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE Tid: Onsdag 9. desember 2015, kl. 14:00 Stad: Fjell Rådhus, Skuespillerfoajeen Saker: 13/2015 Innkalling og saksliste

Detaljer

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon Kontrollutvalget skal påse at det føres kontroll med at den økonomiske forvaltning foregår i samsvar med gjeldende bestemmelser og vedtak, og at det blir gjennomført systematiske vurderinger av økonomi,

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030 SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE 08.11.2011 Steinar Hole Arkivsaknr. 11/313 Arkiv: FE-030 Rapport etter forvaltningsrevisjon vedk. internkontroll i Austevoll kommune

Detaljer

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon Kontrollutvalget skal påse at det føres kontroll med at den økonomiske forvaltning foregår i samsvar med gjeldende bestemmelser og vedtak, og at det blir gjennomført systematiske vurderinger av økonomi,

Detaljer

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp 2018 Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp Side 1 av 6 INNLEIING Kommunestyret har det øvste ansvaret for kontroll og tilsyn i kommunen. Kommunestyret skal velja 1 eit kontrollutval som har det løpande ansvaret

Detaljer

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune 2012-2015

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune 2012-2015 Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune 2012-2015 1. Verkeområde, omfang Selskapskontroll i medhald av kommunelova sin 77 nr. 5 og 80 skal utøvast i selskap m.m. der Balestrand

Detaljer

Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for selskapskontroll

Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for selskapskontroll Prosjektplan Bergen kommune Skisse til overordnet analyse og utarbeidelse av plan for selskapskontroll Member of Deloitte Touche Tohmatsu Medlemmer av Den Norske Revisorforening org.nr: 980 211 282 Innhold

Detaljer

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp

Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp 2017 Årsplan - Kontrollutvalet i Klepp wencols Side 1 av 6 Innleiing Det er kommunestyret som har det øvste ansvaret for kontroll og tilsyn i kommunen. Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale

Detaljer

Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for forvaltningsrevisjon Rennesøy Kommune Plan for forvaltningsrevisjon 2012-2016 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS Vedtatt av kommunestyret 18. oktober 2012 Oppdatert av kontrollutvalget 22. mai 2014 INNHALD INNHALD... 2

Detaljer

Sakliste: Saknr. Sak 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste

Sakliste: Saknr. Sak 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste Bømlo kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 21.04.10 Kl.: 09.00 13.15 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/10 21/10 MØTELEIAR Georg Lønning (FrP) DESSE MØTTE Kåre Habbestad (SP) Sonja Hellen Sele (

Detaljer

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON PLANPERIODE 2017-2020 KVALSUND KOMMUNE INNHOLD 1. FORMÅLET MED FORVALTNINGSREVISJON... 1 2. SENTRALE BESTEMMELSER OM FORVALTNINGSREVISJON... 1 3. PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Detaljer

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet. Prosjektplan/engagement letter

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet. Prosjektplan/engagement letter Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet Prosjektplan/engagement letter September 2013 Innhald 1. Føremål og problemstillingar... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2

Detaljer

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON 2017 2020 Ski kommune Vedtatt av Kommunestyret sak 163/16 1 Plan for forvaltningsrevisjon i Ski kommune 2017-2020 Bakgrunn Kommunelovens 77 bestemmer at kontrollutvalget skal

Detaljer

PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON

PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON 2017 2020 Nesodden kommune Vedtatt av kommunestyret 28.9.16, jf. sak106/16 1 Plan for forvaltningsrevisjon i Nesodden kommune 2017-2020 Bakgrunn Kommunelovens

Detaljer

PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON Ås kommune

PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON Ås kommune PLAN FOR GJENNOMFØRING AV FORVALTNINGSREVISJON 2017 2020 Ås kommune 1 Plan for forvaltningsrevisjon i Ås kommune 2017-2020 Bakgrunn Kommunelovens 77 bestemmer at kontrollutvalget skal påse at det blir

Detaljer

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon

Plan for kontroll og tilsyn. Plan for forvaltningsrevisjon Kontrollutvalget skal påse at det føres kontroll med at den økonomiske forvaltning foregår i samsvar med gjeldende bestemmelser og vedtak, og at det blir gjennomført systematiske vurderinger av økonomi,

Detaljer

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet Til Kommunestyret Vår sakshandsamar: Kari Marie Nygard Dykkar ref.: Vår ref: 2017/38 Vår dato: 14.03.2018 Partsbrev med Rapport etter forvaltningsrevisjon

Detaljer

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON PLANPERIODE 2017 2020 VADSØ KOMMUNE INNHOLD 1. FORMÅLET MED FORVALTNINGSREVISJON... 1 2. SENTRALE BESTEMMELSER OM FORVALTNINGSREVISJON... 1 3. PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Detaljer