BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring



Like dokumenter
Velkomen til Mork barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Bærekraftig utvikling

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Månadsplan for Hare November

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan 2013/2014 HYLESTAD BARNEHAGE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Informasjonshefte Tuv barnehage

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

Kvislabakken barnehage er et mangfoldig læringsverksted

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Sandeid skule SFO Årsplan

Øystese barneskule April - 08

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Plan for Liabygda SFO

Virksomhetsplan

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

HANDBOK GRUPPELEIING

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvårsplan for Nerskogen og Voll barnehager, avd. Sø`stuggu Høsten 2011

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Velkommen til foreldremøte

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Skjema for eigenvurdering

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

10/60-14/N-211//AMS

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

mmm...med SMAK på timeplanen

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

ÅRSPLAN. for Tingvang barnehage 2015/2016. Trivsel, tryggleik og fellesskap

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Barnehagens postadresse: Leirstaden bhg. Austre Skiftedalsveg Straume. kontor:

Åpen Barnehage. Familiens hus Hokksund. Vil du vite mer, kom gjerne på besøk. Våre åpningstider:

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Halvårsplan for Voll og Nerskogen barnehager, avd. Nerskogen. Høst 2011

FJELLHAGEN BARNEHAGE

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Transkript:

BIGSET BARNEHAGE -omsorg gjennom latter, leik og læring ÅRSPLAN 2015-2016

Bigset barnehage -der latter, leik og læring går hand i hand. «Barna i Hareid skal gjennom sitt møte med vaksne og barn i barnehagen få oppleve at livet dei lever her og no er verdfullt. Ein god barndom er grunnlaget for eit godt liv!» (Rammeplan for barnehagane i Hareid kommune) Vi legg vinn på å vere ein lærande organisasjon der vi driv etter ein felles pedagogisk grunntanke og eit felles barnesyn. Her hjå oss legg vi stor vekt på å skape gode kvardagar for barna der omtanke for kvarandre, humor, glede, tryggheit og engasjerte og nærverande vaksne står sentralt. Barnehagen er barnet sin arena. Barnehagen er ikkje berre ei førebuing til livet som kjem seinare. Livet er her og no! Barna skal få den tid dei treng til å lære, leike, og gjere seg erfaringar i fellesskapet og om seg sjølv som individ. Årsplan for barnehagen beskriv måla og innhaldet vi har sett oss for barnehageåret 2015-2016 for å sikre barna ein god barndom, skape eit godt foreldresamarbeid og å heve kompetansen til personalet. HEILHEIT RESPEKT LIKEVERD 2

Barnehagen sitt samfunnsmandat ( 1 Lov om barnehagar) Vi skal gjennom omsorg, leik, læring og danning gi det einskilde barnet gode utviklingsmoglegheiter. Barnesyn: I Bigset barnehage ser dei vaksne på barna som sjølvstendige individ med rett til å ha innverknad og meine og uttale seg om saker og ting som vedkjem deira behov. Dette under rettleiing av trygge, kompetente vaksne. Det vil seie vaksne som er der og støttar, er lydhøre for barns innspel og som tør å sleppe seg lause. -dei skruar opp høyrestyrken -ser at når barn treng trøyst -ser at eit barn er flink til å ha på skostrikken og seier borte når barnet seier BØ! I barnehagen omtalar vi dei tilsette som gruppe som «dei voksne», eller med namna våre. Den gode, leikande vaksne skal vere engasjert, lydhør og tilføre litt magi i leiken kvar dag. Gode relasjonar vert bygd opp av respekt for kvarandre. Hjå oss er læring, utvikling og meistring prega av positiv gensesetting der medverknad, humor og varme står sentralt i kvardagsaktivitetane. Personalet i barnehagen og foreldra har i løpet av siste to åra arbeidd fram knaggar for Rett Kvalitet i Bigset barnehage. Det er omsorgspersonane rundt barnet (foreldre og personalet) som skaper kvaliteten i ein barnehage. Kvalitet er eit lada ord som kan seie noko om kva som er bra eller mindre bra målt utifrå ein gjeven standard. Vi har valgt å fokusere på det som personalet og foreldre tenkjer er RETT KVALITET for vår barnehage. 3

Barnehagen sitt innhald ( 2 Lov om barnehagar) Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal gi barna moglegheit for leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Kvardagsaktivitetane i barnehagedagen (måltid, leik, rydding, påkledning m.m) er beste arena for utvikling og læring. Det er her relasjonane mellom barn- barn og barn- voksen vert bygde. Det er her kvaliteten i det pedagogiske arbeidet i barnehagen har si kjerne. VI DEFINERER KVALITETEN I DET PEDAGOGISKE ARBEIDET VÅRT INN UNDER TRE GRUNNPILARAR Vi definerer Pedagogisk verksemd slik: Verksemda(barnehagen) har -ei felles forståing for samfunnsmandatet gitt oss -eit felles vedteke verdigrunnlag -eit fells barne- og menneskesyn. Verksemda arbeider målretta med mål delmål- tiltak som er tufta på lov og retningslinjer som gjeld for barnehagar. Det er kontinuitet i arbeidet. Verksemda reflekterer over gjennomført arbeid og evaluerer og gjer naudsynte endringar for å sikre barna ein kvalitativ god barnehagekvardag. Slik er barnehagen ein lærande organisasjon med fagutdanna personale som styrer prosessane. Dette har slik betydning for kvardagen til: Barnet Tilsette Foreldre/ føresette Eg opplever struktur gjennom eit felles sett verdiar og normer i kvardagen. Rutinar og struktur er viktig for mi kjensle av tryggheit og forutsigbarheit. Felles opplevingar humor og glede, leik og læring. Eg får høve til medverknad Har moglegheit for medverknad/ påverke. Får vere med å sette mål og evaluere. Skal sjå samanheng i planane og at desse gjenspeglar arbeidet på avdelingane. Felles styringsverk og mål å arbeide etter gir struktur og samanheng i arbeidet. Jamleg diskusjon og refleksjon over forståinga for samfunnsmandatet Planleggingstid for alle. Refleksjon og utvikling. Gjennom dagleg kommunikasjon og foreldresamarbeid vere med å sikre barna ein god barnehagekvardag. Tryggheit i at barnehagen har kompetente vaksne 4

Vi definerer leik slik: Leiken er ei viktig drivkraft i barn sitt liv. Leiken er til for leiken sin del og er ikkje ei metode for anna måloppnåing enn nettopp gleda og inspirasjonen leikens handlingsrom gir, -undring og nyfikne-. Leik er slik sett ei grunnleggande læringsform der barn ser seg sjølv i perspektiv til andre menneske, dyr, omgrep og ting. Leik bygger vennskap. Dette har slik betydning for kvardagen til: Barnet Tilsette Foreldre/ føresette Eg skal få tid og rom til å vere i leiken. Felles opplevingar -vennskap -humor -glede -læring Ein rett til å uttrykke meg. Eg skal få støtte til å kome inn i etablert leik og til vere i leik. Eg opplever meistring. Skal vere autoritative leiarar vere tydelege, varme og anerkjennande. Lyttande og påkopla. Skal planlegge og organisere, men ikkje overstyre leiken. Skal gi rom for leik, ev. snu på rutinar for å verne om god leik. Skal fungere som starthjelp. Må ha kunnskap og kompetanse om leik slik at ein gir eit variert leiketilbod (barn er ulike ikkje gjere leiken stigmatiserande) Skal vere trygge på at barna vert gitt rom og tid til å bygge vennskap. Skal vite at dei som treng hjelp i leiken får dette. Skal sjå trivsel og utvikling hjå barna sine. Vi definerer omsorg slik: Omsorg er eit stort og trygt fang med plass til skildnader, kjensler, tid, glede. Omsorg er tovegskommunikasjon. Omsorg er å sjå og lytte til den andre sine behov. Omsorg er å kjenne den andre sin eigenart og å respektere og anerkjenne denne. Dette gjeld i møtet mellom barna, foreldra, kollegaen og i møte med naturen. Dette har slik betydning for kvardagen til: Barnet Tilsette Foreldre/ føresette At dei vaksne er interessert i meg og tek meg på alvor. Eg opplever tillit, at nokon trur Må sette seg ned og ta seg tid til å tolke. Lytte! Må meistre å sjå behova hjå Skal møte kompetente vaksne med kunnskap om barn, leik og kommunikasjon. eg kan meistre. Eg opplever at enkeltbarn opp mot gruppa. Skal møte tilsette som SER nokon vert glad for min måte å Må våge å sette grenser, men barnet mitt og som kan fortelle gi omsorg på. Eg skal verte med varme og ansvar. små episodar frå dagen. budd på det som skal skje. Kjenne tryggheit og tilknytning 5

Mål for 2015-2016 Vi skal støtte barn si danning, utvikling og læring gjennom å sette fokus på barn sin leik og leikemiljøet i barnehagen. Barna: Vi skal gjennom å tenke Rett Kvalitet i alle kvardagsaktivitetane bidra til at barna utviklar sin eigen identitet og eit godt sjølvbilde. Vi skal gjennomføre ein barnesamtale med alle 4-5 åringane. Leiken: Barna skal gjennom leik få moglegheit til å utvikle vennskap og å lære om seg sjølv i samspel med andre. Vi skal støtte barna si utvikling av leikekompetanse slik at dei opplever meistring i leiken. Vi skal sjå moglegheitene i barnehagen sitt leikemiljø og legge til rette for gode felles opplevingar. Språk: Vi skal stimulere til språkutvikling i kvardagsaktivitetane og i leiken slik at barna får eit nyttig språk i leik og sosialt samvær med andre. Vi skal gjennom bruk av bøker og spel, samtale og leik med ord og taleapparatet gi barna eit verkty for kommunikasjon i kvardagen. 6

Foreldresamarbeid: Foreldre/føresette skal verte medvitne på moglegheita til medverknad i barnet sin barnehagekvardag. Saman skal foreldre/føresette og personalet sikre barna ein god barndom og eit godt liv. Foreldre/føresette skal få moglegheit til å medvirke og få innblikk i kvardagen til barna ved levering/henting, i foreldresamtalar og på foreldremøter. Vi skal gjennomføre to foreldresamtalar pr barnehageår. -ein den månaden barnet fyller år, og ein ny etter 6 mnd. Personalkompetanse: Kvar og ein skal verte medviten på si rolle som voksen og kunne reflektere over eiga haldning og handling i alle samspelssituasjonar med barn og foreldre. Vi skal reflektere over og øve på ein meir autoritativ leiarstil. Vi skal følje opp barna sine initiativ til leik og vere ein aktiv samspelspartner på deira premissar. Vi skal vere medvitne på vår veremåte og vise at vi tek barn og foreldre på alvor. Tid avsett til planlegging og refleksjon for alle. For å synleggjere for foreldre/føresette korleis vi arbeider med desse målsettingane i praksis, utarbeider avdelingane kvar månad ein månadsplan. Denne inneheld også eit tilbakeblikk på(evaluering av) føregåande månad med foto som beskriv og underbygger aktivitetar frå barnehagekvardagen. Kvaliteten på tida ilag med barna er heilt avhengig av kvaliteten på planlegging og vurderingsarbeidet, fagleg oppdatering, utviklingsarbeid, samarbeid og rettleiing. Barnehagen har 5 planleggingsdagar avsett pr. barnehageår til oppdatering, kursing og evaluering. Då er barnehagen stengt for barna. I tillegg har vi personalmøter og avdelingsmøter utanom opningstida. Planleggingsdagar barnehageåret 2015-2016 Haust 2015: Måndag 10.august Måndag 5 oktober Vår 2016: Måndag 8.februar Tysdag 9. februar Fredag 6. mai 7

MÅLTID Barnehagen førebur og serverer alle(3) måltid barnet treng i barnehagetida. Dette er inkludert i månadsfakturaen frå Hareid kommune. Personalet har utarbeidd mål for korleis vi vil at barna skal oppleve måltida her. MÅL: Alle skal få oppleve ei stund rundt bordet med ro, samtale og næringsrik mat, der kjensle av meistring står sentralt. I omgrepet RO legg vi: - at alle får kome til orde - at alle har sin plass - at vaksne er bevisst på sin veremåte - at alle rekvisita( fat, kniv, kopp, klut, smekke o.l) er på plass I omgrepet SAMTALE legg vi: - at dei vaksne ser kvar einskild - at barna kjem til orde med sine ytringar - at overgang til neste aktivitet for dagen kan førebuast i samtalen I omgrepet NÆRINGSRIK MAT legg vi: - eit variert kosthald - sunne matvarer - frukt og grønsaker kvar dag I omgrepet MEISTRING legg vi: - vaksne legg til rette for at barna skal prøve sjølv - støtte til å klare - barna må få nok tid til å prøve sjølv BURSDAGSFEIRING For dei fleste barn er bursdagen ei viktig markering. Dette tek vi på alvor. Det er viktig at barnet får vere spesiell denne dagen. Barnet skal få kjenne på å vere i sentrum, og dei andre barna skal lære at i dag er det ein anna enn meg som skal få spesiell merksemd. Somme barn treng også øving i å takle denne merksemda, å våge å stå fram. Dette øver vi på. Avdelingane markerer bursdagar litt ulikt alt etter alder på barna, men alle får eiga krone og blir sunge bursdagssang for. Kvar avdeling fortel sjølve i månadsplanane korleis dette vert markert. Det er barnehagen som syter for alt som trengst til bursdagsfeiringa. 8

Aktivitetar og markeringar gjennom året AUGUST SEPTEMBER OKTOBER Tilvenning Meg sjølv og dei andre - Vi skal skape ein trygg base for utforsking og - ei trygg hamn for fysisk nærheit, støtte og trøst ved behov - Vi skal skape gode relasjonar og gjere barna trygge på barn, vaksne og lokaler - Etablere rutiner og køyrereglar for positiv åtferd Barnesamtalar 4-5 åringane - Høve til medverknad - Bli sett og høyrt Bli kjende med nærmiljøet - Fokus på natur og friluftsliv innafor og utanfor barnehagegjerdet NOVEMBER Brannvern - Gjere barna kjende med varsling (alarm) og brannvern Førebuing til advent og jul - Vi skal gi barna god tid til å utforske sin estetiske kreativitet AUGUST 10.aug: Planleggingsdag 11.aug: Oppstart for nye og gamle barn nye barn på alle avdelingane SEPTEMBER v. 36: Foreldresamtalar for barn fødde i august og februar Felles foreldremøte (dato kjem seinare) Foreldresamtalar for barn fødde i september og mars OKTOBER 5. oktober: Planleggingsdag Førskulegruppa vert etablert FN-dagen 24.okt. vert markert- kafè i samarb. FAU og personalet Foreldresamtalar for barn fødde i oktober og april NOVEMBER 11.november: Planleggingsdag v. 45 og 46: Brannvern og trygg evakuering Foreldresamtalar for barn fødde i november og mai v.47 og 48: Vi startar opp med små julehemmelegheiter og baking til jul DESEMBER JUL Vi skal gi barna kjennskap til tradisjonar knytt til høgtida Kulturformidling Å kjenne på glede og forventning Å kunne glede seg over å gi like mykje som å få DESEMBER 1.-7.-14.-21.des: adventsamlingar på tvers. 11.des: Lucia-feiring på tvers. 15.desember: Nissefest 16.desember: Julegudsteneste dei eldste 17.desember: Barnehagevandring -ei annaleis Julegudsteneste for 3 åringane (f. 2012) 24. og 31. desember: Barnehagen er stengt. 28.-30.des: tilbud ved Syverplassen bhg. Foreldresamtalar for barn fødde i desember og juni. 9

JANUAR JANUAR 2016 Leik og gjensynsglede - Motorisk utfalding - Natur og utforsking - Felles opplevingar Tilvenning av nye barn - Vi skal skape gode relasjonar og gjere barna trygge på barn, vaksne og lokaler. FEBRUAR Prosjektarbeid med Tema der kvar avdeling kombinerer minst to fagområde frå rammeplanen Felles opplevingar; humor og glede, leik og læring. Barn skal vere med å planlegge utfrå eigne føresetnader. MARS APRIL Påske og nytt liv - Barna vert kjende med tradisjonar knytt til høgtida Kulturformidling - Nytt liv i naturen Vi ser korleis livet vaknar rundt oss. Gjennom leik og utfalding lærer barna å ta vare på kvarandre og nærmiljøet MAI JUNI JULI 17. mai nasjonaldagen - Å bli sett og høyrt og høyre til - Flagget som symbol - Andre land sine flagg og nasjonaldagar SOL, VARME OG SOMMAR - Korleis ta vare på oss sjølve - Ulike sommaraktivitetar Vi skal la barna oppleve gjensynsglede og dele opplevingar med kvarandre. Foreldresamtalar for barn fødde i januar og juli. Samarbeid med nærskulen rundt førskulegruppa framover vinteren/våren Barna skal få tid og rom til å vere i leik i samspel med andre barn og vaksne. FEBRUAR 8.-9.februar: Planleggingsdag Lesebesøk frå 5.klasse ved Bigset skule i februar og mars Foreldresamtalar for barn fødde i februar og august MARS Førskulegruppa på påskevandring, buss til Hareid kyrkje (dato kjem ) 15.mars:PÅSKELUNSJ med barn og foreldre i barnehagen Foreldresamtalar for barn fødd mars og sept APRIL Vi legg til rette for gode opplevingar i naturen Foreldresamt. for barn fødde april og mai, oktober og november MAI 1.mai: Offentleg fridag, barnehagen er stengt 5.mai: Offentleg høgtidsdag, barnehagen er stengt. 6. mai: Planleggingsdag 13.mai: Vi har «før-17.mai-feiring» 16.mai: 2. Pinsedag, Offentleg høgtidsdag 17.mai: Noreg sin nasjonaldag. Barnehagen går i barnetoget i Bigset krins. 23.mai: Oppstart tilvenning til ny avdeling hausten 2016 JUNI Førskuledagar ved skulane for 6-åringane v. 23: Avslutning for førskulegruppa Besøksdag for nye barn til Bigset barnehagebarnehagen Foreldresamtalar for barn fødde juni og juli, desember og januar. 10