Økonomiplan 2011-2014 med budsjett for 2011



Like dokumenter
Økonomiplan med budsjett for 2013

Økonomiplan med budsjett for Fylkesrådmannen sitt framlegg, presentert 5. november 2010

Fylkesutvalet Fylkestinget

Økonomiplan med budsjett for 2012

Fylkesrådmannens framlegg til ØP

Økonomiplan med budsjett for 2011

INVESTERINGSPROSJEKT

Fylkesutvalet Fylkestinget

Fylkeskommunen som vegeigar

Behandling i Fylkesutvalet Toril Melheim Strand (AP) fremma følgjande forslag på vegner av AP, Sml, SP, SV. Uavh, V:

Økonomiplan

Fellesforslag frå AP, SP, V, SV og Uavhengige representantar fremma av Pål Farstad (V):

Undervegs i behandlinga av saka fekk Bjarne Kvalsvik (Sml) permisjon og Inger Johanne Tafjord (Sml) tok plass som vara.

Behandling i Fylkesutvalet Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv og Jon Aasen (AP), Per Vidar Kjølmoen (AP), Eva Vinje

Økonomiplan

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Fakta Bergen

Oversyn over økonomiplanperioden

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Økonomiplan med budsjett 2013 (tillegg etter behandling i hovudutvala)

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

FYLKESVEGPLANEN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Økonomiplan med budsjett for 2013

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Årsrekneskap og årsrapport 2014

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Tittel: Budsjett 2018 / økonomiplan

Økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Økonomiplan med budsjett for 2012

«Fylkestinget vedtek at ein i budsjett og handlingsprogram punkt for skal nytte kommunelova sin adgang til minimumsavdrag på lån.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Saksgang Møtedato Saknr Underutvalg budsjett og økonomiplan /19

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Budsjett Intern Service Helse Førde

Møre og Romsdal fylkeskommunes økonomiplan med budsjett for 2014

Personal- og økonomiutvalet drøfta moglege framtidige inntekter for å sjå kva evt. handlingsrom kommunen har utover i perioden.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

Budsjett 2017 endringar ny gjennomgang av investeringsbudsjettet.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Styresak. Arkivsak Styremøte /371/110 Styresak 010/08 B

Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

FINANSFORVALTNINGA I 2012

Budsjett 2012, økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Kommuneproposisjonen 2010 mm.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Servicebygg Jondal ferjekai fylkeskommunal løyving

Bremanger kommune kontroll av revidert budsjett og økonomiplan

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Fylkesvegane i Hordaland - Plan- og byggeprogram 2017

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Transkript:

KORTVERSJON Ein tydeleg medspelar Økonomiplan 2011-2014 med budsjett for 2011 Fylkesrådmannen sine kommentarar SKAL BEHANDLAST I: Hovudutvala 15. november 2010 Fylkesutvalet 23. november 2010 Fylkestinget 7. desember 2010

Innhald Side Utfordringar og sentrale problemstillingar 3 Prioriteringar 4 Hovudtal samla 6 Hovudtal drift 7 Endringar i driftsrammene for den enkelte sektor 8 Sektoranes andel av totalbudsjett 11 Investeringar hovudtal 12 Kort om investeringane 13 Nye prosjekt, investeringar og aktivitetar i sektorane 14 Lånegjeld 19 Fondsutvikling 20 Tiltak for å få balanse 21

3 Utfordringar og sentrale problemstillingar Møre og Romsdal er ein vekstkraftig region, og skal utviklast vidare. Vår utfordring er å sikre livsgrunnlag og trivsel. Satsingsområde for å oppnå dette er kultur, kompetanse og verdiskaping. Vårt virkemiddel er å bidra med kompetanse og ulike andre verkemiddel i partnarskap med kommunar, næringsliv og organisasjonar i fylket, og legitimitet til å tale fylkets sak overfor sentrale styresmakter. Den økonomiske situasjonen for fylkeskommunen har følgjande sentrale problemstillingar: I løpet av økonomiplanperioden vil mesteparten av driftsfonda vere sterkt redusert. Framover er ei av dei sentrale utfordringane for å kunne oppretthalde gode tenester i heile den fylkeskommunale drifta, å kunne rekruttere og halde på motivert og kompetent arbeidskraft. Innrettinga i økonomiplanarbeidet må ta omsyn til dette. Kompetanse og økonomiske ressursar er dei verkemidla fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør. Handlefridommen her blir vesentleg redusert i forhold til den perioden vi har bak oss. Frå 2003 er avdragstida på lån auka frå 11 til 30 år. Samtidig har vi i gjeldande økonomiplan eit investeringsbudsjett med ein auke i fylkeskommunens lånegjeld ved utgangen av 2013 på om lag 52 % frå utgangen av 2009, og med meir enn ei tredobling frå utgangen av 2006. Noko av auken kan forklarast med utvida ansvar for fylkesvegar. Låneopptaka som blir gjort no, låser fylkeskommunens økonomi for 30 år framover. I dette framlegget til økonomiplan aukar lånegjelda med 48,8 % frå utgangen av 2010 til utgangen av 2014. Fylkeskommunen har vedteke rammebudsjettering. Det betyr at verksemder/ sektorar får med seg innsparingar i forhold til årsbudsjett og må ta inn meirforbruk. Samtidig framstår oppsparte midlar over fleire år som ein vesentleg del av årsresultatet. Av årsresultatet er det generelt hovudsakleg meirinntekter på fellesinntektene som kan brukast til å støtte drifta seinare år.

4 Prioriteringar Møre og Romsdal fylkeskommune vil i økonomiplanperioden ha satsingsområde på opprusting og nybygg til skolesektoren, investeringar i vegprosjekt, kulturtiltak og ein del andre utviklingstiltak. Satsinga på skolebygg og fylkesvegar krev lånefinansiering som vil binde opp økonomien i lang tid framover. I framlegget er følgjande tiltak prioritert: Investeringar i skolebygg med 364,5 mill. kr og i fylkesvegar (inkl. rassikring som for ein stor del blir finansiert med statlege midlar) med 1 336,1 mill. kr i perioden. Det er ført opp 40 mill. kr i 2012 i forskottering av riksveg E39 Harangen-Høgkjølen i samsvar med avtale inngått mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar og Statens vegvesen Region midt. Mange tannklinikkar har flytta inn i nye eller oppussa, moderne lokale dei seinare åra, noko som har medført vesentleg auka husleigeutgifter. For å ta høgde for dette har vi auka ramma til tannhelsetenesta med 2,0 mill. kr frå 2011. Fylkestinget godkjente i sak T-37/09 ein selskapsavtale vedrørande etablering av tannhelsetenesta sitt kompetansesenter for Midt-Noreg. Avtalen inneber m.a. eit årleg driftstilskott frå fylkeskommunen på 0,5 mill. kr. Av den grunn er ramma for tannhelsetenesta høgda med 0,5 mill. kr frå 2011. Frå 2011 er ramma for tannhelsetenesta høgda med 0,360 mill. kr i samband med at 60 % engasjementstilling for folkehelsekoordinator blir gjort om til fast stilling. Stillinga skal vere drivkrafta i satsinga på det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. Ramma for tannhelsetenesta er frå 2011 auka med 0,120 mill. kr i samband med at Nasjonal helsenett som fylkeskommunen er pålagt av staten vil vere på plass i byrjinga at 2011. Dessutan er det for året 2011 teke med kr 75.000 i samband med implementeringsfasen. Ramma for tannhelsetenesta er høgda med 0,5 mill. kr i kvart av åra 2011 og 2012 i samband med at papirjournalar frå alle tannklinikkar blir samla inn og digitalisert og deretter fjernarkivert i sentralt arkiv. Løyvinga til God Helse partnarskapen blir trappa ytterlegare opp med 0,5 mill. kr i 2011 og med ytterlegare 0,5 mill. kr frå 2012, slik at alle kommunar som ønskjer det kan delta i partnarskapen om folkehelse. Frå 2011 er ramma for kultursektoren høgda med 0,5 mill. kr i samband med at næmingeordninga (utdanning av restaureringshandverkarar) blir etablert som ei fast ordning. Dessutan blir 0,5 mill. kr finansiert av regionale utviklingsmidlar (prosjektmidlar). Då det ikkje er høve til å bruke regionale utviklingsmidlar i meir enn tre år, er ramma høgda med ytterlegare 0,5 mill. kr frå 2014. Ramma for kultursektoren er frå 2011 auka med 0,653 mill. kr til årleg tilskott til Operaen i Kristiansund, Teatret vårt og Molde Internasjonale Jazz Festival. Denne auken skuldast at i framlegget til statsbudsjett for 2011 vart tilskotta til desse institusjonane auka. Dette gir automatisk konsekvens for fylkeskommunen med bakgrunn i avtale mellom dei offentlege tilskottspartane. Ramma for kultursektoren er frå 2012 høgda med 2,890 mill. kr i årleg tilskott til AS Regionteatret i Møre og Romsdal og til Molde Internasjonale Jazz Festival. Tilskottet skal dekkje renter og avdrag vedkomande 30 mill. kr i lån til investering i nytt Teaterog jazzhus i Molde.

5 Ramma for kultursektoren er frå 2013 høgda med 1,927 mill. kr til dekning av årleg tilskott til det eigedomsselskapet som skal eige Distriktsoperaens hus i Kristiansund. Endra planar kan endre finansieringsopplegg. Frå 2011 er ramma for samferdselssektoren auka med 11,263 mill. kr som følgje av at ferjerute 09 Hundeidvik Festøy og ferjerute 34 Molde Sekken startar opp som anbodssamband frå 2011. Frå 2011 er ramma for samferdselssektoren auka med 4,2 mill. kr som følgje av fylkestingets vedtak i sak T-44/10 om løysing av reserveferjesituasjonen i Møre og Romsdal. Vi konstaterer at det på samferdselsavdelinga er behov for å byggje opp kapasiteten som ein konsekvens av at fylkeskommunen fekk ansvaret for øvrige riksvegar og riksvegferjer frå 1.1.2010. Vi foreslår derfor oppretting av inntil to stillingar frå 1.1.2011 finansiert av løyvinga til fylkesvegar. Frå 2012 er ramma for samferdselssektoren auka med 8,248 mill. kr som følgje av at ferjerute 32 Småge-Orten-Finnøy-Sandøy-Ona startar opp som anbodssamband frå 2012. I 2011 er ramma for fylkesvegar auka med 7,707 mill. kr, i 2012 med ytterlegare 8,224 mill. kr, i 2013 med ytterlegare 6,781 mill.kr og i 2014 med ytterlegare 0,677 mill. kr. Dette er i samsvar med vedteken økonomiplan. I samsvar med vedteken økonomiplan er løyvinga til OU-midlar auka med 0,9 mill. kr frå 2011. I samsvar med gjeldande økonomiplan er løyvinga til sentrale opplæringsmidlar auka med 0,7 mill. kr frå 2011. Driftsramma til IT-seksjonen er frå 2011 høgda med 1 mill. kr på grunn av større behov for utskifting av pc-ar enn tidlegare. Av auken er 0,5 mill. kr flytta over frå investeringsbudsjettet. Frå 2011 er ramma til IT-seksjonen høgda med 1,2 mill. kr til oppretting av to nye stillingar, jf. kapittel 12. Ut frå eit ønskje om å styrke kompetansen i fylkeskommunen innanfor miljøfunksjonen, er det i ramma for administrativ seksjon lagt inn midlar for ein ny miljørådgivar, 0,6 mill. kr frå 2011. Frå 2011 er ramma for informasjonsseksjonen høgda med 0,5 mill. kr til oppretting av fast stilling som vevsutviklar, jf. kapittel 12. Kvart av åra 2011 og 2012 er det lagt inn kr 50.000 til finansiering av fylkeskommunens del av utgiftene med regional plan for Ottadalen villreinområde, jf. sak U-109/10. Vi forventar eit mindreforbruk (driftsoverskott) på 22 mill. kr i 2010. I høve til nivået på dei frie inntektene i 2010 etter årsprognosen pr. 31.08.2010 korrigert med 9 mill. kr i auka skatteinngang, inneber regjeringas framlegg til statsbudsjett 2011 ein realnedgang for 2011 på 4,8 mill. kr eller 0,2 %.

6 Hovudtal samla Mill. kr Økonomiske hovudtal Framlegg 2011 Framlegg 2014 %-vekst 2011-2014 Frie inntekter (skatt og statleg rammetilskot m.m.) 3 068,3 3 090,2 0,7 Sektoranes netto driftsutgifter 2 877,7 2 870,3-0,3 Brutto driftsresultat 190,6 219,9 15,4 Brutto rente- og avdragsutgifter 162,9 247,0 51,6 Brutto finansinntekter 44,1 51,1 15,9 Netto driftsresultat 71,8 24,0-66,6 Netto avsetningar 10,8-22,0-303,7 Brutto investeringar 463,5 312,6-32,6 Låneopptak 326,5 247,8-24,1 Anna finansiering investeringar 137,0 64,8-52,7 Budsjettframlegget for 2011 blir lagt fram med 3 068,3 mill. kr i frie inntekter med tillegg av bruk av tidlegare avsetningar på 10,8 mill. kr. Saman med brutto finansinntekter på 44,1 mill. kr går desse inntektene med til dekning av netto driftsutgifter i sektorane med 2 877,7 mill. kr, brutto rente- og avdragsutgifter med 162,9 mill. kr (som gir rom for ei brutto investering på 463,5 mill. kr).

7 Hovudtal drift Hovudtala for driftsdelen i framlegget til økonomiplan ser slik ut : 1000 kr ØKONOMIPLAN 2011-2014 2011-kr 2011-kr 2011-kr 2011-kr DRIFTSBUDSJETT 2011 2012 2013 2014 Skatteinntekter 1 110 000 1 110 000 1 110 000 1 110 000 Statleg rammetilskott 1 878 000 1 887 000 1 896 000 1 905 000 Statleg refusjon m.v. 80 336 96 614 77 892 75 170 SUM FRIE INNTEKTER 3 068 336 3 093 614 3 083 892 3 090 170 Sektoranes netto driftsutgifter: Sentr. styr.organ/fellesutg m.v. 234 143 207 427 207 695 206 873 Utdanning 1 342 417 1 335 491 1 330 669 1 331 280 Tannhelse 97 941 97 358 96 856 97 809 Kultur 80 860 83 875 83 875 85 826 Regional- og næringsutvikling 50 370 49 699 49 699 49 699 Samferdsel/Fylkesvegar 1 066 776 1 079 051 1 086 992 1 093 605 Sentrale kontrollorgan 5 191 5 166 5 166 5 166 NETTO DRIFTSUTGIFT 2 877 698 2 858 067 2 860 952 2 870 258 BRUTTO DRIFTSRES. 190 638 235 547 222 940 219 912 Renteinntekter og utbytte 44 050 48 050 51 050 51 050 Renteutgifter 80 967 94 186 115 350 127 418 Avdrag 81 920 92 803 108 257 119 550 NTO RENTER/AVDRAG 118 837 138 939 172 557 195 918 NTO DRIFTSRESULTAT 71 801 96 608 50 383 23 994 Inndekn. tidl. underskott Netto avsetningar 10 801 22 608-1 617-22 006 Overf. til investeringsbudsj. 61 000 74 000 52 000 46 000 SUM DISPOSISJONAR 71 801 96 608 50 383 23 994

8 Endringar i driftsrammene for den enkelte sektor For å få balanse er det nødvendig å redusere driftsutgiftene. Fylkesrådmannen legg opp til at denne reduksjonen skal skje ved ein generell reduksjon i rammene til alle sektorane. Sektorrammene er redusert med 0,7 % i 2011 og med ytterlegare 0,5 % frå 2012. For vidaregåande opplæring er det naturleg at reduksjonen ikkje skjer frå 1.1.2011 og frå 1.1.2012, men frå nytt skoleår 1.8.2011 og 1.8.2012. For at vidaregåande opplæring for heile perioden sett under eitt skal ta ein relativt sett like stor reduksjon som dei andre sektorane, er reduksjonen for denne sektoren på 0,78 % frå 1.8.2011 og ytterlegare reduksjon på 0,62 % frå 1.8.2012. Reduksjonane i framlegget utgjer følgjande beløp for den enkelte sektor i høve til 2010-rammene (mill. kr): 2011 2012 2013 2014 Fellesutgifter 0,268 0,459 0,459 0,459 Politisk verksemd 0,159 0,272 0,272 0,272 Stabsfunksjonar 0,402 0,689 0,689 0,689 Utdanning 4,561 14,573 19,649 19,649 Tannhelse 0,709 1,215 1,215 1,215 Kultur 0,577 0,990 0,990 0,990 Regional og næring 0,358 0,614 0,614 0,614 Samferdsel/fylkesvegar 7,347 12,595 12,595 12,595 Sentrale kontrollorgan 0,037 0,063 0,063 0,063 Sum 14,418 31,470 36,546 36,546 Andre viktige årsaker til endringane i driftsrammene er: Fellesutgifter I 2010 er det budsjettert med 0,2 mill. kr i tilskott til forprosjektet Berekraftige Bustader 2012. Frå 2011 er desse midlane trekte ut igjen. I samsvar med vedteken økonomiplan er løyvinga til OU-midlar auka med 0,9 mill. kr frå 2011. I samsvar med gjeldande økonomiplan er løyvinga til sentrale opplæringsmidlar auka med 0,7 mill. kr frå 2011. Driftsramma til IT-seksjonen er frå 2011 høgda med 1 mill. kr på grunn av større behov for utskifting av pc-ar enn tidlegare, jf. kapittel 12. Av auken er 0,5 mill. kr flytta over frå investeringsbudsjettet. Frå 2011 er ramma til IT-seksjonen høgda med 1,2 mill. kr til oppretting av to nye stillingar, jf. kapittel 12. Av utgiftsauken er 21 mill. kr av rekneskapsteknisk art føring av premieavvik. (Premieavviket er eit estimert netto avvik mellom betalt pensjonspremie og berekna pensjonskostnader. Dersom pensjonspremien overstig årets netto pensjonskostnad, skal årets premieavvik førast til inntekt. Motsett skal årets premieavvik førast til utgift

9 dersom pensjonskostnaden er større enn pensjonspremien. Premieavviket eit år blir utlikna året etter.) Politisk verksemd I 2011 er det budsjettert med 0,8 mill. kr i samband med nytt fylkestingsval. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2012. I 2013 er det ført opp 0,8 mill. kr i samband med nytt stortingsval. Desse midlane er trekte ut igjen i 2014. Stabsfunksjonar I 2010 er det ført opp 0,1 mill. kr til å satse ekstra på kompetanseheving av merkantilt personale. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2011. I 2010 er det oppretta ei stilling for rådgjevar i administrativ seksjon. I 2010 er stillinga finansiert av OU-midlar. I 2011 skal berre 50% av stillinga finansierast av OU-midlar. Ramma er derfor høgda med 0,3 mill. kr i 2011. Finansieringa av OU-midlar fell bort frå 2012. Ramma er derfor høgda med ytterlegare 0,3 mill. kr frå 2012. I 2010 er det budsjettert med 0,5 mill. kr til ei engasjementsstilling ved Byggje- og vedlikehaldsseksjonen. Frå 2011 er desse midlane trekte ut igjen. Ut frå eit ønskje om å styrke kompetansen i fylkeskommunen innanfor miljøfunksjonen, er det i ramma for administrativ seksjon lagt inn midlar for ein ny miljørådgivar, 0,6 mill. kr frå 2011. Frå 2011 er ramma for informasjonsseksjonen høgda med 0,5 mill. kr til oppretting av fast stilling som vevsutviklar, jf. kapittel 12. I 2010-ramma ligg det inne 0,35 mill. kr til klimaplanen. Planen vart ferdig i 2010 og desse midlane er trekte ut igjen frå 2011. Kvart av åra 2011 og 2012 er det lagt inn i ramma kr 50.000 til finansiering av fylkeskommunens del av utgiftene med regional plan for Ottadalen villreinområde, jf. sak U-109/10. Frå 2010 ligg det inne i ramma 0,4 mill. kr til universell utforming. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2013. Vidaregåande opplæring Tannhelse I høve til 2010 er rammene høgda med følgjande beløp på grunn av netto redusert inndekning av underskott ved vidaregåande skolar: 0,545 mill. kr 4,049 mill. kr 4,474 mill. kr 5,064 mill. kr Ramma er frå 2011 redusert med 10,9 mill. kr som følgje av tilsvarande venta innsparing på grunn av redusert premie til Statens Pensjonskasse frå 2011. Mange tannklinikkar har flytta inn i nye eller oppussa, moderne lokale dei seinare åra, noko som har medført vesentleg auka husleigeutgifter. For å ta høgde for dette har vi auka ramma med 2,0 mill. kr frå 2011.

10 Fylkestinget godkjente i sak T-37/09 ein selskapsavtale vedrørande etablering av tannhelsetenesta sitt kompetansesenter for Midt-Noreg. Avtalen inneber m.a. eit årleg driftstilskott frå fylkeskommunen på 0,5 mill. kr. Av den grunn er ramma høgda med 0,5 mill. kr frå 2011. Frå 2011 er ramma høgda med 0,360 mill. kr i samband med at 60 % engasjementstilling for folkehelsekoordinator blir gjort om til fast stilling. Stillinga skal vere drivkrafta i satsinga på det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. Ramma er frå 2011 auka med 0,120 mill. kr i samband med at Nasjonal helsenett som fylkeskommunen er på lagt av staten vil vere på plass i byrjinga at 2011. Dessutan er det for året 2011 teke med kr 75.000 i samband med implementeringsfasen. Ramma er høgda med 0,5 mill. kr i kvart av åra 2011 og 2012 i samband med at papirjournalar frå alle tannklinikkar blir samla inn og digitalisert og deretter fjernarkivert i sentralt arkiv. I 2013 ligg det inne eit siste trekk på 0,949 mill.kr i inndekning av underskott frå 2009. Ettersom dette trekket fell vekk frå 2014, er ramma høgda tilsvarande frå 2014. Kultur Løyvinga til God Helse partnarskapen blir trappa ytterlegare opp med 0,5 mill. kr i 2011 og med ytterlegare 0,5 mill. kr frå 2012, slik at alle kommunar som ønskjer det kan delta i partnarskapen om folkehelse. Frå 2011 er ramma høgda med 0,5 mill. kr i samband med at næmingeordninga (utdanning av restaureringshandverkarar) blir etablert som ei fast ordning. Dessutan blir 0,5 mill. kr finansiert av regionale utviklingsmidlar (prosjektmidlar). Då det ikkje er høve til å bruke regionale utviklingsmidlar i meir enn tre år, er ramma høgda med ytterlegare 0,5 mill. kr frå 2014. Ramma for kultursektoren er frå 2011 auka med 0,653 mill. kr til årleg tilskott til Operaen i Kristiansund, Teatret vårt og Molde Internasjonale Jazz Festival. Denne auken skuldast at i framlegget til statsbudsjett for 2011 vart tilskotta til desse institusjonane auka, dette gir automatisk konsekvens for fylkeskommunen med bakgrunn i avtale mellom dei offentlege tilskottspartane. Ramma er frå 2012 høgda med 2,890 mill. kr i årleg tilskott til AS Regionteatret i Møre og Romsdal og til Molde Internasjonale Jazz Festival. Tilskottet skal dekkje renter og avdrag vedkomande 30 mill. kr i lån til investering i nytt Teater- og jazzhus i Molde. Ramma er frå 2013 høgda med 1,927 mill. kr til dekning av årleg tilskott til det eigedomsselskapet som skal eige Distriktsoperaens hus i Kristiansund. Endra planar kan endre finansieringsopplegg. I 2013 ligg det inne 1,333 mill. kr i tilskott til Skimuseum i Rindal. Desse midlane er trekte ut igjen i 2014. Regional og næringsutvikling For 2010-2011 ligg det inne 0,4 mill. kr i tilskott til Bioforsk. Frå 2012 er desse midlane trekte ut igjen. Samferdsel For 2010 ligg det inne 0,4 mill. kr til utvida rutetilbod Atlanterhavstunnelen, 0,350 mill. kr til utvida flyferjetilbod Årvik-Koparnes og 0,5 mill. kr til ekstern gjennomgang av kollektivtrafikken. Desse midlane er trekte ut igjen frå 2011. Frå 2011 er ramma auka med 11,263 mill. kr som følgje av at ferjerute 09 Hundeidvik Festøy og ferjerute 34 Molde Sekken startar opp som anbodssamband frå 2011.

11 Frå 2011 er ramma auka med 4,2 mill. kr som følgje av fylkestingets vedtak i sak T- 44/10 om løysing av reserveferjesituasjonen i Møre og Romsdal. Vi konstaterer at det på samferdselsavdelinga er behov for å byggje opp kapasiteten som ein konsekvens av at fylkeskommunen fekk ansvaret for øvrige riksvegar og riksvegferjer frå 1.1.2010. Vi foreslår derfor oppretting av inntil to stillingar frå 1.1.2011 finansiert av løyvinga til fylkesvegar. Frå 2012 er ramma auka med 8,248 mill. kr som følgje av at ferjerute 32 Småge- Orten-Finnøy-Sandøy-Ona startar opp som anbodssamband frå 2012. I 2011 er ramma for fylkesvegar auka med 7,707 mill. kr, i 2012 med ytterlegare 8,224 mill. kr, i 2013 med ytterlegare 6,781 mill.kr og i 2014 med ytterlegare 0,677 mill. kr. Dette er i samsvar med vedteken økonomiplan. Sektoranes andel av totalbudsjett Fylkesrådmannens framlegg til økonomiplan gir følgjande netto utgiftsdelar for den enkelte sektor i 2011: Netto driftsramme 2011 Mill. kr % av total Sentrale styringsorgan/fellesutgifter 1) 2) 145,1 5,2 Utdanning 1 342,4 48,1 Tannhelse 97,9 3,5 Kultur 80,9 2,9 Regional- og næringsutvikling 50,4 1,8 Samferdsel/fylkesvegar 1 066,8 38,3 Sentrale kontrollorgan 5,2 0,2 Sum 2) 2 788,7 100,0 1)Av dette utgjer fellesutgifter som gjeld heile organisasjonen 66,2 mill. kr eller 2,4 %- poeng, politisk verksemd 22,2 mill. kr eller 0,8 %-poeng og stabsfunksjonar (inkl. planavdelinga) 56,7 mill. kr eller 2,0 %-poeng. 2)Reserveposten er halden utanom.

12 Investeringar hovudtal I vårt framlegg er det foreslått følgjande investeringar på 1 789,5 mill. kr i heile økonomiplanperioden slik: (inkl. moms) PROSJEKT Sum 2011 2012 2013 2014 2011-2014 Opprusting av bygningsmassen 15,0 15,0 15,0 15,0 60,0 IT infrastruktur og nettverk 0,5 0,5 0,5 0,5 2,0 Sum sentrale styringsorg./fellesutg. 15,5 15,5 15,5 15,5 62,0 Utstyr/universell utforming 13,0 13,0 13,0 13,0 52,0 Borgund vgs, restaurant- og matfag 34,0 36,0 4,0 74,0 Kristiansund vgs, bygg 3 29,5 29,5 Kristiansund vgs, bygg 4 20,0 20,0 Gjermundnes vgs, vidare opprusting teori/adm bygg 15,0 15,0 Ålesund vgs, Volsdalsberga 2,0 27,0 29,0 Romsdal vgs, byggjesteg 2 15,0 15,0 15,0 45,0 Molde vgs, byggesteg 2 inkl kantine 15,0 15,0 10,0 40,0 Rauma vgs, brannsikring/opprusting 13,0 13,0 Gjermundnes vgs, ridehall 12,0 12,0 Kristiansund vgs, bygg 8, byggjesteg 1 5,0 30,0 35,0 Sum vidaregåande opplæring 93,5 126,0 52,0 93,0 364,5 Nasjonalt helsenett 0,3 0,3 Tannhelse utstyr 2,0 2,0 2,0 2,0 8,0 Nye/opprusting av klinikkar 3,0 3,0 3,0 9,0 Sum tannhelse 2,3 5,0 5,0 5,0 17,3 Ruteopplysning - oppgradering 0,6 0,6 0,6 0,6 2,4 Ruteplanleggingsverktøy 1,2 1,2 Sanntidsinformasjon 1,0 1,0 Transportadministrasjon 1,0 1,0 Elektronisk billetteringssystem 4,0 4,0 Fylkesvegar ("gamle" og "nye") 257,3 290,4 278,3 188,2 1014,2 Rassikring fylkesvegar 87,1 127,1 97,4 10,3 321,9 Sum samferdsel/fylkesvegar 352,2 418,1 376,3 199,1 1345,7 SUM INVESTERINGAR 463,5 564,6 448,8 312,6 1789,5 Fylkeskommunen vil etter dette ha ei lånegjeld på heile 2 969,5 mill. kr ved utgangen av 2014. Dette er ein auke på 974,2 mill. kr samanlikna med utgangen av 2010.

13 Kort om investeringane Møre og Romsdal fylkeskommune har samla seg opp eit udekt investeringsbehov innanfor fleire sektorar, og dette behovet er så stort at det vil vere nødvendig å bruke ein del år for å få løyst det. Behovet er særleg stort når det gjeld investeringar i nye skolebygg og fylkesvegar. Dette framlegget inneber isolert sett ein auke i investeringsvolumet for åra 2011-2013 på 117,5 mill. kr i høve til vedteken økonomiplan. Vi har då korrigert for dei statlege midlane til rassikring av fylkesvegar. Med det forventa inntektsnivået fylkeskommunen vil få i åra framover, kan vi ikkje tilrå større låneopptak enn det nemnde investeringar inneber. Fylkeskommunen vil etter framlegget ha ei lånegjeld på 2 969,5 mill. kr ved utgangen av 2014. Dette er ein auke på 974,2 mill. kr samanlikna med utgangen av 2010. Mesteparten av dei investeringane som er ført opp under sentrale styringsorgan og fellesutgifter gjeld opprusting av bygningsmassen (stort sett skolar). Mesteparten av dei foreslåtte investeringane i perioden er tenkt finansiert ved nye låneopptak og momskompensasjon. Dessutan vil fylkeskommunen få statstilskott til rassikring.

14 Nye prosjekt, investeringar og aktivitetar i sektorane Samferdsel: Framlegget søker å sjå samferdselssektoren under eitt med tanke på å få eit best mogleg tilbud til trafikantane Lagt opp til å sikre rutetilbodet på dagens nivå når det gjeld fylkesvegferje og hurtigbåt, noko meir usikkert når det gjeld buss Overføringane frå staten ikkje tilstrekkelege til å dekke kostnadsauken innanfor drift/vedlikehald av fylkesvegane i fylket. Dette gir fylkeskommunen økonomiske utfordringar og vi har derfor først og fremst måtte priorotere drifta slik at vegane blir haldne oppe Det er lagt opp til å fullfinansiere grusveg-pakka i løpet av økonomiplanperioden slik at alle dei fylkeskommunale grusvegane får fast dekke innan utgangen av 2014. Kostnadane til dette er førebels utrekna til om lag 180 mill kr Det er lagt opp til at fylkeskommunen forskotterar dei nødvendige beløpa slik at ein sikrar kontinuerleg drift av rassikringsprosjektet Røyr Hellesylt (byggesteg I og II) Det er lagt til grunn at Nordøyvegen blir bygd som planlagd. Investeringar totalt for fylkesvegar: Tal oppgitt i mill 2011-kroner Sum 2011 2012 2013 2014 2011-2014 "Gamle" fylkesvegar 68,9 53,9 51,6 54,1 228,6 "Nye" fylkesvegar 188,4 236,5 226,6 134,0 785,5 Sum investering fylkesvegar (eksklusiv rassikring) 257,3 290,4 278,3 188,1 1014,1 Rassikring (Røyr - Hellesylt) 87,1 127,1 97,4 10,3 321,9 Sum investering i rassikring 87,1 127,1 97,4 10,3 321,9 Sum investering i fylkesvegar 344,4 417,5 375,7 198,4 1336,0

15 Investeringar i gamle fylkesvegar: Prosjekt (tal i mill 2010-kroner) Sum 2011 2012 2013 2014 2011-2014 Tiltak for universell utforming 0,5 0,5 0,5 0,5 2,0 Fortsterkningar / utbetringar (50/50-post) 2,5 0,0 0,0 0,0 2,5 Kartlegging (Geovekst) 0,5 0,5 0,5 0,5 2,0 Planleggingsmidlar 0,1 0,1 0,1 0,1 0,4 Fv 18 Leinebygda i Hærøy kommune (+kommuale midlar) 0,0 0,0 0,0 1,0 1,0 Fv 81 Fursetbrua i Stranda kommune 6,0 0,0 0,0 0,0 6,0 Fv 405 Knausenlinja i Molde (kostnadsdeling, totalkostnad 75 mill kr) 0,0 0,0 0,0 1,0 1,0 Fv 405 Frænavegen ved Eikrem (tilskott) 0,0 0,0 0,0 1,0 1,0 Ferjekaier i rute 32 (kostnaden er usikker) 18,0 12,0 0,0 0,0 30,0 Grusvegpakka 39,6 39,5 49,3 48,8 177,2 Sum investering i gamle fylkesvegar 67,2 52,6 50,4 52,9 223,1 Investeringar i nye fylkesvegar: Prosjekt (tal i mill 2010-kroner) Sum 2011 2012 2013 2014 2011-2014 Fv 659 Nordøyvegen 0,0 0,0 115,0 100,0 215,0 Fv 661 Straumsbrua (refusjon) 12,4 0,0 0,0 0,0 12,4 Fv 661 Straumsbrua, delprosjekt Skodje sentrum (refusjon) 5,0 11,2 0,0 0,0 16,2 Fv 661 Straumsbrua, byggetrinn 2 og 3 35,0 48,0 0,0 0,0 83,0 Fv 662 Haukabøen (refusjon) 29,9 29,9 0,0 0,0 59,8 Sum til store prosjekt 82,3 89,1 115,0 100,0 386,4 Mindre utbetringar inkl. ferjekaier 56,0 55,0 51,0 3,5 165,5 Gang- og sykkelanlegg 8,7 29,3 8,7 0,0 46,7 Trafikktryggleikstiltak 4,0 28,0 24,7 7,0 63,7 Miljø- og servicetiltak 2,4 7,8 3,7 4,2 18,1 Kollektivtiltak og universell utforming 3,3 9,5 6,0 4,0 22,8 Planlegging 25,1 10,0 10,0 10,0 55,1 Grunnerverv (utanom til definerte prosjekt) 2,0 2,0 2,0 2,0 8,0 Sum til programområda 101,5 141,6 106,1 30,7 379,9 Sum investeringar i nye fylkesvegar 183,8 230,7 221,1 130,7 766,3

16 Kultur: Vidareføring av 7 mill. kroner til kulturutvikling gjennom fylkesplanen sitt handlingsprogram for kultur. Med mellom anna: oppstart av pilotprosjektet "Inkludering og kompetanse" i frivillige organisasjonar fanesak Kultursekk barnehage der barnehagar i 9 kommunar har fått tilbod etablering av regionalt digitaliseringssenter i Ålesund Saman med 3,5 mill kr i regionale utviklingsmidlar har kulturområdet totalt 10,5 mill kr til bruk på utviklingstiltak og verdiskaping. Fortsatt opptrapping av God Helse-partnerskapen med auke på 0,5 mill kr i 2011 og ytterligare 0,5 mill kr i 2012 - slik at alle kommunar som ønskjer det kan delta i partnerskapen for folkehelse innan 2012 37 mill kr i tilskot til kulturinstitusjonar og frivillig verksemd/frivillige organisasjonar, der mesteparten blir fordelt på kulturutvalsmøte i februar 2011. Næmingeordninga (utdanning av handverkarar gjennom handlingsboren kunnskap) ved Nordmøre Museum, Geitbåtmuseet i Halsa, er sikra drift og vidareutvikling gjennom m a auka fylkeskommunalt tilskot og regionale utviklingsmidlar på til saman 1 mill kr. Tannhelse: Rekruttering av tannlegar - framleis ein krevande øvelse i distrikta - spesielt krevjande når det gjeld einmannsklinikkar Krevjande budsjett - framleis må vi halde 10-15 stillingar vakante for å halde budsjettrammene Nye klinikkar er meir kostbare å drive enn dei eldre klinikkane Folkehelsekoordinator skal samkjøre og systematisere det førebyggande oppsøkande tilbodet i alle frie grupper Det førbyggande tannhelsearbeidet vil bli styrka i alle distrikt - Folkehelsekontaktar i kvart distrikt. Alle tannklinikkar vil vere tilknytta Norsk Helsenett, frå januar 2011. Oppgraderingar og nye klinikkar blir sett på vent av budsjettmessige omsyn fram til 2012. Arbeid med ny strategiplan for tannhelsetjenesten startar opp i 2011.

Forslag om at takstar for tannhelsetenestar til betalande klientell blir lagt på landsgjennomsnittet for landets fylkeskommunar 17 Utdanning: Skolerammene redusert med om lag 26,3 mill. kr i høve til budsjettet for 2010. (justert for rammereduksjon til fagskolane og for venta prisvekst) Ein konsekvens av innstramming i tilbodsstrukturen i samband med budsjettreduksjonar i økonomiplana 2008-2010 For 2012 er sektorramma redusert med 12,4 mill. kr. For 2013 er ramma redusert med ytterlegare 4,8 mill. kr. Fylkesrådmannen har enno ikkje teke stilling til korleis innsparingskrava som er lagt på sektoren frå 2012 kan møtast. Innsparingskrava frå 2012 kan bety strukturelle utfordringar Ny GIV - Gjennomføring i vidaregåande opplæring. Er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Blir i Møre og Romsdal administrert av fylkeskommunen og gjennomført i samarbeid med kommunanekristiansund, Molde og Ålesund Aksjon læreplass Regional og næring: Lokalt Utviklingsarbeid i Kommunane (LUK): Ei 5-årig satsing initiert av KRD.Målet med arbeidet er å vitalisere lokalt utviklingsarbeid i kommunane på ein systematisk og heilskapleg måte. Fylkeskommunen skal opptre som ein aktiv utviklingsaktør i samarbeid med kommunane på deira premissar. Arbeidet i LUK skal utvikle gode lokalsamfunn som trekkjer til seg nye innflyttarar, og leggje til rette for innovasjon i kommunane som sikrar konkurranseevna i framtida. Satsing på reiselivet gjennom Fjord Norge: For å trygge Fjord Noreg sin posisjon som internasjonalt fyrtårn for reiselivet i Noreg, er dei fire fylkeskommunane på vestlandet bedt om å auke sitt tilskot til Fjord Noreg i perioden 2011 2014. Etter fylkesrådmannen sitt syn gjer Fjord Noreg ein god jobb for reiselivet på vestlandet. Slik den økonomiske situasjonen framstår vil ein foreslå ei auke til Fjord Noreg på kr 2,5 millionar kroner årleg i perioden 2011 til 2014 som eit realistisk. Iverksette den operasjonelle delen av arbeidet med implementering av EU sitt vassdirektiv: Landet er inndelt i 9 forskjellige vassregionar med bakgrunn i nedbørsfelta i Norge. Møre og Romsdal er ein eigen vassregion. Vassregionane er oppretta for å implementere EU-sitt rammedirektiv i Norge. Vassforvaltningsforskrifta

18 vart sett i kraft 1. januar 2007. Forskrifta stiller krav om å utvikle ei heilskapleg økosystembasert og kunnskapsbasert forvaltning av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Fylkeskommunen skal vere formell planmyndigheit, legge til rette for medverknad og legg til rette for høyring av planprogram og forvaltningsplan. Arbeidet inneber stor kontakt med kommunar og statlege etatar. Regionalt forskningsfond: Møre og Romsdal inngikk samarbeid med Sør- og Nord- Trøndelag i Regionalt Forskingsfond Midt-Norge. Første utlysing av forskingsmidlar vart gjort 1.sept med søknadsfrist 13.okt 2010. Utlysinga er godt tilpassa fokusområda i næringslivet og FoU-institusjonane i Møre og Romsdal. I løpet av 2011 vil dei 3 fylka i samarbeid utarbeide ein meir langsiktig FoU-strategi som skal gje føringar for arbeidet med forskingsfondet, og som i tillegg også skal gje meir generelle føringar for FoU arbeid i regionen. Regional- og næringsavdelinga har ansvar for å setje i verk ein heilskapleg strategi for regional- og næringsutvikling i fylket, det blir årleg utarbeidd eit Handlingsprogram Verdiskaping. Dette føreset at avdelinga har kvalitativt gode analyser, kompetanse og maktar å utvikle gode partnarskap. Å fremme Møre og Romsdal sine interesser i høve til nasjonale styresmakter er ei viktig oppgåve for avdelinga, og krev at vi har kompetanse og gode nettverk regionalt og nasjonalt. Fylkeskommunen er, som følgje av forvaltningsreforma deleigar av Innovasjon Norge, noko som inneber eit sterkare samordningsansvar i høve til dei andre eigarane, og eit sterkare styringsansvar.

19 Lånegjeld Ved utgangen av 2010 vil fylkeskommunens lånegjeld vere på 1 995,3 mill. kr. I framlegget til økonomiplan er det føresett slik utvikling av lånegjelda (pr. 31.12): Mill. kr År Nye låneopptak Betalte avdrag Lånegjeld 2010 1 995,3 2011 326,5 81,9 2 239,9 2012 463,6 92,8 2 610,7 2013 338,8 108,3 2 841,2 2014 247,8 119,6 2 969,4 Figuren under viser utviklinga av lånegjelda i perioden 2004-2014 etter dette framlegget (mill. kr) Ovanståande figur viser at fylkeskommunens lånegjeld er sterkt stigande i heile perioden 2004-2014. Ettersom fylkeskommunen tok over dei nye fylkesvegane frå 1.1.2010, kan imidlertid ikkje låneutviklinga samanliknast direkte før og etter 2010. Gjeldsgraden gir utrykk for lånegjeldas belastning på fylkeskommunens drift. Gjeldsgraden har i dei seinare åra vore stigande, vesentleg på grunn av auka investeringar til skolebygg og fylkesvegar.

20 Figuren over viser at ved uendra rentesats og avdragstid vil ein stadig større del av fylkeskommunens inntekter måtte brukast til å dekkje utgiftene til renter og avdrag i økonomiplanperioden. Dessutan er det grunn til rekne med at rentenivået vil stige i åra framover. Fylkesrådmannen er uroa over utviklinga av lånegjelda. Dagens investeringsnivå bind opp betydelege driftsmidlar for å kunne betjene lånegjelda. Det vil såleis ikkje vere rom for ytterlegare investeringar i økonomiplanperioden. Og når dei investeringsprosjekta som er foreslått i dette framlegget er realisert, bør investeringsnivået for ein periode trappast ned til eit absolutt minimum, og slik at ein ikkje foretar låneopptak. Fondsutvikling På kapitalfondet og andre fond (ekskl. fond tilhøyrande sektorane og ekskl. fond der midlane allereie er vedtatt disponert (t.d. til såkornfond)) stod det pr. 31.12.2009 72,3 mill. kr i driftsfondsmidlar og 137,7 mill. kr i investeringsfondsmidlar. Dette framlegget inneber at det ved utgangen av 2014 vil stå igjen 108,8 mill. kr på kapitalfondet og andre fond, og då fordelt med 21,4 mill. kr i driftsfondsmidlar og 87,4 mill. kr i investeringsfondsmidlar. Dette er eit minimum for å kunne møte den usikkerheita som ein står overfor dei komande åra. Dessutan treng fylkeskommunen handlingsrom for initiering av nye, viktige regionale tiltak for å utvikle fylket vidare.