Beredskapsseminar Fjell kommune 12. november 2007 FylkesROS Hordaland Risiko- og sårbarheitsanalyse for Hordaland fylke Torill Halland Rådgjevar Fylkesmannen i Hordaland www.fylkesmannen.no/hordaland
Kvifor FylkesROS Utvikling av gode ROS-analysar på kommunalt nivå, mangla tilsvarande på regionalt nivå Stort fokus på ROS frå nasjonale myndigheiter, vart tildelt 100 000 av DSB
FylkesROS Hordaland målsettingar Å skapa eit heilheitleg risikobilete av Hordaland som geografisk område Å avdekka risiko knytt både til hendingar og arealbruk Å fungera som eit verkty for kommunale og regionale sakshandsamarar, - og då spesielt knytt til arealplanlegging Å påpeika mangelfull sikkerheit, koma med forslag til tiltak og plassera ansvaret for oppfylging Å redusera samla risiko for Hordaland fylke
Litt om prosjektet Beredskapseininga som prosjektgruppe. Torill Halland var prosjektleiar Oppstartmøte den 27. mars 2003 der 21 ulike etatar var representert Arbeidsgrupper ift. tema (6 stk.) 2 møter i kvar arbeidsgruppe Mykje kontakt med samarbeidspartnarar pr. telefon og e-post Meir enn 60 personar har delteke
Involverte aktørar: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga Fylkesmannen i Hordaland, Helseavdelinga Fiskeridirektoratet Institutt for geovitenskap, UIB Bergen og Omland havnevesen Hordaland Sivilforsvarsdistrikt Haukeland Universitetssjukehus Institutt for fiskeri- og marinbiologi, UIB Bergen kommune, infeksjonsforebyggende kontor Tyssefaldene Kraftlag BKK Sunnhordland kraftlag Bergen kommune, vann- og avløp Bergen kommune, planavdelinga Haakonsvern Orlogsstasjon Hordaland Fylkeskommune Vêrvarslinga på vestlandet Statens Vegvesen Naturgass Vest Helse Bergen Jernbaneverket Avinor NSB CargoNet HV-10 Skei i Jølster Hordaland politidistrikt Statoil Mongstad Statoil Troll Kollsnes Bergen brannvesen Kystverket Vest Mattilsynet NVE HSD
Oppbygging av FylkesROS Skildring av den uønska hendinga (Prosa) Sannsynlegheit for at den uønska hendinga skjer Konsekvensar den uønska hendinga kan føra med seg Forslag til nye risikoreduserande tiltak (førebyggjande og skadeavgrensande) Inn i Risikomatrisa
FylkesROS FylkesROS 2004 tok føre seg desse felta: (vart gjort i ein tverrfagleg prosess) svikt i energiforsyning fiskeoppdrett, dyresjukdomar, og landbruk epidemiar og helseberedskap naturulukker masseskade og transportulukker farleg gods og akutt forureining
Svikt i energiforsyning
Svikt i energiforsyning Straumbrot på inntil 4 timar vert vurdert å kunna inntreffa årleg. Ei slik hending er venta å få omfattande økonomiske konsekvensar for olje- og gassindustrien, men berre mindre konsekvensar for andre sektorar. Straumbrot på inntil 48 timar vert vurdert å kunna inntreffa kvart 50. år i områda kring Bergen, og kvart 10. år i dei meir fjerntliggjande kommunane. Ei slik hending vil få omfattande konsekvensar for økonomi, samband og samfunnsliv generelt. Ein vil også kunna oppleva tap av liv. Sannsynlegheita for straumrasjonering vert vurdert som aukande.
Fiskeoppdrett, dyresjukdomar og landbruk Norsk kjøttproduksjon har generelt godt rykte, me opplever svært lite sjukdom på fjørfe, svin og storfe. Munn- og klauvsjuke utgjer den potensielt største risikoen mot landbruket vårt. Sjukdomen er svært smittsam og eit utbrot vil kunna spreia seg over heile Sør-Noreg på kort tid. Eit slikt scenarie vil få langtidsfølgjer for landbruket og dei økonomiske konsekvensane er omfattande. Utbrotet i Storbritannia i 2001 kosta over 100 mrd kroner.
Fiskeoppdrett, dyresjukdomar og landbruk Ulike sjukdomar påfører oppdrettsnæringa store økonomiske tap. Dessutan vert fleire av desse sjukdomane spreidd til villfisk. 25 mill tonn ballastvatn vert årleg tømt i Hordaland, og det finst i dag ingen restriksjonar for tøming av dette vatnet langs kysten vår. Vatnet kjem frå heile verda og kan innehalda organismar som kan slå seg ned i våre farvatn og føra til omfattande skade på vårt marine dyre- og planteliv.
Epidemiar og helseberedskap Tuberkulose-epidemi i Russland og ein del u-land. Pandemisk influensa vil råka oss før eller seinare. Over 50% kan verta sjuke, noko som vil setja viktige samfunnsfunksjonar ut av drift. Prevaksinasjon av risikogrupper og nøkkelpersonell er det viktigaste tiltaket. Mangel på personell og medisinsk utstyr vil kunna oppstå som følgje av større epidemiske utbrot eller andre internasjonale hendingar, og vil kunna få store konsekvensar for helsetenestene våre.
Epidemiar og helseberedskap Drikkevasskvaliteten vurderast som god, men nedslagsfelta er ikkje tilstrekkeleg sikra mot naturlege forureiningskjelder, tankbilvelt eller sabotasje. Næringsmiddelkontroll reknast som god, matforgifting utgjer ikkje nokon stor fare for befolkninga.
Naturulukker Konsekvensane av storm, flaum, høg vasstand og store skred er normalt avgrensa til materielle skader, men om desse hendingane råkar nye, bebygde område vil ein i større grad kunna oppleva at liv går tapt
Odda 1993
Mundheim, 2004
Naturulukker generelt Hordaland opplever generelt mykje vêr og vind, og vêret fører årleg til store skadar på materielle verdiar. Vêret og naturen utgjer også ein fare for liv og helse, men ein opplever relativt få dødsfall knytt til naturulukker. Prognosar utarbeida av NVE og Meteorologisk institutt tyder på at me vil oppleva fleire kraftige stormar, meir ekstrem nedbør og generelt meir skadeleg vêr. Vestlandet vil dei neste 50 åra oppleva ein auke i årleg nedbør på om lag 20%, og det er mengda - ikkje antal regndøgn som aukar Vestlandet vil få auka avrenning og flaumfare om hausten, meir vinterregn og mindre snø i låglandet og dermed auka erosjon. Samstundes ligg det an til fleire og større naturulukker som store jord, snø og fjellskred.
Naturulukker generelt (forts.) Ein slik auke i frekvens og omfang av ulukker, kombinert med auka press på areal både til fjells og ved sjøen, gjer det svært viktig at ein i framtida set fokus på den førebyggjande beredskapen og tek høgde for den komande auken av naturulukker i alle formar for arealplanlegging Naturskadar i Noreg (døme frå 2003): Skred Storm Flaum Anna Totalt Beløp 9 mill. 139 mill. 47 mill. 6 mill. 202 mill. Antal 85 3 536 569 68 4 258
Sterk vind Sannsynlegheit: Liten eller full storm (21 25 m/s) sannsynleg Sterk storm (29 m/s) noko sannsynleg Orkan (33 m/s) lite sannsynleg Konsekvens: Full storm ein viss fare (liv og helse, materielle verdiar) Sterk storm alvorlege konsekvensar (liv og helse, materielle verdiar) Orkan katastrofale konsekvensar (liv og helse, materielle verdiar) Eks: Orkanen på Nordvestlandet i 1992 gjorde skadar for om lag 2 milliardar
Risikomatrise Sterk vind Svært sannsynleg Sannsynleg Liten eller full storm (A, C) Noko sannsynleg Sterk storm (A, C) Lite sannsynleg Orkan (A, C) Ubetydeleg Ein viss fare Alvorleg Kritisk Katastrofalt A = liv og helse, B = miljø, C = Økonomi
Sterk vind Tiltak: Det må takast høgde for aukande stormfrekvens i framtida når arealplanar for bustader, næringsverksemd og viktig infrastruktur skal utarbeidast Kommunane må gjennom ROS-analysar kartlegga om areal er særskilt vindutsett, og legga inn ein del krav i føresegnene til reguleringsplan. Dette kan til dømes vera krav til mønevinklar, høgde på bygningen og storleik på vindauga
Ekstrem nedbør Sannsynlegheit: Ekstrem nedbør (70 mm/døgn) sannsynleg (Noregsrekord 229,6 mm/døgn Matre i Sunnhordland) > 300 mm på 3 timar lite sannsynleg Konsekvens (materielle verdiar): Ekstrem nedbør alvorleg > 300 mm på 3 timar - kritisk
Ekstrem nedbør Tiltak: Avløpsnettet riktig dimensjonering og godt vedlikehald (reinsking av sluk) Grøntområde har god drenering og fungerar svært godt til å ta unna store nedbørsmengder. Slike område må i større grad takast med i arealplanlegging av bynære og tettbygde område som eit førebyggjande tiltak mot overflaumingar Vegnettet bør sikrast ytterlegare både mot ekstrem nedbør, og mot ulike skred og ras som er utløyst av ekstrem nedbør. Drenering må takast med i planlegging av nye vegstrekningar. Framkommeligheit for redningsetatar når ekstrem nedbør kjem som snø
Risikomatrise ekstrem nedbør Svært sannsynleg Sannsynleg Ekstrem nedbør, >70mm pr døgn (C) Noko sannsynleg Lite sannsynleg Ubetydeleg Ekstrem nedbør, >300m m på 3 timar (C) Ein viss fare Alvorleg Kritisk Katastrofalt A = liv og helse, B = miljø, C = Økonomi
Naturulukker Større jordskjelv reknast som svært lite sannsynleg, men ein registrerar årleg skjelv på over magnitude 3. Hardanger og Sunnhordland er spesielt utsett. Ein kan ikkje sjå bort i frå at jordskjelv som fører til skade på liv og helse kan råka fylket vårt.
Uønskte hendingar knytt til arealplanlegging Hovudsakleg kapittelet om naturulukker: Sterk vind Flaum Ekstrem nedbør Høg vasstand Ulike typar ras og skred Dambrot Skog- og grasbrann Jordskjelv Radonstråling
Masseskade og transportulukker Ulike ulukker til sjøs reknast grunna den store trafikkmengda i fylket som eit av dei mest sannsynlege scenaria. Ulukker knytt både til lasteskip, passasjerskip, ferjer og snøggbåtar har potensiale til å ta mange liv. Brann ombord på større passasjerskip vert vurdert som eit katastrofescenarie.
Masseskade og transportulukker Hordaland har svært mange tunnelar, og det finst i dag ikkje restriksjonar for transport av farleg gods i desse. Ei tunnelulukke med påfølgjande brann eller eksplosjon i ei av våre mest trafikkerte tunnelar har potensiale til å ta svært mange liv.
Masseskade og transportulukker Større togulukker vert rekna som mindre sannsynlege enn vegtrafikkulukker, men konsekvensane kan vera dramatiske. Fleire av jernbanetunnelane våre, som Finsetunnelen, ligg langt frå redningsressursane. Det vert dessutan rekna som svært vanskeleg å evakuera passasjerar ut frå ein jernbanetunnel.
Farleg gods og akutt forureining Liten risiko knytta til industri og landtransport Oljeutslepp til sjø kan få katastrofale konsekvensar Dei største tankarane har 380 000 tonn olje ombord. Utslepp av 40 000 tonn eller meir vil forureina kysten heilt nord til Bodø
Farleg gods og akutt forureining Hordaland har mykje privat og statleg oljevernutstyr, men det viktigaste er å førebyggja mot ei slik hending Innført krav om seglingslei utanfor 12 mils sona Truleg krav om dobbelt skrog innan få år Stor auke i antal russiske oljetankarar langs kysten vår. Desse er i god stand, men representerar likevel ein auka risiko
FylkesROS kom med meir enn 180 forslag til tiltak som ville kunna betra tryggleiken i fylket. Me prioriterte i tillegg ei hending innanfor kvart hovudemne: Rasjonering av elektrisk kraft Tøming av ballastvatn Utbrot av pandemisk influensa Auka frekvens av storm, flaum, skred og høg vasstand Større ulukker i veg- og jernbanetunnelar Større utslepp av olje til sjø
Blir dokumentet brukt? Lokalt nivå Regionalt nivå Nasjonalt nivå
Nådd målet? Sitat høyringsfråsegn Bømlo kommune: - ROS-analysen for Hordaland er ein svært nyttig reiskap i arbeidet med å laga nye slike analysar i kommunane. Ikkje slik at rapporten kan kopierast ned til kommunenivå, men mykje av det analysearbeidet som er gjort kan meir eller mindre uendra leggjast til grunn for kommunale vurderingar. Eg tar ikkje for sterkt i når eg påstår at me i Bømlo vil spara minst 150 arbeidstimar og dette er eit lågt estimat ved å nytta oss av det arbeidet Fylkesmannen har lagt fram.
Vegen vidare Korleis skapa eit levande dokument?
Rullering 2008 Nye arbeidsgrupper Nye tema
Nye tema IT Terror Drikkevatn Klimaendringar
Sund kommune 12. januar 2005
Nesttun 14. september 2005
Voss 14. november
Brekkereino på Voss 14. november
Hetlebakken 14. november 2005