Detaljregulering, bustader, fritidsbustader m.m. «Smårustene», Ytre Haugen/Gausemel, Hornindal kommune Oppdragsgjevar: Rapport type: Dato: Revidert:

Like dokumenter
Planinitiativ. Detaljregulering Flomstunet, Førde kommune

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Planinitiativ. Detaljregulering av Johannsmarka, Giske kommune

2. Referat frå oppstartsmøte

Planinitiativ. Planinitiativ - Detaljregulering av zipline i Geiranger, Stranda kommune

Varsel om oppstart Detaljregulering for Rovde Industripark

Varsel om oppstart detaljregulering utviding gravplass, Kjølsdalen, Eid kommune

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

Lokalisering Planområdet ligg på Nor, om lag 5,3 km aust for Eid sentrum i luftlinje.

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

På vegne av tiltakshavar Line Tools vert det søkt om oppstart av privat planarbeid for del av Opsalmarka gnr. 34 bnr.

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

Nytt varsel om oppstart detaljregulering utviding gravplass, Kjølsdalen, Eid kommune

VURDERING ETTER FORSKRIFT OM KONSEKVENSUTREDNINGER

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

DEL AV SENTRUM SØRAUST Vurdering etter KU-forskrifta, oppdatert desember 2017.

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Tilgrensande arealbruk er kommunal veg, institusjon, skog, innmarksbeite og fulldyrka jord, samt bustadområde.

Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan for Ytre Øyrane gbnr. 21/305 m.fl.

Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Saurdal hytteområde, i Balestrand kommune

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Planinitiativ. Rovde Industripark AS Detaljregulering Øykjeneset. Oppdragsgivar: Rovde Industripark AS Oppdrag:

Detaljreguleringsplan

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

1 Innhold NOTAT. Nord. OPPDRAG Detaljregulering Coop Sandnes DOKUMENTKODE PLAN NOT 001

Detaljregulering, Bustader, fritidsbustader m.m. «Smårustene», Ytre Haugen/Gausemel, Hornindal kommune Oppdragsgjevar: Rapport type: Dato: Revidert:

Kommunedelplan Edland/Haukeli

PLANINITIATIV. Oppstart av planarbeid detaljreguleringsplan for Klokkargarden - Osstølen, gnr. bnr 55 bnr. 8 og 32, Os kommune

Saksutgreiing til folkevalde organ

Detaljregulering rv. 80 trefeltvegen. Vurdering av krav om KU / planprogram

ROS-ANALYSE. DETALJREGULERING AV DEL AV GNR. 51, BNR. 3 M. FL, SKAUN KOMMUNE

Ny adkomstvei til Arendal havn Eydehavn med tilhørende næringsarealer på Ulleråsen Vurdering om KU-plikt etter forskrift om konsekvensutredning

Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Detaljreguleringsplan for Høgahaug

NOTODDEN KOMMUNE SEKSJON FOR SAMFUNNSUTVIKLING OG TEKNISKE TJENESTER Areal. Arkivsaksnr.: Løpenr.: Arkivkode: Dato: 19 / /19 PLAN

Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:

ROS-ANALYSE OG VURDERING NATURMANGFOLDLOVA. DETALJREGULERING DEL AV GNR. 12, BNR. 2 I KLÆBU KOMMUNE.

RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE

ROS-analyse. Reguleringsplan for veg til Grytebekkosen, del II PLANID Mai Øystre Slidre kommune

ROS-analyse. Reguleringsplan for frigiving av kulturminna på Raubrøtmoen industriområde PLANID Mars Øystre Slidre kommune.

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan for Veganeset, Dragsvik i Balestrand kommune

Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling

Vurdering av utredningsplikt jf. Forskrift om konsekvensutredning av

Detaljreguleringsplan Vadheim Akvapark

Planinitiativ Detaljregulering for del av gnr./bnr. 40/12, Gjermundshaugen sør B 15

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan for Hittun, g/bnr. 10/1 m.fl.

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Ny kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Voss Rafting Senter, i Skulestadmo i Voss kommune

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

Rv. 9 Besteland Helle - vurdering om KU-plikt etter forskrift om konsekvensutredning

PLANINITIATIV. DETALJREGULERING FOR ØVSTE ØGGARDSLIA Gnr 50/1 og 51/2, Stranda kommune I henhold til Plan- og bygningsloven 12-3 og 12-8

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

PLANINITIATIV OG FØRESPURNAD OM OPPSTARTSMØTE

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

Gjeiskelid Hyttefelt

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan for turist- og fritidsområde Kvellestad, Naustdal kommune.

: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune.

Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) og Konsekvensutgreiing av

REFERAT FRA OPPSTARTSMØTE I PLANSAKER

MERKNADSVURDERING ETTER OPPSTARTSVARSEL

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Kunngjering av planoppstart for ein privat detaljreguleringsplan for Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 mfl. i Førde kommune

AG Plan og Arkitektur AS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

Varsel om oppstart Detaljregulering for felt FB8 Harpefossen Eid kommune

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

Endring av detaljregulering for fv. 12 Gamle Nesnaveien-Stor Alteren. Vurdering av krav om KU / planprogram

Forholdet til KUF 6 Planer og tiltak som alltid skal konsekvensutredes og ha planprogram eller melding

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SAKSGANG. 1. gongs utlegging til høyring og offentleg ettersyn - reguleringsplan Årvikneset

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, GBNR. 95/1 M.FL.- KAUPANGER I SOGNDAL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68

Saksnr. utval Utval Møtedato 001/16 Planutvalet Detaljregulering Angedalsvegen 47 og 49 - offentleg ettersyn

ROS analyse Reguleringsplan for Holmamyranebustadområde PlanID 14xx 2014xxx

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Varsel om oppstart av reguleringsarbeid for Prinsen camping i Ratvika, Ålesund

SVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND

Vedlegg til bestilling av oppstartsmøte for Verkstomten-Askvegen, gnr. 4 bnr. 424 m.fl.

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

ROS- analyse. Detaljregulering for hyttefelt FB8. Oppdragsgivar Harpefossen Hyttegrend AS Oppdrag. Detaljregulering Rapport type

Kommuneplan Vik Kommune Arealdelen Vedlegg til 6.1 Konsekvensutgreiing DEL A og B

Til Grunneigarar og naboar Offentleg mynde. Dato:

Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/ Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/

Transkript:

Detaljregulering, bustader, fritidsbustader m.m. «Smårustene», Ytre Haugen/Gausemel, Hornindal kommune Oppdragsgjevar: Rune Haugen m. fl. Rapport type: Planinitiativ Dato: 15.07.19 Revidert: Etter oppstartsmøte, ny dato 04.09.19 Planinitiativ

1 Opplysningar til kommunen Prosjektnr: 19121 Oppstartsdato: 01.05.2019 Kontaktinformasjon: Nordplan AS Pb 224 6771 Nordfjordeid Tlf: 57 88 55 00 www.nordplan.no Prosjektleiar: Siri Gausemel Kundeinformasjon: Rune Haugen Haugen ytre 6763 Hornindal Medarbeidarar: Arild Rindal Sign: Planinitiativet har vore førelagt kommunen i samband med oppstartsmøte 22.08.2019 og er revidert i samsvar med dei konklusjonane som kom fram i dette møtet. (Sept 2019.) 1.1. Føremålet med planarbeidet Føremålet med planen er å legge til rette for bustader og nokre fritidsbustader innanfor det annonserte planområdet, med omsyn til dei areala som er eigna til landbruksdrift. Omfanget vil avhenge av dei avklaringane som kjem fram gjennom planarbeidet. Det er også aktuelt med eit mindre næringsareal i området, i tillegg til vidareføring av næring/turistområde ved Knausen Hyttegrend. Planområdet er ikkje tidlegare regulert og det føreligg ikkje avklaring gjennom kommuneplanen sin arealdel. Eventuell utbygging må dermed avklarast gjennom områdereguleringsplan/detaljreguleringsplan. 1.2. Planområdet og verknader utanfor planområdet Planarbeidet er annonsert med plangrense som vist på neste side. Ein har valt å inkludere noko vegareal, og fleire mindre areal der ein tenkjer å vidareføre arealbruken som er i dag (primært landbruksareal og bustader). Grensa er avklara med dei enkelte grunneigarane. Ein har inkludert planområdet for «Reguleringsplan for Knausen hyttegrend» frå 1987, med sikte på å erstatte denne, om lag uendra.

Areal Gnr/bnr Planstatus - reguleringsplan Planstatus - kommuneplan 280 daa Initiativet kjem frå, 181/1, 182/1 og 7 og 183/2, 4 og 7 med fleire. Følgande eigedomar er inkludert, men skal vidareførast med eksisterande bruk: 181/20 182/20, 60 183/9, 11 og 16 Ikkje regulert Planperioden for kommuneplanen sin arealdel er utgått i 2015, sjå avsn 1.6. Det er etablert kommunal infrastruktur for både veg, vatn og avløp som kan dekke desse funksjonane for planområdet. Tyngda av denne utbygginga ligg i vegen langs sørsida av området, mellom Gausemel og næringsområdet som ligg heilt lengst vest i utbygginga. Utbygginga er også ført vidare heilt opp til området ved Hornindal skisenter. Ved utbygging i planområdet er det mogleg å fordele trafikken inn til området mellom dei to kommunale vegane som går langs utkantane. Situasjonen i dag er at utfartstrafikk til

Grendadalen og Harevadet Hyttegrend går via austre vegalternativ, noko som medfører noko utfordring med kapasitet i høgsesong. Ut i frå konsulenten sin kjennskap til området ved oppstart, er det ikkje indikasjonar for at ei utbygging vil medføre problemstillingar knytt til t.d. innsyn, støy eller visuelle verknader. Gangavstand frå gnr/bnr 183/9, omlag midt i planområdet, til sentrum er om lag 4,2km ved kortaste løype langs eksisterande heilårsvegar (4,1km via Lødemel, med snarvegar, 5,1km langs heilårsveg). Ved ei utbygging i området vil ein kunne redusere gangavstanden noko. Legg også merke til at avstanden til skuleområdet er om lag 850 m kortare, slik at elevar i området vil kunne gå til skulen. Dette føreset nokre opprustingar i forhold dei forholda ein har i dag, spesielt i området der Fv60 kryssar hovudvassdraget gjennom Hornindal, Storeelva. Ein legg til grunn for planarbeidet at desse vert gjennomført som del av planlagd utbygging av Fv60. Det er gjort eit prinsippvedtak i kommunestyret som stadfester at det er kommunen si haldning at gang og sykkelsamband over Storeelva bør gjerast ved bruk av eksisterande kvelvingsbru, medan biltrafikk vert flytta til ny brukryssing lenger aust. Kortaste løype, langs heilårsveg, illustrert på kommunen si kartløysing (GisLine) 1.3. Planlagd utbygging, anlegg og tiltak Ein ynskjer gjennom planarbeidet å avklare kva for deler av området som kan nyttast til bustader, kor høg utnytting som vil vere gunstig m.m. For nedre og sentrale deler av området er det ønske om bustadtomter. Det er også ønske om noko utviding av næring/turistområdet ved Knausen Hyttegrend. Heilt i øvre del kan det vere meir aktuelt å opne for fritidsbustader. I

den samanheng er det gjennom tidleg dialog spelt inn frå kommunen at det bør vere krav om at desse ev. skal byggast i samsvar med Tek17 sine krav til bustader, slik at ein ev. overgang til bustad i framtida er enkel. Ein ser av eksisterande dokumentasjon for området at nokre deler er omfatta av aktsomheitssoner for skred. Det er ein del av utfordringa i dette planarbeidet å finne løysingar som utnyttar areala godt, innanfor dei krav som føreligg til tryggleik i byggeområda. Skredfaresoner henta frå NVE sin rapport nr. 24 «Skredfarekartlegging i Hornindal kommune», frå 2015. Eigedomsgrenser er markert med grønt og planområdet med lys gul flate. 1.4. Miljømessig kvalitet Det er gjrot ein gjennomgang av databasane i Fylkesatlas og det er ikkje registrert viktige naturtypar, raudlisteartar, kulturminne eller andre former for verna objekt i eller ved planområdet. 1.5. Verknad på, og tilpassing til landskap og omgjevnader Ved å etablere tettare busetnad i området Ytre Haugen Geilane, skaper ein ei fortetting i tilknyting til/mellom eksisterande busetnad i området Ytre Haugen -Tytebærhaugen. Avgrensinga er gjort med tanke på å nytte dei areala som har minst potensiale for

landbruksaktivitet og avklare landbruksfunksjon for dei områda der dette er realsitisk. Ein tenkjer ikkje å fremje løysingar som er i konflikt med eksisterande næring. Gjennom føringar for utbygginga vil ein søkje å oppnå ei utvikling som ikkje har negative visuelle verknader, men som supplerer det landskapsbiletet som ein har i dag. Den rolege terrengforma gjer at ein kan utvikle området utan større utfordringar med tanke på skjering/fylling og vegplassering. Annonsert plangrense med raud strek lagt over flyfoto i Fylkesatlas. 1.6. Forhold til gjeldande planverk I innleiande fase av arbeidet er det gjennomført eit drøftingsmøte, for å avklare m.a. utstrekning og ønske frå dei ulike grunneigarane i området. Kommunen, ved Ståle Hatlelid deltok i møtet. Kort referat ligg ved.

Det føreligg ikkje detaljregulering/områderegulering for planområdet per i dag. Utklippet under viser kommuneplanen sin arealdel for Hornindal kommune i det aktuelle området. Delar av annonsert planområde er omfatta av E1. Innanfor dette området er det opna for inntil 15 nye bustader i planperioden. Kommunen påpeikar i ei tilbakemelding at Fritidsbustader er ikkje omtala i føresegnene til planen, for ikkje å kome i strid med desse vil eg tru at fritidsbustader må byggast etter TEK17 sine krav til bustad. (Henta frå mail datert 05.06.2019) Øvrige delar ligg inne i Kommuneplanen sin arealdel som LNF område med forbod mot spreidd utbygging. Område A6 viser eksisterande byggefelt «Tytebærhaugen». Område A10 eksisterande turistnæring «Knausen hyttegrend». Utsnitt frå Kommuneplanen sin arealdel. Planområdet er plassert slik at ein ved utbygging kan tilby tomter med gode kvalitetar i form av t.d. utsikt, lokalklima og sentral plassering. Det har over dei siste tiåra vore ein intensjon både frå kommunen si side og frå lokalmiljøet å kunne tilby bustader her. Dette kjem mellom anna fram ved at det er lagt inn større område for spreidd utbygging i kommuneplanen sin arealdel. Det er også gjort ein stor innsats i kommunal regi for å sikre kapasitet på infrastruktur som veg, vatn og avløp som legg til rette for denne ønska utbygginga. Gjennom dei siste åra har tryggleikskrava ved utbygging endra seg, og kunnskapsgrunnlaget er i dag meir gjennomarbeidd enn det som låg føre ved vedtak av gjeldande arealdel. Store deler av E1 ligg i område der TEK17 sine krav i forhold til tryggleik mot skred ikkje er ivaretekne,. Vidare utbygging vil dermed ikkje vere tillate utan ny vurdering og truleg omfattande sikringstiltak. For å unngå konflikt med potensielle fareområde er det teke omsyn til naturfarar ved lokalisering av byggjeområde. Dette resulterer i at enkelte av desse områda ikkje fullt ut samsvarar med byggjeområda si avgrensing i arealdelen til kommuneplanen.

Av statlege retningslinjer vil planarbeidet mellom anne legge vekt på å finne løysingar som i størst mogleg grad sikrar omsynet til Naturmangfaldlova og Kulturminnelova. Døme på andre førande dokument kan vere: Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging (2015), Statlege planretningslinjer for samordna bustad, areal og transportplanlegging (2014), Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging i kommunane (2018), Rikspolitiske retningslinjer for barn og unge i planlegging (1995). 1.7. Samfunnssikkerheit 1.7.1. Kartlegging av moglege hendingar/potensielle farar Potensiell fare ved dei ønska endringane er vurdert gjennom sjekklista. Tenkjelege hendingar, risikovurdering og moglege tiltak er samanfatta i følgjande tabell. Alle punkt i sjekklista er vurdert. Sjekklista sine punkt skal omfatte både hendingar som er aktuelle i no- situasjon og som er konsekvensar av å gjennomføre planen. SJEKKLISTE UØNSKA HENDINGAR Hending Kons før Kons av Kommentar Kjelde Sjekkliste: Naturgitte forhold 1. Skred (stein/snø /jord/ kvikkleire, flaum/fjell inkl. sekundærverknad) J J Deler av annonsert planområde er omfatta av faresoner for skred, der snøskred og flaumskred er dimensjonerande skredtype. Kartdata frå NVE Skredfarekartlegging i Hornindal kommune, NVE 2. Erosjon N N Situasjonen endrar seg lite gjennom planlagde tiltak. Lokalisering 3. Terrengformasjonar (t.d. stup) 4. Stormflo/havnivå stigning /bølgjer 5. Nedbørutsett klimaendring Overflatevatn/ urban flaum N N Ikkje relevant. Lokalisering N N Ikkje relevant. Lokalisering N J http://www.klimatilpasning.no/sok/#page=1&types=49 Lokal kunnskap Overvatn vil vere eit tema som må ha særskilt fokus i planarbeidet. 6. Elveflaum/ bekkar N J Det er ikkje registrert område med aktsemdsoner for flaum i eller ovanfor planområdet. Det vil likevel på generelt grunnlag vere viktig å sikre at flest mogleg vass-strengar skal gå der dei har gått, og at ein berre legg desse i rør ved nødvendige kryssingspunkt. Fylkesatlas 7. Ekstremvér /Sterk vind N N Situasjonen endrar seg lite gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap 8. Skogbrann (større/farleg) N N Situasjonen endrar seg lite gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap 9. Frost/tele N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap

SJEKKLISTE UØNSKA HENDINGAR Hending Kons før Kons av Kommentar Kjelde Kritiske samfunnsfunksjonar og infrastruktur 10. Helseinstitusj., sårbare grupper, barnehage, skular, naud- og redningsteneste. 11. Samferdselsårer bruer, tunnelar, vegar 12. Vatn, avlaup, energi, tele N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap N N Situasjonen endrar seg lite gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap 13. Sløkkevatn, og branntilkomst N N Det er god tilgang på sløkkevatn og god tilkomst i området gjennom relativt ny infrastruktur. Lokalkunnskap 14. Beredskap / innsatstid, brann og redning N N Avstand til brannstasjon på Grodås er om lag 4 km. - Lokalkunnskap Omgjevnad 15. Forhold i omkringliggande område som kan påverke planområdet, el. Som kan bli påverka av tiltak i planen. N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap Menneskeskapte forhold Risikofylt industri mm. 16. Storulykke N N Ikkje relevant Lokal kunnskap (kjemikaliar, petroleum, eksplosjon mm) 17. Avfall, gml. Skipsverft, søppelfylling (deponering/ spredning farlig avfall) N N Ikkje relevant Lokal kunnskap 18. Terror/sabotasje N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak- Lokal kunnskap Ureiningskjelder

SJEKKLISTE UØNSKA HENDINGAR Hending Kons før Kons av Kommentar Kjelde 19. Støv og støy; industri, ev andre kjelder 20. Støv og støy; trafikk N N Ikkje relevant Lokalkunnskap N N Utbygging vil føre til auka trafikk langs eksisterande vegar, Lokalkunnskap men det er ikkje grunn til at ÅDT vert auka til eit nivå som medfører krav om støyvurdering. 21. Ureining i sjø/vassdrag/ i grunn N N Situasjonen endrar seg lite gjennom planlagde tiltak. Lokalkunnskap 22. Radongass N N Området er vist med moderat til lav aktsemd i Radonkart. http://geo.ngu.no/ka rt/radon/ 23. Høgspentline N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak- ein må ev. ta omsyn til eksisterande linjenett ved plassering av tiltak Trafikktryggleik 24. Ulykke med farleg gods 25. Ulukkespunkt kryss/avkøyrsler. 26. Ulukke med gåande/syklande 27. Vér/føre avgrensar tilkomst til området N N Ikkje relevant Lokal kunnskap N N Noko endra trafikksituasjon. Dette vert eit tema for nærare utgreiing i planomtalen N N Noko endra trafikksituasjon. Dette vert eit tema for nærare utgreiing i planomtalen N N Situasjonen endrar seg ikkje gjennom planlagde tiltak. Det vert gjennomført ein ROS-analyse som del av planarbeidet, der ein ser nærare på risikobildet i området og ei avgrensa KU-vurdering av relevante tema.

1.8. Varslingspartar Vi legg i utgangspunktet til grunn at alle tilstøytte fagmyndigheiter, grunneigarar, naboar og andre tilstøytte blir varsla gjennom varslingsbrev og/eller annonse i lokalavisa, endeleg varslingsliste kjem fram i diskusjon med kommuna i oppstartsmøtet. Forslag til aktuelle offentlege høyringspartar: Namn Adresse Postnr/Stad E-post Fylkesmannen i Vestland Sogn og Fjordane Fylkeskommune Statens vegvesen Region Vest NVE Region Vest Statens Hus, Njøsavegen 2 Fylkeshuset, Askedalen 2 6863 Leikanger 6863 Leikanger Pb 43 6861 Leikanger Naustdalsveien 1B fmvlpost@fylkesmannen.no post@sfj.no 6800 Førde rv@nve.no Mørenett AS Langemyra 6 6160 Hovdebygda Telenor Networks v/servicesenter for nettutbygging Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane firmapost-vest@vegvesen.no Thore.gagnat@morenett.no Postboks 7150 5020 Bergen kabelnett@telenor.com sognogfjordane@naturvernforbundet. no 1.9. Medverknad Medverknad i plansaker følgjer plan- og bygningsloven, kapittel 5 om medverknad i planlegginga: 5-1. Enhver som fremmer planforslag, skal legge til rette for medvirkning. Kommunen skal påse at dette er oppfylt i planprosesser som utføres av andre offentlige organer eller private. 5-2. Når loven her bestemmer at et planforslag skal sendes på høring, skal forslaget sendes til alle statlige, regionale og kommunale myndigheter og andre offentlige organer, private organisasjoner og institusjoner, som blir berørt av forslaget, til uttalelse innen en fastsatt frist. Ein legg ikkje opp til aktive tiltak for medverknad ut over naudsynt annonsering og høyringar. Som del av planarbeidet kan det likevel vere naturleg med drøftingsmøte som inkluderer grunneigarane innafor plangrensa, og tilgrensande i den grad ein finn det relevant. 1.10. Vurdering etter forskrift om konsekvensutredninger Vi har gjennomgått Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven 6, 8 og 10 (i kraft 01.07.2017). Planarbeidet er omfatta av pkt. 25 i forskrifta Nye bolig og fritidsområder som ikke er i samsvar med overordnet plan. Det vil dermed vere krav om konsekvensutgreiing og tilhøyrande planprogram. Det er avklara gjennom diskusjon med kommunen i oppstartsmøtet at, sitat: ( ) må det i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger gjerast ei enkel vurdering av konsekvensane ei utbygging av bustader/ fritidsbustader i LNF-område kan få. Planprogrammet kan av same grunn utformast på ein kortfatta og enkel måte.

10 i forskrifta peikar elles på fleire tema som i seg sjølv kan medføre krav om konsekvensutgreiing, ein tenkjer å gjennomgå denne lista i løpet av planarbeidet som ei sjekkliste for aktuelle utgreiingstema. a) verneområde etter naturmangfaldlova kapittel V eller markaloven 11 utvalde naturtypar (naturmangfaldlova kapittel VI) prioriterte artar verna vassdrag nasjonale laksefjordar og laksevassdrag objekt, område og kulturmiljø freda etter kulturminnelova b) truga artar eller naturtypar verdifulle landskap verdifulle kulturminne og kulturmiljø nasjonalt eller regionalt viktige mineralressursar område med stor betydning for samisk utmarksnæring eller reindrift områder som er særleg viktig for friluftsliv c) statlege planretningsliner statlege planføresegner eller regionale planføresegner d) større omdisponering av område avsett til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksverksemd e) Auka belastning i område der fastsette miljøkvalitetsstandardar blir overskride f) Konsekvensar for folks helse, for eksempel som følgje av vass- eller luftforureining g) Vesentleg forureining eller klimagassutslepp h) Risiko for alvorleg ulykke som følgje av naturfarar som ras, skred eller flaum I dette tilfellet er omfanget av utbygginga litt avhengig av kva utfordringar ein ser gjennom planarbeidet, det er derfor litt uklart kva for tema som vil vere relevante å utgreie. Ein står dermed med følgande liste for aktuelle utgreiingstema: Alltid: ROS-analyse Naturmangfald I tillegg: Landbruksinteresser Naturfare (Skredfare) Det er vår oppfatning at konsekvensutgreiinga i denne saka vert relativt avgrensa, og kan gjerast om ein integrert del av planomtalen gjennom eit eige kapittel. Det er framleis ukjent om det vil bli behov for kartleggingar i tema som kulturminne/arkeologi, naturfare, naturmangfaldspørsmål eller anna. Dette vert tema for høyringsfasen.