SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 057/16 Formannskapet PS 11.05.2016 035/16 Heradsstyret PS 25.05.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 14/1180 Tredje gongs handsaming - Plansak 12532013003 - Detaljregulering Vevleheiane bustad - PlanID 12532013003 Gbnr 45/2 m.fl. Vedlegg: Andre gongs handsaming - Plansak 12532013003 - Detaljregulering Vevleheiane bustad Plankart rev. 03.07.15 Føresegner Vevleheiane_endeleg Planskildring Vevlehei Beskrivelse til VA ram 35113109A10 - VA-RAMME 35113109A10 - VA-RAMME (2) 35113109A01 - ILLUSTRA 201304907-4Fråsegn til offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Vevleheia - GBnr 452 mfl - PlanID 12532013003 - Osterøy F_4890 Fråsegn til forslag til reguleringsplan for Vevleheia, planid 12532013003, Gbnr. 45 2 m.fl. 452 m.fl - Vevleheia - Uttale til 1. gongs høyring Merknad til detaljregulering Vevleheia (28352) Offentleg ettersyn - Osterøy - Gnr 45 Bnr 2 mfl - Vevleheiane Svar-1.gong høyring og offentleg ettersyn Vevleheiane avtale ove Rådmannen sitt framlegg til vedtak: «Formannskapet rår til at Heradsstyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova 12-12 detaljregulering for Vevleheiane bustad Gbr 45, bnr 2 m.fl. planid 12532013003 beståande av føresegn, plankart (dagsett 03.07.2015), planskildring (dagsett 12.05.2015), samt VA-rammeplan skildring, VA- rammeplan kart og Avrenning dagsett 03.07.15" Formannskapet - 057/16 FS - behandling: AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS - vedtak:
Innstilling til vedtak: «Heradsstyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova 12-12 detaljregulering for Vevleheiane bustad Gbr 45, bnr 2 m.fl. planid 12532013003 beståande av føresegn, plankart (dagsett 03.07.2015), planskildring (dagsett 12.05.2015), samt VA-rammeplan skildring, VA- rammeplan kart og Avrenning dagsett 03.07.15." Heradsstyret - 035/16 HS - behandling: AVRØYSTING Formannskapet sitt framlegg vart samrøystes vedteke. HS - vedtak: «Heradsstyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova 12-12 detaljregulering for Vevleheiane bustad Gbr 45, bnr 2 m.fl. planid 12532013003 beståande av føresegn, plankart (dagsett 03.07.2015), planskildring (dagsett 12.05.2015), samt VA-rammeplan skildring, VA- rammeplan kart og Avrenning dagsett 03.07.15." Saksopplysningar: SAMANDRAG Arkoconsult har utarbeidd forslag til detaljregulering for bustader i planområdet Vevleheiane. Tiltakshaver er Karl-Jonny Birkeland. Detaljreguleringa inneber etablering av bustader med tilhøyrande infrastruktur. Området er i kommuneplanen avsett til bustad og framlegg til reguleringsplan er i samsvar med område sett av til bustad i kommuneplanen sin arealdel. Forslaget var til 1.gangs handsaming 11.06.14 og merknadsfristen var 15.08.14. Det kom inn 7 merknader til planframlegget. Ingen av desse merknadane gjorde det naudsynt å endre planframlegget vesentleg. Endringane er gjort greie for i saksutgreiing. Reguleringsplan var lagt fram til 1.gangs høyring og offentleg ettersyn utan VA rammeplan. Det har teke tid å få på plass ein tilfredsstillande VA rammeplan men den er no vedlagt saka med kart og skildring. Va rammeplan for Vevleheia vert juridisk bindande for utbygging og arealbruk i området. SAKSOPPLYSNINGAR Detaljreguleringa legg til rette for utbygging av inntil 20 bueiningar. 9 einingar fordelt på eine-og tomannsbustadar der tre bustader kan byggjast som tomannsbustader. 1 rekkkjehus med inntil 4 bueiningar og ein 4-mannsbustad. Planforslaget er regulert til føremål vist under; 1. Bygg og anlegg: Frittliggjande småhusutbygging, konsentrert småhusutbygging, øvrige kommunaltekniske anlegg og leikeplass 2. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur: Køyreveg, gangveg, anna veggrunn-tekniske anlegg og veg- traktorveg. 3. Grønstruktur: Friområde
4. Omsynssone: Frisiktsone og bevaring naturmiljø (vassdrag). Plandokument med tilhøyrande vedlegg: 1. Planskildring 2. Plankart 3. Føresegner 4. Illustrasjonsplan 5. VA rammeplan skildring 6. VA rammeplankart 7. Avrenningskart 8. Avtale med grunneigar nabo. Datert 25.05.15 Plankart saman med føresegn er juridisk bindande for framtidig arealbruk jfr pbl 12-4. VA-rammeplan er juridisk bindande. Illustrasjonsplan er juridisk bindande i høve til møneretning på bygg (føresegn 3.1.1), utover dette er den retningsgjevande i høve til plassering av avkjørsler. Bakgrunn for planforslaget Området er i kommuneplanen avsett til bustad og framlegg til reguleringsplan er i samsvar med område sett av til bustad i kommuneplanen sin arealdel. Planen var til 1.gangs høyring og offentleg ettersyn juni 2014. Planframlegget var lagt fram til 1.gangs høyring og offentleg ettersyn utan VA rammeplan. Det har teke tid å få på plass ein VA rammeplan men no ligg VA rammeplan føre med kart og skildring. Det kom ikkje inn vesentlege merknader til planen og merknadane som kom inn er i stor grad innarbeidd i plan. Planprosess Planen vart lagt ut til offentleg ettersyn utan VA rammeplan. Det har teke tid å få på plass løysingar som rådmannen fant tilfredsstillande og i samsvar med kommunen sine krav til innhald og løysingar til dømes i høve til handsaming av overvatn. VA rammeplanen byggjer på ein intensjon om samarbeid mellom kommunen og tiltakshaver for å få offentleg vass- og avlaupsløysningar til feltet. Det er sett inn føresegn som skal sikre at tilfredsstillande og dokumenterte løysningar for vatn, avlaup og slokkevatn skal vere på plass innan det kan gjevast byggjeløyve. Plannamn: I samband med adresseprosjektet har aktuelle komite vurdert plannamn for pågåande reguleringsplaner. På bakgrunn av dette er plannamn endra frå Vevleheia til Vevleheiane etter 1.gongs handsaming for reguleringsplanen. Endringar etter høyring og offentleg ettersyn: Det er i hovudsak endringar som heng saman med den føreliggande VA rammeplanen som har vorte innarbeidd i planen. VA rammeplanen skildrar føresetnader som må vere til stades for å få tilstrekkeleg handsaming av overvatn. Desse føresetnadane er det sikra vert oppfylt med rekkjefølgjekrav i føresegnene jf føresegn 2.1.6-2.1.9. Dette gjeld mellom anna i høve til avrenning der ein har krav om stikkrenner og utbetring av grøfter. Krav til gjennomføring av desse tiltaka ligg til grunn for god overvasshandtering. I planen er det skildra avrenning ned mot naboeigedom på motsett side av den kommunale vegen (o_kv1). Føresetnaden for at kommunen kunne godta ei slik løysing var at det vart lagt fram dokumentasjon som viser at grunneigarane er inneforstått med denne løysinga. Kopi av avtalen ligg ved. Vidare er det gjort nokre justeringar i føresegn og i plankart. I føresegnene er det mellom anna presisert at krav til leikeareal gjeld pr bueining. Det er også sett inn kva krav det er til storleik på leikeområde pr bueining. Vidare er det sett inn krav til uteareal i samsvar med kommuneplanen sine
krav. Fylkeskommunen var i sin merknad kritisk til inngrep i omsynssoner og det er difor gjort to presiseringar i høve til dette. Det gjeld ny føresegn 2.6.4 som presiserer at skadeleg avrenning til vassdrag ikkje skal førekomme og korleis ein skal unngå dette. Vidare har ein teke inn ny føresegn 6.2.2 som presiserer at det i anleggsperioden skal takast særleg omsyn til og sikre mot avrenning som kan medføre forureining. Fylkeskommunen har også kome med merknad om at dei ønskjer at føresegna er tydeleg på at leikeområda må vere skjerma for trafikk. Det er sett inn presisering i føresegn 3.6.2 om at f_leik2 skal sikrast med gjerde mellom snuhammar og leikeområde. Dei andre offentlege instansane hadde ikkje vesentlege merknader til planen. I plankartet er det sett inn byggjegrenser mot kommunal veg (o_kv1) langs heile planområdet i tillegg til byggjegrense mot f_kv4 for eksisterande busetnad ( BE-4- BE-6). I framlegget var det berre byggjegrense mot kommunal veg på felt BKS2 og BFS3. Oppsummering av innkomne merknader følgjer under. Merknader til planframlegget: Nr Dagsett Offentleg instans Merknad 1 12.08.14 Statens vegvesen (SVV) Positiv til gangveg og rekkefølgjekrav knytt til opparbeiding av gangvegen. Merknader til oppstartsvarselet er i stor grad tatt til følgje og har elles ingen vesentlege merknader til planen. 2 28.07.14 NVE Har ingen merknader til planframlegget. 3 14.07.14 Hordaland fylkeskommune (HFK) 4 04.07.14 Fylkesmannen i Hordaland 5 08.07.14 Direktoratet for mineralforvaltning Planfaglege merknader: Er kritisk til inngrep i omsynssoner. Ved evt forureining/avrenning til Vevleelva vil det kunne påverke trua artar sjølv om det ikkje er registrert trua artar innanfor planområdet. Bør vere særskilt merksam på dette i det vidare arbeidet. Barn og unge sine interesser: Positive til rekkefølgjekrav om opparbeiding av leikeareal og bevaring av eksisterande vegetasjon og tre. Ønskjer at føresegna er tydeleg på at leikeområda må vere skjerma for trafikk. Klima og energi: Oppmodar om at gode og miljøvenlege energiløysingar vert nytta. Samferdsel: Planområdet ligg relativ kort avstand frå busshaldeplass. Kulturminne og kulturmiljø: Ingen avgjerande merknader i saka utover at ein under opparbeiding av feltet søkjer å unngå inngrep i/skade på evt kulturlandskapstrekk som steingardar, eldre vegar/stiar, bakkemurar, tufter m.m. Gjer merksam på tiltakshavar si plikt til å vise aktsemd og straks melde frå dersom ein skulle støyta på automatisk freda kulturminne jf kulturminnelova 8 2 ledd. Har ikkje merknader til planforslaget. Har ingen merknader.
(DMF) Andre 6 08.08.14 Gunn Vevletveit Gjer merksam på at dersom utbygginga gjer skade på brønn eller hus vil ein krevje umiddelbar utbetring av evt skader. 7 15.08.14 Oddvin Vevle Gjer merksam på tinglyst vegrett på veg f_kv4/f_kv3 samt munnleg avtale om vegrett på veg f_kv2. Ber om at dette vert teke omsyn til. Merknader frå private: Det var to merknader frå privatpersonar (nr 6 og 7). Begge omhandlar privatrettslege tilhøve. Merknad nr 6 er ikkje ei problemstilling som kan løysast i reguleringsplan men interessene er ivareteke gjennom mellom anna «Lov om rettshøve mellom grannar» (grannelova). Merknad 7 er ivareteke gjennom føresegn 4.1.1. RÅDMANNEN SI VURDERING Rådmannen vurderer endringane som skildra over ikkje medfører vesentleg endring av planen etter 2.gongs handsaming. Endringane består i hovudsak av mindre justeringar og presiseringar til VA rammeplan. Plan-og kommunalteknisk utval vedtok planen i møte 19.08.2015. Det kom ingen klager til vedtaket. Då det var gått meir enn 4 år sidan vedtak av kommuneplanen sin arealdel kan ikkje Heradsstyret lenger delegere vedtak av mindre reguleringsplanar. Rådmannen vurderer difor at Heradsstyret må ta stilling til planframlegget og rår til at formannskapet rår Heradsstyret til å vedta planen slik den no ligg føre.