Aktivitet Aktivitetsdata for desember er ikkje klart før 30. januar 2010. Rapporteringa per desember 2009 er difor basert på budsjett for perioden.



Like dokumenter
Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per august 2010

Styresak. Forslag til vedtak. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Verksemdsrapport for Psykisk helsevern

Administrerende direktørs rapport

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Styresak. Framlegg til vedtak. Føretak: Helse Førde HF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Styresak. Jan Erik Lorentzen m. fleire Rapportering frå verksemda per mars Arkivsak 2011/11/ Styresak 047/12 B Styremøte

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Landsforeningen for Pårørende innen Psykiatri, LPP, Sogn og Fjordane, c/o Slåttereina 12, 6800 Førde. E-post:

1.1.1 Somatikk Sørge for og egen produksjon

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Verksemdsrapport frå Psykisk helsevern

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Verksemdsrapport frå Kirurgisk klinikk. Avvik vs. plan

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport kirurgisk klinikk

Samandrag Styrerapporteringa er utarbeidd per Rapporten fokuserer på ulike indikatorar innan følgjande perspektiv:

Administrerende direktørs rapport

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per mai 2016

DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per november og desember 2017

Matrise for tertialvis rapportering til Helse Vest RHF på utvalte mål i styringsdokumentet 2014

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Helse Førde

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per august Arkivsak 2016/691 Styresak 045/2016 Styremøte

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Helseforetak: Helse Møre og Romsdal Periode: Juni Somatikk Sørge for og egen produksjon

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Statusrapport. Januar 2017

Kvalitetsindikatorer Helse Midt-Norge 2008

Helse Førde

Saksnr Utvalg Møtedato 28/2012 Styret ved Universitetssykehuset Nord-Norge HF Saksbehandler: Jorunn Lægland

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport Psykisk helsevern

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapportering frå verksemda per august Vedlegg

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Joar Halbrend Rapportering frå verksemda per februar 2016

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per september 2015

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Rapportering frå verksemda per april Vedlegg

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Rapportering frå verksemda Helse Vest

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

Ledelsesrapport og risikovurdering

Styresak. Forslag til vedtak. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Saka gjeld: Rapportering frå verksemda per august 2011

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Styresak. Kari Ugland Rapport frå verksemda januar Arkivsak Styresak 09/11 O Styremøte

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET. Sak 40/16 Statusrapport Helse Midt-Norge pr

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per juli 2017

Rapportering frå verksemda per februar Vedlegg

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Helse Fonna HF Olav Klausen Rapport frå verksemda. Styremøte

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Helse Førde

Styremøte Helse Fonna HF 9 mai Vedlegg 1 - Sak 28/06 -Økonomi - tal og tiltak

Statusrapport. mai 2017

Verksemdsrapport psykisk helsevern

NOTAT om familiehuset

Rapportering frå verksemda per juli Vedlegg

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

Styremedlemmer Helse Vest RHF. SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2016 ARKIVSAK: 2016/2691

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Styresak. Dette dokumentet viser resultatene for noen av de viktigste indikatorene, med utvikling fra 1.terial 2013 til 1.terial 2014.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Rapportering frå verksemda Helse Vest

Verksemdsrapport psykisk helsevern

HELSE MIDT-NORGE RHF STYRET. Sak 23/16 Statusrapport Helse Midt-Norge pr januar 2016

Helse Nord Trøndelag HF Periode: April Styrerapport. 1. Pasientbehandling. 1.1 Gjennomsnittlig ventetid avviklede pasienter

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Helse Nord-Trøndelag HF Periode: Juli Styrerapport. 1. Pasientbehandling. 1.1 Gjennomsnittlig ventetid avviklede pasienter

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Verksemdsrapport MEDISINSK KLINIKK

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Rapport frå verksemda mars 2015

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

SAKSFREMLEGG. Sak 12/10 Eiers styringskrav 2010 St. Olavs Hospital, rapportering 1. tertial

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport medisinsk klinikk

Protokoll frå styremøte i Helse Førde HF

Transkript:

Styresak Går til: Styremedlemer Føretak: Helse Førde HF Styremøte: 28. januar 2010 Styresak nr. 004/10 V Arkivkode: 025 Arkivsak: 2009/23 Dato skrive: 20.1.2010 Sakshandsamar: Tom Hansen Godkjent av: Jon Bolstad Sakstittel: STYRERAPPORTERING NR. 11-2009 Framlegg til vedtak Styrerapportering nr. 11 for 2009 vert teken til vitande. Samandrag Styrerapporteringa er utarbeidd per 31.12.2009, basert på førebelse registreringar fram til 18. januar 2010. Årsrekneskapen for 2009 vil verte klar 5. mars etter revisjon. Rapporten fokuserer på ulike indikatorar innan følgjande perspektiv: Kvalitet Samla for somatikken er ventetida redusert frå 1 år tilbake for prioriterte pasientgrupper, medan den har auka litt for ikkje-prioriterte. Innanfor psykiatri er ventetidene redusert for begge grupper. Epikrisetidene er over 80% innafor både somatikk og PHV i desember, som er målet for denne indikatoren. Tal strykingar av planlagde operasjonar ligg på 5,3%. Målet er 5% for denne indikatoren. Korridorpasientar for somatikk ligg på 2,1%. PHV har ikkje korridorpasientar. Aktivitet Aktivitetsdata for desember er ikkje klart før 30. januar 2010. Rapporteringa per desember 2009 er difor basert på budsjett for perioden. Prognosen for aktivitet syner eit avvik på 400 DRG poeng, som er uendra frå førre rapportering. Økonomi Førebels resultat for 2009 er bokført med eit avvik mot budsjett på 51,9 mill. kroner. Inntektene er 13,4 mill. kroner høgare, og kostnadssida syner eit meirforbruk på 65,3 mill. kroner, inkludert forbruk knytt til sysselsettingstiltak som har fått særskilt finansiering. Det er vikarløn, ekstratid, gjestepasientar, høgkostmedisin og pasientreiser som utgjer dei største postane i meirforbruket målt mot budsjett, medan finanskostnader syner eit mindreforbruk så langt i år. Perioderesultatet var negativt med 17,9 mill, noko som er 4,6 mill. svakare enn periodisert budsjett. Årsrekneskapen for 2009 er ikkje ferdig registrert per 19. januar 2010. Vi har ingen indikasjonar på at resultatet vil avvike vesentleg frå varsla prognose. Medarbeidarar: Sjukefråveret i november var på 7,1%. Tal for desember vil kunne rapporterast på i neste styremøte. 1

KVALITET Ventetider, somatikk Talet på ventande pasientar innan somatikken er relativt stabilt utover hausten 2009, og er i desember litt høgare enn i desember 2008. Gjennomsnittleg ventetid for prioriterte pasientgrupper er noko lågare enn på same tid i fjor, medan det for andre grupper har auka noko. Ventetider, vaksenpsykiatri Talet på ventande pasientar har auka noko utover hausten 2009, men for prioriterte pasientar er det likevel lågare enn i desember 2008. Tale på ikkje-prioriterte har auka noko, men desse utgjer få pasientar samla sett. Ventetidene har veksla noko gjennom 2009, men ved slutten av året er dei lågare enn i 2008. Det er generelt korte ventetider på området, og det er her heller ikkje skilnad mellom dei prioriterte og ikkje-prioriterte gruppene i desember. Dette har truleg noko samanheng med at ventetidene er såpass korte for alle. Ventetider, barne- og ungdomspsykiatri På dette området er det klar nedgang i talet ventande pasientar hausten 2009 samanlikna med våren 2009 noko som er positivt å registrere innanfor eit høgt fokusert og prioritet område. Ventetidene for prioriterte held seg i stor grad under dei 65 dagane som er sett som behandlingsfrist på området. Epikrisetider Utviklinga for epikrisetider har vist ei fin utvikling siste del av 2009 for somatikken i Helse Førde. Å halde på den gode måloppnåinga utover i 2010 blir viktig. Innanfor PHV klarar vi framleis å halde måltalet med rimeleg god margin. Det er gledelig at Psykiatrisk klinikk har klart å stabilisere seg på eit høgt nivå, dette er den største avdelinga, og resultata herifrå betyr mykje for den samla statistikken. 2

Tertialvise indikatorar Strykninger på planlagte operasjoner Korridorpasienter Andel individuell plan Andel ikke planlagte reinnleggelser i psykisk helsevern Tvangsinnlagte i psykisk helsevern Ventetid for vurdering i BUP Andel fristbrudd Andel pasienter som er vurdert innen 30 dager Andel rettighetspasienter som gis behandling innen 65 dager i 2009 2008 1.tert 2. tert 3. tert 1.tert 2. tert 3. tert Antall strykninger 172 114 137 160 71 131 Antall operasjoner 2862 2166 2585 2690 2174 2896 Andel strykninger på planlagte operasjoner 6,0 % 5,3 % 5,3 % 5,9 % 3,3 % 4,5 % Antall korridorpasienter - somatikk 651 386 517 434 259 408 Totalt antall sengedøgn - somatikk 27197 23009 24870 27789 24447 26269 Antall korridorpasienter - psykisk helsevern 0 0 0 0 0 0 Totalt antall (faktiske) sengedøgn - psykisk helsevern 9048 8650 8347 9752 9277 9273 Andel korridorpasienter 1,8 % 1,2 % 1,6 % 1,2 % 0,8 % 1,1 % Antall pasienter med individuelle planer innen barnehabilitering. 23 13 25 19 Totalt antall pasienter (registrert i PAS) behandlet i perioden innen barnehabilitering. 68 56 74 71 Andel pasienter innen barnerehabiliteringen med individuell plan 33,8 % 23,2 % 33,8 % 0,0 % 0,0 % 26,8 % Antall pasienter som har diagnosen hyperkinetisk forstyrrelse innen barne- og ungdomspsykiatrien med individuelle planer 6 5 7 0 2 0 Totalt antall pasienter med diagnosen hyperkinetisk forstyrrelse. 17 19 11 14 16 9 Andel med diagnosen hyperkinetisk forstyrrelse med individuell plan 35,3 % 26,3 % 63,6 % 0,0 % 12,5 % 0,0 % Antall pasienter som har diagnosen schizofreni (F 20 i ICD -10) innen voksen psykiatrien med individuelle planer 19 13 10 16 20 15 Totalt antall pasienter med diagnosen schizofreni (F 20 i ICD -10). 21 18 19 22 26 17 Andel pasienter med diagnosen Schizofreni med individuell plan 90,5 % 72,2 % 52,6 % 72,7 % 76,9 % 88,2 % Antall øyeblikklig hjelps reinnleggelser innen 30 dager innen psykisk helsevern 22 20 15 18 10 12 Antall døgnopphold i perioden 354 308 294 321 315 324 Andel ikke planlagte reinnleggelser i psykisk helsevern 6,2 % 6,5 % 5,1 % 5,6 % 3,2 % 3,7 % Antall inntak TU (døgn) 7 12 11 5 11 3 Antall inntak TPH (døgn) 17 10 9 9 9 13 Antall døgninnleggelser 272 257 233 256 241 240 Andel tvangsinnleggelser av det samlete antall innleggelser 8,8 % 8,6 % 8,6 % 5,5 % 8,3 % 6,7 % Antall vurdert innen 10 dager 201 132 170 164 137 182 Totalt antall henvist 248 153 204 198 160 226 Andel vurdert i BUP innen 10 dager 81,0 % 86,3 % 83,3 % 82,8 % 85,6 % 80,5 % Antall fristbrudd 161 1102 1140 Antall nyhenvisninger 9130 5870 7370 Andel fristbrudd 1,8 % 18,8 % 15,5 % 0,0 % Antall vurdert innen 30 dager 9038 12819 14363 Totalt antall henvist 9130 13186 14902 Andel vurdert innen 30 dager 99,0 % 97,2 % 96,4 % 0,0 % 0,0 % 0,0 % Antall pasienter tatt til behandling innen 65 dager (PH og TSB < 23 år) 104 116 77 Totalt antall pasienter tatt til behandling (PH og TSB < 23 år) 110 161 83 Andel innen 65 dager 94,5 % 72,0 % 92,8 % 0,0 % 0,0 % 0,0 % Stryking av planlagde operasjonar Strykingar frå planlagde operasjonar er uheldig både frå pasienten sin ståstad og frå eit driftsmessig synspunkt. Det vil ofte medføre lengre liggetider, i verste fall at pasienten må reise heim og kome attende seinare. Helse Førde var i 2. og 3. tertial 2008 inne i ein svært god periode i høve nasjonal måloppnåing på denne måleparameteren. I 2009 har dette lege noko høgare med verdiar frå 5,3% til 6%, altså i overkant av det nasjonale måltalet på maksimum 5%. Korridorpasientar Når ein samanheld med fjoråret er det ein lett tendens til aukande del korridorpasientar i Helse Førde med noteringar mellom 1,2% til 2,1%. Problematikken er konsentrert særleg omkring medisinsk og ortopedisk avd. FSS. Særleg for ort. avd. si side kan ei auka satsing på dagbehandling/dagkirurgi framover verke noko avlastande. For medisinsk avd. ville truleg ein observasjonspost og nye rutinar for vurderinga av ø.hj-innleggingar verke avlastande. Auka pasienthotelldrift og meir fleksibel bruk av senger på tvers av avdelings- og seksjonsgrenser kan verke avhjelpande. Det vil truleg bli eit aukande krav om å heilt unngå korridorsenger framover. Innanfor psykisk helsevern har det så langt aldri vore rapportert om korridorpasientar i Helse Førde. Individuell plan innanfor barnerehabilitering Indikatoren fortel om tal pasientar som har fått utarbeida individuelle planar av dei som har rett til slikt i samsvar med pasientrettigheitslova og spesialisthelsetenestelova. Dette omfattar pasientar med behov for langvarige og koordinerte helsetenester. Føremålet med utarbeidinga av individuell plan, er å sikre kvaliteten i tenestetilbodet. Initiativa til plan skal kome frå både 1. og 3

2.linjetenesta. Tilbodet er frivillig for pasienten å ta imot. I 2009 har det vore ein auke i denne delen i høve fjoråret, men truleg vil det være meir enn om lag 1/3 av pasientgruppa som ville ha krav på slik plan. Individuell plan for diagnosen hyperkinetisk forstyrring (ADHD) i BUP Her er det også ein klar auke utover i 2009 med opp mot 64% av alle. Dette er ei god utvikling. Individuell plan innanfor diagnosen schizofreni (alvorleg sinnsliding) Andelen har her falle til i overkant av halvdelen av pasientane i 3. tertial 2009. Dette er klart uheldig då dei aller fleste i denne diagnosekategorien nok har behov for, og rett på individuell plan som del av behandlinga. Del ikkje planlagde reinnleggingar i PHV Andelane i 2009 ligg i overkant av nivået i 2008, men det er likevel berre i overkant av 5% i 3. tertial. Det skal blir færre tvangsinnlagde pasientar i psykisk helsevern Det er ei overordna helsepolitisk målsetjing at bruk av tvang innan det psykiske helsevernet skal reduserast og kvalitetssikrast. Målsetjinga med indikatoren er å vurdere status, og å følgje utviklinga når det gjeld tvangsinnskrivingar. Sjølv om det har vore ein lett auke i talet i 2009, så er omfanget av tvangsinnleggingar relativt lågt i Helse Førde. Ventetider for vurdering ved BUP skal vere mindre enn 10 dagar 1. september 2008 vart dei skjerpa krava til ventetider for vurdering sett i verk for BUP (og andre pasientgrupper under 23 år innanfor psykiatri og rusproblematikk), såkalla ungdomsgaranti. Meir enn 4 av 5 pasientar får oppfylt retten, men garantien skal omfatte alle. Del fristbrot Det er ein stor auke i fristbrotregistrering frå 1.til 2. tertial, medan det er ein viss nedgang til 15% i 3. tertial. Dette er likevel klart for mykje. Del av pasientar som er vurderte innan 30 dagar Kravet på dette området er at alle pasientar som er tilviste til Helse Førde skal vere vurderte innan 30 dagar. Her er ein nær måloppnåinga også i heile 2009. Del av pasientar med rett til helsehjelp som får behandling innan 65 dagar i PHV 94,5% av alle desse pasientane har fått behandling innan 65 dagar. I 3. tertial gjeld dette dei aller fleste pasientane, og er betring også frå 2. tertial. AKTIVTET Somatikk Aktivitetsdata for desember er ikkje klart før 30. januar 2010, Rapporteringa per desember 2009 er difor basert på budsjett for perioden. Prognosen for aktivitet syner eit avvik på 400 DRG poeng, som er uendra frå førre rapportering. 4

Psykiatri BUP Utviklinga med auke i bruk av døgnplassar held fram. Tal inneliggande i desember har vore høgare enn det som har vært vanleg dei siste åra. Frå svake resultat våren 2009, er auken i haust markant. Den gode utviklinga held fram også for desember. Det er svært positivt at alle poliklinikkane klarte målet om dekningsgrad på 5% for desember.. 5

VOP Vi ligg under måltal framleis. Tronvik, post 6, har framleis redusert kapasitet grunna byggjearbeid. NPS har eit prosjekt med reduksjon av sengebruk til fordel for auka ambulant verksemd. ISP har færre tilvisingar. ISP og NPS har auke i dagbehandlinga, og begge ligg over måltala. Psykiatrisk klinikk har ikkje slikt tilbod. NPS har auke i polikliniske konsultasjonar. ISP og Psykiatrisk klinikk har ikkje slik auke. ISP har likevel betra resultatet utover hausten, og ligg marginalt under måltala. Heller ikkje Psykiatrisk klinikk vil nå måltalet. Grunngjevinga er at det har vore vakansar i stillingar. På ISP er dette betra i løpet av hausten, for Psykiatrisk klinikk vil dette ikkje bli betre før frå årsskiftet. ØKONOMI Perioden Resultatet i perioden er førebels negativt med 17,9 millionar, som er 4,6 millionar svakare enn plan. Hittil Bokført resultat etter tolv månader er førebels negativt med 91,9 mill., noko som er 51,9 mill. kroner svakare enn periodisert budsjett. 6

Inntektene hittil i år er 13,4 mill. kroner høgare enn periodisert budsjett. 12 millionar av dette skriv seg frå finansiering av kostnadar relatert til aktivitet i samband med krisepakka frå Staten i 2009. Kostnadssida syner eit negativt avvik mot periodisert budsjett på 65,3 mill. kroner. - lønskostnadane syner eit meirforbruk på 18,3 mill. kroner. (avviket kjem innanfor tillegg og ekstratid). - varekostnader har eit samla meirforbruk på 28,7 mill. kroner (dette er jamt fordelt mellom medikament, forbruksmateriell og gjestepasientar) - meirforbruk på andre driftskostnadar utgjer 30 mill. kroner (avviket skriv seg hovudsakleg frå pasientreiser og kostnader relatert til driftsbygningar. 12 mill. kroner er knytt til sysselsettingstiltak som har fått særskilt finansiering). - Finanskostnader syner eit mindreforbruk på 11,7 mill. kroner mot periodisert budsjett. Prognose Årsrekneskapet for 2009 er ikkje ferdig registrert per 19. januar 2010. Vi har ingen indikasjonar på at resultatet vil avvike vesentleg frå varsla prognose. Likviditet Føretaket har ei disponibel trekkramme på driftskreditten med 450 mill, noko som er tilstrekkeleg i høve planlagt drift. MEDARBEIDARAR Sjukefråvær Sjukefråværet i Helse Førde var på 7,1% i november. Fråværet i same periode i fjor var 8,9%. Tal sjukefråvær for desember månad er ikkje fullt ut registret, og vil først kunne rapporterast på i neste styremøte. VEDLEGG: Verksemdsrapportar 7