I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.



Like dokumenter
Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Velkomen til Mork barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Månadsplan for Hare November

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Velkommen til foreldremøte

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

Informasjonshefte Tuv barnehage

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Virksomhetsplan

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Bærekraftig utvikling

HANDBOK GRUPPELEIING

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Staup Natur- og Aktivitetsbarnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Leikande, glade barn og natur hand i hand

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Pedagogisk Plattform

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Periodeplan For Indianerbyen Høst 2014 September - Desember

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Pedagogisk plattform

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Øystese barneskule April - 08

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

ÅRSPLAN Haus barnehage. Osterøy kommune

Årsmelding for Urhei barnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

UTVIKLINGSPLAN VISJONEN VÅR: - hver og en unik i et godt fellesskap. Mål: - ein god start på livet

Kvalitetsplan mot mobbing

ÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE

ÅRSPLAN VALLE OG HYLESTAD BARNEHAGE 2015/2016

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

Samansette tekster og Sjanger og stil

Du må tru det for å sjå det

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Årsplan for Hol barnehage 2013

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Årsplan 2013/2014 HYLESTAD BARNEHAGE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

ÅRSPLAN TOKSEBAKKEN BARNEHAGE

Pedagogisk plattform for Studentbarnehagene i Tromsø

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

FØRRESDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN 2016

VIRKSOMHETSPLAN

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Transkript:

Utviklingsplan Borsheim barnehage 2014 2016 I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Borsheim.barnehage@klepp.kommune.no Heimeside: www.minbarnehage.no/borsheim Tlf: 51 78 60 10

Innhald: Del 1: Overordna rammer Borsheim barnehage Barnehagelova og barnehagens samfunnsmandat Rammeplan for barnehagen Klepp kommune Barnehagen sine satsingsområde Del 2: Slik tenker vi barn og barndom i Borsheim Visjon Livsglede Den autoritative vaksne Medverkande barn Barnesyn og visjonssirkel Omsorg Tryggleik Leik Meistring Danning Sjølvkjensle Læring Sosial kompetanse Del 3: Fagområda i rammeplanen Kommunikasjon, språk og tekst. Del 4: Samarbeidspartnarar og organisasjonsutvikling. Foreldremedverknad Implementering vi skal vere en lærande organisasjon. Ønsker du meir informasjon?

Del 1: Overordna rammer Borsheim barnehage Borsheim barnehage opna i nye lokale hausten 2010. Vi har plass til 56 barn. Barnehagen ligg på Bore, med gardar og Orrevatnet som nære naboar. Ein liten spasertur unna har vi Borestranda. Uteområdet i barnehagen er stort og variert. Vi har blant anna skog, akebakke og utkikkstårn på området. Vi har vår eigen kokk, som lager variert og god mat til oss. Barnehagelova og barnehagens samfunnsmandat I følgje barnehagelova skal barnehagen i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik samt fremma læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal møta barna med tillit og respekt, samt anerkjenne barndommens eigenverdi. Barnehagen skal fremma demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. Samfunnsmandatet til barnehagen er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgsog læringsmiljø som er til det beste for barna. Barnehagen skal både vera ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Rammeplan for barnehagen Målet med rammeplanen er å gi styrar, pedagogiske leiare og resten av personalet ei forpliktande ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av barnehagens verksemd. Rammeplanen gjer i tillegg informasjon til foreldre, eigar og tilsynsmyndigheit. Denne utviklingsplanen bygger på barnehagelova og rammeplanen. Klepp kommune Kommunens overordna visjon er: Meir læring for alle. Dei overordna kommunale verdiane, som ligg til grunn for arbeidet med barn og unge er: Engasjement, inkludering, omsorg, målretting og utfordring. Dette er ein visjon og verdiar som også ligg til grunn for arbeidet vi gjer i Borsheim barnehage. Dei vaksne i Klepp skal ha ei felles fagleg forståing, og ver profesjonelle aktørar som: - Har barna sitt beste i fokus - Har ein autoritativ vaksenstil - Er deltakande og gir rom for leik, humor og glede - Reflekterar over eigen praksis - Har endringskompetanse Barnehagen sine satsingsområde Barnehagane i Klepp vil dei neste åra ha eit spesielt fokus på leik, læring og danning. Borsheim har valt å sette i gang med eit stort kompetanseløft i barnehagen. Vi skal i løpet av dei neste åra implementere Være sammen i barnehagen. Målet med Være sammen er å heva kompetansen til alle i barnehagen, slik at kvaliteten i det daglege arbeidet med barna styrkes. Kjerneinnhaldet er autoritative vaksne, relasjonsbygging, tidlig innsats, handtering av utfordrande åtferd, implementering og organisasjonsutvikling.

Del 2: Slik tenker vi barn og barndom i Borsheim barnehage Rammeplanen seier at barnehagen skal leggje til rette for eit godt pedagogisk miljø, og at barnehagens viktigaste kvalitet ligg i relasjonen mellom personalet og barn. Vår måte å tenkje barn og barndom på gjenspeiler det rammeplanen seier. Vår visjon: I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn Livsglede Livsglede er ein kvalitet dei fleste ønskjer å ha i livet sitt. Vi ønskjer å gje barna dei beste muligheiter for å kunna nyta livet, vere glad i seg sjølv, og vere tilfreds med eigen kvardag. Å bidra til at barna utviklar ei god sjølvkjensle er viktig for barnas evne til å nyte livet, ta til seg kunnskap og vere eit godt medmenneske. God sjølvkjensle gjer trygge barn som kan stå fram med eigne ønskjer og behov, og sette grenser for seg sjølv. Å ha ei god sjølvkjensle er viktig for at barnet ikkje skal bli ein mobbar, eller sjølv bli mobba. Trygge barn er vant med å stå fram med eigne behov og bevege seg i retning mot det som er bra i livet, og vekk frå det som er dårlig. Eit barn som er trygt og har ei god sjølvkjensle er godt rusta til å tilegne seg ny kunnskap og erfaring. Den autoritative vaksne Denne vaksenstilen er eit grunnleggande prinsipp i barnehagen og utgjer ein viktig del av barnehagens plattform og dei vaksnes felles forståing. Prinsippet går ut på at dei vaksne utøvar sitt yrke i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet og ein tydelig vaksenstil når det gjeld å sette krav og grenser. Medverkande barn Medverknad er viktig for utvikling av god sjølvkjensle, oppleving av meistring og kunne ha ein betyding i eit større fellesskap. Å ta barns medverknad på alvor, krev god kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldra. Barn sin rett til medverknad krev at personalet gjer rom for å lytta og å samtala. Barna skal jamnlig få høve til aktiv planlegging og vurdering av barnehagens verksemd i samsvar med alder og modning. Barnesyn og visjonssirkel Borsheim barnehage har følgjande barnesyn: Barnet må bli respektert for det unike menneske det er I visjonssirkelen vår under, illustrere vi korleis vi tenker. Tryggleik, læring, meistring, leik og omsorg påverkar sjølvkjensla til barnet. Alt heng saman! Livsglede, den autoritative vaksne og det medverkande barn omsluttar grunnverdiane, fordi vi tenker at desse gjer næring, og får næring frå alle elementa i modellen. Heilt yttarst har vi danning som skjer i alle situasjonar barna opplever, enten det er bevisst eller ubevisst så dannes barnet heile tida og over alt.

Omsorg, tryggleik, leik, meistring og læring er betydningsfullt for danningen av barns sjølvkjensle. Vår fortståing av desse begrepa, skal vere med å prega barnehagekvardagen. Danning Livsglede Læring Autoritative vaksne Tryggleik Sjølvkjensle Omsorg Meistring Leik Medverkande barn Omsorg I følgje rammeplanen har barn rett på omsorg, og skal møtast med omsorg. God omsorg er ein føresetnad for barns tryggleik og trivsel og gjer dei muligheit til å utvikla tillit til seg sjølv og andre. Personalet skal arbeida for eit omsorgsmiljø som ikkje bare gjer barna mottagelege for omsorg, men som også verdsetter barns eigne omsorgshandlingar. Omsorg er først og fremst en kvalitet ved relasjonen mellom menneske. Grunntonen i en omsorgsfull relasjon handlar om å vera romsleg, lydhør og sensitiv samt ha innleving, gjensidigheit og engasjement i kommunikasjonen. Slik vil vi arbeide med omsorg: - Sjå det enkelte barns behov for nærleik og kontakt. - Anerkjennande kommunikasjon ved å møte barnet med respekt og forståing. - Gje barn varierte utfordringar og rom for meiningsfylte aktivitetar. - Vere autoritative vaksne. - Gje barna medverknad. - Vere gode rollemodellar for barna.

Tryggleik Tryggleik er veldig viktig for barn. Derfor er vår evne til å halde, trøste og roa barnet, det aller viktigaste. Barnet treng tryggleik for å våge å utforska verda rundt seg. Dette vises godt ved hjelp av tryggleikssirkelen. Tryggleikssirkelen visar at det er to grunnleggande behov hjå barnet, som verke i kvar si retning: 1. Tilknyting: behovet for omsorg og fellesskap. 2. Eksplorering: behovet for å vere eit individ som utforskar og meistrar verden. Slik vil vi arbeide med tryggleik: - Sjå kvart enkelt barn som unikt og fullkomen, og møte det der det er. - Speiling: Speiling er ein måte å lytte og sjå barnet på. Du gjentar det barnet seier, med ord og kroppsspråk, som om du er eit speil. - Sette tydelege grenser og stille krav til barna. - Varm og anerkjennande veremåte. - Vere ein trygg base og hamn for barnet (tryggleikssirkelen). - Legge til rette for danning av vennskap. Leik For barn har leiken stor verdi og er eit mål i seg sjølv. Leik er ei viktig side av barnekulturen og skal i følgje rammeplanen ha ein sentral plass i barnehagen. Barn fortolkar verda, omarbeide ulike hendingar, og dei prøver ut ulike roller gjennom leik. Gjennom leiken utviklast barns sosiale kompetanse, fantasi og tankeverksemd. Slik vil vi arbeide med leiken: - Vise forståing for leiken, og eigenverdien den har. - Legge til rette for leik, både med tid, utstyr og rom. - Personalet må vere tilstede ved å støtte, inspirere og oppmuntre i leiken.

- Hjelpe barn som treng det til å finne gode strategiar for leik, og kunne delta saman med andre i leikens verd. - Gje barn som står utanfor leiken, særleg oppfølging. Meistring Å oppleve meistring er grunnleggande for barns motivasjon til utvikling og læring. Å lære er å meistre nye ferdigheiter og kunnskapar. Meistring hevar sjølvtilliten og gjer barnet meir erfaring og motivasjon til å løyse andre utfordringar. Støtta barnet får fra omgivelsane sine i møte med utfordringar er avgjerande for meistring. Slik vil vi arbeide med meistring: - Fortelje barna kva vi ønskjer av dei, i staden for kva vi ikkje ønskjer av dei. - Gje merksemd til det som fungerer, og viss mogleg, oversjå det som ikkje fungerer. - Vere autoritative vaksne for medverkande barn. - Gje barna passe utfordringar. - Sjå aktivt etter barnas gode intensjonar, ressursar og meistring. Danning Danning er ein livslang prosess som skjer i og med alle menneske. Barn skaper seg sjølv og blir skapt i møtet med andre menneske, kultur og historie, natur og samfunn. Danning handlar mellom anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Danning, identitet og følelsen av å høyre til, heng saman. Dette er prosessar som startar i dei nære relasjonar og fortsetje gjennom eit mylder av erfaringar på ulike arenaer gjennom heile livet. Identitet er ikkje noko ein har ein gong for alle. Verdiane, vanane, livsforma og kunnskapen vi veks opp med, sitt djupt i oss, men likevel kan dei forandras. I følgje rammeplanen er danning grunnlaget for ei allsidig utvikling. Slik vil vi arbeide med danning: - Gje barna rom for refleksjon over eigne handlingar og veremåtar. - Bevisste vaksne som filosoferer over livet saman med barna. - Gje barna forståing for ulike samfunn og kulturar. - Legge til rette for ei allsidig utvikling hjå barna. Sjølvkjensle I følgje Jesper Juul er sjølvkjensla vår forståing og oppleving av kven vi er. Sjølvkjensle er kven du er, sjølvtillit er kva du kan. Det vi kan og er flinke til er ein viktig del av sjølvkjensla. Ei autoritativ vaksenrolle styrker barnets sjølvkjensle. Barnet kan ikkje utvikle ei god sjølvkjensle aleine, dette skjer alltid i relasjon til andre. Barn "speiler" seg i andres reaksjonar på seg sjølv. Når vi er bevisste på speglinga og korleis vi kommuniserer med barnet, er vi langt på vei til å hjelpe barnet til å utvikle ei god sjølvkjensle. Slik vil vi arbeide med barnas sjølvkjensle: - Vi vil formidle til barna at det er viktig å vere glad i seg sjølv. - Vi jobber systematisk med Være sammen Vi i Borsheim slutter oss til Tone Strømøy, og ser dette som sentrale punkt for barns sjølvkjensle:

1. Barnet må få ubetinga kjærleik. 2. Barnet må føla seg trygg på at vi vaksne tek ansvar for det og beskyttar det. 3. Barnet må få omsorg. 4. Barnet må få grenser, men også fridom! 5. Barnet må bli respektert for det unike mennesket det er. 6. Barnet må bli sett. 7. Barnet må bli høyrt. 8. Barn må få tid, det krev tid å oppdra barn! 9. Barnet må få moglegheit til å skaffe seg venner. 10. Barnet må også få ha det gøy og utvikle humor. 11. Barnet må få opplevinga av å meistre. 12. Barnet er født nysgjerrig og må få fortsetta å vera det. Læring Vi har valt å leggje læring heilt yttarst i visjonsmodellen vår. Læring skjer i alle situasjonar og augeblikk i eit barns liv. Læringa og grunnverdiane har verknad på kvarandre. Eit barn som er trygg på seg sjølv, lærar noko heilt anna i ein situasjon, enn eit barn som er utrygt. Kor mottakelige barn er, og kva dei lærer avhenger i stor grad av barnets sjølvkjensle. Læring kan karakteriserast som en prosess som bygger på erfaringar og der disse erfaringane medfører varige endringar i et menneskets opplevingar, holdningar og åtferd. Thomas Moser Vennskap og tilrettelegging for gode relasjonar i barnehagen er ein føresetnad for god læring. Barnehagen skal styrke læringa i formelle og uformelle læringssituasjonar. Personalet planlegg og leier dei formelle situasjonane. Uformelle læringssituasjonar er nærmare knytte til kvardagsaktivitetar og her- og- no-situasjonar. Leik er barnas viktigaste arena for læring. Formelle og uformelle læringssituasjonar har begge eit pedagogisk formål. Dei sju fagområda i rammeplanen må knytast til både formelle og uformelle læringssituasjonar. Barn lærer heile tida, derfor er det viktig med autoritative vaksne som er tilstadeverande og lærer barna gode strategiar til å meistre livet. Sosial kompetanse Sosial kompetanse inneber å kunne samhandla positivt med andre i ulike situasjonar. Det vil sei å meistre mellommenneskelege samspel, og å ha evna til å forstå og innrette seg etter den sosiale situasjonen ein er i. Ei autoritativ vaksen rolle er nødvendig for å utvikle sosial kompetanse, og for å skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Vi tenker at gjennom leik og læring, livsglede og humor, estetiske opplevingar og i arbeidet vi gjer med å Være sammen, vil mykje av grunnlaget for barnets sosiale kompetanse bli lagt. Målsetting Utvikle god evne til sjølvhevding Utvikle evne til empati Utvikle god prososial åtferd God sjølvkontroll Leik, glede og humor

Del 3: Fagområda i rammeplanen Rammeplanen omtalar 7 fagområde som barnehagen er forplikta til å jobbe med gjennom året ( du finner link til rammeplanen på heimesida). Klepp kommune har laga ein progresjonsplan (sjå heimesida) med utgangspunkt i desse fagområda. Alle fagområda er viktige, og vil bli jobba systematisk med gjennom heile året. Språk, kommunikasjon og tekst, står likevel i en særstilling, da barnet på mange måtar er avhengig av språklige ferdigheiter for å utvikle seg aldersadekvat, både sosialt og innanfor alle fagområda. Vi velgjer derfor bare å trekke frem dette fagområdet i denne utviklingsplanen. Kommunikasjon, språk og tekst Tidleg og god språkstimulering er i følgje rammeplanen ein viktig del av barnehageinnhaldet. Arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst er viktig for barnets sosiale liv, kulturelle tilhøyring og for søk etter, og utvikling av kunnskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. Å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlege og munnlege forteljingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytte til kommunikasjon, språk og tekst. Vi i Borsheim følgjer progresjonsplanen, som ligg på barnehagens heimeside. Del 4: : Samarbeidspartnarar og organisasjonsutvikling. Foreldremedverknad Det daglege samarbeidet mellom heimen og barnehagen må byggje på gjensidig openheit og tillit. Trygge foreldre, gjer det lettare for barna å bli trygge i barnehagen. Foreldra skal stole på at dei skal kunne ta opp det som er viktig for dei, sjølv om det skulle innebere kritikk. Personalet i barnehagen har ei generell teieplikt, som skal vere med å sikre at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvege. For å sikra samarbeidet med barnas heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (barnehagelovens 4). Regelmessig kontakt i bringe og hentesituasjonar, planlagde foreldresamtalar, foreldremøte, heimesida og brukarundersøkinga, vil vere viktige arenaer for å sikre eit godt samarbeid. I tillegg arrangerast det foreldrekaffe/ foreldrefrokost. Det skrives dagsrapportar, månadsbrev og månadsplanar. Implementering- vi skal vere ein lærande organisasjon Implementering handlar om at personalet skal omsetje kunnskapar og erfaringar til den daglege praksisen i barnehagen, med den hensikt at barna i neste omgang vil møta ein forbetra kvalitet.prosessen rundt implementering er tids- og arbeidskrevjande. Det handlar om læring, og det vanskelige omgrepet endring kor sjølve barnehagekulturen må kunne endrast. Borsheim vil i årane framover spesielt jobbe med å implementere Være sammen. Vi gjennomfører jamleg systemanalyse, medarbeidarsamtalar, medarbeidarundersøking, brukarundersøking og foreldresamtalar for å lære av dei erfaringane som blir gjort. Gjennom evalueringar og refleksjon, ønskjer vi å sikra at vi er ein lærande organisasjon som både tar gode og dårlege erfaringar med i det vidare arbeidet. Ønskjer du meir informasjon? På barnehagens heimeside kan ein finne viktig informasjon om bla andre samarbeidspartnarar, progresjonsplan, Være sammen, overgang barnehage og skule med meir. Planen er revidert våren 2015