1 Frukttrekreft og risiko for fruktråte Frukt Plantevern Resultat frå eit lite sprøyteforsøk med ulike kjemiske plantevernmidlar og tidspunkt rundt blomstring i 'Summerred' og 'Raud Gravenstein'. Frukttrekreft (Neonectria ditissima) er årsak til blaut fruktråte. Infeksjonen startar gjerne i begerenden av fruktene og kan minne om gråskimmel (Botrytis cinerea). Forsøksvert: Knut Eilert Sørnes, Lier Sort: 'Summerred' Plante/radavstand: 2/4,5 m - 111 tre/daa Enkelt-tre med stokk, slank-spindel 96 tre med i forsøket, utplukka etter avling 'Raud Gravenstein' Plante/radavstand: 4/4,5 m - 55 tre/daa Eldre låge krontre 24 tre med i forsøket, utplukka etter avling Forsøket er ein del av eit større prosjekt støtta av Norges Forskningsråd. Oslofjorden Frukt og bær er prosjekteigar, NIBIO og NLR Viken er viktige bidragsytarar i praktiske tiltak for å betre fruktkvaliteten. Forsøksplan Det er sprøyta etter normal GEP-praksis. Normalvæskemengde: 75 liter pr. 100 m rad, dvs. omtrent 150 liter pr. dekar. Hardi trilleborsprøyte. Sprøyterute: 4 tre i 'Summerred', eitt usprøyta grensetre i rada. 1 tre i 'Raud Gravenstein' Sprøytetidspunkt: full blomstring, avblomstring og 2 veker etter avblomstring. Behandling/fungicid Preparat Dose pr. Tidspunkt 100 liter Usprøyta Ditianon full blomsting Delan WG 50 g 19.mai/22.mai* Ditianon avblomstring Delan WG 50 g 26.mai Fenhexamid avblomstring Teldor 75 g 26.mai Luna avblomstring Luna privilege 13 ml 26.mai Luna 2 veker etter avblomstring Luna privilege 13 ml 12.juni Ditianon 2 veker e. avblomstring Delan WG 50 g 12.juni Fenhexamid 2 veker e. avbl. Teldor 75 g 12.juni *Summerred er sprøyta 3 dagar tidlegare enn Gravenstein ved full blom.
Full blomst Full blomst % begerråte av nedfallet Opplegg Feltet er sjekka ein gang i veka for nedfallseple dei siste fire vekene fram til hausting. Det er forsøkt å finne ut årsaka til nedfallet. Epla er hausta til rett tid for sortane, og sendt med kjølebil til Ullensvang for vidare undersøking og lagring. Det er tilfeldig plukka 100 eple pr gjentak, tilsaman 300 eple for kvar behandling. 7 'Raud Gravenstein' 6 5 4 3 2 1 0 Usprøyta Delan WG Delan WG Teldor Luna Privilege Behandling Luna Privilege Delan WG Teldor Figuren viser begerråte i % av nedfallet. Ikkje signifikante forskjellar mellom behandlingane. 250 200 150 100 50 0 Nedfall 18.8 Nedfall 25.8 Nedfall mellom 25.8 og 10.9 Totalt Usprøyta Delan Delan Teldor Luna Luna Delan Teldor WG WG Privilege Privilege WG Figuren viser antall nedfallsepler pr tre. Andre skader som epleviklar er viktig årsak til nedfallet. 200 epler tilsvarer 1650 kg/daa (150 g/eple, 55 tre/daa)
3 Ved andre nedfallregistrering var det meir nedfall på usprøyta og Delan full blomstring enn på Luna ved avblomstring. Ved hausting var det meir begerrote på Delan i full blomst og Luna ved avblomstring, enn på Teldor ved avblomstring. Resten er likt altså både totalt begerrote, totalt nedfall og innrote. Lagringsforsøk Av utplukka epla frå kvar behandling var det begerrote ved mottak på 0.7 til 3.7%. Råte etter lagring var 1,0 til 2,7% i Gravenstein og 0,0-2,0 % i Summerred. Det er ingen signifikante forskjellar verken på Summerred eller Gravenstein. Konklusjon Det er mange årsaker til fruktnedfall. Epleviklar var i dette forsøket større årsak enn frukttrekreft. Det var små forskjellar mellom behandlingane og det er vanskeleg å påvise at sprøytingane hadde effekt.
Bildene viser nødmodna 'Summerred' like før hausting. I begerenden er det tydeleg råtning som er årsak til at eple ramlar av treet. Trehelse i nyplanta epletre Trehelsa har blitt undersøkt i mange nyplantingar i 2017. Generelt er trehelsa bra, men av enkelte sortar har det blitt levert dårlege treparti. Observasjonane er ein del av eit større prosjekt støtta av Norges Forskningsråd. Oslofjorden Frukt og bær er prosjekteiger, NIBIO og NLR Viken er viktige bidragsytarar i praktiske tiltak for å betra trehelsa.
5 Sjekk trea Frukttrekreft er ein frykta sjukdom på nyplanting. Gjennomgang av trematerialet i tida etter planting er viktig. Det er lite frukttrekreft å finne i nyplantingar kring Oslofjorden denne sesongen. Eksempel på unntak er eit 'Santana'-felt, planta 2016 med 8,6 % sår av frukttrekreft i hovudstamma. I 2017-sesongen er også bakteriekreft og sølvglans påvist av Plantehelseklinikken NIBIO, i eple. Bakteriekreft (Pseudomonas syringae) i eple har tidlegare år blitt påvist og er omtalt i Forsøksmedling nr 5/2015. Bakteriekreft er lett å forveksle med anna greinvisning som skuldast frostskade eller frukttrekreft. Det var fleire plantefelt på våren i 2017 som hadde dårleg bryting, barkskader og lite vitalitet. Det er ingen direkte tiltak mot bakeriekreft, men det å fjerne tre og plantedelar er bra for å hindre sekundære problem. Plantedelar som visnar i felt vil lettare bli angripne av lauvtreborkbille (Xyleborus dispar) og få infeksjonar av frukttrekreft. Bildet viser frukttrekreft på mellomstamma (Golden Delicious) av Holsteiner Cox planta 2016. Tydeleg skottreaksjon under det såra området.
Bildet viser tydeleg sår i hovudstamma på plantematerialet, forårsaka av bakteriekreft i 'Discovery'. Trea vart ikkje planta. Sølvglans (Chondrostereum purpureum) er mest vanleg i plommer og er eit alvorleg problem i enkelte plommesortar. Falsk sølvglans er ein konsekvens av at trea har vore utsett for stress. Sølvfarga blad skuldast at det øvre laget av bladet vert skilt frå laget under og det kjem luft til. Ved angrep av soppsjukdomen sølvglans er det vanleg at ei og anna grein har angrep, men me har observert store delar av epletre med symptom. På daude stammer og greiner vert det ofte danna fruktlekamar av soppen. Dei veks oppover, ofte på ei side av stamma, har ein liten hattform og er fiolette under hattebremmen. Bildet viser Sølvglans-fruktlekam i 'Santana' i mars 2017. Trea fekk sølvfarga blad utover sommaren.
7 Område Sort Plantemateriale Symptom Diagnose av Plantahelseklinikken NIBIO Østfold Discovery Norsk, planta 2012 Vestfold Discovery Import, planta 2017 Buskerud Discovery Import, planter på kjøle Vestfold Summerred Import, planta vår 2017 Østfold Santana Import, planta 2015 Borkskade og inntørking blomsterstand Borkskade, inntørka greiner Borkskade i hovedstamme Borkskade Sølvfarga blad, kjuke på grein Bakteriekreft (Pseudomonas syringae) Bakteriekreft (Pseudomonas syringae) Bakteriekreft (Pseudomonas syringae) Frukttrekreft (Neonectria ditissima) Sølvglans (Chondrostereum purpureum) Bildet viser 'Discovery' på klimatisk laboratoriet ved SKP, Ås. Bakteriekreft er påvist i plantematerialet. Normal temperatur (12 0 C) til venstre og viser stor vekststagnasjon. Høgare temperatur (18 o C) til høgre, og normal vekst.
Konklusjon Det er viktig å kjenne igjen skadegjeraren, slik at rett tiltak blir sett inn. Ta mange rundar i felta og fjern inntørka plantedelar. Frukttrekreft kan være vanskeleg å sjå tidleg i omløpet. Kreft i hovedstamma på unge tre bør fjernast frå feltet. Bakteriekreft ser ut til å bli hyppigare påvist i spesielt 'Discovery'. Klimaet vårt med kjølege vårar kan gi større problem med bakteriekreft. Sølvglans er påvist i eple, men det er usikkert om dette vil bli stort problem i dyrkinga. Bladfall og sporefangst av frukttrekreft Bladfallet kan være viktig i samband med at såra kan være innfallsport for frukttrekreft (Neonectria ditissima). Soppen treng opne sår og fuktigheit for å spreie seg til nye plantedelar. Sporane kan bli fanga i sporefelle som kan seie noko om tidspunktet som er viktig for beskyttelse for spreiing. Forsøket er ein del av eit større prosjekt støtta av Norges Forskningsråd. Oslofjorden Frukt og bær er prosjekteiger, NIBIO og NLR Viken er viktige bidragsytarar i praktiske tiltak for å betra trehelsa. Undersøkingar Det er gjort registreringar i fleire felt, ulike sortar og alder på trea. Bladfallsperioden er interessant, sidan det seier noko om når faren for infeksjon er størst. Tilsvarande registrering er beskrive i Forsøksmelding 4/2014. Det kan være gunstig å nytte koparpreparat Nordox 75 WG fleire gonger i bladfellingsperioden. Tabellen viser bladfellingsperioden for eit utval av felta som har blitt observert. Det er observert hos tre dyrkarar og ulik alder på plantingane. Sort Felt Trealder Start bladfall 20 % bladfall 50 % bladfall 100 % bladfall Aroma S. - Lier 2 10.nov 24.nov 12.des Uferdig Aroma K.- Svelvik 8 11.okt 24.nov 12.des 26.feb Aroma S. - Lier 20 ureg 17.okt 12.des 26.feb Discovery B. - Svelvik 15 19.okt 10.nov 24.nov 26.feb Discovery S. - Lier 20 17.okt 31.okt 10.nov 24.nov Elstar B. - Svelvik 2 10.nov 24.nov 12.des 26.feb Gravenstein B. - Svelvik 4 11.okt 31.okt 10.nov 24.nov Rubinstep S. - Lier 6 17.okt 31.okt 24.nov 05.des Santana B. - Svelvik 2 10.nov 05.des 12.des Uferdig Summerred K. - Svelvik 8 11.okt 19.nov 31.okt 10.nov Summerred S. - Lier 13 17.okt 19.okt 31.okt 10.nov
9 Sporefelle Det er satt opp sporefelle i 'Discovery' felt med mykje frukttrekreft. Fella vart satt opp i september. Det blir bytta sporefelle-trommel kvar veke. Resultatet vil gi oversikt over tidspunkt for når det er mykje sporer som kan infisere. Svaret kjem i løpet av 2018. Bildet viser sporefelle i snørike omgjevnader. Vi er usikre på snøens innverknad på fellefangsten av frukttrekreft-sporer.
Sprøyteforsøk Det er anlagt eit sprøyteforsøk i tettplanting i 'Summerred' med Delan Pro og Nordox i bladfellingsperioden. Feltet har mykje frukttrekreft på trea. Delan Pro inneholder ditianon og kaliumfosfonat. Midlet blir forhandla av BASF og er tilgjengeleg for norske dyrkarar sesongen 2018. Maks antall behandlingar er 6 i året og maksimal dose er 250 ml/daa. Trea skal registrerast i løpet av sommaren i 2018 og vi veit då verknaden av sprøytinga. Tabell viser oversikt over tidspunkt og plantevernmiddel. Fungicid Tidspunkt Tid Usprøyta Nordox 75 WG Byrjande bladfall A Nordox 75 WG 50% Bladfall B Nordox 75 WG Byrjande bladfall og 50% bladfall A & B Delan Pro Byrjande bladfall A Delan Pro 50% Bladfall B Delan Pro Byrjande bladfall og 50% bladfall A & B A: 29.september B: 30.oktober