FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: 19.03.2018 Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11 OS KOMMUNE Skorpo Sørvest, byggeområde S11, gnr. 27, bnr. 459 Nasjonal arealplanid 1243_20050604
2
Søknad om mindre endring av reguleringsplan for Skorpo Sørvest, byggeområde S11... 4 Gjeldande plan... 5 Endringar i ny plan... 7 Konsekvensar... 20 3
Søknad om mindre endring av reguleringsplan for Skorpo Sørvest, byggeområde S11 Bakgrunnen og samandrag av endringa Tiltakshavar har i ei tid forsøkt å finne løysingar for gjennomføring av utbygginga i S11, slik det går fram av godkjend detaljplan. Dette har vist seg vanskeleg å få til. Ein vesentleg grunn til dette er at den gjeldande planen ville ført til eit vesentleg masseoverskot som det vil vera vanskeleg å få transportert bort frå byggeområdet og deponert på Skorpo. Det er mellom anna ikkje lagt opp til at vegane skal dimensjonerast for slik transport. Det er vidare ønskjeleg å finne fram til ein enklare hyttetype som kan byggjast på eitt plan utan vertikale sprang i hytta og med vesentleg mindre terrassar enn det som låg til grunn i den godkjende planen. Samla sett er det ønskjeleg å endre noko på vegføringa og endre noko på planeringshøgdene i feltet. Dette skal vi gjere nærare greie for i det som følgjer. 4
Gjeldande plan I gjeldande plan er området regulert til fritidsbusetnad - frittliggande (FF), veg (V), grøntstruktur (G) og turveg (TV). Figur 1. Gjeldande plan for Skorpo S11. 5
Figur 2. Skråfoto av dagens situasjon. (kart.1881.no) For meir informasjon om området, sjå planomtalen til planen som vert endra, planid 20050604 og evt. 20050600. 6
Endringar i ny plan Innleiing På grunn av høge overskot av massar som følgje av høgder i vedtatt plan og ønsket om å endre hyttetypen, ønskjer ein å endre planen slik at ein kan få ein betre massebalanse og få hytter på eitt plan. Planen endrar ikkje på utnyttingsgraden i gjeldande plan. Endring frå vedtatt plan Under ligger ei liste over endringar som er gjort i forhold til vedtatt reguleringsplan. Endra i plankart: Tilkomstveg f_sv er noko endra Utforming av nokre av tomtene og grøntstrukturen er endra som følgje av endra tilkomstveg. Alle arealformåla har fått nye namn grunna endring i desse på nasjonalt nivå sidan planen vart vedteken. I føresegnene, 2 b, er det foreslått å ta ut følgjande setning: Illustrasjonsplan er bindande i forhold til plassering av hyttene og terrassane. Figur 3. Forskjell mellom vedtatt plankart (til venstre) og forslag til endringskart (til høyre). 7
Figur 4. Nytt plankart for Skorpo S11. 8
Reguleringsformål Tabell 1. Oppdatert tabell for arealbruk Formål Felt Areal (m 2 ) BYGNINGAR OG ANLEGG Fritidsbusetnad - frittliggjande BFF1-BFF3 4519 SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR Veg f_sv 374 GRØNTSTRUKTUR Grøntstruktur f_g 172 Turveg f_gtd 21 PLANOMRÅDET 5086 Byggeformål Innanfor BFF1-3 skal det framleis byggjast 8 hytter. Men tiltakshavar har valt å endre planlagt hyttetype. Ein ser no for seg å nytta typane «Sjøbris», «Solstjerne» og «Havgløtt» frå ferdighytteleverandøren Solhytten. Hyttene vil bli bygde med ein del golv på terreng eller dels plassert på pelar som gjer at eksisterande vegetasjon og trær kan takast vare på heilt inn til hytta. Figur 5. Illustrasjonsplan, plassering hytter. 9
Sjøbris Hytte A og B, sjå figur 5, er tenkt i hyttetypen Sjøbris. Figur 6. Perspektiv og plassering av hytte på tomt A. 10
Figur 7. Perspektiv og plassering av hytte på tomt B. 11
Solstjerne Hytte C, D og E, sjå figur 5, er tenkt i hyttetypen Solstjerne. Figur 8. Perspektiv og plassering av hytte på tomt C. 12
Figur 9. Perspektiv og plassering av hytte på tomt D. 13
Figur 10. Perspektiv og plassering av hytte på tomt E. 14
Havgløtt Hytte F, G og H, sjå figur 5, er tenkt i hyttetypen Havgløtt. Figur 11. Perspektiv og plassering av hytte på tomt F. 15
Figur 12. Perspektiv og plassering av hytte på tomt G. 16
Figur 13. Perspektiv og plassering av hytte på tomt H. 17
Utnytting Planen endrar ikkje på utnyttingsgraden i gjeldande plan. Det er framleis berre lov til å byggje maks BRA-areal på 110 m2 pr. eining inkl. uthus, etc. Massebalanse Ein har endra tilkomstvegen i både høgde og trasé, og på grunn av dette vert hyttene lagt betre i terrenget og ein kan få til ein massebalanse i hyttefeltet. Ved å bruka overskotsmassar frå tomt B, C, E, F, G og H, kan ein planera ut tomtene A og D. Under kan ein sjå utrekningar gjort for massar i feltet både for gjeldande plan og ny plan. Masseutrekninga for gjeldande plan er: Prosjekterte masser Fylling Utførte anbr. Masser Bidr. Mapro Fylling Veg 817 55 1143 1082 61 Hytte A 250 39 350 308 42 Hytte B 174 0 244 244 0 Hytte C 281 9 393 383 10 Hytte D 148 7 207 199 8 Hytte E 313 16 437 420 17 Hytte F 226 5 316 310 6 Hytte G 235 24 329 302 26 Hytte H 230 11 322 309 13 SUM 2674 166 3741 3557 183 Planering u/golv : 640 (h=0,35 m) Overskot : 2917 Og tilsvarende utrekning for ny plan er: Grunnarbeider Lengde Sprenging Fylling Totalt Veg 158,2 m 996 m3 431 m3 565 m3 VA-grøft (L=203,5m) 203,5 m 332 m3 0 322 m3 SUM (overskudd) 887 m3 Planering Fylling Totalt Tomt A 582 m3 582 m3 Tomt D 590 m3 590 m3 18
Dette er lagt til grunn: Utrekninga er basert på fjell i dagen over heile området. Utvidingsfaktor, sprengt fjellmasse = 1,4 Utrekna overskot av steinmassar er totalt 887 m3. Dette svarar til planering av heile tomt A og halve tomt D - eller omvendt. Utrekningane viser at den justerte planen resulterer i vesentleg betre massebalanse enn gjeldande plan. Byggegrense Byggegrensa er lagt 4 m frå tomtegrensa til nabotomtene i feltet, slik at det blir min. 8 m mellom hyttene. Frå veg og omkringliggjande tomter er byggegrensa lagt 2 m frå formålsgrensa/tomtegrensa. Området rundt S11 er regulert til naturvernområde, og det kjem difor ikkje til å kome hus der. 19
Konsekvensar Overordna planer og vedtak Endringa er i tråd med kommuneplanen om fritidsbusetnad. Vedtatt reguleringsplan Endringane er i tråd med type formål og utnyttingsgrad som ligger i vedtatt plan, planid 20050604. Det er berre vegtrasé og høgde som vert endra frå vedtatt plan. Konsekvensar for naboar I forhold til vedtatt plan vil høgde på ferdig golv på dei forskjellege tomtane auke frå 1-2,5 m. Dette vil ikkje vere merkbart for nokon av naboane, då området ligg på eit høgdedrag i eit generelt kupert terreng. Topografien og avstanden til tilstøytande hytter og andre bygg gjer at endringsforslaget ikkje er vurdert å få negative konsekvensar for soltilhøva eller utsikta for naboar. Landskap Endringa fører til betre massebalanse i prosjektet, og mindre terrenginngrep enn ved gjeldande plan. Ein ser derfor på endringa som eit positivt tiltak for landskapet. Ved å berre ha ein etasje på hyttene vert fjernverknaden også mindre. Kulturminne Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor planområdet. Det er elles ikkje venta at endringsforslaget får konsekvensar for kulturminne. Trafikk Endringa fører ikkje til fleire einingar, og fører derfor ikkje til meir trafikk enn ved gjeldande plan. Ved å ha massebalanse innanfor planområdet, slepp ein å føre ut massar frå området, noko som fører til mindre trafikk både på øya og på fastlandet, evt. båttrafikk. 20
Vedlegg: Vedlegg 1: Oversiktskart Vedlegg 2: Vedtatt plan som skal endrast Vedlegg 3: Vedtatte føresegner Vedlegg 4: Planomtale Vedlegg 5: Plankart Vedlegg 6: Føresegner Vedlegg 7: Illustrasjonsplan Vedlegg 8: Hytter, plan og perspektiv Vedlegg 9: Referat frå oppstartsmøte 21