Til: Frå: Odda kommune, v/kristian Bondhus-Jensen Norconsult AS v/eirin Sandstå Kvale Dato 2019-01-28 Detaljplan Malkeplassen, Håradalen - Vurdering av KU Innleiing I samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar av juli 2017 4, skal forslagsstillar til ein reguleringsplan sjølv vurdere om planen fell innanfor forskrifta sitt saklege verkeområde, omtalt i 6, 7 og 8 i forskrifta. På bakgrunn av opplysningane gitt av forslagsstillar skal ansvarleg mynde (Odda kommune) ta stilling til om planarbeidet fell innanfor verkeområdet til forskrifta. Konklusjonen til ansvarleg mynde skal grunngjevast. Forslagsstillar for dette planarbeidet er Håradalen Utvikling AS. Vurderinga er utarbeidd av Norconsult AS. Planområdet og tiltak planen skal legge til rette for Planområdet er lokalisert på gnr. 30 bnr. 5, 6 og 185 i Håradalen, Odda kommune. Planområdet ligg sør for E134, der hovuddelen av utbygginga skjer sør for elva Håra, og rundt området Malkeplassen, sjå figur 1. Planområdet er om lag 550 daa stort, og føremålet med planarbeidet er å tilrettelegga for utbygging av fritidsbustader samt utviding av eksisterande skianlegg. Framlegg til plan vil vera i tråd med overordna planar, forutan etablering av 2 heistrasear, som vil ligge i område regulert til LNF. Figur 1 Kart som syner førebels grense for planområdet 2019-01-28 Side 1 av 7
Tilhøve til andre planar I gjeldande kommunedelplan for Håradalen er området regulert til LNF, næring, fritidsbebyggelse, friområde og vegføremål. Det er òg lagt inn ei faresone knytt til kraftlinje som går gjennom området. Planframlegget og verkeområdet til forskrifta om KU Forskrifta om konsekvensutgreiingar skil mellom planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast ( 6), og planar og tiltak som skal vurderast nærmare ( 8). Tiltak etter 6 krev i tillegg planprogram. Tiltak etter 8 skal konsekvensutgreiast dersom planen eller tiltak som planen legg til rette for kjem i konflikt med eit eller fleire av kriteria i 10 i forskrifta. Det er ikkje krav om planprogram for planar som fell innanfor verkeområdet til 10 i forskrifta om konsekvensutgreiing. Detaljreguleringsplan for Malkeplassen legg opp til etablering av frittståande fritidsbusetnad på areala O og Q i gjeldande KMD, desse areala er på 11 og 129 daa. Vidare legg ein opp til leilegheiter for fritidsbusetnad på arealet L, som er 28 daa. Her er tanken å få etablert garasjeanlegg i underetasjen, og næringsverksemd i form av skiutleige, matservering, kiosk ol, i 1.etg. For område R legg ein til rette for barneskiområde, med aktivitet knytt til dei minste borna, sjå figur 2. Figur 2 Gjeldande kommunedelplan for Håradalen For å kunne frakte folk som skal på ski i frå Q-området og vidare opp i skianlegget er tanken å etablere ein skiheis frå nedste del av Q-området og vestover, sjå figur 3. Derfrå kan dei skli ned til baseområde 3. 2019-01-28 Side 2 av 7
Figur 3 Planlagt ny heistrase vist med raud linje Vidare er det tenkt å knyta baseområde 3 saman med eksisterande skianlegg. Då kommunedelplanen vart laga var tanken å etablera heistrase via Myklastølshaugane, og vidare med stolheis opp til baseområde2. Grunna rasfare er denne heistraseen eit dårleg alternativ, og i søknad for etablering har dette vorte stoppa. Tanken er difor å kopla seg på stolheisen som er etablert i Sjurasvingen, med eit skitrekk frå baseområde 3 på vestsida av elva Håra, så figur 4 Figur 4 Skissert plassering av nytt skitrekk er vist med raud linje 2019-01-28 Side 3 av 7
Eksakt plassering på desse to nye skitrekka er ikkje bestemt endå, men dei vil ligge i område regulert til LNF. I tillegg kan det vera ynskjeleg med utviding av barneområdet, som òg vil gå på bekostning av LNF-område. Tiltak som planframlegget legg til rette for fell ikkje innanfor verkeområde i 6 i forskrifta. Detaljplanen legg til rette for skianlegg og skiheiser, som vert omfatta av vedlegg II, punkt 12 bokstav a i forskrifta. Tiltaket fell innanfor 8 i forskrifta og skal difor vurderast nærmare. Vurderinga skal gjerast etter kriteria i 10, og tiltak skal konsekvensutgreiast dersom det vil få vesentlege verknader for miljø eller samfunn. Vurdering i høve kriteria i 10 i forskrift om konsekvensutgreiing. I vurderinga av om planen kan få vesentlege verknader, skal det takast omsyn til eigenskapar ved planen eller tiltaket, lokalisering samt påverknad på omgjevnadene. I tillegg skal det sjåast på eigenskapane ved verknadene. Vurderinga er basert på informasjon som er henta frå nasjonale databasar med stadfesta informasjon samt informasjon som vart gitt av kommunen på oppstartmøtet den 12.12.2018. Det har ikkje kome fram informasjon gjennom vurderinga som har gjort det naudsynt å drøfte særskilte problemstillingar med regionale- og statlege styresmakter. Eigenskapar ved planen og tiltaket som planen opnar for Planområdet er om lag 550 daa stort, der utbyggingsområda er i samsvar med overordna plan. Tiltaka med nye skitrekk, samt utviding av barneskiområde vil verta vurdert lagt i område regulert til LNF i gjeldande kommunedelplan. Dagens tilkomst til området er via avkøyrsle frå E134. Denne avkøyrsla vil verta oppgradert og tilpassa dagens krav til utforming frå vegvesenet. Lastebil og buss må kunne kome seg inn i området, og snu. Det ligg ikkje føre planar om etablering av funksjonar innanfor området som skapar utfordringar i høve avfall, forureining eller risiko for alvorlege ulykker og eller katastrofar. Heistraseane og skiområdet vert regulert til skianlegg(1410). Ein legg såleis opp til omregulering av landbruks- natur- og friluftsføremål til byggjeføremål. Påverknad på omgjevnaden Underpunkta for vurdering av påverknad gjev i liten grad presise kriteriar, og det er dermed trong for bruk av skjønn. I vurderinga reknar ein med at terskelen for å rekne slike følgjer som er nemnt i forskrifta som «vesentleg» er forholdsvis høge, og at reguleringsplanar med «normal» konflikt- og kompleksitetsnivå ikkje fell inn under det saklege verkeområdet for utgreiings- og handsamingsreglane i forskrifta om konsekvensutgreiingar. Vurdering etter 10, tredje ledd: Lokalisering og påvirkning på omgivelsene omfatter en vurdering av om planen eller tiltaket kan medføre eller komme i konflikt med: 2019-01-28 Side 4 av 7
Punkt 10 a verneområder etter naturmangfoldloven kapittel V eller markaloven 11, utvalgte naturtyper (naturmangfoldloven kapittel VI), prioriterte arter, vernede vassdrag, nasjonale laksefjorder og laksevassdrag, objekter, områder og kulturmiljø fredet etter kulturminneloven. Planleggjar si vurdering Reguleringsplanen legg ikkje opp til tiltak som vil koma i konflikt med punkta under 10a) Punkt 10 b truede arter eller naturtyper, verdifulle landskap, verdifulle kulturminner og kulturmiljøer, nasjonalt eller regionalt viktige mineralressurser, områder med stor betydning for samisk utmarksnæring eller reindrift og områder som er særlig viktig for friluftsliv. I 2008 vart det gjort ei kartlegging og verdisetting av naturtypar i Odda kommune, MVA-rapport 7/2009. Det vart ikkje gjort funn innanfor eller i tilknyting til planområdet. I rapporten er det gjort ei vurdering av potensiale for registrering. Av vurderinga går det fram at dei kalkrike områda i fjellet har potensiale og bør kartleggast. Røldal er særskilt trekt fram. I fylgje NGU sine berggrunnskart har deler av grunnen i planområdet høgt kalknivå. Det vil difor vera naudsynt med ei kartlegging av naturtypar i planområdet i samband med planarbeidet. Det er ikkje registrert verdifulle kulturminne og kulturmiljø i området. Omsynet vil verte ivareteke gjennom dei ordinære handsamingsreglane for slike saker i plan og bygningslova og kulturminnelova. Det ligg eit stølsområde innanfor planområdet, som må sjåast til at ikkje kjem i konflikt med vinteraktiviteten i området. Ny plan vil påverke landskapsbilete, men ikkje verke inn på den tradisjonelle stølsdrifta og utnytting av ressursen i området sommarstid. Korleis tiltaka i planen vil påverke landskapet må synleggjerast og vurderast i planarbeidet. Reguleringsplanen kjem innanfor deler av friluftsområdet Dyrskardheii, som er vurdert til å vera eit svært viktig friluftsområde, men neppe så viktig at det fell innanfor det som i forskrifta er omtalt som «særleg viktig for friluftsliv» I sørleg ende av denne sona, streifar den nordlegaste delen av planområdet innanfor denne sona. I framlegg til detaljreguleringsplan vil området her verta regulert til skianlegg og friluftsføremål. Då planframleggets hovudføremål er å fremja friluftsliv med tilrettelegging av skiløyper og skianlegg, vil det bygge opp om intensjonane lagt i friluftsområdet Dyrskardheii. Ein må som regel rekne med at «verdfulle» landskap, kulturmiljø og friluftsliv m.v. vil ha kvalitetar og eigenskapar ut over vanleg norsk natur, kulturlandskap og friluftsområde. Planen skal legge til rette for vidareutvikling av område som friluftsområde. Tiltaket vert lokalisert i landskap og natur med gode kvalitetar, men neppe det som i forskrifta er omtalt som «verdfulle» Punkt 10 c statlige planretningslinjer, statlige planbestemmelser eller regionale planbestemmelser gitt i medhold av plan- og bygningsloven av 27. juni 2008 nr. 71 eller rikspolitiske bestemmelser eller rikspolitiske retningslinjer gitt i medhold av plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77. 2019-01-28 Side 5 av 7
Punkt 10 d større omdisponering av områder avsatt til landbruks-, natur- og friluftsformål, samt reindrift eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksvirksomhet I veileder «når skal tiltak i vedlegg II konsekvensutredes? Vurdering etter 10 i forskrift om konsekvensutredninger» står det at omdisponering av LNF-areal i hovudsak normalt vil utløyse konsekvensutgreiing. Med omdisponering meines at tiltaka beslaglegg areala varig slik at desse ikkje kan takast i bruk til landbruksproduksjon igjen. I alt er det snakk om i underkant av 100 daa som vert regulert frå LNF til skianlegg. Av planlagde byggetiltak i dette området er det snakk om 2 heistrasear på hhv. 700-800m og rundt 600m. Resten av området skal nyttast til nedfarter for skianlegget, og vil ikkje medføre inngrep i terrenget av varig karakter. Området har tidlegare vore nytta til stølsområde, og vert i dag nytta til beite. Sjølv om stølsbygninga i dag er til nedfalls, vil ein ikkje legge opp til at inngrep kjem i konflikt med potensiell stølsdrift. Beiteområda skal i hovudsak vidareførast slik dei ligg i dag. Aktiviteten knytt til området vil i størst mogleg grad skje vinterstid, slik at ein kombinasjon av beiting sommarstid og skiaktivitet vinterstid, skal kunna vera ein god måte å utnytta området. Omdisponeringa fell neppe innanfor det som i forskrifta er omtalt som «større omdisponering», då det er knytt til varig omdisponering. I denne saka vert noverande sommarbruk vidareført med skjøtsel som vil betre området som beite. Punkt 10 e økt belastning i områder der fastsatte miljøkvalitetsstandarder er overskredet Punkt 10 f konsekvenser for befolkningens helse, for eksempel som følge av vann- eller luftforurensning Punkt 10 g vesentlig forurensning eller klimagassutslipp Punkt 10 h risiko for alvorlige ulykker som en følge av naturfarer som ras, skred eller flom. I NVE sine nettløysingar ligg området inne som fareområde for skred. For største delen av området er det utarbeidd ei skredfarekartlegging som klarerer deler av området, og set krav om skredsikring av andre område. Desse krava vert vidareført i planframlegget. 2019-01-28 Side 6 av 7
Punkt 10 h risiko for alvorlige ulykker som en følge av naturfarer som ras, skred eller flom. For området som ikkje er omtala i den skredrapporten, vil det bli utarbeidd ny skredfarevurdering. Funn avdekka i denne vurderinga må hensyntakast i det vidare planarbeidet. Vidare er òg flaumfare eit tema som må kartleggast. Det gjeld for elva Håra og Veslå, med tilhøyrande bekkar, som begge er vist med aktsomheitsområde i NVE sine nettløysingar. Konklusjon Vår samla vurdering vert at problemstillingar knytt til temaene landskap og naturmangfold gjer at dei særskilde utgreiings- og handsamingsreglane for konsekvensutgreiingar gjer seg gjeldande. Det vil difor bli utarbeidd ei planskildring der ei konsekvensutgreiing vert innarbeidd. Temaene naturmangfold og landskap vert utgreidd, og det vert laga eigne notat på kvart av temaene. Som grunnlag for notat for naturmangfold må det det utførast ei kartlegging av naturtypar i området. Det vil gjennom planarbeidet verte teke omsyn til skred- og flaumfare ved planlegging av området. Alle myndigheitskrav og omsynet til risiko og sårbarheit vil verta ivareteke gjennom det vidare plan og prosessarbeidet. I tillegg skal omdisponering av areal drøftast som eige tema i planskildringa. Sidan dette er ein plan som fell inn under 8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, er det ikkje krav om planprogram. 02 2019-01-28 Justert vurdering KU EISAN JOHM EISAN 01 2019-01-04 Vurdering KU EISAN JOHM EISAN Versjon Dato Omtale Utarbeidd Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2019-01-28 Side 7 av 7