«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/364-90 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no 25.05.2018 Melding om vedtak Detaljregulering for Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502) - klagehandsaming av endring av planen Kommunestyret i Bykle fatta følgjande vedtak i møte 26.04.2018, sak 30/18: Vedtak: 1. Med heimel i plan- og bygningslova 1-9 tar kommunestyret delar av klaga frå JOB Arkitektar AS til følgje. 2. Føresegna 4.2.1 for BFB 1, første kulepunkt vert endra frå «Maks utnyttelse BRA=3500 m2» til: «Maks utnyttelse BRA = 3800 m2». Påføring av talet «3800 m2 BRA» på plankartet for området BFB 1 vert retta tilsvarande. Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Evt. klage skal vere underskriven. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Sjå dokument på Bykle kommune si heimeside, «kunngjeringar». side 1 av 6
Med helsing Bykle kommune Ingunn Hellerdal rådgjevar areal og plan Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. WANGENSTEEN & CO ADVOKATER AS Østre Strandgate 5 side 2 av 6
Saksmappe: 2017/364 Sakshandsamar: IHE Dato: 05.04.2018 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 19/18 Planutval 16.04.2018 30/18 Kommunestyre 26.04.2018 Detaljregulering for Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502) - klagehandsaming av endring av planen Saksprotokoll i Kommunestyre - 26.04.2018 Handsaming: Saka vart drøfta Vedtak: 3. Med heimel i plan- og bygningslova 1-9 tar kommunestyret delar av klaga frå JOB Arkitektar AS til følgje. 4. Føresegna 4.2.1 for BFB 1, første kulepunkt vert endra frå «Maks utnyttelse BRA=3500 m2» til: «Maks utnyttelse BRA = 3800 m2». Påføring av talet «3800 m2 BRA» på plankartet for området BFB 1 vert retta tilsvarande. Saksprotokoll i Planutval - 16.04.2018 Saka vart drøfta og samrøystes vedteke. 1. Med heimel i plan- og bygningslova 1-9 tar kommunestyret delar av klaga frå JOB Arkitektar AS til følgje. 2. Føresegna 4.2.1 for BFB 1, første kulepunkt vert endra frå «Maks utnyttelse BRA=3500 m2» til: «Maks utnyttelse BRA = 3800 m2». Påføring av talet «3800 m2 BRA» på plankartet for området BFB 1 vert retta tilsvarande. side 3 av 6
Rådmannen si tilråding: 1. Med heimel i plan- og bygningslova 1-9 tar kommunestyret delar av klaga frå JOB Arkitektar AS til følgje. 2. Føresegna 4.2.1 for BFB 1, første kulepunkt vert endra frå «Maks utnyttelse BRA=3500 m2» til: «Maks utnyttelse BRA = 3800 m2». Påføring av talet «3800 m2 BRA» på plankartet for området BFB 1 vert retta tilsvarande. SAKSUTGREIING Samandrag/ konklusjon Saka gjeld klagehandsaming av endring av detaljregulering for Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen. Rådmannen tilrår at delar av klaga vert teken til følgje. Bakgrunn for saka Kommunestyret har i møte 17.11.2016 vedtatt detaljplan 201502 for utvikling av Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen, og i møte 27.09.2017 vedteke endringar til same plan. Det første vedtaket i nov. 2016 vart sendt til offentlege myndigheiter og dei som hadde hatt merknader i høyringa, med mulegheit til å påklage vedtaket. Det kom inn ein klage, som ikkje vart teken til følgje, og derfor vidaresendt Fylkesmannen til avgjersle. Fylkesmannen vurderte då alle sider ved planen, og fatta vedtak i saka 27.07.2017. (Fylkesmannens avgjersle er referatsak (RS) til kommuneatyret 31.08.17) Det var ein saksbehandlingsfeil at kommunestyrets vedtak av 17.11.16 ikkje vart sendt til alle partane med mulegheit til å påklage vedtaket. Kommunen prøvde å rette på feilen ved å informere alle 245 partane i brev av 06.11.2017, då det vart sendt ut melding om vedtak for endring av den same planen. I brevet var det opplyst at begge vedtaka kunne påklagast. Klagefristen var sett til 01.12.2017. Tiltakshavar v/job Arkitekter AS er i e-post av 15.11.2017 gitt utsett klagefrist til 10.01.2018. Det er komen inn tre klager (vedlagte). Følgjande har påklaga vedtaka: Rich Ivar Håkonsen Veslestøylen Vel v/adv. Wangensteen JOB Arkitekter AS v/tor Tvedten side 4 av 6
I og med kommunestyrets vedtak av 17.11.16 er blitt klagebehandla av Fylkesmannen er vedtaket endelig og kan ikkje påklagast, jf. forvaltningslova 28, tredje ledd. Det er derfor bare kommunestyrets vedtak av 27.09.2017 som kan påklagast/klagehandsamast. Av den grunn må dei klagene som gjelder Fylkesmannens vedtak (som stadfesta kommunestyrets vedtak av 17.11.2016) verte avviste, jf. forvaltningslova 34, jf. 28, tredje ledd. Den delen av dei innkomne klagene som gjeld kommunestyrets vedtak 27.09.2017, vil bli realitetsbehandla i denne saka. Når det gjeld dei klagene som blir avvist, må eventuelt klageinstansen (Fylkesmannen) vurdere om vilkåra for å omgjere vedtaket er oppfylt, jf. fvl. 35. Dette vert handsama som eigen sak til planutvalet og kommunestyret. Det er bare eitt forhold i klagane som gjeld endringa. Endringa gjaldt føresegnene 4.1.4 og 4.2.1, og talet «3500 m2 BRA» innanfor BFB1 på plankartet. Det er 3. siste avsnitt i klagen frå JOB Arkitekter AS, der tiltakshavar/planleggjar syner til deira e-post (udatert) om at endringa skulle vere 3800m2 BRA innanfor område BFB1. Formelt grunnlag Plan- og bygningslova 1-9 (klage), jf. forvaltningslova 28, tredje ledd. Vurderingar og konsekvensar Det har vorte forvirring omkring grad av utnytting for BFB1 (ved Hovden høyfjellshotell). Det var ikkje samsvar i rådmannens opplysningar gitt i saksframlegget til 2. gongs handsaming i planutvalet og vedlegga (sak 90/17). Før kommunestyrets handsaming av endringa av Hovden høyfjellshotell (27.09.2017), sak 104/17, vart manglande samsvar i dokumenta oppdaga, og føresegnene vart derfor retta etter det talet som sto i saksframlegget, nemleg «3500 m2 BRA». Desse føresegnene, datert 25.09.17 vart vedtekne. Ved utsendinga i brev av 06.11.2017 var det synt til plandokumenta som ligg på kommunens heimeside, og dei synte utnyttingsgrad «3500 m2 BRA». Dei plandokumenta som forslagsstillar, JOB Arkitekter AS, sendte inn ved endringa, og som dei seinare påpeika i ein e-post (08.03.2017), inneheld talet «3800 m2 BRA». Det var desse plandokumenta som låg ved i offentleg ettersyn og høyring, og omtalt i rådmannens saksframlegg ved 1. gongs handsaming i planutvalet. I saksframlegget ved 2. gongs handsaming har rådmannen ikkje fokusert på avviket, eller kome med noko grunngjeving. Når talet har blitt endra undervegs, må ein sjå på det som ei feilskriving i saksframlegget. Rådmannen vil tilrå at feilen vert retta i klagehandsaminga. Rett tekst i 4.2.1 (BFB1), første kulepunkt, skal vere: «Maks utnyttelse BRA = 3800 m2». Plankartet for område BFB1 vert retta tilsvarande. Dersom kommunestyret vedtek rådmannens innstilling, må vedtaket sendast alle partar med rett til å kunne påklage endringa på nytt. Konsekvensar for folkehelse Ein kan ikkje sjå at saka har negativ verknad på folkehelsa. side 5 av 6
Bykle, Rådmann Vedlegg: 1 Klage på vedtak reguleringsplan 201502 - Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen 2 klage på vedtak 4 Endring av detaljregulering Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502) - 2. gongs handsaming i planutvalet - slutthandsaming i kommunestyret 5 Regplan 201502-Hovden Høyfjellshotell_plankart 6 Regplan 201502-Hovdestøylen_plankart 7 Reguleringsbestemmelser til detaljplan 201502 for utvikling av Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen_rev.dato 25.09.2017 Melding om vedtak blir sendt til: Alle partar side 6 av 6