SAKSDOKUMENT. Kommuneplanen sin handlingsdel , Årsbudsjett 2019, Økonomiplan

Like dokumenter
Budsjettforslag 2019

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2018/ /2018 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: SAKSDOKUMENT

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 108/2016 Formannskapet PS Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /18 Kommunestyret /18

Saksframlegg Valle kommune

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

Møteprotokoll for Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Administrasjonsutvalet /15 Formannskapet /15 Arbeidsmiljøutvalet

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Saksnr. utval Utval Møtedato 112/18 Formannskapet Kommunestyret. Vedlegg i saka: Prisbok

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Odd Kåre Wiik Arkivsak: 2012/775 Løpenr.: 12829/2016

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Budsjett 2019 og økonomiplan

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

Oversyn over økonomiplanperioden

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksprotokoll. Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT ØKONOMIPLAN

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Handlingsprogram og økonomiplan , budsjett 2017

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/ /2012 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Møteprotokoll for Formannskapet

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr: 16/838 16/ Budsjett 2017 og økonomiplan

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2018/Økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Møteprotokoll. Formannskapsmøte med innstilling i budsjett/økonomiplan og skulestruktursak

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

PS 66/13 - ÅRSBUDSJETT 2014, ØKONOMIPLAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

TEKSTDEL TIL BUDSJETTFORSLAG FRÅ ARBEIDARPARTIET OG HØGRE (Side )

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Formannskapet

Tertialrapport 2 tertial 2015

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: 102.1 Saksmappe: 2018/1457-27828/2018 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: 22.10.2018 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 59/18 Komité for drift og forvaltning 30.10.2018 30/18 Formannskapet 07.11.2018 Arbeidsmiljøutvalet Administrasjonsutvalet Komité for drift og forvaltning Kommunestyret Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, Årsbudsjett 2019, Økonomiplan 2019-2022 Samandrag av saka: Saka gjeld Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, årsbudsjett 2019, økonomiplan 2019-2022. Saka skal til handsaming i komité for drift og forvaltning 30.10.2018. Formannskapet handsamar saka i møte 07.11.2018 og sender dokumenta på offentleg høyring. Komité for drift og forvaltning handsamar budsjettinnspela i møte 04.12.2018 før endeleg handsaming i kommunestyret 13.12.2018. Saka skal og til orientering i Fellesnemnda. Rådmannen sitt framlegg til driftsbudsjettet for 2019 er gjort opp med eit mindreforbruk på 5 mill. Budsjettet er elles i hovudsak basert på ei vidareføring av aktivitetsnivået frå 2018. Sidan 2015 har dei frie inntektene til Fjell kommune vorte betydeleg svekka som følgje av oljeprisfall og endringar i inntektssystemet. Totalt har Fjell kommune mista om lag 87 mill i perioden 2015-2018. Dette saman med strukturelle tilhøve i skule og barnehage, samt låg eigedomsskatt samanlikna med andre kommunar, fører til fleire økonomiske utfordringar for Fjell kommune. Det er budsjettert med 9 årsverk øyremerka til LMS i 2019. I tillegg er det budsjettert med 4,56 årsverk til reinhald og 1 årsverk til vedlikehald. Vidare er det budsjettert med bruk av resterande LMS-avsetjing i balansen på 4 mill. Det er også budsjettert med husleigeinntekter frå dei eksterne leigetakarane. Vedtak om bygging av LMS vart gjort før inntektstapet på 87 mill oppsto. Inntektstapet gjer det særs utfordrande for Fjell kommune å fullbudsjettere LMS i 2019. LMS vert starta opp ved å overføre intermediær avdeling, kortidsavdeling og ØH- senger frå paviljongen. I tillegg vert legevakt og friskliv og meistring senter overført til LMS. Eksterne leigetakarar som legesenter, dialyse og tannlegeklinikk flyttar også inn. Vidare opptrapping og

finansiering av LMS vert å komme attende til. Integreringstilskotet knytt til flyktningar er for budsjettåret 2019 sett til 36,7 mill, noko som er om lag det same som i 2018. Dette talet er basert på at Fjell kommune vil busette 40 nye flyktningar i 2019. Dei frie inntektene (skatt og ramme) er rekna ut etter KS sin prognosemodell, men skatteinntektene er strekt 6 mill over det som modellen viser. Totalt er det ei auke på om lag 66,7 mill frå 2018, inkludert veksttilskot på 5 mill. Det er budsjettert med avkastning på 6 mill frå det langsiktige kapitalfondet. I tillegg er eigedomsskatt lagt inn i budsjettet med 5,4 mill samt inntekt frå havbruksfondet med 2 mill. For å balansere budsjettet er det ikkje budsjettert med opplæringsmidlar i 2019. Netto vikar utgifter er redusert på alle sektorar som har vikar. Det er satt av 7,8 mill til lønsoppgjeret som er eit mellomoppgjer. Dei politiske vedtaka kring skulestruktur slår positivt ut i budsjettet i 2019 og vil gje ytterlegare effektar frå 2020 og utover. Også nedtrapping av EM-tiltaka slår positivt ut i budsjettet for 2019. Rop-hus på Bildøy er fullbudsjettert i 2019 mellom anna med midler frå nedtrapping av EM-tiltak. Investeringsbudsjettet er lagt fram med eit låneopptak i 2019 på 186,3 mill. Byggelån til LMS er auka med 20 mill til ei låneramme på 320 mill for å dekke meirkostnader til tannklinikk. Vidare er det budsjettert med 60 mill til startlån. Budsjettet er stramt og inneheld risiko både på inntektssida og utgiftssida. Innstilling: Saka vert lagt fram utan innstilling. Straume, den 22.10.2018 Steinar Nesse rådmann Svend-Fredrik Untiedt økonomisjef Handsama i Komité for drift og forvaltning - 30.10.2018: Rådmannen sin representant kommunalsjef Lillian Torsvik og økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt var til stades i møtet og svarte på spørsmål frå komiteen. Møtet vart heva for gruppemøte. Dei ulike partia la deretter fram sine endringsframlegg til kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022.

Ingen av framlegga vart stemt over då alle endringsframlegga vil følgje saka vidare til formannskapet og leggjast ut på høyring. ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ HØGRE v/ Henriette Nordtveit (H): Budsjettforslag 2019 Høgre Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Matomsorg institusjonar 250 000 Styrking av tilbod mot unge vaksne på arbeidsmarknaden 500 000 Basecamp Repro 950 000 HomeStart 400 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Fjell festning soppsanering 500 000 Gründerparken 500 000 Brannvern deflator 500 000 Vikarar - prioritering mot omsorg 1 000 000 Sum endringsforslag 6 600 000 Inndekning "Overskot" Rådmannen sitt budsjett 5 000 000 Skatt på inntekt og formue 4 000 000 Utbytte BKK 1 200 000 Mindreforbruk -3 600 000 Sum inndekning 6 600 000 Investering Geobrønner - takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar auke 3 000 000 Netto investering -15 000 000 Verbalforslag: Ekstra vedlikehald Skålevik skule - dekning frå eksisterande vedlikehaldsavsetning. Investeringsbudsjettet: Ny tekst på 30 mill. frå tidlegare avsetning: "Vegutbetring Vestsidevegen". I samband med kulturminneplanen vil ein kome attende til ekstraløyvingar for tiltak i 2019.

ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ ARBEIDARPARTIET v/ Odd Valvatne (AP): Budsjettforslag 2019 Arbeidarpartiet Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Inndekning Auke i driftsramma Budsjettoverskot jf. rådmannen sitt forslag 5 000 000 Auke av forventa utbytte 1 200 000 Øygarden brann og redning - 2,8 % deflator 513 000 Basecamp Repro 500 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Fjell festning soppsanering / kartlegging* 500 000 Gründerparken 500 000 Reduserere bruk av finansavkastning 1 500 000 Vikarbruk 687 000 Sum endringsforslag 6 200 000 6 200 000 *Usikker på om Fjell festning skal vere drift eller investering. Investeringsbudsjettet Sak KDF - Geobrønner takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar aukar med 3 mill. 3 000 000 Endeleg investering / låneopptak -15 000 000 Endring av eksisterande postar i investeringsprogrammet for 2019-2022; Vegutbetring - endrast til "Vegutbetring Vestsidevegen". Post Ombygging / rehab. bygg - Ulveseth og Skålevik skule prioriterast. FELLES ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAM OG POLITISKE PRIORITERINGAR, FRÅ ARBEIDARPARTIET (AP) / HØGRE (H) v/ Odd Valvatne (AP): AP / H Politiske prioriteringar 2019-2022: Punkt som vert fjerna frå prioriteringslista er allereie del av organisasjonen si drift.

1. 2. Sikra gjennomføring av nytt Sotrasamband, og vegsambanda Sotra nord og Sotra sør. (Nytt:) Vegsambandet Sotra nord og Sotra sør må ha høg prioritet. Leggja til rette for utvikling av kommunal infrastruktur, for ein stor del i samarbeid med fylkeskommunen, vegvesenet og FjellVAR og med bruk av eigedomsskatt som del av finansieringa. 3. Styringa av kommunen skal baserast på ein balansert og veldriven økonomi. 4. Vidareutvikla samarbeidet med næringsaktørar, skapa tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nye etableringar. Arbeide for at det skapast fleire lærlingplassar i kommunen og næringslivet. Ved nye offentlege kontraktar skal bedrifter som har lærlingar føretrekkjast. 5. 6. 7. 8. 9. Vidareutvikla gode løysingar for busetting, integrering og sysselsetting av flyktningar i fjellsamfunnet. Sikra trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, der kunnskap, kultur og utvikling står sentralt. Vidare mobilisera befolkninga til å engasjere seg i frivillig arbeid, og Vidareutvikla samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar (Nytt:) og legge til rette for at fleire engasjerer seg i frivillig arbeid. I vår kommune blir det fleire eldre og pleietrengjande i åra som kjem. Vi satsar sterkt på bygging og drift av lokalmedisinsk senter som del av den framtidsretta helse- og omsorgssektoren. Det er grunnleggande viktig at Fjell kommune har dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre denne viktige jobben. (Nytt:) Vi skal ha dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre dei viktige jobbane innan helse- og omsorgssektoren. Kommunen skal ha stort fokus på å redusere sjukefråvær, sikra god rekruttering og god kompetanse, i første gong innanfor omsorgssektoren. Sikra at elevar oppnår forventa kompetanse i dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og rekning. Samfunnet blir meir og meir komplekst, noko som set nye krav til dei tenestene Fjell kommune skal yte innbuarane. Fjell er langt framme i arbeidet med samordning og ser at vi er på rett veg med eit slikt fokus. Første halvår 2018 skal "Handlingsplan for betre samordning mellom tenestene i høve til å avdekkje og hjelpe barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar" i samarbeid mellom Sosial-, Helse- og Oppvekstsjefen ferdigstillast. (Nytt:) Vi skal vere pådrivar for at vår nye kommune utviklar tenester som har høg standard innan alle tenesteområdar. AP / H Handlingsprogrammet 2019-2022: Handlingsplanen: AP og H ynskjer å synleggjere nokon prioriteringar for 2019 som skal vidareførast inn i Nye Øygarden kommune og har merka disse med (NØK). Punkt som vert fjerna frå handlingsprogrammet er allereie del av organisasjonen si drift.

Samfunnsutvikling 1. Følgje opp mål og tiltak i sykkelbyavtalen for regionsenteret Straume. 2. Styrka og vidareutvikla den heilskaplege satsinga for å nedkjempa barnefattigdom i kommunen. Det skal utarbeidast tiltak for å utjamna sosiale forskjellar blant barn og unge, og for å redusera dei negative konsekvensane ved å veksa opp i familiar med vedvarande låginntekt. Administrasjons- og organisasjonsutvikling 3. Førebu og følgja opp kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer, samt avvikla organisasjonen Fjell kommune. (NØK) Samferdsle 4. Fjell kommune skal Bidra aktivt i reguleringsplanarbeidet for vegsystema Sotra nord/sør (NØK). 5. Starte arbeidet med Miljøgata på Straume. (NØK) 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) herunder punktutbedring på Vestsidevegen/Møvik. (NØK) Eigedomsforvaltning 7. Planlegging og gradvis gjennomføring av standardheving for dei eldre kommunale barnehagane Ulveset, Bildøy, Tussatjødna og Straume. Eiga årleg fordelingssak. (Nytt:) Arbeide vidare med mulegheitstudiane som er utarbeidd for ny skule på Skålevik. (NØK) 8. Oppgradera og rehabilitere bygg og uteområde på kommunale skular og barnehagar. Dette inneber også fjerning av asbest og tilrettelegging for universell utforming. Foldnes skule skal prioriterast. 9. Ferdigstille og ombygge Ågotnes helsehus til Frivillighus, inkludert ungdomsklubb. 10. Etablere seks bustader i heildøgnsbemanna bufelleskap, Lyngheia, for unge med fysisk/psykisk funksjonshemming. 11. Etablera fleire omsorgsplassar med heildøgnsbemanning ved Kvednatunet. (NØK) 12. Etablera akuttplassar for ungdom som ikkje kan bu heime. Laga eit ikkje-statleg forsøksprosjekt for ungdomsheim i Fjell kommune. (NØK) Helse, sosial og omsorg 13. Sikra optimal drift i lokalmedisinsk senter 14. Utvikling av eit kompetansesenter for menneske med demenssjukdom ved Kvednatunet. Fysiske og teknologiske endringar i bygg skal, saman med tilpassa kvardagsaktivitetar og til dels nye haldningar, skapa opne og trygge miljø som kan

gje glede og trivsel i kvardagen. 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter. Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. Miljø, klima og beredskap 16. Utarbeida felles beredskapsplan for å handtera livstruande valdsepisodar i barnehagar og skular. Inngår som delprosjekt i interkommunalt samarbeid for overordna beredskapsplan. Digitalisering 17. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval). (NØK) 18. Vidareføre satsing på heilelektronisk arkiv i samarbeid med dei to andre kommunane. 19. Utvikla bruken av velferdsteknologi som verkty for å auka meistring og eigenomsorg. (NØK) ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAMMET FRÅ KRISTELEG FOLKEPARTI (KRF) v/ Kristin Brennhaug: KrF Handlingsprogrammet 2019-2022: Samfunnsutvikling Nytt punkt Nytt punkt Fortsette det gode arbeidet med Trygg i Fjell og arbeidet for godt miljø i barnehagar og skular. Frivilligheit: Hjelpe frivillige organisasjonar å søke på støtteordningar til kompetanseheving for å oppretthalde eit godt sosialt miljø. Lettare å rekruttere unge og uerfarne leiarar, om ein kan styrke kompetansen for leiarar/trenarar. Samferdsle 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) med særleg vekt på Vestsidevegen. Det utarbeides en oversikt og en prioritering for utbetring av kommunale vegar Helse, sosial og omsorg 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter.

Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. (Nytt:) Ta opp att arbeidet med å etablere Høyresentral i kommunen. Etter at endringsframlegga var lagt fram bad komitéleiar Ernst M. Einarsen om følgjande tilleggsopplysningar som bør leggjast ved budsjettsaka vidare: Notat med realistisk oversikt over lokalmedisinsk senter si drift, inkludert innfasingar som vil skje naturleg, tenester som skal inn i bygget og kva tenester som skal utsetjast. Det bør også avklarast med andre kommunar om dei gjer tilsvarande avsetjingar i sine budsjett. Komiteen drøfta også eit forslag frå Arbeidarpartiet om å ta med ei presisering i handlingsdelen punkt 8 om vedlikehald på skulane, «herunder oppgradere fotballbingen, flomlys og utbetring av fotballbana på Ulveset skule, og utvendig vedlikehald på skulen (maling).» Etter drøftinga kom ein fram til at kostnaden med eit slikt prosjekt var så uklart, og kunne bli så stor, at det ville vere naturleg at det blei laga eiga sak på dette. Komiteen slutta seg deretter til at ein ber administrasjonen om å lage ei eiga sak om Ulveset skule. Rådmannen sin representant kommunalsjef Lillian Torsvik støtta forslaget. Det vart elles semje om følgjande tilråding frå komité for drift og forvaltning (KDF) til formannskapet: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring, saman med partia sine endringsframlegg som vart lagt fram i møtet for komité for drift og forvaltning (KDF) 30.10.18. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018. Tilråding i Komité for drift og forvaltning - 30.10.2018: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring, saman med partia sine endringsframlegg som vart lagt fram i møtet for komité for drift og forvaltning (KDF) 30.10.18. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018. Handsama i Formannskapet - 07.11.2018: Økonomisjefen svara på spørsmål frå formannskapet.

Dei ulike partia la fram sine endringsframlegg til kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022. Ingen av framlegga vart stemt over då alle framlegga vil følgje saka vidare ut på høyring. ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ HØGRE v/ Henriette Nordtveit (H): Budsjettforslag 2019 Høgre Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Matomsorg institusjonar 250 000 Styrking av tilbod mot unge vaksne på arbeidsmarknaden 500 000 Basecamp Repro 950 000 HomeStart 400 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Vikarar - prioritering mot omsorg 1 100 000 Brannvern deflator 500 000 Fjell festning soppsanering 500 000 Sum endringsforslag 6 200 000 Inndekning "Overskot" Rådmannen sitt budsjett 5 000 000 Skatt på inntekt og formue 4 000 000 Utbytte BKK 1 200 000 Sum inndekning 10 200 000 Mindreforbruk/overskot 4 000 000 Investering Geobrønner - takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar auke 3 000 000 Netto investering -15 000 000 Verbalforslag: Ekstra vedlikehald Skålevik skule - dekning frå eksisterande vedlikehaldsavsetning. Investeringsbudsjettet: Ny tekst på 30 mill. frå tidlegare avsetning: "Vegutbetring Vestsidevegen". I samband med kulturminneplanen vil ein kome attende til ekstraløyvingar for tiltak i 2019.

ENDRINGSFRAMLEGG BUDSJETTFORSLAG 2019, FRÅ ARBEIDARPARTIET v/ Odd Valvatne (AP): Budsjettforslag 2019 Arbeidarpartiet Endringar i høve til rådmannen sitt budsjett Inndekning Auke i driftsramma Budsjettoverskot jf. rådmannen sitt forslag 5 000 000 Auke av forventa utbytte 1 200 000 Øygarden brann og redning - 2,8 % deflator 513 000 Basecamp Repro 500 000 Lokalmedisinsk senter 2 000 000 Fjell festning soppsanering / kartlegging 500 000 Reduserere bruk av finansavkastning 1 500 000 Vikarbruk/opplæring 1,187 000 Sum endringsforslag 6 200 000 6 200 000 Investeringsbudsjettet Sak KDF - Geobrønner takast ut av budsjettet -18 000 000 Trafikksikringsmidlar aukar med 3 mill. 3 000 000 Bygdebok siste band 600 000 Endeleg investering / låneopptak -14 400 000 Endring av eksisterande postar i investeringsprogrammet for 2019-2022; Vegutbetring - endrast til "Vegutbetring Vestsidevegen". Post Ombygging / rehab. bygg - Ulveseth og Skålevik skule prioriterast. FELLES ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAM OG POLITISKE PRIORITERINGAR, FRÅ ARBEIDARPARTIET (AP) / HØGRE (H) v/ Odd Valvatne (AP): AP / H Politiske prioriteringar 2019-2022: Punkt som vert fjerna frå prioriteringslista er allereie del av organisasjonen si drift. 1. Sikra gjennomføring av nytt Sotrasamband, og vegsambanda Sotra nord og Sotra sør. (Nytt:) Vegsambandet Sotra nord og Sotra sør må ha høg prioritet.

2. Leggja til rette for utvikling av kommunal infrastruktur, for ein stor del i samarbeid med fylkeskommunen, vegvesenet og FjellVAR og med bruk av eigedomsskatt som del av finansieringa. 3. Styringa av kommunen skal baserast på ein balansert og veldriven økonomi. 4. Vidareutvikla samarbeidet med næringsaktørar, skapa tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nye etableringar. Arbeide for at det skapast fleire lærlingplassar i kommunen og næringslivet. Ved nye offentlege kontraktar skal bedrifter som har lærlingar føretrekkjast. 5. 6. 7. 8. 9. Vidareutvikla gode løysingar for busetting, integrering og sysselsetting av flyktningar i fjellsamfunnet. Sikra trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, der kunnskap, kultur og utvikling står sentralt. Vidare mobilisera befolkninga til å engasjere seg i frivillig arbeid, og Vidareutvikla samarbeidet med frivillige lag og organisasjonar (Nytt:) og legge til rette for at fleire engasjerer seg i frivillig arbeid. I vår kommune blir det fleire eldre og pleietrengjande i åra som kjem. Vi satsar sterkt på bygging og drift av lokalmedisinsk senter som del av den framtidsretta helse- og omsorgssektoren. Det er grunnleggande viktig at Fjell kommune har dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre denne viktige jobben. (Nytt:) Vi skal ha dei best kvalifiserte arbeidstakarane til å utføre dei viktige jobbane innan helse- og omsorgssektoren. Kommunen skal ha stort fokus på å redusere sjukefråvær, sikra god rekruttering og god kompetanse, i første gong innanfor omsorgssektoren. Sikra at elevar oppnår forventa kompetanse i dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og rekning. Samfunnet blir meir og meir komplekst, noko som set nye krav til dei tenestene Fjell kommune skal yte innbuarane. Fjell er langt framme i arbeidet med samordning og ser at vi er på rett veg med eit slikt fokus. Første halvår 2018 skal "Handlingsplan for betre samordning mellom tenestene i høve til å avdekkje og hjelpe barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar" i samarbeid mellom Sosial-, Helse- og Oppvekstsjefen ferdigstillast. (Nytt:) Vi skal vere pådrivar for at vår nye kommune utviklar tenester som har høg standard innan alle tenesteområdar. AP / H Handlingsprogrammet 2019-2022: Handlingsplanen: AP og H ynskjer å synleggjere nokon prioriteringar for 2019 som skal vidareførast inn i Nye Øygarden kommune og har merka disse med (NØK). Punkt som vert fjerna frå handlingsprogrammet er allereie del av organisasjonen si drift. Samfunnsutvikling

1. Følgje opp mål og tiltak i sykkelbyavtalen for regionsenteret Straume. 2. Styrka og vidareutvikla den heilskaplege satsinga for å nedkjempa barnefattigdom i kommunen. Det skal utarbeidast tiltak for å utjamna sosiale forskjellar blant barn og unge, og for å redusera dei negative konsekvensane ved å veksa opp i familiar med vedvarande låginntekt. Administrasjons- og organisasjonsutvikling 3. Førebu og følgja opp kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer, samt avvikla organisasjonen Fjell kommune. (NØK) Samferdsle 4. Fjell kommune skal Bidra aktivt i reguleringsplanarbeidet for vegsystema Sotra nord/sør (NØK). 5. Starte arbeidet med Miljøgata på Straume. (NØK) 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) herunder punktutbedring på Vestsidevegen/Møvik. (NØK) Eigedomsforvaltning 7. Planlegging og gradvis gjennomføring av standardheving for dei eldre kommunale barnehagane Ulveset, Bildøy, Tussatjødna og Straume. Eiga årleg fordelingssak. (Nytt:) Arbeide vidare med mulegheitstudiane som er utarbeidd for ny skule på Skålevik. (NØK) 8. Oppgradera og rehabilitere bygg og uteområde på kommunale skular og barnehagar. Dette inneber også fjerning av asbest og tilrettelegging for universell utforming. Foldnes skule skal prioriterast. 9. Ferdigstille og ombygge Ågotnes helsehus til Frivillighus, inkludert ungdomsklubb. 10. Etablere seks bustader i heildøgnsbemanna bufelleskap, Lyngheia, for unge med fysisk/psykisk funksjonshemming. 11. Etablera fleire omsorgsplassar med heildøgnsbemanning ved Kvednatunet. (NØK) 12. Etablera akuttplassar for ungdom som ikkje kan bu heime. Laga eit ikkje-statleg forsøksprosjekt for ungdomsheim i Fjell kommune. (NØK) Helse, sosial og omsorg 13. Sikra optimal drift i lokalmedisinsk senter 14. Utvikling av eit kompetansesenter for menneske med demenssjukdom ved Kvednatunet. Fysiske og teknologiske endringar i bygg skal, saman med tilpassa kvardagsaktivitetar og til dels nye haldningar, skapa opne og trygge miljø som kan gje glede og trivsel i kvardagen. 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter.

Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. Miljø, klima og beredskap 16. Utarbeida felles beredskapsplan for å handtera livstruande valdsepisodar i barnehagar og skular. Inngår som delprosjekt i interkommunalt samarbeid for overordna beredskapsplan. Digitalisering 17. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval). (NØK) 18. Vidareføre satsing på heilelektronisk arkiv i samarbeid med dei to andre kommunane. 19. Utvikla bruken av velferdsteknologi som verkty for å auka meistring og eigenomsorg. (NØK) ENDRINGSFRAMLEGG HANDLINGSPROGRAMMET FRÅ KRISTELEG FOLKEPARTI (KRF) v/ Kristin Brennhaug: KrF Handlingsprogrammet 2019-2022: Samfunnsutvikling Nytt punkt Nytt punkt Fortsette det gode arbeidet med Trygg i Fjell og arbeidet for godt miljø i barnehagar og skular. Frivilligheit: Hjelpe frivillige organisasjonar å søke på støtteordningar til kompetanseheving for å oppretthalde eit godt sosialt miljø. Lettare å rekruttere unge og uerfarne leiarar, om ein kan styrke kompetansen for leiarar/trenarar. Samferdsle 6. Utbetre Fylkesvegane i kommunen i samarbeid med Statens Vegvesen, (Nytt:) med særleg vekt på Vestsidevegen. Det utarbeides en oversikt og en prioritering for utbetring av kommunale vegar Helse, sosial og omsorg 15. Etablera eit døgnope aksjonssenter lokalisert i Lokalmedisinsk senter. Aksjonssenteret skal vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, og svara og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen. Aksjonssenteret skal aktivisera eit breitt nettverk av aktørar, både offentlege, private, pårørande, vener og frivillige, som kan aksjonera for å møta både akutte og langsiktige behov. (Nytt:) Ta opp att arbeidet med å etablere Høyresentral i kommunen.

Etter at endringsframlegga var lagt fram bad komitéleiar Ernst M. Einarsen om følgjande tilleggsopplysningar som bør leggjast ved budsjettsaka vidare: Notat med realistisk oversikt over lokalmedisinsk senter si drift, inkludert innfasingar som vil skje naturleg, tenester som skal inn i bygget og kva tenester som skal utsetjast. Det bør også avklarast med andre kommunar om dei gjer tilsvarande avsetjingar i sine budsjett. Formannskapet stemte ikkje over framlegga. Desse føl saka vidare ut på høyring. Formannskapet vedtok samrøystes tilrådinga til komite for drift og forvaltning og sender saka ut på høyring med dei endringsframlegga som vart lagt fram i formannskapet, og med dei høyringsfristar som kjem fram i saksopplysningane. Vedtak i Formannskapet - 07.11.2018: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring, saman med partia sine endringsframlegg som vart lagt fram i møtet for komité for drift og forvaltning (KDF) 30.10.18. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018. Dokument vedlagt saka: Handlingsprogram, årsbudsjett og økonomiplan 2019-2022 Fjell kyrkjelege fellesråd budsjettsøknad 2019 2 vedlegg Øygarden brann og redning budsjettsøknad 2019 FjellVAR AS om gebyr 2019 Gebyrreglement 2019, rådmannen sitt framlegg Referat frå møte gebyrutvalet 18.10.2018 Fylkesmannen sitt skriv Statsbudsjettet 2019 Samleliste fritak eigedomsskatt 2019 Telemarksforskning: Demografikostnadsberegning 2018-2022 Telemarksforskning: Effektberekning av oljekrise og nytt inntektssystem Telemarksforskning: Kostra og effektivitetsanalyse Basecamp repro budsjettsøknad Fjell festning budsjettsøknad Saksopplysningar: Handlingsprogram: Kommuneplanen skal i følgje plan- og bygningslova ( 11-1 og 11-4) ha ein handlingsdel som viser korleis vedtekne planar skal følgjast opp med tiltak dei neste fire åra eller meir. Det er eit krav at handlingsdelen skal rullerast årleg. Det er vanleg å slå saman rulleringa av handlingsdelen med økonomiplanen, slik det vert gjort i Fjell kommune.

Kommunesamanslåing gjeldande frå 1.1.2020 gjer at framlegg til handlingsprogram 2019-2022 har fokus på tiltak kommunen skal arbeida med i løpet 2019, fram mot kommunesamanslåing. Det er til saman 19 tiltak i programmet. Planstrategi: Kommunal planstrategi er eit verkty for det nye kommunestyret til å avklara kva planoppgåver som skal prioriterast dei neste fire åra for å møta kommunen sitt behov. Planstrategien er heimla i plan- og bygningslova ( 10-1), og skal utarbeidast og vedtakast minst éin gong kvar valperiode, seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre. Utviklinga av strategien skal gi ein arena for å drøfta utviklingstrekk i kommunen både som samfunn og organisasjon, og som grunnlag for å vurdera planbehovet i kommunestyreperioden. Planstrategien for Fjell kommune skal ikkje rullerast i 2019. Årsbudsjett og økonomiplan Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2019 er basert på ei vidareføring av 2018- budsjettet og framlegg til statsbudsjett pr. 08.10.2018. Det kan verte endringar i dei sentrale føringane når endeleg statsbudsjett vert vedteke av stortinget i desember 2018. Årsbudsjettet for 2019 er gjort opp med eit mindreforbruk på 5 mill. Veksten i dei frie inntektene for 2019 er basert på anslaga i KS sin prognose-modell for budsjettering av skatt- og rammeoverføring. Skatteanslaget er strekt noko utover det som modellen syner. Dei frie inntektene er auka med 66,7 mill i høve 2018 budsjett og veksten er først no på same nominelle nivå som i 2016. Fjell kommune vert kompensert for folkevekst med eit veksttilskot på 5 mill. For Fjell kommune er rammetilskotet korrigert for trekk i utgiftsutjamninga med totalt 65,2 mill. I dette talet er inkludert trekk for elevar i statlege og private skular med totalt 22,6 mill netto. Det er budsjettert med ei avkastning frå det langsiktige kapitalfondet på 6 mill samt ei vidareføring av eigedomsskatt med 5,4 mill (sats på 2 promille). Det er vedteke endringar i eigedomskattelova 3d. Dette medfører att kategori «verk og bruk» går ut og vert erstatta med næringseigedom. I praksis betyr dette at produksjonsutstyr ikkje lengre inngår i skattegrunnlaget. For Fjell kommune vil dei økonomiske konsekvensane av endringa vere heilt marginale. Det er ikkje budsjettert med opplæringsmidlar i 2019 og utgifter til netto vikar er redusert. Inntekter frå havbruksfondet er budsjettert 2 mill i 2019. I saka er det framlegg om 2,8% auke i alle gebyr og betalingsatsar. Gebyrutvalet sitt referat frå møte 18.10.2018 føl saka. Utrekning av tilskotssatsar for private barnehagar skal for 2019 vere basert på rekneskap 2017 oppjustert med deflator (løns- og prisvekst) for 2017 og 2018. Kommunen sine pensjonsutgifter skal ikkje vere med i utrekninga men reknast til 13% av brutto lønsutgifter. Kommunen skal fatte vedtak om satsar til barnehagane innan 31. oktober før tilskotsåret. I 2019 er det lagt opp til ei brutto investeringsramme på 238,3 mill og eit låneopptak på 186,3 mill eks. startlån. I tillegg kjem byggjelån til LMS med ei ramme på opptil 320 mill, der 20 mill gjeld tannklinikk. Startlån er på 60 mill. I heile økonomiplanperioden, 2019-2022, er det lagt opp til ei brutto investeringsramme på 398,1 mill. I tillegg kjem opptak av startlån i økonomiplanperioden. Rådmannen har utarbeidd grunnlagsmateriell for kommuneplanen sin handlingsdel 2019, årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 til behandling i komiteen, formannskapet og

kommunestyret. Dokumentet føl saka som vedlegg. Etter at kommunestyret har gjort vedtak i saka, vert dokumentet omarbeidd i tråd med endeleg vedtak. Det same vil gjelda for innspel til investeringar. Fjell kommune har forfall på eit obligasjonslån stort kr 130 mill med forfall 08.04.2019. Lånet har forfall før 1. tertialrapport 2019 og vedtak om rullering/refinansiering vert difor gjort i denne saka. Vurdering: Rådmannen legg fram forslag til budsjett som er gjort opp med eit mindreforbruk på 5 mill. Budsjettet for 2019 er stramt og det har vore naudsynt å budsjettere med avkastning frå det langsiktige kapitalfondet samt eigedomsskatt med høvesvis 6 mill og 5,4 mill. I tillegg er det ikkje budsjettert med midlar til opplæring i 2019 og netto vikarutgifter redusert på alle sektorar med vikar. Sidan 2015 har dei frie inntektene til Fjell kommune vorte betydeleg svekka som følgje av oljeprisfall og endringar i inntektssystemet. Totalt har Fjell kommune mista om lag 87 mill i perioden 2015-2018. Dette saman med strukturelle tilhøve i skule og barnehage, samt låg eigedomsskatt samanlikna med andre kommunar, fører til økonomiske utfordringar for Fjell kommune. Det er budsjettert med 9 årsverk øyremerka til LMS i 2019. I tillegg er det budsjettert med 4,56 årsverk til reinhald og 1 årsverk til vedlikehald. Vidare er det budsjettert med bruk av resterande LMS-avsetjing i balansen på 4 mill. Det er også budsjettert med husleigeinntekter frå dei eksterne leigetakarane. Vedtak om bygging av LMS vart gjort før inntektstapet oppsto, og gjer det særs utfordrande for Fjell kommune å fullbudsjettere LMS i 2019. LMS vert starta opp ved å overføre intermediær avdeling, kortidsavdeling og ØH- senger frå paviljongen. I tillegg vert legevakt og friskliv og meistring senter overført til LMS bygg. Eksterne leigetakarar som legesenter, dialyse og tannlegeklinikk flyttar også inn. Vidare opptrapping og finansiering av LMS vert å komme attende til. Dei politiske vedtaka kring skulestruktur slår positivt ut i budsjettet i 2019 og vil gje ytterlegare positive effektar frå 2020 og utover. Også nedtrapping av EM-tiltak slår positivt ut i budsjettet for 2019. Rop-hus på Bildøy er fullbudsjettert i 2019 med 6,7 mill, mellom anna finansiert med nedtrapping av EM-tiltak. Det er sett av om lag 7,8 mill til lønsoppgjer i 2019 noko som er om lag halvparten av venta lønsvekst i 2018. Integreringstilskotet knytt til flyktningar er i 2019 vidareført på om lag same nivå som i 2018 med 36,7 mill. Det er venta at Fjell kommune vil busetje om lag 40 nye flyktningar i 2019. Inntektsanslaga for dei frie inntektene er strekt 6 mill utover det som KS sin prognose-modell for budsjettering av skatt- og rammeoverføring viser. Investeringsrekneskapen er lagt fram med ei brutto investeringsramme på 238,3 mill og eit låneopptak på 186,3 mill eks. startlån, som utgjer 60 mill. I tillegg kjem byggjelån til LMS med ei låneramme på opptil 320 mill. Låneramma til LMS er auka med 20 mill til tanklinikk.

Rådmannen sitt budsjettframlegg er stramt og inneheld risiko både på utgiftssida og inntektssida. Fjell kommune har forfall på eit obligasjonslån stort kr 130 mill med forfall 08.04.2019. Lånet har forfall før 1. tertialrapport 2019 og vedtak om rullering/refinansiering vert difor gjort i denne saka. Saka vert lagt fram utan innstilling, men rådmannen har nedanfor skissert forslag til innstilling: Komité for drift og forvaltning skal handsama kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022, årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022. Komité for drift og forvaltning gjer følgjande innstilling til formannskapet: 1. Årsbudsjett for drift og investering 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 30.11.2018. 2. Kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022 vert lagt ut til offentleg høyring. Frist for tilbakemelding vert 07.12.2018. Formannskapet legg dokumenta formelt ut på høyring 07.11.2018. Komité for drift og forvaltning handsamar høyringsinnspela i møte 04.12.2018 og gjer deretter innstilling til kommunestyret 13.12.2018. Det er krav om 14 dagars høyring og offentleg ettersyn for årsbudsjett og økonomiplan. For handlingsprogrammet er høyringsfristen 30 dagar. Endeleg budsjettvedtak vil i praksis ha ei slik form: Fjell kommunestyre vedtek: 1. Ved utskriving av kommuneskatt for inntektsåret 2019 vert det nytta høgaste skattøyre. Det er framlegg om 11,55% for 2019. 2. Det vert skive ut eigedomsskatt på verk og bruk og annan næringseigedom i 2019 med ein sats på 2 promille av skattetakst vedteke i eigedomsskattetaksnemnda, jfr. 3d og 11 i eigedomsskattelova. Eigedomar i høve vedlagte liste vert friteke for eigedomsskatt, jfr. 7a i eigedomskattelova. 3. Driftsutgiftene er på kr 1.871.546.000 og driftsinntektene er på kr 1.876.546.000 4. Auke i gebyr og betalingssatsar vert vedteke slik dei ligg føre:

Auke %-vis Eigenbetaling 2018 2019 i kr auke Barnehagar * (satsar pr. månad) 41 timar og meir 2 910 2 960 50 1,83 % Maks 33 timar 2 623 2 663 40 1,64 % Maks 25 timar 2 254 2 285 30 1,44 % Maks 17 timar 1 873 1 894 21 1,18 % Skulefritidsordninga (satsar pr. månad) Heil plass, frå og med 11 timar pr veke 2 580 2 650 70 2,80 % Ettermiddagsplass frå skuleslutt til kl. 15.30 1 940 1 990 50 2,80 % Morgonplass 960 990 30 2,80 % Ferie SFO (pr veke) 875 895 20 2,80 % Fjell kulturskule (satsar pr. år) Pris pr. elev 3 200 3 290 90 2,80 % Søsken 2 590 2 660 70 2,80 % Instrumentleige pr år 990 1 020 30 2,80 % Praktisk bistand (satsar pr. månad) 2 til 3 G 760 780 20 2,80 % 3 til 4 G 1 550 1 590 40 2,80 % 4 til 5 G 2 300 2 360 60 2,80 % Over 5 G 3 060 3 150 90 2,80 % Max timesats 280 290 10 2,80 % Betaling for ferdigmat (satsar pr. eining) Suppe/dessert 24 25 1 2,80 % Frossen middag pr. porsjon 81 83 2 2,80 % Varm middag pr. porsjon 92 94 3 2,80 % Institusjonsopphald (satsar pr. dag, jfr statens satsar) Korttidsopphald ** 160 0,00 % Dagsopphald ** 80 0,00 % Frokost 31 32 1 2,80 % Tryggleiksalarm (satsar pr. månad) Trygleiksalarm 350 360 10 2,80 % Trygleiksalarm nr. 2 i husstanden 165 170 5 2,80 % Husleige Bu & Servicesenter 40 m2 - pr.mnd 7 360 7 570 210 2,80 % 45 m2 - pr mnd 8 420 8 660 240 2,80 % 55 m2 - pr mnd 9 460 9 720 260 2,80 % Mat Bu & Servicesenter Full pakke 4 270 4 390 120 2,80 % Feiing og tilsyn Vanleg hus 620 640 20 2,80 % Industripipe 900 930 30 2,80 % Feiing etter oppdrag 1 220 1 250 30 2,80 % Andre gebyr og betalingssatsar Plansakbehandling +2,8% Byggesaksgebyr +2,8% Oppmålingsgebyr +2,8% Alle andre gebyr og betalingssatsar +2,8% *) Nye satser vert fastsett sentralt, gjeld frå 1. august 2019 **) Nye satsar vert fastsett av Helse dep. med heimel i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester Plan og eigedomssjefen har gjort framlegg om endringar i gebyr på søknader om frådeling. Gebyrutvalet sitt referat føl saka. Revider gebyrreglement ligg som vedlegg til saka. 5. Kommunestyret godkjenner nytt Gebyrreglement for 2019 med dei endringar som ligg føre.

6. VAR gebyra vert fastsett som følgjer: Vassavgift (årsavgift) reduksjon med 5% Avlaupsavgift (årsavgift) ingen endring Renovasjonsavgifter auke med 4% Tømming av private tankar/slamavskiljarar auke med 20% Grunnlaget for fastsetjing av tilknytingsgebyra for vatn og avløp skal ikkje aukast for 2019. Gebyr gjenbruksstasjon vert ikkje endra for 2019. Gebyra er som følgjer: Levering av avfall til gjenvinningsstasjon Pris pr. lass inkl. mva. mindre enn 1 m 3 50,- 1 m 3-2 m 3 100,- 2 m 3-3 m 3 150,- 3 m 3-4 m 3 200,- 4 m 3-6 m 3 300,- 6 m 3-8 m 3 400,- 8 m³ - 10 m³ 500,- Kvar m 3 over 10 m 3 100,- For ytterlegare detaljer vert det vist til FjellVar sitt notat om fastsetjing av VAR-gebyr for 2019 med vedlegg. Satsane ovanfor er i tråd med gjeldande forskrift og gebyrreglement i Fjell kommune. FjellVar har mynde til å vedta betalingssatsar for bedriftskundar innanfor renovasjon. Innkrevjing av gebyr skjer 4 gonger pr. år. 7. Tilskotssatsar til ordinære private barnehagar: Driftstilskot små born: Vert rekna ut etter forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar gjeldande frå 01.01.2016. Driftstilskot store born: Vert rekna ut etter forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar gjeldande frå 01.01.2016. Kapitaltilskot: Etter nasjonal sats. Familiebarnehagar får tilskot etter nasjonale satsar. Opne barnehagar får tilskot etter nasjonale satsar. 8. Tilskot til Øygarden brann og redning er på kr 18.308.000 for 2019. Tilskotet inkluderer betaling for nødnett (110-samarbeidet). 9. Tilskot til Fjell kyrkjelege fellesråd er på kr 15.525.000 for 2019. 10. Kommunestyret sluttar seg til kommuneplanen sin handlingsdel 2019-2022. 11. Kommunestyret sluttar seg til Årsbudsjettet for 2019. 12. Kommunestyret sluttar seg til Økonomiplan 2019-2022. 13. Kommunestyret gjer vedtak om eit låneopptak for 2019 på kr 186.265.000 til ordinære investeringar, byggjelån LMS med ei låneramme opptil kr 320.000.000 og kr 60.000.000 til vidare utlån (Startlån). 14. Kommunestyret godkjenner rullering/ refinansiering av Obligasjonslån stort kr 130.000.000 med forfall 08.04.2019.