FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 21.05.2013 030/13 Bystyret 04.06.2013 045/13 Sakshandsamar: Steinar Furnes Arkiv: ARP-20110104, K2-L12 Objekt: Arkivsaknr 11/222 PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FOR NAUSTFJÆRA I STAVANG, GBNR 98/2. PLANID 20110104. GODKJENNING. Kva saka gjeld: Siv.ark. Kjell Hareide har på vegne av grunneigar utarbeidd framlegg til privat reguleringsplan for naustfjæra i Stavang. Strandlina i naustfjæra er ein del av den avsluttande grøntstrukturen mot sjøen og sentrum i Stavang i gjeldande kommunedelplan. I denne grøntstrukturen er det etablert nokre sjøhus, også i austre del av naustfjæra. Intensjonen med planarbeidet er å legge til rette for fritidsaktivitet og rekreasjon. Det er i dag mangel på bryggeplass, sjøboder og naust i bygda. Konkret ønskjer tiltakshavar å tilrettelegge med eit naust mot aust ved sida av eksisterande naust, flytebrygge med sjøboder i fjæra mot nord, og ein ordna biloppstillingsplass for funksjonane i området. Plan- og miljøutvalet godkjende at planframlegget vart utlagt til offentleg ettersyn i sak 017/13. Planframlegget er sist datert 08.03.13, og har vore utlagt til offentleg ettersyn etter reglane i Planog bygningslova. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Med heimel i Plan- og bygningslova 12-12 godkjenner Flora bystyre privat detaljreguleringsplan for Naustfjæra i Stavang, del av gbnr. 98/2, Planid 20110104, med plankart og føresegner sist datert 08.03.2013. 21.05.2013 PLAN- OG MILJØUTVALET Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. PMUV-030/13 VEDTAK: Med heimel i Plan- og bygningslova 12-12 godkjenner Flora bystyre privat detaljreguleringsplan for Naustfjæra i Stavang, del av gbnr. 98/2, Planid 20110104, med plankart og føresegner sist datert 08.03.2013.
04.06.2013 BYSTYRET Røysting: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. BYST-045/13 VEDTAK: Med heimel i Plan- og bygningslova 12-12 godkjenner Flora bystyre privat detaljreguleringsplan for Naustfjæra i Stavang, del av gbnr. 98/2, Planid 20110104, med plankart og føresegner sist datert 08.03.2013. Terje Heggheim Rådmann Heidi Dyrøy Konst. plansjef
Innleiing: Siv.ark. Kjell Hareide har på vegne av grunneigar utarbeidd framlegg til privat reguleringsplan for naustfjæra i Stavang. Strandlina i naustfjæra er ein del av den avsluttande grøntstrukturen mot sjøen og sentrum i Stavang i gjeldande kommunedelplan. I denne grøntstrukturen er det etablert nokre sjøhus, også i austre del av naustfjæra. Intensjonen med planarbeidet er å legge til rette for fritidsaktivitet og rekreasjon. Det er i dag mangel på bryggeplass, sjøboder og naust i bygda. Konkret ønskjer tiltakshavar å tilrettelegge med eit naust mot aust ved sida av eksisterande naust, flytebrygge med sjøboder i fjæra mot nord, og ein ordna biloppstillingsplass for funksjonane i området. Plan- og miljøutvalet godkjende at planframlegget vart utlagt til offentleg ettersyn i sak 017/13. Planframlegget er sist datert 08.03.13, og har vore utlagt til offentleg ettersyn etter reglane i Planog bygningslova. I samband med varsel om planoppstart kom det inn følgjande 9 merknader som blei vurdert av søkjar og så godt som mogeleg tekne inn i planarbeidet. Dei 2 varsla sjøbuene nord på neset blei teke ut av planforslaget for å imøtekomme tre av merknadane. Utviding av kyrkjegarden og omlegging av bygdevegen ved denne er medteke i planframlegget i samsvar med gjeldande kommunedelplan. 1. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Miljøvernavdelinga: - Rår i utgangspunktet frå å regulere til byggeområde med tilhøyrande småbåthamn i LNF sone 3. Men om kommunen ønskjer det vert det minna om: Naturmangfaldslova, konsekvensar for allmenne interesser i strandsona, omsyn til landskap og estetikk, byggegrense langs sjø (100m beltet). Beredskapsavdelinga: - ROS analyse Landbruksavdelinga: - Ingen merknadar. 2. Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) - Det er straumforsyning i området. I tilfelle det er aktuelt å utvide transformatorkapasitet må det planleggast seinare. 3. Leidulf Grytten - Positiv til planarbeidet. Ber om at det vert teke omsyn til eksisterande flytebrygge. 4. Knut J. Helmers - Som eigar av naust er han opptatt av at tilkomst frå land og sjø ikkje må forringast. Har avtalefesta rett til parkering ved naustet. 5. Advokat Arild Standal for Swetlana Schwischewsji og Vitali Peters. - Protesterer på 2 sjøbuer på nordsida av neset. - Protesterer på parkering på neset. 6. Kari Njøsen Horne. Peikar på følgjande moment som må takast omsyn til i planarbeidet: - Parkering på Neset. - Ikkje buer ved Nothenga. - Ta vare på Nothenga. - Ta omsyn til privat flytebrygge. 7. Tore Jacob Madsen. - Er mot utfylling og bygging på nordsida av neset. Dette vil endre heile det gamle buamiljøet.
8. Stavang Bygdelag v/hildur Sørdal. - Ønskjer god plan rundt parkering. 9. Grunneigarane Anders Haave, Helga Hagen og Steinar Kråvik. - Privat parkering på Flyten forbi Naustfjæra må opphøyre. Vegen kun nyttast til varetransport. Det må opparbeidast eigen parkeringsplass nord for kirkegarden. Etter offentleg ettersyn ligg det føre følgjande merknadsbrev: Statens Vegvesen: Ingen merknader NVE: Ingen merknader Vurdering: Planframlegget er i prinsippet i tråd med kommunedelplan og dei føringane som var lagt ved handsaming av saka som planspørsmål. Dei innkomne merknadane er vurdert av søkjar og så godt som mogeleg tekne inn i planarbeidet. Dei 2 varsla sjøbuene nord på neset vart teke ut av planforslaget for å imøtekomme tre av merknadane. Utviding av kyrkjegarden og omlegging av bygdevegen ved denne er medteke i planframlegget i samsvar med gjeldande kommunedelplan. Administrasjonen har ikkje merknader til at planframlegget vert godkjent. Økonomiske konsekvensar: Utviding av gravplassen og omlegging av den kommunale vegen forbi denne kan medføre krav om kommunal innløysing av areal eller medverknad når tiltaket evt. skal gjennomførast Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 1 I 19.01.2011 Siv.ark. MNAL NPA Planspørsmål på 98/2 Stavang, Flora kommune 3 I 23.01.2012 Siv.ark. MNAL NPA Reguleringsplan for Naustfjæra i Stavang 4 I 25.01.2012 Siv.ark. MNAL NPA Varsel om planoppstart i Stavang gbnr 98/2 5 I 05.03.2012 Kari Njøsen Horne Varsel om oppstart av planarbeid: Naustfjæra i Stavang 6 I 07.03.2012 Tore Jakob Madsen Varsel om oppstart av planarbeide: Naustfjæra i Stavang 7 I 08.03.2012 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fråsegn til varsel om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for delar av gbnr 98/2 i Stavang Detaljreguleringsplan for GBnr 98/2 m.fl. - Naustfjæra i Stavang 8 I 30.11.2012 Siv.ark. MNAL NPA 10 I 08.03.2013 Kjell Hareide Småbåthamn Stavang 11 I 11.03.2013 Kjell Hareide Merknad til planarbeidet for naustfjæra i Stavang 13 U 21.03.2013 Flora kommune; KF Flora Bustad og Eigedom; Kommunalt råd for eldre; Rådet for funksjonshemma; KNUT JØRAN HELMERS; Telenor - Servicesenter for nettutbygging; FORSLAG TIL PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FOR NAUSTFJÆRA I STAVANG, GBNR 98/2. PLANID 20110104. Offentleg ettersyn.
NVE - Region Vest; Sogn og Fjordane fylkeskommune - Kulturavd.; SFE Nett AS; Sogn og Fjordane fylkeskommune - Plan og samfunnsavdelinga; Statens Vegvesen Sogn og Fjordane; Fylkesmannen i Sogn og Fjordane; Sogn og Fjordane fylkeskommune; KARI NJØSEN HORNE; RAGNHILD MADSEN; LEIDULV JOHAN GRYTTEN; HELGA ANNA HAGEN; ANDERS HAAVE; STEINAR KRÅVIK; VITALI PETERS; SWETLANA SCHWISCHEWSKI; JORUNN STANDAL; KARL STANDAL; STAVANG MARINA ANS; ØYULF INGE STAVANG; AUD ODDRUN VÅGE 12 U 21.03.2013 Firdaposten Kunngjering plansaker 14 I 22.04.2013 Statens vegvesen Region vest 15 I 02.05.2013 Noregs vassdrags- og energidirektorat 17 I 16.05.2013 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Offentleg ettersyn - Forslag til privat detaljreguleringsplan - Planid 20110204 - gnr. 98 bnr. 2 - Naustfjæra i Stavang - Flora kommune Fråsegn til offentleg ettersyn av reguleringsplan for Naustfjæra i Stavang - GBnr 98/2 - Flora kommune Fråsegn til offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for delar av gbnr 98/2 i Stavang Kopi til: Siv.ark. MNAL NPA Kjell B. Hareide Pb 214 6901 FLORØ