Kvalitetsmelding for 2014



Like dokumenter
Kvalitetsmelding for 2015

Tilstandsrapport Oppvekstsektoren i Gulen kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Kvalitetsplan for Gulen oppvekst

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Kvalitetsmelding for 2016

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Psykologisk førstehjelp i skulen

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Strategidokument

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Hå kommune Vigrestad storskule

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Rådmannsutvalet Førde

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Kommunedelplan for oppvekst

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Informasjonshefte Tuv barnehage

Plan for overgangar. for barn og unge

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

VFL på Rommetveit skule.

Balestrand kommune Sagatun skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Ungdomstrinnsatsinga

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Pedagogisk plattform

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Barnehageplan for Vinje kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»


Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Tiltaksplan

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Transkript:

Kvalitetsmelding for 2014 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling

OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Kvalitetsmeldinga for 2014 er det som opplæringslova kallar tilstandsrapport. Meldinga for 2014 må sjåast i samanheng med framlegget til kvalitetsplan for oppvekstsektoren. Meldinga og planen er drøfta i fleire omgangar med leiarane og hovudutvalet. Underteikna er ansvarleg for innhaldet og formuleringane i kvalitetsmeldinga for 2014. Synspunkt og vurderingar knytt til innhaldet vert motteke med takk. Vi treng konstruktive innspel i arbeidet med å gjere tilbodet til barn og unge så godt som mogeleg. Eivindvik 01.08.2014 Jan-Ove Einebærholm -kommunalsjef- OPPSUMMERING Dette likar vi: Alle barn som ynskjer det får plass i barnehagen 95% av 1-5 åringar i Gulen går i barnehage Eivindvik barnehage har flytta inn ny nytt bygg God resultatutvikling for alle årskull Lite mobbing Dette må vi gjere betre: Meir systematikk og betre prosessar i kvalitetsarbeidet Samarbeidet mellom skule og barnehage Fagsamarbeid på tvers av einingane Læringsmiljøet Grunnleggjande dugleikar læreplanarbeid og fellesansvar 1

2 RESSURSAR

VEDTEKE RESULTATMÅL: I Gulen kommune skal tal elevar pr. årsverk vere om lag det same som i kommunegruppa. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Samla bruk av stillingsressursar er på nivå med kommunegruppa og såleis i samsvar med målet. Fordelinga mellom ungdomssteget og barnesteget er likevel ulik og fortel om ulike prioriteringar. Skuleåret 13/14 lærarane på ungdomssteget i Gulen færre elevar enn lærarane på barnesteget. Dette var ei endring frå året før. Desse variasjonane ser ut til å ha utgangspunkt i faste organiseringsmønster på einingane og har ikkje utgangspunkt i ei auka prioritering av ungdomssteget. Vi bør ta opp att diskusjonar om kva som styrer ressursbruken, og utveksle erfaringar mellom einingane om måtar å organisere opplæringa på som både effektiviserer ressursbruken og gjev betre læring. Tidleg innsats er framleis eit prinsipp vi skal arbeide etter, og som krev både tett samarbeid med ei som driv opplæring i barnhagen og fokus på begynnaropplæringa. Elevtalet går ned frå kommande skuleår, og det er fjerna to lærarstillingar for ikkje å auke ressursbruken. 3

RESULTAT NASJONALE PRØVAR RESULTAT 5. KLASSE: 5. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Snitt 6 Snitt 5 Gulen Engelsk 2,2 1,7 1,8 2 1,7 1,9 1,8 Lesing 2,2 1,7 1,9 1,8 2,3 1,7 1,9 1,9 Rekning 2,1 1,8 2,1 1,8 1,9 1,8 1,9 1,9 Sogn og Fjordane Engelsk 2 2 2 1,9 1,9 2,0 2,0 Lesing 2 1,9 2 2 1,9 2 2,0 2,0 Rekning 2 2 2,1 2,1 2 2,1 2,1 2,1 Landet Engelsk 2 2 2 2 2 2,0 2,0 Lesing 2 2 2 2 2 2 2,0 2,0 Rekning 2 2 2 2 2 2 2,0 2,0 RESULTAT 8. KLASSE: 8. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Snitt 6 Snitt 5 Gulen Engelsk 3 3,1 2,9 3,4 2,7 2,8 3,0 3,0 Lesing 3,1 3,4 3 3,6 2,8 3,2 3,2 3,2 Rekning 3,5 3,4 3,2 3,7 2,9 3,2 3,3 3,3 Sogn og Fjordane Engelsk 3,1 3,1 3,1 3,1 3 3 3,1 3,1 Lesing 3,2 3,2 3,1 3,2 3,1 3,2 3,2 3,2 Rekning 3,3 3,3 3,3 3,3 3,3 3,2 3,3 3,3 Landet Engelsk 3 3 3 3 3 3 3,0 3,0 Lesing 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 Rekning 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 RESULTAT 9. KLASSE: 9. klasse 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Snitt 4 Gulen Lesing 4 3,7 3,8 3,1 3,7 Rekning 3,8 3,6 4 3 3,6 Sogn og Fjordane Lesing 3,6 3,6 3,6 3,5 3,6 Rekning 3,6 3,6 3,6 3,6 3,6 Landet Lesing 3,5 3,5 3,5 3,4 3,5 Rekning 3,4 3,4 3,4 3,4 3,4 4

RESULTAT FOR ELEVAR FØDDE I 1998: 2007 2010 2011 Engelsk 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3 Gulen -0,2-0,1 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen -0,2 0,0 0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,0 0,1 0,2 RESULTA FOR ELEVAR FØDDE I 1999: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk 2008 2011 2012 Norge 2 3 Gulen 0,2 0,4 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen 0,2 0,5 0,3 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,1 0,6 0,6 RESULTATUTVIKLING FOR ELEVAR FØDDE I 2000: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk 2009 2012 2013 Norge 2 3 Gulen -0,3-0,3 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen -0,3-0,3-0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen -0,2-0,2-0,2 5

RESULTATUTVIKLING FOR ELEVAR FØDDE I 2001 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk 2010 2013 2014 Norge 2 3 Gulen -0,2-0,2 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3 Gulen -0,1 0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 Gulen 0,1 0,1 6

7 GRUNNSKULEPOENG, EKSAMENSRESULTAT OG STANDPUNKT I NORSK HOVUDMÅL, MATEMATIKK OG ENGELSK:

VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: NASJONALE PRØVAR: Det gledelege med resultata frå dei nasjonale prøvane er at alle årskull vi kan følgje frå 5 til 9. klasse har ei resultatutvikling som er på linje med eller betre enn snittet for landet. Dette er den sikraste indikatoren på at elevane i Gulen får eit godt tilbod. Snittresultata er og på snittet i Sogn og Fjordane. Dei er litt under for 5. klasse, 8. klasse på snittet og 9. klasse litt over snittet. Ser ein på enkeltprøvar, ser det ut som vi har utfordringar med engelskundervisninga i småskulen. Det må diskuterast på einingane korleis denne kan styrkast. Engelsk som fag har stått på prioriteringslista for vidareutdanning i mange år. Det er det faget der vi har minst formell kompetanse. Skuleåret 2013/2014 har vi hatt ein lærar som har teke 30 studiepoeng i engelsk. Vidareutdanning i engelsk må framleis prioritrast. Paradokset i denne situasjonen er at Gulen-elevane ofte gjer det svært godt både til skriftleg og munnleg eksamen i engelsk. For lesing er tendensen at opplæringa blir betre. Einingane har jobba godt med denne opplæringa og det gjev resultat. Lesing i 5. klasse hausten 2013 gav dårlege resultat på enkeltgrupper, og dette har vorte diskutert på einingane. Resultata i rekning har vore gode, men det er tendensar til endring. Eit av problema for rekning som grunnleggande dugleik er at denne kompetansen har vor knytt til matematikkfaget og har ikkje vore ei fellesoppgåve for alle fag og faglærarar slik læreplanen krev. Dette må einingane jobbe systematisk med å endre. I Hafs-regionen planlegg vi eit etterutdanningsopplegg i rekning i samarbeid med matematikksenteret. Hovudutfordringa for einingane er likevel å la resultata vere meir systemavhengige enn av innsatsen til enkeltlærarar. EKSAMENSRESULTAT, STANDPUNKT OG GRUNNSKULEPOENG Resultata til Gulen-elevane er gode og er i godt samsvar med resultatutviklinga på dei nasjonale prøvane. Det er viktig at ein veit at standpunktkarakterane og eksamenskarakterane for Gulen ikkje kan samanliknast. Dei har ikkje det same elevgrunnlaget. Standpunktkarakteren er for heile årskullet. Eksamenskarakteren er for elevane på ein eller to einingar. Dette kan medføre store avvik. Diskusjonen om det er for store avvik mellom eksamen og standpunkt må difor takast på den enkelte eining, og ein må sjå på tendensar over tid. Dette er viktige diskusjonar å føre på einingane, og det må verte tema på kommunale/regionale fagsamlingar. 8

9 LÆRINGSMILJØ

10

11

12

VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Elevundersøkinga er omarbeidd og dei nye tala for dei obligatoriske indikatorane kan difor ikkje samanliknast med svara frå tidlegare år. Difor r tabellane med utrekning av snitt tekne bort og erstatta ned grafar der ein samanliknar resultata med andre. Grafane syner elevane i 7 og 10. klasse sine tilbakemeldingar på undersøkinga seinhaustes 2013. Tabellane vert tekne inn att i meldinga når det er datagrunnlag fr det. Elevane i Gulen gav i 2013 einingane dårlegare tilbakemeldingar enn snittet for Sogn og Fjordane, og dette er eit resultat vi ikkje ynskjer. Resultata mellom einingane varierer. Det vert interessant å sjå om vi får tilsvarande låge tal kommande skuleår. Vi har ei stor fellessatsing for å auke lærarane sin kompetanse på å utvikle eit godt læringsmiljø. Dette er ei nasjonalt prosjekt der vi også samarbeider med høgskulen. Dette arbeidet skal resultere i betre tilbakemeldingar frå elevane. 13

Ser vi på detaljar knytt til enkelte indikatorar, må 10. klassingane sine tilbakemeldingar på vurdering for læring føre til ein grundig dialog og debatt mellom lærarar og elevar på einingane. Her er praksisen på einingane gjennomgåande for dårleg. 7. klassingane sine svar på læringskulturindikatoren bør også føre til diskusjon og refleksjon på einingane. Det vert ofte reist tvil om verdien av elevsvara då ein kan få svar som ikkje samsvarar med dei vaksne sitt syn eller at svara på ulikt på spørsmål som omhandlar det same, ikkje er i samsvar. Slike vurderingar må ikkje resultere i at elevane sine tilbakemeldingar ikkje vert tekne på alvor. Elevane sine svar skal vere ein viktig del av faktagrunnlaget for arbeidet med å auke kvaliteten på opplæringa. Dette kan skje ved at ein har gode prosessar for dialog og refleksjon knytt til elevane sine tilbakemeldingar. Dette er viktig at dette vert teke med i arbeidet til SU som er eit partssamansett utval der leiing, tilsette, elevar, føresette og politikarar er representert. Det vert ei prioritert oppgåve å få til betre prosessar knytt til arbeidet med kvalitet og det er laga ein eigen plan for dette arbeidet. Elevane sine tilbakemeldingar på mobbespørsmåla må vi gle oss over. Her er det betre tilbakemeldingar enn tidlegare år. Einingane har arbeidd med desse problemstillingane og har handla aktivt både når det gjeld førebygging og oppfølging av enkeltsaker. Utveksling av idear, erfaringar og lærdom mellom einingane vert eit viktig tiltak for å betre læringsmiljøet. 14

«KOMMUNAL RAPPORT» SI VURDERING: GRUNNSKOLE Teller 20 % av det samlede barometeret 15

16 HVA FORTELLER TALLENE?

BARNEHAGANE I GULEN Born i barnehagane Brekke Byrknes Dalsøyra Eivindvik Samla tal 01.08.14 27 18 30 22 97 I 2013 var dette situasjonen: 95% av barna i aldersgruppa 1-5 år går i barnehage i Gulen 90,9% av 1- og 2-åringane 98,2% av 3-5-åringane. Vi greier altså å tilby barnehageplass til dei som ynskjer det. Tala syner og at vi får dei minoritetsspråklege barna til å starte i barnehagen. Dette er viktig får stimulere språkutvikling deira og lære dei norsk. God innsats her vil vere avgjerande for grunnskuleresultata. Vi bør dessutan halde på målet om å kunne tilby plass til alle og ha fortløpande barnehageopptak. Det at så mange av 1- og 2-åringane går i barnehagen er ein ny situasjon som krev tilpassingar både knytt til personalressursar, kompetanse og aktivitetstilbod. Det fysiske miljøet Eivindvik barnehage flytta inn i nytt bygg vinteren 2014. Dette må vi gled oss over. No står Brekke og Dalsøyra for tur. I tillegg jobbar ein med å innreie barnehageareal i skulebygget på Byrknes slik at ein skal ha plass til dei barna ein har teke inn og ein eventuell auke i barnetalet. Uteområda ved barnehagane må jobbast meir med for at dei skal vere godt tilrettelagt for ulike aktivitetar. Når desse tiltaka er på plass, vil vi ha gjennomført ein vesentleg standarheving på barnehagane. Kompetanse Vi har ikkje nådd målet med berre å ha fast tilsette med ynskt kompetanse, men vi nærmar oss. Vi har fått både fleire barnehagelærarar og fagarbeidarar. Vi har og tilsett pedagog nr 2 på enkelte avdelingar. Målet er å ha 2 pedagogar på alle avdelingar. I tillegg gjennomførte 13 tilsette eit 5 dagars assistentkurs barnehageåret 13/14. Dette var eit tiltak i samarbeid med fylkesmannen og Hafs-regionen. Det pedagogiske arbeidet Det faglege samarbeidet mellom barnehagane i kommunen må takast opp att. I tillegg til generelt årsplanarbeid med utgangspunkt i den lokalt tilpassa rammeplanen, er desse emna aktuelle: Vaksenrolla/leiing Språk Krysskulturelt arbeid Dei minste i barnehagen Kommunale og regionale fagnettverk knytt til desse emna er aktuelle tiltak. Arbeidet med dei grunnleggande dugleikane startar i barnehagen. Der legg ein eit viktig grunnlag for barnet si læring og oppleving av mestring når dei skal halde fram på skulen. Systematisk språkutvikling må difor vere høgt prioritert. 17

«KOMMUNAL RAPPORT» SI VURDERING: BARNEHAGE Teller 10 % av det samlede barometeret HVA FORTELLER TALLENE? 18

GULEN OPPVEKST EIN LÆRANDE ORGANISASJON? Peter Senge definerer lærande organisasjon som: «organisasjon der deltakarane jamnleg utviklar evna til å skape ønska resultat, der nye og ekspansive tankesett blir framelska, der kollektive ambisjonar får spelerom og der menneska kontinuerleg lærer meir om korleis ein lærer saman» Han presenterer og fem føresetnader for å utvikle ein lærande organisasjon: Systemisk tenking den heilskaplege tenkjemåten som må leggjast til grunn for å forstå samanhengar og mønster i organisasjonar Personleg dugleik omhandlar evna til å vere visjonær og realistisk på same tid Mentale modellar dei grunnleggjande, men oftast lite uttrykte førestillingane i ein organisasjon Felles visjon den meininga fellesskapet har med den kollektive innsatsen, noko som dannar grunnlaget for eit felles bilete av framtida Gruppelæring finn stad når grupper reflekterer seg fram til ny kunnskap og nye handlemåtar som den einskilde ikkje vil kunne utvikle åleine Både «Rammeplan for barnehagen» og LK06 understrekar at barnehagen og skulen må utvikle seg som lærande organisasjonar for å oppretthalde og vidareutvikle ønskjeleg kvalitet i tilbodet sitt. Å utvikle Gulen oppvekst som lærande organisasjon er difor å sjå på som ein føresetnad for at vi skal greie å utvikle eit læringsmiljø som medverkar til at alle barn opplever mestring, vekst og utvikling. Skrive ei kvalitetsmelding til kommunestyret, gjennomføre ein etterutdanningsdag, delta i eit nasjonalt skuleutviklingsprosjekt og delta på ei leiarsamling i Hafs-regionen er alle eksempel på tiltak som har som siktemål å påverke kvaliteten i positiv lei. Dette er tiltak som vert gjennomførte på oppvekstsektoren i Gulen, men gjer det oss til ein lærande organisasjon? Vi har nok ein veg å gå før vi kan kalle oss ein lærande organisasjon. Prosessane i arbeidet med å betre kvaliteten på tilbodet med utgangspunkt i dei kvalitetsdata vi har tilgjengeleg, er ikkje gode nok. Vi må ha systematiske prosessar som involverer alle partar på sektoren. Vi må ha gode dialogar som byggjer på spørsmål og refleksjon, meir enn rette svar. Felles standarar for god praksis må utviklast og vere rettesnor for dei tilsette. Det er utarbeidd eit framlegg til kvalitetsplan for oppvekstsektoren. Der er det eit framlegg til årshjul for kvalitetsarbeidet der ein prøver å få på plass deltaking og systematikk. Då er det opp til leiarane på sektoren å gjennomføre dette på ein måte som gjer at vi utviklar ein lærande organisasjon. Leiarane for skule og barnehage har fire samlingar for året der ein har fokus på dette arbeidet. Kommunalsjefen og utviklingsrettleiaren for Hafs oppvekst deltek på desse møta. Skule og barnehage skal fungere saman som ein organisasjon. Dette er og tema for dei nemnde leiarsamlingane. Vi har mange utfordringar i å utvikle god praksis på dette området, men vi arbeider med det. 19