Vurdering for utvikling

Like dokumenter
VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Vurdering for utvikling Rapport

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT. Vadheim skule. Vadheim skule, Tangevegen 4, 6996 Vadheim, tlf

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT HELLEVIK BARNEHAGE

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

VURDERINGSRAPPORT. Bulandet SKULE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

VURDERINGSRAPPORT BJORDAL SKULE

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

VURDERINGSRAPPORT DALSØYRA SKULE

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

SAMARBEID HEIM OG SKULE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

TILSYNSRAPPORT. Skolebasert vurdering. Bygland kommune - Bygland skole. Jf. opplæringslova. Vår referanse: 2016 / 2934

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE. Gulen kommune Eivindvikvegen Eivindvik

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

TILSYNSRAPPORT SKULEBASERT VURDERING

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Eid kommune Hjelle skule. Sak: 2014/2766

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Utviklingsplan

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

VURDERINGSRAPPORT. Askvoll skule

VURDERINGSRAPPORT Hjelteryggen skule

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Øystese barneskule April - 08

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Årsmelding for Urhei barnehage

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

VURDERINGSRAPPORT KOLLTVEIT SKULE

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Aurland kommune Vangen Aurland TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Aurland kommune - Flåm skule. Sak 2016/4442

VURDERINGSRAPPORT Brekke barnehage og skule

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

VURDERINGSRAPPORT BLOMVÅG SKULE

Refleksjonsverktøy og prosesser

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Transkript:

Vurdering for utvikling Rapport Dingemoen skule, 6963 Dale i Sunnfjord, tlf. nr. 57 73 73 00 Veke 44, 31.oktober 3.november 2011 Tema: Undervegsvurdering i lesing og skriving i temafag Dale, den 3.november 2011 Vurderarar frå HAFS Åsmund Berthelsen og Hildegunn Hatlem 03.11.11 Dingemoen skule - 1 -

Innhald: Vurdering for utvikling (innleiing). 3 Fakta om skulen og val av vurderingstema... 4 Kriterium og kvalitetskrav... 5 Skulen sine sterke sider... 6 Skulen sine utfordringar... 8 Oppsummering... 10 Vidare arbeid... 11 Vedlegg: Deltakarar i vurderinga. 12 Tidsbruk 12 Metodar og verktøy.. 12 Skjema og guidar 13 03.11.11 Dingemoen skule - 2 -

1. Vurdering for utvikling For å sikre kvaliteten og stimulere til forbetring i skulane og barnehagane har dei seks kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Høyanger oppretta eit felles vurderingsnettverk som med jamne mellomrom vurderer skulane og barnehagane i regionen. Vurderingsnettverket er mellom 15 og 20 røynde lærarar og førskulelærarar i regionen. Alle vurderer i annan kommune enn der dei arbeider. Fleire av vurderarane har vidareutdanning i kvalitetsvurdering i skule og barnehagane. Ein prosjektkoordinator leier og administrerer arbeidet med vurderingar. Skulane er etter Opplæringslova pålagt å vurdere verksemda jamleg i kva grad organisering og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Etter Rammeplanen for barnehagane skal også verksemda der vurderast. Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivas, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar. Når regionen fann det rett å starte med ekstern vurdering var det mellom anna for å knytte saman god praksis i regionen, at skulane/barnehagane treng å bli sett utanfrå, og å gje skulane/barnehagane ekstern hjelp i vurderingsarbeidet. I tillegg såg regionen det som viktig å utvikle vurderingskompetanse i regionen. Regionen tok til med ekstern vurdering av skulane i 2007 og i barnehagane i 2009 etter ein metode utvikla i Hardanger/Voss-regionen, Vurdering for utvikling. Utdanningsdirektoratet nyttar ekstern vurdering etter same metoden i samband med rettleiing av skular og skuleeigarar i heile landet. Etter kvart har fleire regionar og kommunar teke i bruk metoden. Vurderingsarbeidet vert gjennomført ved at skulen/barnehagen vel eit tema eller fokusområde for vurderinga. Gjennom eit samarbeid vert skulen/barnehagen og vurderarane samde om kriterium for korleis det bør vere på dette området. Vurderarane hentar så inn informasjon gjennom intervju, observasjon og dokumentanalyse. Det vurderarane finn ser dei så i forhold til dei kriterium som er sett opp på førehand, det såkalla glansbiletet. Dei peika så i ein rapport på skulen/barnehagen sine sterke sider og utfordringar. Arbeidet kan illustrerast på denne måten: Vurderinga har ikkje som mål å gje eit fullstendig bilete av kvaliteten på skulen, men skal vere eit bidrag til kva skulen må arbeide vidare med innan det temaet som er vurdert. Skulen og barnehagen er forplikta til å følgje opp og rapportere attende til eigar om kva som er gjort i høve utfordringane. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen og skuleregionen sin nettstad: www.webfronter.com/hafs/hafs ein månad etter vurderinga. Dale, juni 2011 Åsmund Berthelsen (prosjektkoordinator) Mobil: 99318698 E-post: Asmund.Berthelsen@fjaler.kommune.no 03.11.11 Dingemoen skule - 3 -

2. Fakta om skulen/barnehagen og val av vurderingstema Dingemoen skule ligg i Dale i Sogn og Fjordane. Skulen er ein 1-7 skule og har skuleåret 2011-12 151 elevar, 16 lærarar (ikkje alle i full stilling), 6 assistentar, 1 kontormedarbeidar,2 reinhaldarar og rektor. Dingemoen skule ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog. Kvar "brikke", kvar elev, tilsett og forelder i puslespelet Dingemoen skule er like viktige, og det er berre når alle brikkene er på plass at heilskapen kjem fram. Dingemoen skule har bede om vurdering på følgjande tema: Undervegsvurdering i lesing og skriving i alle fag Skulen arbeider for å skape eit godt læringsmiljø med høg kvalitet på undervisninga, meistring og kunnskap hjå alle elevane. Dette er også forankra i skulen sin utviklingsplan. Å utvikle vurderingskompetanse er eit av områda, og undervegsvurdering er ein sentral del av denne kompetansen. Vi er også deltakarar i prosjektet Vurdering for læring som no pågår i HAFS- regionen. Undervegsvurdering skal også brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og medverke til at eleven aukar kompetansen i faget (jfr. opplæringslova 3-2). Visjonen for skulen er: Vi tek vare på kvarandre: Respekt. Omtanke. 3. Frå vurdering til endring av praksis 03.11.11 Dingemoen skule - 4 -

4. Glansbilete Kriterium tyder kjenneteikn på god kvalitet. Kriteria er henta frå lov, regelverk, læreplanverk, rammeplan eller skulen sine eigne planar. Når vurderarane gjennomfører ei vurdering, vert kriterium og teikn på god praksis samanlikna med informasjonen som er samla om temaet gjennom intervju og observasjon på skulen i tillegg til dei dokument som skulen har lagt fram. Kriteria og teikn på god praksis er utforma i eit samarbeid mellom vurderarane og skulen, og til slutt godkjende av skulen. Kriterium Undervegsvurderinga i lesing og skriving i temafag fremjar læring Elevmedverknad Foreldremedverknad Skulen er ein lærande organisasjon Teikn på god praksis Personalet har fokus på lese og skrivedugleik, og legg til rette for lese- og skriveoppgåver i temafaga Personalet har fokus på ulike lesestrategiar i temafaga, og gir oppgåver der elevane kan trene på desse Vurderinga/tilbakemeldingane er knytt til læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing som elevane er godt kjende med. Elevane får relevante tilbakemeldingar om den faglege utviklinga si; på heimearbeid, i klasserommet/undervisninga og gjennom samtalar. Undervegsvurdering er ein integrert del av undervisninga Lærarane sin vurderingspraksis medverkar til at elevane veit kva dei skal gjere for å lære meir Plan/opplegg vert endra når læringsmåla ikkje er nådde. Ein arbeidar vidare med det ein ikkje har lært. Elevane er involverte i vurderinga av eige arbeid Elevane får høve til å legge fram stoff for medelevar, og lærer å gje og få tilbakemelding Elevane får vere med å planleggje/velje kva arbeidsmåtar/strategiar som skal nyttast Dei føresette er kjende med skulen sin vurderingspraksis. Dei føresette får god informasjon om kor elevane står i høve læringsmål/kompetansemål Dei føresette kjem med kommentarar/spørsmål på periodeplan Undervegsvurdering er tema på utviklingssamtaler/foreldremøte Personalet ved skulen har ei felles forståing av vurderingsomgrepet og målet med undervegsvurdering Lærarane og leiinga har god kompetanse på undervegsvurdering Det vert brukt tid til å drøfte og reflektere over eigen praksis Drøftingane fører til endring/ stadfesting av praksis 03.11.11 Dingemoen skule - 5 -

5. Skulen sine sterke sider Døme på mål i temafag tydeleg plassert i klasserommet. Undervegsvurderinga i lesing og skriving i temafag fremjar læring Personalet har fokus på lese og skrivedugleik, og legg til rette for lese- og skriveoppgåver i temafaga Personalet har fokus på ulike lesestrategiar i temafaga, og gir oppgåver der elevane kan trene på desse Vurderinga/tilbakemeldingane er knytt til læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing som elevane er godt kjende med. Elevane får relevante tilbakemeldingar om den faglege utviklinga si; på heimearbeid, i klasserommet/undervisninga og gjennom samtalar. Undervegsvurdering er ein integrert del av undervisninga Lærarane sin vurderingspraksis medverkar til at elevane veit kva dei skal gjere for å lære meir. Plan/opplegg vert endra når læringsmåla ikkje er nådde. Ein arbeidar vidare med det ein ikkje har lært. Vi har sett og høyrt at det er fokus på lese- og skrivedugleik, og at dei legg til rette for leseog skriveoppgåver i temafaga. Korleis dei gjer det, varierer på dei ulike trinna, og det er naturleg at dei på dei lågaste trinna tolkar bilete og teikningar. Dei nyttar også myje høgtlesing. Vi såg fleire døme på skriveoppgåver knytt til tema. I intervjua med personalet vert det nemnt fleire døme på at det vert nytta ulike lesestrategiar i temafaga. 03.11.11 Dingemoen skule - 6 -

Alle trinna har ein plan med mål for perioden. Måla er elevane godt kjende med og skal ved avslutninga av perioden vurdere seg sjølve opp mot desse, om dei kan dei godt, kan noko eller kan lite. Dette er også utgangspunkt for elevsamtala som alle trinna har. Men det varier kor ofte, kvar fjortande dag eller kvar fjerde veke. Dette kjem fram i intervju med både personalet og elevane. I intervju kjem det fram at 7. trinn legg opp til å nytte kjenneteikn på måloppnåing slik at dei er førebudde på det dei møter på ungdomsskulen. Skulen har fleire arenaer og verktøy for tilbakemelding. Gjennom stasjonsundervisninga ser det ut til at lærarane kjem tett på elevane og kan gje god tilbakemelding der og då. Personalet nyttar planen og elevsamtala aktivt til tilbakemelding. Dette vert stadfesta både av personalet og elevane. Foreldra er også godt nøgde med dette systemet. Elevane ser ut til å vere medvetne om kvifor dei har lekser, men ikkje alle tykkjer dei lærer like mykje av det, og ville helst sleppe. Både personalet og elevane seier at heimearbeid blir sjekka, og det vert også som hovudsak kommentert i arbeidsbøkene eller på planen. Intervjua gjev inntrykk av at undervegsvurderinga i nokon grad er ein integrert del av undervisninga. Måla står på planen og vert minna om i undervisninga og i klasserommet. Elevane seier at dei veit kva dei skal gjere for å lære meir. Dei peikar på at måla står på planen og at lærarane snakkar om dei. Om det er mange som ikkje har nådd læringsmåla seier nokre av lærarane at dei brukar meir tid enn planlagt på eit tema. Er det berre nokre få som ikkje har nådd måla, går dei vidare, men tilpassar planane for einskildelevar etter kva dei har oppnådd. Elevmedverknad Elevane er involverte i vurderinga av eige arbeid Elevane får høve til å legge fram stoff for medelevar, og lærer å gje og få tilbakemelding Gjennom avkryssing på planen for om dei har nådd måla og gjennom elevsamtala er elevane med å vurdere eige arbeid. Vi har sett og høyrt om døme der arbeid vert vist, og der medelevar får høve til å gje respons eller kommentere. Foreldremedverknad Dei føresette er kjende med skulen sin vurderingspraksis. Dei føresette får god informasjon om kor elevane står i høve læringsmål/kompetansemål Dei føresette kjem med kommentarar/spørsmål på periodeplan Undervegsvurdering er tema på utviklingssamtaler/foreldremøte Foreldrerådet seier at dei kjenner godt til opplegget med periodeplanar, elevsamtalar og 03.11.11 Dingemoen skule - 7 -

foreldresamtalar. Foreldra er kjende med kor elevane står i forhold til måla på planen. Her viser dei til kommentarane på planen og utviklingssamtalar. Mange foreldre kjem med kommentarar/spørsmål på periodeplanen, og dei gjer det etter behov. Dette kom fram på møte i arbeidsutvalet i foreldrerådet. Personalet seier at høvet til å kommentere vert nytta i ulik grad. Etter det vi skjønar signerer alle foreldre på at dei har sett planane/vurderingane. Både i intervjua med personalet og på møtet med foreldra vart det stadfesta at undervegsvurdering er tema på utviklingssamtalar/foreldremøte. Skulen er ein lærande organisasjon Personalet ved skulen har ei felles forståing av vurderingsomgrepet og målet med undervegsvurdering Lærarane og leiinga har god kompetanse på undervegsvurdering Det vert brukt tid til å drøfte og reflektere over eigen praksis Drøftingane fører til endring/ stadfesting av praksis Vi har eit klart inntrykk av at skulen har diskutert og arbeidd mykje med temaet over ein periode. I intervjua med personalet kom det fram at dei har ei bra felles forståing av vurderingsomgrepet og kva som skal ligge i undervegsvurderinga. Alle lærarane har teke vidareutdanning i lesing og skriving i alle fag. Og nokre lærarar har teke vidareutdanning i elevvurdering. Personalet og rektor gjev uttrykk for at dei har god kompetanse på undervegsvurdering. Personalet og rektor opplyser at både fellesmøte for alle og teammøte vert nytta til å drøfte og reflektere over eigen praksis. Intervjua med personalet og rektor syner at alle er innstilte på endring, og dei viser til at det har skjedd store endringar i løpet av nokre år. 6. Skulen sine utfordringar Undervegsvurderinga i lesing og skriving i temafag fremjar læring Vurderinga/tilbakemeldingane er knytt til læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing som elevane er godt kjende med. Elevane får relevante tilbakemeldingar om den faglege utviklinga si; på heimearbeid, i klasserommet/undervisninga og gjennom samtalar. Undervegsvurdering er ein integrert del av undervisninga Lærarane sin vurderingspraksis medverkar til at elevane veit kva dei skal gjere for å lære meir 03.11.11 Dingemoen skule - 8 -

Plan/opplegg vert endra når læringsmåla ikkje er nådde. Ein arbeidar vidare med det ein ikkje har lært. Intervju med elevane syner at dei ikkje kjenner til omgrepet kjenneteikn på måloppnåing. Og intervju med personalet syner at kjenneteikn på måloppnåing nesten ikkje er i bruk. Dette tyder på at elevane ikkje er tilstrekkeleg kjende med kva det vert lagt vekt på i vurderinga. Dokument, intervju og observasjon syner at skulen har eit godt system for undervegsvurdering i både basisfag og temafag med periodeplan og elevsamtale som det sentrale. Skulen har ei utfordring i å utvikle dette vidare ved å arbeide meir med utforming av læringsmåla, slik at det vert tydelegare for elevane kva som vert venta av dei. Tydelege læringsmål og kriterium er viktig for å gje gode faglege tilbakemeldingar og råd for vidare arbeid. Skulen bør prøve ut å lage kriterium og kjenneteikn på måloppnåing i nokre tema for å erfare korleis det kan fungere. Dette vil også vere eit godt utgangspunkt for større elevmedverknad. Intervju med personalet tyder på at det i temafag ikkje vert lagt opp til å endre planar når læringsmål ikkje er nådd. Elevmedverknad Elevane er involverte i vurderinga av eige arbeid Elevane får høve til å legge fram stoff for medelevar, og lærer å gje og få tilbakemelding Elevane får vere med å planleggje/velje kva arbeidsmåtar/strategiar som skal nyttast Intervjua med både personalet og elevane tyder på at eigenvurdering vert lite brukt på einskildarbeid. Dette vert også vanskeleg utan at vurderingskriteriene er klargjort på førehand. Dette må også vere på plass for at det skal kunne leggast til rette for meir medelevvurdering. Etter det vi kan sjå utifrå intervju med personalet og elevane er elevane lite med i planlegging av undervisning og i val av arbeidsmåtar. Foreldremedverknad Dei føresette er kjende med skulen sin vurderingspraksis. Dei føresette får god informasjon om kor elevane står i høve læringsmål/kompetansemål Undervegsvurdering er tema på utviklingssamtaler/foreldremøte Foreldra seier dei er lite kjende med korleis undervegsvurderinga skjer i det daglege. Det vert mellom personalet gjeve uttrykk for at det er utfordrande å gje tilstrekkeleg informasjon om kor elevane står i høve kompetansemåla i læreplanen. For dei høgaste trinna vert dette svært omfattande og krev mykje arbeid. Utfordringa for skulen er å finne ein måte eller system å gjere dette på som er overkommeleg. 03.11.11 Dingemoen skule - 9 -

Foreldra gav uttrykk for at dei var godt informert om korleis måla på planen var nådd. Men dei uttrykte også uro for kva som skjer når læringsmåla av ulike grunnar ikkje er nådde. Foreldra etterlyser betre informasjon om oppfølgjing av saker og innspel som har vore drøfta på foreldremøte og evalueringsmøte. Skulen er ein lærande organisasjon Det vert brukt tid til å drøfte og reflektere over eigen praksis Intervju med personalet syner at dette vert opplevd ulikt. Det vert i intervju sagt at refleksjonen og diskusjonen er for generell og for lite knytt til praksisen i klasserommet. Og at det er for lite deling både av kunnskap og praksiserfaringar. 7. Oppsummering Lesing og skriving pregar heile skulen. Dingemoen skule har arbeidd grundig med lesing og skriving i alle fag. Lesing og skriving pregar heile skulen, både direkte i undervisninga, timeplanen (felles lesestund) og utforminga av klasseromma med utstilling av bøker, gjerne knytt til tema. Skulen har også eit mediatek som er ein aktiv del av skulekvardagen og undervisninga. Skulen har eit system for undervegsvurdering, med periodeplanar med mål som elevane vurderer i kor stor grad dei har nådd. Elevsamtale etter kvar periode er sentralt i undervegsvurderinga. Periodeplanane er også viktig i kommunikasjonen med heimane. Alle partar i skulen er nøgd med systemet. Dingemoen skule si utfordring er å utvikle dette systemet vidare der læringsmål vert tydelegare og kriterium og kjennteikn på måloppnåing er kjende for elevane. Skulen har også 03.11.11 Dingemoen skule - 10 -

ei utfordring i å trekke elevane meir med i planlegging og val av arbeidsmåtar, og i vurderinga av eige og andre sitt arbeid. Desse utfordringane kjem også fram i Ståstadsanalyse for lærargrupper gjennomført hausten 2010. Temaet for eksternvurderinga har vore utfordrande fordi lesing og skriving går på tvers av basisfag og temafag. Difor går vurderingane i rapporten noko utover ramma som ligg i den formulerte problemstillinga. 8. Vidare arbeid Innan ein månad etter vurderinga må vurderarane få melding om eventuelle feil i rapporten. Etter dette vert rapporten offentleggjort på skuleeigar/barnehageeigar og Skuleregion HAFS sine heimesider. Seks månader etter vurderinga skal rektor/styrar rapportera til skuleeigar v/administrasjonen om korleis skulen har arbeidd med utfordringane (pkt. 6). Rapporten frå skulen/barnehagen skal også sendast Skuleregion HAFS v/prosjektkoordinator. I tillegg til vurderingsrapporten er det utarbeidd ein vedleggsrapport som ikkje er offentleg, men som er overlevert rektor/styrar ved. I rapporten står oppsummeringar av påstandsskjema og observasjonar og intervju/samtalar. Stad og dato: Dale, den 3. november 2011 Åsmund Berthelsen Vurderingsnettverket Skulregion HAFS Hildegunn Hatlem Vurderingsnettverket Skuleregion HAFS 03.11.11 Dingemoen skule - 11 -

Vedlegg: Deltakarar i vurderinga Interne: Personalet, rektor, elevar og FAU- representantar ved Dingemoen skule. Eksterne: Åsmund Berthelsen og Hildegunn Hatlem Vurderingsnettverket i Skuleregion HAFS. Grunngjeving for val av informantar: Undervegsvurdering involverar alle, både personalet, foreldre og elevar. Det er difor viktig å få perspektivet på temaet frå alle partar. Tidsbruk Det er sett av ei veke til å vurdere ein skule. Vurderarane er på skulen ein dag før vurderingsveka for å planlegge. I vurderingsveka er dei på skulen i fire dagar. Vurderarane skriv ferdig og presenterer rapporten den siste dagen. Før og undervegs førebur vurderarane intervju og observasjonar og omarbeider informasjon og lagar oppsummeringar. Tid Tiltak Ansvar Hausten Ståstadsanalyse for lærargruppe om vurdering for Rektor 2010 læring 23.09.11 Møte med skulen Føremålet er: Vurderarane og rektor v/ Anne Grete Dale Å utdjupe vurderingstemaet Å presentere og drøfte kriterium Å avklare kven som skal delta i vurderinga Å avklare ansvarsoppgåver for partane Å bli samde om tidsplan Veke 40 Gjennomgang og fordjuping i vurderingstema. Val av Vurderarane metodar for informasjonsinnhenting Veke 42 Skulen får forslag til kriterium og teikn på god Vurderarane praksis Veke 43 Skulen drøfta forslaget og kom med framlegg til endringar. Skulen godkjende glansbiletet med mindre endringar. Rektor Veke 44 Vurderingsveka: Måndag: Intervju med elevar, intervju med lærarar, observasjon og møte i FAU. Tysdag: Intervju med lærarar, intervju med elevar og observasjon. Onsdag: Intervju med lærarar, intervju med rektor, intervju med sekretær og observasjon. Torsdag: Framlegging av førebels rapport til rektor. Presentasjon av førebels rapport for personalet, skuleeigar og representantar for foreldre. Rektor v/ Anne Grete Dale set opp tidsplan og vurderarane gjennomfører tiltaka 03.11.11 Dingemoen skule - 12 -

Metodar Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metodar. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle og gruppeintervju, møte og observasjonar. I denne vurderinga er følgjande verktøy og metodar nytta: Ståstadsanalyse Skulen gjennomførte hausten 2010 ei eiga ståstadanalyse i samband med prosjektet Vurdering for læring. Dokumentanalyse Skulen sender vurderarane diverse relevante dokument, utviklingsplanen for 2011-12, døme på arbeidsplanar/periodeplanar, skulen sin norskplan, skulen sin matematikkplan og resultatet av elevundersøkinga 2010-11. Skulen sende også over teama sine refleksjonar kring temaet. Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjera djupdykk i temaet, laga vurderarane intervjuguidar for intervju/samtalar med dei tilsette og elevane. Vurderarane laga også spørsmål som vart nytta på møte med foreldrerepresentantar. Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegla observasjonar og utsegn frå dei ulike informantane mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga kom vurderarane fram til kva dei meiner er skulen sine sterke sider og skulen sine utfordringar innafor det valde temaet. Og vurderarane kjem med idear til vidare arbeid. Skjema og intervjuguidar Spørsmål til foreldrerepresentantar Intervju/samtaleguide for elevane Intervju/samtaleguide for personalet Observasjonsguide 03.11.11 Dingemoen skule - 13 -

Spørsmål til arbeidsutvalet i foreldrerådet - Dingemoen skule - 31.10.11 Tema: Undervegsvurdering i lesing og skriving i temafag 1. Kva meiner de Dingemoen skule er gode på? 2. Kva meiner de Dingemoen skule kan verte betre på? 3. Korleis blir de informerte om elevane si faglege utvikling (i forhold til læringsmål/kompetansemål)? Kva meiner de om denne informasjonen? 4. Kor godt kjenner de skulens vurderingspraksis (undervegsvurdering)? 5. I kva samanhengar vert vurderingspraksisen drøfta mellom foreldra? 6. I kor grad nyttar foreldra planen til å kome med innspel eller kommentarar? 7. Anna: Intervjuguide elevane (frå og med 3. til og med 7. trinn) Kor ofte snakkar de om måla, og det de skal lære? Veit de alltid kva de skal lære og kvifor? Kvifor de for eksempel skal gjere lekser? Korleis blir de kjende med teikna på måloppnåing? Korleis får de tilbakemelding? Får de vite kva som er feil? Eller kva de har gjort rett? Får de tilbakemelding på heimearbeid? Kva gjer de når de får tilbakemelding? Får de alltid tilbakemelding? Korleis? Veit de kva de skal gjere for lære meir? Korleis får de vist kva de har lært? Får de høve til å seie eller skrive ned noko om korleis de sjølve tykkjer arbeidet dykkar er? Korleis likar de å vurdere eige arbeid? Vurderer de dei andre elevane sitt arbeid? Kva gjer de då? Korleis likar de å vurdere andre elevar sitt arbeid? Kan de velje sjølv kva arbeidsmåte eller strategi de vil bruke? 03.11.11 Dingemoen skule - 14 -

Kor ofte får de vere med å planleggje kva arbeidsmåte de vil bruke? Kva tykkjer de er bra med Dingemoen skule? Kva tykkjer de kunne ha vore betre med Dingemoen skule? Har de anna de vil ta opp? Intervjuguide elevane - 1. og 2. trinn Kva tykkjer de er bra med Dingemoen skule? Korleis er det på Dingemoen skule? Kva tykkjer de kunne ha vore betre med Dingemoen skule? Er det noko de ville hatt annleis på skulen? Når seier læraren noko om det de har gjort, teikna, lese eller skrive? Kva seier dei då? Snakkar de med kvarandre om det de har gjort? Kva seier de då? Veit de alltid kva de skal lære? Korleis veit de det? Snakkar de om det de har gjort på skulen heime? Kva snakkar de om? Har de anna de vil seie? Intervjuguide for personalet Kva temafag underviser de i? Korleis samarbeider de på tvers av fag? Korleis har de lagt inn lesing og skriving i faga? Korleis kartlegg de elevane sin lese- og skrivedugleik? Korleis nyttar de kunnskapen om denne i arbeidet med elevane? Korleis legg de til rette for bruk av ulike lesestrategiar? Korleis får de elevane til å skjøne kva, kvifor og korleis dei skal lære? Korleis gjer de elevane kjende med kjenneteikn på måloppnåing? Kva gjer de når læringsmåla tydeleg ikkje er nådd? 03.11.11 Dingemoen skule - 15 -

Korleis gjev de tilbakemelding? I klasserommet? I samtale? På heimearbeid? Elevmedverknad Korleis er elevane involverte i vurderinga av eige arbeid? Korleis legg de til rette for kameratvurdering? Korleis øver de elevane i å gje, og å få tilbakemelding? Korleis er elevane med på planleggje undervisninga/velje arbeidsmåtar? Foreldremedverknad Kjenner foreldra skulen sin vurderingspraksis? Korleis er dei gjort kjende med den? Korleis vert foreldra informert om kor elevane står i høve læringsmål/kompetansemål? Korleis kjem foreldra med sine innspel og meiningar? I kva grad gjer dei dette? Er undervegsvurdering eit tema i møte med foreldra? (foreldremøte/samtalar) Skulen er ein lærande organisasjon Korleis vil de formulere vurderingsomgrepet og målet med undervegsvurderinga? Er dette mål de er samde om? Meiner de at de har god kompetanse på undervegsvurdering? Kor treng de evt. meir kompetanse? Kor tid og korleis drøftar de eigen praksis? Kva skjer i etterkant av slike drøftingar, endring eller stadfesting av praksis? Kor innstilte er de på endring/utvikling? Får de tilbakemelding frå rektor på arbeidet med undervegsvurdering? Observasjonsguide Fokus på læringsmål i undervisninga og i klasserommet. Døme på undervegsvurdering i undervisningssituasjon. Døme på eigenvurdering og kameratvurdering Døme på involvering av elevane i undervisninga Tilrettelegging for lesing og skriving i temafag. 03.11.11 Dingemoen skule - 16 -