IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg?
// IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil arbeide. Det føreset gode rutinar og verktøy for å ta best mogleg vare på dei menneskelege ressursane i verksemda. IA-funksjonsvurdering: Ei samtale om arbeid kva er mogleg? er eit samtaleverktøy til bruk på arbeidsplassen, mellom leiar og tilsett. Føremålet med ei samtale er å sikre aktive arbeidstilhøve i staden for passivt sjukefråvær eller for tidleg pensjonering.ved å fokusere både på kva som kan tilretteleggast på arbeidsplassen og korleis arbeidstakar kan medverke, kan samtalen synleggjere nye løysingar. Bakgrunnen for samtala kan være funksjonsvanskar, sjukdom, alder eller andre tilhøve, uavhengig av om arbeidstakar er sjukmeld. Både arbeidstakar og arbeidsgjevar kan ta initiativ til samtala. Ved sjukmelding som strekkjer seg over fleire veker, er leiar og tilsett pålagde å samarbeide om ein skriftleg oppfølgingsplan. Då kan dette samtaleverktøyet være eit godt utgangspunkt. I andre situasjonar kan oppfølgingsplanen være nyttig for å konkretisere det ein blir samde om. Dere finn eit døme på oppfølgingsplan på nav.no. Samtaleverktøyet er bygd opp rundt tre kjernespørsmål det er viktig å få svar på. Spørsmåla er stilte i ei bestemt rekkefølgje, for å sikre at samtala går via kartlegging før ein kjem fram til løysingane: 1. Korleis er arbeidsdagen? 2. Er det tilhøve som bør og kan endrast? 3. Kva er vi samde om?
De finn eit døme på oppfølgingsplan på na.no 1. Korleis er arbeidsdagen? Føremålet med dette spørsmålet er å sirkle inn dei områda som er viktige for arbeid framover ikkje å gje ei mest mogleg detaljert skildring.det er viktig at arbeidstakar og arbeidsgjevar har ei felles forståing av situasjonen, slik at tiltak som blir valde blir målretta og meiningsfulle. Å skildre ein vanleg arbeidsdag, frå byrjing til slutt, kan være fornuftig for å sikre at alle viktige forhold kjem fram. Nokre gonger kan tilhøve utanfor jobben skape eller forsterke problema, eller gjere at tiltaka ikkje får den ønska verknaden. I så fall er det om å gjere å få fram også dette. Denne delen av samtala føreset at partane er trygge på og fortrulege med føremålet med samtala. Døme på spørsmål som kan skildre arbeidsdagen: Kva går bra og kva er vanskeleg? oppgåver arbeidstid samarbeid Kva med trivsel? arbeidsmiljø arbeidslyst Har tiltak vore prøvd tidlegare? kva har fungert kva har ikkje fungert Er det andre tilhøve som påverkar arbeidssituasjonen? på arbeidsplassen utanfor arbeidsplassen Eigne notat:
2. Er det tilhøve som bør og kan endrast? Føremålet med dette spørsmålet er å finne fram til konkrete løysingar. Eit tips for å kome vidare frå kjernespørsmål 1 om arbeidsdagen og å føre samtala i riktig retning, kan være å spørje: Kva skal til for at? Ta utgangspunkt i dei utfordringane som blei avdekka i skildringa av arbeidsdagen, og drøft moglege løysingar. Det viktige er å finne fram til kva som er ønskeleg og kva som er mogleg for å gjere situasjonen betre, ikkje å formulere tiltak på flest mogleg område. Fokuser både på kva som kan tilretteleggast på arbeidsplassen og korleis arbeidstakar kan medverke. Døme på spørsmål som kan stillast: oppgåver arbeidsinnhald arbeidstid tidskrav tempo organisering av arbeidet samhandling med andre status verdsetting tilbakemelding frå leiar informasjonsrutinar sosialt miljø haldningar kultur kompetanse den fysiske utforminga på arbeidsplassen... tekniske hjelpemiddel andre tilhøve som verkar inn på arbeidssituasjonen eigne notat:
// IA - Funksjonsvurdering 3. kva er vi samde om? Føremålet med dette spørsmålet er å sikre at leiar og tilsett avklarer kva ein har blitt samde om gjennom samtala. Kanskje fører samtala til konkrete tiltak, kanskje er det i første omgang semje om ei ny samtale. Følgjande punkt bør avklarast: Tiltak førebelse eller permanente Eventuell trong for vidare avklaring Eventuell trong for hjelp frå andre Kven gjer kva Tidsfristar for gjennomføring av tiltaka Tidspunkt for vidare oppfølging Det er tilrådd å skrive ned kva som skal skje vidare, gjerne i ein oppfølgingsplan. eigne notat:
Oppfølgingsplan Ein oppfølgingsplan skal utarbeidast av arbeidstakar og arbeidsgjevar i fellesskap. I alle situasjonar der tilrettelegging av arbeidet blir diskutert, kan det være nyttig å skrive det ein er samde om ned i ein oppfølgingsplan. Med mindre det openbert ikkje er naudsynt, skal det utarbeidast oppfølgingsplan i samband med sjukmeldingar som varer i seks veker eller meir (jfr. Arbeidsmiljølova 4-6 tredje ledd). Ved søknad om verkemiddel frå NAV bør oppfølgingsplanen kopierast og sendast til NAV lokalt. NAV lokalt kan etterspørje oppfølgingsplanen etter seks veker og skal etterspørje han etter 12 veker. Nærmare detaljar kan du finne på nav.no eller ved å vende deg til NAV der du bur. Gode råd for samtala Førebuingar Førebu dykk på kjernespørsmåla på førehand Tenk over kva som skal til for å sikre eit aktivt arbeidstilhøve Vær open og innstilt på nye løysingar Sett ei tidsramme, men ha god tid og syt for at de ikkje blir forstyrra av telefonar og anna Gjennomføring av samtala Klargjer forventningar til og føremålet med samtala Bruk opne spørsmål det vil seie spørsmål som tek til med kva, kven, korleis og når og unngå spørsmål der svara blir ja/nei Ikkje bruk for mykje tid på å snakke om det som ikkje fungerer fokuser på «kva som skal til for at» Still oppfølgingsspørsmål for å unngå mistydingar Respekter kvarandre sin oppleving av situasjonen og hjelp kvarandre til å sjå kva som kan være mogleg Vis vilje til endring, nytenking og utprøving av moglegheiter Utgitt av: Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5 St.Olavs plass 0130 OSLO www.nav.no Andre opplysningar Plikter og rettar Begge partar må medverke for å finne løysingar som er bra for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Ei god samtale krev eit klima av gjensidig respekt og positive haldningar. Begge partar er forplikta til å samarbeide om løysingar på arbeidsplassen. Dette går fram av arbeidsmiljølova kapittel 2 om pliktane til arbeidstakar. Arbeidstakarens rett til å medverke blir regulert i 2-3, og arbeidsgjevars plikter på området følgjer òg av 2-1 og 3-1, 4-2 og 4-6. Plikta til samarbeid følgjer òg av folketrygdlova 8.7 og 8.8 og pliktene til arbeidstakar og behandlande lege. Plikta til å utarbeide oppfølgingsplan blir omtala i arbeidsmiljølova 2-3 andre ledd bokstav f og 4-6 tredje ledd. Arbeidstakar må opplyse om funksjonsevne, arbeidsmoglegheiter og kome med forslag til kva som kan gjerast for å oppretthalde arbeidstilhøvet, slik at arbeidsgjevar kan leggje til rette arbeidet. Det er inga plikt til å gje opplysningar om private og medisinske tilhøve. Sjukdom er ei privatsak, men sjukefråvær vedkjem arbeidsplassen. Opplysningar av fortruleg karakter som kjem fram i samtala, skal ikkje takast vidare utan at begge partar er samde. Hjelp og bistand Arbeidstakar og arbeidsgjevar kan gjerne gjennomføre samtala utan hjelp, men det er høve til å ta med andre. Arbeidstakar kan ta med seg ein kollega, verneombod eller tillitsvald. Eventuelt kan også bedriftshelsetenesta, NAV arbeidslivssenter eller NAV lokalt bidra. Rolla til behandlande lege Legen eller annan behandlar som har rett til å sjukmelde, skal vurdere om arbeidstakaren kan være på jobb, heilt eller delvis. Der arbeidstakar og arbeidsgjevar er usikre på om arbeidsoppgåvene er medisinsk forsvarlege, har legen ei viktig rolle. Legen kan hjelpe med tryggleik til aktivitet og støtte dialogen på arbeidsplassen. Dersom arbeidstakar ønskjer det, kan legen eller annan behandlar som har rett til å sjukmelde, bli med på dialogmøte som arbeidsgjevaren innkallar til etter seinast 12 veker sjukmelding. HUGS: I den gode samtalen er spørsmåla like viktige for løysing som svara LYKKE TIL! Meir informasjon kan du få hos NAV arbeidslivssenter i fylket ditt, sjå òg nav.no September 2007 Opplag 10.000 Trykkeri: Stavanger Offset AS NDU ISBN 978-82-551-2024-7