sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak."

Transkript

1 Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått presentert i dag føre til ny politikk og nye tiltak? Funna stemmer i stor grad over eins med dei signala vi stadig får frå medlemsorganisasjonane og gjennom dei mindre og kvalitative undersøkingane vi sjølve har gjort. Tala frå FAFO stadfestar ei gamal sanning: Informasjon fungerer! Dei som kjenner regelverket, dei som har sett seg inn i IA-måla og tiltaka, og ikkje minst dei som allereie har ein arbeidstakar med nedsett funksjonsevne, arbeider i større grad aktivt for å rekruttere fleire frå denne gruppa. Det er ingen tvil om at vi må intensivere innsatsen for at arbeidslivet i større grad blir opna opp for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne bidra. Til det må alle bidra, men dei første og største grepa er det staten som må ta. Forenkla og populistisk sagt oppsummerer neste foil status for dagens verkemiddel. Tala illustrerer at styresmaktene må gjere meir for at arbeidsgjevarane skal få kunnskap om regelverket, og for å gjere det enklere å oppfylle pliktene som ligg i dette. Dei er ikkje der for å plage næringslivet, men for å sikre at meir av den samla kompetansen i samfunnet blir brukt, i alles interesse. Utforming og gjennomføring må skje deretter.

2 Riksrevisjonen kunne i fjor kunne fortelje om store variasjonar mellom fylka i bruken av tilretteleggingsgarantien, både i mengd og i kva grupper som får dette tilbodet. NAV-kontora brukar ulike kriterium, og følgjer opp i svært ulik grad. NAV treng tilstrekkeleg med ressursar og medfølgjande signal om å prioritere oppfølging av arbeidsgjevarane. Dette er ekstra viktig fordi tala i dag fortel at enkle, fleksible og tilgjengelege verkemiddel er viktigare enn dei økonomiske. Arbeidsgjevarar ser at kompetansen til arbeidstakaren er den viktigaste innteningsfaktoren. Vi ser mykje positivt i haldningane hos fleirtalet av arbeidsgjevarane. Vi er likevel litt undrande til at kun ti prosent vil tilsetje ein person med nedsett funksjonsevne dersom to kandidater elles har like kvalifikasjonar. Meiner verkeleg det store fleirtalet av arbeidsgjevarat at personar med funksjonsnedsetting må vere endå betre kvalifisert for å bli tilsett? Dette tyder på at personar med nedsett funksjonsevne står svakare i arbeidsmarknaden. (NHO, Virke) Sist veke fekk vi ny IA-avtale på plass: Det har gått trått på vegen mot delmål 2, men tala i dag viser at IA har gjort sitt til at vi har kome nokre steg på vegen, og at spissing av IA mot ungdom er ein spennande strategi. Det er krevjande å få sin første, faste jobb eller for den del lærlingeplass og å overtyde ein arbeidsgjevar om å satse på ein nyutdanna utan alt for mykje erfaring. Vi veit også at kostnaden på sikt er langt høgare for den enkelte og for storsamfunnet når ein ungdom ikkje får brukt restarbeidsevnen, enn ein femti- eller 2

3 sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Mykje av debatten om å få fleire frå grupper med svak stilling på arbeidsmarknaden inn i arbeid, ikkje minst i grannelandet Sverige, har handla om midlertidigheit: Vi trur det er viktigare å senkje terskelen for å tilsetje enn for å seie opp! Det er ikkje mangel på prosjektstillingar, engasjement og vikariat i dag, og det er heller ikkje vanskeleg for arbeidsgjevarar å opprette denne typen stillingar. Kva meiner vi må til? Vi har allereie nemnt dei tre viktigaste tiltaka: Informasjon, informasjon og informasjon, og vi har vore innom forbetra IA-avtale. Men det offentlege må også som arbeidsgjevar må gå foran med fleire gode eksempel. Kunnskap og synlegheit førebyggjer fordomar. Riktignok er staten flinkare enn både fylka, kommunane og private, men det er mange regionar utan særleg mange statlege arbeidsplassar. Fylka og kommunane må få ressursane og verktøya dei treng for å vere rollemodellar for private verksemder i heile landet. Mange med funksjonsnedsettingar bruker fleire offentlege velferdstilbod, og må bruke tid på å koordinere og administrere desse, og passe på at ikkje bruk av eitt tilbod diskvalifiserer for eit anna. Her må staten ta ansvar for koordinering og avbyråkratisering, og sikre at både arbeidstakar og arbeidsgjevar i størst muleg grad får ei nettside, eit telefonnummer og ei dør å forhalde seg til, og slik at det aldri er ulønsamt å utnytte restarbeidsevne. 3

4 Så må vi heller ikkje gløyme å sjå denne undersøkinga i samband med andre undersøkingar. Så seint som førre veka la BUFdir fram tal som viser at utdanning er endå viktigare for jobbmulegheitene til personar med fysisk funksjonsnedsetting enn for andre ungdommar. Dette stemmer godt med våre erfaringar frå sommarjobbprosjektet vi gjennomførte for ei tid sidan. Berre ein av tre med fysisk funksjonsnedsetting i denne undersøkinga er i jobb. (SSB har eit noko høgare, men likevel alt for lågt tal, ca 42 prosent.) Lågare utdanning peikar seg ut som årsaka til at denne gruppa har lågare inntekt enn andre og i liten grad får auka inntekt etter fylte 30 år. Vi har tidlegare sett tal frå NOVA som viser at innstrammingar i 2002 og 2004 førte til at færre unge fekk tilbod om utdanning som arbeidsretta tiltak i NAV, og til at færre har overgang frå utdanning til arbeid enn før. Innstrammingar som i praksis gjer det vanskelegare for enkeltmenneske å kome i arbeid, fører til høgare, ikkje lågare utgifter for fellesskapet. Vi håpar arbeids-, sosial-, kunnskaps- og helsepolitikarane merker seg både rapporten vi har fått på bordet i dag, og tala vi fekk hos BUFdir førre veka. Vi veit likevel framleis for lite om kva slags tiltak som fungerer, og debatten er både politisert og polarisert. Her finst det enkelte eksempelsamlingar og mindre, kvalitative undersøkingar, nokre av dei gjennomført av oss. Vi treng fleire tal! Ikkje minst treng vi meir kunnskap om effektane av konkrete eksisterande tiltak. Her er det viktig å hugse at dei funksjonshemma er ei svært mangfaldig gruppe, og at funksjonshemmingar ikkje alltid er fysiske, og ikkje alltid er 4

5 synlege. Vi treng meir talbasert kunnskap også spesifikt om arbeidssituasjonen for blant anna unge med psykiske vanskar, kroniske sjukdomar og sjeldne diagnosar. Noko veit vi, som at god informasjon, tidleg innsats, individuelt tilpassa opplegg og meir oppfølging fungerer betre enn det motsette. Det inneber ofte lengre og meir reelt kvalifiserande tiltaksløp, raskare tilgjengeleg tilrettelegging og høgare ungdomskompetanse hos NAV. Vi trur også tilbod om høgare utdanning til fleire er vegen å gå. Unge funksjonshemmede oppfordrar både politikarar, embetsverk og forskarar til å ta organisasjonane i bruk, for samarbeid, ny kunnskap, erfarings- og informasjonsutveksling. Vi sit på førstehandserfaringar og har direkte kontakt med enkeltmenneska som gøymer seg bak statistikkane og tala vi har fått lagt fram i dag. Vi representerer 32 medlemsorganisasjonar, medlemar og ei rad ulike diagnosar, tilstander og gradar av funksjonsnedsetting. Vi jobbar kontinuerleg med ei rad ulike forsøks- og utgreiingsprosjekt, saman med store og små aktørar på arbeids-, helse- og velferdsområda. Nøl ikkje med å kontakte oss om du og di verksemd treng kunnskap, representativ erfaring eller kreativt engasjement. 5