Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne"

Transkript

1 Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

2 Ein døropnar til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidarar er velkomne hos dei fleste arbeidsgivarar. Men unge med nedsett funksjonsevne er ikkje alltid like ønskte. Det er synd. Vi har alle interesse av at flest mogleg skal finne ein plass i arbeidslivet. Først og fremst handlar det om å gi unge med nedsett funksjonsevne ein sjanse til å prøve seg. No har NAV fått fleire verkemiddel som skal gjere det enklare for deg som arbeidsgivar å gi dei sjansen. Dei treng ein døropnar inn i arbeidslivet.

3 Ei kjelde til god arbeidskraft Unge med nedsett funksjonsevne har store ressursar. Mange har kompetanse, pågangsmot, innsatsvilje og ei breidd i bakgrunn og livserfaring som kan tilføre verksemda di noko nytt. Det kan vere ulike årsaker til at unge med nedsett funksjonsevne har utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden. Nokre manglar kanskje arbeidserfaring, andre kan ha avbrote utdanninga, eller dei kan ha fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar eller sjukdommar som har hindra dei i å få vist kva dei kan. I tillegg overser mange arbeidsgivarar kompetansen dei unge står for, av frykt for at det skal medføre for mykje ansvar å engasjere dei. Foto: Snøball Film

4 Ein vinn-vinn-situasjon Som arbeidsgivar kan du rekruttere ein medarbeidar som kan tilføre arbeidsmiljøet i bedrifta positive verdiar og vere eit bidrag til ein god sosial profil. Med litt innsats i starten kan dei unge bli ein verdifull ressurs for verksemda i lang tid framover. Samtidig gir du eit ungt menneske ein sjanse til å komme i arbeid, utvikle seg og bruke evnene sine.

5 Kva er problemet? Det er utan tvil mange som har fordommar mot å tilsetje ein person med ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing. Ofte kjem desse haldningane av mangel på kunnskap. Her er nokre av dei vanlegaste motførestellingane: Vi har ikkje ressursar til oppfølging Ved NAV Arbeidslivssenter er arbeidslivscoachen og IA-rådgivaren (for IA-verksemder) klare til å gi deg den praktiske hjelpa du treng for å gi eit ungt menneske sjansen til å få ein jobb. NAV-kontoret vil sørgje for å følgje opp den tilsette. Ein fast kontaktperson frå NAV vil gjennom ein eigen tilretteleggingsgaranti sikre tett oppfølging, hjelpe til med tilrettelegginga og eventuelt avvikle forholdet dersom det ikkje går bra. Vi får auka kostnader Det å leggje til rette ein arbeidsplass for ein som har ei funksjonsnedsetjing, kan nokre gonger medføre ekstra kostnader i ein periode. Men her kan NAV bidra både økonomisk og praktisk, slik at bedrifta ikkje får unødige kostnader.

6 Bedrifta kan få dårleg omdømme Erfaring viser at det som regel er motsett. Det er mange, både kundar og andre samarbeidspartar, som set stor pris på at ei bedrift tek samfunnsansvar og tenkjer nytt. Eit slikt engasjement er bra for omdømmet til bedrifta. Foto: Norges Blindeforbund Det går ut over produktiviteten Mange unge med nedsett funksjonsevne er motiverte og kan jobbe like effektivt som andre. Enkelte har sjølvsagt redusert eller variabel arbeidsevne. Dersom det er behov for ekstra investering og oppfølging i startfasen, kan NAV vere med på å kompensere for det med lønnstilskot, oppfølging eller andre verkemiddel. Nettbrett eit nyttig hjelpemiddel for mange synshemma

7 Tre historier NAV gjer mykje av jobben. Vi gir dei ein arena På Sandvika Storsenter er det 2500 arbeidsplassar. Då NAV tok kontakt med oss, tenkte vi at nokre av butikkane våre måtte kunne ta i eit tak for å gi unge ein plass i arbeidslivet, seier senterdirektør Carl Nico Nicolai L. Vold. 55 butikkar har meldt seg på prosjektet, men det er jo ikkje like lett å finne gode kandidatar til alle. Nokre passar godt i varehandelen, andre ikkje. NAV har jobba for å finne den rette personen til den rette butikken. 20 av butikkane har hatt praksisplassar, og så langt har to kandidatar fått fast jobb. Nokre har fått fast jobb ein annan stad etter å ha hatt praksis her, og nokre har fått praksisperiode der dei er. Som eit stort handlesenter har vi ein plass i samfunnet som vi må ta vare på. Kan vi hjelpe nokon tilbake i jobb, skal vi gjere det.

8 Det er godt med ein kvardag som eg kjenner Eirik er av dei som kom i jobb gjennom samarbeidsprosjektet mellom NAV og Sandvika Storsenter, og er ein av 94 tilsette på Lefdals varehus her. Eg tenkte at dette ville vi vere med på, seier varehussjef Tore Lunde. Men vi kunne ikkje ta på oss å drive med kartlegging og jobbavklaring. Vi måtte ha kandidatar som var silte, og som vi trudde kunne fungere og ha det bra hos oss. Den jobben blei gjord gjennom eit samarbeid mellom NAV og Reaktorskolen, som kartla kandidatar og alternativ. Eirik jobbar i supportsenteret. Der gjer han dagen betre for kundar som har problem med programvaren på PC-en sin, eller som ønskjer å få sett opp maskina og ikkje har kompetanse til det sjølv. Han fungerer veldig bra i jobben og er svært populær blant kollegaene sine, fortel Tore.

9 Eirik har Aspergers syndrom og vil gjerne ha faste rammer og ein kvardag som han kjenner. Den einaste tilrettelegginga som er gjord i arbeidssituasjonen hans, er at han slepp å jobbe skift. Eg treng ein kvardag med fast arbeidstid frå 8 til 16 og få kollegaer å ta omsyn til. For meg er fire kollegaer passeleg mange å jobbe saman med. NAV tilbyr ein del økonomisk støtte som vi ikkje har gjort oss nytte av, seier Tore. For oss er det meir enn nok motivasjon at vi kan vere med på å få ungdom i arbeid. Det gjeld å avklare den rette kandidaten på førehand, og den jobben overlèt vi til NAV.

10 Gode hjelpemiddel gir fleire moglegheiter. Isbjørnen gjer lyd om til lys. Eit fleirspråkleg arbeidsmiljø er veldig spennande! Ingunn har jobba som arkivar i Tollregion Oslo og Akershus sidan Tollvesenet har lenge hatt ein inkluderande praksis. Alle som har ei funksjonsnedsetjing, skal kunne søkje jobb på lik linje med andre. Ingunn har vore døv heile livet, og det var i utgangspunktet ei utfordring for henne å skulle begynne å jobbe. Eg var sjølvsagt spent på jobben, men aller mest på korleis kommunikasjonen skulle gå for seg mellom meg og dei eg skulle jobbe saman med. Eg tenkte òg at slike ting som møte og medarbeidarsamtalar ville bli vanskeleg når ingen kunne teiknspråk. Samtalen går lett over bordet ved hjelp av døvetolken frå NAV. Når det er spesielle behov, som kurs og større møte, tek vi inn tolk, seier

11 Trond-Eirik Hansen. Han er Ingunn sin nærmaste overordna. Då Ingunn skulle begynne, var det jo litt uvant i miljøet vårt òg, men NAV la veldig godt til rette for at det skulle bli ein smidig overgang. Det blei halde dagskurs i teiknspråk for alle medarbeidarane, slik at vi lærte dei grunnleggjande kvardagsteikna. Éin fekk i oppgåve å vere fadder for Ingunn og blei kursa litt ekstra. Ingunn er klar på at døve kan jobbe like bra som høyrande. Det gjeld å rette merksemda mot det ein kan, og ikkje mot hindringane. Og så er det viktig å vere open omkring situasjonen. Då er det ikkje mange hinder for å kunne gjere ein god jobb. I starten syntest eg det var vanskeleg, smiler Ingunn, men no trivst eg veldig godt på jobben! Det er viktig å kunne prate med kollegaer og kunne ta del i sosiale aktivitetar, og det går bra. Litt teiknspråk, litt kroppsspråk og litt skriving på lappar. Folk kommuniserer på forskjellige måtar, og det er veldig hyggjeleg. Ingunn har fleire avanserte hjelpemiddel som gir henne større spelerom. Til dømes ein teksttelefon der tale blir til tekst via tolketenesta, og ein tale-pc som gjer teikn til tale og tale til tekst. Det er NAV som ber kostnadene for desse hjelpemidla.

12 Det er greitt med leiarar som det går an å prate med. Når du blir forstått og respektert, går alt mykje lettare Stian plukkar varer til butikkar på ASKO-lageret, ein jobb han trivst med og har hatt i ni år. Han har ei kronisk psykisk liding som gjer at han slit i periodar. Men nokre enkle tilpassingar gjer at han fungerer veldig bra i ein fulltidsjobb. Det er krav til oss som plukkar, om kor mykje vi skal produsere, seier Stian. Leiaren min ser av og til litt bort frå det kravet. Dersom eg slit og treng å ta det litt pent, er det ingen spørsmål om det. Og dersom eg har hatt ei dårleg natt, er det greitt at eg kan komme litt seinare.

13 Det er mykje betre at du kjem og yter innanfor dei rammene du kan, seier Inger Ødegård, personalkonsulent med spesielt ansvar for inkludering, nærvær og fråvær. Noko av grunnen til at det fungerer så godt, er at du sjølv har vore open om problema dine. Når du er open, er det mykje lettare å hjelpe. Openheit er eigentleg heilt avgjerande. Dersom du har ein god leiar som du har respekt for, og som bryr seg, er det mykje lettare å vere open, seier Stian. Leiaren min har alltid tid til meg, og vi pratar saman kvar dag. Men sjølvsagt ikkje alltid om dette! Vi er jo veldig mange her, så dersom eg har ein dårleg dag, er det vel kanskje nokon som tenkjer sitt. På ASKO-lageret er det høgt tempo og stor trafikk. Du skal få vere i fred med diagnosen din, seier Inger. Den er det ingen som har noko med. Ingen av leiarane våre har fleire tilrapporterande enn at dei rekk å sjå og følgje opp kvar enkelt i teamet. Det er viktig å bli sett, og det er ikkje lov å gøyme seg bort. Vi jobbar heile tida med at alle har ansvar for å vere gode kollegaer for kvarandre. Vi er kvarandre sitt arbeidsmiljø.

14 Vi og arbeidsgivarane må spele på same lag for å få fleire unge med nedsett funksjonsevne i arbeid. Arbeidsminister Anniken Huitfeldt Foto: Snøball Film Du får hjelp til å ta ansvar NAV har gjennom jobbstrategien som regjeringa lanserte i 2011, fått endå fleire verkemiddel og tiltak som skal gjere barrierane for å tilsetje eller prøve ut unge med funksjonsnedsetjingar mindre. Mellom anna er det no arbeidslivscoachar ved NAV Arbeidslivssenter i kvart fylke. Dei skal saman med NAV-kontoret og NAV Hjelpemiddelsentral hjelpe verksemder som ønskjer å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne.

15 Dette kan arbeidslivscoachen hjelpe med Rettleie arbeidsgivaren i prosessen med å ta imot ungdom Informere verksemda om kva dei bør tenkje på ved rekruttering Opplyse om korleis NAV kan hjelpe til med å finne dei rette kandidatane Informere om moglege støtteordningar og verkemiddel frå NAV Informere om tilrettelegging Informere om tilretteleggingsgarantien til NAV, som gir ein fast kontaktperson i NAV og samordna hjelp etter behov Støtte og rettleie arbeidsgivaren i krevjande enkeltsaker Gi kunnskap og kompetanse om kva verksemda kan gjere for å få vere ein god arbeidsplass for alle

16 Seks gode råd ved utprøving eller tilsetjing: Ha eit oppstartsmøte på førehand, slik at den tilsette kan gjere seg kjend med arbeidsplassen. Gi den nytilsette ein fadder som kan vere ein ekstra god kollega. Praktiske og organisatoriske tilretteleggingar skal vere på plass på førehand. Gi tydelege og positive tilbakemeldingar når du synest at noko er bra, og gi konstruktiv kritikk når noko må endrast. Ha korte og regelmessige oppfølgingssamtalar og gi gradvis større ansvar og oppgåver. Avklar forventingane til dei andre tilsette på førehand. Det nærmaste NAV-kontoret Arbeidslivscoachen og IA-rådgivaren* ved NAV Arbeidslivssenter i fylket ditt Du kan søkje etter aktuelle kandidatar og leggje ut stillingsutlysing på Vil du lese om andre verksemder som har tilsett personar med nedsett funksjonsevne? Sjå Her får du meir informasjon *for IA- verksemder

17 ludensreklame.no Jobbstrategi for personar med nedsett funksjonsevne

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsatt funksjonsevne

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsatt funksjonsevne Jobbstrategien KLAR FOR JOBB unge med nedsatt funksjonsevne En døråpner til arbeidslivet Unge, positive og motiverte medarbeidere er velkomne hos de fleste arbeidsgivere. Men unge med nedsatt funksjonsevne

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

11 Eg i arbeidslivet

11 Eg i arbeidslivet 11 Eg i arbeidslivet Arbeidsmarknaden Arbeidsmarknaden er stadig i utvikling. Ein kan rekne med å måtte skifte yrke fleire gonger gjennom ein arbeidskarriere. Arbeidsmarknaden blir meir internasjonal.

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten 2014. Kurstilbod for IA-verksemder NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane IA-kurs hausten 2014 Kurstilbod for IA-verksemder // Kurskatalog høsten 2014 Velkomen til kurs med NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane Gratulere med ny IA-avtale!

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal

Detaljer

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Sluttrapport Utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune www.sfj.no 1. Innleiing Prosjektnamn: Kartlegging

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta Til turnuslegane i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta Sosial- og Helsedepartementet har sett i gang tiltak for å betre rekrutteringa til primærhelsetenesta

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet Side 1 av 6 1. Formål Denne prosedyren skal sikre at det kvart år blir sett i verk minimum eit tiltak for å betre det mellommenneskelege. Mellommenneskelege problemstillingar bør i størst mogeleg grad

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Søknad Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Kort b eskrivelse Framtidsfylket vil i 2016

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR Vedteke i arbeidsmiljøutvalet 23.11.2015 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 15/733-8 7952/15 044 FSK/PER/LIER Innhaldsliste

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan

Detaljer

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Styresak Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato: 30.01.2006 Sakbehandlar: Saka gjeld: Hilde Rudlang Fokusområde 2006 Styresak 014/06 B Styremøte 08.02. 2006 Bakgrunn Formålet med fokusområde

Detaljer

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE Side2 INNHALD: 1. INNLEIING... 3 1.1 K-LEAN i Etne kommune... 3 1.2 HENSIKTA MED LEAN... 3 1.3 GEVINST... 3 2. ESSENSEN I LEAN... 4 3. LEAN FØREBUING...

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt + Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt Om skulekonserttilbod for spesialskular Masteroppgåve musikkterapi levert våren 2012 Randi-Merete Roset + «Plutseleg er det ein som ikkje har hatt noko lyd som byrja

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Demens i familien. Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Demens i familien Demenskonferansen 2015 12.mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda Korleis er det å leve med demens i familien? Finst mykje kunnskap

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring Samarbeidsavtale mellom Hordaland Fylkeskommune og NAV Hordaland Avtalen gjeld fordeling av ansvar mellom partane

Detaljer

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. All på melding til individuelle renn skjer via «Min idrett»: https://minidrett.nif.no/ Når det gjeld stafettar, er det Trude som må melda på. Send då melding

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg? Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg? Geitegedagene 2015 Harald Volden, TINE Rådgiving Mjølkeprodusentens utfordringer Økt krav til kompetanse og profesjonalisering TINE Rådgiving sin ambisjon

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 03.03.2010 Tid: 09:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Vinje kommune. Sluttrapport

Vinje kommune. Sluttrapport Vinje kommune Sluttrapport 28.05.2008 Innhold 1. Sammendrag... 3 2. Gjennomføring i henhold til prosjektplanen... 3 3. Målrealisering... 4 4. Prosjektorganisering... 5 5. Erfaringer som samspill kommune...

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no Omdømme Helse Vest Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RH Om undersøkinga I Respondentar: Politikarar i stat, fylke og kommunar, embetsverk for stat, fylke og kommunar, og andre respondentar

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.7 29.05.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Forsand kommune Personalkontoret

Forsand kommune Personalkontoret Forsand kommune Personalkontoret Saksbeh Ref. Arkivkode Dato: Siw Kristin Sundheim 10/750-10 /K1-401 18.05.2011 RUTINE FOR ROS-ANALYSE VED OMSTILLING I FORSAND KOMMUNE ROS-analyse ulike typar risiko 1

Detaljer