Planprogram for Kommunedelplan for Olden
|
|
- Kathrine Hanssen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Stryn kommune 2014 Planprogram for Kommunedelplan for Olden Planstrategi Samfunnsdel Handlingsdel/Økonomiplan Arealdel Kommunedelplan Kommunestyret Sak 11/1459 Dokument 4
2 2
3 INNHALD 1. Innleiing Gjeldande kommuneplan Kommunal planstrategi Planprogram Konvertering av plan til ny plan- og bygningslov Reguleringsplanar 4 2. Rammer for planarbeidet Nasjonale retningsliner Regionale føringar Kommunale planar 5 3. Planarbeidet Hovudformål Areal for bygg og anlegg Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur Bruk og vern av sjø og vassdrag Omsynssoner Planavgrensning 8 4. Alternative løysingar Hamneutbygging med tilhøyrande infrastruktur 9 5. ROS-analyse Konsekvensutgreiing Kunnskapsgrunnlaget Metode Utgreiingstema Planprosessen Organisering Medverknad Framdriftsplan 13 3
4 1. INNLEIING 1.1. GJELDANDE KOMMUNEPLAN Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet, og førande for utviklinga i kommunen. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen vart sist revidert i Arealdelen skal vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Arealdelen er juridisk bindande, og omfattar plankart, planomtale og føresegner. Plankartet skal vise hovudføremål og omsynssoner for bruk og vern av areal. Heile arealdelen vart revidert i 2006, og omfatta då hovudkart + 13 geografiske kommunedelplanar. Kystsoneplan vart utarbeidd i Kommunedelplan for Bøasetra-Ullsheim vart revidert i 2012, og Loen sentrum i Revisjon av kommunedelplan for Langeset-Stryn-Storesunde pågår KOMMUNAL PLANSTRATEGI Kommunestyret vedtok planstrategi for i september Planstrategien klargjer kommunen si prioritering av planarbeid i inneverande kommunestyreperiode. I planstrategien er revisjon av kommunedelplan for Olden prioritert nest høgast, etter Stryn sentrum. Bakgrunnen for dette er behov for auka kapasitet for cruisetrafikk, både kai og tilhøyrande infrastruktur på land. Framtidig løysing bør avklarast gjennom revisjon av kommunedelplan for Olden PLANPROGRAM For alle kommuneplanar skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, kva for alternativ som vil bli vurdert samt behovet for utgreiingar. Planprogrammet blir fastset av kommunestyret KONVERTERING AV PLAN TIL NY PLAN- OG BYGNINGSLOV Gjeldande kommunedelplan stettar ikkje dagens krav til planutforming. Dette gjeld både kommunedelplanen for Olden og kystsoneplanen. Alle liner og flater blir rekonstruert i samsvar med ny plan- og bygningslov. Dette fører mellom anna til nye formål og innarbeiding av omsynssoner REGULERINGSPLANAR Etter revisjon av kommunedelplan for Olden i 2006 er det gjort nokre nye viktige arealdisponeringar på detaljplannivå. Dette gjeld spesielt Statens vegvesen sin reguleringsplan for strekninga Ugla- Skarstein på fv 60, men det blir også teke omsyn til andre gjeldande reguleringsplanar i planområdet. 4
5 2. RAMMER FOR PLANARBEIDET Planarbeidet er styrt av plan- og bygningslova av Planen vil bli utforma innanfor nasjonalt lovverk, forskrifter, statlege og regionale mål og retningsliner NASJONALE RETNINGSLINER Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging vart vedteken ved kongeleg resolusjon 24. juni Dokumentet handlar om kva regjeringa forventar at statlege mynde, fylkeskommunane og kommunane skal ta omsyn til i planlegginga. I plan- og bygningslova er det sett opp ein del nasjonale oppgåve som kommunen må ta omsyn: Setje mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i kommunar og regionar, avklare samfunnsmessige behov og oppgåve, og seie korleis oppgåvene kan løysast Sikre jordressursane, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø Sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøving og samfunnsliv Leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling Leggje til rette for god forming av bygdeomgjevnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår Fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjell, samt bidra til å førebyggje kriminalitet Ta klimaomsyn gjennom løysningar for energiforsyning og transport Fremje samfunnssikkerhet ved å førebyggje risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar mv REGIONALE FØRINGAR Sogn og Fjordane fylkeskommune som regional planstyresmakt har vedtatt fleire planar som òg er retningsgjevande for kommunal planlegging. Dette er mellom anna følgjande: Fylkesplan «Vegen vidare for Sogn og Fjordane» Regional transportplan Sogn og Fjordane (under utarbeiding) Regional plan for verdiskaping (under utarbeiding) Regional plan for folkehelse (under utarbeiding) Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal følgje opp statlege vedtak, mål og retningsliner KOMMUNALE PLANAR I samband med revisjon av samfunnsdelen vil det bli lagt ein del føringar som må takast omsyn til i kommunedelplan for Olden. I tillegg vil mellom anna følgjande interkommunale og kommunale planar gje føringar for planen: Samla utviklingsplan for Indre Nordfjord som reisemål Kommunedelplan for bygningsvern Kommunedelplan for differensiert forvaltning av Stryne-, Loen- og Oldenvassdraget Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Kommunedelplan for kultur
6 3. PLANARBEIDET 3.1. HOVUDFORMÅL Hovudformålet med planrevisjonen er fastsetjing av korleis det skal tilretteleggast for ein berekraftig kapasitet for cruisetrafikk, samt å setje av areal for dette. Men det er også andre tema for revisjonen, jamfør kap Bakgrunn Det første flytande hotell kom til Indre Nordfjord i 1896, og innleia cruiseaktiviteten i Nordfjord/ Geirangerområdet. Dei første åra var det ilandstiging i Loen, og tur gjennom Lodalen til Kjenndalsbreen. Etter Lodalsulukkene i 1905 og 1936 vart tyngda av cruisetrafikken flytta til Olden. Frå kaia i Olden kan turistane i dag velje mellom mange utflukter, Briksdalsbreen er for tida det mest nytta tilbodet. Naturopplevingar og rekreasjon har alltid stått sentralt for turistane sine besøk til området. Fram til 1991 føregjekk all ilandstiging med tenderbåtar. I 1991 var det 27 skipsanløp til Indre Nordfjord. Desse ankra opp på Oldenbukta. I samarbeid med Nordfjord Service Terminal bygde Stryn kommune i 1992 ei 120 meter lang cruisekai i Olden. I 2003 vart ansvaret for kaia overført til Nordfjord Havn IKS. Kaia har hatt jamt aukande trafikk, både i tal anløp, i storleik på skipa og i tal passasjerar. For 2013 er det planlagt 93 skipsanløp til Olden, største skip er på BT og er 339 meter langt. Utfordringa Denne utviklinga held fram, og kaia handterer skip som er vesentleg større enn det kaia opprinneleg var dimensjonert for. Dette gjeld både sjølve kaia, og ikkje minst infrastrukturen på land. Der er oppstillingsplass/trafikkareal for bussar er mest kritisk, dernest trafikkareal for gåande. Når to store skip besøker Olden samtidig (både til kai og til tender), blir passasjertalet og i tillegg eit mannskap på over mai 2013 hadde Olden besøk av 5797 passasjerar og 2363 mannskap, totalt 8160 personar AREAL FOR BYGG OG ANLEGG I tillegg til at planen skal leggje til rette for framtidig løysing i høve cruisetrafikk, skal ein i tillegg sjå på følgjande arealavklaringar: Vurdere nytt sentrumsnært nærings- og serviceareal, særleg relatert til cruise- og turisttrafikk Vurdere innspel om nytt areal for fritidsbustader på Auflem Vurdere innspel om nytt areal for fritidsbustader/bustader aust for eksisterande kai Vurdere alternativ bruk av areal som i gjeldande plan er avsett til campingplass vest for Oldenelva Vurdere areal til massetak/massedeponi i eller i tilknytning til eksisterande massetak på Brynestad 6
7 3.3. SAMFERDSLEANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR I planprosessen skal ein avklare framtidig hamneutbygging med tilhøyrande infrastruktur. Målet er auka kapasitet med omsyn til infrastruktur i sjø, på kai og på land. Dette gjeld mellom anna: storleik på skip og tal på samtidige skip til kai areal for transportfunksjonar (oppstillingsplass for bussar og andre aktørar som skal frakte passasjerar) tilstrekkeleg og trygt gangareal/vrimleareal både på kaiområdet og mellom kaia og Olden sentrum servicefunksjonar knytt til skipet (vatn, avløp, avfall, evt. straum) servicefunksjonar knytt til passasjerar i kaiområdet (kontor, informasjon, toalett, salsboder, servering) servicefunksjonar og tilbod andre stader i Olden (butikkar, servering, attraksjonar, turstiar, m.v.) I tilknyting til desse punkta skal utviding av gang/sykkelveg langs fv. 60 vurderast BRUK OG VERN AV SJØ OG VASSDRAG Vurdere tiltak i sjø knytt til hamneutbygging og skipstrafikk, samstundes som ein tek omsyn til fjorden som nasjonal laksefjord og Oldenelva som nasjonal lakseelv. Ein vil her ta omsyn til dei føringane som ligg i Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag. Kommunen skal, med bakgrunn i innspel, vurdere omdisponering av eksisterande småbåthamn bak Sundebygget til anna arealføremål. Årsaka til dette er ønskje om ein samanhengande turveg langs elva og å unngå motorisert ferdsel i ein sårbar del av elva OMSYNSSONER Kommunen skal vurdere potensiell fare for heile planområdet der utbygging kan være aktuelt. Planframlegget skal omfatte alle område som er, eller potensielt kan vere, utsett for flaum- og skredfare i plankartet som omsynssoner med føresegner/retningsliner, jf. ROS-analysa. I tillegg vil plankartet omfatte andre omsynssoner, dette vil vere soner med angitte særlege omsyn. Dette vil til dømes vere rundt dei to kyrkjene i Olden. 7
8 3.6. PLANAVGRENSNING Planområdet dekkjer heile gjeldande kommunedelplan for Olden, og er i tillegg utvida noko mot nord og aust. Området er illustrert på kartskissa til venstre. 8
9 4. ALTERNATIVE LØYSINGAR 4.1. HAMNEUTBYGGING MED TILHØYRANDE INFRASTRUKTUR Det er tidlegare gjort vurderingar på ulike nivå av fleire kailøysingar, utan at det er endeleg konkludert. Vurderingane er på ulike nivå, frå detaljprosjektering til grovskisser. Som basis for kommuneplanarbeidet har Stryn kommune engasjert konsulentfirma Nordplan AS og Menon AS for å utgreie grunnleggande tilhøve kring utbygging av ny infrastruktur. Dette gjeld tilhøve som er relevante for arealplanen, men også faktorar som marknad, økonomi og servicetilbod. Hovudspørsmål som skal belysast i rapporten er: Marknaden og det økonomiske grunnlaget for investering i ny kai og tilhøyrande infrastruktur. Trendar i næringa eller overordna føringar som kan tyde på endringar i den marknadsutviklinga hamna har hatt så langt. Kva er tålegrensa for besøkstal før dette får merkbare negative konsekvensar for lokalsamfunnet eller for besøkande turistar (servicegrad og oppleving)? Faktorar som avgrensar kapasiteten tettstaden og servicetilbydaren Olden har for besøkande cruiseturistar: Kor mange skip/ passasjerar bør Olden hamn ha som målsetjing å kunne ta i mot på same tid Akseptabel trafikkavvikling på fylkesveg 60 på store cruisedagar Faktorar som påverkar overrislingseffekten frå cruisetrafikken til lokalt næringsliv Minstekrava til hamn ut frå tekniske føresetnader som framtidig skipsstorleik, tryggleikskrav, passasjertal og servicefunksjonar knytt til skipet (vatn, avløp, avfall, evt. straum). Kvar i Olden bør utviding av hamnekapasitet skje, og kva byggeform bør denne ha? Ei samanliknande vurdering skal gjerast mellom ulike alternativ som Stryn kommune ser som moglege. Mellom alternativ som skal vere med i vurderinga er: Ny fastkai på Skarstein Ny fastkai på Muri Flytekai/Seawalk frå eksisiterande landareal på Oldenleirane Flytekai/Pontoon frå nordenden av noverande kaiområde Samanlikninga skal m.a. ta omsyn til Eventuelle avgrensingar av miljøomsyn, særleg Oldenvassdraget som nasjonal lakseelv Løysing for transportfunksjonar; oppstillingsplass for bussar og andre aktørar som skal frakte passasjerar (sightseeing m.v.) Løysing for gangareal/vrimleareal på kaiområdet Løysing for servicefunksjonar knytt til skipet (vatn, avløp, avfall, evt. straum) Løysing for servicefunksjonar knytt til passasjerar i kaiområdet (kontor, informasjon, toalett, salsboder, servering) Gangveg mellom kaiområdet og Olden sentrum Rapporten vil avgrense tal alternative løysingar som skal vurderast i kommunedelplanen for Olden. Alle vurderte kaialternativ vil verte underlagt konsekvensvurdering, jf. pkt Planen vil vurdere tiltaka opp mot utvikling av eit berekraftig reiseliv. Det vil vere knytt opp mot miljømessige, sosiale og økonomiske verdiar der tema som transport, energi, stadsutvikling, helse/beredskap med meir vil vere relevant. 9
10 5. ROS-ANALYSE Kommunen som planmynde har ansvar for at samfunnstryggleiken vert ivareteken i planar etter plan- og bygningslova. Det skal takast omsyn til risiko og sårbarheit som kan true liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og materielle verdiar. Det er krav om ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROSanalyse) ved utarbeiding av planar for utbygging, jf. pbl 4-3. På kommuneplannivå skal potensiell risiko og sårbarheit identifiserast. Det er berre dei områda som er vurdert som framtidig utbyggingsområde eller LNF med spreidd utbygging, og som omfattar ei endring i høve gjeldande plan, som skal utredast. Analysa skal femne om alle risiko- og sårbarheitstilhøve som er avgjerande for om areal er eigna til utbygging og kva eventuelle tiltak som må gjennomførast for å oppnå akseptabel risiko. Klimaendringane er forventa å påverke framtidig risiko og sårbarheit, og ROS-analysen må difor vurdere også konsekvensen av klimaendringane. ROS-analysen skal og omfatte risiko knytt til eventuell evakuering av cruisepassasjerar ved uønska hendingar. Kommunen vil ta utgangspunkt i Sogn og Fjordane fylkeskommune si sjekkliste for å velje ut hendingar som må analyserast vidare. Tema som treng nærare utgreiing er omtalt i prosa. 6. KONSEKVENSUTGREIING Krav om konsekvensutgreiing er heimla i plan- og bygningslova 4-2; For regionale planar og kommuneplanar med retningsliner eller råmer for framtidig utbygging og for reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal planskildringa gje ei særskild vurdering og skildring konsekvensutgreiing av planen sine verknader for miljø og samfunn. Kravet står også i forskrift om konsekvensutgreiingar. Kommunedelplanen fell inn under 2 - Planar og tiltak som alltid skal handsamast etter forskrifta KUNNSKAPSGRUNNLAGET Verna vassdrag Kommunedelplan for differensiert forvaltning av verna vassdrag (1999) Kulturminne og kulturmiljø Kulturminnesøk, kulturminner frå Riksantikvaren (Askeladden) Kommunedelplan for bygningsvern (2000) Landbruk Kjerneområde for landbruk og kulturlandskap (2006) Naturmangfald: Artsdatabanken Viltkart for Stryn kommune Naturbase dokumentasjon Biologisk mangfald Supplerende naturtypekartlegging i Stryn kommune
11 Ureining: Kartlegging av ureining ved Olden kai (eksistrande) og småbåthamna i Olden (fylkesmannen i Sogn og Fjordane). Arbeid etter vassdirektivet Nærmiljø og friluftsliv: Muntlege kjelder i Olden Elveeigarlag Bruk av kunnskapsgrunnlaget Alle typer byggeområde skal vurderast mot informasjon i eksisterande databaser og skriftleg litteratur med tanke på konflikt. Kunnskapsgrunnlaget sin kvalitet vert vurdert METODE Verdivurdering Vi vil vurdere verdien av dei miljø- og samfunnskvalitetane som finns i området i dag. Dette vert gjort etter ein tredelt skala: Verdi Liten Middels Stor Omfangsvurdering. Her skal vi vurdere graden av verknad av tiltaket på dei verdiane som ligg i området. Dette vert gjort etter same skala som for verdivurderinga: Omfang Lite Middels Stort Konsekvensvurdering. Konsekvensen av kvart einskilt tiltak vert vurdert etter ein 5-delt skala. Konsekvensen kjem fram av verdien av området og omfanget av tiltaket, der verdivurderinga også vert gjort med bakgrunn i kvaliteten på kunnskapsgrunnlaget. Konsekvens Stor negativ Middels negativ Liten/ingen konsekvens Middels positiv Stor positiv
12 6.3. UTGREIINGSTEMA Tabellen under syner dei utgreiingstema som tiltaka i kommunedelplanen skal vurderast i høve til. TILTAK Ny kai i Oldenbukta. (Dei aktuelle alternative løysingar som skildra i kap. 4.1 blir utgreiia) Nye ferdselsflater mellom kai og sentrumsområde. Nytt sentrumsnært nærings- og serviceareal Fritidsbustader på Auflem Fritidsbustader/bustader aust for eksisterande kai Alternativ bruk av campingareal vest for Oldenelva til anna føremål Areal til massetak/massedeponi på Brynestad Omdisponering av regulert småbåthamn i elvemunningen ved Sundebygget UTGREIINGSTEMA Nasjonalt laksevassdrag Nasjonal laksefjord og anadrome fiskeartar Naturmangfald Landskapsbilde, nærmiljø og friluftsliv Ureining og klimapåverknad Kulturminne Transportbehov og trafikktryggleik Nasjonalt laksevassdrag Nasjonal laksefjord Naturmangfald Landskapsbilde, nærmiljø og friluftsliv Kulturminne Transportbehov og trafikktryggleik Nærmiljø og friluftsliv Naturmangfald Kulturminne og kulturmiljø Naturmangfald Kulturminne og kulturmiljø Barn og unges oppvekstvilkår Nasjonalt laksevassdrag Nasjonal laksefjord Naturmangfald Landskapsbilde, nærmiljø og friluftsliv Kulturminne Naturmangfald Landskapsbilde og friluftsliv Kulturminne Jordvern Nasjonalt laksevassdrag Nasjonal laksefjord Friluftsliv 12
13 7. PLANPROSESSEN 7.1. ORGANISERING Kommuneplanarbeidet blir utført av seksjon plan og næring, som er direkte underlagt rådmannen. Politisk behandling skjer i formannskap og kommunestyre. I kommuneplanarbeidet for Olden vil det også bli nytta konsulenttenester, det er inngått avtale med Nordplan AS, samt Menon AS som underkonsulent. Konsulentar blir administrert av seksjon plan og næring, og arbeider tett mot cruisegruppa i Nordfjord, som har representantar frå Reisemål Stryn & Nordfjord, Nordfjord Havn IKS, Geiranger & Nordfjord Cruise Handling, Nettbuss, Nasjonalparksenteret og reiselivsnæringa. Stryn kommune inngår i dag som ein del av det interkommunale hamnesamarbeidet Nordfjord Havn IKS saman med kommunane Vågsøy, Eid, Selje og Gloppen. Det er Nordfjord Havn IKS som i utgangspunktet står ansvarleg for ei kaiutbygging og grunnlaget for denne, men det ligg til kommunen å vurdere rett lokalisering ut frå ei ønskjeleg framtidig utvikling i Olden MEDVERKNAD Det vil vere høve til å kome med innspel i samband med oppstart av planen, samt i samband med offentleg ettersyn. Det vil bli arrangert ope informasjonsmøte knytt til kommunedelplanarbeidet. Kommunen ønskjer open dialog med utviklingslaget i Olden gjennom planprosessen. Planarbeid knytt til cruisetrafikk vil skje i samråd med cruisegruppa og andre viktige aktørar i bransjen FRAMDRIFTSPLAN Kommunen legg opp til framdriftsplan som vist under. Avvik frå framdriftsplanen kan skje både under administrativt arbeid, og som følgje av endringar under politisk behandling. Til dømes kan det bli naudsynt med fleire utleggingsperiodar. Fasar i planarbeidet Framdriftsprognose Konsulentoppdrag: utgreiing av marknad og økonomisk grunnlag for Okt feb 2014 investering (Menon AS) Oppdatering av gjeldande kommunedelplan, ny planlov + kartforskrift, Des nyare reg.planar Utarbeiding av planprogram Des jan 2014 Politisk behandling av framlegg til planprogram 15.jan Kunngjere varsel om oppstart av kommunedelplanen og høyring av Jan mars 2014 planprogrammet. Samråd med private og offentlege instansar. Fastsetjing av planprogram 24. april 2014 Konsulentoppdrag: tilråding av kailøysing Jan april 2014 Utarbeide framlegg til revidert kommunedelplan for Olden mars 2014 aug 2014 Samråd med offentlege sektormynde planforum Hausten 2014 Administrativt framlegg til revidert kommunedelplan klart for politisk August 2014 behandling 1. gongs handsaming vedtak om offentleg ettersyn 17. september 2014 Offentleg ettersyn 6 veker sep okt gongs handsaming av planframlegget nov 2014 Vedtak kommunedelplan kommunestyret nov
14 14
Planprogram for Storesunde - del av Kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde
Stryn kommune 2014 Planprogram for Storesunde - del av Kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde Planstrategi Samfunnsdel Handlingsdel/Økonomiplan Arealdel Kommunedelplan Kommunestyret 27.02.2014 Sak
DetaljerREVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN
REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Handsaming Møtedato Arkivsak Sak Formannskapet 7.6.2018 16/135 18/18 Kommunestyret 21.7.2018 16/135 19/18 SAMANDRAG: Framlegg
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan
KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan 2017-2027 FORSLAG TIL PLANPROGRAM 1. Planprogram Dette planprogrammet skal vere eit verktøy for å sikre tidleg medverknad og avklaring av viktige omsyn som må takast
DetaljerPlanprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli
Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli VINJE KOMMUNE 19. april 2017 Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli Innholdsfortegnelse 1. INNLEIING... 2 2. FØREMÅL MED
DetaljerPlanprogram for revisjon av Kommuneplan
Planprogram for revisjon av Kommuneplan 2007 2019 Innhald: Bakgrunn s. 2 Rammer og premisser s. 2 Planprosess og medverknad s. 3 Vedlegg. s. 5 9.1. Bakgrunn: Gjeldande Kommuneplan 2007-2019 blei vedteke
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet 12.10.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Områdereguleringsplan for Håbakken del I og del II Kort samandrag:
DetaljerHistorikk cruise i Nordfjord
Nordfjord Havn IKS Kontoradresse Måløy, Vågsøy kommune Eigarkommunar: Vågsøy (48%), Selje (13%), Eid (13%), Gloppen (13%) og Stryn (13%). Oppretta 01. januar 2002. Hovudaktivitetar i hamnedistriktet rangert
Detaljer2. Referat frå oppstartsmøte
2. Referat frå oppstartsmøte Sak (namn og ID): Smårustene Møtestad: Deltakar(ar): Frå forslagsstillar: Møtedato: Kommunehuset Smia 22.08.2019 Frå kommunen Anne Mari Tomasgard Nils Paul Haugen Einingsleiar
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )
Saksmappe: 2019/440 Sakshandsamar: ALI Dato: 18.06.2019 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval 24.06.2019 Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid 201906) Saksprotokoll
DetaljerPLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL
PLANPROGRAM ENDRING AV FØRESEGNENE TIL KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL Foto: Yngve Ask HJARTDAL KOMMUNE I medhald av pbl. 11-13 jf. 4-1 melder Hjartdal kommune med dette oppstart av endring av føresegnene til
DetaljerSakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet
DetaljerKommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram
Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram Innhald Bakgrunn og føremål med planarbeidet... 3 Innhald og verknad av planen... 3 Planavgrensing... 4 Planomtale... 4 Overordna føringar... 5 Organisering
DetaljerSØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE
SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN OG FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE Etter plan- og bygningslov av 2008, med tilhøyrande forskrifter, sist tredd i kraft 01.01.2018,
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 032/17 Plan og utvikling
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 032/17 Plan og utvikling 06.06.2017 Arkiv saknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/308-17/3947 K2 - L12 Ingunn Bårtvedt Skjerdal 57 63 29 32 29.05.2017 Områderegulering
DetaljerKOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM
HÆGEBOSTAD KOMMUNE PLAN OG DRIFT -Saman om ei positiv utvikling! KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO 2014-2024 PLANPROGRAM 1 Bakgrunn og formål med planarbeidet Kommunen vedtok i kommunestyresak 77/13 den
DetaljerPlanprogram for Kommunedelplan Langeset - Stryn - Gjørven
Stryn kommune 2013 Planprogram for Kommunedelplan Langeset - Stryn - Gjørven Planstrategi Samfunnsdel Handlingsdel/Økonomiplan Arealdel Kommunedelplan Kommunestyret 27.06.2013 1 INNHALD 1. Innleiing 3
DetaljerReferat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.
Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar. Referat frå oppstartsmøte Sak (namn og ID): Detaljregulering del av Grimsetmarka, del av B-f 28
DetaljerKommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel
Kommuneplan for Radøy delrevisjon 2018 konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel Bustader spreidd Område: Areal: Heile kommunen Opp til 5 Da Eksisterande planstatus: LNF Planlagt ny arealbruk:
DetaljerPLANPROGRAM. Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel
PLANPROGRAM Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel 2016-2028 1. Bakgrunn for planarbeidet Tysnes kommune har i kommunal planstrategi vedteke at kommuneplanens samfunnsdel skal rullerast med oppstart
DetaljerAustevoll kommune. Opus v/ Gunnar Wiederstrøm Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/906-4
Austevoll kommune Opus v/ Gunnar Wiederstrøm Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 27.10.2016 Erik Andreas Kyvig 16/906-4 Melding om vedtak Vedtaksbrev om opppstart til reguleringsplanforslag for gnr.
DetaljerSaksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane
Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 16/679 Sakshandsamar: Holme, Berit Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet 21.01.2016 001/16 Bystyret 28.01.2016 Fastsetjing
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 019/2016 Formannskapet i Radøy PS 18.02.2016 Kommunestyret i Radøy PS Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Tonje Nepstad Epland 16/162 16/1228 Plansak
DetaljerForslag Planprogram. Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33
Forslag Planprogram Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33 1 Innhald Del I Planens formål, innhald og rammeverk 3 1 Formålet med planen 3 2 Hovudrammer og premisser 7 2.1 Nasjonale retningsliner
DetaljerPLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale
PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale 1 Føremålet med planarbeidet Kommuneplanen er kommunens overordna styringsdokument og gjev rammer for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltninga
DetaljerDetaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram
Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram Fagkyndig er Sivilingeniør Edvin Helle AS på vegne av: Sissel Gjesdal Sægrov. Sivilingeniør
DetaljerFORSLAG TIL PLANPROGRAM
DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 34, BNR. 379 MFL., I FOSNAVÅG, HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV MASSEDEPONI) Foto: Harald M. Valderhaug FORSLAG TIL PLANPROGRAM 27.5.2016 HERØY KOMMUNE INNHALDSLISTE
DetaljerOpplæring. Plansystem og planarbeid
Opplæring Kommunestyret 2015 2019 Plansystem og planarbeid - Side 1 -- Kommuneplanen Heimels grunnlag: Plan og bygningslova - PLBL - Side 2-2 overordna styringsdokument for korleis ein ynskjer samfunns-utviklinga
DetaljerPlanprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021. Sund kommune
Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet 2009-2021 Sund kommune Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Rammer... 4 1.2.1 Nasjonale føringar... 4 1.2.2 Regional plan... 5 2. Formål...
DetaljerFastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune
VALLE KOMMUNE Teknisk - arealplan «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Vår ref: Sakshandsamar: Arkiv: Dato: 2012/882-34 Ingunn Hellerdal 141 03.07.2014 37937533 ingunn.hellerdal@valle.kommune.no
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 093/2016 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 13.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/882 16/13899 Plansak 12602016000500
DetaljerVurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )
Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR- 2017-06-21-854) Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule Dato: 27.09.2018 Vurdering etter 6 Planar og tiltak som alltid skal konsekvensutgreiast
DetaljerInnspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1096 Journalpostnr: 16/14573 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 070/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 039/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerNæringsområde på Berg. Blomdals Maskin AS. Planprogram reguleringsplan for Berg
Næringsområde på Berg Blomdals Maskin AS Planprogram reguleringsplan for Berg 19.12.2017 Innhold 1 Innledning... 3 1.1 Formålet med planarbeidet... 3 1.2 Hva skal et planprogram inneholde?... 3 1.3 Rettslig
DetaljerPlanarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.
Vurdering KU Mjåtveitstø Furefjellet, Meland kommune For planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet må det vurderast om det skal utarbeidast ei konsekvensutreiing. Området er stort og det er i overordna plan
DetaljerNy arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018
Ny arealplan for Fjaler Folkemøte i Dale 13. desember 2018 Dagens gåte: Kva vil vi få til i Dale? som arealplanen kan hjelpe til med? 21.12.2018 2 Agenda 1900 velkommen Innleiing om planarbeidet 1 gruppearbeid,
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS 08.09.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE - 142 15/179 Oppstartsløyve til planarbeidet og planprogram Kommunestyre - 098/15
Detaljer: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND
Notat Til : Harald Offerdal, ordførar Balestrand formannskap Frå Kopi : Arne Abrahamsen, plan og utviklingssjef : Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef Sak : Reguleringsplan for Sæle
DetaljerUngdomsrådet 011/
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1090 Journalpostnr: 17/598 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 007/2017 02.02.2017 Kommunestyret 011/2017 16.02.2017 Råd for seniorar
DetaljerPlanprogram for Kommunedelplan for vassforsyning
Stryn kommune 2017-2028 Planprogram for Kommunedelplan for vassforsyning Planstrategi Samfunnsdel Handlingsdel/Økonomiplan Arealdel Kommunedelplan Kommunestyret XX.XX.2016 INNHALD 1. Innleiing 3 1.1. Bakgrunn
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling 24.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/135-12 K2-L12, K3-&21 Jan Olav Møller, 57 63
DetaljerSAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN
DetaljerArealdelen av kommuneplanen. Plan- og miljøvernleiar Kjersti Sande Tveit
Arealdelen av kommuneplanen Plan- og miljøvernleiar Kjersti Sande Tveit Utgangspunkt Arealdel frå 1994 Kommunedelplan for sjøområda (kystsoneplan) frå 1999 Kommunedelplan for Bulandet og Værlandet frå
DetaljerNESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1
NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1 Dykkar ref.: Vår ref.:ard015014 Bergen: 21.07.2015 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID: REGULERINGSPLAN MED PLANPROGRAM OG KONSEKVENSUTGREIING FOR NESFOSSEN
DetaljerKommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve
Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 Planprogram - Høyringsutgåve INNLEIING Bakgrunn for revisjon av planen Klepp kommune skal i tråd med planstrategien 2016-2019 revidera kommunedelplanen for
DetaljerAustevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4
Austevoll kommune Norconsult v/ Fritjof Stangnes Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 29.09.2016 Erik Andreas Kyvig 16/732-4 Melding om vedtak Vedtaksbrev om oppstartsvedtak for reguleringsplan til
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Merethe Tvedt PlanID-125602018 0002, Plannavn-Endring Meland kyrkje, Komnr-1256, Gbnr-17/4, FA-L13 18/453 Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling
DetaljerVedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje
Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje 1) Kort presentasjon av tiltaket/planområdet Det har blitt levert inn eit planforslag tidlegare for området, planid: 20100005, men dette arbeidet har
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE
KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L10 2012/722 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 13/22 Arbeidsutvalet i villreinnemnda 28.08.2013
DetaljerGrunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»
Utviklingsavdelinga Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2014/1043 L12 UTV / AZT 24.06.2014 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID
DetaljerDetaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale
Hadlingatreet AS. Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. 1 Framlegg til detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte Planomtale Voss, den 24.09.2013 Arkitektbruket ans
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik
KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM 23.11.2016 Forslag pr. 24.11.2016 Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik Innhold 1. Bakgrunn og formål med planarbeidet... 2 2. Innhald og
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/623-15/766 K2 - L12 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63 29 73 05.02.2015 Reguleringsplan(detaljregulering)
DetaljerSkredfare omsynssoner - Kommuneplan
Skredfare omsynssoner - Kommuneplan Skredsamarbeid i Hordaland, samling 6 desember 2010 Fylkeskommunen si rolle Rettleiing- og samordningsrolle i høve kommunale og regionale planar. Fylkeskommunen som
DetaljerKOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG
KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,
DetaljerJølster kommune Saksutgreiing
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Utval for Plan og Utvikling 13.06.2012 032/12 TOF Kommunestyret 19.06.2012 050/12 TOF Sakshandsamar: Thor Ove
DetaljerArealdelen til kommuneplan - erfaringar. Førde, november 2012
Arealdelen til kommuneplan - erfaringar Førde, 14. - 16. november 2012 Den vanskelege oppstarten! Planutfordringar: "Prinsipielle" spørsmål - utviklingsretningar? Kan arbeidet avgrensast geografisk eller
DetaljerB.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving
B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving Sandvika 25.01.2017 Sande kommune v/ Teknisk eining 6084 Larsnes sande.kommune@sandemr.kommune.no Vår referanse: 2018-08 SØKNAD OM
DetaljerVedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte
Vedlegg 2 Referat fra oppstartsmøte OPPSTARTSMØTE Leveringar som vart etterspurt før oppstartsmøte - vurdering av forskrift om konsekvensutgreiing - kort omtale av tiltaket med kartskisse - forslag til
DetaljerPLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN
PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN OMRÅDE OG PLANTYPE Områderegulering. Planavgrensing, utsnitt av kommuneplanen og oversiktskart ligg ved. FORSKRIFT OM KONSEKVENSUTGREIING Forskrift om konsekvensutgreiing
DetaljerGulen kommune. Kommunedelplan for vatn og avløp - Planprogram
Kommunedelplan for vatn og avløp - Planprogram Utgåve: 3 Dato: 17.08.2017 1 DOKUMENTINFORMASJON Oppdragsgiver: Rapporttittel: Kommunedelplan for vatn og avløp - Planprogram Utgave/dato: 3/ 17.08.2017 Filnavn:
DetaljerSøknad om oppstart av reguleringsplan
Austevoll kommune Søknad om oppstart av reguleringsplan Gnr 26, bnr 8 mfl Hille Oppdragsnr.: 5161992 Dokumentnr.: 1 Versjon: dato 10.08.16 Tiltakshaver: Grunneigar: Planlegger: Oppdragsleiar: Nils Magne
DetaljerØystre Slidre kommune Saksframlegg
Øystre Slidre kommune Saksframlegg Saksbehandlar: Knut Frode Framstad Arkivsaksnr: 16/969 Arkiv: 201410 Behandla av: Møtedato Saksnr: Formannskapet 27.10.2016 095/16 Revisjon av arealdelen til kommuneplanen.
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,
DetaljerKommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram
Etna- varig verna vassdrag Foto: Privat Kommunedelplan for naturmangfald Etnedal kommune Planprogram 10.10.2017 Etnedal kommune PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR NATURMANGFALD Godkjent av Kommunestyret 12.10.2017
Detaljer1. GONGS HANDSAMING REGULERINGSPLAN BUSTADFELT KLUBBEN
Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 004/16 25.01.2016 HELALM Avgjerd av: Solund formannskap Arkiv: K2-L12 Objekt: Arkivsaknr 15/487 1. GONGS HANDSAMING
DetaljerDETALJREGULERING I SJØ, LAUSANAKKEN JONDAL KOMMUNE PLANID:
DERES REF: VÅR REF: 10209459 Bergen, 06. februar 2019 DOKUMENTKODE: 10209459-PLAN-BREV-01 TILGJENGELIGHET: Åpen DETALJREGULERING I SJØ, LAUSANAKKEN JONDAL KOMMUNE PLANID: 12272018002 Med heimel i plan-
DetaljerUtv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet
Kommuneplanen sin samfunnsdel i Aukra, melding om start av planarbeid Aukra formannskap har i møte den 3. april 2017 vedtatt å melde start av planarbeid, kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2015, i samsvar
DetaljerPLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND
PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål
DetaljerVarsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset
Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Til: Naboar, heimelshavarar og aktuelle offentlege instansar. Dato: 20.10.2015 Vår ref: May-Britt Drage Bakke Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av
DetaljerUllensvang herad. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval /2017
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval 05.09.2017 70/2017 Saksansv.: Tveit, Randi Karin Arkiv: ST/PL namn - Lofthus sentrum - Røyse,
DetaljerOmrådereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn
19.12.2017 Vår ref Dykkar ref Arkiv Løpenummer AGN 2016000314-35 FA - L12 17/7143 Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn Utval for Plan og Utvikling - 101/17: Det er gjort følgjande
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 013/2017 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 29.03.2017 012/2017 Kommunestyret i Radøy PS 30.03.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf
DetaljerPlanprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune
Lærdal kommune Planprogram Skulebruksplan 2014 2018 Planprogrammet tek føre seg mandat, framdriftsplan, føringar, målsetjingar, tema, organisering og medverknad i planprosessen Innhald Bakgrunn for planarbeidet...
DetaljerArkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Kommunestyret Eldrerådet 08.12.2014 014/14 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 08.12.2014 013/14 Formannskapet 11.12.2014 108/14 Sakshandsamar
DetaljerDykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen:
TELENOR KABELNETT Dykkar ref.: Vår ref.: Ard16051 Bergen: 30.03.17 VARSEL OM MINDRE ENDRING ELLER REGULERINGSENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR SOLNES GNR. 15 BNR. 4, 8, 18 OG 22, SOLUND KOMMUNE (PLANID 1412-201203,
DetaljerPlanprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»
Planprogram Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet «Saman er vi sterke og får til det vi vil» Balestrand 10.06.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Føremål og bakgrunn med planarbeidet. 4 2.1. Føremål
DetaljerPLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert
PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM 2010-2014. Datert 19.08.09. 1 INNHALD. 1 PLANPROGRAM FOR RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG
DetaljerFagerstrand næringsområde. Nordli Totaktservice AS. Planprogram reguleringsplan for Fagerstrand
Fagerstrand næringsområde Nordli Totaktservice AS Planprogram reguleringsplan for Fagerstrand 12.6.2018 Innhold 1 Innledning... 3 1.1 Formålet med planarbeidet... 3 1.2 Hva skal et planprogram inneholde?...
DetaljerGranvin herad. Planprogram. Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID
Granvin herad Planprogram Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID 12342014001 Granvin herad, teknisk etat 29.01.2014 Innhold Innleiing... 2 Bakgrunn... 2 Føremål... 2 Planområde... 2 Planprosess... 3 Organisering
DetaljerMØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.
FUSA KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for plan og miljø Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 17.06.2014 Tid: Kl. 16:00 Forfall eller inhabilitet: Grunngjeve forfall til møtet, eller inhabilitet, må meldast
DetaljerKvam herad. Sakspapir
Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Nærings-, plan- og bygningsutvalet 07.03.2017 013/17 Kvam Ungdomsråd 06.03.2017 006/17 Avgjerd av: Arkiv: N - 504 Arkivsaknr Saksh.: Kaale, Leiv Ingmar
DetaljerAREALPLANER EN GJENNOMGANG. Olav Nikolai Kvarme Arealkurs, Sør-Trøndelag Bondelag
AREALPLANER EN GJENNOMGANG Olav Nikolai Kvarme Arealkurs, Sør-Trøndelag Bondelag 05.03.18 AREALPLANER EN GJENNOMGANG Plan- og bygningsloven, hva står det der? Plansystemet og plantyper Planprosessen Hva
DetaljerSAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 20.12.2013 066/13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Arkiv: N-504 Arkivsaknr. 13/78 Framlegg
DetaljerAG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF
AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF Ørsta 02.02.2017 Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar Tiltak: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID I samsvar med 12-8
DetaljerHovden del2 reguleringsplan frå 1997
Hovden del2 reguleringsplan frå 1997 Kvifor Utgangspunktet var behovet for revisjon av Hovden del 2 (1997) Målsetting for planarbeidet. Føremålet med planen er å disponere areal og ressursar på Hovden
DetaljerPLANPROGRAM - HOVUDPLAN FOR VATN OG AVLØP
PLANPROGRAM - HOVUDPLAN FOR VATN OG AVLØP HØYRINGSUTKAST Dato: 29.08.2018 Versjon: 01 www.asplanviak.no Dokumentinformasjon Oppdragsgjevar: Giske Kommune Tittel på rapport: Planprogram Hovudplan for vatn
DetaljerETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan
Utforming av kommuneplan Plansamling 09.12.2014 Klepp sin kommuneplan 2014 25 blei vedteken i kommunestyret 17. november 2014. Planen består av: ETAT FOR LOKAL UTVIKLING Og dessutan av: ETAT FOR LOKAL
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling 02.03.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/781-15/1070 K2 - L12 Ingunn Bårtvedt Skjerdal 57 63 29 11 23.02.2015 Oppstart
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 142/17 Formannskapet /17 Kommunestyret
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 142/17 Formannskapet 14.09.2017 067/17 Kommunestyret 21.09.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: K2 - F77 Arkivsaksnr. 11/610-21 Detaljregulering av flaumsikring
DetaljerSAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17
GISKE KOMMUNE Arkiv: PlanId - 2017012, K2 - L12, GNR - 129/0077 JournalpostID: 17/12682 Sakshandsamar: Per Inge Aakvik Dato: 05.10.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og
DetaljerSAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring 31.03.2009 022/09 Saksbeh: Ole Gisle Vassel Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker Arkiv:
DetaljerRevidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur
Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER,
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206
DetaljerKonsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen
Konsekvensvurdering av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen Tilleggsvurderingar til 2. gongs høyring Balestrand den 19.11.2009 Innhald Konsekvensutgreiing for utbyggingsområde..
DetaljerPLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune
PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles
DetaljerSaksutgreiing til folkevalde organ
Side 2 av 6 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 03.10.2018 2018/318 24067/2018 / 504 Saksbehandlar: Linda Djuvik 53423156 linda.djuvik@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 139/18
Detaljer1 Om Kommuneplanens arealdel
1 Om Kommuneplanens arealdel 1. 1 Planens dokumenter Kommuneplanens arealdel 2013-2022 består av tre dokumenter. Figuren beskriver hvordan de virker og sammenhengen mellom dem. Planbeskrivelse Plankart
Detaljer