ÅRSMELDING FOR SKULEÅRET 2011/ 2012

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ÅRSMELDING FOR SKULEÅRET 2011/ 2012"

Transkript

1 VOLDA UNGDOMSSKULE Postboks 263 Telefon: Telefaks: VOLDA epost: ÅRSMELDING FOR SKULEÅRET 2011/ 2012 Nasjonale prøver, eksamensresultat og kartleggingsprøver Nasjonale prøver Resultat Vedlegg 1 viser at våre nye 8.klassingar hausten 2011 ligg 0,3 over landsgjennomsnittet (meistringsnivå) i lesing på engelsk, akkurat på snittet i lesing på norsk og 0,1 under snittet i rekning. Det er også interessant å sjå at jentene ligg godt over jentesnittet i engelsk og lesing, under i rekning, medan gutane ligg over gutesnittet i engelsk, men under gutesnittet i både lesing på norsk og rekning. Desse resultata gjeld elevar som kjem frå Øyra, Bratteberg og Mork barneskular, og har gått 5-9 veker hos oss på ungdomsskulen. Vedlegg 2 viser at 9. klassingane våre hausten 2011 (som var 8. i fjor) ligg 0,1 under snittet i lesing på norsk, og på snittet i rekning. I fjor låg dei 0,2 under snittet i lesing på norsk og på snittet i rekning. Dette indikerer ein liten relativ framgong på lesing. Kjønnsskilnadene er litt annleis enn for 8. klassingane: jentene ligg over jentesnittet i både lesing og i rekning, medan gutane ligg under gutesnittet i både lesing og rekning. Tiltak Vi fokuserer på dei individuelle resultata (slik vi meiner tanken var med dei nasjonale prøvene). Bruken av prøvene og rapportane er overlate til faglærarane. Resultata på skulenivå skil seg lite frå landsgjennomsnittet, og varierer dessutan frå år til år når det gjeld lesing og rekning. Einaste trenden må vere at vi alltid har vore over snittet i lesing på engelsk, og at det er enda større skilnad på gutar og jenter i Volda når det gjeld resultat enn i landet sett under eitt. Vi må nok enda ein gong gå gjennom førebuinga og motiveringa for prøvene. Innstillinga og motivasjonen hos elevane har nok avgjerande konsekvens for resultatet. Dessutan synest eg vi bør prøve å finne ut kva vi kan gjere med den påfallande kjønnsskilnaden. Eksamensresultat Resultat Vi har dessverre ikkje fått dei nasjonale resultata for eksamen som var lova i Skoleporten til Når det gjeld resultata i vår, kan vi difor berre samanlikne med eigne resultat frå i fjor. Da ligg resultata i norsk skriftleg, hovudmål, og matematikk på nivå med i fjor, medan resultata i norsk sidemål og engelsk ligg oppsiktsvekkande langt over fjoråret, i år med 4,04 i sidemål og 4,22 i engelsk. Dei skriftlege eksamensresultata for i fjor viste at våre elevar ligg litt under landsgjennomsnittet i norsk hovudmål, litt over i norsk sidemål, akkurat på snittet i engelsk, og over snittet i matematikk. Det er berre 30 evt. 60 elevar som utgjer snittet på vår skule, og resultatet skilde seg litt frå det vi har sett siste åra. Våren 2010 hadde vi dårlegare resultat enn snittet i matematikk, betre i norsk hovudmål og langt over snittet i engelsk.

2 Dei munnlege eksamensresultata var svært gode, men vanskelegare å samanlikne med andre sine resultat, da utvala er mykje mindre. Vi trur nok at den generelle satsinga på munnleg framføring og gjennomføringa av prøvemunnleg er med på å forklare dei gode resultata. Tiltak Vi trur det kontinuerlege arbeidet med å betre kompetansen vår og organiseringa av undervisninga gir resultat. Det ser ut til å vere vanskeleg å dokumentere dette ut frå resultata for enkeltår, da må vi nok studere resultat og tal litt meir over tid. Vi har lagt ekstra ressursar inn i matematikkfaget, men vi er vel litt usikre på kor mykje vi får att for det. Også for komande skuleår har vi ei styrking av matematikk med 15 t/v fordelt på tre årssteg. I tillegg har vi sett inn 3 t/v til gråsoneelevar med spesielle behov for matematikk. Ellers har vi jo satsa mykje på lesing, og deltek no i eit skriveprosjekt og eit prosjekt for skulebibliotekutvikling, så vi håpar at dette etter kvart vil vise tydelegare att også på resultata over tid, særleg i norsk. Kartleggingsprøver I tillegg til dei nasjonale prøvene brukar vi Carlsten i starten av 8. årssteget. Av dei 100 elevane var det 14 som las under 100 ord pr minutt. 13 hadde meir enn 5 forståingsfeil, og 11 av desse las meir enn 100 ord pr minutt. 13 elevar hadde alfabetfeil (ein eller fleire). Med alfabetfeil meiner vi at dei ikkje kunne alfabetet frå A til Å i rett rekkefølgje. Resultata her gjer at vi fort kan sjå nokre elevar som treng spesiell hjelp og oppmerksamheit i tillegg til dei vi kjenner til frå før. Elevundersøkinga og eventuelt andre granskingar Eigne resultat når det gjeld elevundersøkinga. Vi nemner først at det er berre 10. klassane som deltek i denne undersøkinga, og at det er uvanleg kjønnsfordeling på kullet ved vår skule (63% er gutar). Her legg vi ved dei delane av undersøkinga som har mest med læringsmiljø å gjere (vedlegg 3). Trenden er som tidlegare år på dei fleste område, men enda meir overtydande på trivsel i klasseromet, med klassekameratar og med lærarane! Elevane våre er likevel mindre skulefagleg motiverte enn nasjonssnittet, og skårar litt dårlegare på innsats. Det er også positivt at elevane våre opplever at lærarane har same reglar for åtferd og reagerer på same måten om elevane bryt reglane. Derimot ligg vi igjen under snittet på elevmedverknad, etter at vi hadde meir positive resultat på det feltet i fjor. Vi viser ellers til systemboka vår (K84), (vedlegg 4), og legg til: Vi går gjennom dei mest interessante resultata i fellesmøte, ved å generere rapportar direkte frå Udir.no. Resultata vert også presentert for FAU og SU, og vi presenterer nokre av resultata for elevrådet. Arbeid for eit trygt miljø for elevane Her må vi svare generelt, men også spesifikt. Generelt har vi alltid arbeidd for eit godt læringsmiljø. Vi trur at det er det langsiktige arbeidet som gir resultat, men dette er eit spørsmål med mange sider og moment. Vi legg vekt på klassemiljøarbeidet frå dag 1, vi har henta ein god del tankegods og praktiske opplegg frå Lions Quest, og vi brukar både klasserådstid og timar i faget utdanningsval til bevisstgjering, m.a. sjølvinnsikt og korleis ein fungerer i eit fellesskap. (Vi skjønar ikkje heilt at det er faget elevrådsarbeid/ klasseråd som skal ofrast til fordel for valfag.) Vi satsar på to kontaktlærarar pr klasse, felles reglar og rutinar som lærarane er lojale mot og som gjer at elevane føler at dei vaksne dreg i same retning, godt samarbeid mellom klasseteama på årssteget, elevrådsarbeidet, "flaggskipet" Grand Prix, elevarrangement som bli kjent-kveld og juleball, overnattingsturar, skidag og fjelldag, inspeksjon, miljøtenesta som går på omgang mellom klassene, tradisjon og kultur som betyr ein god sirkel vi må prøve å oppretthalde, stabil, forutsigbar og trygg administrasjon. Vi har også ei intern mobbegransking med etterarbeid, som vi gjennomfører to gongar i året (dette skuleåret i oktober og april). Denne ligg i systemboka vår (K83), vi viser til vedlegg 5.

3 Av andre tiltak dette skuleåret nemner vi at vi hadde ei antimobbekampanje med fokus på digital mobbing i veke 36 (2-3 t pr klasse), og alle klassene hadde besøk av politiet 1 t Vi hadde også eit Bruk hue- arrangement i regi av ei nasjonal infogruppe, 21.09, for elevar om dagen og for foreldre om kvelden. Så må vi svare spesifikt, fordi vi har hatt spesielle utfordringar med elevmiljøet vårt dette skuleåret. Nokre av elevane utfordra reglane som gjeld på skulen, og var lite villige til å ta mot korrigering av åtferd. Noko av dette var eit syn på konfliktløysing med vald som vi ikkje kunne akseptere, samt ei haldning til innvandrarar som vi heller ikkje kunne akseptere. Valdsbruken såg vi første gong på ein bli kjent-kveld for elevane , og det heile kulminerte med at nokre elevar vart melde til politiet, to elevar bytte skule, og saken fekk ei endeleg løysing i konfliktrådet I mellomtida hadde vi gjennomført mange tiltak for å betre tilhøva. Utanom den individuelle oppfølginga med elevar og heimar nemner vi: 05.12: Elevrådsmøte. Kva skjer med elevmiljøet vårt? Vedtak om ART (metode for sinnemeistring og konfliktløysing). ART-kurs på 9. årssteget i januar/ februar : Juleball på Rokken. Elevar som var innblanda i tumultar tidlegare på hausten, var velkomne dersom dei hadde foreldre på vaktlista : Brev til dei tilsette (Arbeidet med elevmiljøet), styrkt vakthald i friminutta og haldningsarbeid i klassane (2-5 t før vinterferien, med skisse til rektor) Epost til lensmannen med ønske om samarbeid : Møte i skulemiljøutvalet. Politiet representert i tillegg til dei faste medlemane. Elevmiljøet var einaste sak : Infoskriv til alle elevar og føresette. Ranselpost og på nettstaden til skulen : Møte med 18 elevar ( gjengen ) som hadde skrive under på eit brev til rektor der dei var misnøgde med korleis dei vart oppfatta : Lær å mobbe, foredrag/ show med Tor Arne Johnsen i aulaen. Elevrådsstyret hadde vore med og disponert FRI-midlar frå Møre og Romsdal fylke til dette : Møte i konfliktrådet. Rektor møtte (var innkalla) og hadde innlegg/ innspel der. Etter alt dette som hadde skjedd, var vi spente på kva elevane ville svare i elevundersøkinga. Som de såg referert ovanfor, kan vi framleis (eller igjen) godtgjere at vi har eit godt elevmiljø, sidan vi kan skryte av å ligge langt over landsgjennomsnittet på trivsel! SPU og tilpassa opplæring Ved Volda ungdomsskule har vi vore tilbakehaldne med nye tilmeldingar til PPT det siste skuleåret. Det er mange grunnar til dette. Dei faglege og sosiale vanskane som nokre av elevane våre slit med, har vi langt på veg greidd å avhjelpe innanfor dei ressursane skulen har hatt til disposisjon. Dette gjeld timeressursar og ikkje minst kompetanse og erfaring i kollegiet ved skulen. I tillegg til dette har skulen som rutine å gjere seg nytte av andre ressurspersonar som er knytte opp mot skulen, t.d. helsesøster og miljøarbeidar. Når heim og skule har funne det nødvendig å tilmelde elevar til PPT, har ein i forkant gjennomført grundige kartleggingar og sett inn tiltak spesielt retta mot vanskane elevane har. Ser ein etter noko tid at tiltaka er resultatlause, bed ein PPT om utgreiing og råd om tiltak. Skulen har som mål å gi alle elevane ei tilpassa opplæring. I arbeidet med å nå dette målet, er det særleg lagt vekt på - å gi ei god og variert undervisning - å leggje til rette for val av arbeidsmåtar - å utarbeide parallelle arbeidsplanar med redusert/ auka lærestoff

4 - å setje opp konkrete læringsmål i alle fag - å gi regelmessig rettleiing gjennom elevsamtalar - å leggje til rette for elevmedverknad på t.d.arbeidsmåtar, vurderingskriterium, eigenvurdering - å utarbeide varierte/tilrettelagde prøver (skriftlege/ munnlege prøver) - å nytte ressursane fleksibelt, t.d. organisering i grupper på tvers av klasser og årssteg - å styrke undervisninga/ rettleiinga gjennom to-lærarsystem og bruk av assistent - å styrke lesedugleiken i alle fag Ei av dei største utfordringane skulen vil ha det komande skuleåret, er å få gi ei god nok og tilpassa undervisning til ei gruppe elevar som har mangelfullt oppmøte på skulen (Skulevegring). Det er oppretta ansvarsgrupper rundt alle desse elevane, der det er henta inn kompetanse frå ulike etatar. Det er også lagt til rette for undervisning utanfor skulen. Då det er mangel på grupperom ved skulen, er det særs krevjande å få til ei fullgod organisering av spesialundervisninga og ei godt tilrettelagd opplæring. Vi har stadig utfordringar med gruppa minoritetsspråklege elevar, men oppstarten av innføringsklasse ved Vikebygd skule, samt styrking av personale med spesiell kompetanse på feltet, gjer at vi ser litt lysare på situasjonen og framtida når det gjeld denne gruppa. Vi har også store utfordringar med å vere vertsskule for ungdomsskuleelevane som bur på barnevernsinstitusjonen Sunnmørsheimen. Det er stor innflytting og utflytting der gjennom eit skuleår, og elevar med svært varierande hjelpebehov, så det er vanskeleg å tilfredsstille dei ideale fordringane når det gjeld kvalifisert personale som vi av og til bør skaffe fram over natta. IKT-planen I undervisninga vert IKT nytta i førebuing, arbeid og presentasjon innanfor dei fleste fag. Programma elevane nyttar er Microsoft Office program, enkle teikne- og fotoprogram og ikkje minst videoredigeringsprogrammet Pinnacle Studio 14. Vi ser at elevane har mykje å lære for å nå læringsmåla innan IKT i dei ulike faga. Det vil seie at skulen må jobbe etter ein realistisk IKT-plan, og halde fram med teknisk og pedagogisk støtte frå IKTrettleiar. Samstundes er det viktig at vi gir klare signal om kva som er forventa av lærarane sin eigen innsats i IKT-opplæring. Ein forventar til dømes at alle lærarane kan bruke skriveprogram, epostlesar, presentasjonsprogram og nettstaden PedIT. Med nasjonale prøver og eksamenar er det heilt nødvendig å ta i bruk IKT i øving og førebuingsarbeid, det same gjeld munnleg eksamen med utstrakt bruk av presentasjonsprogram. I halvårsplanane til skulen finn ein i dag tema kor IKT er ein naturleg del av arbeidet. I vekeplanane legg lærarar inn valoppgåver som er knytte til trening i bruk av IKT, og det kan vere så enkelt som å hente inn informasjon frå fleire ulike kjelder utanfor læreboka. IKT har ein sentral plass i eit prosjekt for skulebibliotekutvikling som vi deltek i, med fokus på lesekompetanse, kjeldekritikk og informasjonsøk. Skulen går no vidare med dette arbeidet i det nye skuleåret, i samarbeid med Høgskolen i Agder. I samarbeid og kommunikasjon med heimen nyttar vi PedIT (m.a. kontaktboka) og epost. Vi legg ut all informasjon som er av allmenn interesse på nettstaden til Volda ungdomsskule som vi finn under I dag har skulen relativ nye stasjonære PC ar til lærarane og over 100 PC ar til elevane.

5 - 60 pcar er fordelt på to datarom, og alle klasseroma har eigen PC, videokanon og smartboard - 18 berbare PC ar på skulebiblioteket, som også har eigen videokanon og to stasjonære PC ar til katalogsøk og informasjonsøk. - Grupperoma har PC ar, men desse treng ei oppgradering når økonomien tillet det. - Til spesialundervisning har vi tre berbare PC ar. Det er nesten alltid fullt på både dataroma og skulebiblioteket, men dataparken vil truleg halde eit par år framover med godt vedlikehald. Grupperoma har ekstra pedagogisk programvare, og burde vore enno betre utrusta for dei elevane som treng ekstra støtte. Det er fint å ha ein plan som no definerer digital kompetanse og kva som vert kravd, t.d. ser vi at kritisk kjeldebruk, datakommunikasjon (epost, chatting, blogging...) og nettvet ligg som emne på 9. årssteget. I fjor vår bestemte vi oss for å auke ressursen til IKT-ansvarleg på skulen frå 28% til 34%, og komande skuleår har vi auka til 38%. Dette held likevel ikkje heilt tritt med utviklinga, men vi får god hjelp av IKT-ansvarleg på skuleavdelinga, så med tett samarbeid skulle vi vere godt rusta til å gjennomføre IKT-planen. Vi håpar vi har greidd å gi eit rett bilete av dei delar av verksemda vår som vi vart bedne om å kommentere. Spørsmål utover det som det vert svara på i årsmeldinga, må de ta kontakt om.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Bakgrunn / heimel: Opplæringslova 13-10 andre ledd (Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008)) 1 Innleiing Tilstandsrapporten omtalar dei mest sentrale områda innanfor

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Trond Egil Sunde Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, 14.09.2015 Vigrestad storskule årsmelding 2014/2015 «Årsmeldinga» ønskjer vi

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule Utviklingsplan 2013-14 Bremnes Ungdomsskule GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Det faglege fokuset for kommande periode er konsentrert om to område, VFL og faget matematikk. BUS vart med i 3. fase

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2016-2017 Lye ungdomsskule % mobba % mobba Analyse og kommentarar av resultat Olweusundersøkinga 2011-2016 6,0 5,0 4,0 3,0 2,0 1,0 Kategori A 5,7 4,8 3,6 2,6 0,9 11/12 12/13 13/14 14/15

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

«Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule

«Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule «Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule 2011-2013 Volda ungdomsskule Biblioteket vårt Visjon Hovudmålet er at biblioteket i større grad skal vere ein sentral læringsarena i fleire

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule Utviklingsplan 2017-2018 Skule: Klepp ungdomsskule Bli den beste du kan bli 1. Kort analyse av status a) Læringsmiljø I tillegg til vår eigen mobbelogg som ikkje er anonym og som vi gjennomfører to gonger

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

Digitale ferdigheiter med Søk og finn Digitale ferdigheiter med "Søk og finn" Volda ungdomsskule, Volda, Møre og Romsdal (8 10) Av Mari-Anne Mørk Etter at dei fekk plass i Program for skulebibliotekutvikling, har Volda ungdomsskule på Sunnmøre

Detaljer

Hå kommune Vigrestad storskule

Hå kommune Vigrestad storskule Hå kommune Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Karl Gjedrem Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 14/15879 ISR Vigrestad, 18.06.2014 Vigrestad storskule årsmelding 2013/2014 PRINSIPP 1 Elevane får eit

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument 2013-2015. Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Namn på skulen: Tal elevar skuleåret 2015/16: 1 Hovudmål: Auka

Detaljer

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015 Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015 Innhald Innleiing... 3 Ressursar... 3 Lærartettleik 1.-7. trinn og 8.-10. trinn... 3 Spesialundervisning...

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Referat frå FAU møte ved Tjødnalio skule, tysdag kl.18.00

Referat frå FAU møte ved Tjødnalio skule, tysdag kl.18.00 Referat frå FAU møte ved Tjødnalio skule, tysdag 09.02.2016 kl.18.00 Desse møtte: 1.tr: 2.tr. 3.tr: 4.tr: 5.tr: 6.tr: Kari Aasheim Ann kristin Heggøy for Kjersti Valvatne Terje valvatne Tormod Almås Ajnur

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018 Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 3 - Januar Så tar me hoppet over til 2018 Enno eit år er lagt bak oss og me skal ta til på eit nytt halvår i skulen. Me ønskjer alle eit godt

Detaljer

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN HAUSTEN 2017-18 «Samarbeid, Kontinuerleg framgang, Omsorg SKO deg for livet!» Eleven si faglege resultat ligg stabilt på eller over landsgjennomsnittet

Detaljer

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2018/573 A20 DOK 28.05.2018 K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Vedlagt fylgjer

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Skolebasert vurdering Haram kommune Vatne ungdomsskule 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Haram kommune Vatne ungdomsskule... 4 2.1 Fylkesmannen fører

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE Vedlegg: Noen rutiner i Zero (siste side i planen) Sist revidert vår 2014 1 Innleiing Lone skule ønskjer å motarbeide mobbekultur og arbeide aktivt for at kvar elev skal

Detaljer

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule Utviklingsplan 17-18 Frøyland Ungdomskule Innhald INNHALD... INNLEIING... 3 RESULTAT 1-17... LÆRINGSRESULTAT... SKRIFTLEG EKSAMEN... NASJONALE PRØVAR... 5 LÆRINGSMILJØ... 8 ELEVUNDERSØKINGA... 8 OLWEUSUNDERSØKINGA...

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2015-2016 Læringsresultat og læringsmiljø Olweusundersøkinga 2010-2015 Kategori A. Elever som er blitt mobba 2-3 gangar i månaden eller meir (Spørsmål 3) Kategori B. Elever som er blitt

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra Utviklingsplan skuleåret 2018-2019 Orstad skule Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Orstad skule 2.1 Trendutvikling

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Engelsvoll skule Status Engelsvoll skule har eit langsiktig fokus på å halde oppe og vidareutvikla eit godt læringsmiljø for elevane, med vekt på relasjonsbygging og

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2016-2017 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Prioriterte utviklingsområder for skulen s.

Detaljer

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera

Detaljer

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1 Innhald. Side

Detaljer

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE MÅLEKART FOR VIGRE SKULE OG BARNEHAGE - 2009 BAKGRUNN FOR MÅLEKARTET Målekartet til Vigre skule og barnehager er laga på bakgrunn av Balansen! som er Hå kommune sitt

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % - Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing. Møtereferat Orstad FAU Dato 17.4.2018 kl. 18.30 Til stades Bente Thingbø-Støldal Jone Aasland Sigurd Svela Silje Husveg Nerheim John Lende Inger Johanne R. Bøe Jan Harald Forsmo Kamilla Eikrem Nordmark

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule «Me vil gje elevane lyst på livet og evne til å meistra det» 11 Innhald: - Innleiing side 3 - Læringsresultat side 3 Skulebidragsindikatorane side 4 Nasjonale

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Kartlegging 1.-3.trinn s. 4 Prioriterte utviklingsområder

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd ved Åheim skule Godkjent i SU 26.10.2015 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 5. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget

Detaljer

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane Strategisk plan Riple skule 2012-2016 1. Skulen sitt verdigrunnlag 2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon 4.

Detaljer

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø

Felles nasjonalt tilsyn Tema: Skulemiljø Felles nasjonalt tilsyn 2018-2021 Tema: Skulemiljø Om tilsynet Tilsynet har 2 hovudtema: 1. Skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø 2. Skulens plikt til å arbeide

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Undheim skule med oppsummering av læringsresultat og læringsmiljø: Undheim skule har i skuleåret

Detaljer

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Leseglede saman for betre lesing i alle fag Leseglede saman for betre lesing i alle fag Brandsøy skule (1 7 + barnehage) og Krokane skule (1 7), Flora, Sogn og Fjordane Av Mari-Anne Mørk Flora kommune ønskjer å nytte skulebiblioteka meir systematisk

Detaljer

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Pedagogisk tilstandsrapport 2017 m/utviklingsområde for 2018/2019 «Utsikt» av Sissel Blystad Meling skule Gjennomført våren 2018 Data frå våren 2017 og skuleåret 2017/2018 1.1. Kvalitetsvurdering med SWOT som metode (Styrkar, svakheiter,

Detaljer

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag Velkommen til orienteringsmøte om skulestart 2019-2020 Torsdag 21.03.19 På programmet: Diverse informasjon Bli kjend med Landro skule og våre satsingsområde Fokus på førebuing til god skulestart Skulestart

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar /8- Marit Tarlebø Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Læringsresultat i grunnskulen i Kvinnherad 7- Innstilling frå rådmannen: Komitè

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen september 2012 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s. 2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande

Detaljer

«Mestringsforventningar»

«Mestringsforventningar» Presentasjon av korleis lærararar og leiar på Førde barneskule har opplevd gjennomføringa av forskingsprosjektet: «Mestringsforventningar» Therese Helland- rektor Førde barneskule Mestringsforventningar

Detaljer

Voldaskulen Tilstandsrapport 2013/2014 Del 2 Læringsmiljøet

Voldaskulen Tilstandsrapport 2013/2014 Del 2 Læringsmiljøet VOLDA KOMMUNE Opplæring og oppvekst Voldaskulen Tilstandsrapport 2013/2014 Del 2 Læringsmiljøet Foto: Ove Krumsvik 1 Innhold Elevane sitt læringsmiljø... 3 Resultat frå Elevundersøkinga 2013-2014... 6

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

1. Beskriv målet/måla

1. Beskriv målet/måla 1. Beskriv målet/måla Utviklingsområde for 2018-2019 Vigrestad skule har etter analyse av data og vurdering av undersøkingar, trendar og tilbakemeldingar kome til at våre satsingar for komande skuleår

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring 1. Opplæringa er allsidig og legg vekt på a. Høgt fagleg nivå b. Utvikling

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2017 18 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har høve

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2016 2017 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Hefte for foreldrekontaktar

Hefte for foreldrekontaktar Hå kommune Hefte for foreldrekontaktar «Samarbeidet mellom heim og skule er ikkje kakebaking!» Bø skule Tlf 51 79 13 50 Heimeside: www.ha.no/bo Innhald Samarbeidet mellom heim og skule er ikkje (bare)

Detaljer

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING 3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring Kvart barn/elev møter forventningar om

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Torsdag 6. oktober kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Kristel

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag. Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 2 - November Skulebakken er det første me vil ta fram denne gongen. Slik så den ut i sommar og slik ser den ut i dag. Det er blitt ein svært

Detaljer

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen 2009: Faresignal høg andel spesialundervisning, stigande tendens lite spesialundervisning i dei yngste klassane, mykje i ungdomsskolen høgt fråfall i

Detaljer

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR MAL FOR HANDLINGSPLAN FOR GRUNNSKULANE I STORD 2011 Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR Teikn på om me har lukkast Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Detaljer

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA- Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite 11.03.2010 008/10 Bystyret 25.03.2010 Sakshandsamar: Per Arne Furseth Arkiv: FA-A22, FA- Arkivsaknr.: 10/331 Innføring av leksehjelp i grunnskulen

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer