Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017"

Transkript

1 Kvalitetsmelding Lomsskulen Mai

2 Innhald 1 INNLEIING SAMANDRAG Elevar og undervisningspersonale Læringsmiljø Læringsresultat Gjennomføring ELEVAR OG UNDERVISNINGSPERSONALE Elevtal og lærarårsverk Lærartettleik LÆRINGSMILJØ LÆRINGSRESULTAT Nasjonale prøver Lesing Rekning Engelsk Karakterar Matematikk Norsk Grunnskulepoeng Skulen sitt bidrag til resultat GJENNOMFØRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING PRIORITERTE TILTAK Lomsskulen i utvikling Samarbeid barnehage-skule Skulemiljøet Lesing OPPSUMMERING OG KONKLUSJON

3 1 INNLEIING Opplæringslova pålegg kommunane å utarbeide årleg rapport om tilstanden og kvaliteten i opplæringa. Rapporten skal drøftast av kommunestyret. Rapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Rapporten for Lom omfattar i tillegg elevtalsutvikling og lærartettleik. Den som ynskjer meir informasjon, kan gå inn på 2 SAMANDRAG 2.1 Elevar og undervisningspersonale - Elevtalet har minka med ein elev siste året, men frå 2010 har elevtalet gått ned med 44 elevar. - Det er omtrent like mange lærarårsverk som året før. - Lærardekning er på nivå med året før, og er godt over nasjonalt snitt, både i barne- og - ungdomsskulen. 2.2 Læringsmiljø Begge skular har godt mobberesultat. Elles peikar ikkje noko område seg ut, begge skular ligg omtrent på landsnitt. Skulane er minst tilfredse med å ligge under landssnitt på vurdering for læring, trass i fleirårig satsing. 2.3 Læringsresultat Nasjonale prøver lesing: Særdeles godt resultat i 5.klasse. Middels i 8.kl. Også middels i 9.klassse, men med god utvikling frå 8. kl. Nasjonale prøver rekning: Særdeles godt resultat i 5.kl. Litt under middels i 8. kl. Svakt resultat i 9.kl. Nasjonale prøver engelsk: Særdeles godt resultat i 5.kl. Svakt i 8.kl. (9.kl. har ikkje nasjonale prøver i engelsk). Eksamensresultat: Svært godt resultat i matematikk. Også godt resultat på norsk eksamen sidemål, men godt under landssnitt på norsk eksamen hovudmål. 2.4 Gjennomføring Svært få elevar som har gått grunnskulen i Lom fell frå i vidaregåande. 3

4 3 ELEVAR OG UNDERVISNINGSPERSONALE 3.1 Elevtal og lærarårsverk Indikator og nøkkeltall Talet på elevar Årsverk for undervisningspersonale 30,2 32,1 35,4 30,0 29,9 Andel undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning 99,0 97,6 99,0 94,1 97,0 Elevtalet har minka med ein elev siste året, men frå 2010 har elevtalet gått ned med 44 elevar. Prognosar viser at nedgangen vil halde fram og nå botn i Da vil det vere 31 færre elvar enn i dag, dvs ein nedgang på 75 frå 2010 til Lærarårsverk 2016 er omtrent det same som året før. I Statsbudsjettet for 2016 og 2017 er det løyvd øyremerkte midlar til tidleg innsats. Ekstraløyvinga er grunn til at årsverka ikkje har gått ned, trass budsjettkutt. I fjor fekk kommunen kr I 2017 får vi kr Midlane skal brukast til forsterka lærarinnsats i 1.-4.kl. 97% av lærarane har godkjent utdanning, mot 95% på landsbasis. 3.2 Lærartettleik Lærertettleik gir informasjon om kor store elevgrupper ein lærar har i gjennomsnitt År Loar 10,0 10,6 Nasj 1.-7.kl 13,3 13,2 Lom ungdomsskule 11,9 11,1 Nasj kl 14,0 14,0 Lom har betre lærardekning enn nasjonalt, både i barne- og ungdomsskulen. 4

5 4 LÆRINGSMILJØ Elevar i 7. og 10. kl. må ein gong i året svare på Udir si elevundersøking om korleis dei opplever læringsmiljøet. I diagramma under ser ein kva område skuleeigar er pålagt å vurdere i den årlege tilstandsrapporten. Elevane svarar på ein skala frå 1-5, der 5 er best, bortsett frå mobbing der 1 er best. 7.kl Loar er mest tilfreds med at mobberesultatet er betre enn landssnitt (1,2 mot 1,3 på landsbasis). Loar ligg elles omtrent på snitt på alle område og har såleis eit betre resultat enn året før da resultatet var meir ujamt enn det plar vere. Såleis er det i år ikkje noko område som peikar seg ut som særskilt bra eller særskilt dårleg. Men med utgangspunkt i at skulen har hatt elevvurdering som satsingsområde, hadde dei forventa betre resultat her. 5

6 10. kl Det mest gledelege er at 10.klassingar dette året i langt mindre grad enn dei to førre åra opplever å bli mobba (1 mot 1,3 på landsbasis). Skulen har arbeidd systematisk for å bli betre. Andre data viser likevel at nokre få 10.klassingar har opplevd digital mobbing. Det treng ikkje ha noko med skulen å gjere, men er noko skulen i samarbeid med heim og andre fagfolk likevel må ta tak i, da det påverkar læringsmiljøet. «Støtte frå lærar» plar ha høgt score på ungdomsskulen. Slik er det også i år. Skulen er ikkje tilfredse med resultat på VFL, og skjønar det heller ikkje heilt da VFL har vore satsingsområde i mange år og har fått eit enda sterkare fokus gjennom ungdomstinn i utvikling (UIU)- satsinga skulen er inne i. Arbeidet med vurdering vil intensiverast i året som kjem. Dei tre åra «læringskultur» har vore med, har ungdomsskulen lege over landssnitt. I år ligg skulen likt med landet. Som tidlegare år er skulen på landssnitt på meistring. Dette er ein indikator det er viktig å følgje med på da den kan sjåast i samanheng med prestasjonspress og psykisk helse. På elevdemokrati og medverknad skårar skulen dårleg, på lik line med tidlegare år. 6

7 Meir om mobbing I mars dette året publiserte Udir for fyrste gong mobberesultata heilt ned på skulenivå for perioden Under kan ein samanlikne Lom kommune med dei 25 andre kommunane i Oppland. Det er interessant å sjå at berre tre kommunar har betre tal, og blant dei er Skjåk og Vågå! Grøn = lite mobbing (0%-2,9%) gul= middels mobbing (3%-6,9%) raud = høge mobbetal (over 7%) Kommunesnitt Kommune Snitt kommune 13 Snitt kommune 14 Snitt kommune Dovre 5,0 3,6 4,8 4,47 Etnedal 4,5 4,3 0,0 2,96 Gausdal 8,1 5,1 5,3 6,15 Gjøvik 4,9 4,8 5,1 4,92 Gran 5,3 5,1 4,1 4,85 Jevnaker 7,2 5,3 7,4 6,64 Lesja 8,3 6,6 2,2 5,67 Lillehammer 4,1 3,6 4,4 4,05 Lom 5,1 1,9 4,5 3,83 Lunner 6,2 6,4 2,6 5,08 Nord-Aurdal 9,9 7,1 4,5 7,17 Nord-Fron 6,4 4,5 3,1 4,66 Nordre Land 4,8 5,6 5,0 5,12 Ringebu 6,7 5,6 3,6 5,28 Sel 5,8 4,5 4,9 5,05 Skjåk 3,7 5,0 1,7 3,45 Søndre Land 7,7 6,8 3,3 5,90 Sør-Aurdal 6,1 6,5 11,0 7,83 Sør-Fron 8,6 3,2 0,0 3,92 Vang 10,3 2,1 8,3 6,92 Vestre Slidre 5,1 3,7 4,1 4,31 Vestre Toten 6,2 5,2 4,4 5,24 Vågå 2,6 2,5 3,7 2,92 Østre Toten 6,4 5,3 4,7 5,45 Øyer 4,7 7,5 3,2 5,17 Øystre Slidre 7,0 4,3 1,5 4,28 5 LÆRINGSRESULTAT 5.1 Nasjonale prøver Resultata for 5.kl. blir presentert på ein skala med tre nivå, der nivå 1 er dårlegast. Det er prosentdel elevar på nivå 1 vi brukar som målestokk da det er denne elevgruppa vi fyrst og fremst bør rette merksemd mot. 7

8 Resultata for 8.kl. og 9.kl. blir presentert på ein skala med fem nivå. Her er det prosentdel elevar på dei to lågaste nivå vi brukar som målestokk Lesing 5.klasse Femteklassingane i Lom gjorde det særdeles godt på nasjonale prøver i 2016 og var blant dei beste i landet. I lesing er det berre 4% på lågaste nivå og heile 75% på høgste nivå. Ingen elev var friteken. Årsaker skulen sjølv trekkjer fram er god klasseleiing, stabilitet og kontinuitet, fagkompetanse, systematisk arbeid med klassemiljøet og godt foreldresamarbeid. Lesing har vore satsingsområde i Lom i mange år. 8.klasse Det er positivt at det berre er 19% på dei to lågaste nivåa, mot 27% på landsbasis. Samtidig er det færre på dei høgste nivåa, såleis blir snittet for Lom likevel under nasjonalt. Også da dei same elevane tok nasjonal prøve i lesing i 5.klasse, var det langt færre på lågaste nivå enn på landsbasis. Men den gongen var snittet betre enn nasjonalt. 8

9 9.klasse 9. klasse har hatt ei positiv utvikling frå 8. til 9.kl. I 8.kl låg 48% av elevane på dei to lågaste nivåa. Året etter er talet redusert til 16%. Klassa er nå på landssnitt, medan dei i 8. låg godt under. Rektor meiner den viktigaste grunnen er det systematiske arbeidet til leserettleiarane Rekning 5.kl Også i rekning har 5.kl. eit svært godt resultat, langt over land og fylke. Det er ingen på lågaste nivå og heile 56% på høgste nivå. Dette er imponerande! 8.klasse Resultatet er litt under middels, med 32% på dei to lågaste nivåa. Dermed er det omtrent like mange elevar på dei lågaste nivåa i 8.kl. som det var i 5.klasse. 9

10 9.klasse Rekneresultatet i 9.klasse dette året er svakt. Det er 28% på dei to lågaste nivåa, mot 19,6% på landsbasis. Men samanlikna med da dei same elevane gjekk i 8.kl. er det er fleire på dei to høgste nivåa (frå24% i 8.kl. til 52% i 9.kl.) Engelsk 5.klasse Også engelskresultatet er uvanleg godt i 5.klasse dette året. Det betyr at klassa har gjort det i overkant godt på alle dei tre nasjonale prøvene. Det tyder på systematisk og godt arbeid heile vegen. 8.klasse Som fleire tidlegare år engelskresultatet i 8.klasse svakt. Dette året er 36% på nivå 1 og 2, mot 26% nasjonalt. Snittet er godt under nasjonalt. I 5.kl. låg klassa på landssnitt. 5.2 Karakterar kl.var våren 2016 oppe til skriftleg eksamen i norsk og matematikk 10

11 5.2.1 Matematikk I 2016 som i 2015 er det særdeles godt eksamensresultat i matematikk: 3,8 mot 3,3 på landsbasis. (Oppland:3,2, kommunegruppe 3,1). Det har vore stabilt gode resultat i matematikk til eksamen dei siste åra Norsk I Norsk hovudmål: 3,2 mot 3,5 på landsbasis. Resultata til eksamen i norsk hovudmål har vore varierande dei siste åra Norsk sidemål: 4,0 mot 3,2 på landsbasis. Eit svært godt resultat, men dette er «normalt» då elevane i Lom har bokmål som sidemål og beherskar dette godt. 5.3 Grunnskulepoeng Grunnskolepoeng, gj.snitt, Lom 37,4 41,3 40,5 41,4 43,5 Grunnskolepoeng, gj.snitt, nasj. 39,9 40,0 40,3 40,7 41,1 Grunnskolepoeng, gj.snitt, Oppland 39,6 39,6 39,7 40,2 40,7 Grunnskulepoeng omfattar både standpunkt- og eksamenskarakterar. Standpunktkarakterar blir sette av lærarar ved skulen og ikkje ein ekstern sensor. Variasjonar mellom kommunar kan derfor skuldast andre årsaker enn elevane sine prestasjonar og er derfor etter vår meining ein usikker kvalitetsindikator. Men når det er sagt, har Lom hatt ei positiv utvikling og ligg over både land og fylke. Aldri før har skulen lege så høgt som i 2016, og har gjort eit hopp frå 2015, da dei også låg høgt. 5.4 Skulen sitt bidrag til resultat På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet publiserte ssb i januar i år ein ny rapport over skuleresultat. I undersøkinga har ein prøvd å justere for familiebakgrunn. Dermed blir det skulen sitt bidrag som blir målt, uavhengig av foreldrebakgrunn. (Kva ville resultatet vore om alle norske elevar hadde same 11

12 bakgrunn?) Undersøkinga tek utgangspunkt i resultat på nasjonale prøver og resultat på eksamen i perioden Det er målt på ein skala frå 1-6, med 3,4 som landssnitt. Ungdomsskulen kom svært godt ut av undersøkinga. For perioden får ungdomsskulen 3,6. Berre 45 av ca 700 ungdomsskular hadde betre resultat enn Lom. Småskulesteget ligg på landssnitt med 3,4, medan mellomsteget ligg godt under med 3,1. Altså får vi bekrefta tendensen vi har sett i fleire år. 6 GJENNOMFØRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING Elevar som har gått grunnskulen sin i Lom ser ut til å ha eit svært godt grunnlag for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Lom har lege på opplandstoppen i fleire år. I gjennomføringsbarometeret 2016 (Udir) finn vi kor stor del av elevane som gjekk ut frå Lom ungdomsskule i 2009 og 2010 som hadde fullført og bestått i løpet av 5 år. Ser vi på elevar som gjekk ut frå Lom ungdomsskule i 2010, har 90% fullført etter 5 år. Vi finn berre to kommunar i heile landet med betre resultat. 7 PRIORITERTE TILTAK 7.1 Lomsskulen i utvikling Lom ungdomsskule er midt inne i den nasjonale satsinga UIU (ungdomstrinn i utvikling). UIU inneber at alle tilsette deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass, med støtte frå høgskule- eller universitetsmiljø. Målet er å utvikle betre praksis i klasseleiing, vurdering, lesing, skriving og rekning. Endra praksis skal føre til at elevane opplever auka motivasjon og betre læring gjennom meir praktisk og variert undervisning. Som ein av få kommunar i landet har Lom vald å inkludere også barneskulen i satsinga, og kallar derfor satsing LIU (lomsskulen i utvikling.) Loar har ikkje tilgang på dei same ressursane som ungdomsskulen får nasjonalt, men begge skular nyttar same rettleiar frå Høgskolen i Innlandet, og det blir lagt til rette for erfaringsdeling. Samarbeidet med høgskulen varar ut Kommunestyret har ved fleire høve pålagt skulane å samarbeide tettare. På bakgrunn av dei politiske vedtaka har skulane utarbeidd årshjul for samarbeidsrutinar. Desse omfattar etablering av faggrupper i norsk, matematikk og engelsk. Rutinane skal implementerast for fullt frå nytt skuleår. Samarbeid mellom leserettleiarane er godt i gang, men kan utviklast enda meir. 7.2 Samarbeid barnehage-skule Kommunen har utarbeidd rutinar for overgang frå barnehage til skule. Frå hausten vil dialogen bli styrka gjennom fleire samarbeidstiltak, fyrst og fremst handlar det om samarbeid innan psykososialt arbeid og språk. I den nye rammeplanen for barnehagen er det auka krav til samarbeid med skulen. 7.3 Skulemiljøet Arbeid med skulemiljøet må sjåast i samanheng med folkehelsearbeid med mål om å styrke elevane si psykiske helse. 12

13 Frå hausten blir krava i opplæringslova om retten til eit godt psykososialt miljø enda strengare. Fylkesmannen arrangerer i den samanhengen kompetansedagar for både skuleeigarar og tilsette på skulane. Dette er opplæringstiltak skular og kommune prioriterer. Kommunen sin plan for å sikre lomselevane eit godt læringsmiljø må reviderast i tråd med dei nye krava. 7.4 Lesing Lom har satsa mykje på lesing dei siste åra, fyrst og fremst gjennom felles leseplan og gjennom å utdanne leserettleiarar. Vi har nå tre på Loar og to i ungdomsskulen. Det må definerast tydeleg kva oppgåver ein leserettleiar har, ikkje minst gjeld det å kartlegge og følgje opp elevar som heng etter. Eit anna tiltak er revidering av leseplanen. 8 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON Det er ei glede å legge fram kvalitetsmeldinga for lomsskulen i år. Resultata har gjerne variert, noko som er naturleg i ein så liten kommune som Lom. Men i år er resultatet i overkant bra på så å seie alle områda. Det er mykje dei same indikatorane som blir lagt til grunn i kommunebarometeret, og at Lom er på 11. plass på grunnskule, i konkurranse med 426 kommunar, seier sitt! Men sjølv om resultatet er aldri så bra, er det mogleg å finne forbetringsområde. T.d. bekreftar ein ny rapport (skulebidragsindikatorrapporten)at resultata på 5.-7.kl over tid skil seg negativt frå både småskulesteget og ungdomssteget. Av andre område ser vi at vi bør setje inn ein større innsats på vurdering for læring og elevdemokrati. Sjølv med gjennomgåande gode resultat kan vi ikkje kvile på laurbæra. Det må vere eit mål å oppretthalde dei gode resultata, sjølv om vi veit at det ikkje alltid er realistisk. Dette skuleåret var femte klasse blant dei beste i landet på alle dei tre nasjonale prøvene. Det er ikkje noko vi kan rekne med kvart år. Læringsresultat er viktig, men det viktigaste av alt er at elevane har det bra. Noko av det mest gledelege dette året er at så å seie ingen elevar seier dei blir mobba av andre elevar på skulen. I ungdomsskulen seier nokre få at dei har opplevd digital mobbing. Dette vil rektor ta opp med foreldre, i samarbeid med politiet. Kommunen har rutinar for førebygging, avdekking og handtering av mobbing. Rutinane må endrast i samsvar med at reglane blir endra frå august Vurdering av eiga verksemd er eit krav i opplæringslova og noko vi må arbeide enda meir systematisk med i åra som kjem, både på kommunenivå og skulenivå. Vi må ha fokus på kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling innan område der vi ser vi har utfordringar. Det handlar om å vende blikket mot seg sjølv og sin eigen praksis. Det gjeld både på klassenivå, skulenivå og kommunenivå. 13

14 14

Herdis Kvamme Repp

Herdis Kvamme Repp Lom Kommune Kvalitetsmelding Lomsskulen 2016 Herdis Kvamme Repp 20.03.2016 1. INNLEIING... 2 2. SAMANDRAG... 2 2.1 ELEVAR OG UNDERVISNINGSPERSONALE... 2 2.2 LÆRINGSMILJØ... 2 2.3 LÆRINGSRESULTAT... 2 3.

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Bakgrunn / heimel: Opplæringslova 13-10 andre ledd (Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008)) 1 Innleiing Tilstandsrapporten omtalar dei mest sentrale områda innanfor

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Hå kommune Vigrestad storskule

Hå kommune Vigrestad storskule Hå kommune Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Karl Gjedrem Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 14/15879 ISR Vigrestad, 18.06.2014 Vigrestad storskule årsmelding 2013/2014 PRINSIPP 1 Elevane får eit

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2016-2017 Lye ungdomsskule % mobba % mobba Analyse og kommentarar av resultat Olweusundersøkinga 2011-2016 6,0 5,0 4,0 3,0 2,0 1,0 Kategori A 5,7 4,8 3,6 2,6 0,9 11/12 12/13 13/14 14/15

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2016-2017 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Prioriterte utviklingsområder for skulen s.

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar /8- Marit Tarlebø Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Læringsresultat i grunnskulen i Kvinnherad 7- Innstilling frå rådmannen: Komitè

Detaljer

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015 Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015 Innhald Innleiing... 3 Ressursar... 3 Lærartettleik 1.-7. trinn og 8.-10. trinn... 3 Spesialundervisning...

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014 Tirsdag 14. april, 2015 Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014 Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 3 Kartlegging 1.-3.trinn s. 4 Prioriterte utviklingsområder

Detaljer

Tilstanden og utfordringer for skolene i Hedmark og Oppland

Tilstanden og utfordringer for skolene i Hedmark og Oppland Tilstanden og utfordringer for skolene i Hedmark og Oppland www.fylkesmannen.no/oppland Facebookcom/fylkesmannen/oppland Skolekultur Skolekultur kan oversettes til et begrep om hvordan skoleleder, lærere

Detaljer

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15 OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/1090-106 Saksbehandlar: Tor Ivar Sagen Sandvik, Stig Aasland Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Yrkesopplæringsnemnda 30.11.2015 Opplærings- og helseutvalet 03.12.2015

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.» Undheim skule med oppsummering av læringsresultat og læringsmiljø: Undheim skule har i skuleåret

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra Utviklingsplan skuleåret 2018-2019 Orstad skule Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Orstad skule 2.1 Trendutvikling

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Orstad skule Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Orstad skule 2.1 Trendutvikling

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Dataene i rapporten er hentet fra VSOP-databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger til skogfond. Den 01.06.2015 tok Landbruksdirektoratet

Detaljer

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen september 2012 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s. 2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Dataene i rapporten er hentet fra VSOP-databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger til skogfond. Den 01.06.2015 tok Landbruksdirektoratet

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen

Tilstandsrapport for grunnskulen Tilstandsrapport for grunnskulen Medverknad i utarbeidinga av rapporten Elevar og foreldre (f.eks. dialogmøte) Ja X Nei Organisasjonane Ja X Nei Skolar Ja X Nei Administrasjonen i kommunen/fylkeskommunen

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 16/914

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 16/914 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 16/914 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN 2015 Rådmannens forslag til vedtak: 1. Kommunestyret har drøftet tilstandsrapporten for 2015

Detaljer

Høyringsrapport - skulestruktur

Høyringsrapport - skulestruktur Høyringsrapport - skulestruktur Bakgrunn Lom kommunestyre gjorde den 24.04.2014 følgjande vedtak (sak 36/2014): 1. Kommunestyret ber administrasjonssjefen om å koma med framlegg til ei organisering som

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Dataene i rapporten er hentet fra databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger av skogavgift. Rapporten er laget med Business Objects,

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Dataene i rapporten er hentet fra VSOP-databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger til skogfond. Den 01.06.2015 tok Landbruksdirektoratet

Detaljer

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Trond Egil Sunde Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, 14.09.2015 Vigrestad storskule årsmelding 2014/2015 «Årsmeldinga» ønskjer vi

Detaljer

Årsmelding Tellnes skule 2017

Årsmelding Tellnes skule 2017 Årsmelding Tellnes skule 2017 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Dataene i rapporten er hentet fra databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger av skogavgift. Rapporten er laget med Business Objects,

Detaljer

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA

TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN I AUKRA Mars 2013 Rådmannen Forord Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Detaljer

Ungdomstrinnsatsinga

Ungdomstrinnsatsinga Ungdomstrinnsatsinga 2012-2016 Stortinget behandla stortingsmeldinga om ungdomstrinnet Meld. St. 22 (2010 2011) Motivasjon Mestring Muligheter i januar 2012. Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Dataene i rapporten er hentet fra databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger av skogavgift. Rapporten er laget med Business Objects,

Detaljer

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Oppland m/kommuner Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS Dataene i rapporten er hentet fra VSOP-databasen som inneholder virkesdata med tilhørende innbetalinger til skogfond. Den 01.06.2015 tok Landbruksdirektoratet

Detaljer

Innkalling til Levekårsutvalet. Dialogmøte med oppvekstsektoren med tema skulemiljø

Innkalling til Levekårsutvalet. Dialogmøte med oppvekstsektoren med tema skulemiljø FLORA KOMMUNE Innkalling til Levekårsutvalet Møtedato: 18.09.2018 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Innkallinga går til medlemer og varamedlemer i Flora kommune sitt levekårsutval. Invitert

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2015-2016 Læringsresultat og læringsmiljø Olweusundersøkinga 2010-2015 Kategori A. Elever som er blitt mobba 2-3 gangar i månaden eller meir (Spørsmål 3) Kategori B. Elever som er blitt

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule Utviklingsplan 2017-2018 Skule: Klepp ungdomsskule Bli den beste du kan bli 1. Kort analyse av status a) Læringsmiljø I tillegg til vår eigen mobbelogg som ikkje er anonym og som vi gjennomfører to gonger

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden 2015 2018 Vedteken av Ørskog kommunestyre 12.02.15 Innleiing Kvalitetsplanen for oppvekstområdet i Ørskog kommune omtalar satsingsområde

Detaljer

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR Sveio kommune KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR 2010-2013 FORORD Plan for kvalitetsutvikling skular og barnehagar 2010-2013 har fokus på retning og målsettingar for arbeidet i området i perioden 2010-2013.

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Kvalitetsmelding for 2014

Kvalitetsmelding for 2014 Kvalitetsmelding for 2014 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Kvalitetsmeldinga for 2014 er det som opplæringslova

Detaljer

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 Eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og dei mest sentrale partane innan skulesektoren om auka status for lærarane auka kvalitet

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2017-2018 Side 2 av 15 Innhald Innleiing... 4 Analyse og kommentarar av resultat... 5 Olweusundersøkinga... 5 Elevundersøkinga Fordelt på periode 2012-2017... 6 1. Motivasjon... 6 2. Trivsel...

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 17/2204

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 17/2204 Vestre Toten kommune SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Tofsrud Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKOLEN 2016 Rådmannens forslag til vedtak: 1. Kommunestyret har drøftet tilstandsrapporten

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016

Tilstandsrapport for grunnskolen 2016 Tysdag 21. februar, 2017 Tilstandsrapport for grunnskolen 2016 Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hos skoleeigaren og har kvalitetsutvikling

Detaljer

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2018/573 A20 DOK 28.05.2018 K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017 Vedlagt fylgjer

Detaljer

Kvalitetsmelding for 2015

Kvalitetsmelding for 2015 Kvalitetsmelding for 2015 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Kvalitetsmeldinga for 2015 er det som opplæringslova

Detaljer

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN Saksprotokoll Utvalg: Kommunestyret Møtedato: 15.12.2011 Sak: 121/11 Resultat: Innstilling m/tillegg vedtatt Arkivsak: 11/794 Tittel: HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN Behandling:

Detaljer

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18 BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN HAUSTEN 2017-18 «Samarbeid, Kontinuerleg framgang, Omsorg SKO deg for livet!» Eleven si faglege resultat ligg stabilt på eller over landsgjennomsnittet

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe

Nasjonal dugnad. Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe Nasjonal dugnad Prosjektleiar overgangsprosjektet Sissel Espe -gjennomføring i vidaregåande skule Overgangsprosjektet Oppfølgingsprosjektet Statistikkprosjektet-Gjennomføringsbarometeret Prosjektleiar

Detaljer

Tilstandsrapport. Grunnskulen i Meland 2014-2015

Tilstandsrapport. Grunnskulen i Meland 2014-2015 Tilstandsrapport Grunnskulen i Meland 2014-2015 Side 1 av 32 - Tilstandsrapport for grunnskulen i Meland kommune 2014-15, 03.09.2015 1. Innleiing Den årlege tilstandsrapporten er ein del av Meland kommune

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Radøy 2018

Tilstandsrapport for grunnskulen i Radøy 2018 Radøy kommune Tilstandsrapport for grunnskulen i Radøy 2018 Innhald Saksopplysningar:... 2 Samandrag... 2 2.1. Elevar og undervisningspersonale... 3 Elevtal fordelt på skular... 4 Læringsmiljø 7. trinn

Detaljer

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter 1 2 Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter 3 4 10 % nedgang i elevtalet i 2021-22 samanlikna med i dag om det ikkje kjem =lfly@ng 5 6 Størst nedgang i elevtalet i Skjolden og Luster.

Detaljer

Befolkningsutvikling i 2026 ifølge hovedalternativet (MMMM)

Befolkningsutvikling i 2026 ifølge hovedalternativet (MMMM) Befolkningsutvikling i 2026 ifølge hovedalternativet (MMMM) MMMM i 2026 Hedmark (%) Oppland (%) Elverum 11,2 Lunner 10,1 Hamar 8,0 Gjøvik 9,1 Stange 7,9 Lillehammer 9,0 Sør-Odal 7,7 Gran 7,9 Tynset 6,7

Detaljer

Tilstandsrapport for Vinjeskulen

Tilstandsrapport for Vinjeskulen Kan inneholde data under publiseringsgrense. Tysdag 22. november, 2016 Tilstandsrapport for Vinjeskulen 2015-2016 Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet

Detaljer

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø. VFL Lom kommune Utfordringar ved oppstart: Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø. Kommunen i gang med anna utviklingstiltak.

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet SANDE KOMMUNE 6084 Larsnes Tlf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-mr.kommune.no SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/249-684/2015 Arkiv: Utvalsaksnr

Detaljer

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår) Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår) Ansvarsområde storleik på avdelinga og fråvær 2015 (%) 28,9 stillingsheimlar Ansvar Ansvarsbegrep Evt. endringer Stillingsh. (2015) Fråvær 2015 3114 Gol ungdomsskule

Detaljer

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Oppland. En måned

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Oppland. En måned Om tabellene Om statistikken - Arbeidssøkere", "Om statistikken - Ledige stillinger" og "Om statistikken - Sesongjustering" finner du på nav.no ved å følge lenkene under relatert informasjon på siden "Hovedtall

Detaljer

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Oppland. En måned

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Oppland. En måned Om tabellene Om statistikken - Arbeidssøkere", "Om statistikken - Ledige stillinger" og "Om statistikken - Sesongjustering" finner du på nav.no ved å følge lenkene under relatert informasjon på siden "Hovedtall

Detaljer

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk VEDLEGG: TILTAKSPLAN 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk 6.1.1 PROSESSMÅL Skape ein delingskultur mellom barnehage og skule som er fordelaktig for borna begge vegar. Arbeide systematisk

Detaljer

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument 2013-2015. Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår. Namn på skulen: Tal elevar skuleåret 2015/16: 1 Hovudmål: Auka

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011

Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011 Giske kommunestyre 20. september 2012 Tilstandsrapport for skulen i Giske 2011 Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012. Tilstandsrapport for grunnskulen i Haram 2012. Mars 2013. Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding

Detaljer

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: Skoleeiers sluttrapportering 201 4-201 6 av FYR - satsingen Svar - Sogn og Fjordane fylkeskommune Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av: sissel.espe@sfj.no Innsendt

Detaljer

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule

Utviklingsplan Frøyland Ungdomskule Utviklingsplan 17-18 Frøyland Ungdomskule Innhald INNHALD... INNLEIING... 3 RESULTAT 1-17... LÆRINGSRESULTAT... SKRIFTLEG EKSAMEN... NASJONALE PRØVAR... 5 LÆRINGSMILJØ... 8 ELEVUNDERSØKINGA... 8 OLWEUSUNDERSØKINGA...

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak: Stab FYLKESMANNEN I MØRE OG ROMSDAL Postboks 2520 6404 MOLDE Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2017/549 B00 DOK 16.05.2017 K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2016. Vedlagt følgjer

Detaljer

Arsmelding Valen skule

Arsmelding Valen skule Arsmelding 2015. 1. Presentasjon av verksemda: har 116 elevar. Det er 22 tilsette på verksemda. Rektor, 15 lærarar, 7 assistentar og ei merkantil i 30% Stillingane dekkjer til saman 1817% stilling. Derav

Detaljer

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Del av Kvalitetsplanen for Oppvekst og kultur Fokus på læringsresultat 5 til 7-årsperspektiv fram til 2020. Samla bilete av tiltak i barnehage og skule som bidreg til

Detaljer

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE MÅLEKART FOR VIGRE SKULE OG BARNEHAGE - 2009 BAKGRUNN FOR MÅLEKARTET Målekartet til Vigre skule og barnehager er laga på bakgrunn av Balansen! som er Hå kommune sitt

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande Fredag 16. mai, 2014 Tilstandsrapport for grunnskulen i Sande Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding

Detaljer

Årsmelding Misje skule 2018

Årsmelding Misje skule 2018 Årsmelding Misje skule 2018 1. Innleiing / samandrag Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat.

Detaljer

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % - Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell 2015 Innhald Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell... 3 1. Innleiing / samandrag... 3 2. Personale... 8 3. Læringsmiljø... 9 4. Analyse av samanhengar... 19

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Skolebasert vurdering Haram kommune Vatne ungdomsskule 1 Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing... 4 2. Om tilsynet med Haram kommune Vatne ungdomsskule... 4 2.1 Fylkesmannen fører

Detaljer

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad Austrheim kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret 1.1.011 187/11 Olav Mongstad. Saksansv.: Olav Mongstad Arkiv: FA-B11 Arkivsaknr: 11/981 - Høring - forslag

Detaljer

38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning /15 Kommunestyret

38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning /15 Kommunestyret Vågå kommune Arkivsak: 2012/162-46 Arkiv: Saksbehandlar: Laila Nersveen Utv.saksnr Utval Møtedato 38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 04.09.2015 80/15 Kommunestyret 27.10.2015 Endring

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Oppvekst - Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen

SAKSFRAMLEGG. Oppvekst - Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr: 12/178 15/13609 Arkiv: K1-430, K2 - A00 Oppvekst - Skuleeigarrapporten om tilstanden i Sulaskulen 2014-15. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet

Detaljer

Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2016

Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2016 Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2016 2 Innleiing Felles tilstandsrapport for 2016 Opplæringslova krev at det skal utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskuleopplæringa, og at denne rapporten

Detaljer

TILSTANDSRAPPORT GRUNNSKULEN I MELAND

TILSTANDSRAPPORT GRUNNSKULEN I MELAND TILSTANDSRAPPORT GRUNNSKULEN I MELAND 2015-2016 Side 1 av 41 - Tilstandsrapport for grunnskulen i Meland kommune 2015-16, 05.09.2016 INNHALD 1 Samandrag... 4 1.1 Kapittel 3: Fakta om opplæringa... 4 1.2

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger

Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger Mandag 19. mai, 2014 Tilstandsrapport for grunnskulen i Samnanger 2013-2014 Det er fastsett i opplæringslova og privatskolelova at skoleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016

Detaljer

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes Handlingsplan for grunnskulen i Vestnes 2010 1. Innleiing Handlingsplanen for grunnskulen i Vestnes bygg på behov tilstandsrapporten viser, og på behov som er komne fram etter at administrasjonssjefen

Detaljer

Ørskog Ørskog. Årsverk for undervisningspersonale 30,0 26,8 27,9 26,5 28, ,5

Ørskog Ørskog. Årsverk for undervisningspersonale 30,0 26,8 27,9 26,5 28, ,5 kommune Kvalitetsmeldinga for skulane 2015 Meldinga er evaluert av leiinga av skulane i mai 2016 - er handsama i dei politiske organa i løpet av juni og - med slutthandsaming i kommunestyre 16.06.16 Innleiing

Detaljer

Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017

Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017 Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017 2 Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017 Innhald Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017... 2 Innleiing... 4 Felles tilstandsrapport for 2017... 4 Samandrag... 5 Del

Detaljer

Fellesmøte 20.februar

Fellesmøte 20.februar Fellesmøte 20.februar 2018 09.00-14.00 09:00 Kvalitet og utvikling i Jærskulen 2017 10:30 Næring og læring i utvikling og endring 12:00 Praksisforteljingar 13:10 Kva har me høyrt, sett og lært? Velkommen

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...

Detaljer