Kvalitetsmelding for 2014

Save this PDF as:

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kvalitetsmelding for 2014"

Transkript

1 Kvalitetsmelding for 2014 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling

2 OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Kvalitetsmeldinga for 2014 er det som opplæringslova kallar tilstandsrapport. Meldinga for 2014 må sjåast i samanheng med framlegget til kvalitetsplan for oppvekstsektoren. Meldinga og planen er drøfta i fleire omgangar med leiarane og hovudutvalet. Underteikna er ansvarleg for innhaldet og formuleringane i kvalitetsmeldinga for Synspunkt og vurderingar knytt til innhaldet vert motteke med takk. Vi treng konstruktive innspel i arbeidet med å gjere tilbodet til barn og unge så godt som mogeleg. Eivindvik Jan-Ove Einebærholm -kommunalsjef- OPPSUMMERING Dette likar vi: Alle barn som ynskjer det får plass i barnehagen 95% av 1-5 åringar i Gulen går i barnehage Eivindvik barnehage har flytta inn ny nytt bygg God resultatutvikling for alle årskull Lite mobbing Dette må vi gjere betre: Meir systematikk og betre prosessar i kvalitetsarbeidet Samarbeidet mellom skule og barnehage Fagsamarbeid på tvers av einingane Læringsmiljøet Grunnleggjande dugleikar læreplanarbeid og fellesansvar 1

3 2 RESSURSAR

4 VEDTEKE RESULTATMÅL: I Gulen kommune skal tal elevar pr. årsverk vere om lag det same som i kommunegruppa. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Samla bruk av stillingsressursar er på nivå med kommunegruppa og såleis i samsvar med målet. Fordelinga mellom ungdomssteget og barnesteget er likevel ulik og fortel om ulike prioriteringar. Skuleåret 13/14 lærarane på ungdomssteget i Gulen færre elevar enn lærarane på barnesteget. Dette var ei endring frå året før. Desse variasjonane ser ut til å ha utgangspunkt i faste organiseringsmønster på einingane og har ikkje utgangspunkt i ei auka prioritering av ungdomssteget. Vi bør ta opp att diskusjonar om kva som styrer ressursbruken, og utveksle erfaringar mellom einingane om måtar å organisere opplæringa på som både effektiviserer ressursbruken og gjev betre læring. Tidleg innsats er framleis eit prinsipp vi skal arbeide etter, og som krev både tett samarbeid med ei som driv opplæring i barnhagen og fokus på begynnaropplæringa. Elevtalet går ned frå kommande skuleår, og det er fjerna to lærarstillingar for ikkje å auke ressursbruken. 3

5 RESULTAT NASJONALE PRØVAR RESULTAT 5. KLASSE: 5. klasse Snitt 6 Snitt 5 Gulen Engelsk 2,2 1,7 1,8 2 1,7 1,9 1,8 Lesing 2,2 1,7 1,9 1,8 2,3 1,7 1,9 1,9 Rekning 2,1 1,8 2,1 1,8 1,9 1,8 1,9 1,9 Sogn og Fjordane Engelsk ,9 1,9 2,0 2,0 Lesing 2 1, ,9 2 2,0 2,0 Rekning 2 2 2,1 2,1 2 2,1 2,1 2,1 Landet Engelsk ,0 2,0 Lesing ,0 2,0 Rekning ,0 2,0 RESULTAT 8. KLASSE: 8. klasse Snitt 6 Snitt 5 Gulen Engelsk 3 3,1 2,9 3,4 2,7 2,8 3,0 3,0 Lesing 3,1 3,4 3 3,6 2,8 3,2 3,2 3,2 Rekning 3,5 3,4 3,2 3,7 2,9 3,2 3,3 3,3 Sogn og Fjordane Engelsk 3,1 3,1 3,1 3, ,1 3,1 Lesing 3,2 3,2 3,1 3,2 3,1 3,2 3,2 3,2 Rekning 3,3 3,3 3,3 3,3 3,3 3,2 3,3 3,3 Landet Engelsk ,0 3,0 Lesing 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 Rekning 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 3,1 RESULTAT 9. KLASSE: 9. klasse Snitt 4 Gulen Lesing 4 3,7 3,8 3,1 3,7 Rekning 3,8 3, ,6 Sogn og Fjordane Lesing 3,6 3,6 3,6 3,5 3,6 Rekning 3,6 3,6 3,6 3,6 3,6 Landet Lesing 3,5 3,5 3,5 3,4 3,5 Rekning 3,4 3,4 3,4 3,4 3,4 4

6 RESULTAT FOR ELEVAR FØDDE I 1998: Engelsk 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3 Gulen -0,2-0,1 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen -0,2 0,0 0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,0 0,1 0,2 RESULTA FOR ELEVAR FØDDE I 1999: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk Norge 2 3 Gulen 0,2 0,4 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,5 Gulen 0,2 0,5 0,3 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen 0,1 0,6 0,6 RESULTATUTVIKLING FOR ELEVAR FØDDE I 2000: 5. kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk Norge 2 3 Gulen -0,3-0,3 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen -0,3-0,3-0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 3,4 Gulen -0,2-0,2-0,2 5

7 RESULTATUTVIKLING FOR ELEVAR FØDDE I kl. 8. kl. 9. kl. Engelsk Norge 2 3 Gulen -0,2-0,2 Lesing 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3 Gulen -0,1 0,2 Rekning 5. kl. 8. kl. 9. kl. Norge 2 3,1 Gulen 0,1 0,1 6

8 7 GRUNNSKULEPOENG, EKSAMENSRESULTAT OG STANDPUNKT I NORSK HOVUDMÅL, MATEMATIKK OG ENGELSK:

9 VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: NASJONALE PRØVAR: Det gledelege med resultata frå dei nasjonale prøvane er at alle årskull vi kan følgje frå 5 til 9. klasse har ei resultatutvikling som er på linje med eller betre enn snittet for landet. Dette er den sikraste indikatoren på at elevane i Gulen får eit godt tilbod. Snittresultata er og på snittet i Sogn og Fjordane. Dei er litt under for 5. klasse, 8. klasse på snittet og 9. klasse litt over snittet. Ser ein på enkeltprøvar, ser det ut som vi har utfordringar med engelskundervisninga i småskulen. Det må diskuterast på einingane korleis denne kan styrkast. Engelsk som fag har stått på prioriteringslista for vidareutdanning i mange år. Det er det faget der vi har minst formell kompetanse. Skuleåret 2013/2014 har vi hatt ein lærar som har teke 30 studiepoeng i engelsk. Vidareutdanning i engelsk må framleis prioritrast. Paradokset i denne situasjonen er at Gulen-elevane ofte gjer det svært godt både til skriftleg og munnleg eksamen i engelsk. For lesing er tendensen at opplæringa blir betre. Einingane har jobba godt med denne opplæringa og det gjev resultat. Lesing i 5. klasse hausten 2013 gav dårlege resultat på enkeltgrupper, og dette har vorte diskutert på einingane. Resultata i rekning har vore gode, men det er tendensar til endring. Eit av problema for rekning som grunnleggande dugleik er at denne kompetansen har vor knytt til matematikkfaget og har ikkje vore ei fellesoppgåve for alle fag og faglærarar slik læreplanen krev. Dette må einingane jobbe systematisk med å endre. I Hafs-regionen planlegg vi eit etterutdanningsopplegg i rekning i samarbeid med matematikksenteret. Hovudutfordringa for einingane er likevel å la resultata vere meir systemavhengige enn av innsatsen til enkeltlærarar. EKSAMENSRESULTAT, STANDPUNKT OG GRUNNSKULEPOENG Resultata til Gulen-elevane er gode og er i godt samsvar med resultatutviklinga på dei nasjonale prøvane. Det er viktig at ein veit at standpunktkarakterane og eksamenskarakterane for Gulen ikkje kan samanliknast. Dei har ikkje det same elevgrunnlaget. Standpunktkarakteren er for heile årskullet. Eksamenskarakteren er for elevane på ein eller to einingar. Dette kan medføre store avvik. Diskusjonen om det er for store avvik mellom eksamen og standpunkt må difor takast på den enkelte eining, og ein må sjå på tendensar over tid. Dette er viktige diskusjonar å føre på einingane, og det må verte tema på kommunale/regionale fagsamlingar. 8

10 9 LÆRINGSMILJØ

11 10

12 11

13 12

14 VEDTEKE RESULTATMÅL: Gjennomsnittsresultatet for elevane i Gulen kommune dei siste 5 åra skal minst vere på nivå med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane i same periode. VURDERINGAR OG REFLEKSJONAR: Elevundersøkinga er omarbeidd og dei nye tala for dei obligatoriske indikatorane kan difor ikkje samanliknast med svara frå tidlegare år. Difor r tabellane med utrekning av snitt tekne bort og erstatta ned grafar der ein samanliknar resultata med andre. Grafane syner elevane i 7 og 10. klasse sine tilbakemeldingar på undersøkinga seinhaustes Tabellane vert tekne inn att i meldinga når det er datagrunnlag fr det. Elevane i Gulen gav i 2013 einingane dårlegare tilbakemeldingar enn snittet for Sogn og Fjordane, og dette er eit resultat vi ikkje ynskjer. Resultata mellom einingane varierer. Det vert interessant å sjå om vi får tilsvarande låge tal kommande skuleår. Vi har ei stor fellessatsing for å auke lærarane sin kompetanse på å utvikle eit godt læringsmiljø. Dette er ei nasjonalt prosjekt der vi også samarbeider med høgskulen. Dette arbeidet skal resultere i betre tilbakemeldingar frå elevane. 13

15 Ser vi på detaljar knytt til enkelte indikatorar, må 10. klassingane sine tilbakemeldingar på vurdering for læring føre til ein grundig dialog og debatt mellom lærarar og elevar på einingane. Her er praksisen på einingane gjennomgåande for dårleg. 7. klassingane sine svar på læringskulturindikatoren bør også føre til diskusjon og refleksjon på einingane. Det vert ofte reist tvil om verdien av elevsvara då ein kan få svar som ikkje samsvarar med dei vaksne sitt syn eller at svara på ulikt på spørsmål som omhandlar det same, ikkje er i samsvar. Slike vurderingar må ikkje resultere i at elevane sine tilbakemeldingar ikkje vert tekne på alvor. Elevane sine svar skal vere ein viktig del av faktagrunnlaget for arbeidet med å auke kvaliteten på opplæringa. Dette kan skje ved at ein har gode prosessar for dialog og refleksjon knytt til elevane sine tilbakemeldingar. Dette er viktig at dette vert teke med i arbeidet til SU som er eit partssamansett utval der leiing, tilsette, elevar, føresette og politikarar er representert. Det vert ei prioritert oppgåve å få til betre prosessar knytt til arbeidet med kvalitet og det er laga ein eigen plan for dette arbeidet. Elevane sine tilbakemeldingar på mobbespørsmåla må vi gle oss over. Her er det betre tilbakemeldingar enn tidlegare år. Einingane har arbeidd med desse problemstillingane og har handla aktivt både når det gjeld førebygging og oppfølging av enkeltsaker. Utveksling av idear, erfaringar og lærdom mellom einingane vert eit viktig tiltak for å betre læringsmiljøet. 14

16 «KOMMUNAL RAPPORT» SI VURDERING: GRUNNSKOLE Teller 20 % av det samlede barometeret 15

17 16 HVA FORTELLER TALLENE?

18 BARNEHAGANE I GULEN Born i barnehagane Brekke Byrknes Dalsøyra Eivindvik Samla tal I 2013 var dette situasjonen: 95% av barna i aldersgruppa 1-5 år går i barnehage i Gulen 90,9% av 1- og 2-åringane 98,2% av 3-5-åringane. Vi greier altså å tilby barnehageplass til dei som ynskjer det. Tala syner og at vi får dei minoritetsspråklege barna til å starte i barnehagen. Dette er viktig får stimulere språkutvikling deira og lære dei norsk. God innsats her vil vere avgjerande for grunnskuleresultata. Vi bør dessutan halde på målet om å kunne tilby plass til alle og ha fortløpande barnehageopptak. Det at så mange av 1- og 2-åringane går i barnehagen er ein ny situasjon som krev tilpassingar både knytt til personalressursar, kompetanse og aktivitetstilbod. Det fysiske miljøet Eivindvik barnehage flytta inn i nytt bygg vinteren Dette må vi gled oss over. No står Brekke og Dalsøyra for tur. I tillegg jobbar ein med å innreie barnehageareal i skulebygget på Byrknes slik at ein skal ha plass til dei barna ein har teke inn og ein eventuell auke i barnetalet. Uteområda ved barnehagane må jobbast meir med for at dei skal vere godt tilrettelagt for ulike aktivitetar. Når desse tiltaka er på plass, vil vi ha gjennomført ein vesentleg standarheving på barnehagane. Kompetanse Vi har ikkje nådd målet med berre å ha fast tilsette med ynskt kompetanse, men vi nærmar oss. Vi har fått både fleire barnehagelærarar og fagarbeidarar. Vi har og tilsett pedagog nr 2 på enkelte avdelingar. Målet er å ha 2 pedagogar på alle avdelingar. I tillegg gjennomførte 13 tilsette eit 5 dagars assistentkurs barnehageåret 13/14. Dette var eit tiltak i samarbeid med fylkesmannen og Hafs-regionen. Det pedagogiske arbeidet Det faglege samarbeidet mellom barnehagane i kommunen må takast opp att. I tillegg til generelt årsplanarbeid med utgangspunkt i den lokalt tilpassa rammeplanen, er desse emna aktuelle: Vaksenrolla/leiing Språk Krysskulturelt arbeid Dei minste i barnehagen Kommunale og regionale fagnettverk knytt til desse emna er aktuelle tiltak. Arbeidet med dei grunnleggande dugleikane startar i barnehagen. Der legg ein eit viktig grunnlag for barnet si læring og oppleving av mestring når dei skal halde fram på skulen. Systematisk språkutvikling må difor vere høgt prioritert. 17

19 «KOMMUNAL RAPPORT» SI VURDERING: BARNEHAGE Teller 10 % av det samlede barometeret HVA FORTELLER TALLENE? 18

20 GULEN OPPVEKST EIN LÆRANDE ORGANISASJON? Peter Senge definerer lærande organisasjon som: «organisasjon der deltakarane jamnleg utviklar evna til å skape ønska resultat, der nye og ekspansive tankesett blir framelska, der kollektive ambisjonar får spelerom og der menneska kontinuerleg lærer meir om korleis ein lærer saman» Han presenterer og fem føresetnader for å utvikle ein lærande organisasjon: Systemisk tenking den heilskaplege tenkjemåten som må leggjast til grunn for å forstå samanhengar og mønster i organisasjonar Personleg dugleik omhandlar evna til å vere visjonær og realistisk på same tid Mentale modellar dei grunnleggjande, men oftast lite uttrykte førestillingane i ein organisasjon Felles visjon den meininga fellesskapet har med den kollektive innsatsen, noko som dannar grunnlaget for eit felles bilete av framtida Gruppelæring finn stad når grupper reflekterer seg fram til ny kunnskap og nye handlemåtar som den einskilde ikkje vil kunne utvikle åleine Både «Rammeplan for barnehagen» og LK06 understrekar at barnehagen og skulen må utvikle seg som lærande organisasjonar for å oppretthalde og vidareutvikle ønskjeleg kvalitet i tilbodet sitt. Å utvikle Gulen oppvekst som lærande organisasjon er difor å sjå på som ein føresetnad for at vi skal greie å utvikle eit læringsmiljø som medverkar til at alle barn opplever mestring, vekst og utvikling. Skrive ei kvalitetsmelding til kommunestyret, gjennomføre ein etterutdanningsdag, delta i eit nasjonalt skuleutviklingsprosjekt og delta på ei leiarsamling i Hafs-regionen er alle eksempel på tiltak som har som siktemål å påverke kvaliteten i positiv lei. Dette er tiltak som vert gjennomførte på oppvekstsektoren i Gulen, men gjer det oss til ein lærande organisasjon? Vi har nok ein veg å gå før vi kan kalle oss ein lærande organisasjon. Prosessane i arbeidet med å betre kvaliteten på tilbodet med utgangspunkt i dei kvalitetsdata vi har tilgjengeleg, er ikkje gode nok. Vi må ha systematiske prosessar som involverer alle partar på sektoren. Vi må ha gode dialogar som byggjer på spørsmål og refleksjon, meir enn rette svar. Felles standarar for god praksis må utviklast og vere rettesnor for dei tilsette. Det er utarbeidd eit framlegg til kvalitetsplan for oppvekstsektoren. Der er det eit framlegg til årshjul for kvalitetsarbeidet der ein prøver å få på plass deltaking og systematikk. Då er det opp til leiarane på sektoren å gjennomføre dette på ein måte som gjer at vi utviklar ein lærande organisasjon. Leiarane for skule og barnehage har fire samlingar for året der ein har fokus på dette arbeidet. Kommunalsjefen og utviklingsrettleiaren for Hafs oppvekst deltek på desse møta. Skule og barnehage skal fungere saman som ein organisasjon. Dette er og tema for dei nemnde leiarsamlingane. Vi har mange utfordringar i å utvikle god praksis på dette området, men vi arbeider med det. 19

Kvalitetsmelding for 2015

Kvalitetsmelding for 2015 Kvalitetsmelding for 2015 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Kvalitetsmeldinga for 2015 er det som opplæringslova

Detaljer

Tilstandsrapport 2013. Oppvekstsektoren i Gulen kommune

Tilstandsrapport 2013. Oppvekstsektoren i Gulen kommune Tilstandsrapport 2013 Oppvekstsektoren i Gulen kommune OM RAPPORTEN UTARBEIDING Tilstandsrapporten er utarbeidd med utgangspunkt i talmateriale frå 2012. Resultat på prøvar og brukarundersøkingar er drøfta

Detaljer

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen 2011 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s.2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande opplæring s.

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2016-2017 Skule: Vigrestad storskule Status læringsresultat og læringsmiljø. Utgangspunktet for analysen er dei nasjonale og Jærskulen sine mål; Alle elever skal mestre grunnleggende ferdigheter

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 26.02.2015 Fra: Britt Vikane Referanse: 15/00632-2 Kopi: Årsmelding - Gol ungdomsskule Årsmelding Gol ungdomsskuleskule 2014 (Kultur

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 Bakgrunn / heimel: Opplæringslova 13-10 andre ledd (Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008)) 1 Innleiing Tilstandsrapporten omtalar dei mest sentrale områda innanfor

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017

Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017 Kvalitetsplan for Gulen oppvekst 2014-2017 Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling Innhald 1 Om planen... side 3 2 Visjonar og mål for Gulen oppvekst... side 4 3 Samfunnsmandatet...

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR Sveio kommune KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR 2010-2013 FORORD Plan for kvalitetsutvikling skular og barnehagar 2010-2013 har fokus på retning og målsettingar for arbeidet i området i perioden 2010-2013.

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2016-2017 Lye ungdomsskule % mobba % mobba Analyse og kommentarar av resultat Olweusundersøkinga 2011-2016 6,0 5,0 4,0 3,0 2,0 1,0 Kategori A 5,7 4,8 3,6 2,6 0,9 11/12 12/13 13/14 14/15

Detaljer

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland «Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020 Mål og innhald System for kompetanseutvikling -kompetanseutviklingstiltaka Aktørane sine roller

Detaljer

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017 Giske kommune Ord blir handling Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017 Vedteken av Giske kommunestyre 12. desember 2013 Innleiing Kvalitetsplanen er Giske kommune sin plan for kvalitetsutvikling

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen - perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen september 2012 for Balestrand kommune I n n h a l d 1. Innleiing s. 2 2. Resultat/læringsutbyte s. 3 3. Gjennomføring i vidaregåande

Detaljer

Kvalitetsmelding for 2016

Kvalitetsmelding for 2016 Kvalitetsmelding for 2016 Oppvekstsektoren i Gulen kommune Gulen oppvekst kvalitet og mangfald Visjon: Samarbeid for utvikling OM KVALITETSMELDINGA UTARBEIDING Den årlege tilstandsrapporten som Opplæringslova

Detaljer

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Ikkje offentleg jf. Forvaltningslova 13 Skulens navn RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Namnet til eleven Adresse Dato: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING SKULEÅRET Namnet til eleven: Født: Utdanningsprogram:

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING 3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring Kvart barn/elev møter forventningar om

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule Utviklingsplan 2017-2018 Skule: Klepp ungdomsskule Bli den beste du kan bli 1. Kort analyse av status a) Læringsmiljø I tillegg til vår eigen mobbelogg som ikkje er anonym og som vi gjennomfører to gonger

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Volda Bratteberg skule Dialog heim - skule Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Hovudmål God kommunikasjon mellom

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar /8- Marit Tarlebø Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Læringsresultat i grunnskulen i Kvinnherad 7- Innstilling frå rådmannen: Komitè

Detaljer

Hå kommune Vigrestad storskule

Hå kommune Vigrestad storskule Hå kommune Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Karl Gjedrem Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 14/15879 ISR Vigrestad, 18.06.2014 Vigrestad storskule årsmelding 2013/2014 PRINSIPP 1 Elevane får eit

Detaljer

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter 1 2 Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter 3 4 10 % nedgang i elevtalet i 2021-22 samanlikna med i dag om det ikkje kjem =lfly@ng 5 6 Størst nedgang i elevtalet i Skjolden og Luster.

Detaljer

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde

Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Rådmannsutvalet 26.3.13 Førde Sogn og Fjordane Prosjektleiarane Sissel Espe og Inger Marie Evjestad Frå Ny GIV til Gnist Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring Prosjektkoordinator Ny GIV Sissel Espe

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane Strategisk plan Riple skule 2012-2016 1. Skulen sitt verdigrunnlag 2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon 4.

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Strategidokument

Strategidokument Språkkommunen Stord Strategidokument 2018-2019 Innhald Innleiing... 3 Føremål... 3 No-situasjon/ situasjonsskildring... 4 Hovudmål / overordna mål... 4 Målgruppe... 4 Innsatsområder og resultatmål... 4

Detaljer

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden 2015 2018 Vedteken av Ørskog kommunestyre 12.02.15 Innleiing Kvalitetsplanen for oppvekstområdet i Ørskog kommune omtalar satsingsområde

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR) Del av Kvalitetsplanen for Oppvekst og kultur Fokus på læringsresultat 5 til 7-årsperspektiv fram til 2020. Samla bilete av tiltak i barnehage og skule som bidreg til

Detaljer

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson www.utdanningsforbundet.no Rådgjevaren ein nøkkelperson Ei god rådgjevarteneste i skulen medverkar til at elevane får: betre sjansar til å

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr: 12/178 16/10841 Arkiv: K1-430, K2 - A00 Oppvekst -Skuleeigarrapport om tilstanden i Sulaskulen 2015-2016 Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet

Detaljer

Dato: 02.03.2015 Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/00632-6 Kopi:

Dato: 02.03.2015 Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/00632-6 Kopi: Gol kommune Internt notat Til: Hege Mørk/Rådmannen; Arne Dato: 02.03.2015 Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/00632-6 Kopi: Årsmelding Gol skule med avd. storskulen, Glitrehaug,

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Utdannings og oppvekstmøte 31. mai 1. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule Utviklingsplan 2015-2016 Læringsresultat og læringsmiljø Olweusundersøkinga 2010-2015 Kategori A. Elever som er blitt mobba 2-3 gangar i månaden eller meir (Spørsmål 3) Kategori B. Elever som er blitt

Detaljer

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste Vest-Telemark PPT IKS Org.nr. 987 570 806 Pedagogisk-psykologisk tenestekontor Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste PPT for Telemark fylkeskommune og kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal,

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane Forord Skuleeigar skal ha oversyn over tilstanden i dei vidaregåande skulane, ha kapasitet til å gjere nødvendige endringar

Detaljer

VFL på Rommetveit skule.

VFL på Rommetveit skule. VFL på Rommetveit skule. Rommetveit skule starta systematisk arbeid med VFL hausten 2012. Skuleåret 2012-2013 vart det gjenomført opplæring i lover og forskrifter knytta til VFL, oversikt over praksis

Detaljer

Balestrand kommune Sagatun skule

Balestrand kommune Sagatun skule Balestrand kommune Sagatun skule Balestrand kommune Oppvekst 30.10.2012 BUDSJETT 2013 Skulen la fram i første omgang fram eit utkast til budsjett innafor reduserte rammer på 600 000 kr. Dette inneber ein

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE 2011-2012 BRUKARAR -Utviklingssamtalar, og framovermeldingar Lærarane og assistentane Resultat: 3.2 eller betre i elevundersøkinga Elevane opplever fagleg rettleiing

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017 Kvalitetsmelding Lomsskulen Mai 2017 1 Innhald 1 INNLEIING...3 2 SAMANDRAG...3 2.1 Elevar og undervisningspersonale...3 2.2 Læringsmiljø...3 2.3 Læringsresultat...3 2.4 Gjennomføring...3 3 ELEVAR OG UNDERVISNINGSPERSONALE...4

Detaljer

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste PPT for Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark fylkeskommune Visjon: Ei tilpassa opplæring for alle Hovudmål : Vest-Telemark PP-teneste

Detaljer

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Masfjorden kommune Kompetanseutviklingsplan for grunnskulen 2005 2008 Kultur for læring Vedteke i kommunestyret den 22.09.2005 Innleiing. Grunnlagsdokument: Generell del av L-97. St.melding nr 30 (03-04)

Detaljer

Ungdomstrinnsatsinga

Ungdomstrinnsatsinga Ungdomstrinnsatsinga 2012-2016 Stortinget behandla stortingsmeldinga om ungdomstrinnet Meld. St. 22 (2010 2011) Motivasjon Mestring Muligheter i januar 2012. Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, Vigrestad storskule X - notat Til: Johan Vatne Trond Egil Sunde Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad, 14.09.2015 Vigrestad storskule årsmelding 2014/2015 «Årsmeldinga» ønskjer vi

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2014-2015 Varhaug skule Tidlegare har Hå kommune i større grad vedteke utviklingsområder (satsingsområder) for skulane. Frå og med skuleåret 2014/2015 vil det vere skulane sjølv

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013. Foto: Mariann Steinsland

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013. Foto: Mariann Steinsland Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013 Foto: Mariann Steinsland Innhald Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014... 0 Sentral satsing... 3 Pedagogisk leiing barnehagen som

Detaljer

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2016/852 7525/2016 A20 SVK/ UNNISTRA 21.06.2016 MELDING OM POLITISK

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Opplæring og oppvekst Grunnskulane i Volda Fylkesmannen i Møre og Romsdal Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2017/815 6819/2017 A20 SVK/ SONHAV 29.05.2017

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013 til prosjektgruppene dagsett 20.mars Delprosjekt 1 Administrativ organisering Administrative arbeidsprosessar 1. Delprosjektet skal ta utgangspunkt i den administrative

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 26.04.2017 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Hovudelementa på stasjon Arbeidstid Rolleforståing Målsettingar og intensjonar med arbeidstidsavtalen Prosessar Forteljing

Detaljer

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule

UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule UTVIKLINGSMELDING for barnehage kulturskule grunnskule i Aurland kommune AURLAND KOMMUNE driftsåret 2013 2014 Krav om årleg rapportering Det er fastsett i opplæringslova og privatskulelova at skuleeigarar

Detaljer

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage Planen er administrativt godkjent og gjeld frå september 2013. Foto: Kari Aas Spor Du går inn i ditt landskap. Møter mennesker som går

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer