Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det"

Transkript

1 Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det

2

3 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev eit oversyn over viktige prinsipp og føresegner for vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring 1. RETTAR OG PLIKTER SOM ELEV Elevane skal møte opp og delta aktivt i opplæringa. Dersom eleven har stort fråvær og ikkje deltek i planlagde vurderingssituasjonar, vil det kanskje ikkje vere grunnlag for å gje halvårsvurdering med karakter eller setje standpunktkarakter 2. Lærarane skal følgje med på korleis elevane utviklar seg og gje tilbakemeldingar som elevane lærer noko av. Høgt fråvær kan føre til at læraren manglar grunnlag for å setje karakter i samband med halvårsvurderinga eller standpunkt. I slike tilfelle skal læraren varsle eleven, slik at han/ho får høve til å skaffe seg karaktergrunnlag 3. Alle elevar heilt frå 1. steget har rett til å få vite kva som er måla for opplæringa. Dette gjeld både kompetansemåla i læreplanen, og læringsmåla som er utarbeidde på den einskilde skulen å få vite kva det vert lagt vekt på i vurderinga 4 å få vurdert kompetansen sin i fag, orden og åtferd å få grunngjeven informasjon om den faglege kompetansen og korleis dei ligg an i orden og i åtferd å få informasjon om kva dei må meistre for å verte betre i faget 5 å vurdere eigen kompetanse, eige arbeid og eiga fagleg utvikling 6 1 Utfyllande kommentarar til føresegnene i kap. 3 av forskrifta er å finne i Rundskriv Udir Forskrift til opplæringslova 3-3, 3. ledd. 3 Forskrift Forskrift 3-1, 4. ledd. 5 Forskrift Forskrift

4

5 ein samtale med kontaktlæraren minst éin gong kvart halvår 7 dialog med læraren om den ikkje-faglege utviklinga 8 å få halvårsvurdering utan karakter der faglæraren greier ut om kompetansen eleven har tileigna seg i faga, og gjev rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin 9 å få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd 10 I tillegg til rettane over har alle elevar frå og med 8. steget rett til å få karakter i samband med halvårsvurderinga i fag, i orden og i åtferd å få vite kva det vert lagt vekt på når ein set standpunktkarakter GRUNNLAGET FOR VURDERINGA Kompetansemåla i læreplanane for fag dannar grunnlag for den faglege vurderinga. Ordensreglementet på skulen skal nyttast som grunnlag for vurderinga i orden og i åtferd 12. Dette inneber at læraren skal vurdere den faglege kompetansen åt eleven berre ut frå det som står i læreplanane for fag. Læraren kan såleis ikkje gje ein elev lågare fagkarakter på grunn av fråvær eller manglande innsats i timane, dersom ikkje innsats er oppført som ein del av kompetansemåla. Fråvær eller manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar kan likevel føre til at læraren ikkje får nok grunnlag til å gje fagvurdering. Fråvær og innsats utgjer ein del av vurderinga i orden og/eller åtferd. Lærarane skal så langt det lèt seg gjere, sørgje for å skaffe grunnlag for vurdering. Det er ikkje slik at fråvær over ein viss prosentdel automatisk fører til at eleven ikkje kan få karakter i samband med halvårsvurderinga eller standpunkt. Det er ikkje høve til å innføre bestemte prosentgrenser som skal avgjere om ein elev kan få karakter eller ikkje. Læraren må vurdere i kvart enkelt tilfelle om eleven har for høgt fråvær til å kunne få karakter. 7 Forskrift Forskrift Forskrift Forskrift Forskrift Forskrift

6 Både læraren og eleven har ansvar for å sikre at det vil vere grunnlag for å gje vurdering. UNDERVEGSVURDERING Undervegsvurdering er all vurdering i fag og orden og åtferd på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring som vert gjeven før standpunktkarakterane vert fastsette. Undervegsvurderinga skal ha læring og utvikling som mål. Dette inneber at ho skal gje elevane informasjon som dei kan nytte i det eigne læringsarbeidet undervegs i opplæringa 13. vere fortløpande og systematisk. Dette vil seie at elevane har krav på regelmessige vurderingar av korleis dei utviklar seg når det gjeld fag, orden og åtferd. Vurderingsarbeidet skal følgjast opp og ikkje vere tilfeldig. vere eit grunnlag for å tilpasse opplæringa. Dette inneber at elevane har krav på å få vite kva dei meistrar, og kva dei må få til betre for å auke kompetansen sin. Vurderingspraksisen som læraren nyttar, kan ha mykje å seie for kor godt elevane lærer. Lærarane bør derfor gjere vurderingar og gje tilbakemeldingar på ulike måtar. Dei må finne ut korleis elevane lærer best, og kva tilbakemeldingar dei treng for å verte meir motiverte og lære meir. Det finst etter kvart ein del norskspråkleg litteratur om vurdering for læring. På finn du brosjyren frå direktoratet 14, og annan nyttig litteratur. 13 Forskrift 3-11, 1. ledd. 14 Brosjyren Undervegsvurdering i fag kva har vurderingspraksisen til lærarane å seie? Utdanningsdirektoratet Brosjyren er gratis og kan tingast på 6

7 Eigenvurdering Elevane skal vurdere eige arbeid, eiga fagleg utvikling og eigen kompetanse 15. Ved å vurdere eige arbeid og eigen framgang forstår elevane betre kva dei skal lære, kva dei meistrar, og korleis dei lærer. Målet med eigenvurderinga er at elevane skal lære seg å lære. Oppgåva til læraren er å utfordre og hjelpe elevane til å nå dette målet. Ved å snakke med medelevane om den eigne læringa og utviklinga, øver elevane seg i å gje tilbakemeldingar dei kan nytte for å vurdere eige arbeid. Det er viktig at elevane involverer seg i og gjer seg tankar rundt læringsarbeidet og måla med opplæringa. På denne måten får elevane trening i å styre dei eigne læringsprosessane, også i eit livslangt læringsperspektiv. Eit nytt element er at elevane har rett til å delta i vurderingar som vert gjorde med karakter. Det er ikkje meininga at elevane skal setje karakterane sine sjølve, men at dei skal forstå kva som skal til for å få dei ulike karakterane. Halvårsvurdering Alle elevane skal ha halvårsvurdering frå 1. årssteget og ut Vg3. Halvårsvurderinga skal vere anten munnleg eller skriftleg og gje informasjon om korleis eleven ligg an fagleg, og korleis han/ho kan auke kompetansen sin. Halvårsvurderinga skal gjennomførast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årssteget, og ved slutten av opplæringsåret på steget for fag som ikkje vert avslutta (jf. læreplanverket). I vidaregåande opplæring skal halvårsvurderinga for dei fleste fag gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart steg. For enkelte fellesfag vert halvårsvurderinga gjeven ved slutten av opplæringsåret. Frå 8. årssteget skal elevane også få karakterar i samband med halvårsvurderinga. Det skal vere direkte samsvar mellom halvårsvurderinga og karakteren som vert fastsett. Informasjonen om korleis eleven står reint fagleg, skal danne grunnlag for karakteren ein vel til slutt. 15 Forskrift

8

9 Ein kan gje karakter litt etter at halvårsvurderinga er gjennomført, men ikkje seinare enn at karakteren speglar kompetansen som vart omtalt i halvårsvurderinga. Frå 8. årssteget skal det setjast karakter både i halvårsvurderinga og til standpunkt. Utover dette er det ikkje krav om å bruke karakterar i undervegsvurderinga. Karakterane som vert gjevne, skal uttrykkje kompetansen eleven har oppnådd ut frå det som er venta på tidspunktet for vurderinga. Fagleg samtale Som ein del av undervegsvurderinga er det innført krav om minst éin planlagd samtale med elevane kvart halvår frå 1. steget. Samtalen skal handle om korleis eleven utviklar seg fagleg. Kontaktlæraren har ansvaret for samtalen, men rektor kan delegere dette ansvaret til faglæraren, dersom det er meir praktisk. I grunnskulen kan samtalen gjennomførast i samband med foreldresamtalen. Læraren skal vurdere fortløpande om den einskilde eleven har tilfredsstillande utbyte av opplæringa. Dersom eleven ikkje får tilfredsstillande utbyte av opplæringa, og læraren meiner eleven treng spesialundervisning, skal læraren melde frå om dette til rektor 16. Læraren skal ikkje vente til halvårsvurderinga eller samtalen/samtalane med å setje i verk naudsynte tiltak. Tidleg innsats handlar ikkje berre om å setje inn tiltak dei første åra, men om å undersøkje fortløpande på alle årsstega at elevane heng med fagleg. Dette gjer at ein kan setje inn tiltak raskt dersom det er naudsynt. Dokumentering av undervegsvurdering Krava til dokumentering av undervegsvurdering er ikkje endra frå den førre forskrifta. Bortsett frå karakterane som vert gjevne i samband 16 Opplæringslova 5-1 og

10 med halvårsvurderinga frå 8. årssteget 17, treng ikkje undervegsvurderinga vere skriftleg. Derimot må det dokumenterast at det er gjeve vurdering. For å avgjere kor stor del av undervegsvurderinga som skal vere skriftleg, må ein vurdere kva som er naudsynt og pedagogisk nyttig for at elevane skal lære best mogleg. Samtidig må ein sjå på kor mykje arbeid det vil utgjere for læraren. Ved eventuelle klager vil det vere praktisk å ha dokumentasjon frå undervegsvurderingane. På finn du idear til korleis du kan dokumentere undervegsvurderinga. SLUTTVURDERING På 10. årssteget og i vidaregåande opplæring vert sluttvurderinga uttrykt i standpunktkarakterar og i karakterar til eksamen og fag-/sveineprøve 18. Ei sluttvurdering er eit enkeltvedtak, og elevane eller foreldra kan klage på karakteren. Føresegnene om klage på sluttvurdering står i forskrifta til kapitel 5 i opplæringslova. Sluttvurderinga i fag skal gje informasjon om kompetansen eleven har oppnådd ved slutten av opplæringa 19. Eit grunnleggjande prinsipp er at eleven skal ha høve til å forbetre kompetansen sin gjennom heile opplæringsperioden. For at det skal vere mogleg for læraren å følgje med på korleis eleven utviklar seg fagleg, må eleven delta i opplæringa. Dersom eleven har så høgt fråvær at læraren ikkje har forsvarleg grunnlag for å setje standpunktkarakter, kan rektor fatte vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. I slike tilfelle gjeld eigne varslingsreglar. 17 Forskrift Forskrift Forskrift

11

12 Elevane har rett til å få vite kva læraren legg vekt på når han/ho set standpunktkarakter. Dette kan til dømes vere informasjon om kva kompetanse som vert kravd for å få dei ulike standpunktkarakterane i faget. Standpunktkarakterane i fag skal setjast på eit breitt vurderingsgrunnlag. Dette inneber at éi enkelt prøve normalt vil vere eit for tynt grunnlag for å setje standpunktkarakter. Breitt vurderingsgrunnlag vil dessutan seie at læraren skal vurdere elevane på fleire forskjellige måtar ikkje berre gjennom prøver med karakterar. Sluttvurderinga i orden og i åtferd skal seie noko om korleis eleven ber seg åt, det vil seie om han/ho følgjer ordensreglementet og har normalt god åtferd Forskrift 3-5,

13 Samanhengen mellom undervegs- og sluttvurderinga Undervegs- og sluttvurderinga skal sjåast i samanhang for å betre opplæringa. Læraren må såleis byrje å tenkje på sluttvurderinga allereie når opplæringa tek til. Dette inneber at læraren tidleg må gjere det klart for elevane kva kompetanse som vert kravd for å få dei ulike standpunktkarakterane. Læraren og elevane bør vurdere fortløpande om det er naudsynt å justere opplæringa for å nå måla. Undervegsvurderinga skal gje læraren og elevane regelmessig informasjon om kompetansen elevane har tileigna seg i faget, og det vidare læringsbehovet deira. Informasjonen skal altså ikkje berre gjelde det elevane allereie har lært. Ulike vurderingssituasjonar, inkludert prøver, bør såleis vere høvelege metodar for å finne ut kva elevane treng lære, og korleis dei lærer best. Undervegsvurderinga gjev læraren innsikt i korleis eleven utviklar seg i fag, orden og åtferd, og dannar grunnlag for å setje standpunktkarakter. Det er ikkje i tråd med forskrifta å setje standpunktkarakter ut frå eit matematisk gjennomsnitt på prøvene eleven har hatt gjennom året. Ein slik karakter bryt med prinsippet om at eleven skal ha høve til å utvikle kompetansen sin gjennom heile opplæringsåret. Undervegsvurderinga skal altså bidra til utvikling og fagleg progresjon, medan standpunktvurderinga skal seie noko om kor langt eleven har nådd. EIN VURDERINGSPRAKSIS SOM FØRER TIL MEIR OG BETRE LÆRING? Fleire norske og internasjonale studiar viser at elevane har betre føresetnader for å lære når dei: skjønar kva dei skal lære, og kva ein ventar av dei får tilbakemeldingar om kvaliteten på arbeidet dei gjer, eller kor godt dei presterer får råd om korleis dei kan verte betre er involverte i det eigne læringsarbeidet, og til dømes vurderer eige arbeid og eiga utvikling Frå brosjyren Undervegsvurdering i fag, Utdanningsdirektoratet

14 Desse fire prinsippa om læringsfremjande vurderingspraksis er nedfelte i forskrifta om vurdering. Vurdering kan både hemme og fremje læring. For at vurdering skal verte eit effektivt læringsverktøy, er det heilt avgjerande at alle har eit medvite forhold til den eigne vurderingspraksisen og jobbar kontinuerleg for å skape ein god vurderingskultur på skulen. All erfaring tyder på at ingen forskrifter i seg selv er tilstrekkelig til å skape en god og enhetlig vurderingskultur, siden et slikt dokument alltid vil være gjenstand for ulik fortolkning og ulike subkulturer. Bare gjennom eksempler, veiledning, praktisering, samarbeid og tilbakemelding er det mulig å oppnå et godt tolkningsfellesskap. Sitatet er henta frå sluttrapporten for det nasjonale prosjektet Betre vurderingspraksis, som vart følgt av forskarar ved Universitetet i Oslo. 22 Prosjektet vart gjennomført i tidsrommet , 23 og framhevar kor viktig det er å diskutere og jobbe systematisk med vurdering. Utdanningsdirektoratet arbeider også på mange andre måtar for å styrkje vurderingspraksisen i grunnopplæringa. Blant anna utviklar direktoratet verktøy som kan brukast i vurderingsarbeidet. Les meir på 22 Rapport Bedre vurdering for læring, Throndsen, Hopfenbeck, Lie, Dale Sluttrapport, Utdanningsdirektoratet

15

16 Ill.: Jill Moursund Schweigaards gate 15 B Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon Utgjeve februar 2010

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Vurdering på ungdomstrinnet og i videregående opplæring. Nå gjelder det

Vurdering på ungdomstrinnet og i videregående opplæring. Nå gjelder det Vurdering på ungdomstrinnet og i videregående opplæring Nå gjelder det Nå gjelder det 1. august 2009 ble forskrift til opplæringsloven kapittel 3 Individuell vurdering i grunnskolen og i videregående

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det Vurdering på barnetrinnet Nå gjelder det 2 Nå gjelder det 1. august 2009 ble forskrift til opplæringsloven kapittel 3 Individuell vurdering i grunnskolen og i videregående opplæring endret. Denne brosjyren

Detaljer

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS Molde 2. februar 2017 Innleiing - Bakgrunn for fagdagen 10:00-11:00 - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang v/ Fylkesmannen i M &

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering?

Sluttvurdering. Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar Hva er sluttvurdering? Sluttvurdering Fagdag for lærere og ledere Fredfoss, 7. februar 2014 Hva er sluttvurdering? 06.02.2014 2 1 Mestre utfordringer i faget som helhet Standpunktkarakter er Eksamen Sluttvurdering Underveisvurdering

Detaljer

VURDERING FOR LÆRING HASVIK KOMMUNE. Plan for underveisvurdering i

VURDERING FOR LÆRING HASVIK KOMMUNE. Plan for underveisvurdering i August 2009 VURDERING FOR LÆRING Plan for underveisvurdering i HASVIK KOMMUNE INNEHOLDER Oversikt over forskriften til opplæringsloven Plan for underveisvurdering Intensjonsplan for den planlagte læringssamtalen(

Detaljer

Standpunktkarakterar 2016

Standpunktkarakterar 2016 Standpunktkarakterar 2016 Rettleiing ved behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald 1. Innleiing... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen...

Detaljer

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering. Molde 1. februar 2017 Velkommen til fagdag om standpunktvurdering Molde 1. februar 2017 10:00-11:00 Innleiing: - Bakgrunn for fagdagen - Kva veit vi om status i fylket? - Kort regelverksgjennomgang - v/ seniorrådgivar Annhild

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2011

STANDPUNKTKARAKTER 2011 Fylkesmannen i Møre og Romsdal STANDPUNKTKARAKTER 2011 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 1 Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 2 Elevene skal få informasjon om klageretten og hvordan

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Aust Agder STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer: Forskrift om endringer i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven og forskrift om endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven I I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2015

STANDPUNKTKARAKTER 2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skulen... 2 Skjema...

Detaljer

Fra forskrift til klasserom Fagsamling om standpunktvurdering og lokalt læreplanarbeid Lillehammer hotell, 20. og 21. oktober

Fra forskrift til klasserom Fagsamling om standpunktvurdering og lokalt læreplanarbeid Lillehammer hotell, 20. og 21. oktober Fra forskrift til klasserom Fagsamling om standpunktvurdering og lokalt læreplanarbeid Lillehammer hotell, 20. og 21. oktober 1 Program Torsdag 20. oktober 10.00 10.15: Åpning ved fylkesmann Sigurd Tremoen

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for vurdering ved Gimle skule 1 Målsetting med planen Alle elever har både pliktar og rettar i opplæringsløpet. Pliktane fastset at elevane skal møte

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2016

STANDPUNKTKARAKTER 2016 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2016 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Rogaland fylkeskommune. Opplæringsavdelingen

Rogaland fylkeskommune. Opplæringsavdelingen Rogaland fylkeskommune Opplæringsavdelingen Fylkeskommunale retningslinjer for vurdering 2010 2 FORORD Formålet med disse fylkeskommunale retningslinjene om vurdering er todelt: For det første skal de

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter.

Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter. 1 Inneholder kompetansemål ved utgangen av 10. trinn Ikke metoder eller emner i K06. Overlatt til hver enkelt skole. Forslag til tema og arbeidsmåter. Flere veier til målet 2 3 4 5 6 Inneholder kompetansemål

Detaljer

Vurdering i praktisk- estetiske fag

Vurdering i praktisk- estetiske fag Vurdering i praktisk- estetiske fag Regler og rettigheter Praksis Karakternivå 5. juni 2015 Vurdering i praktisk- estetiske fag Agenda: Hovedpunkter fra forskrift til Opplæringslova Problemstillinger og

Detaljer

HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS

HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL VURDERING Skoleåret 2011-12 2 FORORD Formålet med retningslinjene: De skal tjene som veiledning for lærerne i vurderingsarbeidet, og de skal bidra

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema... 3 Om sluttvurderinga... 3 Ikkje grunnlag for å setje karakter Krav om varsling...

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.02.2012 11651/2012 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Ud-6/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Anonym retting av prøver Bakgrunn I ein interpellasjon til

Detaljer

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage Møte i Bergen kommune 10. mai 2010 Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage 1 http://www.skolenettet.no Vurdering for læring http://skolenettet.no/moduler/vurdering/templates/pages/articlepage.aspx?id=6

Detaljer

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT UTBYTE AV OPPLÆRINGA Spørsmål som skal vurderast og svarast på Ja/nei Skuleleiinga si vurdering av situasjonen ved skulen grunngjeving for svara i førre kolonne SKULEN

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen

STANDPUNKTKARAKTER Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen STANDPUNKTKARAKTER 2017 Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen 2 Innhald 1. INNLEIING... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skulen... 3 Skjema... 4 Om sluttvurderinga fastsetjing

Detaljer

Elevvurdering Nærmere om prinsipielle endringer R-Udir 1/201

Elevvurdering Nærmere om prinsipielle endringer R-Udir 1/201 Elevvurdering Nærmere om prinsipielle endringer R-Udir 1/201 15.08.2013 1 Elevvurdering foreskrift til oppplæringslovens kapittel 3 Individuell vurdering Hovedprinsipper i endringen: Tydeliggjøring av

Detaljer

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss VURDERING fordi vi stiller krav og vi bryr oss 3 Helsing frå rektor INNHALD Helsing frå rektor Side 3 Skulen sin visjon Side 4 Kva handler vurdering om Side 5 Dette har du som elev plikt til Side 6 Dette

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Rapport frå Fylkesutdanningssjefen Klage på standpunktkarakterar skoleåret 2015/2016 0 Innhald Innleiing...2 Klageinstansen behandlar klage på...2 Regelverk...3 Om fastsetjing av standpunktkarakterar...3

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema... 3 Om sluttvurderinga... 4 Ikkje grunnlag for å setje karakter Krav om varsling...

Detaljer

Rettleiing i forkant av FNT

Rettleiing i forkant av FNT Rettleiing i forkant av FNT 2014-2017 Utbytte av opplæringa forvaltningskompetanse skulebasert vurdering 2014 2015 2016 2017 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 Inneber ei

Detaljer

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett. Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/3275-2 Høyringsfråsegn - framlegg til endringar i avgjersle om vurdering og innføring av fråværsgrenser. Fylkesdirektøren

Detaljer

INDIVIDUELL VURDERING I GRUNNSKOLEN

INDIVIDUELL VURDERING I GRUNNSKOLEN INDIVIDUELL VURDERING I GRUNNSKOLEN Forskrift til opplæringsloven,kapittel 3 Retningslinjer for skolene i Nedre Eiker Revidert 2017 Nedre Eiker kommune OPPVEKST & KULTUR Retningslinjer for skolene i Nedre

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. Standpunktkarakterar. Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring

Ein tydeleg medspelar. Standpunktkarakterar. Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Ein tydeleg medspelar Standpunktkarakterar Rettleiing i behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald Innleiing 4 Klagefrist 5 Skjema 5 Klage på fagkarakter 6 Sentrale paragrafar

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2017

STANDPUNKTKARAKTER 2017 Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2017 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...

Detaljer

Forslag til forskriftsendringer med merknader

Forslag til forskriftsendringer med merknader Forslag til forskriftsendringer med merknader Forslag til endring i forskrift til opplæringsloven I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven foreslås følgende endringer: 1-12 skal lyde: 1-12

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saksnr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saksnr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/3677-1 Saksbehandlar: Linda Farestveit, Trude Riple, Elin Meyer Wikan Saksframlegg Saksgang Utval Saksnr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 14.04.2015 Høyring - Forslag

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR VURDERING

RETNINGSLINJER FOR VURDERING RETNINGSLINJER FOR VURDERING I ROGALAND FYLKESKOMMUNE FORORD Dette heftet «Retningslinjer for vurdering i Rogaland fylkeskommune» bygger på at kapittel 3 i forskrift til opplæringsloven gjelder hele det

Detaljer

STANDPUNKTKARAKTER 2017

STANDPUNKTKARAKTER 2017 Fylkesmannen i Møre og Romsdal STANDPUNKTKARAKTER 2017 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 INNHALD 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Digitalt

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Opplæringslova Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

Lov- og avtalesystemet

Lov- og avtalesystemet Opplæringslova Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova

Detaljer

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Notat Saksnr.: 200807521-51 Saksbehandlar: OLHG Emnekode: SARK-2000 Til: Frå: Alle grunnskular Fagavdeling barnehage og skole Dato: 17. august 2010

Detaljer

felles fag på 6. og 7. årssteget

felles fag på 6. og 7. årssteget Forsøk med framandspråk som felles fag på 6. og 7. årssteget til foreldre og elevar 2010 2012 Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland Utdanningsavdelinga. Standpunktkarakterar. Statistikk og klagehandsaming 2015

Fylkesmannen i Rogaland Utdanningsavdelinga. Standpunktkarakterar. Statistikk og klagehandsaming 2015 Standpunktkarakterar Statistikk og klagehandsaming 2015 160 Tal på klager 140 120 122 118 132 133 125 141 140 122 100 100 94 105 80 60 40 20 0 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Andel

Detaljer

Foreldremøte 8. trinn

Foreldremøte 8. trinn Foreldremøte 8. trinn 23.09.15 3-1 Rett til vurdering Elever i offentlig grunnskoleopplæring Rett til undervegsvurdering (bl.a. halvårsvurdering) Rett til sluttvurdering (standpunkt og eksamen) Målene

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Individuell vurdering

Individuell vurdering Individuell vurdering Regler og rettigheter Forskrift til opplæringslova 28. november 2011 Vurdering med karakter regler og rettigheter 1 Forskrift til Opplæringslova Kapittel 3 I Generelle føresegner

Detaljer

HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS

HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS Revidert 100814 HAUGESUND TOPPIDRETTSGYMNAS RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL VURDERING 2 FORORD Formålet med retningslinjene: De skal tjene som veiledning for lærerne i vurderingsarbeidet, og de skal bidra

Detaljer

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012 I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. RUNDSKRIV SIST ENDRET: 14.08.2012 Innhold 1. Innleiing 2. Bakgrunn for endringane

Detaljer

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er: Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane 2012-2013 Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider: 5 Styringsdokument Opplæringsdirektøren Skoleåret 2012-13

Detaljer

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon Hovudtema: Kompetanse og motivasjon 1. Arbeid med å konkretisere nasjonale læreplanar er ein kontinuerleg prosess ved skolen 2. Lærarane forklarer elevane kva

Detaljer

Kvaløya videregående skole. Gjelder fra: Godkjent av: Snorre Bråthen KLAGE PÅ KARAKTER. Videregående skole. Veiledning til faglærere

Kvaløya videregående skole. Gjelder fra: Godkjent av: Snorre Bråthen KLAGE PÅ KARAKTER. Videregående skole. Veiledning til faglærere Kvaløya videregående skole Veiledning til faglærer ved klage på standpunktkarakter Utgave: 1.00 Skrevet av: Utdanningsetaten Gjelder fra: 09.06.2016 Godkjent av: Snorre Bråthen Dok.id.: 2.8.1.2.2.4 Dok.type:

Detaljer

Erfaringar etter tilsyn med elevane sitt utbytte av opplæringa - undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte

Erfaringar etter tilsyn med elevane sitt utbytte av opplæringa - undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte Erfaringar etter tilsyn med elevane sitt utbytte av opplæringa - undervegsvurdering for å auke elevane sitt læringsutbytte Møte om eksamen og vurdering 10.02.2015 Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Jørn

Detaljer

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar,

Detaljer

Eigenvurdering av regelverksetterleving Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Eigenvurdering av regelverksetterleving Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT UTBYTE AV OPPLÆRINGA Spørsmål som skal vurderast og svarast på Ja/nei Lærargruppa si vurdering av situasjonen ved skulen grunngjeving for svara i førre kolonne SKULEN

Detaljer

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal

Standpunktvurdering i Møre og Romsdal -Ein tydeleg medspelar Standpunktvurdering i Møre og Romsdal Fagdag om standpunktvurdering, 02.02.2017 Forankring Kvalitetsplan http://mrfylke.no/tenesteomraade/utdanning/satsingsomraade-i-sektoren Oppdragsbrev

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

En ærverdig og sprek skole

En ærverdig og sprek skole En ærverdig og sprek skole Hva skjer i dag? Vurdering v/rektor Russetid v/rektor og helsesøster Eksamen v/rektor Videre studier v/studieveileder Faglærere fra ca 19.15 20.00 Praktisk informasjon Prøveplaner

Detaljer

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201200580-64 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM

Detaljer

Agenda. Vurdering v/rektor Russetid v/rektor og helsesøster Eksamen v/rektor Videre studier V/studieveileder. Faglærere fra ca 19.15 20.

Agenda. Vurdering v/rektor Russetid v/rektor og helsesøster Eksamen v/rektor Videre studier V/studieveileder. Faglærere fra ca 19.15 20. Velkommen Agenda Vurdering v/rektor Russetid v/rektor og helsesøster Eksamen v/rektor Videre studier V/studieveileder Faglærere fra ca 19.15 20.00 Karakterfastsetting 3-11. Undervegsvurdering Undervegsvurdering

Detaljer

Felles nasjonalt tilsyn

Felles nasjonalt tilsyn Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 skolens arbeid med elevenes utbytte av opplæringen Skolens arbeid med opplæringen i fag Underveisvurdering for å øke elevenes læringsutbytte Underveisvurdering som grunnlag

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Fravær fra pliktig grunnskoleopplæring - rutiner for registrering og dokumentering

Fravær fra pliktig grunnskoleopplæring - rutiner for registrering og dokumentering BERGEN KOMMUNE Byrådsavdeling for barnehage og skole Rundskriv Rundskriv nr.: 37/2010 Dato: 17. august 2010 Saksnr.: 201000011-37 Saksbehandler: OLHG Emnekode: SARK-20 Til skoler med ungdomstrinnselever

Detaljer

VELKOMMEN TIL MØTE OM EKSAMEN OG VURDERING

VELKOMMEN TIL MØTE OM EKSAMEN OG VURDERING VELKOMMEN TIL MØTE OM EKSAMEN OG VURDERING Molde 10. februar 2015 Fylkesmannen i Møre og Romsdal Program for dagen 10:00 Opning ved ass. utdanningsdirektør Jørn Thomassen, Fylkesmannen i M & R 10:15 Aktuelt

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd.

I kapittel 2 skal hjemmelshenvisningen endres til friskolelova 7-2 tredje ledd. Endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova Nytt navn på forskriften skal være: Forskrift til friskolelova I 1-1 skal lyde: Denne forskrifta gjeld skolar som driv verksemd etter friskolelova.

Detaljer

Retningslinjer for vurdering

Retningslinjer for vurdering Opplæringsavdelingen FYLKESRÅDMANNEN Retningslinjer for vurdering Dokumentansvar: Godkjent av: Seksjon for opplæring i skole Godkjent av seksjonssjef Versjon: 2.0 Plassering QM+:: RFK Reglement/prosedyrer,

Detaljer

Velkommen. til fagdag om. Standpunktvurdering. 2. mars 2017 Jarlsberg Konferansesenter AS

Velkommen. til fagdag om. Standpunktvurdering. 2. mars 2017 Jarlsberg Konferansesenter AS Velkommen til fagdag om Standpunktvurdering 2. mars 2017 Jarlsberg Konferansesenter AS Program 09:00 Velkommen 09:10 Regelverksgjennomgang Hanne Torgersen, Fylkesmannen 09:30 Kompetansebegrepet, fra underveisvurdering

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Foreldremøte Stortangen skole 11.mai 2016 Foreldre i neste skoleårs 8.årstrinn

Foreldremøte Stortangen skole 11.mai 2016 Foreldre i neste skoleårs 8.årstrinn Foreldremøte Stortangen skole 11.mai 2016 Foreldre i neste skoleårs 8.årstrinn Organisering av ungdomstrinnet Sammenslåing i grupper Sammenslåing i fag Vurdering karakterer Språkdag, språkvalg, valgfag

Detaljer

Endringer i forskrift til friskoleloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring

Endringer i forskrift til friskoleloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring Endringer i forskrift til friskoleloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring Gerd Gylder-Corneliussen 13.11.2015 Retten til vurdering Elever i grunn- og videregående

Detaljer

Fagdag om standpunktvurdering Vestfold Heidi Paulsen og Trude Saltvedt, Udir

Fagdag om standpunktvurdering Vestfold Heidi Paulsen og Trude Saltvedt, Udir Fagdag om standpunktvurdering Vestfold 02.03.2017 Heidi Paulsen og Trude Saltvedt, Udir Hva tenker du om disse uttalelsene? Vurdering handler om å samle inn informasjon om elevens kompetanse for å kunne

Detaljer

Forskrift til opplæringslova

Forskrift til opplæringslova Forskrift til opplæringslova Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring V. Eksamen 3-25.Generelle føresegner Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Læreplanen

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om

Detaljer

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG

Detaljer

Endeleg TILSYNSRAPPORT

Endeleg TILSYNSRAPPORT Endeleg TILSYNSRAPPORT Skulens arbeid med elevane sitt utbyte av opplæringa Oppland fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule 1 Samandrag...3 1. Innleiing...4 2. Om tilsynet med Oppland fylkeskommune Vinstra

Detaljer

Fra forskrift til praksis muligheter og utfordringer i arbeidet med læreplaner og vurdering

Fra forskrift til praksis muligheter og utfordringer i arbeidet med læreplaner og vurdering Fra forskrift til praksis muligheter og utfordringer i arbeidet med læreplaner og vurdering Ragnhild Sperstad Lyng Fylkesmannen i Nord-Trøndelag Ida Large - Utdanningsdirektoratet Hensikten med underveisvurdering

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE Fakta om skulen Ny i 2010 Ca 470 elevar 2014-2015 Ca 60 lærarar og 10 assistentar/b.&u.arb Rektor og 3 avdelingsleiarar Miljøterapeut, rådgjevar og sosiallærar Utvida

Detaljer

Regelverk og rutinar. Frammøte, varsel, eksamen, dokumentasjon, klage på vurdering

Regelverk og rutinar. Frammøte, varsel, eksamen, dokumentasjon, klage på vurdering Regelverk og rutinar Frammøte, varsel, eksamen, dokumentasjon, klage på vurdering 16.03.2017 1 Frammøte og fråvær Plikter og rettar. Eleven er pliktig til å møte presis til all opplæring og delta i all

Detaljer

Innleiing 4. Styret sitt ansvar 4. Myndigheit til å gjere enkeltvedtak 4. Bruk av rettleiinga 4

Innleiing 4. Styret sitt ansvar 4. Myndigheit til å gjere enkeltvedtak 4. Bruk av rettleiinga 4 Rettleiingsmateriell Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 Skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa for skolar godkjende etter privatskolelova 1 Innhald Innleiing 4 Styret sitt ansvar 4 Myndigheit

Detaljer

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 For elevar, lærlingar, praksiskandidatar og sensorar Nynorsk Sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 1 2015 Om rettleiinga Denne rettleiinga

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 Framandspråk Elevar og privatistar Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga

Detaljer

Endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring

Endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring Endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 3: Individuell vurdering i grunnskoler og videregående opplæring Gerd Gylder-Corneliussen 09.12.2015 Retten til vurdering Elever i offentlige grunn- og

Detaljer

Undervegsvurdering i fag

Undervegsvurdering i fag Undervegsvurdering i fag Lære meir og betre kva har vurderingspraksisen til lærarane å seie? Nynorsk Undervegsvurdering i fag Forsking viser at vurderingskulturen og vurderingspraksisen til lærarane har

Detaljer

Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO. Oversendelse av vedtak om endring av forskrift

Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO. Oversendelse av vedtak om endring av forskrift Postadresse Kontoradresse Telefon 22 24 90 90* Opplæringsavdelingen Saksbehandler Pnethnlrc Al 1Q rlan Alna, AA.l-- -- 'Po1eF..., 9 )A 7c ni n:,..., ^:,.r,... l s rrf DET KONGELIGE KUNNSKAPSDEPARTEMENT

Detaljer