Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet"

Transkript

1 Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet På leit etter nettverk i bondesamfunnet Innlegg på Norske historiedagar i Bergen Av Atle Døssland Innanfor sjølve bondesamfunnet eksiserte det i høg grad sosiale og økonomiske nettverk. Innanfor desse var nokre personar viktigare enn andre. Ofte kan vi nok også definere dette som patron klient relasjonar. I skriftet Saa Maata frå 1723 skildrar den anonyme forfattaren ymse sider ved skikk og bruk og levekår mellom innbyggarane på Osterøy nær Bergen. 1 Mellom dei elles så nøysame bøndene var det nokre som skilde seg ut ved å kle seg i sølv og stas i gjestebod og kyrkje. I bryllaup var dei mykje meir rause enn andre med pengegåver. Til gjengjeld fekk dei ekstra ære ved å sitte nærast brurefolket ved bordet. Karane fekk etterpå danse med brura i rekkefølgje etter som dei var mægta til. 2 Saa det gaaer ligedan til blant Bønder som andre Folk, at den Fattige altid maa vige for den Riige, heiter det i eit anna noko yngre anonymt skrift. 3 Truleg var det den same gruppa mægta menn som fekk viktige lokalombod som lagrettemenn, medlemer i skule- og fattigkommisjon, eller jamvel som lensmenn. 4 I samband med den marknadsretta delen av bondeøkonomien høyrer vi også om forhold som kan minne om, eller førte fram til patron-klient-tilhøve. Nokre småbønder hadde vondt for å greie seg gjennom vårknipa og måtte ha hjelp av meir velståande grannar. Desse grannane hadde fartøy store nok til å føre ei større mengde varer til byen om hausten. Som betaling overlet difor småbonden då det vesle han hadde av salsvarer til storbonden som så inkluderte dette i si eiga last av byvarer. 5 Vi kan spørje om slike relasjonar lettast oppstod der den marknadsretta delen av bondeøkonomien var mest omfattande. Mogelege mægta menn kan vi nok eit stykke på veg spore rett og slett ved å leite fram velstandsfolk i bygda. Truleg kan mengd av overskotsgjenstandar ved arveskifte fortelje ein 1 Trykt med kommentarar av Brynjulv Alver i: Frå Fjon til Fusa 1972: Saa Maata: 22, 24. og Anmærkninger over Norhordlehns skikke. Trykt i Nordhordland og Midthordland. Sogelaget sitt aarsskrift III 1920 : 9. Skriftet er truleg frå ca Døssland, Atle Strilesoga bd 3 Frå : Døssland 1998: 15. 1

2 god del om dette. I Nordhordland var framfor alt sølv eit slikt velstandssymbol på 1700-talet. I eit tilfeldig utval bondeskifte låg midtpunktet om vi rangerer skifta etter sølvverdiar (medianen) på kring 10 dalar, medan ei lita gruppe, knapt 10 prosent, hadde over 40 dalar i sølvverdiar, nokre få av desse jamvel over 100 dalar. Tabell 1: Fordeling av sølvverdiar i skifte i Nordhordland Sølvverdi i riksdalar Tal skifte Prosent , , , , ,9 Til saman ,0 Ein annan interessant indikator kan vere dei svært ulike storleikane på gravferdsutgifter. For nokre var det viktigare enn for andre å slå stort på ved gjestebod. I førte den store tyngda av dei bøndene som gav opp gravferdsutgifter (dvs i 70 prosent av skifta), summar mellom 5 og 15 dalar. (Medianen var ca 11 dalar). Men ein elite på 8 prosent opererte med summar frå 20 til 45 dalar. 6 Det er såleis lett nok å konstatere at det fanst ein økonomisk elite innanfor bondesamfunnet. Bønder imellom er det likevel på sin plass å tenkje seg to hovudtypar nettverk: sosiale og økonomiske. Det er ikkje sikkert at dei same personane dominerte i begge desse typane nettverk. Men det kan vere verre å finne kjeldegrunnlag for å analysere dette systematisk. Spørsmålet er kva typar lett tilgjengelege kjelder vi kan bruke som utgangspunkt for å kaste lys over dette. Eg vil her komme inn på to typar kjelder som ein nok ikkje kjem utanom. For det første vil det her dreie seg om kor vidt kyrkebøker (eventuelt kombinert med folketeljingar og fyldige gards- og slektshistorier) kan brukast til å kartlegge sosiale nettverk. Dei kan sjølvsagt fortelje om slektskap. I tillegg er fadrar ved barnedåpar lette å registrere. Det same gjeld forlovarar ved ektevigsler. Er nokre i bygdesamfunnet brukt hyppigare enn andre? 6 Begge delar rekna ut etter registreringar i skifte i samband med Strilesoge-arbeidet. 15 prosent førte ikkje opp gravferdsutgifter og dei er ikkje medrekna her. 2

3 For det andre vil eg komme inn på om også skifta kan brukast til å kartlegge sosiale band. Her står jo sjølve familien fram, men også verjer for kvinner og andre umyndige er opplista. Likevel er det meir nærliggande å tenkje på økonomiske band når skifta skal brukast. Uteståande krav og gjeldspostane vert viktige, ved sida av det slikt som formue og overskotsgjenstandar indirekte kan vitne om. Eksempelet Hosanger i kyrkjebøkene Når det gjeld kyrkjebøker har eg gjort ein liten pilotstudie frå Hosanger hovudsokn som omfatta delar av dagens Osterøy kommune og delar av dagens Lindås kommune, nær Bergen. I soknet var det 1118 innbyggarar i 1769 og 720 av desse var over 16 år. 7 (Området er elles valt dels på grunn av høveleg storleik, men også på grunn av ryddig kyrkebokføring. 8 ) Eg har registrert alle barnedåpar og alle ektevigsler i femåret , dvs 169 barnedåpar og 49 ektevigsler. I desse opptrer minst 473 ulike personar som fadrar eller forlovarar, altså ein temmeleg stor del av den vaksne befolkninga. Av desse er 193 kvinner og 280 menn. Det var nemleg vesentleg større sjanse for at menn fekk desse rollene enn kvinnene. Med svært få unnatak var det ført opp tre mannlege og to kvinnelege fadrar, medan berre menn var forlovarar. Dette inneber at vi må behandle kjønna ulikt ved statistiske analyse. Når eg understrekar minst har dette å gjere med nokså omfattande samanfall av førenamn og gardsnamn. Det kan vere fleire med namn som Brita Rossland eller Ole Mjøs. Eit førebels inntrykk, i alle fall når det gjeld fadrar, er at ein vanlegvis brukte dei næraste grannane (innanfor grannelaget) til fadrar. I kva grad det også var slektskapsrelasjonar i høve til dåpsbarn og foreldre, har eg endå ikkje hatt høve til å undersøke. Kondisjonerte personar finst så å seie ikkje ved barnedåpane til bøndene. Derimot får nokre bønder æra av å vere fadrar hos kondisjonerte eller halvkondisjonerte (dvs hos presten og klokkaren, men ikkje hos offiserane). Denne gruppa av bønder er sjølvsagt ekstra spanande å kartlegge nærare. Men innanfor grannelaget er ikkje alle likestilte. Nokre få personar skil seg ut ved å vere hyppigare brukt som fadrar eller forlovarar enn andre. I alt registerer vi 51 personar som er anten fadrar eller forlovarar minst 5 gonger desse åra. Av desse er 39 menn. Ein person har 7 NOS. Norges første folketelling Eg har her brukt dei skanna kyrkjebøkene som er lagt ut i på netter av Digitalarkivet. Registreringane mine har eg lagt inn i XL-rekneark og analysert ut frå dette. 3

4 denne rolla 11 gonger og ein 10. (Med eit atterhald om at det av og til kan vere fleire personar med samanfallande namn.) Desse synest å ha vore viktige personar innanfor det sosiale nettverket. Ved nærare undersøking viser det seg forresten at begge dei mest brukte personane, Nils Bjørsvik og Ole Mjøs var prestens medhjelparar. 9 Ein annan mykje brukt fadder, Ole Nilsen Hanstveit, høyrte til på ein gard der det i følgje Geir Kleiveland i allmennsoga for Osterøy var pengefolk. Både far, bestefar og oldefar til Ole hadde vore bondelensmenn. 10 Tabell 2: Faddrar og folovarar frå Hosanger sokn registerte i kyrkeboka Fadder/forlovar antal gonger Menn Kvinner Begge kjønn Prosent , , , , , , , , , ,2 Sum ,0 Eg trur både fadderskap og forlovar-funksjonen fortel om dei meir langvarige (nærast permanente) banda. Vidare vil eg tru at dei kan gje sterke indikasjonar på kven som var særskild dominerande personar i dei sosiale nettverka, eller kjernen i nettverka. I etnologen Ørnulf Hodnes grundige gjennomgang av tradisjonsmateriale rundt fadderordningar heiter det at slekt (skyldfolk) og grannar gjerne vart prioriterte som fadrar, men helst vyrde folk. Det var om å gjera å ha gjeve folk til fadrar. Nokre stader var det i denne samanhengen viktigare 9 Eknæs, Askild 1968 (1988). Ættebok for Hosanger Bd I: 320 og 362, Eknæs 1968 (1988) bd II: Kleiveland, Geir Osterøy Bygdebok. Allmennsoge, bd I. Frå dei eldste tider til 1870:

5 med grannar enn med slekt. 11 Eg får inntrykk av at dette siste også kan ha vore tilfelle i Hosanger. Forlovarane synest i noko mindre grad å ha høyrt til den aller næraste grannekrinsen. I høve til styresmaktene skulle dei først og fremst gå god for at dei to ikkje var i slekt eller familie innanfor forbodne ledd. Det er dei same personane som vart utropte som brudgomsmenn under sjølve bryllaupet. 12 Skiftet etter Brita Mjøs Vi merka oss altså Ole Jacobsen Mjøs som ein svært viktig person innanfor sosiale nettverk. Eit par år etter våre kyrkjebokregistreringar, døydde kona hans Brita Olsdotter. Det vart halde skifte i juni På dette tidspunktet var Ole 44 år og såleis i økonomisk aktiv alder. 13 Kan slike skifte fortelje meir om posisjon og rolle innanfor nettverka? Brutto verdiar ved skifte var 90 dalar, og gjelda var på knappe 20 dalar. Der var sølv for 18 dalar, og enkemannen fekk fråtrekk på knapt 9 dalar for gravferdsutgifter. Begge delar er noko meir enn gjennomsnittet i området, men likevel slett ikkje oppsiktsvekkande mykje. Ved skiftet møter folk som kan vere viktige personar innafor eit sosialt og økonomisk nettverk. Lensmannen Magne Hatland og vurderingsmennene Ole Lone og Anders Ytre Bersnes er offentlege ombodsmenn ved skifte, ved sida av sorenskrivaren. Men sidan dei 6 borna er umyndige, er det oppnemnt verje for dei. For eine sonen er faren sjølv verje. Dei andre borna har kvar sine verje. Det er uvisst korleis desse verjene vart utvalde. Dei høyrer ikkje til det næraste grannelaget, og det ser ut til at i alle fall nokre av dei er slektningar. Dette er også i samsvar med lova, at frendar er næraste til å vere verje. 14 Dermed har vi med eit delvis anna type nettverk å gjere enn ved barnedåpar og giftarmål. Men i skifta kan uteståande krav eller gjeldspostar seie noko om økonomiske band. Uventa nok finst det i dette tilfellet likevel ikkje uteståande krav. Derimot er det fleire små gjeldspostar. Desse gjeldpostane må ein nok i vår samanheng sortere etter eit visst skjønn: På 11 Hodne, Ørnulf Fadderskapet og dets funkjoner i norsk folketradisjon. Heimen 1: Anmærkninger: Seehus, Hans Midhael 1770 (1932): Beskrivelse over Nordfjord Herred i Bergen stift. Prenta i Firda Tidend : I følgje Eknæs I 1968: 320 var han fødd i 1712 og døydde i Kiil, Alf Arkivkunnskap. Statsarkiva: Chr. 5 norske lov,tredje bok, kap

6 kva måtar er det interessant at Ole Mjøs skulda lensmannen, Magne Essem, pengar for 1 våg korn og 1 års tiende og Åmund Røssland for landskyld? Vidare har han gjeld til enkeltpersonar for konkrete varer og tenester: Mons i Eknesvågen for vadmål, Ole Kleiveland for sperrer, Ole Fotland for never, Anders Larsen Mjøs for kle, Ole Lie for en Hodder (?), Anders Toft for 1 båt og Aamund Røssland for båtleige. Ingen av desse summane er over 1 dalar. (Av desse er Ole Fotland også mellom verjene og såleis truleg i slekt.) Men gjeld for konkrete varer eller tenester er vanlegvis mindre interessante i ein nettverksanalyse. Det dreiar seg om vanlege utvekslingar innanfor bondesamfunnet, altså kortvarige relasjonar. Annleis er det kanskje når det gjeld lånte pengar. Ole har lånt ein liten pengesum hos grannen Anders Mjøs. Det same har han gjort hos Anne Kristensdotter, Marit Olsdotter, Jacob Torkelson Øfsthus, Johannes Kvamme og Johannes Storset. Den sistnemnde er forresten mellom verjene, og såleis truleg i slekt/familie. Alle desse summane er under 1 dalar. Ole har også ei lita bygjeld: til kjøpmannen Christian Thormølen for gods. Også innanfor postane gjeld for lånte pengar må ein altså bruke skjønn for å sortere fram det som kan vere spor etter verkelege økonomiske nettverk og mægta menn. Er til dømes storleiken på summane avgjerande? Det dreiar seg også om skilje langvarige band frå dei kortvarige og tilfeldige. Berre ved å analysere ei større mengd skifte kan vi eventuelt finne mønster for økonomiske band. Finst det personar i bygda som mange står i gjeld til, sjølv om enkeltsummane, som i vårt eksempel, kan vere små? Det er nok i alle fall mange som står litt til atters med betalingar til fut, lensmann, eller til jordeigar. Eit anna om lag samtidig skifte frå soknet etter bondelensmannen Magne Eidsheim frå 1760 viser såleis ei omfattande restanseliste og eit større økonomisk nettverk enn i tilfelle Ole Mjøs. Gjeldsband treng, som eg alt har nemnt, neppe å falle heilt saman med sosiale band. Ole Mjøs peikar seg såleis ikkje ut som ein sentral person innanfor eit økonomisk nettverk, skal ein dømme etter skiftet. Likevel synest han å vere sentral innanfor det vi har kalla sosialt nettverk. Men kva slags sosial kapital sat han i så fall inne med? Det må vi leite meir etter. At presten har valt han ut som medhjelpar gjev truleg visse indikasjonar. Men vi kan tenkje oss at i dei tilfella då mange trådar av både sosial og økonomisk art synest å ha vore samla ein og same person, kan vi nokså trygt rekne med å ha avslørt ein verkeleg mægta mann. Då kan vi også gå vidare og sjå om han også sit med viktige offentlege ombod i 6

7 bygda. Altså: med utgangspunkt i ei første grovkartlegging i eit område gjennom kyrkjebøker og skifte kan ein gå over til næranalysar kring enkeltaktørar som synest å merke seg ut, og då må ein trekke inn mange andre kjelder som tingbøker, kopibøker frå både sivile og geistlege embetsmenn og mykje anna. 7

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Av Ane Landøy og Angela Repanovici Hausten 2007 gjorde Universitetsbiblioteket i Bergen og the Central Library of Transylvania University,

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Jesus var svært moderne! Den gong tenkte folk flest at barna ikkje var verdfulle. Mange foreldre kjenner at Jesus gjorde det einaste rette. For han såg barna

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

20/2010 EMBETSMENN, BØNDER OG FADDERSKAP I HOSANGER SOKN 1750 1854 NOTAT. Atle Døssland

20/2010 EMBETSMENN, BØNDER OG FADDERSKAP I HOSANGER SOKN 1750 1854 NOTAT. Atle Døssland 20/2010 NOTAT Atle Døssland EMBETSMENN, BØNDER OG FADDERSKAP I HOSANGER SOKN 1750 1854 Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Atle Døssland Høgskulen i Volda 1891-5973 Forfattar http://www.hivolda.no/notat

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie

Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie Atle Døssland: Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie Ein lett revidert versjon av eit føredrag halde på engelsk ved Universitetet i Edinburg 10.10.2007. Maktutøvinga i Danmark-Noreg

Detaljer

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne? Norsk etnologisk gransking Juli 1960 Emne nr. 80 FOLKEMEDISIN I. Husgeråd kjerringråd I svar på tidlegare emenlister der det er spørsmål frå dette område blir det iblant sagt at kjerringråd og husråd var

Detaljer

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie» Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie» Av Arnfinn Kjelland Innleiing Først ei presisering: med «busetnadssoge» meiner eg den tradisjonsrike lokalhistorie- /bygdeboksjangeren «gards- og ættesoge».

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397)

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397) RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397) Baltzer Ivarson Sande, som var lensmann, hadde ein del av Randa på slutten av 1600-talet. Han var fosterson til lensmann Anders Sivertsson.

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin)

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Samandrag av prosjektrapport FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Ei kvantitativ kartlegging av flyttegrunnar blant folk som har flytta til og frå kommunen dei siste fem åra Spørjeskjema er utforma av Bykle og Hovden

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer