Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie"

Transkript

1 Atle Døssland: Å studere patron-klient-forhold i norsk 1700-talshistorie Ein lett revidert versjon av eit føredrag halde på engelsk ved Universitetet i Edinburg Maktutøvinga i Danmark-Noreg på 1700-talet skjedde som vi veit ved hjelp av eit korps av embets- og ombudsmenn på ulike nivå. På papiret etablerte dette eineveldige regimet eit ryddig system med klar over- og underordning og kommandolinjer. Realiteten var ofte ein annan. Det gjekk andre typar uformelle maktutøving og bindingar på kryss og tvers. Eit sentralt spørsmål har vore kva type makt var det som betydde mest for folk flest. Var det den formelle makta med utspring frå hovudstaden København, eller var det ulike former for uformell maktutøving i region utøvd i lokalsamfunnet? Det er skrive mykje om den formelle makta, men kva med den uformelle? Dette kan for så vidt knytast til ein norsk historikardebatt i 1970-åra mellom Edvard Bull d.y., Sivert Langholm m.fl. på den eine sida og Jens Arup Seip på den andre om kva typar maktutøving i nyare tid som i røynda betydde mest for folk flest. Globalhistorikaren Niels Steensgaard skil i sine to bind i det mest brukte verdshistorieverket i Noreg, Aschehougs Verdenshistore (b.d 7 og 9)mellom den vesle makta og den store makta. Den vesle makta er ei uformell maktutøving som i mangt ligg nær opp til det vi nedanfor berre vil referere til som patron-klient-relasjonar. Også han poengterer at det var den vesle makta som betydde klart mest i det daglege livet for folk flest. Innanfor vår prosjektperiode, 1700-talet, er det naturleg å spørje om den vesle makta var til stades på ulike måtar i ymse regionar? Kan til dømes særtrekk innan bondenæring ha verka inn? Kva hadde nærleik eller større avstand til administrative knutepunkt å seie? Døme på uformell makt i det norske 1700-talssamfunnet Ein av dei fremste nolevande norske og 1700-tals historikarane, Øystein Rian, karakteriserer samfunnsforholda i Danmark Noreg slik: Patron-klientforhold skapte kraftige maktstrukturer fra kongen og nedover, bygd på gjensidig tillit og tjenester. Det oppstod hele 1

2 nettverk, der maktens menn og kvinner støttet og hjalp hverandre. ( )Nepotisme og favorittvesen på alle nivåer fra hoffet (lakeiisme) og nedover sikret embeter til menn med gode forbindelser som besatt varierende grader av embetserfaringer og ferdigheter. ( ) de øverste nivåene var mer utsatt for nepotisme og favorittvesen enn lavere ledd i embetsverket. Den gamle norske eliten var blitt koblet av fra elitenettverket lenge før Dens etterkommere klarte i liten grad å gjenerobre tapte posisjoner, til tross for at det norske bondesjiktet styrket seg igjen i løpet av 1700-tallet både økonomisk og i innflytelse. ( ). I staden bestod den regionale eliten av eit tynt sjikt av embetsmenn, i stor grad med framandt opphav. Dei vart rett nok nøydde til å stå i nokså nær kontakt med befolkninga. I og med at vårt prosjekt dreiar seg om møte mellom embetsmenn og bønder, vil vi her vere mest opptekne av patron-klientrelasjonar på dette lægste nivået, mellom den lokale/regionale embetseliten og bondestanden. Men det er også verd å merke seg at det fanst ei gruppe personar med omfattande borgeleg næring særleg på Austlandet og i Trøndelag, mange var eigarar av bergverk eller større sagbruk og dreiv omfattande eksporthandel. Desse var i endå sterkare grad enn embetsmennene i posisjon til å etablere klientnett. Øystein Rian har rett nok poengtert at det særleg på 1600-talet også var eit sterkt innslag av embetsmenn som samtidig dreiv borgarleg næring. Det vart færre slike på 1700-talet. Likevel eksistert dei sende amtmann Erich Must i Romsdals amt brev til ein overordna embetsmann, stiftamtmannen i Trondheim. Must påstår at det vanskeleg kan liknast så mykje som 600 rdl i skatt på dei kondisjonerte i Romsdal fogderi. I Romsdal er det ikun gandske faae negotierende, der har den formue at betale noget høyt til saadan sum, undtagen den mægtige foget som fast allene har den største handling. Amtmannen skriv vidare om: min eeneste fiende i verden, som er fogden Børge Eeg og hans anhang. Amtmannen har vanskar med å få folk til å vitne om overgrep og feil i Børge Eegs rekneskap. Til og med dei elles så sjølvrådeige militære sjefane tør berre tale om dette i einerom. Futen står bak ordrar om å pryle amtmannens tenarar, jamvel når dei reiser i offentleg ærend, eller føre dei til fangehuset på futegarden, det sistnemnde har skjedd to gongar. Futen har også kontroll over postvesenet. Amtmannen tek difor ikkje risikoen med å sende fortrulege brev, men må ordne seg med brevsending til sine næraste overordna på privat vis. Futen Børge Eeg gjekk inn i ei rekke med futar i Romsdal med familieband frå generasjon til generasjon, altså eit dynasti. Av 2

3 andre kjelder veit vi at dette futedynastiet også bygde ut makta si ved å forskottere skattar og avgifter for mange av bøndene. Det er klart at vi her har med patronatsposisjon på grunnlag av maktutøving av to typar: For det første bygde han på økonomisk makt gjennom omfattande handel og forskottering. For det andre bygde han på den formelle makta til futen, han var handhevar av kongeleg lov og orden og stod for skatteinnkrevjinga. Kombinasjonen av dette gjorde han så mektig at han ope kunne setje til side ein overordna embetsmann som tydelegvis mangla eit tilsvarande kontaktnett og klientsystem. Desse to typane grunnlag for å etablere patron-posisjon skal vi komme tilbake til. Nokre næringsdrivande var mektige nok til at dei også sikra seg embetsmenn som klientar og såleis også fekk kjøpe seg del i den formelle maktutøvinga. Den mektige trondheimskjøpmannen Hans Hornemann dreiv mellom anna stor fiskehandel, men var også sterkt involvert i trelastnæring og bergverk i Trøndelag. Kring midten av 1700-talet hadde han makt nok til å få plassert ein av sine betjentar, Ole Alsing, som fut på Sunnmøre. Alsing stod for store fiskeoppkjøp for Hornemann for dei skattepengane han kravde inn som fut, medan Hornemann i neste omgang sørgde for dei nødvendige innbetalingar til kongens kasse i København. Dotter til Hornemann vart tvangsgifta med Alsing som eit ledd i denne ordninga. Seinare vart det brot imellom Alsing og Hornemann og jamvel skilsmisse med dottera. Men Ole Alsing hadde då lagt seg opp kapital og engasjerte seg seinare sterkt i eit ambisiøst bergverkstiltak innan distriktet sitt. Han kjøpte opp mange skoggardar i grannefogderiet Romsdal. Administrativt system som la til rette for patron-klient-relasjonar Det var visse sider ved det tilsynelatande sentraliserte eineveldige styringssystemet, visstnok det på papiret mest ryddige i Europa, som likevel la til rettes for uformell maktposisjonering. Ein ting var forpaktingssystemet. Det kan delvis ha vore for å avlaste futane at ein del av kongens inntekter frå 1670-åra vart lausrivne frå futens kontroll og rett og slett forpakta bort til høgstbydande. Dette galdt særleg inntekter som var særs arbeidskrevjande å få inn, til dømes tollinntekter, men også slik som småbøter for dei som fekk barn utan å vere gifte, slagsmål, helgedagsbrot o.a. ("sikt og sakefall"). Forpaktarane bygde sine eigne klientnett, men kunne også sjølve vere klientar i overordna uformelle nett. På 1600-talet var det likevel 3

4 ikkje sjeldan at futane sjølve, som privatpersonar, baud og fekk tilslag på forpaktingar. Forpaktarane stod utanfor amtmannens kontroll. Etter 1700 hadde ikkje futane lov til å ta på seg forpaktingar. Amtmannen påstod at mange av dei likevel var reelle forpaktarar, men at dei brukte stråmenn. Ei ekstra sikring for kongens inntekter vart forlanga av både futar og forpaktarar. Dei stod personleg ansvarlege for at kongen fekk det han skulle ha. Difor skulle dei også ha kausjonistar i ryggen. Kausjonistane var som regel lokale embetsmenn (mest prestar), handelsborgarar eller proprietærar. Men eg har også funne døme på at velståande bønder har stått som kausjonistar for futar eller forpaktarar. Det lar seg sjeldan påvise konkret kva dette fekk å seie for dei oppgåvene forpaktarane og futane skulle utføre. Men det var vel nærast sjølvsagt at dei ikkje kunne legge seg ut med sine eigne kausjonistar. Vi anar også her eit slags nettverk av patron-klint-typen. Sjølve lønssystemet, i sær til prestane, la også til rette for å etablere patron-klienttilhøve. Presten måtte i stor grad sjølv innkassere dei avgiftene han hadde rett til, og kunne gje fordelar til nokre framfor andre. I tillegg var han i kraft av embetet også ein større godseigar og hadde mange av bøndene som leiglendingar. Mange av embetsmennene gjorde elles alt dei kunne for å etablere seg som private godseigarar innanfor eige embetsdistrikt. Løna for fleire embetsmenn var elles såpass knapp at dei lett kunne bli kjøpe inn i klientroller under slike som dreiv omfattande borgarleg næring. Rundt om i bygdene budde det militære sjefar. For desse låg forholda godt til rettes for å bruke bondesoldatane som var innrullerte i kompaniet som klientar. Dei kommanderte dei gjerne ut i privat skyss, eller haustarbeidet på garden sin. Til gjengjeld støtta dei soldatane og drog dei unna makta til den sivile øvrigheita. Patronar og klientar innanfor bondesamfunnet På endå lågare nivå, innanfor sjølve bondesamfunnet eksiserte også i høg grad patron klient relasjonar. I skriftet Saa Maata frå 1723 skildrar den anonyme forfattaren ymse sider ved skikk og bruk og levekår mellom innbyggarane på Osterøy nær Bergen. Mellom dei elles så nøysame bøndene var det nokre som skilde seg ut ved å kle seg i sølv og stas i gjestebod og kyrkje. I bryllaup var dei mykje meir rause enn andre med pengegåver. Til gjengjeld fekk dei 4

5 ekstra ære ved å sitte nærast brurefolket ved bordet. Karane fekk etterpå danse med brura i rekkefølgje etter som dei var mægta til. Truleg var det den same gruppa mægta menn som hadde langt meir sølv og anna edelmetall enn andre (slik vi kan analysere det i arveskifte), og det var ofte dei som fekk viktige lokalombod som lagrettemenn, medlemer i skule- og fattigkommisjon, eller jamvel som lensmenn. (Døssland 1998: 94 96). I samband med den marknadsretta delen av bondeøkonomien høyrer vi også om forhold som kan minne om, eller førte fram til patron-klient-tilhøve. Nokre småbønder hadde vondt for å greie seg gjennom vårknipa og måtte ha hjelp av meir velståande grannar. Desse grannane hadde fartøy store nok til å føre ei større mengde varer til byen om hausten. Som betaling overlet difor småbonden då det vesle han hadde av salsvarer til storbonden som så inkluderte dette i si eiga last av byvarer. (Døssland 1998: 15) Vi kan spørje om slike relasjonar lettast oppstod der den marknadsretta delen av bondeøkonomien var mest omfattande. Regionale skilnader Økonomiske tilhøve verka opplagt inn på ulike typar av maktutøving. På Austlandet og i Trøndelag var bønder og anna allmuge i større grad enn vestlendingane underlagt økonomisk kontroll av verks- og brukseigarar - og byborgarskap som kunne støtte seg på konglege privilegium. Var bøndene dermed også meir undertrykte enn dei vestnorske bøndene? På den andre sida hang leiglendingssystemet lengre i på Vestlandet og så spørst det kva makt jordeigarar i røynda hadde. I kva grad kan den norske godseigarrolla også ha betydd patronrolle i høve til leiglendingar? Når bonden var sterkt innvoven i eit klientsystem var han kan hende også mindre opprørsk. Er det koplingar mellom dette og at bondeaksjonar på 1700-talet synst å ha hatt breiare oppslutning på Vestlandet enn på Austlandet? I tillegg kjem sjølvsagt også den geografisk avstanden til maktsentera og faste og militære garnisonar. Var embetsmennene i periferien meir einsame, mindre kontrollerte, men også meir sårbare enn dei som var nær maktsentra? I periferien var det såleis særs viktig for embetsmannen å bygge eit klientnettverk rundt seg. Han stod i nokså direkte kontakt med allmugen og trong avhengige personar som forlenga arm eller buffer inn mot folkemassen. 5

6 Men hadde dei økonomiske ryggrad til å bygge opp eit slikt nettverk? Eit middel var i alle høve å gje særfordelar til nokre gjennom omfattande korrupsjon. På Austlandet og i Trøndelag kan det altså ha vore vanlegast med brukseigarar og andre kapitalistar som patronar. På Vestlandet gjekk truleg embetsmennene oftare inn i denne rolla? Dei to typane patronatstilhøve Vi har dermed skilt i to hovudtypar patronatstilhøve: 1. Patronatstilhøve skapte av økonomisk dominans. 2. Patronatstilhøve skapte på grunnlag av formell maktutøving. Den første inneber altså at arten av patron-klient-relasjonar kan ha veksla i tråd med særtrekk i næringslivet. Brukseigarar inntok patron-rolla i kraft av forskotteringssystemet, og dei var understøtta av privilegieordningar. Vi har spurd om også godseigarar kan ha spela litt av same rolla (også fordi dei etter lova skulle legge ut skattar for leiglendingar som ikkje sjølve makta det). Det andre tilhøvet var kanskje svakare i og med at det var bygd opp kring embetsmannens rolle som maktutøvar på vegner av kongen. Men han trong i si einsemd eit nettverk for å vere i stand til å utøve denne makta. Han var heller ikkje betre kontrollert enn at han var i stand til å gje favorittar fordelar. Dei som hadde eller skaffa seg del i begge typar makt, både den økonomiske og den formelle, stod ekstra sterkt. Men embetskjøpmannen vart altså sjeldnare på 1700-talet. Kanskje kunne vi her supplere med patronatstilhøve basert på kulturell dominans. Der den eine parten stod for ein kultur med høg prestisje (hegemonisk). I så fall dreiar det seg om mentor-klient-relasjonar. 6

7 Vanskar med å studere patron-klient-tilhøve Det er lett å finne eksempel på og beskrive patrontilhøve. Ofte må vi likevel nøye oss med å finne teikn på, eller gjere det sannsynleg at det fanst slike nettverk. Slikt er det umogleg å kvantifisere. Vi står også i fare for å overdrive eller generalisere på tynt grunnlag. I prinsippet jaktar vi jo berre etter bekreftingar på at systema fanst og hadde mykje å seie. Det er viktig at vi no og då også er villige til å konkludere med å seie at i vårt undersøkingsområde ser det ut til at slike kontaktnett var sjeldne og mindre viktige. Kanskje var dei, for eksempel, mindre viktige i Noreg enn i andre land, som Skottland. Der er sjølvsagt også andre problem. Det kan vere vanskeleg å dra skiljeliner mellom normale økonomiske kontaktar og det som utvikla seg til patron-klientrelasjonar. Og kvar kan vi dra lina mellom diverse private måtar å delegere makt på den eine sida, og patron-klientrelasjonar på den andre? Sjølvsagt treng vi også ein strammare definisjon på kva patron-klienforhold verkeleg er. Det har ikkje vore temaet i denne framstillinga. 7

Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet

Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet Mægta menn. Sosiale nettverk og uformell maktutøving i norske bygdesamfunn på 1700-talet På leit etter nettverk i bondesamfunnet Innlegg på Norske historiedagar i Bergen 19.6.09 Av Atle Døssland Innanfor

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Etablering og drift av kraftselskap

Etablering og drift av kraftselskap Etablering og drift av kraftselskap Småkraftseminar i Målselv 02.06.2010 Målselv 02.06.2010 1 Vi får Norge til å gro! Kva for selskapstypar er aktuelle? Aksjeselskap er den vanlegaste selskapstypen Nesten

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta Bygdeforskingdagen, Trondheim 5. november 2013 Finn Ove Båtevik Ein studie av bedrifter og tilsette

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Nynorsk i nordisk perspektiv

Nynorsk i nordisk perspektiv 1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Status og utfordringar Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Tertialrapporten viser Eit forventa driftsunderskot på 7 millionar i 2009, om drifta held fram som i dag. Dette kjem på

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ernst Lundberg Arkivsak nr.: 2007/2258 Arkivkode: N02 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet FORSLAG NYE BUSSRUTER FRÅ 1.5.09 Administrasjonen si tilråding:

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013. Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Rådet for funksjonshemma Leikanger 2.12.2013 Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma Unge arbeidssøkjarar (16-24 år) Kven er dei som står utanfor arbeidsmarknaden og er registrert hos NAV? Kjelde: Arbeid

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Vestlandet ein stor matprodusent

Vestlandet ein stor matprodusent Vestlandet ein stor matprodusent Halvparten av sjømatproduksjonen i Norge skjer på Vestlandet Hordaland Vestlandet 2001 Mill. kr % av landet Mill. kr % av landet Jordbruk 499 4,7 3 084 29,2 Fiske og fiskeoppdrett

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

Sosial mobilitet Sosial mobilitet 1

Sosial mobilitet Sosial mobilitet 1 Sosial mobilitet Stillstand II Sosial mobilitet:relevant pensum Ingrid Semmingsen:1954, Standssamfunnets.. Henry Kamen, kapittel 4-5, Early Modern.. Natalie R. Ramsøy:1977, Sosial mobilitet i Norge Sten

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Kva kompetanse treng bonden i 2017? Kva kompetanse treng bonden i 2017? Spesialrettleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Bygd på kukontrolldata, rekneskap og samtalar med 186 mjølkebønder dei siste 8 åra, frå Østfold til Nordland Intervju

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE Kultur og oppvekst PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE KAP. 1. SØKNADSRUTINER FOR SPESIALUNDERVISNING FOR SKULEN OG SPESIALPEDAGOGISK HJELP BARNEHAGEN. 1.0 INNLEIING Det er viktig å utvikle

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer