INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 SAMANDRAG I oktobertinget 2010 vart det vedteke slik oversendingsforslag : Fylkestinget ber fylkesrådmannen gjennomføra naudsynte tiltak på Internett- oppkoplinga ved dei vidaregåande skulane, slik at tilsette, elevar og andre kan kopla seg til nettet uavhengig av maskintype (m.a. Apple) og operativsystem (Windows Home og Linux). Det er i dag trådlaus nettilgang ved alle dei vidaregåande skolane. Det sikrar at elevar og tilsette har tilgang til oppkopling mot internett på skolen. Dei fleste elevane i vidaregåande skole har elev-pc. Nokre elevgrupper, i hovudsak fagskolestudentar, har ikkje tilbod om elev-pc og nyttar privat PC. Også dei har nettilgang på skolane. Andre vil kunne nytte eit gjestenett for internett-tilgang. Ei endring av kva for IT-utstyr som kan nyttast på skolen, slik oversendingsforslaget legg opp til, er mogeleg, men vil krevje ei omlegging av IT-løysingane. Det må først avklarast kva for IT-tenester som ein skal ha tilgang til, t.d. korleis stetta krava om sikker avvikling av digital eksamen. Med forankring i IT-strategien for perioden er det etablert IT-planar. IT-planane for 2011 for både Organisasjonsavdelinga og Opplæringsavdelinga legg m.a. opp til at det skal gjennomførast ei vurdering av IT-nett på skolane. Det er samstundes i gang eit arbeid med å gje alle tilsette i fylkeskommunen lik tilgang til fellessystem. Dette gjer at dei tilsette ikkje kan nytte kva IT-utstyr dei vil til slik bruk, utan at det vert etablert ei omfattande IT-løysing for dette.

2 Fylkesrådmannen rår til at det, i tråd med IT-planar for 2011, først vert gjort ei avklaring av kva for IT-tenester det er trong for å nytte på skolen. Ein vil da sjå korleis desse tenestene verkar inn på krav ein må sette til IT-utstyr. Dette er også i samsvar med notat frå konsulentfirmaet Conferit as. Økonomiske konsekvensar vert å vurdere i samband med ordinær budsjetthandsaming. FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkestinget tek saka til orientering. Paul M. Nilsen Gerd Ingunn Opdal Vedlegg : Rapport frå Conferit as om tilkopling av privat utstyr i fylkeskommunen sitt nettverk Fylkesrådmannen, : 2

3 Bakgrunn for saka I oktobertinget 2010 vart det vedteke slikt oversendingsforslag : Fylkestinget ber fylkesrådmannen gjennomføra naudsynte tiltak på Internettoppkoplinga ved dei vidaregåande skulane, slik at tilsette, elevar og andre kan kopla seg til nettet uavhengig av maskintype (m.a. Apple) og operativsystem (Windows Home og Linux). IT-strategi for Hordaland fylkeskommune vart vedteken i Fylkesutvalet Den legg vekt på at innføring og bruk av IT skal skje planmessig og systembasert. Med forankring i IT-strategien er det etablert IT-planar for avdelingane i fylkeskommunen. IT-planane for 2011 for både Organisasjonsavdelinga og Opplæringsavdelinga legg m.a. opp til at det skal gjennomførast ei vurdering av bruk av IT-nett på skolane. Dette skjer i tett samarbeid mellom Opplærings- og Organisasjonsavdelinga. Det er i dag slikt tilbod om kopling mot internett for tilsette, andre og elevar på dei vidaregåande skolane : Tilbodet som er etablert for andre Omgrepet andre vert oppfatta som personar som har ein identitet som er kjent på skolen, men ikkje har konto for tilgang til IT-nett på skolen. Det er etablert eit tilbod om kopling mot internett for dei som er gjest på ein skole (GJESTE-nett). Det vert ikkje sett krav til maskintype eller operativsystem. For gruppa andre meiner vi at vi har det tilbodet som vert teke opp i oversendingsforslaget. Tilbodet som er etablert for elevar Dei fleste elevar i fylkeskommunen nyttar elev-pc, og det er etablert tilbod om oppkopling til internett for desse samt tilgang til ein rekke tenester. Teknisk sett vert slik tilgang gjeve til eit PEDAGOGISK nett (PED-nett). Private PC ar med same oppsett som ein elev-pc får også slik tilgang. Om lag elevar har nettilgang gjennom PED-nettet. For elevar som ikkje nyttar elev-pc, er det etablert eit eige tilbod om kopling mot internett. Her er det ikkje noko avgrensing av for kva for IT-utstyr eller operativsystem som kan nyttast, men det er samstundes få tenester tilgjengeleg utanom tilgangen til internett. Teknisk forklart vert slik tilgang gjeve til eit STUDENT-nett; forkorta til STUD-nett. Det vert i dag gjeve tilgang til dette nettet for elevar ved fagskolane, delar av vaksenopplæringa, folkehøgskolen, mange av påbyggings-elevane og for elever som har trong for særskild IT-utstyr. Til saman har omlag 3000 tilgang til STUD-nettet. Teknisk sett har vi såleis to tilbod til elevar om tilkopling til nettet; eit som samstundes gjev tilgang til ulike tenester og til internett (PED-nett), og eit som berre gjev tilgang til internett (STUD-nett) : PED-nett STUD-nett Krav til maskintype og operativsystem Ja Nei Tilgang til internett Ja Ja Tilgang til e-læring og e-post Ja Ja Tilgang til system for eksamenskontroll Ja Nei Tilgang til lagring Ja Nei Tilgang til utskrift Ja Nei Tilbodet som er etablert for tilsette 3

4 Pedagogisk tilsette har i dag tilgang til internett på lik line med elevar som nytta PED-nett. Dei kan såleis ikkje nytte kva IT-utstyr dei vil. Dei har samstundes tilgang til ulike tenester som lagring, utskrift og pedagogiske system som ligg på skolen. Andre tilsette på skolen har tilgang til internett frå eit nettverk som samstundes gjev tilgang til ulike felles administrative system i fylkeskommunen; eit administrativt nett eller ADM-nett. Også her vert det sett krav til IT-utstyret som skal nyttast. UTFORDRINGAR OG LØYSINGAR Det er ein trend at ny IT-teknologi kjem i forbrukarmarknaden før den er utprøvd i bedriftsmarknaden. Denne utviklinga skapar forventningar hjå tilsette og elevar om bruk av privat IT-utstyr når dei er på skolen. Dette er positivt ved at det skapar fleksibiliteten for tilsette/elevar, og skapar produktivitet ved at ein kan nytte kompetanse frå bruken av privat IT-utstyr. Dette er ei trend som vil halda fram og oversendingsforslaget reflekterer dette. Utfordringane med gjennomføring av oversendingsforslaget er ikkje knytt til om det teknisk er mogeleg, men meir til økonomiske utfordringar og til kva verknader forslaget har for dei tenester ein set krav om at elevar og tilsette skal nytte. Her er nokre døme på utfordringar og løysingar : Utfordringar og løysingar for elevar HFK følgjer til einkvar tid Utdanningsdirektoratet sine krav for digital eksamen. Det er etablert ei løysing for dette i PED-nettet. Denne løysinga vil ikkje kunne nyttast i STUD-nettet eller i eit Gjestenett. Innføring av ei ordning med at elevar kan nytte kva IT-utstyr dei vil, vil såleis krevje endringar kring gjennomføring av digital eksamen. Det er tilsett IT-ressursar på dei vidaregåande skolane for å gje støtte til tilsette og elevar. Dei har t.d. ca brukarar med elev-pc ar å følgje opp i tillegg til dei tilsette ved skolen. Dette er mogeleg å få til, fordi IT-utstyret i stor grad er likt, og det er etablert eit felles IT-driftsopplegg for alle skolane. Ved å opne for at elevar kan nytte kva IT-utstyr dei vil på skolen, må ein sjå på kva oppgåver som kan løysast av IT-ressursane og evt. vurdere talet på IT-ressursar på skolane. Det vil også vere vanskar å tilby felles IT-driftsopplegg for anna enn sjølve nettet. Elevane som nyttar PED-nettet, har tilbod om datalagring på skolen. Før ein gjennomfører ei omlegging i kva IT-utstyr som kan nyttast, må det avklarast kva alternativ som er for slik lagring. Skolane brukar ulike system i undervisninga. Nokre system set sterkare krav til IT-utstyret enn andre. I ein situasjon der vi tillet ein elev å nytte privat IT-utstyr, vil det kunne medføre at programvare som er kjøpt inn av skolen, ikkje kan nyttast. Vi veit i dag for lite kva endringar i IT-utstyr har å seie for bruken av slike system. Det er etablert ei ordning der elevar kan gjere utskrift på skolen. Det er også etablert IT-løysing for handtering av betaling for slik utskrift. Det er usikkert i kva grad vi maktar å oppretthalde dette tilbodet dersom elevar kan nytte kva IT-utstyr dei vil. Om alle tenester som vert gjeve til elevar med elev-pc vert avvikla og dei berre skal ha tilgang til internett, er det heller ikkje grunn til å setje krav om bestemt maskintype eller operativsystem. Om ein skal oppretthalde løysinga som ein i dag har for digital eksamen, må anten skolane kjøpe PC ar for bruk under eksamen, eller det må etablerast ei teknisk løysing som gjer det mogeleg å bruke privat ITutstyr ved eksamen. Kostnadene vil uansett verte høge. Ei slik oppfølginga av oversendingsvedtaket må såleis vurderast i samband med budsjett

5 Utfordringar og løysingar for tilsette Det er i gang eit arbeid for å etablere lik tilgang til fellessystem for alle tilsette. Skal vi få dette til i 2011, må det også vere felles rammer for IT-utstyr som tilsette skal nytte. Tilsette vil då ikkje kunne nytte kva IT-utstyr dei ønskjer i denne samanheng. Oversendingsforslaget kan likevel gjennomførast ved at tilsette i tillegg kan kople privat IT-utstyr mot internett via andre nett på skolen. Ei slik løysing vil gje meirkostnader til datakommunikasjon. Dersom tilsette skal kunne nytte privat IT-utstyr mot fellessystem i fylkeskommunen, kan det etablerast ei teknologisk løysing som gjer det mogeleg. Ei slik løysing vil ha høge kostnader for så mange tilsette. Om ein vil tilrå ei slik løysing må vurderast i samband med budsjett Utfordringar og løysingar for kapasitet på lina mot internett Vinteren 2009/2010 hadde vi den situasjon at skolar gav tilgang til oppkopling av ulikt IT-utstyr i Stud-nett, både for tilsette og for elevar. Dette førte til ei overbelastning av lina mot internett og ordning måtte avviklast våren Situasjonen synte oss at det nettverksutstyret vi nyttar, har nådd si maksimumsgrense for kapasitet. Gjennomføring av oversendingsforslaget vil kunne medføre investeringar i nytt nettverksutstyr. Vi såg også at bruk av andre typar IT-utstyr i tillegg til bruk av t.d. elev-pc er, skapte sers mykje meir trafikk på lina mot internett. Særleg var bruken av mobiltelefonar mot internett stor. Ved gjennomføring av oversendingsforslaget, må kapasiteten på lina til internett aukast. Det vert no arbeidd med å etablere nye rammeavtalar for både nettverksutstyr og linekapasitet. Vi vil i denne prosessen få avklart kva kostnader ei slik utbygging vil ha, både når det gjeld investeringar og årlege driftskostnader. I utgangspunktet er dette ei økonomisk utfordring, ikkje ei teknisk. Ekstern vurdering frå Conferit as For å sikre ei best mogeleg vurdering av saka, er det også henta inn ei vurdering frå konsulentfirma Conferit as. Selskapet har m.a. høg kompetanse og sertifiseringar kring IT-tryggleik og korleis sjå dette i samanheng med m.a. teknisk IT-infrastruktur. Selskapet har tidlegare vore nytta for ekstern vurdering av IT-tryggleik vedk. teknisk IT-infrastruktur i fylkeskommunen. Hovudkonklusjonen frå Conferit er at oversendingsforslaget let seg gjennomføre for tilsette, elevar og for andre, men at det er trong for vurdering av kva tenester som skal gjevast og etablering av nye teknologiske løysingar for å få dette til. Oppsummering Tilbodet som det vert gjort framlegg om i oversendingsvedtaket er, teknisk sett, mogeleg å etablere. Før ein gjennomfører vedtaket må det m.a. avklarast kva for tenester og IT-system ein skal gje tilgang til med privat IT-utstyr. Det er også trong for ei monaleg kapasitetsauke kring datakommunikasjon før oversendingsforslaget kan gjennomførast. Som ei følgje av den nye IT-strategien er det etablert IT-planar. IT-planen for 2011 både for Organisasjonsavdelinga og Opplæringsavdelinga legg m.a. opp til at det skal gjennomførast ei vurdering av ulike forhold kring bruk av IT-nett på skolane. Samstundes er det arbeid i gang for å etablere nye rammeavtalar for IT-utstyr og linekapasitet. Dette gjer at vi får betre oversyn over kostnadene for ein kapasitetsauke på t.d. lina mot internett. Fylkesrådmannen vil derfor tilrå at ein held fast på det tilbodet om kopling mot internett på skolane som er etablert, til ei vurdering kring tenester og funksjonar i elevnetta er gjennomført. Ein har då betre grunnlag for å sjå korleis oversendingsforslaget best kan gjennomførast. Ei slik vurdering må vere gjennomført slik at tiltak som har økonomiske verknader, kan takast med i budsjett

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201202564-2 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.04.2012 HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR SAMANDRAG

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201307419-2 Arkivnr. 545 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201208498-2 Arkivnr. 000.T00 Saksh. Dyrnes, Hanne Camilla Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 06.12.2012 DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-76 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Møtedato

Detaljer

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING

Detaljer

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin)

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-1 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 29.09.2010-30.09.2010 12.10.2010-13.10.2010 FINANSRAPPORT PR.

Detaljer

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-21 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 26.09.2012-27.09.2012 16.10.2012-17.10.2012 FINANSRAPPORT 2.

Detaljer

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 201002106-7 Arkivnr. 171 Saksh. Haavardtun, Helge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2011

FINANSFORVALTNINGA I 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-13 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

IT-strategi for Hordaland fylkeskommune 2009-2013

IT-strategi for Hordaland fylkeskommune 2009-2013 Strategidokument 200907720-4 1. FORMÅL OG RAMMER Formål IT- strategien skal gje retning og mål for korleis arbeidet med informasjonsteknologi (IT) i Hordaland fylkeskommune (HFK) skal handterast. IT-strategien

Detaljer

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda. Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon55 23 99 42 Telefaks55 23 99 49 Voss 10. juni 2008 Hordaland fylkesting sitt møte på Voss 10. juni 2008: Byggjer

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200407511-17 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit, Ekerhovd, Per Morten, Gåsemyr, Inger Lena Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 01.06.2010

Detaljer

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 201112362-44 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2012 21.06.2012 FAGSKOLETILBOD PÅ STORD -

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN

BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 201202903-10 Arkivnr. 111 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 23.08.2012 BUDSJETT 2013 - KONTROLLORGAN SAMANDRAG 1.

Detaljer

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200606870-3 Arkivnr. 201 Saksh. Mørk Karlsen, Per Willy Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.01.2008 13. - 14.02.2008 HØRINGSUTTALE

Detaljer

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson. www.utdanningsforbundet.no Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson www.utdanningsforbundet.no Rådgjevaren ein nøkkelperson Ei god rådgjevarteneste i skulen medverkar til at elevane får: betre sjansar til å

Detaljer

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN

SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE BOMPENGAR (KØPRISING) I BERGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201000250-7 Arkivnr. 810 Saksh. Øivind Støle Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 08.06.2010 16.06.2010 SAK OM INNFØRING AV TIDSDIFFERENSIERTE

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Kva er PC-ordninga? PC-ordninga kjem frå at alle elevar ved dei vidaregåande skulane skal ha kvar sin berbare PC, til bruk i undervisninga. PC-ordninga går ut på at

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Bergen 8.september 2015 Geir T. Rønningen Avdelingsleiar YF Innleiing til prosjekt hospitering for y-lærarar Prosjektet vart initiert som ein

Detaljer

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

HORDALAND FYLKESKOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Plan og miljøgruppa SÆRUTSKRIFT Arkivsak 200706479 Arkivnr. 712 Sakshandsamar Morvik, Hild Kristin I Saksgang Motedato Fylkesutvalet 20.09.07 Saknr.

Detaljer

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Ny GIV Oppfølgingsprosjektet Anne Gerd Strand, prosjektleiar Om oppfølgingstjenesten (OT) Utfordringar for OT Samarbeidsavtalen Førmålet med avtalen er å legge til rette for eit styrka og systematisert

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Oppfølgings- og pedagogisksykolo isk teneste Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo KD 20 OKL Vår ref.:201108485 Dykkar ref.:201101650-/abh Bergen, 14. oktober 2011

Detaljer

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP

HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT OM REGIONALE BOMPENGESELSKAP HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201210399-2 Arkivnr. 810 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.1.2013 31.1.2013 HØYRINGSUTTALE - TIL RAPPORT

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-27 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 24.05.2013 11.06.2013-12.06.2013 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL

Detaljer

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane. 2013-2015 Innleiing Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane i Hordaland

Detaljer

21.08.2012 28.08.2012

21.08.2012 28.08.2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201200217-6 Arkivnr. 644 Saksh. Skaar, Ronny/Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 21.08.2012 28.08.2012

Detaljer

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200405151-13 Arkivar. 171.52 Saks. Haavardtun, Helge Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 07.02.2006

Detaljer

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova

Oppmoding om uttale - Hordaland Privatgymnas AS - søknad etter friskulelova OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2015/5369-4 Saksbehandlar: Sunniva Schultze-Florey Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 18.08.2015 Fylkesutvalet 27.08.2015 Oppmoding om

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201000943-25 Arkivnr. 831 Saksh. Vedvik, Anne Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 05.06.2013 10.06.2013 11.06.2013-12.06.2013

Detaljer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar. Lærarrettleiing Kva er b.stem? b.stem er ein digital læringsressurs for skuleklasser. Han er lagd opp som eit rollespel der klassa får rolla som ungdomsrådet i Snasen ein fiktiv, mellomstor norsk kommune.

Detaljer

BUDSJETT 2011 - KONTROLLORGAN

BUDSJETT 2011 - KONTROLLORGAN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Sekretariat for kontrollutvalet Arkivsak 201002847-10 Arkivnr. 111 Saksh. Breistein, Roald Saksgang Møtedato Kontrollutvalet 25.08.2010-26.08.2010 BUDSJETT 2011 - KONTROLLORGAN

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209024-1 Arkivnr. 5 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED

Detaljer

BYBANEN AS - GARANTI FOR DRIFTA - VAL AV STYREMEDLEMMER M.M.

BYBANEN AS - GARANTI FOR DRIFTA - VAL AV STYREMEDLEMMER M.M. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 200800350-39 Arkivnr. 822 Saksh. Stiansen, Johnny Saksgang Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 12.03.2009 17.03.2009-18.03.2009 17.03.2009-18.03.2009

Detaljer

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009

DEN DIGITALE SKOLEN I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - SPØRJEUNDERSØKING VÅREN 2009 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200800146-30 Arkivnr. 520 Saksh. Breivik, June Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 01.09.2009 23.09.2009 12.10.2009-13.10.2009

Detaljer

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Seksjon for kommunesamarbeid Arkivsak 200407511-12 Arkivnr. 714 Saksh. Rødseth, Marit Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201200095-2 Arkivnr. 8 Saksh. Støle, Øivind Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2012 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no

Detaljer

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune) Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune) Bergen 10 11 april 2013 Moment Status/bakgrunnen for at denne saka kom opp Gjeldande lovverk på området

Detaljer

FINANSFORVALTNINGA I 2012

FINANSFORVALTNINGA I 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201010513-24 Arkivnr. 160 Saksh. Skeie, Ingvar Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 20.02.2013-21.02.2013 12.03.2013-13.03.2013 FINANSFORVALTNINGA

Detaljer

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201302181-120 Arkivnr. 135.6 Saksh. Haugland, Tone Stedal Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 17.09.2013-18.09.2013 TILLEGGSAK KUP-LØYVING

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200507791-161 Arkivnr. 831 Saksh. Eriksrud, Marte Hagen Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.01.2013 31.01.2013 HØYRINGSUTTALE TIL

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne Skule Kontaktperson Namn på søkjar Kommune Personnummer 6-17 Fortrinnsrett for søkjar med sterkt

Detaljer

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Vi forventar at du som elev eller privatist har gjort deg kjend med reglar og rettleiing for eksamenskandidatar i god tid

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva: Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR

INNFARTSPARKERING I BERGENSOMRÅDET FYLKESKOMMUNEN SITT INVESTERING- OG DRIFTSANSVAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200706630-21 Arkivnr. 8211 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.09.2009 23.09.2009 INNFARTSPARKERING I

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune

IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune Innhald IKT-reglement for Møre og Romsdal fylkeskommune... 1 1 Formål... 2 2 Virkeområde... 2 3 Rettar og pliktar... 2 4 Generelle reglar for god bruk av

Detaljer

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR 2013-2014

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR 2013-2014 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210128-2 Arkivnr. 143 Saksh. Roksvåg, Berit Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013 HØYRING

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

KJØP AV BUSSANLEGG PÅ STRAUME

KJØP AV BUSSANLEGG PÅ STRAUME HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200901499-28 Arkivnr. 167 Saksh. Haavardtun, Helge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 17.11.2010 24.11.2010-25.11.2010

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 08/768-1 Kraftfondet - alternativ plassering TILRÅDING: Kommunestyret vedtek å la kapitalen til kraftfondet stå i ro inntil vidare

Detaljer

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet Bak: Ingunn Mikkelsen, Annett Ranes og Solveig Glærum Foran: Gunnhild Eidsli og Pål Ranes. Heidrun Solstad og Arnhild Sæter er ikke med

Detaljer

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209179-1 Arkivnr. 643 Saksh. Skaar, Ronny B. Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 AVTALE

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling Møteinnkalling Utval: Yrkesopplæringsnemnda/Utdanningsutvalet Møtestad: 101 Fylkeshuset i Molde Dato: 23.10.2014 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til utvalssekretær Ann Torill Vaksvik tlf 71 25 88 56 eller

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer