Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015"

Transkript

1 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015 Av advokat Anders Elling Petersen Johansen Bakgrunn Regjeringa har, etter eiga utsegn, ei målsetjing om å gjere offentleg sektor betre og enklare. Eit ledd i dette har vore endringar i plan- og bygningslova (pbl.) der det sommaren 2014 m.a. vart vedtatt endringar i pbl. sin byggesaksdel. Den 19. desember 2014 vedtok Stortinget endringar i plan- og bygningslova (pbl.) sin plandel, for å legge til rette for «enklere, mer effektiv og fleksibel behandling av forslag til reguleringsplaner», slik departementet sjølv omtalar endringane. Endringane vil etter departementet sitt syn ha positive økonomiske konsekvensar for utbyggjarar, og føreset mindre ressursbruk i samband med handsaming av planar i kommunane. Endringane tredde i kraft 1. januar 2015, og er dermed alt gjeldande rett. Endring i femårsregelen for detaljreguleringar Den tidlegare pbl femte ledd fastsette at bygge- og anleggstiltak med utgangspunkt i detaljregulering basert på private planforslag, måtte startast opp innan fem år etter at planen var vedteken. Der var visse moglegheiter til å få lengja fristen, men dersom gjennomføringsfristane gjekk ut, var konsekvensen at det måtte gjennomførast ny planprosess og nytt planvedtak før byggjesøknad kunne handsamast. Frå 1. januar 2015 er gjennomføringsfristen oppheva som absolutt frist. Regelen om gjennomføringsfrist er avløyst av ein regel som seier at der det ikkje er sett i gang bygging seinast ti år etter at planen er vedteken, skal kommunen gjere ei vurdering av om den aktuelle planen i naudsynt grad er oppdatert, før den avgjer byggjesøknader for nye utbyggingsområder etter planen. Tiltakshavarar har dermed i praksis fått utvida gjennomføringsfristen frå fem til ti år. Etter at ti år er gått er det heller ikkje nokon absolutt frist som hindrar gjennomføring, men det er opp til kommunen å gjere ei konkret vurdering av planen. Får ein kommune søknad om utbygging av eit område etter at den fyrste tiårsperioden frå det aktuelle planvedtaket er ute, er kommunen pålagd å vurdere om planen framleis gjev grunnlag for gode løysingar for utbygginga, og om den tek vare på både offentlege og private interesser slik den bør. Finn kommunen at den gamle planen er god nok, er ikkje alderen på planen i vegen for at det kan gjevast løyve i tråd med byggesøknaden, men kjem kommunen til at det er trong for eit nytt eller betre plangrunnlag, kan kommunen Side 1

2 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 legge ned mellombels forbod mot utbygging, og utsetje handsaminga og avgjerda av ein byggesøknad til ny planvurdering er gjort. Departementet føreset at kravet om at kommunen gjer ei vurdering er avgrensa slik at det ikkje skal utløysast av mindre tiltak, tiltak som står fram som komplettering og utfyllande bygging i alt utbygde område, og i område der utbygging alt er starta opp ved at det vert opparbeidd teknisk infrastruktur. Plikta til å sørgje for å skaffe naudsynte opplysningar og dokumentasjon for kommunen si vurdering er lagt på tiltakshavaren. Det inneber at ein tiltakshavar som vil bygge etter ein plan som er over ti år, må ta opp med kommunen om den gjeldande planen må vurderast på nytt seinast samstundes med innsending av aktuelle byggjesøknader. Bakgrunnen for denne konkrete lovendringa er at den gamle fristen kunne være både kostnadskrevjande og kostnadsdrivande, og medverke til at finansiering og gjennomføring av utbygginga kunne stå fram som usikker, særleg for store utbyggingsprosjekt. Lovendringa vil truleg gi utbyggjarar betre høve til å legge meir langsiktige perspektiv til grunn enn tidlegare, og gi høve til å tilpasse utbygginga slik det over tid er mest lønsamt. Nye rettleiande fristar knytt til handsaming av planar Den 1. januar 2015 vart det også innført fleire fristar knytt til planhandsaminga: Pbl. 5-6: I tilfelle der planar har generert motsegner frå sentrale eller regionale instansar, typisk fylkesmannen, etter å ha vore på høyring og til offentleg ettersyn, det er mekla mellom partane, og kommunestyret deretter har fatta planvedtak, er det innført fristar for handsaminga vidare: - Kommunen skal sende saka til fylkesmannen innan to veker etter planvedtaket. - Fylkesmannen bør sende motsegnene til departementet innan fire veker etter at saka er motteken frå kommunen. Sistnemnde frist kan lengast med seks veker der det er naudsynt i store og kompliserte saker, og der det er trong for avklaringar. - Det er ikkje sett frist for departementet si handsaming av motsegnene. Pbl : For handsaminga av reguleringsplanforslag, er det innført frist som inneber at: - Forslaget til reguleringsplan bør være ferdighandsama for vedtak innan tolv veker etter at fristen for høyringsuttalar er ute. Fristen kan lengast med seks veker der det er naudsynt i store og kompliserte saker, og der det er trong for avklaringar. Pbl : For handsaming av private reguleringsforslag er det no innført frist som inneber at: - Dersom kommunen ikkje finn grunn til å fremje forslaget til reguleringsplan, skal forslagsstillaren informerast per brev innan tre veker. Styresmaktene meiner desse fristane vil medverke til å skape gode og effektive planprosessar, og hindre Side 2

3 BREV MED NYHENDE 06/02/2015 at saker vert liggjande utan handsaming i overgangen mellom handsamingsledd. Styresmaktene er likevel heilt tydelege på at det er rettleiande fristar utan korresponderande sanksjonar dersom fristane vert brotne, slik som t.d. trevekersfristen for handsaming av byggesøknad, jf. pbl tredje ledd. Lovvedtaket er i samsvar med innspela til offentlege høyringsinstansar, medan næringslivsinteressene som deltok i høyringsrundane ikkje fekk gjennomslag for sitt ynskje om fleire og bindande fristar som det er knytt sanksjonar til. Kor vidt fristane vil medverke til betre og meir effektive planprosessar står att å sjå, særleg for dei ledda av planprosessen som inneber at det skal gjerast vurderingar og fattast vedtak. I dei nemnde tilfella er det også spørsmål om oppfylling av fristane vil føre til at kvaliteten på sakshandsaminga og vurderingane som vert gjorde, vert oppretthaldne. Kort om justeringar i reglane for planprogram og konsekvensutgreiingar - Det er innført moglegheit for at Kongen kan gjere unnatak frå krav om planprogram etter pbl. 4-1 fyrste ledd, gjennom føresegner. - I pbl. 4-1 andre ledd er det koma ei presisering av at forslag til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn seinast samstundes med varsling av planoppstart. - I pbl. 12-9, om handsaming av planprogram for planar med vesentlege verknader, er det fastsett at kommunen kan avgjere om det skal fastsetjast planprogram. Regelen inneber at kommunen kan unnlate å fastsette planprogram for private reguleringsplanar, og er meint å kunne nyttast i spesielle tilfelle der kommunen ikkje ynskjer at tiltaket skal realiserast. Rettingar og klargjeringar Det er vidare gjort endringar i ei rekkje reglar i pbl. ettersom praktisering av lova har vist at det har vore trong for nokre rettingar og klargjeringar i lovteksten. I fylgje departementet sin proposisjon er dette i det vesentlege endringar av teknisk karakter som ikkje inneber realitetsendringar. Vi gjer difor ikkje desse endringane til tema her. Anders Elling Petersen Johansen Advokat MNA / Senior Associate M.N.B.A. Mob: Side 3

Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring

Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk AS om dispensasjon frå reguleringsplan Rindarøy fiskerihamn for utsprenging av fjellskjæring Aukra kommune Arkivsak: 2014/1213-11 Arkiv: 8/4 Saksbeh: Kjartan Sveinung Tangen Dato: 13.01.2015 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 5/15 Drift og arealutvalet 21.01.2015 Søknad frå Odd Småge AS/Romsdalsfisk

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

KVAM HERAD. I/PÅ (namn). (gnr/bnr)

KVAM HERAD. I/PÅ (namn). (gnr/bnr) KVAM HERAD NOTAT FRÅ OPPSTARTSMØTE DEN.. (dato) REGULERING I/PÅ (namn). (gnr/bnr) Gjennomføring av oppstartsmøte er ei lovpålagd oppgåve jf. plan- og bygningslova 12-8. Møtet skal haldast før kunngjering

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Innhald: 1 Innleiing...3 2 Oppsummering...4 3 Om undersøkinga...5 4 Kjennskap til og synspunkt på varslingsrutinane

Detaljer

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk

Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Utdanningsdirektoratet Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Vår ref: Dykkar ref: Dato: HF-LP/13-02 2012/6261 Oslo, 14.02.2013 Høyringsfråsegn om revidert læreplan i norsk Norsk Målungdom sender med dette svar

Detaljer

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Nytt symjeanlegg på Voss Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Voss 21 oktober 2008 Bakgrunn/Historikk I september 2006 vart det sett ned ei arbeidsgruppe i kommunal regi som skulle greia ut spørsmålet

Detaljer

Kven lyt setje pris på boka? Ei vurdering av den norske bokmarknaden

Kven lyt setje pris på boka? Ei vurdering av den norske bokmarknaden Kven lyt setje pris på boka? Ei vurdering av den norske bokmarknaden 2/2004 Kven lyt setje pris på boka? Ei vurdering av den norske bokmarknaden Skrifter fra Konkurransetilsynet 2/2004 Innhald Forord...........................................................3

Detaljer

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd

Eksempelsamling med kommentarar. Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd Eksempelsamling med kommentarar Styringsdokumenta instruks for økonomiog verksemdsstyring og tildelingsbrev frå departement til verksemd SSØ 01/2011, 1. opplag 1000 eks. Forord God statleg styring føreset

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12.

SAKSFRAMLEGG. SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 26.11.2014 069/14 RLØ Kommunestyret 17.12. SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Ragnhild Lønningdal Arkivkode: FA-M16 Arkivsaksnr: 11/149 Løpenr: 14/6899 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh.

Detaljer

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE 1 INNLEIING Handlingsplanen er laga med bakgrunn i Kapittel 9a i opplæringslova. 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskular

Detaljer

Lov for SA Naustdal Båtlag

Lov for SA Naustdal Båtlag Lov for SA Naustdal Båtlag Vedteke på årsmøte 26. mars 2015 1 Laget sitt namn Laget sitt namn er SA Naustdal Båtlag, forkorta SA N.B.L 2 Forretningskontor SA Naustdal Båtlag skal ha forretningskontor i

Detaljer

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland Retningslinjer For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland 2014 Retningslinjer for lokalt gitt eksamen 2014 2 Revisjon av retningslinjer for lokalt gitt eksamen Retningslinjene for lokalt

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald Kunden og BIR Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald 1 Innhald Om BIR... 3 Formålet med rettleiaren... 4 Korleis rettleiaren er bygd opp... 4 Kapittel 1: Innleiande informasjon...

Detaljer

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Revidert juli - 2011 Innhald Hovudområde: Underområde: Side: Heimel 2 1 Formål 2 2 Virkeområde 2 3

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL

SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL SKYSSREGLEMENT FOR VIDAREGÅANDE SKOLE I MØRE OG ROMSDAL Skoleskyssen er den daglege transporten mellom bustad og opplæringsstad. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skoleskyssen. Fylkeskommunen

Detaljer

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - -

Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR. FAFO-rapport 153 -- -- - - Liv Jorunn Stokke UFØREPENSJONIST AR loffentleg SEKTOR FAFO-rapport 153 -- -- - - FAFO 1993 ISBN 82-7422-107-9 Omslagsfoto: Lars Bahl 2. maj - Samfoto Trykk: C Falch Hurtigtrykk. Oslo Innhald 1 Innleiing............................

Detaljer

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport

Nasjonalt utviklingsprogram. Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Nasjonalt utviklingsprogram Landbruksbygg og kulturlandskap Sluttrapport Februar 2013 1 Samandrag Denne sluttrapporten tek sikte på å samanfatte informasjon og lærdom frå utviklingsprogrammet Landbruksbygg

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer