Nynorsk i nordisk perspektiv

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Nynorsk i nordisk perspektiv"

Transkript

1 1 Nynorsk i nordisk perspektiv Språk i Norden I dei nordiske landa finn vi i dag desse språka: 1. Grønlandsk 2. Islandsk 3. Færøysk 4. Norsk (bokmål og nynorsk) 5. Dansk 6. Svensk 7. Samisk 8. Finsk Av desse er det tre som skil seg språkleg sterkt ut frå dei fem andre, nemleg det første og dei to siste. Desse tre språka høyrer til heilt andre språkfamiliar; grønlandsk høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkfamilien, medan både samisk og finsk høyrer til den uralske. Dei fem andre er derimot alle saman indoeuropeiske, og nærmare bestemt nordgermanske eller nordiske. For om lag 1500 år sidan fanst det knapt dialektskilnader innanfor det nordiske språkområdet, men i vår tid er det ikkje lenger slik. For både danskar, nordmenn og svenskar må islandsk og færøysk reknast som framandspråk i dag, og det same gjeld sjølvsagt den motsette vegen. Dette gjeld derimot ikkje i same grad dansk, norsk og svensk, for her er det som kjent ein ganske stor grad av innbyrdes forståing. Dette viser seg t.d. tydeleg i praksis når danskar, nordmenn og svenskar snakkar saman; det normale i slike tilfelle er at alle bruker morsmålet og reknar med å bli forstått av dei andre og som regel går dette også rimeleg bra spesielt for oss nordmenn! alle granskingar tyder på at vi er dei suverene vinnarane av den skandinaviske meisterskapen i grannespråksforståing. Dersom ein seier at språkformer som er innbyrdes uforståelege er forskjellige språk, medan innbyrdes forståelege språkformer berre er dialektar av eitt og same språk, er det altså gode grunnar til å rekne dansk, norsk og svensk som dialektar av skandinavisk. Men no er det som kjent likevel vanleg å snakke om desse "dialektane" som ulike språk, og det ein då siktar til, er m.a. at dei ikkje berre eksisterer som talemål, slik som "vanlege" dialektar, men at dei også blir brukte som skriftspråk.

2 2 Eit interessant spørsmål i den samanhengen er om det finst eitt språk som kan kallast norsk, eller om vi berre har bokmål og nynorsk. Svaret er langt frå opplagt, for bokmål kan jo likne fælt på skriftleg dansk, medan både bokmål og nynorsk ligg mykje nærmare svensk når det gjeld uttalen. Når ein likevel ofte snakkar om norsk som eitt språk i forhold dansk og svensk, er nok det først og fremst politisk motivert: Både bokmål og nynorsk blir brukte i Noreg; det gjeld ikkje dansk og svensk. Det er derfor vanleg å snakke om bokmål og nynorsk som ulike målformer, ikkje som ulike språk. Offisielle språk i Norden fram til 1800-talet Talemålet i dei nordiske landa for to hundre år sidan var ikkje prinsipielt så mykje annleis enn i dag. Derimot var situasjonen svært ulik når det gjeld offisielt brukte skriftspråk; for slike fanst det berre tre av: dansk, islandsk og svensk. Av desse rådde svensk grunnen i det området som no er Sverige og Finland, medan dansk var skriftspråket i resten av Norden, bortsett frå på Island. Og av kongerike var det berre to: Sverige/Finland og Danmark/Noreg. I løpet av dei to første tiåra av 1800-talet blir denne politiske situasjonen radikalt endra: I 1809 blir Finland eit russisk storfyrstedømme, fem år seinare går Noreg inn i union med Sverige. Før den tid hadde Finland vore saman med Sverige i om lag like lang tid som Noreg med Danmark, og i heile denne perioden hadde svensk vore det einaste offisielle språket i Sverige/Finland og dansk i Danmark/Noreg. Om lag hundre år seinare blir begge landa uavhengige nordiske statar Noreg kongerike i 1905, Finland republikk i Den politiske historia i desse to gamle "provinsane" har altså visse klare parallellar. Vi skal no sjå litt på likskapar og skilnader i den språkpolitiske utviklinga. Finland frå offisielt svenskspråkleg til offisielt tospråkleg Etter 1809 oppstod det etter kvart ei nasjonal rørsle i Finland, dei såkalla fennomanane, som kravde rom for finsk som offisielt språk ved sida av svensk. Eit slagord som vart mykje brukt i denne kampen lydde om lag slik: Svenskar får vi inte vara, ryssar vill vi inte bli, låt oss vara finnar! Det er ikkje tilfeldig at slagordet er på svensk fennomanane var stort sett alle svenskspråklege som resten av overklassa i Finland på den tida. Likevel valde dei altså å solidarisere seg språkleg med den finsktalande majoriteten av nasjonale grunnar. I 1864 vart finsk jamstelt med svensk som offisielt språk i Finland. Seinare har utviklinga vore slik at finsk har teke over meir og meir som det leiande språket i Finland. I dag er det vel 5 % av finlendarane som har svensk som morsmål. Begge språka er framleis formelt jamstelte, og i skolen må alle lære begge språka. I den finskspråklege majoriteten er det likevel ganske stor motvilje mot "tvångssvenskan", som dei ikkje ser nokon vits i; dei vil heller konsentrere seg om engelsk.

3 3 Noreg frå dansk skriftmål til bokmål og nynorsk Her i landet er det altså dansken, som det gamle "kolonimaktspråket", som historisk sett svarar til svensken i Finland. Liksom i Finland, der overklassa var svenskspråkleg, hadde vi hos oss ei overklasse som brukte eit norsk-dansk talemål, medan folk elles snakka norske dialektar. Men ulikt den finske overklassa valde ikkje overklassa her i landet å "svike" sin eigen bakgrunn; tvertimot ville dei aller fleste halde på dansken. Likevel var dei nasjonale straumdraga så sterke at landsmål (dvs. nynorsk) vart formelt jamstilt med dansk som skriftspråk i Mot slutten av 1800-talet vart det etter kvart klart at det reine danske skriftmålet var nøydd til å tape i Noreg. I 1907 kom så det endelege brotet med dansken: I dette året fekk vi ei reform som ein gong for alle gjorde slutt på den gamle skriftspråksfellesskapen mellom Danmark og Noreg. Seinare har vi fått fleire nye reformer som har gjort avstanden til dansken endå større. Ingen kan derfor vere i tvil om at dansk og norsk bokmål i dag er to ulike om enn svært like! skriftspråk. Likt og ulikt i Finland og Noreg Når ein jamfører språksituasjonen i Finland og Noreg, er sjølvsagt ulikskapane det ein legg mest merke til. Men som vi har sett, er det også visse klare parallellar i dei historiske føresetnadene, og resultatet er i begge tilfella at landa offisielt har to skriftmål. Dette er det som liknar - resten er forskjellig. For det første merkar vi oss at styrkeforholdet mellom dei "nasjonale" alternativa er tilnærma omvendt finsken står om lag like sterkt i Finland som nynorsken står veikt i Noreg, trass i at den gamle overklassa i begge landa hadde "kolonispråket" (svensk resp. dansk) som sitt naturlege uttrykksmiddel i den avgjerande nasjonsbyggingsfasen. Kva er så grunnen til at den seinare utviklinga vart så forskjellig? Her kjem dei reint språklege ulikskapane mellom dei to språksamfunna inn med full tyngd. Ingen kan komme frå at svensk og finsk er totalt forskjellige språk same kor mykje finlandssvensk lyder ulikt sverigesvensk, kan likevel ingen vere i tvil om at det er svensk og ikkje finsk. Derfor vil heller aldri svensk kunne fungere som noko samlande nasjonalsymbol for Finland - svensk vil for alltid vere knytt til landet Sverige. Forholdet mellom dansk og norsk og svensk er som kjent heilt annleis med ei anna politisk historie kunne vi godt hatt berre eitt skriftspråk i heile Skandinavia utanom Finland! dersom Kalmar-unionen sist på 1300-talet mellom Danmark, Noreg og Sverige var blitt varig, hadde dette jamvel vore eit svært sannsynleg resultat - men slik gjekk det som kjent ikkje.

4 4 Men denne nære språklege skyldskapen mellom dei skandinaviske "dialektane", for å bruke dette uttrykket, har alltid gjort det problematisk å skilje mellom "dansk" og "norsk" her i landet. At skriftspråket her i landet på 1800-talet med rette burde kallast dansk, vart dei fleste samde om etter kvart, men kva med det danna talemålet var ikkje det "norsk"? Det let i alle fall slett ikkje som dansk den gongen heller. Når så det norsk-danske skriftmålet utover på 1900-talet vart revidert med utgangspunkt nettopp i dette talemålet, var det mange som meinte at bokmålet med like stor rett måtte kunne kallast norsk som Aasens målform. Den norske overklassa med få unntak såg altså ingen grunn til å gi avkall på det norsk-danske talemålet sitt av nasjonale grunnar og gå over til noko dei oppfatta som eit ukultivert bondemål. Bokmålet har dermed gradvis gått over frå å bli oppfatta som ei dansk, og dermed etter 1814 også "unorsk" målform, til å bli noko som mange i dag oppfattar som eit heilnorsk språk; jf. uttrykket norsk og ny-norsk, som seier sitt om kva somme ser på som den "eigentlege" norsken. Ei tilsvarande utvikling for svensken i Finland som den vi har hatt for bokmålet i Noreg, er sjølvsagt heilt utenkjeleg ei slags gradvis forfinsking er det ingen som tenkjer på i det heile, tvertimot er dei opptekne av å halde svensken så "rein" som råd og leggje seg så nær opp til svensken i Sverige som dei berre kan. Finlandssvensk og nynorsk i nordisk samanheng Det som er likt med språksituasjonen Finland og Noreg, er som nemnt det at landa har to offisielle skriftspråk. Ein annan likskap er den at ein i begge landa finn ein god del uvilje mot mindretalsmålet, altså svensken og nynorsken. Somme hadde derfor helst sett at ein hadde kvitta seg med "tvångssvenskan" og "spynorsken". Argumenta mot å gjere dette liknar til dels også i begge landa svensk i Finland og nynorsk i Noreg er ein del av kulturarven som kommande generasjonar også bør få del i. Som eit viktig argument for svensk framhevar ein sjølsagt også det nordiske aspektet; det svenske språket har alltid vore den naturlege bindelekken for alle finlendingar til eit større nordisk fellesskap; dersom ein i framtida skal vere nøydd til å kommunisere med finnar berre på engelsk, betyr det i praksis ei svekking av den nordiske samkjensla. Noko tilsvarande nordisk argument kan ein knapt bruke for nynorsk, ettersom både bokmål og nynorsk er reint internt norske språkformer. Men indirekte kan likevel den noverande norske språksituasjonen vere ein ressurs i nordisk samanheng. Det er nemleg eit faktum at vi nordmenn er dei flinkaste til å forstå dei skandinaviske grannespråka betre enn danskane og mykje betre enn svenskane! Dette har sikkert ulike årsaker ikkje minst det at vi har skrive dansk her i landet i mange hundre år, noko som gjer at vi i stor grad har felles ordforråd med danskane, mens vi langt på veg har uttalen felles med dei nærmaste grannane

5 5 våre, svenskane. Men mange meiner at dette ikkje er nok til å forklare kvifor alle undersøkingar viser at vi er så mykje flinkare enn grannane på akkurat dette området, når det viser seg at vi dessverre er heilt normale på dei fleste andre felt. Ein forhold som mange har peika på i denne samanhengen, er nettopp det språklege mangfaldet som vi har her i landet, både med bokmål og nynorsk (i ymse utgåver!) som skriftmål og med ein mykje sterkare tradisjon enn i grannelanda for at dialektar kan brukast som talemål i alle situasjonar. Dette gjer at nordmenn som les eller høyrer dansk eller svensk har ein mykje større skandinavisk kompetanse å møte desse språka med enn folk i nabolanda, som sjeldan får høyre noko anna enn dei respektive riksspråka. Nordmenn er derimot vane med å høyre mange norske dialektar i dagleglivet, og eit grannespråk blir derfor ikkje meir framandt enn ein litt uvan norsk dialekt. Den norske språksituasjonen med to skriftnormalar kan dermed sjåast på ikkje som eit splittande element for den skandinaviske språkfellesskapen, men tvertimot som ein garanti for at denne fellesskapen vil kunne bestå også i framtida. Ved å vere språkleg mangfaldige på heimebane blir vi samtidig betre deltakarar i det språklege mangfaldet som utgjer den skandinaviske språkfellesskapen.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Nynorsk under dobbelpress

Nynorsk under dobbelpress 1 Nynorsk under dobbelpress Lars S. Vikør Oslo Nynorsk har formelt same stillinga som finlandssvensk og færøysk: som eit offisielt nasjonalt skriftspråk jamstilt med eit anna, bokmål. Men som i begge dei

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta "Dagens gjest" i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Finlandssvensk og nynorsk: Eit nasjonalt minoritetsspråk og ei mindretalsmålform innanfor majoritetsspråket

Finlandssvensk og nynorsk: Eit nasjonalt minoritetsspråk og ei mindretalsmålform innanfor majoritetsspråket Voksenåsen 15. mai 2013 Pensjonert professor Arne Torp Institutt for lingvistiske og nordiske studium Universitetet i Oslo arne.torp@iln.uio.no Finlandssvensk og nynorsk: Eit nasjonalt minoritetsspråk

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok Kulturdepartementet Boks 8030 Dep 0030 OSLO Vår ref.: 412-006 OG Hovdebygda, 29. januar 2015 Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok Nynorsk kultursentrum viser til brev og prosjektnotat

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p Norsk etnologisk gransking Desember 1953 Emne nr. 41. R E I P O G T A U R e i p Med spørjelistene nr 41 og 42 vil vi freista få eit oversyn over dei ymse slag tau og reip som har vore nytta på bygdene

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar...

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Å løyse kvadratiske likningar

Å løyse kvadratiske likningar Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit

Detaljer

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak. Vi takkar for mulegheita til å vere til stades og kommentere nye og spennande tal. For oss som interesseorganisasjon er det naturleg å gå rett på operasjonalisering av ny kunnskap. Bør funna vi har fått

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Det nye kulturrådets demokratiske rolle i kulturpolitikken

Det nye kulturrådets demokratiske rolle i kulturpolitikken Ottar Grepstad Det nye kulturrådets demokratiske rolle i kulturpolitikken Innleiing på konferansen KulturRikets Tilstand Litteraturhuset, Oslo 20. oktober 2010 Norsk kulturråd hadde meir kulturpolitisk

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.

Detaljer

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Dato: 29.02.2012 Ansvarlig: TSH Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar Unge funksjonshemmede takkar for høvet til å kommentera departementet sitt framlegg

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

13. Sendetida på TV aukar

13. Sendetida på TV aukar Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive

http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive Sprog i Norden Titel: Forfatter: Kilde: URL: Datamaskinell språkbehandling og nordisk samarbeid Kolbjørn Heggstad Sprog i Norden, 1972, s. 103-107 http://ojs.statsbiblioteket.dk/index.php/sin/issue/archive

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Anette, Jarl Vegard, Ola Tobias i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste 1. Innleiing

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja Vi deler tru og undring Vi deler kristne tradisjonar og verdiar Vi deler opplevingar og fellesskap Vi deler håp og kjærleik 2 Gjennom eit år skjer det om lag

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Eksamen 25.05.2012. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 25.05.2012. MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål Eksamen 5.05.01 MAT1013 Matematikk 1T Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del : Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter timar. Del

Detaljer

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie» Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie» Av Arnfinn Kjelland Innleiing Først ei presisering: med «busetnadssoge» meiner eg den tradisjonsrike lokalhistorie- /bygdeboksjangeren «gards- og ættesoge».

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse

Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse Arbeidsrapport nr. 233 Anne Steinsvik Nordal Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse VOLDA 2008 Forfattar Ansvarleg utgjevar ISBN ISSN Sats Distribusjon Anne Steinsvik Nordal Høgskulen i Volda 978-82-7661-276-9

Detaljer

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon NAV 14-05.05 FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon Den som får barn ved fødsel eller adopsjon, og er medlem av folketrygda, har rett på foreldrepengar eller eingongsstønad. Du finn meir informasjon

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14.

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14. Partilovnemnda v/leiar Ørnulf Røhnebæk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postboks 14 6801 Førde Kontaktpersonar: Turid Digernes Eikås Tlf. 57 72 32 33 Sylvi Hjelmeland Lone Tlf. 57 72 32 52 E-post: olitiske

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014 Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12a - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

Illustrerte ordbøker for brukarar på alle språkmeistringsnivå. Tove Bjørneset Prosjektleiar, Uni Computing, Bergen

Illustrerte ordbøker for brukarar på alle språkmeistringsnivå. Tove Bjørneset Prosjektleiar, Uni Computing, Bergen Illustrerte ordbøker for brukarar på alle språkmeistringsnivå Tove Bjørneset Prosjektleiar, Uni Computing, Bergen Utgangspunktet: Svensk LEXIN Svensk LEXIN med omsetjingar til mange språk, utvikla frå

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer